Ivar Julius Mortensson-Egnund, 1857–1934

Maleri. Mortensson-Egnund,malt av svigersønnen Gunnar Wefring, 1924.

Mortensson-Egnund, malt av svigersønnen Gunnar Wefring, 1924.
Foto: Domkirkeoddens Fotoarkiv

Ivar Julius Mortensson vart fødd den 24. juli 1857 i Alvdal og døydde i Folldal 16. februar 1934. Han var son av Morten Mortensen (1816–1910) og Anne Petronelle Tangen (1822–1909) og voks opp i gode kår, både økonomisk og kulturelt. Faren var bonde og venstremann, liberalar og ordførar, stortingsmann i tida frå 1868 til 1885. Som stortings- og venstremann var han jaabekianar, det vil seia tilhengjar av Søren Jaabeks opposisjonspolitikk mot embetsmannsstyre. Medan Morten Mortensen sat på Stortinget, budde familien i Kristiania, der Ivar Julius tok eksamen artium på Aars og Voss skole i 1875. Etter artium studerte han teologi og tok teologisk embetseksamen i 1883. Han skal i den samanheng ha vore den første som nytta landsmål ved den munnlege prøva, engasjert i målsaka som han hadde vore heilt sidan gymnastida i Kristiania, då han mellom anna hadde vorte ein nær venn av Arne Garborg. Mortensson gifte seg i 1894 med Karen Nilsen (1866–1919) frå Arna ved Bergen. Dei fekk tre born: Magne f. 1895, Signe f. 1898 og Ivar f. 1907 (jf. Sæter 1920: 77–79).

Som omsetjar er Mortensson mest kjend for omsetjinga si av eddadikta. Han omsette også delar av Det gamle testamentet i Bibelen til landsmål (sjå nedanfor).

Etter avlagd teologisk eksamen hadde Mortensson lenge ikkje noka stilling i kyrkja, som han ofte var ganske kritisk til. Han engasjerte seg derimot som avismann og redaktør av det nynorske vekebladet Fedraheimen, som diktar og politisk skribent, med tida også som omsetjar. I ein tiårs periode frå slutten av 1880-åra var han, til dels saman med Arne Garborg og Rasmus Steinsvik, sterkt oppteken av å fremja anarkistisk ideologi her til lands (jf. Fuglestad 2017). Denne gruppa hadde nær kontakt med kvarandre i Nord-Østerdalen, ikkje minst via redaksjonen av Fedraheimen, som Mortensson hadde flytt til Tynset hausten 1887.

Forfattar og målmann
Som forfattar uttrykte Ivar Mortensson seg i mange sjangrar, mellom anna dikt og skodespel og ikkje minst sakprosa i artiklar og bøker. Han debuterte som skjønnlitterær forfattar i 1889 med Paa ymse Gjerdom. Songane aat Savalguten. og gav seinare mellom anna ut Or duldo. Draumkvæe (1895); Varg i veum. Soguspel fraa forntidi (900–1000) (1901); Hugleik (Emne fraa tolvhundratale) (1902); Solmøyi. Fritt tilskipa etter folkevisur og fornkvad (1904); Runir (1908); Gullharpa vår. Soga um Hugfrid (1931).

Av sakprosa gav han mellom anna ut Ivar Aasen. Ein norsk kulturmann (1903); Bondeskipnad i Norig i eldre tid (1904).

Som vi ser berre av dei titlane som er nemnde her, stod tema frå folkedikting og norrøn tid sentralt i Mortenssons forfattarskap. Han var spesielt oppteken av mellomalderballaden Draumkvedet og restituerte dette til den diktariske heilskapen han såg i stoffet, siste gong i boka Grunnsteinen i norsk bokheim 1927. Denne har som undertittel «Med Draumkvedet i ny uppsetjing», og det kan ha ført til mistydinga vi av og til (mellom anna i Wikipedia) kan sjå om at Mortensson-Egnund omsette dette diktet.

Særleg frå 1899 og nokre år frametter stod Mortensson sterkt i frontlina for målsaka både som føredragshaldar og skribent, der han ofte hadde skarpe samanstøytar med Bjørnstjerne Bjørnson på riksmålssida. Dette engasjementet hadde nok sitt å seia for målforma han arbeidde seg fram til som skribent og ikkje minst som omsetjar, som vi skal sjå nedanfor. Denne kan best karakteriserast som ei garborgsk form av landsmålet med tydelege innslag av nord-østerdalsk.

Foto: Sammen med Karen og barna Signe og Magne, 1907. Musea i Nord-Østerdal

Sammen med Karen og barna Signe og Magne, 1907. Musea i Nord-Østerdal

I 1901 fekk Mortensson forfattarstipend på 2000 kroner frå staten, ein sum stor nok til at han kunne ta kona og dei to borna dei då hadde, med utanlands i eit par år. Det første halvåret heldt dei seg i Danmark, der han i vårsemesteret 1902 følgde seminarøvingane til den kjende danske norrønfilologen Axel Olrik i København. Dette peikar framover mot, og kan sjåast som førebuingar til, det store omsetjingsarbeidet med eddadikta som skulle komma ikkje så lenge etter.

Først i 1909 tok Mortensson praktisk-teologisk eksamen, slik at han kunne fungera som prest i den norske kyrkja, og han vart stiftskapellan i Hamar same året. Året etter vart han sokneprest i Fyresdal. Frå 1914 til 1916 var han stiftskapellan i Kristiania, der han fungerte som målprest og reiseprest for ungdomslaga, deretter var han sokneprest i Løten i to år før han i 1918 flytta heim att til Einabu i Folldal og slutta som prest. Denne garden hadde faren kjøpt i 1873. Sonen hadde budd der sidan 1889 og vore gardeigar sidan 1893, utan å ha fått så mykje ut av praktisk gardsdrift. Ved heimattkomsten i 1918 tok han namnet -Egnund etter elva Einunna som renn forbi garden, og kalla seg frå då av Mortensson-Egnund. Frå 1919 av arbeidde han, med stipend, med å omsetja delar av Det gamle testamentet i den første omsetjinga av heile Bibelen til landsmål, utgjeven av Studentmållaget i Oslo 1921.

Ivar Mortensson-Egnunds verke som omsetjar fell såleis i to avgrensa delar: for det første som omsetjar av eddadikt frå norrønt, for det andre som bibelomsetjar.

Eddadikta
Det er som omsetjar av den eldre Edda han har vore og er kjend for ettertida. Det er all grunn til å ta opp att her det biografen hans, Klaus Langen, seier når det gjeld denne sida av Mortenssons litterære liv: «For dei fleste står vel edda-omsetjinga som hovudverket til Ivar Mortensson-Egnund. Kveda har ikkje mist noko av si kraft og sin forne svip i omsetjinga, men samstundes er gamle tankar og gamalt mål gjort forståeleg for kvar nordmann.» (Langen 1957: 194). Eddadikta til Mortensson-Egnund vart folkelesnad, så Langen har her god dekning for sine ord.

Først kom gudedikta – Gudekvæde i 1905 og så tre år etter, i 1908, heltedikta – Kjæmpekvæde. Det er interessant å sjå kva han sjølv seier om bakgrunnen for dette store arbeidet. I føreordet til bandet med gudedikta seier han det slik: «Arne Garborg var det som størde meg til verke; tunge tak tok han sjølv og, med mange kvæde gjorde han fyrste arbeide. Ein ovstor godviljesmun hev Sophus Bugge lagt til. Berre skade at eg inkje fekk høve til aa nytte rettleidingi hans i so fullt maal som det baudst. Moltke Moe hev gjevi mange gode raadir. Halvdan Koht og Magnus Olsen hev laant meg fyrilesingar etter Bugge. R[asmus] Flo hev hjelpt meg med rettingi. Alle desse maa eg takke. Den som gjorde fyrste freistnaden med aa umskrive Edda-kvæde paa nynorsk var Ingjald Kjennerud i 1885. Sidan hev Marius Hægstad umsett ymist. Til stor nytte for meg var desse arbeidi.» Det er her verdt å leggja merke til at Mortensson-Egnund stør omsetjingsarbeidet sitt ved å vera nøyen på å gi fagleg kreditt og knyta det opp til dei fremste filologiske og kulturelle autoritetar i samtida.

Etter førsteutgåva i 1905 og 1908 har Mortensson-Egnunds omsetjing av Edda-kvede komme i mange utgåver, der det har vore gjort større og mindre endringar. Viktigast her er dei som kom i tredje utgåva i 1944, der diktet Atlamål, omsett av Erik Eggen, kom til. Det hadde altså ikkje vore med før. Her vart òg den ordninga av dikta vi kjenner i dag, etablert. Viktig er også dei språklege endringane som vart gjorde i andre utgåve – ei praktutgåve som kom i 1928. Frå då av fekk dikta språklege former som huset for huse, broten for brotin, æser for æsir, yver for yvir med vidare.

På denne måten har Mortensson-Egnunds Edda-kvede hatt ei lang verknadshistorie for fleire generasjonar nordmenn. Den førebels siste utgåva av desse kveda, Edda-kvede (Den eldre Edda) saman med Snorre-Edda (Den yngre Edda) kom i 2017.

Dikta frå den eldre Edda kan nok no seiast å vera avløyst av Knut Ødegårds nye omsetjing (Ødegård 2013–2016). Men Mortensson-Egnunds versjon synest som vi ser av utgåva frå 2017, stendig å ha eit tak på det lesande publikum, einerådande som denne har vore gjennom store delar av 1900-talet. Og det er helst Mortensson-Egnunds versjonar som har vore brukte i lesebøker og antologiar opp gjennom åra – dette jamvel om Ludvig Holm-Olsens solide Eddadikt frå 1975 og seinare utgåver har funnest på bokmål. Det må såleis vera rett å seia at Ivar Mortensson-Egnunds Edda-kvede langt på veg har vorte folkeeige her til lands, og mange strofer, ikkje minst frå Hávamál, har nesten nådd proverbiell status. Eit godt døme i så måte kan strofe 12 frå nett det diktet vera. Det sit nok godt fastlimt i minnet ikkje minst til generasjonar av skoleelevar og russekull, både frå bygd og by opp gjennom åra:

Inkje så godt
som godt dei seier
er øl for manne-ætt.

Di meir du drikk,
di mindre vit
mun du i hausen hava.

Den poetiske styrken i denne og andre av løysingane hans kjem godt fram om vi jamfører med andre løysingar vi har tilgjengeleg i dag.

Holm-Olsen 1975 og seinare gir strofe 12 som følgjer:

Så godt for folk
som folk sier,
det er ølet ikke;
jo mer en drikker
dess mindre kan en
styre sitt vesle vett

Ødegård 2013 gir strofa slik:

Det er ‘kje så gildt
som godtfolk seier
å få i seg flust med øl.
For hugfestet minkar
di meir ein drikk
og vitet renn vekk.

Ivar Mortensson var godt orientert og innlesen på samtidas faglitteratur om eddadikta då han arbeidde med å omsetja dei tidleg på 1900-talet. Han hadde altså teke del i Axel Olriks norrøn-seminar i 1902, og det var sjølvsagt med og gjorde han sikrare i kjeldespråket. Han var elles sjølv til ein viss grad med i det faglege ordskiftet om eddadikt og hadde ein artikkelserie om synet sitt på det særmerkte diktet Rigstula i 1905-årgangen av avisa Den 17. mai.

Bibelomsetjar
Den andre sida av Ivar Mortensson-Egnunds omsetjarverksemd har vore mindre synleg for ettertida enn eddakveda hans. Men jamvel om omfanget av dette arbeidet ikkje var svært stort, gjorde han ein pionerinnsats også som bibelomsetjar til landsmålet. Han omsette Høgsongen og bøkene om profeten Joel og om profeten Amos i Det gamle testamentet. Høgsongen og ein god del av boka om profeten Amos (kap. 3–9) vart elles prenta i Syn og Segn (1919 og 1920). Det kan seiast å vera ein samanheng mellom omsetjinga hans av eddadikt og i det minste Høgsongen som ein poetisk del av Det gamle testamentet. Høgsongen endar i alle fall slik i Mortensson-Egnunds omsetjing (kap. 8, v. 11–14, her sitert etter utg. i Syn og Segn 1919, 77; bibelutgåva er lett språkleg justert, men har nokre korrekturfeil):

11.
I Ba’al-Hamon ein vingard
hev Salomon aatt.
Han garden til vaktarar gav.
Kvar mann for draatten fekk
dei tusund sekel sylv.

12.
Garden min sjølv eg driv,
dine tusund du Salomo tak,
tvo hundrad paa vaktarann fel.

13.
«Du som bur inni hagom,
felagar lyder,
lat meg høyre ditt maal.»

14.
«Aa, fljug, du min ven,
ei gaselle lik
eller ungan hjort
paa dei angande fjellom!»

Det har vore uklårt kva kjeldespråk Mortenson-Egnund og dei andre omsetjarane av den første landsmålsbibelen omsette frå. Mortensson-Egnund var teologisk utdanna, og Jarle Bondevik (2003: 92f) uttrykkjer seg slik om spørsmålet: «Dei som hadde teologisk eksamen, kunne sjølvsagt lesa hebraisk, men om dei brukte den hebraiske teksta når dei omsette, er ikkje lett å svara på. Dei hadde (…) den opninga at dei kunne omsetja etter dansk, svensk og islandsk.» Det ser likevel ut til at Mortensson-Egnund i utgangspunktet har omsett sine delar «fraa grunnteksti» som det heiter i dei to prøvene som vart prenta i Syn og Segn frå 1919 og 1920 (sjå ovanfor). Om han elles har søkt støtte i dei nordiske bibelutgåvene, veit vi ikkje. For Ivar Mortensson-Egnund var i alle fall etter alt å dømma det språkpolitiske målet med å få Biblelen på landsmålet ein svært viktig motivasjon i omsetjingsarbeidet.

Samla sett kan vi seia at Ivar Mortensson-Egnund som omsetjar skriv seg inn i ein tydeleg landsmålstradisjon frå andre halvdelen av 1800-talet, der omsetjingar i høg grad var med og forma det nye litteraturspråket. Dei to hovudberebjelkane i dette historiske prosjektet var omsetjingar av bibelstoff og av norrøn litteratur (sjå oversiktsartikkel om litterære omsetjingar til landsmålet fram til om lag 1900 i dette leksikonet). Denne kulturhistoriske lina fekk altså eit framhald med Ivar Mortensson-Egnunds omsetjingsarbeid gjennom dei første to tiåra av det 20. hundreåret.

Ungdomsstevne ved Rondaslottet ca. 1932. Foto: Mikael G. Plassen Musea i Nord-Østerdalen.

Ungdomsstevne ved Rondaslottet ca. 1932. Foto: Mikael G. Plassen, Anno Musea i Nord-Østerdalen.

Jan Ragnar Hagland

Artikkelen er støttet av Programredaktør Andor Birkeland og hustru Halinas legat.

Referansar

Bondevik, Jarle (2003). Og ordet vart nynorsk. Soga åt den nynorske bibelen. Bergen: Norsk bokreidingslag l/l.

Fuglestad, Eirik Magnus (2017). «‘Vil du vera med so heng fast’ – om utviklinga av ein norsk anarko-nasjonalisme i 1880-åra». Nytt Norsk Tidsskrift 34 (3), s. 250–270.

Holm-Olsen, Ludvig (1975). Eddadikt. Oslo: J.W.Cappelens forlag.

Langen, Klaus (1957). Ivar Mortensson Egnund. Oslo: Det Norske Samlaget.

Skjervøy, Audun (1997). «Revolusjon med Arne Garborg som fadder, Ivar Mortensson som prest og Rasmus Steinsvik som dåpsbarn». Syn og Segn 2/1997, s. 171–185.

Sæter, Ivar (1920). Foldalen. Kristiania: Grøndahl & Søns Boktrykkeri.

Ødegård, Knut (2013–2016). Edda-dikt I–IV. Oslo: Cappelen Damm.

Bibliografi