Olav H. Hauge, 1908–1994

Foto: Odd E. Nerbø/Olav H. Hauge-senteret

Foto: Odd E. Nerbø/Olav H. Hauge-senteret

Olav Håkonsson Hauge var lyrikar, omsetjar og hagebrukar. Han er rekna som ein av Noregs viktigaste og mest folkekjære diktarar nokosinne. Hauge var fødd i Ulvik i Hardanger 18. august 1908. Han utdanna seg som gartnar på hagebruksskulen på Hjeltnes i heimbygda i 1929–1930. På byrjinga av 1930-talet arbeidde han på Noregs Landsbrukshøgskule på Ås og på Statens forsøksstasjon for fruktdyrking på Hermansverk i Sogn.

Etter nokre år med brevveksling trefte Hauge kunstnaren Bodil Cappelen i 1974, og dei gifta seg i 1978. Olav H. Hauge døydde heime i Ulvik 23. mai 1994.[1]

Olav H. Hauge er kjend for dikt som «Det er den draumen», «Katten» og «Gullhanen». Han debuterte med diktsamlinga Glør i oska i 1946, men fekk sitt gjennombrot med På ørnetuva i 1961 som han blei heidra med Norsk Litteraturkritikerlags pris for. Hauge gav ut til saman sju eigne diktsamlingar og ei rekkje omsetjingar av tysk-, fransk- og engelskspråkleg lyrikk. Mange av omsetjingane er samla i Dikt i umsetjing (2009). Etter Hauges død vart også dagbøkene hans publiserte i fem band på om lag 4000 sider. Dagbøkene blei skrivne mellom 1924 og 1994, og syner at Hauge heile denne tida hadde ei sterk interesse for dikting og omsetjing av dikt.

Språkkunnskapar og omsetjingsideal
Olav H. Hauge omsette dikt til nynorsk frå fransk, tysk og engelsk. Hauge fekk opplæring i engelsk og tysk på middelskulen og lærte seg fransk på eiga hand seinare. Han tok også imot ei viktig orientering i engelsk språk og litteratur gjennom brevvekslinga med onkelen Edmund Hakestad som budde i USA. Ein reknar Hauge som autodidakt sidan den formelle utdanninga hans ikkje står i høve til innsatsen som omsetjar og diktar.

Sitt eige omsetjingsideal formulerte Hauge slik: «Kunsten med umsetjing, det er liksom å krjupa inn i diktet og å sjå det innanfrå. Då løyser vanskane seg upp, liksom» (Vold 1996: 125). Gjennom å kjenne diktinga og synet på dikting godt hos poeten som skal verte omsett, freista Hauge å halde den nynorske omsetjinga tettast mogleg opp til diktoriginalen (Vikøy 2009: 229; Stegane 2009: 99). Ein kan finne spor av arbeidet hans i boksamlinga på Hauge-senteret i Ulvik, der det står markerte rytmeskjema og andre notatar i margen ved ei rekke av dei dikta han sette om.

Kva diktarar omsette Hauge?
Av framandspråkleg poesi var det den engelskspråklege Olav H. Hauge først tok til å lese. Dei første dikta han freista å sette om var også på engelsk. Mellom 1928 og 1933 sette han om fleire engelskspråklege diktarar, med William Shakespeare (1564–1616) som den mest kjende av dei. I tillegg sette han i denne perioden om dei tyskspråklege diktarane Richard von Schaukal (1874–1942) og Detlev von Liliencron (1844–1909). Desse enkeltdikta var blant dei første Hauge fekk på prent i periodika som For Bygd og By og Sogns Tidend. Dikta vart tilgjengelege på nytt i 2009 med utgjevinga av antologien Mellomrom II: Omsetjaren Olav H. Hauge.

Dagboka til Hauge viser at han byrja å lære seg fransk på eiga hand på 1920-talet, og at då han i 1930 heldt mykje på med det, ikkje klarte å tenke på noko anna. Han gjekk så mykje opp i språklæringa at det kunne bli farleg for helsa: «Nei, eg vart so altfor interessert, eg tenkte berre på fransk heile dagane og nætene med og fekk ikkje sova. … Fylgja vert dårleg eller ikkje svevn og kann vel enda i eit nervøst samanbrot.» (Hauge 2000 bind I: 111). Etter ein pause heldt Hauge likevel fram med brevkurs i fransk tidleg på 1930-talet, men han fullførte ikkje. Som følge av språklæringa dukka nye diktomsetjingar opp i Hauges dagbøker, til dømes ei omsetjing av Paul Verlaines «Gaspard Hauser Chante» i 1931.[2]

Mange av diktarane som er omsette i Dikt i umsetjing stifta Hauge kjennskap med relativt seint. Ifølge litteraturforskaren Atle Kittang blei Hauge kjend med diktinga til Stéphane Mallarmé (1842–1898), Arthur Rimbaud (1854–1891) og Rainer Maria Rilke (1875–1926) like etter den andre verdskrigen, medan forfattarskapane til Friedrich Hölderlin (1770–1843) og Gérard de Nerval (1808–1855) blei kjende for han først utpå 1950-talet. Georg Trakl (1887–1914) og Bertolt Brecht (1898–1956) blir nemnde i dagboka for første gong så seint som i 1964. Kittang understreka også at omsetjingane til Hauge ofte stod i høve til kva diktarane har hatt å seie for han. Om Hauges forhold til Paul Celan, Friedrich Hölderlin og Georg Trakl skreiv Kittang: «For alle tre gjeld at det er eit samsvar mellom den betydning dei hadde for Hauge sjølv som poet og menneske, og mengda av omsette dikt i Dikt i umsetjing.» (Kittang 2009: 19). Det er likevel ikkje heilt slik at dess fleire diktomsetjingar Hauge har gjort, dess nærare slektskap hadde han til diktaren. Sjølv om ein kan argumentere for at Bertolt Brecht og Robert Bly (1926--) kunne ha blitt inkludert i ei slik rekke som Kittang skisserte, kan ein ikkje seie det same om Stephen Crane (1871–1900). Fleire har peika på at Crane-omsetjingane ikkje er Hauges eige initiativ, og det er desse som har fått hardast kritikk i ettertida (Sejersted 2009). I eit intervju med Eldrid Lunden sa Hauge sjølv om desse omsetjingane at «det er det dårlegaste eg har gjort!» (Lunden 2009: 44).

Kva kan det bety at somme diktarar har vore så viktige for Hauge? Om ein tek Hölderlin som døme, kan ein sjå at han hadde fleire fellestrekk med Hauge. Liva til begge to var prega av psykisk sjukdom. Hauge var innlagd på sinnssjukehus i fleire periodar, og særleg mange av dei unge åra blei brukte på Valen sjukehus. Det lengste sjukeopphaldet hadde han på Valen frå 26. mai 1934 til 18. september 1937, altså frå midten av tjueåra hans til slutten av dei. Seinare vart han sjuk med fem års mellomrom, og sjukdomsutbrota kan ha hatt ein samanheng med diktutgjevingane; dei følgde kvarandre i tid og rytme. Hauge kom seg gong på gong ut av sjukdomstilstandane, og hadde sitt siste alvorlege psykotiske tilfelle i 1966 (Åmås 2004: 323; Hauge 2000 bind III: 19). Som godt vaksen blei han altså kvitt desse psykiske plagene. I motsetnad til Hauge blei Hölderlin aldri frisk igjen etter at han blei innlagd på sinnssjukehus som 35-åring, og han døydde etter å ha vore på institusjon i 37 år (Skorgen 2009: 81). Eit av dei dikta Hauge sette om av Hölderlin var «Hälfte des Lebens» («Midtveges i livet»), skrive like før Hölderlin gjekk inn i sin andre halvdel av livet på sjukehus (Stegane 2009: 95). Eit anna trekk Hauge og Hölderlin delte, var kor viktig den greske antikkens kultur og tenking var for sjølvforståinga deira som diktarar og menneske. Ifølge Torgeir Skorgen var det den greske guden Apollon si skapande kraft som Hölderlin vende seg til i påkallinga «Kom no, eld!» (Skorgen 1996: 9). Samstundes representerte «elden», altså den guddommelege inspirasjonen, ein fare for poeten. For diktarleg ekstase truga med å drive han frå forstanden. Det er denne innsikta som gjer at Hauge er varsam med la seg rive med av inspirasjonsrus:

Av ekstasen fær du tilført kraft og vidsyn, men når eg ottast han, er det fordi det fylgjer noko etter som ikkje alltid er hyggjeleg. Difor kjempar eg i mot når eg kjenner eg held på «å koma i gang», som eg segjer. Men eg ber vatn og sand på elden. Det har eg so ofte gjort. (Hauge 2000, bind II: 536).

Hauge tok altså konsekvensen av det erfaringar og lesing fortalde han. Han freista å skrive nøkternt og kjølig utan overdriving, og denne måten å arbeide med dikting på kalla han «kaldsmiding» (Hevrøy 2016). Valet om å setje om diktarar som Hölderlin kan bli forstått i lys av dei livserfaringane og det alvoret Hauge bar med seg som menneske, tenkar og forfattar. Slik forstått var omsetjingsarbeidet ei viktig eksistensiell verksemd (Skorgen 2009: 76).

I tilfellet Sylvia Plath, som er einaste kvinnelege lyrikar Hauge har omsett i Dikt i umsetjing, er kanskje ikkje likskapane heilt openberre: « … man kan vel vanskelig tenke seg noe mer forskjellig enn en ung amerikanerinne på 60-tallet og Olav H. Hauge.» (Janneken Øverland i Vikøy 2008: 229). At det er diktarlege band mellom Plath og Hauge, kan ein likevel ikkje vere i tvil om. Det er eit spegeldikt han først les av Plath: «‘Mirror’ slær meg med ein gong.» (Hauge 2000 bind III: 371). Åsne Vikøy skriv at « … ein kan sjå ein parallell mellom dikta til Plath og Hauge i at dei tematisk framhevar det å spegla seg som ei søking etter erkjenning» (Vikøy 2008: 234). Igjen er det slektskap mellom Hauges omsetjingsarbeid og hans eigen dikting. I Hauges omsetjing av Plath heiter det: «Eg er sylv og eksakt. Eg har ikkje meiningar på fyrehand./ Alt eg ser svelgjer eg straks» (Hauge 2009: 196). Vikøy påpeiker i sin kommentar til denne omsetjinga at ein ikkje alltid bør stola på det eit spegel fortel: «Men sjølv om spegelen hevdar seg å vera eksakt og utan fordommar i si spegling, er likevel ikkje alltid spegelbiletet til å stola på. Det finst òg ulike typar speglar. Nokre kan forvrenga biletet, tilsløra eller forandra» (Vikøy 2008: 236). Vanskane med å nå fram til sanning er Hauge inne på fleire stader i forfattarskapen sin. For Hauge tematiserer ikkje berre erkjenning og sanning i spegeldikta sine, men også i dikt som «Sanningi» og «Kom ikkje med heile sanningi»; i desse dikta er ikkje sanninga beinveges tilgjengeleg for menneska. Sanninga er ein «skygg fugl» som viser seg som «ein glimt».

Arbeidsmetode
I boka Eit dikt vert aldri ferdig: Teksthistorien til Olav H. Hauges dikt har Aasta Marie Bjorvand Bjørkøy skrive om korleis Hauge reviderte dikta sine over tid. Enkelte har merka seg at Hauge sine omsetjingar av andre diktarar har gått gjennom liknande endringar. Hadle Oftedal Andersen har omtalt ei Hauge-omsetjing av Verlaine-sonetten «Tri år etter»: «[…] ein kan med ein viss rett hevda at Hauges arbeid med denne sonetten strekk seg over fem tiår! Han legg like mykje flid og ære i omsetjingane som i eigne dikt, og går på same måte tilbake og filar og plukkar» (Andersen 2009: 110). Andreas Bjørkum viste i Målmeistaren frå Ulvik til at Hauge byrja på omsetjingar av Alfred Tennyson (1809–1892) og Robert Browning (1812–1889) allereie då han var i 20-åra, men at han ikkje meistra dei før 1980-talet (Bjørkum 1998: 78). Staffan Söderblom har påpeika at Hauge forbetra omsetjinga av Robert Bly sitt dikt «Driving to Town Late to Mail a letter» mellom 1974 og 1978. Det vart meir «avspänd, muntlig» og eit meir «genomförd dikt» (Söderblom 2009: 225). Det desse døma viser, er at ei diktomsetjing heller aldri blei ferdig for perfeksjonisten Olav H. Hauge.

Kva sosiale tilhøve skjedde omsetjingane under?
Dei tidlege omsetjingane Hauge gjorde, var heilt på eige initiativ og med liten kontakt med fagmiljø. Då dei første omsetjingane blei publiserte i periodika i 1932, rekna han prentinga som eit teikn på at dei var gode nok. Ein viss fagkontakt var det, for i 1933 fekk han, saman med betaling for omsetjingar, kritikk på eit innsendt manuskript av bladstyraren i For Bygd og By. Det skulle likevel gå fleire tiår før Hauge verkeleg blei del av eit miljø av omsetjarar.

Olav H. Hauge publiserte sitt første omsetjingsutval i 1967 med boka Utanlandske dikt. Året etter vart han teken med på det storstilte omsetjingsprosjektet som resulterte i utgjevinga Framande dikt frå fire tusen år, der Hartvig Kiran, Sigmund Skard og Halldis Moren Vesaas var redaktørar. Med denne redaksjonen fekk Hauge ein litterær krins som var formande for han som omsetjar (Spaans og Myrvoll).

Hauge var ein aktiv brevskrivar i mange tiår, og i hans faglege nettverk med forfattarar og andre intellektuelle må ein rekne brevmediet som avgjerande.[3] Nokre av desse korrespondansane er kjende for norske lesarar, men det meste er upublisert og ukjend.[4] I Hauge-samlinga på Universitetsbiblioteket i Bergen finst brev som syner at Hauge har sendt omsette dikt eller diskutert diktomsetjing med personar som Bjarte Birkeland, Atle Kittang, Siri Endresen, Otto Hageberg, Arnljot Eggen, Eileen Pettersen, Idar Stegane og Ole Karlsen. Spesielt ein del brev mellom Olav H. Hauge og Atle Kittang i februar og mars 1982 er interessante. Fleire av endringsforslaga frå Kittang har vorte ståande i Dikt i umsetjing. Det gjeld mellom anna «Tårnsvala» av René Char (1907–1988) og «Isberg» av Henri Michaux (1899–1984).

Hauge, Olav H. Hölerlin Fanone klirrar i vinden Foto Olav H. Hauge-senteret

Hauge, Olav H. Hölerlin Fanone klirrar i vinden Foto: Olav H. Hauge-senteret

Personlege møte har også hatt sitt å seie for Hauges omsetjingar. Under eit opphald i Bergen i 1967 der Hauge skulle lese for Studentmållaget, snakka han med Idar Stegane om tysk lyrikk og omsetjing. Stegane var då student med tysk mellomfag og hadde stor interesse for Hölderlins dikting. Dei diskuterte mellom anna korleis «Im Winde / Klirren die Fahnen» frå Hölderlin-diktet «Hälfte des Lebens» burde bli omsett til norsk. I eit brev til Stegane skrive nokre månader seinare, sa Hauge at: «Me snakka litt um ‘Hälfte des Lebens’. Det vart so eg gav meg på det at fanone klirrar i vinden. Klirrar er ikkje godt norsk heller, og ein kan ikkje godt segja at dei riktar i vinden.» (Olav H. Hauge i Stegane 2009: 94).  Sitatet viser at Hauges sosiale omgang med Idar Stegane har hatt innverknad på omsetjinga av Hölderlin-diktet. Det siste problemordet, «klirren», gjekk Hauge også tilbake på, for til sist enda han opp med å omsette «Fahnen» til «fløyar» og «klirren» til «riktar».

Midtveges i livet

Med gule pæror heng det
og fullt av ville rosor
i sjøen eit land.
Dei fagre svanor,
og drukne av kyssar
dukkar de hovud
i heilag-nøkternt vatn.

Ve meg, kvar skal eg, når
det vintrast, ta blomane, kvar
ta solskinet
og skugge på jordi?
Murane ris
ordlause, kalde, fløyar
riktar i vinden.

(Hauge 2009: 27)

Ei kulturpolitisk side
Olav H. Hauge insisterte på å skrive innanfor den nynorske 1917-normalen. Hauge meinte at denne rettskrivinga hadde særnorske seiemåtar, med språkleg rikdom og livskraft som passa til lyrikk: «Målet vert elles for bleikt og fatig.» (Hauge 2000 bind I: 195).

Kvifor skriv du rettskrivingi frå 1917? spurde ei gjente meg på Os gymnas. Eg likar det som er norsk, sa eg, det finst so lite att av det, eg synest ein burde halda på det som er. Når so mange dreg i dansk leid, lyt sume dra andre vegen (Hauge 2000 bind III: 724).

For Hauge var omsetjingane ei viktig kulturpolitisk verksemd som viste fram nynorsk som framifrå kultur- og litteraturspråk (Skorgen 2009: 76). Ronny Spaans og Klaus Johan Myrvoll held fram fornorsking som prinsipp for omsetjaren Hauge, og at «ordklang og ordfriskleik har like mykje å seia som semantisk presisjon» (Spaans og Myrvoll: 10). Hauge sjølv formulerte det slik i eit intervju med Ole Karlsen: «Det nynorske språket har vist seg å vera eit ypparleg litteraturmål; ordmengdi er utruleg stor, serleg har det ei mengd ord for skifte og ovringar i naturi […].» (Bjørkum 1998: 94). I tillegg til å vise den nynorske ordrikdommen gjennom dikting og diktomsetjingar, bidrog Hauge til det norske ordtilfanget med å sende inn over sju hundre ord til Norsk Ordbok (Hauge 2000 bind III: 257).

Nybrottsarbeid og mottaking
Atle Kittang har samanfatta den viktige omsetjingsverksemda til Hauge på denne måten: «Olav H. Hauges innsats som gjendiktar av utanlandsk lyrikk er vanskeleg å overvurdere.» (Kittang 2009: 17). Vurderinga gjeld ikkje berre kvaliteten på omsetjingane, men også at så mange utanlandske diktarar er blitt kjende for norskspråklege lesarar. Eit døme på ein slik lesar er lyrikaren Steinar Opstad. Han skriv i essaysamlinga Himmelretninger at «jeg leste Georg Trakls dikt for første gang i Olav H. Hauges gjendiktninger av ham i Dikt i umsetjing (1982). Hauge har gjendiktet et tyvetalls dikt av Trakl til norsk, gjendiktninger som ivaretar den særegne trakelske tonen samtidig som de legger til en dimensjon gjennom Hauges temperament og språkbevissthet» (Opstad 2012: 10). Sjølv om ikkje alt  Hauge omsette kan seiast å vere like vellukka, har mottakinga i stort vore prega av lovord.

Eg skuldar Idar Stegane ein stor takk for verdifulle innspel i arbeidet med denne artikkelen.

Stein Arnold Hevrøy

Referansar
Andersen, Hadle Oftedal (2009). «Etter tri år etter femti år: Olav H. Hauge og dei franske symbolistane sine sonettar». I Cathrine Strøm og Aasne Vikøy (red.), Mellomrom II: Omsetjaren Olav H. Hauge, s. 104–117. Oslo: transfe:r.

Bjørkum, Andreas (1998). Målmeistaren frå Ulvik: Ord og former hjå Olav H. Hauge. Oslo: Det Norske Samlaget.

Bjørkøy, Aasta Marie Bjorvand (2016). Eit dikt vert aldri ferdig: Teksthistorien til Olav H. Hauges dikt. Oslo: Vidarforlaget.

Hauge, Olav Håkonson (2000). Dagbok, bind I-V. Oslo: Det Norske Samlaget.

Hauge, Olav Håkonson (2009). Dikt i umsetjing. Oslo: Det Norske Samlaget.

Hauge, Olav H. og Bodil Cappelen (1996). Brev 1970–1975. Oslo: Det Norske Samlaget.

Hevrøy, Stein Arnold (2016). «Olav H. Hauges ‘Kom ikkje med heile sanningi’ som metapoetisk orakeldikting». Edda: Nordisk tidsskrift for litteraturforskning 116 (4), s. 284–296.

Kittang, Atle (2009). «Olav H. Hauge og verdslyrikken.» I Cathrine Strøm og Aasne Vikøy (red.), Mellomrom II: Omsetjaren Olav H. Hauge, s. 9–23. Oslo: transfe:r.

Lunden, Eldrid (2009). «Om omsetjing. Og om eit plommetre. Ein samtale med Olav H. Hauge, okrober 1984.» I Cathrine Strøm og Aasne Vikøy (red.), Mellomrom II: Omsetjaren Olav H. Hauge, s. 32-58. Oslo: transfe:r.

Opstad, Steinar (2012). Himmelretninger: Essays om dikt og diktning. Oslo: Kolon.

Sejersted, Jørgen Magnus (2009). «‘…det dårlegaste eg har gjort!’ – Litt om Olav H. Hauge som gjendikter og omdikter av Stephen Crane». I Cathrine Strøm og Aasne Vikøy (red.), Mellomrom II: Omsetjaren Olav H. Hauge, s. 130–144. Oslo: transfe:r.

Skorgen, Torgeir (1996). «Innføring. Innleiande merknader til Hölderlins poetikk og hymniske seinstil.» I Friedrich Hölderlin «Kom no, eld!»: Dikt i utval 1799–1806. Dikt i utval og gjendikting ved Torgeir Skorgen, 7–43. Oslo: Det Norske Samlaget.

Skorgen, Torgeir (2009). «Språkets heimkomst: Olav H. Hauge som omsetjar». I Cathrine Strøm og Aasne Vikøy (red.), Mellomrom II: Omsetjaren Olav H. Hauge, s. 74–88. Oslo: transfe:r.

Spaans, Ronny og Klaus Johan Myrvoll (Udatert). «Olav H. Hauge og nynorsk omsetjingskunst». Førebels upublisert manuskript.

Stegane, Idar (2009). «Olav H. Hauge les og set om Hölderlin». I Cathrine Strøm og Aasne Vikøy (red.), Mellomrom II: Omsetjaren Olav H. Hauge, s. 89–103. Oslo: transfe:r.

Söderblom, Staffan (2009). «Drakens rök». I Cathrine Strøm og Aasne Vikøy (red.), Mellomrom II: Omsetjaren Olav H. Hauge, s. 220–227. Oslo: transfe:r.

Tufteland, Johan (2013). Johan Tufteland. Dikt og prosa i utval. Redigert av Idar Stegane og Reidar Storaas. Bergen: Bodoni forlag.

Vikøy, Aasne (2009). «Eg er sylv og eksakt: Om Sylvia Plath, Olav H. Hauge og ein spegel». I Cathrine Strøm og Aasne Vikøy (red.), Mellomrom II: Omsetjaren Olav H. Hauge, s. 228–237. Oslo: transfe:r.

Vold, Jan Erik (1996). Under Hauges ord: Essays, samtaler, brev, dikt, fotos. Oslo: Det Norske Samlaget.

Åmås, Knut Olav (2004). Mitt liv var draum: Ein biografi om Olav H. Hauge. Oslo: Det Norske Samlaget.

 

Noter
[1] For ein utførleg biografi om Olav H. Hauge, sjå Knut Olav Åmås, Mitt liv var draum: Ein biografi om Olav H. Hauge (Oslo: Samlaget, 2004).
[2] Diktet er omsett til «Song til Gaspard Hauser», sjå Hauge 2000 bind 1: 116.
[3] Universitetsbiblioteket i Bergen har rundt 3500 brev i Hauge-samlinga.
[4] Dei kjende korrespondansane er utgjevne i  Brev 1970–1975 av Olav H. Hauge og Bodil Cappelen, Under Hauges ord av Jan Erik Vold, og Johan Tufteland. Dikt og prosa i utval, redigert av Idar Stegane og Reidar Storaas.

Bibliografi
Glør i oska. 1946

Under bergfallet. 1951

Seint rodnar skog i djuvet. 1956
På Ørnetuva. 1961, 1962
Dikt i utval. Ved Ragnvald Skrede. 1964
Dropar i austavind. 1966

Utanlandske dikt. 1967

Spør vinden. 1971
Dikt i samling. 1972, 1980, 1981, 1985, 1993, 1994, 2000, 2008
Stephen Crane: Svarte ryttarar. Umsetjing. 1974

Syn oss åkeren din. Utval ved Jan Erik Vold. 1975
Bertolt Brecht: Til ettertidi. Umsetjing. Ill. av Arne Bendik Sjur. 1978
Hand grip hand i svevne. Umsetjingar. 1978
Dikt i umsetjing. 1982, 1992, 2001

Regnbogane. Dikt for barn og vaksne. Ill. av Wenche Øyen. 1983
ABC. Ill. av Bodil Cappelen. 1986, 1987, 1995, 2008

Mange års røynsle med pil og boge. 1988, 1992, 2000

Frå Rimbaud til Celan. Nye dikt i umsetjing. 1991

Olav H. Hauge og Bodil Cappelen: Brev 1970–1975. 1996

Det er den draumen. Utval ved Bodil Cappelen. 1998

Dagbok 1924–1994. Bd. 1–5. 2000
Lagnaden gjer mange til heltar. Aforismar i utval. 2002

Når tussalusi kviskrar. Biletbok for barn. Ill. av Inger Lise Belsvik. 2008
Olav H. Hauges vakraste dikt, 2014
Tanke og draum er himmelske køyrety: Dagbok 1924-1994. Utval ved Bodil Cappelen, 2016.

Andre antologiar med Hauges omsetjingar
Framande dikt frå fire tusen år. Redigert av Hartvig Kiran, Sigmund Skard og Halldis Moren Vesaas. [1968] 1995.

Odin House, Madison, Minnesota: Utvalde dikt. Robert Bly til norsk ved Olav H. Hauge, Paal-Helge Hauge, Tor Obrestad og Einar Økland. 1972.