Henrik Rytter, 1877–1950

Henrik Rytter. fotoHenrik Rytter var diktar, omsetjar og skulemann. Han var fødd 18. januar 1877 i Bjørnør, Sør-Trøndelag, men voks opp i Haram på Sunnmøre. I vaksen alder budde han i Oslo-området, før han i 1940 flytte til Ustedalen i Hallingdal. Henrik Rytter er far til Olav Rytter (1903–1992), som òg gjorde karriere som omsetjar av skjønnlitteratur. Henrik Rytter døydde 18. september 1950 i Ustedalen.[1]

Henrik Rytter gav ut ei rad diktsamlingar og skodespel og blir rekna mellom dei viktigaste forfattarane i nynorsk mellomkrigslitteratur, utan at han dermed har fått ein plass i norske lyrikkantologiar. Det er fyrst og fremst som attdiktar Rytter ruvar i norsk litteratur. Her er han jamlike med omsetjarar som Ivar Mortensson-Egnund, Halldis Moren Vesaas, Sigmund Skard og Olav H. Hauge. Sjølv såg nok Rytter på arbeidet som omsetjar som likeverdig med arbeidet som diktar og målmann.

Rytter var ikkje ein mann utan ambisjonar. Han tok attende det gamle namnet til ætta si, Rytter, med det målet å atterreise slektsgarden, men det viste seg at talentet hans låg i åndsarbeid og i mindre grad i gardsdrift. Og som forfattar og målmann var han tydelegvis interessert i å gå inn i rolla som leiar for målflokken, som Arne Garborgs arvtakar. Men dei større litterære arbeida til Rytter – som for det meste var skodespel – fekk ikkje like stor gjennomslagskraft som Garborgs romanar. Der tyder likevel ikkje at Rytter ikkje vart sett på som ein av dei store litteratane i samtida si, det provar mellom anna det faktumet at han fekk Statens kunstnarløn frå 1946.

Dei to verka Rytter i dag er mest kjend for, er omsetjinga av William Shakespeares dramatikk (1932–33) og Dantes Den guddomlege komedien (utgjeven i omarbeidd utgåve av Sigmund Skard i 1965). Omsetjingsgjerninga heng som sagt nøye saman med karrieren til Rytter som lyrikar og som målmann. Som diktar er Rytter kjend som ein av dei fyrste norske poetane som nytta eit modernistisk formspråk; han blanda høgstil med lågstil og nytta likeins både frie vers og ulike klassiske metriske skjema, som sonett og ottava rima.

Som målmann var Rytter nært knytt til den frilyndte folkehøgskulen, som den gongen var den kulturelle daningsarenaen for målfolk. I 1907 vart Rytter tilsett ved Møre Folkehøgskule i Ørsta; i 1913 tok han initiativet til skipinga av Nordmøre Folkehøgskule i Gjemnes. Om han i 1916 flytte til Asker, vart folkehøgskulen likevel ei livslang interesse, og han var mykje nytta som førelesar og talar. Idégrunnlaget til folkehøgskulen – norskdom, menneskeverd og demokrati – stod sentralt i eit kampskrift imot nazismen Rytter sende ut før krigsutbrotet, Norden har ordet. Eit stridsskrift (1937).[2]

Motivasjonen for attdiktingsarbeid – særleg for eit nytt språk som nynorsken – finn vi hjå tenkjarar som Alexander von Humboldt og Friedrich Schlegel. Den sistnemnde definerer omsetjingar som ei styrkjing av nasjonalkulturen: «en åndens gjerning som beriker hjemlandets språk og litteratur».[3] Alt Ivar Aasen nytta tid og krefter på omsetjingar, mellom anna på verk av Miguel Cervantes, William Shakespeare og Johann Wolfgang von Goethe. Aasen ville gjennom dette arbeidet prove at nynorsken dugde som kulturspråk.

Beowulf
Skal Rytters omsetjingsgjerning samanfattast, kan det uttrykkjast med to omgrep: norskrøtte ord og europeisk kulturarv. Denne orienteringa var alt synleg i dei fyrste arbeida hans. I 1907 gjekk han i gang med ei attdikting av det angelsaksiske kvadet Beowulf og striden um Finnsborg, som etter mange avbrot vart ferdigstilt i 1921. I same tidsromet som Rytter sette om Beowulf, arbeidde Ivar Mortensson-Egnund med attdiktingane sine av Edda-dikta (som kom ut i to delar, i 1905 og 1908). Denne parallellen er ikkje tilfelleleg, for Rytter brukar mykje plass i innleiinga til verket til å greie ut om skilnaden og likskapen mellom «beowulfskalden» og «eddaskaldane». Rytter syner seg alt her som ein kritisk attdiktar. Han tek omsyn både til metrisk form og historisk koloritt i ordvalet: Målet har vore å fylgje grunnteksta så nøye som råd line for line, og i tillegg å «gje sproket so gamall ein dåm som eg våga», skriv Rytter i innleiinga. Han seier han godtek inversjonar og innskot for å gje den rette «fløymande kvadstilen».

Men den gamle dåmen gjorde det naudsynt å utstyre boka med eit noteapparat med semantiske forklåringar av dei mest sjeldsynte orda. Det gjer at vi kan fylgje Rytters omsetjing ord for ord, men det gjer verket samtidig vanskeleg tilgjengeleg, sjå til dømes versliner som «Eg valstrid herde, / harde hernader. Hevle deg skal eg, / soframt du sjølv mot meg søkje vil no». Dette er eit kjennemerke ved Rytters attdiktingskunst, og som eg straks kjem attende til. Vi kan samstundes spørja kvar Rytter fekk kunnskapar om angelsaksisk frå, og i tillegg dei andre språka han omsette frå, som engelsk og italiensk. Sannsynlegvis lærde han seg desse språka som autodidakt. Men nøye som han var, rådførde han seg med fagmenn under arbeidet. Rytters Beowulf-omsetjing er tileigna den danske filologen og folkloristen Axel Olrik. Hjelpa han fekk frå Olrik, som var spesialist på nordisk mellomalderkultur og folkedikting, må altså ha vore av stor verdi. Fyrst over femti år etter Rytters attdikting kom ei bokmålsomsetjing av Beowulf ut på bokmarknaden, av Jan W. Dietrichson, og den var i prosa.

William Shakespeare
«Det er ikkje noko slumpehøve at Beowulfskalden høyrde til same folket som den største av alle karakterteiknarane: Shakespeare», skriv Rytter i innleiinga til Beowulf. Utsegna peikar fram mot neste omsetjingsarbeidet: 23 Shakespeare-skodespel i norsk attdikting i ti band på Det Norske Samlaget. Dei kom ut i 1932 og 1933. Rytter gjorde det på rekordtid, fire år tok det. Alt i 1923 hadde han attdikta Othello, som vart revidert og inkludert i ti-bandsverket. Ingen nordmann har sidan sett om så mange skodespel av den engelske dramatikaren.

Innleiinga til dette verket røper det som må kallast Rytters romantisk-vitalistiske syn på omsetjingskunst.[4] Her talar han om å føre «diktarånda» til Shakespeare – «ei ljoskraft i seg som ingenting kan sløkkje eller eingong skjemme» – over til norsk.[5] Her fylgjer Rytter ein omsetjingstradisjon som går attende til Ivar Mortensson-Egnund: Overføring av stor litteratur til norsk må ta utgangspunkt i ein variant av norsk som speglar att ei tilsvarande «norsk diktarånd». Eit krav som mange i dag ville ha stilt til ei omsetjing: ei tilpassing til vår tids språkbruk, er sekundært i dette høvet; det ville såleis vera gale òg å etterlyse ein «tidsmessig» språkbruk hjå desse omsetjarane. Men på den andre sida er det òg ei grense for kor langt ein kan gå i arkaiserande lei utan at kontakten med lesarane blir tapt.

Rytter fylgjer dette prinsippet ved å knyte seg til den litterære tradisjonen i folkediktinga, folkevisene, samtidig som han språkleg legg seg tett opp til dei målføra folkevisene var formidla på, midlandsmåla. Midlandsmåla viser til målføra i dei vestvende austnorske fjellbygdene i Sør-Noreg, det vil seia Vest-Telemark, Numedal, Hallingdal, Valdres og Nord-Gudbrandsdalen. Denne dialektgruppa var grunnlaget for ei skriftnorm av landsmålet som vart kalla midlandsmålet eller midlandsnormalen, og som Garborg nytta, og som ei rekkje yngre diktarar, som Rytter og Kristofer Uppdal, bygde vidare på.

Rytter var særleg inspirert av målet i Nord-Gudbrandsdalen. Dølemålet gav han dessutan gode hjelperåder i omsetjing av tekster på engelsk, som jo er rikt på einstavings- og tostavingsord: ei rekkje ordformer og bøygningsendingar som gjev variasjon i rytmetilhøve og er kortare enn formene i den offisielle læreboknormalen. Det mest påfallande er dativbruken (til dømes «i hendom» for «i hendene») og etterlekkstrykket («hardstýres» og «vanvýrde») og apokope i bunden form fleirtal av substantiv («lippun» for «lippune»). Ein skulle tru eit slikt litterært program fort gav omsetjingane eit historisk stempel. Men faktisk har litteraturforskarar ytra seg positivt om Shakespeare-attdiktingane. Litteraturhistorikaren Kristian Smidt skriv at «ingen norsk oversettelse har vært mer kongenial med Shakespeare i språklig henseende enn Henrik Rytter. Hans poetiske landsmål har en fylde og spesifisitet som ligger nær opp til mesterens uttrykkssett».[6]

Ein kvalitet ved omsetjingane til Rytter er dei likeframme og djerve attgjevingane. Der somme attdiktarar har ein tendens til å forfine Shakespeare, fylgjer Rytter originalen òg i dei meir rå og direkte passasjane. Eit døme er formuleringa «quivering thigh» i Romeo og Julie (akt 2, scene 1), som somme attdiktarar har skrive om til «marmorkne» og «hoftens linjer». Rytter skriv beintfram «skjelvne lår». Ein annan kvalitet er det som må kallast det malmfulle språket, som speglar att den patosfulle stilen hjå Shakespeare – her fylgjer eit døme, frå «to be or not be», Hamlets einetale:

So gjer samvitet reddfausk av oss alle;
og slik den ekte friske viljebragd
fær strok av tankens bleike sjukdåm;
og store tiltak det var merg og makt i,
tek avvegs straumleid for det tankehugs,
og misser namnet dåd.

Originalen lyder:

Thus conscience does make cowards of us all,
And thus the native hue of resolution
Is sicklied o’er, with the pale cast of thought,
And enterprises of great pitch and moment,
With this regard their currents turn awry,
And lose the name of action.

Men dette «heilnorske» ordtilfanget til Rytter gjorde omsetjingane likevel vanskeleg for sceneoppføring; dei fungerer best som lesedrama. Det skal òg nemnast at Rytter fylgjer eit ord-for-ord-prinsipp som attdiktar. Det gjer det lett å lesa omsetjingane hans parallelt med originalen. Det vitnar om ein noggrann attdiktingspraksis. Slik Rytter rådførde seg med Axel Olrik då han sette om Beowulf, fungerte ordboksmannen Ola Raknes som ein rettleiar for Rytter i arbeidet med Shakespeare.

Rytters Shakespeare-drama har forma eit førebilete for seinare tolkingar, både på bokmål og på nynorsk. På nynorsksida er det særleg Edvard Hoem som i nyare tid har arbeidd med omsetjingar av Shakespeares drama til norsk.

Boccaccio og Dickens
Etter Shakespeare-omsetjingane fylgde ein periode med omsetjingar av romanar til bokmål. Her har truleg tanken om overføring av den europeiske kulturarven også spela ei rolle. Giovanni Boccaccios Decameronen kom ut i fire band i 1934–35. Dinest fylgde omsetjingar av Charles Dickens’ verk, som kom ut mellom 1934 og 1936. Bøkene kom ut på Nasjonalforlaget, eit forlag som hadde spesialisert seg på utanlandske klassikarar på norsk. Desse omsetjingane vart truleg gjennomførde for skuld honoraret, men med omsyn til talet romanar han sette om på så kort tid, må dette arbeidet òg kallast ein kraftprestasjon. Liksom i andre prosaomsetjingar i denne tidsperioden var det ikkje uvanleg å korte ned heilt fritt eller setja om via eit sekundært språk. Rytter fylgjer same prinsippet i desse prosaomsetjingane – han er her altså ikkje like påliteleg som i attdiktingane på nynorsk av lyriske og dramatiske verk.

Men i prosaomsetjingane anar vi likevel språkkunstnaren Rytter, opplesen som han var på folkediktinga. Kristin Gjerpe viser kor heldig Rytter har vore i å føre ei setning som «Bocca baciata non perde ventura, anzi rinnuova come fa la luna» over til norsk. Det heiter kort og fyndig: «Nymåne og kysset munn er atter like ny og sund». Jamfør den samtidige danske omsetjinga til Samuel Prahl: «Kysset Mund mister ikke sin Kraft, men vinder den igjen lige som Maanen».[7] Etter krigen har både Dickens og Boccaccio kome ut i nye, komplette norske omsetjingar.

Rytter har òg gjort omsetjingar av einskildverk av andre diktarar, både kjende og ukjende, som ein roman av George Eliot og ein roman av spenningsforfattaren Mayne Reid.

Dante: Den guddomlege komedien
I 1938 byrja Rytter på det neste storverket sitt: ei attdikting av Den guddomlege komedien av Dante Alighieri. Han bruka fire år på dette arbeidet. Manuset vart levert inn til Det Norske Samlaget i 1942. I dette verket fylgjer han den same nynorskvarianten som i Shakespeare-gjendiktingane: ein variant av midlandsmålet, inspirert av folkevisetradisjonen, med innslag av gudbrandsmål: dativ og bortfall av endevokal i fleirtalsbøygning av substantiv. Arbeidet sette store krav til Rytter som omsetjar, for Rytter fylgjer Dante i forma til punkt og prikke. Ikkje berre gjennomfører han rimskjemaet terza rima, eit kjederim (aba bcb cdc ded, og så bortetter); Rytter gjennomfører i tillegg kvinneleg utgang på rimorda gjennom heile manuset – eit imponerande arbeid som har kravd stor språkleg kreativitet. Rytters omsetjing inneheld 1400 kvinnelege rim.

Men arbeidet kom ikkje ut i bokform. Ein grunn var at det manuset han la fram, ikkje var utgjevingsklart, særleg dei to siste bolkane, «Skiringheimen» og «Paradiset», syntest å vera utkast. Rytter uttala sjølv at omsetjinga «trong ei grundig gjennomarbeiding».[8] Men det fanst òg parti som vitna som framifrå attdiktingskunst, særleg fyrste bolken, «Helvetet». Nokre utval av Rytters omsetjing vart prenta i Syn og Segn 48 i 1942. Som ved tidlegare omsetjingar av hovudverk frå verdslitteraturen samarbeidde Rytter med filologar for å tryggje presisjon og kvalitet; denne gongen gav professor i mellomalderlitteratur Eirik Vandvik, sjølv ein framifrå omsetjar frå gresk, ei hjelpande hand.

I 1965 bar 700-årsjubileet for Dantes fødsel til. Det Norske Samlaget ville markere året og gav Sigmund Skard oppdraget å revidere manuskriptet til Henrik Rytter. Skard forenkla manuset og skar ned på lengda. Han grunngjev vala sine i føreordet. Det er ikkje uventa at det var Rytters krav om kvinneleg utgang som forma den store bøygen for Skard. Han kommenterer: Rytter «hadde berre løyst oppgåva ved å dra inn hundretals gloser som no einast lever i ordbøkene og stundom knapt nok der». Her finn vi òg ei anna forklåring på kvifor omsetjinga ikkje kom ut i 1940-åra. Om attdiktinga er «meisterleg», er rimkravet med kvinneleg utgang for strengt: «På italiensk fell dette naturleg, på dei fleste andre språk blir det ein ulideleg tvang», skriv Skard. Faktisk finst det ei anna nordisk omsetjing med gjennomført kvinnelege rim: Chr. K. F. Molbechs danske omskrift (1851–63), som kan hende har tent som eit ideal for Rytter. Skard meiner dette kunststykket var «dyrekjøpt». Sjølv nyttar han ein annan strategi: Han fører inn skiftevis kvinneleg og mannleg utgang i den reviderte utgåva. Det opna opp for eit større rim-arsenal og gjorde oppgåva lettare. Skard fylgjer elles Rytters omsetjingsprinsipp i det at han gav målet ein «vørdeleg og noko konservativ dåm». Omsetjinga som då kom i 1965, femnde ikkje om heile originalteksta, men var eit utval. Både Rytter og Skard er oppførde som omsetjarar på tittelbladet.

Ei fullstendig utgåve av Den guddomlege komedien kom fyrst på norsk i 1993–96, då òg i nynorsk språkdrakt, attdikta av Magnus Ulleland.

Henrik Ibsen
Sist skal eit heller uventa attdiktingsarbeid av Henrik Rytter nemnast: 2. mars 1948 hadde Henrik Ibsens Peer Gynt premiere på Det Norske Teatret – omsett til nynorsk av Henrik Rytter. Det vekte sinne hjå riksmålsfolk; teatersjef Hans Jacob Nilsen vart skulda for «hærverk» og «vanhelligelse». Oppstyret gjekk så hardt inn på teatersjefen at han måtte sjukmelde seg i to månader; premieren vart difor utsett i nokre veker. Men Nilsen gav ikkje opp; han kom attende og forsvara oppsetjinga i eit føredrag i ein fullsett sal i Studentersamfunnet. Premieren fekk gode kritikkar i avisene, det gav Nilsen ei stadfesting på eit vellukka prosjekt; det gjekk difor ikkje inn på han at det ved neste framsyning oppstod pipekonsertar frå eit titals demonstrantar som hadde teke vegen til teatret, heller ikkje at det jamvel oppstod handgemeng inni teatersalen. Tanken bak omsetjinga var for Nilsen å «avromantisere» Peer Gynt. Framsyningar av Peer Gynt den gongen vart akkompagnerte av Griegs musikk, og dei to siste aktene i skodespelet vart ikkje spela. Publikum møtte såleis ei romantisk utgåve av stykket som ikkje harmonerte med Ibsens opphavlege intensjon med dramaet.

Nilsen ville finne attende til den opphavlege Peer Gynt. Han viste til det faktum at stykket ved utgjevinga i 1867 overraska samtida med mengda norvagismar det inneheldt, og at Grieg opphavleg sette seg imot å laga musikk til eit «umusikalsk» stykke; attpåtil er hovudperson Peer Gynt langt frå ein romantisk figur. Nilsen var altså på jakt etter den opphavlege «språklege friskleiken». Han gav difor Henrik Rytter – omsetjaren med affinitet til «norskrøtte ord» – oppdraget å attdikte verket til nynorsk og Harald Sæverud oppgåva å laga ny musikk. Rytters omsetjing er nyskapande i det at ho ikkje berre inneheld nynorske ekvivalentar til bokmålsrim – som «kyrkje» – «yrkje» for «Kyrkje» – «Virke», men inneheld originale omskrivingar der det ikkje finst samanfall. Eit døme er «Hejens Hvælv» (som rimar på «sjølv») som Rytter set om med «høgfjells-kor» (som rimar på «stor»). Det siste vitnar også om Rytters stilsans; formuleringar i høgstil vart gjevne att på same språklege nivå. Men ved framsyninga har visstnok kommunikasjonen med publikum spela ei større rolle – difor finst det ulike teatermanuskript av omsetjinga i Det Norske Teatrets arkiv, der ord og versliner er endra. I somme manus er «høgfjells-kor» vorte til «gard og støl» (som rimar på «sjølv»).

Trass i den nemnde kritikken frå riksmålsfolk vart framsyninga ein suksess. Stykket vart òg spela i utlandet. Klaus Johan Myrvoll, som har skrive om omsetjinga, meiner at Rytter på sitt beste «faktisk er betre enn originalen».[9] Omsetjinga vart gjeven ut som bok på Noregs Boklag i 1978, men denne utgåva er mangelfull i høve til det opphavlege manuset i arkivet til Det Norske Teatret. Rytter sette også om Ibsens Kongsemnerne til nynorsk (stykket hadde premiere 12. mai 1950).

Ronny Spaans

Noter

[1] For Rytters biografi sjå: https://nbl.snl.no/Henrik_Rytter
[2] Sjå Ronny Spaans, «Ein stridsmann tek ordet. Henrik Rytter og nordisk folkeånd», i Sindre Hovdenakk og Leif Høghaug (red.), Skrift og strid. Essay om Henrik Rytter. Oslo, Vidarforlaget, 2011, s. 205–223.
[3] Per Quale, Frå Hieronymus til hypertekst. Oversettelse i teori og praksis. Oslo, Aschehoug, 1998, s. 26.
[4] Sjå Ronny Spaans, «‘Tiltak det var merg og makt i’. Om vitalisme i nynorske Shakespeare-tolkingar». Etterord til William Shakespeare, Det beste av dramatikken. Stanghelle, Villanden forlag, 2016, s. 216–244.
[5] Rytter 1932, band I, s. 9
[6] Smidt, Kristian, Shakespeare i norsk oversettelse. En situasjonsrapport, Institutt for britiske og amerikanske studier, Universitetet i Oslo 1994, s. 105.
[7] Kristin Gjerpe, «Rytter som omsetjar av Boccaccio. Frå folkemål til folkemål», i: Sindre Hovdenakk og Leif Høghaug (red.), Skrift og strid. Essay om Henrik Rytter. Oslo, Vidarforlaget, 2011, 73–86, sitat, s. 82–83.
[8] Sjå Sigmund Skards innleiing til Dante, Den guddomlege komedien. I utval frå italiensk ved Henrik Rytter og Sigmund Skard. Oslo, Det Norske Samlaget 1965, s. 8.
[9] Klaus Johan Myrvoll «Å lyda etter Ibsens røyst. Soga um då Peer Gynt vart norsk». I: Sindre Hovdenakk og Leif Høghaug (red.), Skrift og strid. Essay om Henrik Rytter. Oslo, Vidarforlaget, 2011, s. 179–203, sitat s. 200.

Bibliografi