Bjørn Endreson, 1922–1998

Foto: Jan B. Henriksen, Rogalands avis 1977

Bjørn Endresons omsetjarskap spenner frå barneteater via Brand og Beckett til Broadway-musikalar. Likevel er det ikkje berre arbeidet som omsetjar han er kjend for: Gjennom eit langt teaterliv rakk Bjørn Endreson å vere lyrikar, skodespelar, regissør, teatersjef og dramatikar.

Det er særleg to ting han hugsast for: I 1957, ti år etter at Rogaland Teater vart stifta, og tre år før han sjølv vart teatersjef, grunnla han Barneteatret i Stavanger – ein «institusjon i institusjonen» som den dag i dag er unik i norsk teater. Og på 1970-talet var han regissør for ei rad Beckett-oppsetjingar på Det Norske Teatret, ei satsing som til slutt skulle omfatte samtlege av teaterstykka til Samuel Beckett, inkludert urpremiera på nokre av dei kortaste. Endreson fikk Kritikerprisen 1976 for sitt og teaterets Beckett-program, der dei framførte dei ulike Beckett-stykka i løpet av ei veke.

I båe desse teatersatsingane skulle Endreson få vist fram allsidigheita si som teatermenneske, ei alllsidigheit som òg viste seg gjennom ein solid innsats som omsetjar i over tretti år. Til Barneteatret skreiv han ei rekke nye teaterstykke, men han omsette og omarbeidde dessutan kjende tekstar som musikalen Annie Get Your Gun. Og han var sjølv omsetjar for dei månge Beckett-tekstane, med unntak av opningsframsyninga Mens vi ventar på Godot. I åra som fulgte var det særleg på Det Norske Teatret han skulle arbeide som omsetjar, med godt og vel 60 teaterstykke, i eit spenn frå Beckett og Ibsen (!) via Ole Brumm til musikalar som Piaf, Cats og Les Misérables.

Eit innhaldsrikt liv som ungdom og student
Ironisk, kan hende, for ein gut som vaks opp i Bærum, rett vest for Oslo, så nær riksmålskjerna som det vel er mogleg å kome. Bjørn Ingermann Endreson vart fødd 20. februar 1922, som son av Haakon Endreson og Anna f. Kommedal. Han vart ein allsidig ungdom; skulelys, toppidrettsutøvar og lyrikar – «en sjelden kombinasjon» som Norsk biografisk leksikon, med rette, kallar det.

I 1946, ganske rett etter verdskrigen, debuterte han som forfattar på Gyldendal med diktsamlinga Kadens, skriven på bokmål. Det fyrste diktet, «Der gråter et barn», opnar slik: «Der gråter et barn / et sted bak skog / og mørke tjern.» Boka fekk ei god mottaking. Dagbladet skriv mellom anna: «Den unge lyriske debutanten Bjørn Endreson vekker sympati for så vidt som en merker at det meste i samlingen Kadens er ekte følt.»

Rett etter flytta Endreson til USA, der han studerte litteratur og teater ved Lawrence University og University of Wisconsin. Etter avslutta studier valte han, i staden for å byrje arbeide, å slå seg ned hos hopi-indianarane i Arizona i lag med kona Priscilla Hartmann – ein amerikansk gymnastikklærar han hadde blitt kjend med under studia. Dei budde hos hopiane i over eit år. Opphaldet skulle på mange måtar prege resten av livet hans, i og utanfor teateret.

Endreson og kona fekk ein son før dei flytta heim til foreldra hans i Noreg. Sjølv hadde han hatt ein god relasjon med dei, men Priscilla og svigermora kom ikkje overeins. Etter kort tid valde kona å flytte heim til USA, der ho fødde ein son til, som Endreson berre trefte nokre få gongar. «Sjølv om dei hadde lite kontakt, var det eit hardt slag for han då Priscilla døydde tidleg på 70-tallet», fortel Ingrid Valvik, tidlegare skodespelar på Rogaland Teater, og nær ven med Endreson så lenge han levde.

Medan han budde i Oslo arbeidde Endreson ein kort periode som sjåfør og altmoglegmann på det nystarta Riksteatret, før han vart tilsett som skodespelar og instruktør ved Rogaland Teater i 1957. Han vart utnemnd til teatersjef i 1960, ei stilling han hadde fram til 1970 – eit viktig tiår i teateret si historie, og ei krevjande tid økonomisk, rett før oljealderen skaut fart. Sjølv om Endreson seinare skulle arbeide ved andre norske teater som regissør og omsetjar, ikkje minst ved Det Norske Teatret i Oslo, skulle Stavanger vere heimstaden hans resten av livet.

Allsidig karriere ved Rogaland Teater
1957, det fyrste året Endreson budde i Stavanger, skulle bli eit merkeår i livet hans – og i historia til Rogaland Teater. Teatret sleit med å trekke publikum, og dermed med å skaffe nok inntekter. Barneteatret i Stavanger vart stifta det året, med Endreson som initiativtakar og leiar, og slik lykkast han i å skape stor interesse for teater hos både barn og vaksne i Stavanger-området. I tillegg til å skaffe publikum og inntekter skulle Barneteatret gjennom åra bli ein tidleg «teaterskule» for nokre av dei framste skodespelarane og teaterarbeidarane i Noreg, lokalt og nasjonalt. Glenn André Kaada, som vart tilsett som teatersjef ved Rogaland Teater i 2019, er eit godt døme på teaterfolk med bakgrunn frå Barneteateret.

Ein av dei fyrste medlemmane i Barneteatret var Sigve Bøe, som vart med i 1959, to år etter at det vart stifta. Bøe spela hovudrolla i fleire av stykka Endreson skreiv og/eller sette opp, og rakk å bli godt kjend med han. Bøe var mykje heime hjå Endreson, som i mange år levde saman med skodespelaren Edith Ottosen utan at dei var gifte, noko som var ein liten skandale i Stavanger på 1960-talet.

I vaksen alder, som skodespelar på Det Norske Teatret, fekk Bøe høve til å arbeide med skodespel Endreson hadde omsett, ikkje minst i musikalar som Cats, Les Misérables og Jesus Christ Superstar. Frå tida i Barneteatret minnest Bøe ein mann av få ord: «Men dei orda han valde å si, nådde faktisk fram. Om nokon skal kallast karismatisk, er det Bjørn Endreson. Han var ein fascinerande mann å bli kjend med!» Som vaksen skodespelar opplevde han Endreson som ein dyktig og modig omsetjar, men ein som ikkje var redd for å kreve at skodespelarane skulle halde seg til vala han hadde tatt.

Den fyrste av mange musikalar
Endreson rakk å tiltre som teatersjef før han omsette sitt fyrste teaterstykke, Den gale frå Chaillot (La Folle de Chaillot) av Jean Giraudoux, som hadde premiere 23. januar 1961. Men Endreson skulle bli meir vidgjeten, som sjølvstendig omsetjar og allsidig teatermenneske, for si svært frie gjendikting – skreddarsydd for Endreson si eiga barneteateroppsetjing – av ein amerikansk musikal seinare same år: Annie Get Your Gun, ein Broadway-musikal av Dorothy og Herbert Fields (tekstar) og Irving Berlin (musikk).

Musikalen hadde premiere på Broadway i 1946, er sett opp på teaterscener verda rundt, og er òg kjend gjennom filmversjonen frå 1950. Musikalen handlar om Annie Oakley, ungjenta som er ein framifrå jegar og skyt betre enn dei fleste, men som – nett av di ho skyt så godt – skremmer folk vekk. Det gjeld òg Frank Butler, mannen som ho forelskar seg i, men som sjølvsagt ikkje vil vere i lag med ei kvinne som skyt betre enn han sjølv. Dette syng Annie om i «You Can’t Get A Man With A Gun», ein av dei mest kjende songane frå musikalen.

Då Endreson laga sin versjon av Annie Get Your Gun for Barneteateret i 1961, handla ikkje lenger musikalen om ei ung kvinne som ikkje fekk seg ein kjærast; den handla om ei jente som ikkje fekk venar. Annie, som vart spela av 12-åringen Åslaug Helgevold, opplever at dei andre ungane, nett som Frank Butler, ikkje vil vere i lag med ei jente som skryt av at ho er betre enn dei.

«You Can’t Get A Man With A Gun» syner tydeleg endringane Endreson gjorde. Vanlegvis, til dømes i Hartvig Kirans gjendikting, er den norske tittelen «Du får aldri e(i)n mann med gevær». I Endreson si dialekttilpassa versjon heiter ikkje songen «Med gevær», men «Med jever». Annie leiter heller ikkje etter ein mann, ho leiter etter ein ven eller fleire. Slik oppsummerer Annie einsemda si, hos Fields og hos Endreson.

Fields si voksne Annie fyrst:

Oh my mother was frightened by a shotgun, they say
That’s why I’m such a wonderful shot.
I’d be out in the cactus and I’d practice all day,
and now tell me what have I got?

I’m quick on the trigger,
with targets not much bigger
than a pinpoint I’m number one
But my score with a feller
is lower than a cellar,
oh you can’t get a man with a gun.

Og slik lyder ei yngre siddis-Annie i Endreson si gjendikting:

Eg e best te å skyda ka så helst med jever.
Eg e best te å klatra i trer.
Når eg spring e det ingen så kan ta meg igjen,
men eg har kje ein einaste venn

Med bråk og med bulder
eg herje så ei hulder
mydlå trenå i skogen her.
Men eg skremme jo vede
av kver ein liden bede
så eg får kje ein venn – med jever.

Det er skilnad på å ha eit lavt «score with a feller» – altså «ein type», og å «skremme vede av kver ein liden bede». Rogalands Avis skildrar omsetjargjerninga treffande i sin kritikk når Annie Get Your Gun har nypremiere i 1966 (forøvrig stadig med Helgevold – no 17 år gamal – i rolla som Annie): «Med vanlig sans for hva som gjør seg på barneteater i sin alminnelighet og på Rogaland Teaters barneteater i særdeleshet, har Bjørn Endreson bearbeidet ekteparet Fields tekst til operetten temmelig fritt – og ikke minst i visene har han boltret seg uten særlig pietet overfor originalteksten. Og det er selvfølgelig festlig og riktig. Det lokale stavangerske gjør seg alldeles utmerket …»

Det var altså ingen løyndom at Endreson ofte tok særs frie val som omsetjar, særleg i teaterstykke der han sjølv skulle vere regissør. Med nokre store unntak, som vi skal sjå nærare på. Var det eitt felt der omsetjaren Endreson tydeleg markerte seg, var det denne evna til å nytte eit språk som fell naturleg for skodespelarane, såvel barn frå Stavanger-regionen som, i tiåra som fulgte, riksmålstro Nationaltheatret-skodespelarar, det uredde ensemblet ved allmannastyrte Telemark Teater og nynorskbrukarar på Det Norske Teatret, anten dei skulle snakke eller synge.

Dei fyrste omsetjingane for andre teater
Dei ti åra han var teatersjef skulle Endreson omsetje ei rekke stykke for Rogaland Teater, både dei han sjølv var regissør for – som Stjel ikke dyr som danser (The Dancing Donkey) av Eric Vos og Mørke midt på dagen (Darkness at Noon), av Arthur Koestler, dramatisert av Sidney Kingsley, i tillegg til Annie Get Your Gun som eg allereie har nemnd – og fleire teaterstykke som vart regisserte av andre: musikalen Fantasticks av Tom Jones og Harvey Schmidt, Den spanske flue (Die spanische Fliege) av Franz Arnold og Ernst Bach og Gråt, mitt elskede land (Cry, the Beloved Country), av Alan Paton, dramatisert av Maxwell Anderson.

Samtidig byrja Endreson å gjere omsetjingar for andre norske teater, med barneframsyninga Skurkestreker og skøyerstreker av Erik Vos, altså same forfattar som Fantasticks, som ei av dei fyrste i 1966. Så snart han var ferdig som teatersjef i 1970, starta han på ein svært aktiv karriere som regissør og omsetjar ved andre teatre. Det starta, passande nok, med Beckett på Det Norske Teatret: Mens vi ventar på Godot i 1970, omsett (som einaste Beckett-stykke) av Åse-Marie Nesse, og Sluttspel året etter, den fyrste av Endresons eigne Beckett-omsetjingar.

I 1971 omsette han Dengang (Old Times) av Harold Pinter for Nationaltheatret, der Magne Bleness var regissør. Dengang var eit heilt nytt skodespel av Pinter, ein relativt ung, men allereie etablert dramatikar, som seinare skulle motta Nobelprisen nokre år etter Samuel Beckett. Endresons omsetjing vart seinare spela på Den Nationale Scene og Trøndelag Teater. Stykket er eit kammerspel om ekteparet Kate og Deeley som får besøk av Anna, Kate si einaste venninne frå ungdomstida.

I den fyrste scena er Kate og Deeley aleine og snakkar om Anna, som enno ikkje er komen, men som publikum kan skimte i bakgrunnen. Slik er Annas fyrste replikk:

Pinter:

Queuing all night, the rain, do you remember? my goodness, the Albert Hall, Covent Garden, what did we eat? to look back, half the night, to do things we loved, we were young then of course, but what stamina, and to work in the morning, and to a concert, or the opera, or the ballet, that night, you haven’t forgotten? and then riding on top of the bus down Kensington High Street, and the busconductors, and then dashing for the matches for the gasfire and then I suppose scrambled eggs, or did we? who cooked? both giggling and chattering, both huddling to the heat, then bed and sleeping, and all the hustle and bustle in the morning, rushing for the bus again for work, lunchtimes in Green Park, exchanging all our news, with our very own sandwiches, innocent girls, innocent secretaries, and then the night to come, and goodness knows what excitement in store, I mean the sheer expectation of it all, the looking-forwardness of it all, and so poor, but to be poor and young, and a girl, in London then … and the cafes we found, almost private ones, weren’t they, where artists and writers and sometimes actors collected, and other with dancers, we sat hardly breathing with our coffee, heads bent, so as not to be seen, so as not to disturb, so as not to distract, and listened and listened to all those words, all those cares and all those people, creative undoubtedly, and does it still exist I wonder? do you know? can you tell me?

Endreson:

Tett sammen, hele kvelden, regnvær, husker du? Herregud, Albert Hall, Covent Garden, hva var det vi spiste? Når jeg tenker på dengang, halve natten, gjøre det vi helst ville, vi var unge dengang, unge og sterke, og så på jobben om morgenen, og i operaen, på konsert, eller ballett, husker du … den kvelden? og så øverst i bussen ned Kensington Heigh Street, og sjåføren, og så skynde seg med å finne fyrstikkene, tenne på gassen, speile et par egg kanskje, var det ikke sånn? hvem var det som laget maten? vi lo og pludret, vi krøp tett sammen ved varmen, så til sengs og sove, og alt maset og kjaset om morgenen, skynde seg til buss og jobb, lunsjtimen i Green Park, fortelle hverandre alt nytt, med våre egne smørbrød, blåøyde, blåøyde kontorjenter, og så kvelden som ventet på oss med gud vet hva slags opplevelser, den skjære forventningen overfor alt, spenningen i alt, og så fattige, men å være ung og fattig, og pike, i London dengang … og kaféene vi fant, nesten som private klubber, ikke sant?, hvor det kom malere og forfattere og av og til skuespillere, og andre steder hvor de fra balletten kom, vi satt der med kaffen vår, våget nesten ikke puste, med bøyde hoder, for ikke å bli sett, for ikke å forstyrre, for ikke å plage noen, og lyttet og lyttet til alle de ordene – alle de kaféene og alle de menneskene, alle talentene, er det der alt sammen, ennå? er det der? vet du om det er der ennå?

Monologen er altså ei rekke minne frå ungdomstida, der ei hending raskt bringer tankane over på ei anna. Tilsynelatande er det berre ei oppramsing av opplevingar, men etter kvart teikner monologen eit bilete av kven dei to jentene var, kva dei tenkte meir enn kva dei gjorde; og ikkje minst kor nært dei sto kvarandre – ved at dei budde saman, og ved at dei hang saman heile tida, i lunsjpauser såvel som på kveldane, i eit pulserande London-liv som dei mest av alt var tilskodarar til.

Endresons omsetjing er tru mot Pinter, både i innhald og form, så å seie ned til kvart einaste komma. Men Endreson er diktar nok til å finne formuleringar som ligg nærare det munnlege enn ein direkte omsetjing ville gjere, til dømes ved at han, for «innocent girls, innocent secretaries», som opplagt kan omsetjast til «uskyldige jenter, uskyldige sekretærer», vel formuleringa «blåøyde, blåøyde kontorjenter». Med «kontorjenter» lykkast Endreson i å seie «girls» og «secretaries» i eitt ord, slik at han (og skodespelaren som spelar Anna) kan gjenta, og slik gi ekstra kraft, til ordet «blåøyd», som i denne samanhengen tyder «uskyld».

Ibsen frå norsk til norsk
Bjørn Endreson hadde sett opp Brand av Henrik Ibsen i 1967, medan han var sjef på Rogaland Teater – ei oppsetjing som fekk blanda mottaking. Desto modigare, må seiast, at han vel å setje opp det same skodespelet på Det Norske Teatret seks år seinare. Ikkje berre som regissør: Når Henrik Ibsen skal spelast på Det Norske Teatret, må teksten sjølvsagt omsetjast, om vi kan nytte ordet, til nynorsk – eller snarare, når det er eit versedrama som Brand, gjendiktast.

Gjendiktinga er tilpassa Endresons regi, og ganske forkorta (det er sjeldan at heile Brand blir spela, framsyninga vil i så fall vare fire–fem timar). Eg har vald eit døme der replikkane, det vil seie versa, som er med, er dei same som i Ibsen sin original, men med nokre strykningar og andre endringar.

Scena er flittig sitert i analyser av Brand og skildrar det fyrste møtet mellom Brand og Mora. Ho er gamal og døyande, men klar i si melding om kva sonen skal, og ikkje skal, gjere med arva:

MODEREN

                                 Hør her!
jeg ældes år for år, det bær
sent eller tidligt frem mot graven;
så får du alt, hva jeg har ejet;
det ligger tællet, målt og vejet –
[…]
du, sønnen min, får arven hel;
altsammen går til dig alene.

 

BRAND

På visse vilkår?

MODEREN

                             På det ene,
at ej du skal med livet rutte.

I Endresons nynorsk lyd samtalen slik:

MORA

                                Høyr her:
No er eg gammal. Og det ber
mot grava snart. Så får du alt.
Ja, alt eg eig. Og det er talt
og målt og vege. Ikkje her,
det er der heime. Ikkje stort.
Men den som ikkje gir det bort
vert ingen tiggar. Nei, stå der!
Eg lover deg eg skal kje putte
i sprekkar eller grave ned
ein øre. Du får alt i fred.
Du høyrer, son? Du skal få alt.
Du får det heile heilt åleine.

BRAND

På visse vilkår?

MORA

                                   På det eine –
Ja, som eg sa: Du skal kje rutte
med livet ditt.

All informasjon er med, på nokre færre vers, utan at Endreson bryt med Moras messande, insisterande rytme som er så karakteristisk for monologen. Den fyrste setninga er eit tydeleg døme på dette: Ibsens to vers «jeg ældes år for år, det bær / sent eller tidligt frem mot graven» får plass på halvanna vers hos Endreson: «No er eg gammal. Og det ber / mot grava snart». Endreson nyttar dessutan ordformer som ikke kan finnast att i Ibsens språk, verken på dansk eller i ei meir tidsriktig bokmålsgjendikting. Aldri er det så tydeleg som i det siste verset i Moras fyrste, lange replikk. Her ser vi alliterasjon, gjentakingar og diftongrim som tydeleg er Endreson sitt eige diktverk: «Du får det heile heilt aleine» har ei anna kraft enn Ibsens «altsammen går til dig alene».

Så kan ein sjølvsagt diskutere om det er rett å «omsetje» norske diktarar frå eit skriftspråk til eit anna. Kritikaren i Moss Avis, som i utgangspunktet er skeptisk til prinsippet, er likevel nøgd med resultatet, som han omtalar slik 9. mars 1973: «Det er Bjørn Endreson som har påtatt seg den umulige oppgave å oversette Brand fra norsk til norsk. Når det først skulle gjøres – men det skulle det ikke – er det ikke noe dårlig arbeide han har levert.» Det må jo òg seiast at Henrik Ibsen ikkje kan spelast på Det Norske Teatret utan at stykket blir omsett til nynorsk. (Og at Ibsens 1800-tallsspråk kan blir endra ganske kraftig i moderne framsyningar, sjølv om han spelast på bokmål.)

Beckett-familien
Endreson sette opp Brand i 1973, midt i Beckett-perioden som vart innleia med Mens vi ventar på Godot i 1970. Endreson og Beckett på Det Norske Teatret var ei periode som strakk seg over nærmare 20 år, og ho vil for all framtid vere eit merkepunkt i norsk teaterhistorie.

Torhild Steinlein var fast sufflør for heile Beckett-perioden. Prøvene på Mens vi ventar på Godot var faktisk den aller fyrste jobben hennar («under opplæring» kaller ho det sjølv), og deretter vart ho del av Beckett-gjengen på teateret, eller «Beckett-familien» som dei gjerne vart kalla. Bjørn Endreson og skodespelarane Bjarne Andersen og Tom Tellefsen, som spela Vladimir og Estragon i Godot, utgjorde kjerna, men fleire teaterarbeidarar hadde sin naturlege plass. «Vi møttest på Scene 2 klokka 11 kvar dag for å starte prøvene, prata og prata – men alt handla jo om Beckett og stykket vi jobba med», fortel Steinlein. «Og så fortsatte vi praten etter arbeidstid, heime hos kvarandre eller på teatret.»

Beckett sine tekstar er alt anna enn enkle å arbeide med, så det var mykje å snakke om. Men omsetjingane til Endreson var det sjeldan grunn til å diskutere – dei var upåklagelege, minnast Steinlein. Ho sjølv steila berre over eitt einaste ord i dei mange tekstane ho jobba med: «fittesaft», som Endreson hadde med i omsetjinga av Sluttspel.

Om nokon skulle ha hatt innvendingar mot språket Endreson valde, hadde han solide argument: Han hadde jobba usedvanleg grundig med tekstane. Samuel Beckett var irsk, men flytta til Frankrike etter studia og skreiv alle stykka sine på fransk og engelsk, slik at båe språka kunne reiknast som originalversjonar. Endreson var språkmektig, las Beckett sine versjonar på fransk og engelsk innan han byrja på si eiga omsetjing, og hadde regelmessig brevkontakt med Beckett der han argumenterte for vala han tok og stilte spørsmål dei gongane han var i tvil. Dette, å sjekke at språket han omsette til ikkje berre var godt, men dessutan korrekt og heilt i tråd med intensjonane til forfattaren, var ei røynsle Endreson skulle ta med seg til seinare arbeidd – ikkje minst dei store musikalane.

Beckett kom aldri til Noreg for å sjå framsyningane, men ein gong møttest han og Endreson på ein kafé i Paris. Her snakka dei om arbeidet med oppsetjingane og diskuterte sceniske løysingar som Endreson hadde sett for seg, og som Beckett ga tilsagn til. (Beckett, og dei siste åra arvingane hans, er jo kjende for å stille strenge krav om korleis stykka skal setjast opp.) På slutten av samtalen seier Beckett: «Eg har funne eit par småting i skuffen. Teater I og Teater II. Dei kan du få spela. Som den første.»

Fyrste gongen «småtinga» vart spela, var framsyninga Pust og fire, der Teater I og Teater II er to av dei fire. Her er eit kort utdrag frå Teater I, slik teksten lét fyrste gong han vart framført på ei scene, 31. januar 1980, med Tom Tellefsen og Bjarne Andersen som A og B – same skodespelarar som spelte Vladimir og Estragon ti år tidlegare:

A:
Eg har alltid vore den eg er no.

B:
Nei, gi deg no.

A:
(sterkt) Eg har alltid vore den eg er no, samankropen i mørkret, mens eg klør ei gammal falskfele for vind og ver.

B:
(sterkt) Vi har hatt våre kvinner, ja. Du di til å ta handa di og leie deg og eg mi til å få meg ut av stolen om kvelden og oppi han att om morgonen og til å dytte meg så langt som til hjørnet når eg var frå vettet.

Ein av tinga som særpregar Beckett sine skodespel, er dei detaljerte skildringane, særleg av scenografien, men òg av tonefall, pauseringar og kvar einaste rørsle skapnadene – og dermed skodespelarane – gjer. Her er eit døme på dette, frå eit anna av dei «fire til», Steg (engelsk: Footfalls). Det er nyttig å vite at R er Kvinnerøyst (V på engelsk, altså Voice, som i heile stykket er ein skapnad som publikum ikkje kan sjå, berre ane i mørkret bakerst på scena. Likevel har Beckett desse instruksane til skodespelarane som spelar R og M (som er R si dotter May):

Beckett:

V It all. (Pause) In your poor mind. (Pause) It all. (Pause) It all.
M continues pacing. Five seconds. Fade out on strip.
All in darkness. Steps silent.
Long pause.
Gong a little fainter. Pause for echoes.
Fade up to a little less on strip Rest in darkness.
M disconerende facing front at R.
Pause.

Endreson:

R Det heile. (Pause) Alt saman. (Pause) I det stakkars hovudet ditt. (Pause) Alt. (Pause) Alt saman.
M held fram med gåinga. Fem sekund. Lys ned på spelescenen
Alt mørkt. Ingen lyd av steg
Lang pause
Lyd frå gong-gong, mildare. Pause mens etterklang døyr
Lys litt opp på spelescenen. Ellers mørkt
M blir sett ved H, front mot sal
Pause

Utdraget viser kor viktig pausane er, og skildringane av det som skjer. Steinlein fortel at mykje av prøvetida til «Beckett-familien» handla om å diskutere pausane: kva som hender, kva dei tyder … eit prov på at språket var like viktig her som i dialogen, og difor vart ei ekstra utmaning for omsetjaren.

Med premiera på Glade dagar (Happy Days / Oh! les beaux jours) 19. april 1986, var sirkelen slutta, og Endreson hadde sett opp samtlege Beckett-tekstar, kjende og ukjende, gjennom ein periode på nær 20 år. Glade dagar handlar om Winnie, ei aldrande kvinne som snakkar og snakkar – mest med seg sjølv – medan ho langsamt synker ned i ein haug med jord. (Interessant nok vart Winnie spela av Mona Hofland – som òg spela Kate i Dengang på Nationaltheatret 15 år tidlegare, medan Tom Tellefsen spela Willie, og dermed hadde spela i samtlege av Endresons Beckett-produksjonar på Det Norske Teatret.)

Slik lyder det fyrste gong ho har ein slags samtale, om han kan kallast det, mellom Winnie og ektemannen Willie, fyrst i Becketts original og deretter i Endresons omsetjing:

Beckett:

WILLIE
His Grace and Most Reverend Father in God Dr. Carolus Hunter dead in tub.
Pause.
WINNIE
(gazing front, hat in hand, tone of fervent reminiscence) Charlie Hunter! (Pause.) I close my eyes – (she takes off spectacles and does so, hat in one hand, spectacles in other, WILLIE turns page) and am sitting on his knees again, in the back garden at Borough Green, under the horse-beech. (Pause. She opens eyes, puts on spectacles, fiddles with hat.) Oh the happy memories!
Pause. She raises her hat towards head, arrests gesture as WILLIE reads.
WILLIE
Opening for smart youth.

Endreson:

WILLIE
Hans nåde og Herrens trufaste tenar doktor Carolus Hunter død i badekar.
Pause
WINNIE
(Stirer rett fram, hatt i hand, minnest med eldhug) Charlie Hunter! (Pause) Eg let att auga –
(Ho tar av seg brillene og let att auga, hatten i den eine handa, brillene i den andre. Willie blar vidare) - og eg sit på fanget hans igjen i hagen bak huset i Borough Green, under bøketreet.
(Pause. Ho opnar auga, set på seg brillene, tuklar med hatten) Å, dei glade minna!
Pause. Ho løftar hatten mot hovudet, stansar rørsla i det Willie tar til å lesa.
WILLIE:
Stilling ledig for gløgg ungdom.

På norsk som på engelsk er språket til dei to ektefellene vidt forskjellig. Willie er ein mann av få ord, naturleg nok sidan han, no i starten av stykket, ikkje seier anna enn å lese avisoverskrifter. Winnie på si side lar praten gå, berre broten og knapt nok det av nøye utstuderte rørsler.

Viktigare er likevel siste setninga i Winnies replikk. «Oh the happy memories!» er fyrste gong ho brukar ordet «happy» frå tittelen til stykket. Og Happy Days er kan hende det engelske stykket som har fått flest ulike titlar på norske teaterscener i dei snart 50 åra det har vore sett opp. På bokmål har vi til dømes Lykkelige dager og Lykkedager; «glade dager» lyder ikkje like naturleg, men «gode dager» kunne ha vore ein mer direkte parallell til Endresons tittel. Seinare seier Winnie at «dette vil ha vore ein lykkeleg dag», så Endreson har altså vald å ikkje vere konsekvent i omsetjinga av «happy».

Ein omdiskutert Aristofanes
1970-talet var altså starten på ein lang karriere som regissør og omsetjar på Det Norske Teatret, hvor Beckett var ein sentral dramatikar, men langt frå den einaste. Endreson haldt samstundes fram med ei og anna omsetjing til bokmål.

Ei av omsetjingane det er verd å sjå nærare på, er Lysistrata, den klassiske komedien til Aristofanes, som Endreson gjendikta for Telemark Teater i 1976. Omsetjinga kom i bokform året etter på Gyldendal, og i eit etterord – passande nok med namnet «P.S.»skriv Endreson mellom anna dette:

Ulike lands og tiders smak og sensur har ført til at det i teaterverdenen har festnet seg et bilde av Aristofanes som er forbløffende enstrenget og anemisk. Og for mang en legmann ser det ut til at tragediens alvor har trukket den uskikkelige spottegjøk inn i skyggen av ærverdige søyler. […] Dette er bare et forsøk i riktig retning i en tid da Aristofanes i greskekspertenes verden blir revurdert og nyskrevet.

Som han sjølv innrømmer i sitt «P.S.», kunne ikkje Endreson gresk, men hadde diskutert med ei rekke greskkyndige litteratar, i tillegg til å sjå på nyare gjendiktingar av Lysistrata og andre Aristofanes-komedier, som byrja å dukke opp mot midten av 1970-talet.

Komedien vart sett opp av Svein Scharffenberg med Rut Tellefsen i hovudrolla, «med frekt språk og florlette klær» som Arbeiderbladet kalte det. Når framsyninga vart lagt merke til langt utanfor Telemark, handla det fyrst og framst om språket Endreson valte. Særleg Oslopressa, med Arbeiderbladet som unntak, var streng i sine kritikkar. VG si melding er eit godt døme, der dei kallar framsyninga «en ufin, spekulativ utgave av en klassisk komedie».

Kort introduksjon til historia: Kvinnene i Aten er gått lei av ektemenna si krigføring (og deira evige fråvere), og Lysistrata tenkjer ut ein plan der dei skal nekte å ha sex med menna heilt til dei vel å stanse krigane. Ho legg planen fram for kvinner ho har invitert frå sitt eige Aten, men òg frå byane dei stendig er i krig med: Sparta, Theben og Korint. Slik ordlegg ho seg i Endresons versjon:

LYSISTRATA
Hvis jeg nå legger fram en plan som stanser krigen,
vil alle være med på den, mon tro?
KVINNENE
Å, ja!

KALONIKE
Helt sikkert! Jeg for min del skulle gjerne selge
den beste kjolen min i fall det ble nødvendig
og drikke tett for pengene jeg fikk.
MYRRINE
Og jeg,
jeg skulle la meg banke flyndreflat og deles
i to filéter og gi bort den ene.
LAMPITO
Eg,
eg skulle gjerne klatre brannveggen til topps
på stygge Taygeto om det vart fred av det.
LYSISTRATA
Nåvel, så skal jeg si hva jeg har tenkt. Hør etter!
Hvis vi, vi kvinner, skal få mannen til å slutte
med krig, da er det én ting som vi må forsake.
KALONIKE
Og hva er det?
LYSISTRATA
Jeg tviler litt på at det går.
KALONIKE
Å, nei. Det går, om så det skulle koste livet.
LYSISTRATA
Javel. Det eneste vi må forsake, det er
kukk.

Om vi samanliknar med omsetjinga til Gunnar Larsen, som mellom anna vart nytta på Nationaltheatret i 1933, er det lett å sjå at det særleig er eitt ord som, treffande nok, stikk seg ut. Slik er den siste replikken i Larsens versjon:

LYSISTRATA
Vi må så lenge de er i vårt hjem
for fredens skyld avholde oss fra – dem!

Det er sjølvsagt det aller siste ordet, «kukk» i staden for «dem», som er mest iaugefallande. Ordet syner tydeleg at Endreson vel eit meir radikalt, og mykje frekkare, folkeleg språk. (Vel så provoserande for nokre lesarar er kan hende at Lysistrata seier at kvinnene skal forsake, ikkje berre avholde seg fra, «kukk» og ektemakar.)

Porsgrunn Dagblad (10. mars 1976) intervjua mellom andre Bjørn Nilsen, formann (som det heit den gongen) i Forfatterforeningen, som korkje hadde lese stykket eller sett framsyninga, men uttalte seg på generelt grunnlag: «Det er ikke noe mål i seg selv å utfordre publikum med et saftig språkbruk. Stykket har til oppgave å fordømme krig for krigens skyld, og det er prisverdig nok. Å pensle ut erotiske detaljer kan ikke være meningsfylt.»

Det må jo seiast: Snart 50 år seinare er vi vane til både å høyre ord som «kukk» og diverse bannord, og å sjå skodespelarar heilt utan klede – «florlette» og andre – utan at publikum blir sjokkert. Men i samtida var vala Endreson tok (og, det må seiast, fekk skodespelarane til å godta – truleg med hjelp frå regissør Svein Scharffenberg) provoserande nyvinningar. Naudsynte nyvinningar, vil eg tru, for at språket som teatera nyttar i dag har kunnet bli slik det er.

Ringen sluttast
Lysistrata var eit av få teaterstykke Endreson omsette til anna enn nynorsk. Utan at det medførte noko form for monotoni – han omsette og gjendikta så ulike dramatikarar som Evripides og Sam Shepard for Det Norske Teatret. Men dei mest kjende verka som Endreson omsette for Det Norske Teatret etter Beckett, var i ein heilt annan sjanger og skapte for ei større scene enn Scene 2 der alle Beckett-tekstane hadde premiere. Dei siste åra han jobba for Det Norske Teatret skulle det bli ei rekke musikalar han markerte seg med.

Ein av dei fyrste musikalane var Piaf av Pam Gems, ein engelsk dramatikar som fortalde historia til den legendariske franske sangerinna Edith Piaf som ein slags «hybrid-musikal», der ho kombinerer ein nyskriven teatertekst med eksisterande, godt kjende songar. Oppsetjinga av Piaf i 1980, med Brit Langlie i tittelrolla, skulle bli ei av dei største suksessane i norsk teater nokon gong og var med på å etablere Det Norske Teatret som den framste musikalscena i Oslo.

Dette var òg tydeleg då teateret flytta inn i sitt nye bygg hausten 1985, med musikalen Cats som andre oppsetjing på hovudscena. Musikalen var komponert av Andrew Lloyd Webber, som tok utgangspunkt i diktsamlinga Old Possums Book of Practical Cats av T.S. Eliot. Trevor Nunn og Richard Stilgoe var med på å skrive nye songtekstar – og det heile vart gjendikta av Bjørn Endreson. Det er nok å sjå den lange lista over rollefigurer, Eliots mytiske Jellicel Cats som Endreson ga namnet sjellikarkattar, for å forstå at ein måtte vere ein diktar for å gjere arbeidet.

Her er rollenamna på dei to språka – dei norske fyrst, i tråd med den alfabetiske oppramsinga til Endreson: Annepanneflekk (Jennyanydots), Asparges (Aspargus), Bastian Bull (Bustopher Jones), Bomfallerina (Bomballerina), Brummetiger (Growltiger), Burma-Harry (Mungojerrie), Gonattakatt (Carbuckety), Grillebein (Griddlebone), Halmetra (Demeter), Hurralia (Victoria), Jubalong (Tumbelbrutus), Klørigår (Jemima), Koriopatt (Coriopat), Kvakkskor (Quaxo), Kvasaru (Alonzo), Lokosjekk (Skimbleshanks), Makkentass (Macavity), Metrøffelis (Mistoffelees), Misære (Tantomile), Mjau (George), Monkistapp (Munkostrap), Pegingnesar (Pollicle), Profetikus (Deuteronomy), Rampentussa (Rumpelteazer), Rum Tom Tapper (Rum Tum Tugger), Røvarkatt (Rumpuscat), Siam-Ella (Grizabella), Smokkate (Jellylorum), Spåretta (Casandra), Surripus (Grumbuskin) og Tarsan (Gilbert).

Namnevala seier mykje om utfordringa som ligg i tekstane. Annepanneflekk opnar, på same vis som Jennyanydots, med to namn som rimar på kvarandre – Anne og panne, Jenny og any, medan «flekk» jo er ein høveleg omsetiing av «dots». Så vil sikkert nokon meine, og eg skal ikke seie dei imot, at Casandra godt kunne heite Kasandra på norsk, for teaterfolk som kjenner til den greske spåkvinna bør vere like mange her som i England. Likevel, Spåretta må jo kunne kallast eit catchy kattenamn, det òg.

Eit anna argument er sjølvsagt at alle namna dukkar opp i songane, og at dei difor må kunne tilpassast melodien, rytmen og rima som skodespelarar, songarar – og omsetjarar – til kvar tid må forhalde seg til. Profetikus er eit godt døme på dette, og eit namn som treng ei lengre forklaring: Deuteronomy er eit relativt kjent begrep på engelsk, då det er namnet dei nyttar på det vi kallar femte Mosebok i Bibelen (som òg er ein del av Toraen til jødane). Sidan kattenamnet ikkje tyder noko på norsk, valde Endreson altså Profetikus – eit namn som òg vekker assossiasjonar til Bibelen. Men som har fire stavingar, i motsetnad til dei fem som utgjer Deuteronomy. Forklaringa er enkel: Når dei andre kattane syng om han, blir han oftast kalla Old Deuteronomy. Då lyt det norske namnet vere ei staving mindre, sidan «old» må omsetjast til «gamal» eller «gamle», som i verselina «I believe it is Old Deuteronomy» / «men eg trur det er Gamle Profetikus».

Les Misérables – på ei rekke ulike teatre
Cats var ein stor suksess, men ein seinare musikal er nok den mest kjende av Endresons gjendiktingar – og kan hende den musikalen som spelast oftast på norske teaterscener: Les Misérables av Boublil og Schönberg,[1] basert, som dei fleste veit, på Victor Hugos romantrilogi. Musikalen hadde noregspremiere på Det Norske Teatret i 1988 og sto på teateret sitt repertoar i fleire sesongar. Det er òg verd å nemne at Endreson si omsetjing har språklege og musikalske kvalitetar som gjer at ho har vore nytta i ei rekke andre byer som vanlegvis ikkje har framsyningane sine på nynorsk, til dømes i Trondheim og på Lillestrøm.

Victor Hugo skreiv naturlegvis romanane på fransk, og den fyrste musikalversjonen var òg fransk. Men versjonen som vart spela på Det Norske Teatret, og seinare på andre scener i Noreg, er den same som i West End og ganske annleis enn den franske. Det er difor naturleg å sjå på dei engelske tekstane som «originaltekstane» når vi samanliknar dei med Endreson si gjendikting.

Det høyrer med til historia at Det Norske Teatret, i praksis Endreson sjølv, måtte «omsetje» den norske versjonen ord for ord attende til engelsk for å dokumentere at dei ikkje gjekk for longt vekk frå originalen, ei ordning som har vorte meir og meir vanleg i moderne scenekunst. (Fyrst og framst, men ikkje berre, musikalar: Beckett og Pinter, og i endå sterkare grad arvingane deira, er jo døme frå ein heilt anna sjanger.) Eg har vald å sjå på sitat frå to av dei mest kjende songane.

«Do You Hear The People Sing» er eit godt døme. Med unntak av enkelte verselinjer, er det ein song som syngast av eit heilt kor med opprørarar, og som markerer eit viktig vendepunkt i historia:

Originaltekst:

Do you hear the people sing?
Singing the song of angry men?
It is the music of the people
Who will not be slaves again!
When the beating of your heart
Echoes the beating of the drums
There is a life about to start
When tomorrow comes!

Endreson:

Kan du høyre? Folket syng!
Det er ein song frå arge menn,
det er musikk fra dei som aldri
vil ha slavekår igjen.
Når eit hjarte bankar sterkt,
saman med sterke trommeslag,
er det ei teikn på at vi
byrjar vår nye dag.

Endreson har lykkast i å halde på rytmen frå originalen, unngått nødrim og ikkje juksa med grammatikken. Mange tenkjer kan hende at den fyrste linja er «Kan du høyre folket syng?», at han altså har vald bort ein naturleg «at» etter «høyre», eller berre stroke endinga i «syng(j)e». I staden har Endreson altså valt ei løysing som er heilt korrekt, ved å dele spørsmålet i originalteksten til eit spørsmål og eit svar. Vidare i verset kan han vere lojal mot originalen utan problem: «menn» og «igjen» rimer vel så godt som «men» og «again», medan «trommeslag» og «vår nye dag» er eit elegant val, ikkje minst fordi «vi byrjar vår morgondag» ville ha låte meir konstruert.

Det andre dømet eg har valt, er dei to karakterane som skil seg mest ut i det store persongalleriet: kroeigaren Thénardier og kona hans. I songen «Master Of The House» presenterer Thénardier seg på lattervekkande vis. Slik legg han fram menyen sin, på engelsk og på Endreson-norsk:

Originaltekst:
Food beyond compare. Food beyond belief.
Mix it in a mixer and pretend it’s beef.
Kidney of a horse, liver of a cat
Filling of the sausages with this and that
Residents are more than welcome,
Bridal suite is occupied.
Reasonable charges
Plus some little extras on the side!
Endreson:
Heilt uvanleg kjøtt, fisk som få har smakt,
ser kje kva det er for det er innebakt.
Nyrer frå ei merr, hjerne frå ei geit,
pølser som er fylt med det de aldri veit.
Dei som vil bu fast, får loftet.
Bruresuita er for ti.
Rimelege prisar,
pluss ei lita avgift sånn på si.

Thénardier freistar, rett nok med ein stor dose sjølvironi, å teikne eit flatterande bilde av seg sjølv, men dette blir raskt pulverisert når kona tek ordet:

Originaltekst:
Master of the house? Isn’t worth my spit!
Comforter, philosopher and lifelong shit!
Cunning little brain, regular Voltaire
Thinks he’s quite a lover but there’s not much there.
What a cruel trick of nature
landed me with such a louse?
God knows how I’ve lasted
living with this bastard in the house!
Endreson:
Konge på ein kro? Er kje verdt ein dritt!
Stiller sorg og steller sår, men ikkje mitt!
Listig liten snok, trur han er ein ess,
trur han er ein elskar, men han er kje tess!
For eit dårleg pek av lagnad
at eg beit på slik ein makk!
Fins det ein som tippar
at eg ikkje nippar, er han blakk!

Her har altså Endreson ikkje kunne boltre seg like fritt som i enkelte tidlegare gjendiktingar, men han lykkast like fullt i å skrive særs gode songtekstar, utan å måtte ty til naudrim og kunstige formuleringar. «Listig liten snok» er eit godt døme på ganske fri omsetjing av «Cunning little brain», men ein variant som kling så godt at han heldigvis ikkje trong endre på han. (Men kven veit, franskmenna ville kan hende ha insistert på at Voltaire vart nemnd, òg i den norske versjonen av songen …?)

Tida etter omsetjingane
Sjølv om Les Misérables ikkje var den siste av omsetjingane til Endreson (Jesus Christ Superstar hadde premiere i 1990), orka han ikkje arbeide mykje, korkje som omsetjar, regissør eller dramatikar dei siste åra.

Han leid av sukkersjuke og var bunden til rullestol dei siste åra han levde. Det var heller ingen løyndom at han hadde psykiske lidingar store deler av livet, som han freista å døyve med periodar av høgt alkoholforbruk. Ingrid Valvik fortell om at ho ein gong, tidleg på 90-talet, vart oppringd av ein psykiatar i Oslo, med melding om at ho måtte hente Endreson på Sola flyplass og frakte han trygt heim. Heimen hans på den tida var eit småbruk på ei øy utanfor Hundvåg i Stavanger, ein stor, men naudsynt, kontrast til musikalteateret i Oslo sentrum, og kanskje det næraste han kom ein hopi-leir på vestkysten av Noreg – men eit vanskeleg sted å bu for ein fysisk svekka mann. Dei siste åra budde han på Øyane sykehjem.

Ein av dei siste gongane han viste seg offentleg, var 40-årsfeiringa til Barneteatret hausten 1997, der gamle og unge skodespelarar song og spela utdrag frå dei månge framsyningane dei hadde vist gjennom åra. Endreson sjølv var ein sjuk, gamal mann, men svært levande til stades gjennom songar og utdrag frå sine eigne teaterstykke, og gjennom omsetjingar som «Med jever» frå Annie Get Your Gun. Og, det var nok viktigast av alt: gjennom ei rekke av dei gamle «elevane» hans.

Kontrastane og paradoksa var ein del av Bjørn Endreson sitt liv: idrettsmannen frå Bærum som vart ein meistar til å dikte musikaltekstar frå West End på nynorsk, den tagale regissøren som var eit oppkome av songar og historier, og Beckett-omsetjaren som stifta landets einaste barneteaterinstitusjon. Eit rikt liv som kan hende aller best oppsummerast slik, som i Rogalands Avis dagen etter at han døydde: «Sjømannen, journalisten, avistegneren, radio og tv-instruktøren, oversetteren og teatersjefen Bjørn Endresons liv var like mangfoldig som rollefigurene på teatret.»

Olav Torbjørn Skare

Utdrag frå verka:
Aristofanes / oms. Bjørn Endreson (1976). Lysistrata. Skien: Telemark Teater.

Beckett, Samuel / oms. Bjørn Endreson (1980). Pust og fire. Oslo: Det Norske Teatret.

Beckett, Samuel / oms. Bjørn Endreson (1986). Glade dagar. Oslo: Det Norske Teatret.

Eliot, T.S., Andrew Lloyd Webber (musikk), Trevor Nunn og Richard Stilgoe (songtekstar) / oms.  Bjørn Endreson (1985). Cats. Oslo: Det Norske Teatret.

Fields, Dorothy og Herbert (tekstar) og Irving Berlin (musikk) / oms. Bjørn Endreson (1961). ANNiE! (Get Your Gun). Stavanger: Barneteateret.

Alain Boublil og Claude-Michel Schönberg (basert på Victor Hugo) / oms. Bjørn Endreson (1988).
Les Misérables. Oslo: Det Norske Teatret.

Ibsen, Henrik / oms. Bjørn Endreson (1973). Brand. Oslo: Det Norske Teatret.

Pinter, Harold / oms. Bjørn Endreson (1971). Dengang. Oslo: Nationaltheatret.

Referanser
Andreassen, Kolbjørn og Ole S. Nerheim (13. november 1998). «Barneteaterets store far er død», Rogalands Avis.

Arbeiderbladet (5. mars 1976). Melding av Aristofanes’ Lysistrata.

Endreson, Bjørn (1982). «Eit møte med Beckett på Cafe lilla». Tilgjengeleg HER

Endreson, Bjørn (1977). «P.S.», etterord til Aristofanes’ Lysistrata, overs. Bjørn Endreson. Oslo: Gyldendal.

Hansen, Bjørn (10. mars 1976). Intervju med Bjørn Endreson, Porsgrunn Dagblad.

Joner, Knut (12. desember 1966). «Annie inntar Stavanger igjen», melding i Rogalands Avis.

Mitsem, Sverre (9. mars 1973). «Brand på Det Norske Teater», melding i Moss Avis.

VG (12. mars 1976). Melding av Aristofanes’ Lysistrata.

Andre kilder
Samtale med Sigve Bøe, 8. mars 2022

Samtale med Torhild Steinlein, 8. og 10. mars 2022

Samtale med Ingrid Valvik, 9. mars 2022


 Noter

[1] Fullstendig kreditering: musikk av Claude-Michel Schönberg, songtekstar av Alain Boublil og Jean-Marc Natel, historie av Boublil og Schönberg, basert på Les Misérables av Victor Hugo. Framsyninga i Oslo var basert på London-versjonen med tekstar av Herbert Kretzmer og ekstramateriale av James Fenton.

Bibliografi