Ivar Eskeland, 1927–2005

Foto: Kraftmuseet

Foto: Kraftmuseet

Ivar Eskeland var omsetjar, forfattar og «rikskåsør»,[1] og hadde ei rekke tillitsverv og leiarstillingar i Noreg og på Island. Eskeland har omsett over 120 verk frå færøysk, islandsk, svensk, fransk, tysk og andre språk, og han har sjølv forfatta bøker om mellom anna nobelprisvinnaren Halldór Kiljan Laxness, om det islandske språket, og kåserisamlingar. Han har vore formann i og æresmedlem av Norsk Oversetterforening. Som omsetjar fekk han Bastianprisen (1972), Kultur- og kirkedepartementets premie (1979) og Norsk kulturråds oversetterpris (1982). For sitt samla virke var han slått til riddar av St. Olavs orden. Han var statsstipendiat frå 1976.

Liv
Ivar Eskeland var fødd på Stord i 1927. Han var son av Olga Dorothea Olsen og lærarskulerektor, forfattar og omsetjar Severin Eskeland, som òg var ordførar på Stord i 1935–42. Ivar vaks opp i lærarskulemiljøet, der målsak og ideen om «norskdom» sirkulerte. Eksponeringa for desse ideane ser ut til å ha prega språksynet hans og gjort han til den særs språkmedvitne mannen som han har vore – som omsetjar, forfattar og organisasjonsmenneske. Faren Severin omsette sjølv fleire verk frå både engelsk, fransk, tysk og norrønt, mellom anna Hytta til hans farbror Tom av Harriet Beecher Stowe (1908) og Tristam og Isond: ein roman um elskhug (1913), den siste omsett «etter gamle kjeldur».

I 1942 flytta 15 år gamle Ivar til Stabekk for å gå på Valler gymnas, og då Severin Eskeland same året vart fråteken ordførarvervet og forvist frå Vestlandet av tyskarane, flytta familien etter.[2] Ivar Eskeland gløymde aldri staden og miljøet han kom frå. Det gjeld ikkje berre synet på språk. Oppveksten skal ha verka inn på at Eskeland sjølv utdanna seg til lærar. I tillegg til lærarhøgskuleeksamen på Stord tok han filologisk embetseksamen ved Universitetet i Oslo, med norsk hovudfag og fransk bifag. Embetseksamen i litteratur tok han i Laxness’ forfatterskap.[3]

Eskelands første jobb var som sekretær for Noregs Mållag. Han blei seinare leiar for organisasjonen, og etter kvart heidersmedlem. «Kanskje blir eg den siste målmann», sa Eskeland i eit intervju i Aftenposten.[4] For Eskeland skreiv og snakka normert nynorsk både offentleg og i stor grad privat, og han skjemta med dei som meinte at ingen snakka nynorsk. Men tilknytning til Sunnhordaland la han aldri skjul på, og han vart oppfatta som «ei markant Stord-røst».[6]

Eskeland gifta seg med Ingebjørg Olaug Drivenes i 1953, og dei fekk tre born. Ekteskapet vart oppløyst i 1963. Eskelands andre kone var Aase Skare, som han òg fekk eit barn med. Skare var med då Eskeland flytta til Island i 1968. Det var ikkje berre Eskelands sterke interesse for dei norrøne sogene som trekte han til Reykjavík,[8] men òg kjærleiken til nyare islandsk kultur og litteratur og det moderne, sjøvlstendige Island.[9] Der var han direktør for Nordens Hus i fire år. Han gav òg ut ei lærebok i islandsk saman med Magnús Stefánsson (1963), tok initiativet til Festspela i Reykjavík, og skreiv seinare biografien Snorri Sturluson (2002). Men med unntak av barndommen på Stord og til saman seks år på Island og i København, budde Eskeland mesteparten av livet sitt i Oslo. Her døydde han i 2005, 78 år gamal.

Eit halvt hundreår med omsetjingar
Eskelands virke som omsetjar spenner over nesten femti år. Frå det som sannsynlegvis var debuten, den engelske barneboka Smultringane av Robert McCloskey i 1950, omsette Eskeland over 120 verk frå fleire ulike språk og i alle sjangrar. Produksjonen omfattar alt frå islendingesoger til den kjende franske barneboka Serafin og hans makelause meisterverk (1982) av Philippe Fix. Eskeland omsette særleg mykje for Radioteatret, Bokklubbane og Det Norske Teatret. Det er ei overvekt av omsetjingar av dramatikk, mellom anna av amerikanaren Eugene O’Neill og fransk-rumenske Eugène Ionesco. Eskeland omsette òg teaterstykke frå bokmål og riksmål til nynorsk for Det Norske Teatret, skrivne av forfattarar som Axel Kielland, Georg Johannesen og Tor Åge Bringsværd. Av andre nordiske forfattarar han omsett, finn vi August Strindberg og Ludvig Holberg. Mest kjend er Eskeland likevel for omsetjingane sine frå islandsk.

Islandsk kjærleik
«[H]o elska dette fiskeværet og folket der», skriv Halldór Kiljan Laxness om «den gode frøken» i Den gode frøken og huset.[10] Og det er som om omsetjaren av denne romanen internaliserer den same kjærleiken til Island og islendingar. For arbeidet Eskeland har gjort for norsk-islandsk kulturutveksling fekk han også Sokneprest Alfred Andersson-Ryssts pris[11] og, som far sin, den høgste islandske utmerkinga – Falkeordenen.

Laxness fekk Nobelprisen i litteratur i 1955. Då Eskeland omsette sit første verk av forfattaren to år seinare, var det ikkje det store nasjonaleposet Islands klokke, ein trilogi utgitt under krigen og allereie omsett av Wilhelm Kaurin i 1951, men altså den mindre kjende romanen Den gode frøken og huset. Same år, i 1957, kom òg Eskelands eiga bok om Laxness, Menneske og motiv. Året etter heldt Eskeland fram med Kjempeliv i nord (1958). Han kom til å setje om ti verk til av islendingen.

1957 var altså starten på Eskelands islandske omsetjarverksemd. Det året omsette han to bøker av barne- og ungdomsforfattar Ármann Kr. Einarsson, og året etter endå to bøker av Einarsson, ei av Laxness, og Ragnhildur Jonsdottirs barnebok En islandsk dagbok. I 1961 byrja han dessutan arbeidet med ei lærebok i islandsk for eit norsk publikum. Lærebok i islandsk var eit initiativ frå Foreningen Norden og kom ut i 1963. Den var sidan gitt ut i fleire nye opplag, mellom anna i 1967 og 1974. Men allereie seks–sju år tidlegare kunne altså Eskeland islandsk så godt at han fekk omsetje Laxness:

Så tok sollause haustdagar til med sine uvêr.
Og dei siste haustskipa førde med seg det fyrste brevet frå Rannveig nedi det gode landet ved Øresund, dette landet som endå på den tid var eit symbol på verda i alt godtfolks medvit.[12]

Slik høyrest andre delar av Den gode frøken og huset ut i Eskelands språkdrakt. Det er ei omsetjing som peiker fram Eskelands ambisjon om å «gjere verdslitteraturen til ein del av nasjonalitteraturen»[13] – for kanskje er det nettopp omsetjingane hans av samtidige islendingar som blei ein del av Noregs litteratur. Men det var ei bok av færøyingen William Heinesen som skulle gi han den viktigaste omsetjarprisen.

Ein skapande omsetjar
I 1965 vann Heinesen Nordisk råds litteraturpris for sin historiske brevroman Det gode håb (1964), som Eskeland omsette til Det gode von, og som kom på Samlaget i 1971. Året etter blei Eskeland tildelt Bastianprisen for beste omsetjing. Det stod i grunngjevinga at «det var litt av eit vågestykke å omsetja eit 1600–1700-tals dansk som aldri har vore såleis skrive, til ’eit norsk skriftsmål og ein stil som eigentleg aldri har funnest’».[14] Juryen bestod av Trygve Greiff, Åse-Marie Nesse og Eilif Straume, som også skriv dette i motivasjonen for tildelinga: «Ivar Eskeland har løyst oppgåva med eit mot og ein konsekvens som imponerer. Stilen er gjennomført i minste detalj, her er aldri eit ord som skurrar i denne sprakande færøyske symfonien. ’Den gode von’ er eit heilstøypt stilistisk meisterverk og eit fenomen i norsk omsetjingslitteratur.»[15] Dei legg til at prisen òg er ein «honnør til Ivar Eskeland for framifrå omsetjingar gjennom mange år. Dette gjeld særleg verk av Laxness og Heinesen».[16] Eskeland omsette til saman åtte bøker av Heinesen mellom 1965 og 1976.

Heinesen var frå Færøyene, men skreiv på eit uvanleg frodig dansk. Bastianjuryen la vekt på Eskelands formidling av dette levande trekket ved Heinesens språk. Her er eit døme frå ei samkome som forteljaren har «med futen den åttande dag etter Sct. Olai dag»:

Dinest lo futen ei stund og snarka vanvørdsleg, geisp høgt endå ein gong og daska seg på låra; så reiste han seg og henta pipa ned frå veggen, medan han skubba til ein stol med foten og baud meg sete. «Men no De!» heldt han fram, medan han kveikte pipa. «Har ikkje De òg fare fram att som ein stornarr og stakekøyrt Dykk så Herren må seg miskunne! Ja, sku’ ein ha sett på maken? Tulle drukken omkring og mengse seg med rakkarpakk i staden for å bli sitjande på baken eller iallfall gå skapleg til sengs! Og no ligg De som De har reidt til, og har fått heile cleresiet på nakken, og skal stå til svars for geistleg rett for ukjuren og tullut åtferd som heile landet krossar seg over, og misser kanskje både kappe og krage. Og kva så?»
(Eg merka vél kor eg rodna av rettkomen harme ved dette uskillege raillerie som Hindskou sleppte or seg, men heldt harmen i age, følgjande min nye modus!)[17]

Og her frå originalen:

Fogeden lo herefter en stund og snorkede ringeagtende, hvorpå han endu en gang gabede hjøt og daskede sig på lårene; så rejste han sig og hentede sin pibe ned af væggen, mens han med foden skubbede til en stol og bød mig plads. «Men nu I!» vedblev han, mens han gjorde ild på piben, «har ikke også I nu igen forfaret som en narrifas og rendt Jer stavere i livet, så Herren må sig forbarme! Ja, har man kendt mage? Tumle drukken om og mænge sig med rakkerpak i stedet for at blive siddende på sin mås eller ialtfald gå skikkeligen i seng! Nu ligger I som I har redet, og har skaffet Jer det ganske cleresi på nakken, og skal nu stå til ansvar for gejstlig ret for lidder og ørkesløs pjadder, som hele landet korser sig over, og fortaber måske Jeres kappe og krave. Og hvad så?»
(Jeg mærkede nok godt hvorledes den retfærdige harmes rødme steg mig til kinderne ved disse Hindskous ubillige raillerier, men avede min forbitrelse, følgende min nye modus!)[18]

Bastianjuryen meinte altså at Eskeland var ein oppfinnsam omsetjar. Den oppfinnaren ser ein i dette utdraget, der han har vrengt og vendt på språket og slik skapt «ein stil som før ikkje fanst»: via dansk til eit norsk som viser den folkelege forteljar sitt møte med eit forsøksvis meir høgverdig presteskap. Presteskapets makt får vere med heilt over frå fransk til nynorsk, noko som skapar eit språkeleg spenn. Eit fransk framandord som cleresi er sjeldan å sjå saman med nynorsk. Men Eskeland har latt det vere med, og det i nesten same andedrag som det meir regionale uttrykket ukjuren. Slik får Eskeland fram det spennande med denne snodige prestefiguren. Han er forsøksvis kontinental, men driv òg med dette raillerie (frå fransk, «raljering») – Eskeland dansar med Heinesens språklege hallingkast.

Sprang hos Laxness
Interessant nok er desse spranga like spretne når Eskeland set om Laxness. Eit døme her frå Guds gode gaver (1973), der forteljaren av romanen får eit eige kapittel. I «Fortelleren får et tilbud» dreg forteljaren på fjelltur i lag med ein bolsjevik:

Jeg uttrykte min forundring over å finne ham i kast med fjellvann, han, en berømt revolusjonær. Han sa at det var skikken her i landet når man begynte å bli besværlig i politiske saker og en anstøtssten for myndighetene, at man gav slike mennesker sportler og stundom embete med å granske Kleifarvatns eller andre slike vanns bevegelse. Selv hadde han, sa han, helt fra ungdomsårene vært svak for vann, hahahaha, og begynt med realfag på universitetet.

Kleifarvatn ligg over ein sprekk i jordskorpa og er flekkvis heitt av geotermisk kraft. Vatnet er kaldt her, heitt der. Eskelands språk er høgt og lågt når han skildrar vatnet, og hoppar frå det høgverdige ordet «sportel» (pengeavgift) til det munnlege «hahaha».

Eskeland syner seg som formidlar også på anna vis. Eit døme er i ein stutt lesarinstruks i Land til salgs (1966). Her fortel han at organisten i romanen er bygd på ein verkeleg person, «overskudds- og unntaksmennesket Erlend i Unuhús», som var kjend i Reykjavik for å husa kunstnarar og fritenkjarar. Lesaren får òg ein nøkkel til å forstå den tidvis uortodokse syntaksen: «[T]egnsettingen i denne oversettelsen er stort sett i samsvar med Laxness’ egen», skriver omsetjaren.[19] Teiknsetjinga er nemleg ikkje alltid heilt etter læreboka, noko Eskeland sannsynlegvis var høgst medviten om. Far hans var jo forfattar av boka Kvar skal teiknet stå?.[20]

Meir om språk og stil
Eskeland omsette i hovudsak til nynorsk, men nokre bøker frå hans hand, som Land til salgs, kom altså på riksmål. Her bruker han vendingar som «lokkene barnlig lyse» og «umake par», og setninger som «Må jeg by Dem å høre på skramlekassen? Han gikk inn i det innerste værelset, og jeg hørte ham trekke opp en grammofon».[21] Forteljaren i boka er ei hushjelp i tenåra. Eskeland har teke på seg både det unge, det kvinnelege og det islandske i språkarbeidet med denne boka, og bidrege til å skrive fram ein frisk og humoristisk forteljar:

Ja i Jesunavn, svarer den tunghørte kokkepiken, en av de største synderinner i vår tid, og har hengt et glansbilde av frelseren over stålvasken. Den yngste datteren til ekteparet, en seks års bolle, Torgunn, kalt Didi, viker ikke fra henne, stirrer gudfryktig på henne, stundom med hendene foldet, spiser med henne ute på kjøkkenet, sover hos henne om natten. Av og til ser barnet med nidkjær mine, nesten med anklage i øynene, på meg, den nye hushjelpen.[22]

Eskelands eiga, litterære røyst var særmerkt naturleg og laus, brukt til alt frå «bitande sarkasmar og aktuelle samfunnsanalyser»[23] til poetisk presise enkeltsetningar som at «Den kortaste vegen mellom to punkt går gjennom Lærdal»,[24] eller at Sunnhordaland er landsdelen som ikkje finst.[25] Eskelands språklege kreativitet – og presisjonen hans – kom godt med i arbeidet med å setje om språklege kraftprestasjoner som Laxness og Heinesen sine.

Omsetjarideal
Barndommen på Stord på 1930-talet må ha hatt ein del å seie for språk- og litteratursynet til Eskeland. Faren Severin hadde vore rektor ved lærarskulen i ti års tid då Ivar vart fødd, og heilt frå omkring 1870 var skulen, som då vart kalla Stord seminar, eit sentrum for målreising på Vestlandet og institusjonalisering av verdiar som ein tenkte på som norske.[26] Når ein ser på Ivar Eskelands liv, er det kanskje den skeptiske haldninga til dansk påverknad på norsk kultur og særleg språk som utmerkjer seg.

Som redaktør for novelleantologien Island forteller (1979) stod Eskeland for utvalet og omsette ein del av novellene. Blant forfattarane finn vi ein som på sett og vis kom i skuggen av Laxness (som ikkje er med i samlinga): Ifølgje protokollar frå Svenska Akademien var to islandske forfattarar diskutert som kandidatar til Nobelprisen i litteratur i etterkrigstida. Kommunisten Laxness var den eine og Gunnar Gunnarsson den andre. Sistnemnde var diskutert som kandidat fleire gongar, men nådde aldri opp. Gunnarsson, som skreiv fleire verk på dansk, var ein bestseljande forfattar med stor suksess på Island, i Danmark og i Tyskland. Eskeland omsette hans danske novelle «Drengen» til nynorsk: «Sonen».

Laxness’ islandske bøker omsette Eskeland til bokmål. Ein kunne tenkje seg til at det gav meir meining i å omsetje dansk til bokmål og islandsk til nynorsk, på grunn av likskap i språk. Men Gunnarssons historie kler nynorsk, som ligg nærmare det islandske:

Dei budde litt utanfor den vesle fiskarbyen dei to, far og son. Begge heitte dei Snjólfur. Gamle Snjólfur og unge Snjólfur kalla andre dei. Men seg imellom kalla dei einannan berre Snjólfur. Det var ein vane dei hadde. Etter di dei bar det same namnet, tykte dei at dei høyrde endå tettare saman når dei bruka det på einannan.[29]

Som omsetjar kunne Eskeland bruke det ledige nynorske om det passa, men også velje eit språk med meir motstand, om det var det rette. Om språkleg kameleon kjennest som eit ord som peiker mot ein opportunist, så får ein heller halde på omgrepet ein bokleg skodespelar.

Fagpolitikk og formidling
Eskeland var oppteken av omsetjaren si rolle i samfunnet og jobba for den gjennom to periodar som leiar i Norsk Oversetterforening, i 1965–67 og 1978–86. Ifølgje ein nekrolog skrive av seinare leiar Per Qvale, blir Eskeland hugsa som «den legendariske formannen som ikke bare var en rikskjent frontfigur, en markant personlighet med rike talegaver, fagpolitisk kløkt og verdifullt nettverk, men som skaffet Oversetterforeningen statlige vederlagsmidler og dermed en økonomisk ryggrad».[30] Eskeland får æra for at økonomiske ordningar som omsetjarane har i dag, vart rodd heilt i hamn. Det gjeld retten til ein andel av bibliotekvederlaget og normalkontraktsavtale med Forleggerforeningen.[31] «Jo, visst hadde flere forgjengere gjort en mangeårig verdifull innsats, men det måtte en eskelandsk kraftprestasjon til for å få avtalen i havn», skriv Qvale om Eskeland: «En del av prestasjonen var den makeløse evnen til å skaffe gode støttespillere. Men det skal ikke stikkes under stol at Ivar måtte slå i bordet, og det ikke i metaforisk forstand.»

Eskeland var ein omsetjar av den moderne typen, ein som formidla litteratur i utvida meining av ordet, og skreiv ei rekkje bøker, essays og særleg kåseri. Både folk og styresmakter skal ha lytta til «rikskåsøren» Eskeland, som var å høyre på NRK i ei årrekkje, med sin «finslipte humor» og «velmodulerte røyst».[32] Eskeland vann i 2002 Storegutprisen, som går til dei som brukar eit «godt og ledig nynorsk». Han hadde ei rekkje verv og var formann for Norsk Litteraturkritikerlag (1975–81), ein organisasjon der han òg vart slått til æresmedlem, og formann for det viktige Norges Kunstnerråd (1992–94). Han var medlem av Vogt-komiteen, som innleidde ei omvurdering av den statlege samnorskpolitikken. Eskeland var òg produksjonssjef i Fonna Forlag (1956–60), teaterkonsulent ved Det Norske Teatret (1960–65), formann i Noregs Mållag (1960–63), redaktør i vekeavisa Dag og Tid (1965–66) og forlagssjef i Atheneum forlag (1985–86). Mediemannen var dessutan formann for Kringkastingsrådet i 1963–68. I 1976 blei han statsstipendiat, ei stor tillitserklæring. Tilliten til Eskeland gjekk elles lenger enn til kulturlivet; han var òg formann for Afghanistankomiteen i ein periode.

Mette Karlsvik

Kjelder

Brøymer, Bjørn (1991). Intervju med Ivar Eskeland. I Aftenposten Morgen, 2. mars.

Eskeland, Ivar (1979). Island forteller – islandske noveller. Oslo: Bokklubben.

Grepstad, Jon (2012). «Severin Eskeland». I Allkunne, sist oppdatert 25. juni 2019: https://www.allkunne.no/framside/biografiar/e/severin-eskeland/88/5671/

Heinesen, William (1964). Det gode håb. København: Gyldendal.

Kobbeltveit, Olav (2005). «Ivar Eskeland er død». Nekrolog. I Bergens Tidende, 27. desember.

Orgland, Ivar (1955). «Halldor K. Laxness og Nobelprisen». I VG, 2. november.

Qvale, Per (2006). Nekrolog. I Aftenposten Morgen, 9. januar.

Rødland, Kjartan (2002). «Pote-Per og Snorre-Per. Minneord om Per Lønning». I Bergens Tidende, 28. juni.

Scholz Nærø, Sturle (1998). «Med Ivar Eskeland som frontfigur: Tilspisset eter-jubileum». I Aftenposten Morgen, 17. august.

Sunnanå, Unni (1989). «Jakten på Kulturkommunen». I Aftenposten Morgen, 17. oktober.

Sørli, Johannes (2009). Debattinnlegg om Nasjonal transportplan og stamvegane. I Telemarksavisa, 12. mai.

Notar

[1] Kobbeltveit (2005).

[2] Grepstad (2012).

[3] Orgland (1955).

[4] Ibid.

[5] Sunnanå (1989).

[6] Scholz Nærø (1998).

[7] Ibid.

[8] Kobbeltveit (2005).

[9] Ifølgje sonen Bård Eskeland.

[10] Laxness / Eskeland (oms.) (1957), s. 7.

[11] Ein kulturpris gitt av Det norske Samlaget, til minne om den islandsvennlege målmannen og skogsplantaren Alfred Andersson-Rysst. Prisen går annakvart år til ein mindre etablert forfattar.

[12] Laxness / Eskeland (oms.) (1957), s. 20.

[13] Ivar Eskeland sitert i Per Qvales nekrolog (2006): «Vi oversettere gir jo verdenslitteraturen norsk språkdrakt, sa Ivar til Staten, og gjør den til en del av nasjonallitteraturen!»

[14] Frå protokollen etter Bastian-komiteens jurymøte 10. mai 1972.

[15] Ibid.

[16] Ibid.

[17] Heinesen / Eskeland (oms.) (1971), s. 155.

[18] Heinesen (1964), s. 164.

[19] Laxness / Eskeland (oms.) (1966), s. 6.

[20] Fonna forlag (1943).

[21] Laxness / Eskeland (oms.) (1966), s. 19.

[22] Laxness/ Eskeland (oms.) (1966), s. 7.

[23] Rødland (2002).

[24] Sørli (2009).

[25] Rødland (2002).

[26] Sjå: https://lokalhistoriewiki.no/wiki/Stord_lærerskole

[27] Brøymer (1991), 2. mars.

[28] Sjå: https://forfatterforeningen.no/artikkel/norden-mot-nazisme

[29] Gunnarsson i Eskeland (red.) (1979), s. 202.

[30] Qvale (2006).

[31] Qvale (2006).

[32] Ibid.

Bibliografi