Hulda Garborg, 1862–1934

Foto: Nasjonalbiblioteket, 1830

Foto: Nasjonalbiblioteket, 1830

Hulda Garborg er i dag mest kjend som skapar av den norske bunadsrørsla frå tidleg 1900-tal, som initiativtakar og første styreformann ved Det Norske Teatret, som skapar av den danseforma vi kallar folkeviseleik, og som kona til forfattaren Arne Garborg (1851–1924). Mange veit også at ho frå 1890-åra av var ein produktiv forfattar av skjønnlitteratur, drama, poesi og sakprosa med ein bibliografi som inneheld meir enn førti titlar, dei fleste romanar og drama. Ho var frå midt i 1890-åra også ein aktiv skribent med faste spalter i aviser og blad, og ho var ein populær foredragshaldar og deltok i aktuelle debattar om kultur- og samfunnsutvikling. Siste radioforedraget heldt ho få veker før ho døydde. Men at Hulda Garborg også var ein aktiv omsetjar og sørgde for å gje moderne tysk dramatikk norsk språkdrakt, det er gått i gløymeboka.

Frå løvetannbarn til riddar av St. Olav
Ho var fødd Hulda Karen Bergersen i Stange 22. februar 1862 av foreldre som den gongen var rike. Faren var jurist og hadde kjøpt både by- og storgardar i Hamar-traktene. Då foreldra skilde seg og faren blei teken i svindel, forsvann både juristløyvet og eigedommane og han forsørgde seg resten av livet som rekneskapsførar. Mora begynte etter skilsmissa å ta oppdrag som sydame i Hamar og vesle Hulda blei byens einaste skilsmissebarn.  Ho voks opp i vanskelege kår, fekk lite utdanning, men arbeidde seg gjennom vaksenlivet opp til ein posisjon og ein popularitet som gjorde henne til riddar av St. Olavs orden. Dødsfallet 5. november 1934 blei slått opp som nyheitssak på avisførstesidene landet rundt. Også gravferda kom det reportasjar frå, og dei mange nekrologane løfta fram både teaterpioneren, forfattaren, skribenten og bunadentreprenøren så vel som danseskaparen og -instruktøren.

Omsetjaren Hulda Garborg var det derimot ingen som nemnde. Den sida av hennar mangesidige og omfattande litterære produksjon hadde ikkje vore mykje omtalt i samtida og har heller ikkje vore det i ettertid, men både ho sjølv og mannen hennar omtalar Hulda Garborgs omsetjararbeid som svært viktig. Rett før dei gifte seg, hadde Arne Garborg mist vervet som fast medlem i Riksrevisjonen. Han var framleis varamann og skreiv framleis romanar og artiklar, men han arbeidde tungt med skrivinga, og inntektene deira var svært usikre. Hulda Bergersen ekspederte i butikk då dei møttest, men slutta av helsegrunnar. Etter at ho blei gravid utanfor ekteskap og «måtte» gifta seg, var det neppe aktuelt å få tilbake den stillinga.

Hulda Bergersen hadde fått ei god allmenndanning ved pikeskolen som reformpedagogen Kristian Gløersen dreiv på Hamar. Middelskolen gjekk ho i Kristiania, men utdanning ut over dette hadde foreldra ikkje råd til å gje henne. Mora var mykje sjuk og Hulda fekk forsørgjaransvaret for henne. Gjennom det tidlegare overklassenettverket foreldra hadde opparbeidd i og rundt Hamar, fekk ho stilling som butikkjomfru i firmaet Brødrene Dobloug i Kristiania. Der var eigarane venstrefolk og dei tok Hulda med på møte i Kristiania Arbeidersamfunn som den gongen var ein av dei filantropiske arbeidarforeningane. Ein stad der lønstakarar skulle bli danna og læra å delta i demokratiske prosessar i staden for å sikta mot revolusjon. I arbeidarsamfunnet deltok ho i samtalelag og studiegrupper saman med studentar og litteratar. Det var slik ho og Arne Garborg blei kjende. I samveret med han og dei andre universitetsutdanna sleit den unge Hulda Bergersen med mindreverdskjensle.

Hulda og Arne Garborg med sønnen «Tuften» i 1890. Foto Ola Andreas Stang Geelmuyden _ Oslo Museum

Hulda og Arne Garborg med sønnen «Tuften» i 1890. Foto Ola Andreas Stang Geelmuyden, Oslo Museum

Som nygifte slo Garborgane seg ned i Kolbotn, ei hytte med uthus ved innsjøen Savalen. Eit halvår seinare fekk dei ein liten gut som dei døypte Arne Olaus Fjørtoft Garborg, men berre kalla «Tuften». Vinteren blei både kald og hard i den gisne østerdalsstova. Upraktiske var dei begge, men såpass forstod dei: Nokon heilårsbustad var Kolbotn-stova ikkje. Tilbake til Kristiania ville ingen av dei. Etter framforhandling av forlagsforskot på Arne Garborgs neste roman blei løysinga vinteropphald lenger sør. Den årssyklusen heldt dei fram å følgja til godt uti 1890-åra. Ein vinter budde dei i Roma og reiste i Italia, ein annan i Paris, men dei fleste vintrane frå 1889 og framover var Tyskland målet. Dei heldt seg først i og utanfor München, sidan i og rundt Berlin. Begge stader var Arne Garborg eit namn, bøkene hans kom ut på tysk og blei rekna blant den mest moderne litteraturen. Slik kom ekteparet frå Kolbotn raskt inn i krinsar av forfattarar, skribentar, pionerar på forskingsfronten – særleg innan den nye vitskapen psykologi – og omsetjarar som  Marie Hertzfeld, den fremste av dei som sette Garborgs romanar om til tysk.

Dei første omsetjingane
Den første tida i Tyskland sat Hulda i lag med andre «fruer» og lytta medan avantgardekrinsen la fram dei nye verka sine for kvarandre, og diskuterte tidsskriftartiklar dei hadde lese eller som dei skreiv på. Det blei samtalt på tysk om den kulturelle og politiske utviklinga i samtida, eller den siste utviklinga i teknologisk og humanistisk forsking. I det nytenkjande og kulturkritiske miljøet debatterte dei også vedunderkurar nokon hadde tru på, og til dels drastiske livsstilsendringar blei gjennomførte for å halda helsa eller motarbeida den tuberkulosen som fleire leid av.

«Grunndraget i vesenet vårt og livet vårt den gongen var tru», skreiv dramatikaren Gerhart Hauptmann førti år seinare. Hauptmann blei i 1912 tildelt Nobelprisen i litteratur, men fram til 1890 var han ein uetablert biletkunstnar som gjerne ville skriva og levde på kona Maries kapital frå veveridrift i Dresden. Han var Garborg-beundrar og drog Garborgane inn i ein krins av kulturell, intellektuell og politisk avantgarde i forstaden Friedrichshagen ved Berlin. Dei var opptekne av reform i kosthald, litteratur og kunst, og opp frå den autoritære staten dei ville reformera, skulle det stiga eit nytt og betre samfunn. «Vi trudde brorskapen skulle sigra», skreiv Hauptmann om ånda i Friedrichshagen-miljøet. «Ein dag skulle det siste brotsverket døy med den siste forbrytaren, slik visse epidemiar gjer som følgje av hygiene og medisinvitskapleg medisinering.»[1]

Arne og Hulda Garborg ca. 1890 Foto August Haraldsson, Wikimedia Commons

Arne og Hulda Garborg ca. 1890
Foto August Haraldsson, Wikimedia Commons

Elles i Europa var dekadanse og dyster litterær naturalisme på moten i åra rundt og like etter 1890, men dei tyske miljøa som Garborgane ferdast i, var prega av optimisme. Kva kom denne framtidstrua frå? «Av at vi framfor alt trudde på oss sjølve», skreiv Hauptmann i memoarane sine, og frå 1890 av kunne i alle fall han hausta rike frukter av denne sjølvtilliten. Det året braut han gjennom som dramatikar med dramaet Vor Sonnenaufgang. «Tysklands Ibsen» blei han kalla, og alt då det neste Hauptmann-stykket, Einsame Menschen, hadde premiere i 1891, var Hulda Garborg i gang med å omsetja det til norsk og introdusera dramatikken hans for norske teatersjefar.

Gjennom venskapen med Hauptmann og dei andre i den optimistiske krinsen hadde også Hulda Garborg begynt å tru meir på seg sjølv. Den vesle familien ho hadde etablert, trong fleire økonomiske bein å stå på enn Arne Garborgs tungt produserte forfattarskap. Hulda hadde lært seg språket raskt, og ho hadde fått eit breitt nettverk. Også ho likte å skriva, men ungdomsforsøka sine hadde ho kassert. Nå oppdaga ho at ein ikkje trong vera forfattar for å ha ein plass i den litterære verda. Rollemodellane, omsetjarane, var også del av avantgardekrinsen. Dersom Hulda etablerte seg som ein av dei, ville ho kunna utnytta det nettverket dei begge nå hadde, og omsetja det til eigne inntekter.

Planen var god, og han blei endå betre etter kvart som Hauptmanns stykke også utanfor Tysklands grenser blei kjende som dei beste av den nye dramatikken. Alt etter ei av sine første Hauptmann-omsetjingar avtalte Hulda Garborg med agenten hans at ho framover skulle vera Hauptmanns autoriserte omsetjar til norsk. Autorisert betydde den gongen ikkje at forfattaren hadde godkjent sjølve omsetjinga, men at han hadde ein avtale med omsetjaren. Avtalen ho gjorde med Hauptmann-agenten Fischer, var at omsetjar og forfattar skulle dela inntektene av det omsette verket likt. Men før noko kunne delast, måtte Hulda få gjort arbeidet sitt om til pengar. Sidan Hauptmann-verka ho omsette, var dramatikk, kunne det skje på to måtar: ved utgjeving på eit forlag og/eller ved at stykket blei sett opp på eit teater. Det første gav royalties etter opplagsstorleik og sal. Det andre gav kontraktshonorar i tillegg til inntekter for kvar framføring. Gjekk eit stykke lenge, kunne forfattarar tena meir på eit drama enn på ein roman med middels opplag.

Hauptmann og agenten Fischer hadde fått tillit til omsetjaren, og vurderingane ved norske teater peika i same lei. Skodespelaren og regissøren Alma Fahlstrøm var i lag med mannen Johan eigar av Christiania Theater, og ho var førstevalet då Hulda Garborg begynte å marknadsføra omsetjingane sine. Fru Fahlstrøm roste Hulda Garborg for «Deres friske, naturlige oversættelse».[2] Avtale blei gjort om oppføring hausten 1893 av det Hauptmann-stykket som på norsk fekk tittelen Ensomme mennesker. Rollene var delte ut, men det blei inga oppføring det året, og ikkje seinare heller. Den første omsetjinga som Hulda Garborg fekk inntekter av, blei ikkje eit Hauptmann-verk.

Ein intellektuell venskap
Før Garborgane i 1890 kom til sitt første vinteropphald i Berlin-området, hadde dei begge lese debutromanen In Kamp mit Gott av russisk-tyske Lou Andreas-Salomé. Vel framme i Tyskland tok dei kontakt med henne, og ein intellektuell venskap utvikla seg. Ho introduserte dei for filosofen Friedrich Nietzsches forfattarskap. Dei introduserte Andreas-Salomé og mannen hennar, språkforskaren Friedrich Carl Andreas, for Gerhart Hauptmann og krinsen rundt Friedrichshagen.[3]

I den tida den litteraturinteresserte Lou stifta venskap med Hulda og Arne Garborg, var ho sterkt oppteken av kvinneskildringane i Henrik Ibsens skodespel. Ho studerte psykologi og analyserte særleg Nora og Hedda Gabler med bruk av dei psykologiske teoriane som på denne tida var under utvikling i Wien, i Paris og i München. Resultatet av Ibsen-dramaets møte med dette gryande faget blei Lou Andreas-Salomés bok Henrik Ibsens Frauen-Gestalten nach seine sechs Familien-Dramen. Kort tid etter utgjevinga i 1892 gjorde Hulda Garborg avtale med Lou om den norske omsetjinga. Arne og Hulda fekk overtydd forleggjaren Albert Cammermeyer om at boka måtte vera av interesse for lesarar i Ibsens heimland, og alt i 1893 kom Hulda Garborgs omsetjing ut med innleiing av Arne Garborg.

Lou var akademikar, den ferske boka som Hulda Garborg gav seg i kast med, er eit lærd verk delt i fem kapittel, eitt for kvar kvinneleg hovudperson i Ibsens familiedrama. Teksten er dels handlingsreferande, dels analyserande og det må særleg ha vore i analyseavsnitta at utfordringane låg for omsetjaren som sjølv var romanforfattar og snart skulle debutera som dramatikar, men som aldri hadde skrive teoretiske tekstar.

Sist i kapitlet om Nora og Et dukkehjem reflekterer Lou over ekteskapsbrotet:

In dem getrosten Mut und Glauben, der sie trotzdem beseelt, liegt die Überlegenheit und siegreiche Gewalt, mit welcher Nora ihren Gatten bezwingt. Die Männlichkeit und Streitbarkeit eines solchen Kindersinns ist es, vor dem seine ganze gechulte Erfahrung und Einsicht langsam die Waffen streckt. Mitten aus Selbstbewusstsein und Selbstbehagen heraus stiegt es wundersam in ihm auf, wie ein geheimnisvolle Macht, under die er sich beugen muss. Er, der mit überlegener Nachsicht auf seine kleine Nora herabgesehen, findet der naiven Entschlossenheit ihres kindlichen Idealismus gegenüber endlich nur noch das demutvolle Versprechen: «Ich habe der Kraft, ein Anderer zu werden.»[4]

Hulda Garborg omset avsnittet nærast ordrett og gjer det likevel til ledig norsk:

I det freidige Mod og den Tro, som trods alt besjæler hende, ligger den Overlegenhed og seirrige Magt, med hvilken Nora betvinger sin Mand. Et saadant Barnesinds Mandighed og Stridbarhed er det, hans Erfaring og Fornuft lidt etter lidt strækker Vaaben for. Ud af hans Selvbevisthed og hans Selvbehag stiger det underligt op i ham som en hemmelighedsfuld Magt, for hvilken han maa bøie sig. Han, som med overlegen Overbærenhed har set ned paa sin lille Nora, finder overfor hendes barnlige Idealismes naive Dristighed tilslut kun det ydmyge Løfte: «Jeg har Kraft til at blive en anden.»[5]

I forordet skreiv Arne Garborg at Lous «skjønne, schwungvolle Tysk har ikke været let at gjengive i vort nøgterne, rationalistiske Sprog, jeg tror dog, man vil finde Oversættelsen passabel».[6] Om fullføringa av denne 180-siders omsetjaroppgåva fekk Hulda Garborg til å tru endå meir på seg sjølv, ser i alle fall ektemannen ut til å ha meint at ho gjorde det med rimeleg god grunn.

Dramatikk og nyheitstelegram
Same året som Andreas-Salomés Ibsen-studie kom på norsk, gjekk Hauptmanns draumespel Hanneles Himmelfahrt for fulle hus i Tyskland. Skildringa av det døyande barnet greip publikum, og Max Marschalks musikk medverka sterkt til dei høge besøkstala. Som ved dei tidlegare Hauptmann-premierane gjekk Hulda Garborg raskt i gang med omsetjinga, og ho gjorde det framleis på eige initiativ. Alt på våren 1894 var manuskriptet ferdig, og ho fekk Hannemor ut på Kristiania-forlaget Feilberg & Landmark. Også denne gongen kunne ho skriva «autoriseret» framfor omsetjarnamnet.

Populariteten i Tyskland gjorde at Hulda Garborg meinte Hannemor måtte bli etterspurt blant teaterdirektørane i Kristiania trass i at musikken gjorde stykket kostbart å setja opp. Etter skuffelsen over den avlyste oppføringa av Ensomme mennesker ved Christiania Theater, og Fahlstrøms «nei takk» til omsetjinga hennar av Hauptmanns komedie College Crampton, gjekk Hulda Garborg til det nest beste teatret denne gongen og marknadsførte Hannele-omsetjinga i brev til teatersjef Olaf Hansson ved Carl Johan-teatret. Nå drog teatersjefen si lyst på stykket Hannemor med seg ein kontrakt også på oppsetjing av den nemnde komedien. Begge stykka blei oppførte i 1895 med Hulda Garborgs omsetjarnamn på plakaten.

Hulda Garborg var nå begynt å bli ein erfaren tyskomsetjar og opplevde etterspørsel også frå mediehald. Tysk var det språket som dei fleste utanlandske telegramnyheitene kom inn i landet på, sidan tyske telegrambyrå dominerte nyheitsstraumen til Skandinavia fram til utpå 1900-talet. I 1890-åra hadde avisene framleis eit bortimot dagleg behov for omsetjing av nyheitstelegram frå tysk, og slike oppdrag, i hovudsak for redaktør Olav Thommessen i Verdens Gang, hadde Hulda Garborg mange av. Ho omsette også artiklar for tyske forfattarar og forskarar som ønskte å få stoffet sitt på trykk i norske aviser.

Fransk var kapital
Eit forsiktig forsøk på ein forfattarkarriere hadde Hulda begynt då ho i 1892 gav ut romanen Et frit forhold. Hausten 1895 fekk ho oppført sitt første drama på Christiania Theater. Likevel meinte både ho og mannen framleis at det var som omsetjar ho kunne bidra best til familieøkonomien. Seint i 1895 reiste ekteparet Garborg til Paris for å bli der over vinteren, han for å skriva, ho med det uttalte formålet å læra seg fransk godt nok til å omsetja også frå det språket. Sonen som var sju år og skulle begynna på skulen, skal sjølv ha valt å flytta til fadderen sin, Ivar Mortensson-Egnund, i Alvdal og bu hos han og kona Karen medan foreldra var i Frankrike.

Foto av Hulda Foto: Helland Co., Nasjonalbiblioteket

Foto: Helland Co., Nasjonalbiblioteket

Det gjekk mange kjenslesterke brev frå Paris til sonen i månadene fram til den planlagde heimreisa på våren.[7] Då den tida nærma seg, hadde ikkje Hulda nådd læringsmålet ho og mannen hadde sett. Paris var for full av skandinavar. Amalie Skram blei ei god venninne som ønskte følgje rundt i byen. Thomasine og Jonas Lie inviterte dei til seg, og det fanst rikelege høve for skandinavane til å rangla i lag på dei mange serverings- og skjenkestadane. Sist i mars bestemte Garborgane at Arne kunne reisa heim, medan Hulda skulle bli igjen i Frankrike og dra ut av Paris. «Kjære, søde Tuftekallen min!» skreiv ho til sonen. «Tænk, nu er Far reist til Norge, og Mor sidder igjen langt nede i Frankrig, ganske alene for at lære Fransk. Du ved det er saa nyttig at kunne. Man faar saa god Betaling for at oversætte, og naar du engang skal til at lære det, saa er det godt at Mor kan hjelpe, ikke sandt?»[8]

Valet foreldra til «Tuften» tok våren 1896, var ukonvensjonelt, og Arne Garborg fekk forklaringsbehov då han i det heimlege møtte vener og kjende. «Folk er noksaa forbauset over at du har haft Mod til at lægge dig igjen der nede alene», skreiv han til Hulda, men vener viste også forståing. Journalisten Peter Rosenkrantz Johnsen hadde sagt til Arne Garborg at dersom han sjølv hadde meistra fransk, kunne han utan å slita ha tent fem hundre kroner meir i året.[9] Så sjeldne var franskkunnskapar i Noreg at dei som kunne språket, sat med en liten kapital, skreiv Garborg. «Og jeg med mine mange Angster vilde jo sat stor Pris paa, at Du og Gutten var lidt sikrere for alle Tilfælde – for jeg kan jo snart ryge overende.»[10]

Hulda tok Arnes «angstar» alvorleg. Dei hadde dårleg økonomi som det var. Ho reiste på landet for å skaffa seg større språkkapital, men opphaldet utanfor Paris, utan venene og det sosiale livet ho var blitt van med, gjorde henne berre nedslått. Etter kort tid reiste ho frå det vesle landsens pensjonatet utan stort meir lærdom enn ein solid kjennskap til fransk kokekunst på landsbygda. Den gjorde ho seg seinare nytte av som kokebokforfattar og kosthaldspioner, men god fransk gav ho opp å læra. Nå greip ho i staden tilbake til ei forløysande oppleving ved nyttårstider 1895. Den vendinga i skrivelivet som la inntektsgrunnlaget hennar i åra framover, fann ho andre stader enn i Frankrike.

Ei frydefull Nietszche-omsetjing
Kjennskapen til Nietzsches forfattarskap som Garborgane hadde fått gjennom kontakten med Lou Andreas-Salomé, førte til at dei blei blant dei første som formidla Nietzsche på norsk. Hulda Garborg hadde hausten 1894 begynt å omsetja utdrag frå Also sprach Zarathustra. Det var avsnitta om kvinner ho hadde valt seg ut, tekst som beskreiv kvinna som intellektuelt underlegen. Ein skulle tru at dette arbeidet hadde svekt den trua på seg sjølv og si eiga danning som ho hadde bygd opp under opphalda sine i Tyskland og Italia, og i arbeidet med Hauptmanns og Andreas-Salomés tekst. Det er derfor svært overraskande å lesa brev frå årsskiftet til 1895 då ho heldt på med Nietzsche-omsetjinga.

«Nu skal du høre,» skreiv ho til Arne Garborg i februar 1895. «Otte Dage før Jul en Kvæld fik jeg pludselig en Ide til noget (...) det var slig en Fryd, at jeg maatte prøve, for det er rent som at drikke Champagne.»[11] Ideen som kom over henne i desse førjulsvekene, hadde ho halde skjult for mannen sin. Han reiste til Jæren ved nyttårstider for å skriva Haugtussa, og som vanleg takla Hulda åtskiljinga dårleg. Ho gret for eit godt ord, men nettopp i denne nedkøyrde tilstanden ser vegen over i noko heilt nytt ut til å ha opna seg. Ho hadde «liden Lyst» på selskapslivet, «derimod har jeg renskrevet den Stubben af Nietzsche», og så kom skrivegleda tilbake. Hulda Garborg hadde presentert den latviskfødde forfattaren Laura Marholms Nietzsche-inspirerte og svært kontroversielle Kvindernes Bog (1894) i norsk presse. Marholm insisterte på at alle store kvinnelege forfattarar i samtida måtte ha menn til å rettleia seg. Dette saman med lesinga av Nietzsches profetiske ord, hadde overtydd Hulda om at «yndige Svagheder» ikkje gjer at menn ser kvinner som mindre verdige og heller ikkje svekkar menns kjærleik. Kanskje medverka det at kvinna kom til kort, til at ho blei elska meir?

Hulda Garborg vann over redsla for å stå fram som lite sjølvkritisk. Ho hadde av Marholm og Nietzsche fått beskjed om at det å verka dum kunne sjåast som ein tiltrekkjande kvalitet hos kvinner. Skal vi tru dette brevet frå Hulda til mannen på Jæren, var desse tankane merkeleg nok det som forløyste henne. Ho trudde at det hemmelege som ho skreiv på, var ubrukeleg, skreiv ho til mannen sin, men tanken plaga henne plutseleg ikkje så sterkt. Ho var heller ikkje lenger så sikker på at det som kom lett, nødvendigvis måtte bli dårleg. I staden tenkte ho, i tråd med Nietzsches vitalisme: «Aa ja, pyt, nu vil jeg være uvorren og klæmme ivei.» Med dette februar-brevet kunne ho røpa for Garborg at i tida før han reiste, «skrev jeg saa det spruted i alle Fristunder og til Nytaar var Udkastet færdigt. Nu er ogsaa halvparten renskrevet og det koster mig ingen synderlig Møie, men er ubegribelig morsomt».[12]

Manuskriptet som blei forløyst medan ho omsette Nietzsches nedsetjande ord om kvinner, var skodespelet Mødre, det første av ei lang rad sceniske verk frå Hulda Garborgs hand. Stykket, som fekk premiere rett før Hulda Garborg reiste til Paris med ein framtidsplan om franskomsetjing, markerte eit vendepunkt. Etter det livlege halvåret i Paris blei omsetjartittelen lagd bort. Det kom ein ny som ho må ha kjent at ho skulle meistra betre. Frå 1896 kunne Hulda Garborg titulera seg som forfattar.

Sett saman med debutromanen hennar fann nemleg styret i Den Norske Forfatterforening kvaliteten på debutdramaet god nok til å ta Hulda Garborg opp som sitt fjerde kvinnelege medlem. Dette blei ambisjonen hennar etter det mislukka Frankrike-opphaldet, og ho såg resten av livet forfattaryrket som hovudnæringsvegen sin. Det tyder ikkje at ho slutta å omsetja for aviser, teater, til dansekursa sine og til bøkene med danseviser. Etter at det lukkast henne å få grunnlagt Det Norske Teatret, omsette ho fleire Hauptmann-stykke vidare til nynorsk og heldt fram med å lansera og representera Hauptmann og forfattarskapen hans i Noreg. Ho heldt resten av livet både fransk- og tyskkunnskapane og kjennskapen til landa og utviklinga der ved like gjennom brevkontakt og mange seinare reiser. Men for Hulda Garborgs mest ambisiøse og aktive omsetjarperiode blei punktum sett og eit nytt liv begynt i den boblande fryden som ei Nietzsche-omsetjing utløyste.

Arnhild Skre

Litteratur
Andreas-Salomé, Lou (1892). Henrik Ibsen’s Frauen-Gestalten nach seinen sechs Familien-Dramen. Berlin: Hugo Bloch Verlag.

Andreas-Salomé, Lou (1893)  Ibsens Kvindeskikkelser. Autoriseret Oversættelse ved Hulda Garborg. Med et Forord af Arne Garborg. Kristiania og København: Alb. Cammermeyers Forlag.

Dalgard, Olav (1963). «Framsyningane 1913–1942». I Sletbak, Nils (red.), Det Norske Teatret femti år. 1913–1963. Oslo: Samlaget.

Fidjestøl, Alfred (2013). Trass alt. Det Norske Teatret 1913–2013. Oslo: Samlaget.

Hauptmann, Gerhart (1937/1962). Das Abenteuer meiner Jugend. Berlin: S. Fischer.

Hülsemann, Irmgard (1998). Lou. Das Leben der Lou Andreas Salomé. München: Claassen Verlag.

Skre, Arnhild (2011). Hulda Garborg. Nasjonal strateg. Oslo: Samlaget.

Sletbak, Nils (red.)(1963). Det Norske Teatret femti år. 1913–1963. Oslo: Samlaget.

Witt-Brattström, Ebba (1995). «Inledning. Lou Andreas-Salomé – Människan som kvinna». I Lou Andreas-Salomé, Erotik och narcissism. Lou Andreas-Salomé i urval. Stockholm: Natur och Kultur.

Andre kjelder
Hulda Garborgs arkiv, Nasjonalbibliotekets handskriftsamling (NBO).
Arne Garborgs arkiv, NBO.

Noter
[1] Hauptmann (1937/1962), s. 1071–72. Omsett av artikkelforfattaren.

[2] Alma Fahlstrøm til Hulda Garborg 30. oktober 1892, NBO.

[3] Hülsemann (1998), s. 259; Witt-Brattström (1995), s. 235–36.

[4] Andreas-Salomé (1892), s. 48–49.

[5] Andreas-Salomé (1893), s. 35.

[6] Andreas-Salomé (1893), s. II.

[7] Postkort og brev mellom Ivar Mortensson-Egnund/«Tuften» Garborg og Arne og Hulda Garborg november 1895–april 1896, NBO.

[8] Hulda Garborg til sonen, Arne Olaus «Tuften» Fjørtoft Garborg, 21. mars 1896, NBO.

[9] Til samanlikning utgjorde 500 kroner bortimot halvparten av statens diktargasje i 1896.

[10] Arne Garborg til Hulda Garborg 2. april 1896, NBO.

[11] Hulda Garborg til Arne Garborg 4. februar 1895, NBO.

[12] Hulda Garborg til Arne Garborg 4. februar 1895, NBO.

Bibliografi