Johannes Farestveit, 1923–1995

Fra «Å skrive for barn» (1982). Foto: ukjent.

Johannes Farestveit vart fødd 11. mars 1923 på ein gard i Modalen i Hordaland og døydde 16. september 1995 i Larvik. Han tok artium ved Bergen Katedralskole i 1946 og deretter eksamen ved Stord Lærarhøgskule i 1948. I nokre år arbeidde han på Torpo skule i Ål, Hallingdal, før han flytte til Oslo i 1953. Då hadde han allereie kontakt med nynorske forlag og med det nynorske aksjeselskapet i Oslo som styrte med utgjevinga av Norsk Barneblad. I 1956 vart han tilsett som redaktør, ei stilling han beheldt heilt fram til 1979. Alt tyder på at det var omsut for barn og tilgangen deira til god, nynorsk lesnad som var hovuddrivkrafta i hans mangfelte innsats for dette bladet, og då ikkje minst i rolla som omsetjar.

Verksemda som omsetjar byrja han i 1951 med The Thief Island (1949) av amerikanske Elizabeth Coatsworth, gjeve ut med tittelen Tjuveøya og Frederick Marryats Masterman Ready (1841); først prenta som framhaldssoge i Norsk Barneblad, dinest publisert som bok på Norsk Barneblads Forlag med tittelen Styrmannen på Stillehavet. Det blir opplyst, både i bladet og i boka, at omsetjinga er forkorta. Fram til vår eiga tid har det vore vanleg at kjende, ruvande klassikarar har vore mykje forkorta i utgåver meint for barn og ungdom. Denne skikken var òg godt etablert i Norsk Barneblad då Farestveit tok over som redaktør. Fleire av dei romanane som gjekk som framhaldssoge i bladet kvar veke, var av dette slaget, og vart dinest gjevne ut som bøker på Norsk Barneblads Forlag. Men i løpet av dei mange åra Farestveit hadde styring på både bokutval og omsetjing – ofte var to av omsetjingane kvart år hans eigne – vart det langt fleire utgåver som var henta frå samtida og omsett i full utgåve. I året 1962 utkom til dømes Grønlands-sommaren av Hardi og Henning Nolsøe, og Katte-eventyr av Natalia Belting. I 1974 utkom Slaveskipet av Paula Fox, Soga om Håkon frå Rogen av Erik Christian Haugaard, og dessutan Huck Finn og eventyra hans av Mark Twain.

For Farestveit var det avgjerande om ei bok var god, ikkje om ho var nyskriven eller ein klassikar. I ein kommentar til sitt eige virke i boka Å skrive for barn skriv han: «Eg trur den gode barneboka er tidlaus. Om dei ytre tilhøva blir endra aldri så mykje, så er tankane og kjenslene til barnet alltid dei same og kan ikkje bli annleis. Difor treng ikkje ei god barnebok plent å henta motivet sitt frå samfunnet i dag.» (Farestveit 1982: 79).

Farestveit viste i det heile stort sjølvstende som redaktør. Mange av forteljingane han lét prenta i blad og bok, var skrivne av forfattarar som elles ikkje var kjende i Noreg. Med eit par store unntak vart dei dessutan berre representert med ei bok kvar, publisert både i blad og bok.

Omfanget av omsetjingar + to særskilde
Alt i alt vart det over 40 bøker som Farestveit omsette, langt dei fleste med engelskspråkleg opphav, i nokre få tilfelle under pseudonymet Olav Osen – som han elles berre nytta når han lét prente eigne forteljingar i Norsk Barneblad. Nokre få vart prenta på andre forlag (Det Norske Samlaget, Fonna). Dei to nemnde unntaka frå eibok-regelen var den amerikanske forfattaren Scott O’Dell (1898–1989) og den dansk-amerikanske Erik Christian Haugaard (1923–2009). O’Dell skreiv 25 romanar for ungdom. Av desse vart fem omsette av Farestveit. E.C. Haugaard emigrerte til USA i 1940 og publiserte 13 bøker for barn. Av desse vart åtte omsett av Farestveit i perioden 1969–1980.

Hjå O’Dell er skodeplassen for det meste maritimt farga med synsvinkel lagt til eit ungt menneske med opphav i urfolk busett i det søraustlege USA. Hjå Haugaard er det historiske rammeverket særs variert, og bøkene av Haugaard som Farestveit omsette, har handling både frå vikingtida, den engelske borgarkrigen, Kalmarkrigen og den andre verdskrigen. Dei er alle soger om korleis barn kan oppleve krig. Den mest skakande, og den første Haugaard-romanen Farestveit omsette, var Guidos vandring (1969). Etter allierte luftangrep på hamna i Napoli mistar fleire barn foreldra sine, og vi følgjer ei lita gruppe på vegen til Monte Cassino. På klosteret der trur dei seg å verte trygge saman med tallause andre flyktningar. Men dei allierte bombeflya syner ingen nåde.

Begge desse forfattarane var bombeflygarar under den andre verdskrigen, og dei skreiv romanar med ein klår humanistisk bodskap retta mot krig, intoleranse og utnytting. Det var dette som gjorde at Farestveit fekk ei spesiell interesse for desse forfattarane. I eit føreord til O’Dells Åleine i berghola skriv Farestveit: «I ein krig er det sjeldan slik at den eine parten berre har rett og den andre urett. Krigen blir ofte ført på like grufull måte på begge sider.» (1985: 3). I Å skrive for barn skriv han at «Særleg Haugaard har stått mitt hjarta nær, og eg har hatt stor glede av å omsetja bøkene hans. […] Svært ofte fortel Haugaard om born som veks opp i ufredstider, og han skildrar på ein overtydande måte kor meiningslaus og umenneskeleg krigen er. Mest går det gjerne ut over dei som er utan skuld – borna.» (Farestveit 1982: 78f).

Foto ukjent. Norsk Barneblad

Farestveit med et utvalg av sine oversettelser. Foto: Ukjent/Norsk Barneblad

Flytting til Larvik. Innsatsen som redaktør.
I 1963 flytte Farestveit med kone og to barn til Larvik. Frå då av vart Norsk Barneblad redigert og produsert der under leiinga til Farestveit. Trass i at talet på nynorskelevar i folkeskulen gjekk ned, greidde Farestveit å halde talet på abonnentar oppe. I 1978 var det oppe i 17 000, og det var ny rekord for bladet. I eit intervju i avisa Dag og Tid frå 1976 kan Farestveit dessutan opplyse om at talet på bokmålsskrivande tingarar var om lag like stort som talet på dei nynorskskrivande. Bøkene gjevne ut på Norsk Barneblads Forlag vart no prenta i Larvik og var i tida kring 1980 oppe i fem nye kvart år.

Fleirtalet av omsetjingane til Farestveit var frå amerikansk og engelsk samtidslitteratur retta mot barn og ungdom, nokre av dei òg frå forfattarar i Canada og Australia. I tillegg til mangfaldet og orienteringa mot forfattarar i samtida var det – om ein ser bort frå O’Dell og E.C. Haugaard – òg ein overvekt av kvinnelege forfattarar, mellom anna På eventyr i Stillehavet av Lucille Iremonger (1960), Johnny Neptune av Nance Donkin (1976) og Draumen om framtida av Suzanne Roberts (1979).

Det har vorte innvendt at Farestveit som redaktør i for liten grad baud på lesestoff henta frå moderne liv i byane (Helleve 2012: 116). Men som omsetjar var Farestveit alt anna enn nostalgisk vend mot bondeland og fortid. Han var opptatt av å gje unge, norske lesarar tilgang til gode bøker av dålevande forfattarar som var ukjende i Noreg. Mange av dei viste til alt det vonde barn kan verte utsette for under omstende av armod, krig og forfølging. Sjølv såg han det som noko godt at litteraturen for dei unge i hans eiga tid hadde vorte mykje meir realistisk:

«Når ein ser attende, slår det ein kor mykje barnebøkene har vorte endra frå det dei ein gong var. Dei har vorte mykje meir realistiske, torer å visa fram den ranga på livsens vev som også eksisterer i barnet si verd. Og det finst vel snautt den ting som ein ikkje kan ta opp i bøker for born, berre det blir gjort på rette måten.» (Farestveit 1982: 79).

Men Farestveit viste òg glede ved å spreie lesestoff for barn som gav dei innsyn i historie og folkeliv. Dette kjem godt fram i skulebøker for grunnskulen som Gyldendal publiserte i 1960- og -70-åra. Saman med Øyvind Rødevand og Bjørn Hansen skreiv han geografibøker som tok for seg Vårt eige land, Verdsdelen vår og Vår vide verd. Her er vidsynt blikk for all slags mangfald i topografi, klima og busetnad, både rundt om på kloden og her heime i Noreg. Frå 1965 og fram til 1985 var Farestveit også særs aktiv som omsetjar frå bokmål til nynorsk i lærebøker for ulike skuleår gjevne ut på Gyldendal. Bøkene femna om ulike fagfelt, mest historie, men òg geografi, kristendom, fysikk og norsk. Det er truleg at han tok på seg desse oppgåvene ikkje minst av omsyn til eige innkome. Pengane som vart tent på Norsk Barneblad og på bokutgjevingane til bladet, var i hovudsak meint å kome bladet til gode.

Språkteknisk var omsetjingane til Farestveit mykje stødige, haldne godt innanfor normert nynorsk normaltalemål og alltid innanfor læreboknormalen av 1938. Særleg stor vekt la han på å halde fast på all bruk av munnleg dialog i originalutgåvene; noko som var til stønad for innleving og samkjensle med dei agerande figurane i forteljingane.

Eit unntak er rett nok Mark Twain, der det kan bli stor avstand mellom Twains bruk av munnleg slang og Farestveits normaltalemål. Eit døme på dette finner vi ein stad i byrjinga av Huck Finn og eventyra hans (1974: 9), der forteljaren Huck møter Jim som er slaven til Miss Watson. Jim høyrer berre ljoden av to gutar som gøymer seg og seier: «Kven er det? Så menn var det ikkje eitkvart eg høyrde. Men eg veit ikkje kva eg skal gjera, eg skal setje meg ned her og vente til eg høyrer det ein gong til.» I originalen står det: «Say, who is you? Whar is you? Dog my cats ef I didn’ hear sumf’n. Well, I know what I’s gwyne to do: I’s gwyne to set down here and listen tell I hears it agin.»

Viktig for den unge lesaren si oppleving av handlinga i bøkene var nok òg den hyppige bruken av teiknar Solveig Muren Sanden (1918–2013) som illustratør, både på framsida og inne i romanane.

Karl Farestveit – førebilete og inspirator
Mykje kan tyde på at Farestveits lærar på folkeskulen i Modalen, sambygdingen Karl Farestveit (1899–1984), hadde ein sterk innverknad på synsfelt og engasjement i Farestveits innsats som omsetjar og bladutgjevar. I eit kapittel om skular og lærarar i Bygdebok for Modalen herad (1990) omtalar Johannes Farestveit Karl som «ein roleg og stillfarande lærar som kunne fortelja godt og levande», og som, ulikt dei andre i bygda, var heilt på høgd med samtida med eige radioapparat. Der høyrer han ein kveld eit program om Boerkrigen. Dagen etter «fortalde han det att i ein historietime på skulen, så levande at me såg det for oss alt saman, både soldatane i fælslege slag og krigsfangane som var på rømming mot fridomen. Me sat storøygde og fylgde med» (s. 547). Læraren var vidsynt både i synet på verda og på det nasjonale, og på ein 17. mai, fortel Farestveit, samla han barn og ungdom ved skulen og lét dei feire dagen med opplesing, song og leik, medan andre i bygda ikkje gjorde noko for barna.

Farestveit skapte eit blad for barn fylt av forteljingar som øvde opp eit vake blikk for alt som gjekk føre seg ute i verda og her heime, og med brei appell til norske barn anten dei kom frå Oslo, Modalen eller Larvik. Og mykje av stoffet han sette på prent, både som omsetjar og i Norsk Barneblad, la vekta på rein leseglede, til dømes tekstane han skreiv til den muntre teikneserien Smørbukk.

Foto. Med Solveig Muren Sanden.

Johannes Farestveit og illustratør Solveig Muren Sanden. Foto: Olav Norheim

Farestveits virke som omsetjar vart heidra med heile tre prisar. I 1970 fekk han Nynorsk barnelitteraturpris for omsetjingar frå engelsk, i 1973 Kulturdepartementets omsetjarpremie for Bak krigens kjerre av E.C. Haugaard, og i 1984 vart han, saman med Zinken Hopp, den første til å få Bastianprisen for omsetjing av bøker for barn og ungdom. Saman med Solveig Muren Sanden var han i 1974 òg den første som fekk teikneserieprisen til Kulturdepartementet for arbeidet med seriane Smørbukk og Tuss og troll.

Harald Bache-Wiig


Referansar
Birkeland, Tone (1982). Å skrive for barn: 17 barnebokforfattarar presenterer seg.
Oslo: Det Norske Samlaget.

Dag og Tid (1976, 20. februar). Intervju med Johannes Farestveit.

Espeland, Gard (2007). «Utan baktankar. Norsk Barneblad 120 år». Bok og bibliotek 3.

Farestveit, Olav (red.) (1990). Bygdebok for Modalen herad. Allmenn bygdesoge. Modalen kommune.

Helleve, Eirik (2012). Skrinet med det rare i. Norsk Barneblad i 125 år. Oslo: Norsk Barneblads Forlag.

Root, Shelton L. og Jean Greenlaw (1979). «Profile. An interview with Erik Christian Haugaard». Language Arts 56 (5).

Ørjasæter, Tordis mfl. (1981). Den norske barnelitteraturen gjennom 200 år. Oslo: Cappelen.

Bibliografi