Jacob Aall, 1773–1844

Illustratør: Ukjent, Oslo Museum

Jacob Aall (1773–1844) var sagaomsettar, jernverkseigar, industrimann, skribent, tidsskriftredaktør, eidsvollsmann, stortingspolitikar og historikar. Aall blei fødd i Porsgrunn 27. juli 1773, og begge foreldra kom frå svært velståande familiar. Faren, Nikolai Benjamin Aall, var son av Aall-slektas stamfar i Noreg, Niels Aall, som seksti år tidligere var komen frå London til Porsgrunn, og på kort tid hadde arbeidd seg opp til å bli ein velståande trelasthandlar og skipsreiar. Jacob Aalls mor, Amborg Wesseltoft, tilhøyrde ei rik handelsslekt med solide røter i distriktet omkring Skiensfjorden. Aall studerte først teologi og deretter naturfag i København, Kiel, Leipzig, Göttingen og Freiburg, og var frå 1799 jernverkseigar i Tvedestrand.[1]   

Mellom 1814 og 1840 var det ingen her til lands som omsette så mykje sagastoff som Jacob Aall. Han omsette Laxdøla saga, Njåls saga, den islandske lovsamlinga Grågås med meir, og som kanskje det viktigaste: Snorres norske kongesagaer med illustrasjonar og kart – eit verk som inspirerte både Henrik Ibsen og Bjørnstjerne Bjørnson, og som blei mønster for den første engelske utgåva av Snorre.

Aalls interesse for det norrøne blei for alvor vekt då han eit halvår 1810–11 tok fri frå oppgåvene som bedriftsleiar og oppheldt seg blant professorar og bibliotekarar i København; mange av dei var Aalls gamle studiekameratar og venner. Ein aktuell diskusjon i dette miljøet var romantikkens tankar og førestillingar om språket, språket som det mest genuine uttrykket for ein nasjons og eit folks identitet. Ein vegvisar for Aall inn i det norrøne blei den danske språkvitaren Rasmus Rask, som blei rekna som eit språkgeni og den fremste innan studiet.

Dei første åra etter dette skilsettande opphaldet i København betalte Aall for trykkinga av fleire norrøne sagaer og for utgivinga av eit stort islandsk-latinsk-dansk leksikon, det såkalla Bjørn Haldorsens leksikon utgitt i to bind av Rask. Alt i 1813 ga Aall uttrykk for ein opplagt samanheng mellom norrønt og norsk talemål, og han skisserte så å seie eit program for ei oppnorsking av skriftspråket, som burde skje på grunnlag av norrønt språk og norsk talemål ved å tilføre «mange fyndige og udtryksfulde Ord og Ordføininger» (Aall 1812). Han ville dra skriftspråket i norsk retning ved å bringe inn nye språklege element. Då Aalls første norrøne omsetting, «Kjartan Olafsons Omvendelse» fra Laxdøla saga, kom på trykk i 1816, gav ho opphav til den første målstriden her til lands (sjå under).

Oppvekst og utdanning
I Porsgrunn voks Jacob opp saman med tre brør og tre søstrer. På tradisjonell vis tilsette faren huslærar for barna sine, og det Aall mintest med minst glede frå barndommen sin, var dei tre huslærarane han i tur og orden fekk. Den første varifølgje Aall drikkfeldig; den andre var udugeleg og den tredje var begge delar. Men denne tredje huslæraren, ein professorson Campeaux frå København, hadde fransk far og tysk mor, og i løpet av dei tre åra han var i huset, lærte Aall å lese og omsette (munnleg) franske og tyske tekstar. Grunnen til at Campeaux blei stempla som udugeleg, var at han ikkje meistra dei klassiske språka (latin og gresk), som var hovudkrav til studenteksamenen, men kanskje skapte han hos Jacob interesse for omsetting?

Aall tok ein glimrande examen artium i 1791, og fire år seinare ein god teologisk embetseksamen, men då han i praksis skulle stå framfor ein kyrkjelyd, blei han så nervøs at han begynte å tvile på prestekallet. I alle fall ville han utvide kunnskapsområdet sitt for slik om mogleg å bli ein brukbar prest på landet. Han begynte å studere naturfag i København, og sidan ved universiteta i Kiel, Leipzig og Göttingen, og framfor alt ved Bergakademiet i Freiberg, Europas leiande senter for geologistudium og gruvedrift. Då hans rike far i Porsgrunn døydde i 1798, bestemte Aall seg for å bruke farsarven til å kjøpe og drive eit jernverk i fedrelandet.

Han kjøpte Nes Verk ved Tvedestrand, gifta seg med danske Lovise Andrea Stephansen, og begynte arbeidet som jernverkseigar.

Yrkesval og karriere
Dette avviket frå ein opplagt akademisk karriereveg er eit klart utslag av forholdet hans til dominerande ideologiske straumdrag, framfor alt opplysningstida og dei nye naturvitskapane. Ved å kartlegge og nyttiggjere seg naturressursane (som malmen i berga) skulle grunnen bli lagd for eit betre liv for folk flest. Eit ønske om å bidra til andre sitt vel kom til uttrykk både i måten Jacob Aall leia jernverket sitt på, og i måten han seinare stod fram som ein nasjonal aktør, sjølv om denne altruismen til tider blei kraftig utfordra, på heimefronten av verksarbeidarane og bøndene som køyrde malm og leverte trekol til verket, og i det offentlege, særleg i lausrivingsprosessen i 1814.

Eit anna dominerande trekk i tida var revolusjonsideane frå Paris som overalt skapte debatt og strid om kva menneskeverd var og kvar grensene gjekk for ytrings- og trykkefridom, og som var for folks rett til å styre seg sjølv. Aall tok først avstand frå alt som braut med gamle stengsel, passivt forsvarte han status quo og meinte det dansk-norske eineveldet tilfredsstillande svarte på den humaniseringa det blei ropt etter.

Men etter sju rike år for Aall, som jernverkseigar og bedriftsleiar på Nes med oppgang og velstandsutvikling for alle rundt seg, kom krigen i 1807 med blokade i Skagerrak og Nordsjøen, matmangel og misnøye i landet, ikkje minst på Sørlandet der mykje av det danske kornet blei ilandført. Aall begynte å kritisere regjeringa i København for å la Noreg segle sin eigen sjø. Boka hans Fædrelandske Ideer (1809) blir innleia med det utfordrande spørsmålet: «Hvad har Norge været; hvad er det; hvad kan det blive?» – ein tydeleg gjenbruk av den berømte pamfletten frå opptakten til den franske revolusjonen (om tredjestanden).

Aall blei i løpet av krigen (1807­–14), gjennom fleire skrift og si rolle som ein av dei største private kornimportørane, talsmann og katalysator for den lausrivinga som skulle kome[2], men utan at det i utgangspunktet var korkje hans vilje eller ønske. I Riksforsamlinga på Eidsvoll var han medlem av den viktige 15 mann store konstitusjonskomiteen, som blei leia av Christian Magnus Falsen. Aall gjorde lite av seg på Eidsvoll, men dagboksnotata hans, private brev og framfor alt det han nesten 30 år seinare skreiv i historieverket Erindringer som Bidrag til Norges Historie fra 1800–1815, har vore rike kjelder til kunnskap om kva som låg til grunn for hendingane og det indre livet mellom tingmennene.

Artiklar og omsettingar
På 1830-talet gav han ut sitt eige tidsskrift, Nutid og Fortid. Her kommenterte han aktuelle politiske og kulturelle saker, og han heldt fram med å omsette frå den norrøne litteraturen. Tidsskriftet blei ivrig lese og kommentert av den unge kultureliten i hovudstaden: Anton Martin Schweigaard debuterte (1832) som skribent ved å kommentere ein av Aalls artiklar om det norsk-danske penge- og bankvesen. Henrik Wergeland kalla Aall «den klare smagfulde Stilist» (Wergeland 1837: 93) og karakteriserte arbeidet hans som ei spire til eit eige norsk skriftspråk.[3]

Aalls sagaomsettingar blei årsak til den første målstriden her til lands. Det var særleg bruken av svenske ord som vekte harme. Frå Stortingets talarstol blei Aalls arbeid karakterisert som «en forbrytelse mot nasjonen». Grunnen var at han hadde skrive at det var trønderske torpare (ikkje småbønder) som hadde sett seg opp mot Olav Tryggvason. Også bruken av ordet øde, i staden for skjebne, demonstrerte ein språkleg vilje til å nærme seg det svenske på ein måte som var uhøyrt, og som ville føre til «fordervelse» av det norske.[4]

Kritikken gjorde Aall meir forsiktig, men han brukte i omsettingane sine mange norske ord, som han høyrde brukt av bøndene. Av særnorske ord brukte han for eksempel snuer (vender), tog til (begynte), kundigt (bekjent), gjespe, souvene (sauene), hjemføding, gjældværer, og han brukte norsk ordstilling i uttrykk som Bonden min, Øxen din. Når han brukte norske ord, kommenterte han at han skreiv orda slik dei blei uttalte på hans kant av landet, til dømes æsle, mens det andre stader heitte ætle (esle/ha planar om).

Aall ville gjere «fællessproget» rikare, men svært langt i språkleg fornorsking var han ikkje villig til å gå. Først og fremst ønska han å vekke interesse for det norrøne og den nordiske mellomalderen. Då han i 1836 i artikkelen «Sagaskriftens Oprindelse» kommenterte omsettingane sine av Laxdøla- og Njåls saga, omtalte han sagaene som «tvende gamle Sagn», som han meinte høyrde til dei mest interessante og lærerike. Han hadde prøvd å gjengi «disse Alderdommens Sagn i Toner, som vare beslægtede med dem, hvori de ere affattede». Og det hadde han prøvd å gjere i den grad språket i samtida makta å gi att den gamle «Lyd», som enno fanst i dagleg tale mellom dei eldste «blandt os» (Aall 1836).

I forordet til første bind av Snorre skriv Aall om kvifor han ville omsette Snorre. Forutan at arbeidet hadde gitt han «de behageligste Timer, der nogensinde paa hans literaire Bane bleve ham til Deel», hadde han til hensikt og formål å oppdra det norske folket. Grunnlova hadde lagt makta i hendene på folket, men skulle folket kunne ta del i det statsstyret som no stod ope, måtte det også ha kunnskap. Lesinga av Snorre ville «befordre Menigmands Opdragelse» til å ta del i offentleg styre og stell. I Snorre ville einkvar finne «udmærkede Forgjængere, som ved ypperlige og kraftfulde Taler understøttede den Sag, de havde at forsvare». Sjølv om dagens lesarar ikkje alltid burde stille seg på linje med sagatidas talarar når det gjaldt politiske og religiøse meiningar – «thi ofte var Afguderi og Oprør i deres Tale» – så førte dei ordet med «Kraft» og oftast med «Beskedenhed», og framfor alt viste dei «en sand Interesse for Almeenvellet».

Frå alle kantar blei Aalls Snorre-omsetting lovprist, og dei neste 20 åra mykje lest og brukt. Men for historikaren P.A. Munch, som kom med ei heilt ny Snorre-utgåve i 1859, og for neste generasjon historikarar og sagaforskarar, stod Aalls bruk av folkelege og norrøne ord som ei urein stilblanding. Den toneangivande historikaren Ernst Sars omtalte i 1879 Aalls Snorre som «en oversettelse på dansk» (Sars 1957: 11).

Arild Stubhaug

Notar
[1] For nærare biografisk informasjon, sjå https://nbl.snl.no/Jacob_Aall eller Stubhaug (2014).
[2] Jacob Aall var i 1811 den største private bidragsytaren til opprettinga av eit universitet på norsk jord.
[3] Andre i den unge eliten som kommenterte Aalls arbeid, var Johan Sebastian Welhaven, Rudolf Keyser, P.A. Munch. mfl.
[4] Det var sokneprest Andreas Bonnevie som frå Stortingets talarstol, 26. mai 1816, kom med dette åtaket. Sjå elles Hyvik (2002); Seip (1954); Vinje (1973) for meir om denne striden.

Referansar

Aall, Jacob (1812). «Om Culturen i Norge med Hensyn til det norske Universitetet». Historisk-Philosophiske Samlinger, 3 (2), s. 189­–90. Selskabet for Norges Vel: Christiania.

Aall, Jacob (1809). Færdrelandske Ideer. Christiansand: H.Th. Bachrud.

Aall, Jacob (1836). «Sagaskriftens Oprindelse». Samlinger til det norske Folks Sprog og Historie, bd. 4, s.187–286.

Hyvik, Jens Johan (2002). «… en Forbrydelse mod Nationen». Historisk tidsskrift 81 1), s. 55–81.

Sars, Johan Ernst (1957): Brev 1850–1915. Oslo: Gyldendal.

Seip, Didrik Arup (1954). Gjennom 700 år. Fra diskusjonen om norsk språk. Oslo: Fabritius.

Stubhaug, Arild (2014). Jacob Aall i sin tid. Oslo: Aschehoug.

Thyness, Paul (2009, 13. februar). «Jacob Aall». Norsk biografisk leksikon.

Vinje, Finn-Erik (1973). Et språk i utvikling. Oslo: Aschehoug.

Wergeland, Henrik (1837, 16. mars). «Norge». Statsborgeren.

BIBLIOGRAFI