Rasmus Løland, 1861–1907

Løland, Rasmus Foto ukjent Samlaget

Foto: Ukjent, Samlaget.

Rasmus Løland vart fødd 24. mai 1861 på garden Løland ved Hylsfjorden i Ryfylke og døydde 12. oktober 1907 på garden Labråten i Asker. Løland vart tidleg driven av ein sterk trong til å skriva, og etter kvart vart han synleg på mange felt: som journalist, kritikar, forfattar og omsetjar. Debuten som forfattar kom i 1891 med novellesamlinga Folkeliv. Sidan gav han ut ei rekkje stutte og lange forteljingar både for vaksne, barn og unge. I seine år jobba han ei stund som medarbeidar i målavisa Den 17de Mai , og det var her han byrja som omsetjar. Han omsette bondeforteljingar og bøker for barn og unge frå engelsk og tysk, mellom anna av Daniel Defoe og Berthold Auerbach. Det heldt han fram med i arbeidet som redaktør for Norsk Barneblad heilt fram til han døydde av tuberkulose, berre 46 år gammal.

Sjølvstudium i litteratur og språk
I oppvekst og unge år var Løland mykje plaga av dårleg helse både fysisk og psykisk, og han kunne òg pina seg sjølv med mykje religiøs gruvling. I hovudsak vart han buande heime på farsgarden heilt fram til hausten 1895, då han tok seg over til Kristiania. Ut over folkeskulen i heimbygda måtte Løland nøya seg med eit halvt år på amtsskulen i Sand, ein tettstad ved fjorden. Men der fekk han Torkell Mauland som lærar; ein etter kvart kjend pioner innanfor den spirande målrørsla. Mauland introduserte han for Arne Garborg og Fedraheimen, det nynorske bladet som Garborg gav ut frå 1877, og som sidan prenta bidrag av Løland. Og sjølv om dårleg helse tvang Løland til å sitja mykje innomhus heime, nytta han tida til å lesa seg opp på litteratur av mange slag, ikkje minst norske romanforfattarar frå samtida, men òg bøker omsett frå især tysk og engelsk. Av broren Bertrand som tok lærarskulen, fekk han hjelp til sjølvstudium av desse språka.

Frå Kristiania til Tyskland
Framme i Kristiania fekk Løland snart god kontakt med miljøet kring målrørsla, og vart nært knytt til Den 17de Mai, som kom ut frå 1894 med Garborg og Rasmus Steinsvik som redaktørar. Med dette vart Løland snart inkludert i det nasjonale og kulturpolitiske miljøet som sidan vart kalla Askerkrinsen. Det hadde sentrum på Labråten, garden til Hulda og Arne Garborg, og Løland flytte inn i eige hus der i 1903.

Løland vart etter kvart kjend som ein dugande diktar, og i 1899 fekk han eit statleg forfattarstipend på 1000 kroner. Forfattarar fekk desse midla for å kunna halda fram med den litterære utdanninga si i utlandet. Frå november 1899 var Løland på ei lang reise til utlandet; først med opphald i København, dinest i mellom anna Berlin og München. Han likte seg godt i Tyskland og var der til august 1900. Fleire veker var han òg i alpebyen Hall i Austerrike, der han byrja for fullt med omsetjingsarbeid, mellom anna av boka Presten Höllbart av austerrikaren Peter Rosegger.

Avstytte barneforteljingar
Då han kom heim til Kristiania hausten 1900, var byen råka av det store finanskrakket, og Løland fekk òg problem med økonomien. Året etter byrja han som journalist i Norsk Barneblad, eit blad Kristen Stalleland hadde stifta i 1887. I  1902 var Løland og Stalleland redaktørar i lag, og frå 1903 fram til han døydde i 1907, vart Løland lønna eineredaktør.

Allereie hausten 1901 vart delar av Daniel Defoes Robinson Kruso (1791) prenta som framhaldssoge i bladet. Forteljinga vart omsett frå engelsk av Løland, sluttførd året etter og gjeven ut som bok i 1905. Lik tallause utgåver av denne boka som vart lagd til rette for barn, er omsetjinga sterkt avstytt og fortald i tredje person. Originalutgåva for vaksne hadde ein ordrik eg-forteljar som trong 63 kapittel; bok-omsetjinga til Løland klarer seg med 32.

Noko liknande gjeld også ei anna omsetjing som vart påbyrja i 1901-årgangen av Norsk Barneblad, avslutta i 1902 og publisert som bok i 1906 med tittelen Soga um eit asen. I bokutgåva står det at Løland har omsett teksten frå engelsk, men ikkje noko om at forfattaren er den franske Sophie Ségur, og at forteljinga om eselet kom ut i Frankrike i 1860 med tittelen Mémoires d’un âne. Originalen vart tidleg avstytt og publisert for barn, og då med morosame illustrasjonar. Løland kan ha fått tilgang til ei engelsk utgåve frå 1901, The story of a donkey. I så fall har han handsama den engelske teksten temmeleg fritt. Men langt friare ter det forteljande eselet seg, med alle slags villstyrlege og komiske påfunn i omgang med ulike slags menneske, både uskikkelege og snille, langt ute på landet og inne i småbyen.

Omsetjingane frå tysk
Presten Høllbart: Soga frå reformasjonstidi, som Løland altså byrja å omsetja i Tirol, vart først prenta i Den 17de Mai sitt vedlegg «Laurdagskvelden» i 1902 og kom som eiga bok på Samlaget i 1906. Soga handlar om misnøgde bondefolk i ein landsby i ein fjelldal i Tirol som gjer opprør mot både katolsk kyrkjemakt og verdsleg fyrstemakt, og dei buset seg som ein slags heidningar oppe i skogen over landsbyen. Den unge presten Høllbart, som har teke til seg impulsar frå den reformerte læra og er driven på flukt, får dei til å flytte ned i dalen igjen, med Høllbart som deira sjølvvalde prest i landsbykyrkja.

Den neste boka Løland omsette frå tysk, var Tyrimøy av Ludwig Ganghofer og ho gjekk som laurdagsbilag i Den 17de Mai i 1903. Boka har «Eine Bergsage» – ein fjellhistorie – som undertittel, og handlinga går føre seg i eit grenseland mellom eit kvardagsleg liv med veiding som levebrød og hendingar farga av draum og segn. Framfor alt er det ei forteljing om ulmande svartsjuke. På underleg vis blir jegeren Guntram nærast trollbunden av kjærleik til ovfagre Isa. Dei vert gifte og får barnet Jutta. Men Guntram vert meir og meir overtydd om at kona er utrugen med den unge fiskaren Uzzo. Til sist drep han «rivalen», men når han dinest får vita at Uzzo var utan skuld, drep han også seg sjølv.

Omsetjinga fangar godt dei mange intense nyansane i naturoppleving og kjensleliv som pregar denne forteljinga frå fjella i Austerrike, samstundes som ho tek vel vare på element henta frå folkeleg forteljekunst. Soga endar med ein epilog der den gamle mannen som no vert erkjend som forteljaren, svarar slik når han vert spurt om han trur på alt han har fortalt:

Das kann wohl niem’nd nit sagen, ob’s wahr ist oder nit! Aber muss denn alles verlogen sein, was einer nit greifen kann mit der Hand? (...) Ja Herr, schauen S’… wenn ich beispielmässig sagen tät: ’s Glück? Steht denn anders mit’m Glück?

(A. Bonz, 1908, s. 223)

Det kan vel ingen segja um ho er sann eller ikkje. Men maa daa alt vera lygn som ein ikkje kan ta på med handi? (...) ja, ser De … naar eg no skal tala i likningar: Lukka … er det då annleis med Lukka? (Oscar Jensens trykkeri, 1903, s. 69)

Frå Schwarzwald til bygde-Noreg
I 1901 byrja Løland med omsetjing av den tysk-jødiske diktaren Berthold Auerbachs ungdomsbok frå 1856, Barfüssele. Under tittelen Anne Berrføtt gjekk ho som framhaldssoge i Norsk Barneblad 1903–04 og vart i 1905 prenta som bok betalt av Målkassa, ein organisasjon med føremålet å samla inn pengar til målsaka. Same vegen gikk det med ein annan av Auerbachs romanar: Ivo, der Hajrle (1843). Denne gongen bygde Løland på ei tidlegare omsetjing til nynorsk utførd og prenta av Georg Grieg i Bergen 1876. I Norsk Barneblad fekk den tittelen Ivo prestemne og kom som bok i 1906 med støtte frå Målkassa. Båe desse bøkene vart i Tyskland rekna og gjevne ut som «Dorfgeschichten», landsbyhistorier, og då knytte til den sørtyske landsdelen Schwarzwald.

 Anne Berrføtt er ei soge av det slaget vi i Noreg har kalla heimstaddikting. Vekta ligg på arbeidsliv, folkeskikk og natur, og då gjerne lik heimstaden som diktaren kjem ifrå. Anne og veslebroren hennar, Dami, mistar foreldra sine medan dei er små og veks opp hos kvar sine pleieforeldre i heimbygda. Anne utviklar seg til å verta ei særs sjølvmedviten, men òg tolsam og lojal ungjente. Dami er noko lausare i fisken. Etter ein mislukka freistnad på å finna nytt rotfeste i Amerika kjem han attende til heimbygda. Anne gruvlar mykje, og tilhøva ho må leva under, er harde. Men enden vert god: giftemål med Johannes, guten ho vert kjær i og som syner seg å vera odelsson på ein storgard i eit anna sokn.

Synsvinklane skifter mykje i forteljinga, men mest heile vegen kan lesaren følgja kva for tankar og vurderingar Anne Berrføtt har om sitt eige samspel med folk og natur. For ho er det viktige å halda på ei jamvekt i ulike slags tilhøve, mentalt og sosialt. Mykje kan ulma under overflata i bygdelivet. Anne er ein god vegvisar i eit ulendt, sosialt terreng som Løland nok meinte var mykje det same i Schwarzwald som i Bygde-Noreg. I ei etterlaten skriftsamling kalla Sjølvbiografi (1896) nemner Løland at han som unggut med stor glede las ei bok av Auerbach. Etter alt å døma var dette ein bonderoman som Eilert Sundt lét prenta i norsk omsetjing som tillegg til Folkevennen i 1858. Her står det òg eit føreord med synsmåtar som unge Løland antakeleg kunne slutta seg til. Folkegranskar Sundt framhevar kor viktig det er for allmenta å få tilgang til forteljingar om folks kvardagsliv henta frå andre stader og land enn der dei bur sjølve. Berre slik kan dei skjøna at «Mennesket, under forskjelligste Sæder og Tilstande, dog overalt er sig selv ligt i Grunden.»[1]

Ein stad i boka der lukka toppar seg for Anne og Johannes, heiter det at «Det finst eit songverk i saali som ikkje hev nokon tone i samanheng, men likevel hev alt med i seg».[2] Ordet «songverk» er her brukt som omsetjing for «Glockengeläute», altså klokkeklang. I originalteksten lèt Auerbach dei to synge kjende songar og stev om kjærleik, utan å akta på kva dei syng. Løland utelèt desse songane. Kva dei syng, er då òg bunde til ein tysk songtradisjon. Men til bruk i situasjonar av jublande fagnad kan eit folk ause opp frå sin eigen songskatt, eit songverk «som hev alt med i seg».

Religiøse konfliktar
Den andre boka som Løland omsette av Auerbach, Ivo Prestemne, var blant dei første i den lange serien «Schwarzwälder Dorfgeschichten». Som liten gut i ein landsby får snikkarsonen Ivo hug til å verta utdanna til prest, og forteljinga fylgjer han på denne lange vegen både i gode og vonde dagar. Og vondt blir det etter kvart å vita at elskhug ikkje kan sameinast med katolsk sølibat, og at arbeid med jord og tømmerdrift ikkje er passande for ein prest. Boka endar med at Ivo ikkje blir prest, men i staden gift med ein barndomskjæraste og eigar av eit sagbruk. Til sist sit han høgt oppe i berget og blåser på eit horn, til stor glede for både folket i dalen og for han sjølv.

I nokon grad kan denne forteljinga minna om Berthold Auerbachs eige strev med å verta jødisk prest, altså ein rabbi. Han vart etter kvart særs frilyndt og derfor hindra i å sluttføra utdanninga si. I staden via han seg heilt til gjerninga som forfattar. I boka han skreiv om prestemnet Ivo, møter tittelfiguren to jødar frå heimstaden sin. Han slår fylgje med dei og ser med stor hugnad at dei held bøn på jødisk vis. Han kjenner nemleg vyrdnad for «kvar ei tru og mest for jødetrui som var so gamall og ærevurdig».[3]

Det er påfallande at hovudpersonen i to av bøkene Løland omsette frå tysk, båe slit med djupe, religiøse problem. For presten Høllbart er gudstrua han har vald, ikkje i samsvar med trua som kan godkjennast av rådande kyrkjemakt. For teologstudenten Ivo kan trua han vedkjenner seg, ikkje sameinast med yrket som prest. Opprivande konfliktar oppstår både innom dei sjølve og i samspelet med nærståande personar. Likearta problem har Løland òg slitt med i sitt skifte frå pietistisk farga bondemiljø til verdsopen skribent i nynorskmiljøet kring hovudstaden. I tida rundt 1900 var det ein god del diskusjon i dette miljøet knytt til «rett lære», og Løland valde å omsetja bøker som var vidsynte og tolerante.

Frilyndt og språkleg samlande
Løland vart sjølv mykje frilyndt i seine år, noko som vart godt synleg i åra hans som redaktør og omsetjar i Norsk Barneblad. I dette bladet publiserte han ei lang rekkje stutte soger henta frå fleire språk, og i 1907 kom samlinga Eventyr og dyresogor frå alle land ut på Samlaget. Alle dei 12 forteljingane er omsette frå engelsk og henta frå serien «Books for the Bairns» (= barn). Den byrja i 1896 og vart utgjeven på forlagshuset til W.T. Stearn. Sogene kjem frå ulike delar av kloden og speglar eit stort mangfald av folkeslag og folketru.

Som Olav Midttun seier det i boka si om Løland frå 1961, gav han i Norsk Barneblad rom for «ei vidare synsing og eit rikare åndstilfang» enn skikken til då hadde vore innanfor mykje av målrørsla. God stønad fekk han ikkje minst frå Det Norske Samlaget. Her fekk han på plass «grunnstokkar» av barne- og ungdomslitteratur på nynorsk omsette frå fleire språk. Møtet med eit Tyskland der skriftspråket hadde tydelege røter i det munnlege folkemålet, vart til inspirasjon og føremon for romanane han valde å omsetja frå tysk, og for måten han omsette dei på. Desse bøkene hadde plass for bruk av målføre (til dømes i titlane: Barfüssele, Ivo der Hajrle), slik Løland sjølv henta inn impulsar frå ulike målføre i arbeidet med å skapa eit normalmål tufta på norsk, innanlandsk mål-botn. Ein pioner for dette arbeidet vart han ikkje minst med utgjevinga av Norsk Eventyrbok frå 1905. I føreordet til denne samlinga skreiv han sjølv at «Me får her for fyrste gongen norske folke-eventyr heilt soleis som dei hev vortne fortalde frå mann til mann».[4]

I virket sitt som omsetjar makta Rasmus Løland på ein særmerkt måte å sameina impulsar frå utlandsreisa si med innsatsen som nybrotsmann for den norske målrørsla. «Han vart ikkje gamall; men mykje godt arbeid fekk han gjort.» Slik byrja det minneordet som Arne Garborg skreiv om Løland i 1908. Der legg han stor vekt på innsatsen hans som omsetjar for born og ungdom: «Ikkje mindre vil dei takke han for hans fine umsetjingar av framande eventyr og barnesogur; fleire gode ungdomsbøker hev han yviført til norsk. Eit grunnleggjande arbeid fekk han gjort for det norske barne- og ungdoms-bokrike.»[5]

Harald Bache-Wiig

(Artikkelen ble publisert 19. november 2018)

Referansar
Berge Drange, Ernst (2007). Rasmus Løland. Barnebokpioneren frå Ryfylke. Oslo: Det Norske Samlaget.

Espeland, Severin (2010). Rasmus Løland. Oslo: Studentmållaget.

Ganghofer, Ludwig (1908). Die Fackeljungfrau. Eine Bergsage. Stuttgart: A. Bonz Verlag.

Helleve, Eirik (2012). Skrinet med det rare i. Norsk Barneblad i 125 år. Oslo: Norsk Barneblads Forlag.

Løland, Rasmus (1900). «Fraa Sudtyskland og Tirol». Syn og Segn, s. 193–213.

Løland, Rasmus (1988). Sjølvbiografi. Et etterlatt verk (1896), utgitt med forord, tidstavle og innledning ved Martin Nag. Oslo: Solum Forlag A/S.

Midttun, Olav (1961). Rasmus Løland. Oslo: Det Norske Samlaget.

Norsk Eventyrbok (1905). Utgjeven ved Rasmus Løland. Oslo: Det Norske Samlaget

Sundt, Eilert (1858). Forord til Berthold Auerbach: Storbonden og hans sønner.

En fortelling fra Schwarzwald etter B. Auerbachs Der Lehnhold. (Tilleggshefte til Folkevennen 1858.)

Noter
[1] Sundt 1858, s. V.

[2] Auerbach / Løland (overs.) 1905, s. 213.

[3] Auerbach / Løland (overs.) 1906, s. 85.

[4] Norsk eventyrbok 1905, s. III.

[5] Garborgs minneord er tilgjengelig på Aasentunets hjemmeside.

 

Bibliografi