Magnus Ulleland, 1929–2016

Foto: Privat Magnus Gustav Ulleland var omsetjar, forfattar av faglitteratur og ordbøker, og professor i romansk filologi ved Universitetet i Oslo. Han sette om ei rekkje klassiske verk frå italiensk, særleg frå mellomalder og renessanse, blant anna av Machiavelli og Boccaccio. Det mest kjende blant desse er Dantes Den guddommelege komedie, som kom ut i tre band mellom 1993 og 1996. Ved sida av skreiv han ordbøker mellom norsk og italiensk, samt lærebøker.

Ulleland var fødd på Gripland i Sunnfjord, og vaks opp i Svanøybukt på den andre sida av øya. Han kom fra små kår, og far hans døydde da han berre var ein liten gutunge. Men han las på eiga hand, tok examen artium som privatist, og i 1948 kom han til Bergen, som student i det aller første kullet i det nyoppretta Universitetet i Bergen.

Denne tida har Ulleland livfullt skildra i sitt eige festskrift Møte med Strilestaden, som kom til 70-årsdagen i 1999. Her fortel han at han frå første stund visste kva han ville arbeide med. Medan dei fleste studentane ikkje såg vitsen med førebuande prøver i latin, såg Ulleland annleis på det: «Eg hadde alt bestemt meg for å arbeide med romanske, det vil seie nylatinske språk, så eg visste at det eg no skulle byrje på var sjølve grunnlaget for det eg skulle drive med resten av livet.»[1] Kvifor han hadde bestemt seg for romanske språk, seier han ikkje noko om, men han fortel vidare at «ettersom det studiet eg hadde valt ville føre til sveltedauden, hadde eg bestemt meg for at ville starte opp med eit bifag i engelsk, som kunne vere nyttig til skulebruk».

Frå 1948 til 1957 var Oslo studiestaden, med eit avbrot på om lag eit halvt år da han budde i Roma. I 1957 tok han magistergraden i romansk filologi, som den andre etter Leiv Sletsjøe (1921–1982), og lenge var det berre dei to. Her var det engelske bifaget det eine støttefaget, det andre var – sjølvsagt, den gongen – latin. Han skulle òg lese litt rumensk, men den einaste boka Universitetsbiblioteket på den tida hadde, var ei omsetjing til rumensk av Jeppe paa Bjerget, utgjeve i București i 1926. Ei norsk-rumensk dame i Oslo lånte han nokre meir aktuelle titlar. Avhandlinga hans, «Nokre merknader til ’la legge Tobler-Mussafia’», tar for seg ei «lov» om plasseringa av trykksvake pronomen i romanske språk generelt og italiensk spesielt, og blei omarbeida til artikkelen «Alcune osservazione sulla legge ’Tobler-Mussafia’» (1960). Med det innleia han ein lang forfattarskap med artiklar særleg om mellomalderitaliensk, men òg om retoromansk, særleg den sursilvanske dialekta, som var eit av kjælespråka hans. Bortsett frå studietida i Roma var Ulleland heller sjeldan i Italia. Han var iallfall ein gong i Grischons i Sveits, og var på eit sommarkurs i Sinaia i Romania ein gong på 1960-talet.

Ulleland gifta seg med Anna-Britt f. Hafting i 1951. Dei fekk tre born, og budde i leilighet på Bøler, så i eit rekkehus på Bogerud i Oslo. Han kjøpte seinare eit småbruk i Odalen, der han mellom anna dreiv med kaninoppdrett og grønnsakdyrking. Samstundes gjorde han vitskapleg karriere, og blei universitetslektor i italiensk i 1961, så dosent (1967) og til slutt professor (1974) i romansk filologi med særleg ansvar for italiensk. Ikkje ulikt andre akademikarar fekk han fruktbare år etter å ha gått av med pensjon, med fleire viktige omsetjingar.

Ordbøker og undervisning
Alt i 1959 kom eitt av dei verka han blei kjend for: Italiensk-norsk ordbok i Gyldendals serie med «blå» ordbøker. Den blei eit standardverk for italienskstudentar og andre, til ho fekk avløysing av Kolbjørn Blüchers nye utgåve i 2010. Utover 1960-talet kom ei lærebok i italiensk i to band, for friundervisninga, og Italiensk grammatikk i 1966. Norsk-italiensk ordbok i same blå serie kom først i 1989; ho er framleis i bruk.

I føreordet til Italiensk-norsk ordbok, som var delvis basert på ei italiensk-dansk ordbok, skriv Ulleland:

Vi har i høyere grad enn den danske ordbok tatt med foreldet og litterært språkstoff [...] De fleste nordmenn som leser italiensk, gjør det ikke som ledd i en utdannelse, men som pur hobby. Følgelig er det naturlig at de går til kjente og dermed noe eldre forfatternavn; ja, det er ganske vanlig å lese til og med Dante og Boccaccio på et langt tidligere tidspunkt enn elevens språkkunnskaper kanskje skulle tilsi.»[2]

På universitetet underviste han da også særleg i eldre språkstoff. På eit universitetsstudium er det ikkje mogleg å komme utanom den italienske renessanselitteraturen, med Dante og Boccaccio, like lite som ein kan unngå Shakespeare på engelsk. Det var nok renessanselitteraturen som mest opptok han, både den språklege delen, som forskar, og den litterære, som omsetjar. Den var ikkje alltid like populær blant studentane, som ikkje var like interessert i grammatikk og litterær analyse av gammal litteratur.

Studieplanen for magistergraden i romansk filologi, som han hadde følgd på 1950-talet, hadde ikkje vore endra sidan, og det var vel berre ein som hadde tatt den sidan Ulleland sjølv. Midt på 1970-talet fekk han omorganisert og fornya den, og det kom jamvel to studentar (den eine var underskrivne).

Omsetjingar
Foto av bokomslag DecameronenDei aller fleste omsetjingane til Ulleland er frå den klassiske italienske litteraturen, framfor alt mellomalderlitteraturen. Det byrja med Giovanni Boccaccios Dekameronen frå midt på 1300-talet. Dei tre banda kom ut i Orion-serien på Det Norske Samlaget mellom 1969 og 1971, midt i glansperioden for billigboka. Samlaget gav òg ut ei eiga bok Ulleland skreiv om forfattaren: Giovanni Boccaccio. Humanist og sogeforteljar (1972). Året før hadde han gitt ut ei omsetjing av Niccolò Machiavelli: Alrunen. Han blei også beden om å omsetje for ein serie med verk frå verdslitteraturen på Gyldendal ­– noko så moderne som Giovanni Vergas roman Livet på markene frå seint 1800-tal (1973). Kort etter kom sjølvbiografien til Benvenuto Cellini, Livssoga mi, i to band, framleis på Det Norske Samlaget og i Orion-serien (1974–75).

Så følgde ein lang pause i utgjevne omsetjingar, men det betyr ikkje at han ikkje omsette i denne perioden. Dante Alighieri: Den guddommelege komedie kom i tre band på Gyldendal mellom 1993 og 1996, som Helvetet, Skiringsheimen og Paradis. Det er grunn til å tru at omsetjinga hadde vore i arbeid ei stund. Omtrent samstundes med at han hadde gått laus på Komedien, kom også nokre omsetjingar av meir moderne litteratur.

I 1991 kom Beppe Fenoglios etterkrigsklassikar Vanlagnad i Gyldendals Vita-serie, og same året blei Ulleland beden om å redigere og setje om eit band i den vidgjetne serien med forteljingar til Den norske bokklubben. Italia forteller kom ut i 1994, med eit utval forteljingar frå heile den italienske litteraturen. I føreordet vedgår han at det var mykje å setje seg inn i: «om eg skulle lage eit band til med italienske noveller, måtte einkvan finansiere eit lengre eller betre fleire korte italiaopphald».[3] Det er sjølvsagt lettare å reise no enn på 1980-talet, for ikkje å seie 1960-talet, og i dag kan ein jo sitje kvar det skal vere i verda og fylgje med. Men her ligg nok òg under at det var den eldre litteraturen som var hovudinteressa.

Dantes komedie
Foto av bokomslag av Dants Den guddommelige komedieHovudverket til Ulleland var altså omsetjinga av Komedien. Det var ikkje overraskande at han ville gi seg i kast med denne, heller ikkje at han nølte og brukte lang tid. For det første fanst det alt ei anna omsetjing, rett nok ikkje fullstendig, av Henrik Rytter og Sigmund Skard (1965). Vidare er komedien skrive i tersin, det vil seie rimstilling ABA BCB CDC, slik at det stadig blir innført nye rimord, og dessutan må ein ha tre rimord. Krevjande nok når ein diktar fritt, enda meir krevjande når ein gjendiktar. Dessutan er det eit omfattande verk, der omsetjinga føreset ei mengd lokal kunnskap. Det er mest umogleg å lese det utan forklaringer.

I omsetjinga som alt låg føre, hadde Rytter late etter seg ein uferdig versjon som Skard hadde fått i oppdrag å gjere ferdig. Skard skriv i forordet: «Rytters versjon med 14 000 kvinnelege rim var (…) ein kraftprestasjon. Men han hadde berre løyst oppgåva ved å dra inn hundretals av sjeldsynte norske bygdemålsgloser som no einast lever i ordbøkene og stundom knapt nok der.»[4] Skard held på rimet, men bruker både mannlege og kvinnelege rim – og han kortar ned, slik at denne utgåva berre er eit utval. Til gjengjeld er forordet hans på kring 80 sider.

Ei samla utgåve av Ullelands tre band vart utgitt i 2000, med for- og etterord av omsetjaren. I forordet skriv Ulleland at Komedien utan tvil er den vanskelegaste litterære teksten som nokosinne er skriven på italiensk, og at han gjerne ville gjere ei omsetjing, ikkje ei gjendikting. Vidare skriv han at «etter å ha tenkt i tretti år var eg overtydd om at rimet måtte ofrast, om ein verkeleg vers for vers skulle gje att Dante». To ting er verdt å merke seg her: «vers for vers» og «omsetjing». Ulleland meiner altså at i ei gjendikting kan innhaldet bli flytta på, pynta på – medan omsetjinga er «vers for vers», der kvar verslinje skal være innhaldsmessig lik originalen. Vidare skriv han:

I desse åra kom eg til å sjå på, om ikkje akkurat studere, Dante-omsetjingar på ulike språk, og det er rimeleg at ei omsetjing vert vurdert på ein litt spesiell måte av ein som verkeleg har grunnteksten i hovudet. For han er det ikkje spursmål om teksten er greid og lett å lese, men om den verkeleg læt som Dante, og eg lyt vedgå at eg ofte tykte det var så som så med det; at den ofte var altfor lyrisk, altfor litterær og 'vakker', altfor rytmisk og veldreia osv., med andre ord: den hadde mist ein god del av den jordnære, folkelege, brutale (osv.) snerten som er så karakteristisk som originalen.[5]

Å lese eit mellomalderepos på vers kan vere uvant for oss moderne menneske, og Ullelands omsetjing kan verke tunglesen. Ein ting er ein kan hende litt arkaisk nynorsk. Men det som er vrient, er ikkje nynorsken, det er Dante. Syntaksen hos Dante er infløkt, og når omsetjinga er «vers for vers», blir jo òg den norske syntaksen tilsvarande. Men som Ulleland seier i forordet: «Du kan ha lese ein Dante-song kvart einaste år i tretti år, og plutseleg ein dag ser du ei tolking, ein lesemåte som du ikkje før har lagt merke til, og ein sjeldan (!) gong kan du finne at ingen andre ser ut til å ha gjort det heller.»

Blant dei mest kjende bitene av Komedien er byrjinga, innskrifta på porten til Helvete, og dei aller siste versa (Par. XXXIII, 133–145). La oss sjå på den siste biten, der Dante kjem fram til det inste i Paradiset og skodar Gud, og samanlikne Rytter og Skards versjon med Ullelands.

Dante:

Qual è ‘l geometra che tutto s’affige
per misurar lo cerchio, e non ritrova,
pensando, quel principio ond’ elli indige,

tal era io a quella vista nova:
veder voleva come si convenne
l’imagio al cerchio e come vi s’indova:

ma non eran da ciò le proprie penne:
se non che la mia mente fu percossa
da un fulgore in che sua voglia venne.

A l’alta fantasia qui mancò possa;
ma già volgeva il mio disio e ‘l velle,
sì come rota ch’igualmente è mossa,

l’amor che move il sole e l’altre stelle.

 

Rytter og Skard (1965):

Som geometeren sine liner drar,
og mæler sirkelen, men kan aldri finne,
den eine formel som kan gje han svar,

slik undringsslegen meir enn nokosinne
eg såg vårt bilete i ringen låg,
og spurde korleis det fekk rom der inne.

For veik er vengen til så høgt eit flog;
men brått ei elding slo mi augnehinne;
og det eg djupast ønskte, brått eg såg.

Her brast mi biletkraft som auga blinde.
Men støtt som hjulet sviv seg sjølv i kring,
dreiv alt den kjærleik viljen min og sinnet

som svingar sol og stjerner i sin ring.

Ulleland (1996):

Som matematikaren slit og strevar
og mæler sirkelen utan å hitte,
i tanken, det prinsippet som han søkjer,

slik var eg sjølv ved dette nye synet;
sjå ville eg korleis dei gjekk i saman,
bilete og sirkel, korleis det får plass der;

men mine venger var kje i stand til dette.
Om ikkje brått at sinnet mitt vart råka
av ein elding, med den dess vilje kom.

Det høge synet miste så sin styrke.
Men alt han vende ynskjet mitt og viljen,
lik hjulet som vert styrt i stødig gonge,

den elsk som styrer sol og himlens stjerner.


Det ein legg merke til her, er nok først og fremst rimet hos Rytter og Skard. Men òg ein enklare syntaks, noko som har ein viss kostnad. Det aller siste verset blir ofte sitert, gjerne i original – «l’amor che move il sole e l’altre stelle». Berre Ulleland har med nøkkelordet der, «elsk». Rytter og Skard har flytta det opp til to vers før, der verbet står i originalen. Setninga er ikkje lett på italiensk, det er stor avstand mellom verbet («volgeva») og subjektet («l’amor»), og ein må lese det like nøye i Ullelands omsetjing. Men her kjem Ullelands prinsipp om vers for vers fram, og det gjer det lettare å sitere i omsetjing.

Det er elles verdt å nemne at ordet geometer, som Rytter og Skard bruker, i Italia av i dag rett og slett er ein oppmålingsingeniør eller arkitekt. Her er det ut frå samanhengen tale om ein matematikar, som er ordet Ulleland bruker.

Meir lingvist enn litterat
Etter Komedien gjekk Ulleland laus på ein nyare klassikar: Alessandro Manzonis I promessi sposi kom ut som Dei trulovade i 2001, eit «moderne» verk frå 1827 og med handling frå så seint som på 1600-talet. Det skulle bli den siste ferdige omsetjinga hans.

Som universitetslærar i ein mannsalder gav Ulleland fleire generasjonar av italienskstudentar ei innføring i heile den italienske litteraturen frå mellomalder og renessanse. Han var meir lingvist enn litterat, og sjølv om hovudspråket hans var italiensk, hadde han òg omsut for andre romanske språk, og for det samanliknande romanistikkstudiet. Og han lét etter seg eit rikt utval av omsetjingar av klassiske verk som sjølv må reknast som klassikarar. I 1993 blei han tildelt kommandørgraden i Italias fremste fortenstorden, Ordine al Merito della Repubblica Italiana, og i 1999 Grande Ufficiale av same orden. Han fekk òg Det skjønnlitterære oversetterfonds pris i 1998.

Steinar Lone

En versjon av denne artikkelen sto på trykk i Vagant 1–2/2018, et temanummer om Dante.

Skriftlege kjelder

Alighieri, Dante (1960). La divina commedia. I. Inferno. Commento a cura di Daniele Mattalia. Milano: Biblioteca universale Rizzoli.

Alighieri, Dante (1960). La divina commedia. II. Purgatorio. Commento a cura di Daniele Mattalia. Milano: Biblioteca universale Rizzoli.

Alighieri, Dante (1960). La divina commedia. III. Paradiso. Commento a cura di Daniele Mattalia. Milano: Biblioteca universale Rizzoli.

Alighieri, Dante / Henrik Rytter og Sigmund Skard (oms.) (1965). Den guddomlege komedien. Eit utval. Oslo: Det Norske Samlaget.

Hiorth Lervik, Åse (1972). Elementær verslære. Oslo/Bergen/Tromsø: Universitetsforlaget.

Lima, Geir (2016, 30. mars). Magnus Ulleland. I Store Norske Leksikon. Vitja 7. februar 2018: https://snl.no/Magnus_Ulleland.

Ulleland, Magnus (1959 og seinare). Italiensk-norsk ordbok. Oslo: Gyldendal Norsk Forlag/Kunnskapsforlaget.

Ulleland, Magnus (1960). «Alcune osservazioni sulla legge ‘Tobler-Mussafia’» i Studia neophilogica, vol. xxxii, Uppsala, s. 53–79.

Ulleland, Magnus (1999). Møte med strilestaden. Festskrift til Magnus Ulleland. Klassisk og romansk institutt, Universitetet i Oslo.

Munnlege kjelder

Vegard Ulleland

Noter

[1] Ulleland (1999), s. 44.

[2] Ulleland (1959) og seinare, s. III

[3] Ulleland (1994), s. 9.

[4] Alighieri / Rytter og Skard (1965), s. 7. Eit kvinneleg rim består av to stavelser, t. d. lange og slange, medan eit mannleg rim er eit enstavelsesrim, t. d. datt og natt.

[5] Alighieri / Ulleland (2005), s. 656.

Bibliografi