Ola Raknes, 1887–1975

Omslagsfoto Samlaget

Ola Raknes var filolog og målmann, psykoanalytikar og omstridd terapeut, ordboksforfattar og omsetjar. Internasjonalt er han kjend som truleg den næraste eleven og etterkommaren til den austerrikske psykoanalytikaren Wilhelm Reich.

Raknes vart fødd på Raknes på Osterøy, nabokommunen til Bergen, og gift med forfattaren Aslaug Vaa (1889–1975) i perioden 1911 til 1938. Dei fekk fem barn, m.a. lyrikaren og omsetjaren Magli Elster (gift med NRK-sjef og forfattar Torolf Elster, og mor til Jon Elster) og bilethoggaren Anne Raknes (gift med omsetjar Leo Strøm). I 1941 gifta Raknes seg på nytt med Gjertrud Bonde (1913–1975), og dei fekk dottera Ada.

Oppveksten til Raknes var prega av husandakt, vekkingsmøte og helvetesangst. Som 16-åring las han eit hefte om determinisme, fann trua på eit evig helvete meiningslaus, og dermed blei angsten borte for godt. I ungdommen dreiv han med brislingfiske i Sognefjorden og skjelgraving og isskjering heime på Osterøy. Raknes tok eittårig middelskule i Volda, men måtte ta eksamen i Bergen der han våren 1904 skreiv hovudstil på landsmål som ein av dei første i landet. Det var ingen i Bergen som kunne rette ein stil på landsmål, og den måtte derfor sendast til Kristiansund for å bli sensurert. Slik syner han tidleg si konsekvente haldning mot riksmålet, som for han er det same som dansk. Han sjølv skriv jo norsk.

Etter latinlinja på Hambro skule i Kristiania blei han i 1907 student ved universitetet. Her studerte han engelsk og fransk med hovudfag i nordisk (han skreiv om Egil Skallagrimssons kvad «Hofuðlausn») og blei cand.philol. i 1915. Han skulle bli lærar. For å tene pengar til studiane, arbeidde han som lærar, bokmeldar i Dagbladet og journalist i nynorskavisa Den 17de Mai som òg dreiv forlag.

Raknes var aktiv i Studentmållaget, seinare ein flittig brukt foredragshaldar og vart æresmedlem i Studentmållaget i 1950. I studietida byrja òg Raknes som styrar for Norsk Målkontor og skrivar i Det Norske Samlaget. Han var sentral i vidare oppbygging av Samlaget, og fungerte i praksis som forlagssjef i rundt ti år. Han var òg litterær konsulent og vart æresmedlem i Samlaget i 1948. I 1928 var han med på å stifte Norsk Måldyrkingslag (Akademi for det norske målet), der han var styremedlem i 20 år. Han var òg medlem av styret ved Det Norske Teatret i perioden frå 1923 til 1947. Han omsette teaterstykke og blei nytta som konsulent. Heile livet skreiv han artiklar i aviser og tidskrifter og tok del i debattar om norsk språk og målbruk, religion og psykoanalyse.

Bokmeldaren
I tillegg til å vere bokmeldar i Dagbladet melde Raknes òg bøker i For folkeoplysning – tidsskrift for boksamlinger og folkeakademier. I 1918 melde han mellom anna Arne Garborgs gjendikting av Homers Odyssevskvædet, som Aschehoug gav ut det året: «Korleis Garborgs umsetjing er som ’umsetjing’, torer eg ikkje ha noko meining um», skreiv han, men det kom likevel tydeleg fram i omtalen:

Eg vil berre segja nokre ord um målet i boki og korleis det fell å lesa det. Og det kann eg segja med ein gong, det er ein fest. Hev du fyrst lese nokre sidor so du er komen inn i denne rytmen, som me hjå oss er lite vane med, og i den umstendelege røde-kunsti, so ber sidan forteljingi og skildringane og versmålet deg vidare som ein roleg, men blenkjande og glitrande straum. Målet er rikt og skiftande, mjukt og ledugt, lagar seg so vel etter tanken som etter verset, so at du mest heile vegen tykkjer det kunde ’kje betre vera råd få det til på noko mål. Garborg hev ikkje vore redd anten utanlandske ord eller talemåtar, når dei hev vore kjende nok, og heller ikkje sjeldsynte norske ord når tanken kravde dei. Og båe slagi fell like lett og naturleg inn i stilen. I det heile er umskrifti ein siger for norsk mål, ein siger som legg nytt land under det, og som visseleg vil setja merke etter seg i norsk målbruk i framtidi.[1]

Og så legg han til: «Forlaget hev lite ære av utstyret.» Truleg er det dei små skrifttypane Garborg klagar på. Elles er Raknes like velskriven her som i sine eigne omsetjingar.

Språket i Rabindranath Tagores Gitanjali (Song-offer), som kjem på Norli same året i Lars Eskelands gjendikting, får derimot mindre omtale av Raknes. Om omsetjinga heiter det at den er nær på utan flekk og lyte i sin mjuke og angande rikdom, men han har ei innvending: «Kann henda kunde det likevel ha glitra litt meir i det sterke tropiske ljoset som ligg yver dikti.»[2]

Møtet med det heilage
Først som 40-åring i 1927 fekk Raknes gjort ferdig doktoravhandlinga som Gyldendal straks gav ut, og som Raknes disputerte på året etter: Møtet med det heilage. Ein etterrøknad um det psykologiske grunnlaget for religion. Forfattaren måtte sjølv betale ein god del for å få boka ut. Møtet med det heilage er for Raknes eit møte med religiøs ekstase, og i boka hentar han døme frå både Dionysos-dyrking, mystisisme, primitive naturfolk, sjamanisme og vanleg religiøst liv. Raknes vil finne fram til det psykologiske grunnlaget for og det psykologiske opphavet til religion. Han vil både forstå og forklare, skildre og granske religiøst liv.

For å vere trygg på at lesarane forstod språket hans, er dei mest spesielle landsmålsorda omsette til riksmål i parentes i teksten. Desse er i tillegg tekne med i eit sju siders namne- og sakregister til slutt i boka. Her finn vi mellom anna fyndeheimen omsett med «den grå oldtid, Arilds tid», bilviss med «periodisk», brigsla med «bebreide», loste med «appetitt», pòke med «kopper» og åbry med «være skinsyk (på)».

Ikkje mange doktoravhandlingar kjem ut på nytt 45 år seinare, og får såpass mykje merksemd, men det gjorde Møtet med det heilage i 1972, uendra, men med eit langt etterord. Ein skulle tru at på denne tida ville ei slik religionspsykologisk bok om ekstase bli ei kultbok, men potensielle lesarar som bladde i boka, blei nok skremde bort av det konservative målet.

Møte med Wilhelm Reich
For å kome vidare med studiet av religionspsykologi etter disputasen i 1928 reiste Raknes til Berlin for å studere psykoanalyse ved Berliner Psychoanalytisches Institut. Her gjekk han i læreanalyse hos Karen Horney og hadde sjølv sin første pasient i mars året etter. Raknes er no overtydd om at det er psykoanalytisk terapi som skal bli hans nye yrkesliv. Alt året etter startar han privat praksis som psykoanalytikar i heimlandet.

Eit møte med Wilhelm Reich var avgjerande for Ola Raknes. Reich var ein austerriksk lege og psykoanalytikar som kom til Noreg som flyktning i 1935 og budde her i fem år. Han var kontroversiell fordi han hevda at opphavet til alle nevrosar var fortrengt seksualitet. Raknes slukte Reich sine bøker som Die Funktion des Orgasmus frå 1927 (norsk versjon i 1972), og
harakteranalyse frå 1933. Raknes gjekk i analyse hjå Reich, tre gongar i veka i tre år. Reich utvikla det han kalla «karakteranalytisk vegetoterapi», som skulle løyse opp nevrosane frå barneåra som har sett seg att som muskelstrammingar i kroppen.

Reich hevda å ha oppdaga ein spesiell energi, orgon, som kan konsentrerast i eit orgonskap. Raknes eigde eit slikt skap og sat i det ei stund kvar dag. Som Reich trudde òg Raknes at orgon kunne styrkje seksualiteten. Mange meinte at Reich var altfor oppteken av libido og kjønnsdrift, og han møtte mykje motstand, også i Noreg. Han representerte ein revolusjon på det seksuelle området farlegare enn all politikk. Ingen gjer det ustraffa i Noreg. Reich og psykoanalysen blei såleis gjort til gjenstand for ein moralsk, ikkje ein vitskapleg debatt. Han blei kalla både sjarlatan og psykopat.

Samarbeidet og vennskapet mellom Raknes og Reich varte helt til Reich døydde i eit amerikansk fengsel i 1957. Dei møttest jamleg og påverka kvarandre, og etter at Reich gjekk bort, blei Raknes rekna som den fremste attlevande eksperten på orgonterapi. Han hadde faste terapiturar til USA og England. I Ola Raknes si ånd er både karakteranalysen og den vegetoterapeutiske tradisjonen framleis aktiv i Noreg.

Ordboksforfattaren
Alt i 1927 la Raknes spiren til det omfattande fleirbindsverket Norsk Ordbok etter eit foredrag der han etterlyste «ei heilsleg norsk idiom- og synonym-ordbok». Han var medlem av Tilsynsnemnda for Norsk Ordbok i 18 år. Men denne ordboka overlet han til andre. Sjølv konsentrerte han seg om fransk og engelsk. Raknes skulle bli ein respektert ordboksforfattar. Gjennom ordbøkene dokumenterte han landsmålet, at det var eit kulturmål, og at det var norsk med lange røter.

Først omsette han A. Trampe Bødtker og Sigurd Høst si Lærebok i fransk for begyndere til landsmål, Lærebok i fransk for næmingar for Aschehoug forlag i 1911. Ordbøker på landsmål var mangelvare, og derfor fekk Raknes i oppdrag av Skuleboknemnda åt Studentmållaget å lage ei Fransk-norsk ordliste for gymnasi til dei franske lære- og lesebøkene av Bødtker og Høst og Hermanstorff og Wallem. Ordboka på 141 sider kom ut på Samlaget i 1914. I forordet forklarte forfattaren:

Umsyn til romet hev nøydt meg til aa freista setja um ordi so mykje det var raad, og til aa spara paa dømi. Dette hev i ser vore vandt med dei abstrakte substantivi, der det norske ordvalet ikkje alltid vilde rekka til – endaa det skil no mykje paa at det er so armt som mange trur. [...] Og so fær baade lærarar og elevar hugsa at det norske maalet bruker mykje mindre substantiv- og mykje meir verbal-konstruksjonar enn det franske – og nytta det naar dei set um.[3]

Dette var råd Raknes sjølv freista å følgje i sine eigne omsetjingar.

For å vise uttalen av orda nyttar Raknes IPA-lydskrift, det internasjonale fonetiske alfabetet, som den første i Noreg. Det gode arbeidet han gjorde med denne ordboka, var nok ei sterkt medverkande årsak til at Raknes året etter kom med i arbeidet med den store Engelsk–norsk ordbok.

Engelsk-norsk ordbok
Engelsk-norsk ordbok kom ut våren 1927, den første store framandspråklege ordboka på norsk, 1069 sider inkludert forord, utgjeven av Aschehoug i samarbeid med Skuleboknemnda åt Studentmållaget med tilskott frå det offentlege og frå Bondeungdomslaget i Oslo. Opplaget var på heile 5000 eksemplar. Ordboka inkluderte ei rekkje norske synonym for 60 000 av dei vanlegaste engelske orda og ei omfattande lydskrift. Her nytta han òg IPA-lydskrifta med visse tillempingar, og for første gong i ei norsk ordbok er det brukt to aksentar, både for hovudtrykk og for bitrykk.

Mottakinga var jamt over god, også frå landsmålspuristar som Gustav Indrebø og Olav Midttun. Ordboka til Raknes var nesten heilt fri for heit-ord. Han nytta berre ordet øverheit eit par stader, medan til dømes J.Fr. Ross tok med 42 heit-ord i Tysk-norsk ordbok i 1933.

I ny norsk utgåve frå 2006 av Tolkiens The lord of the rings på eit konservativt nynorsk med tittelen Ringdrotten nemner omsetjaren Eilev Groven Myhren berre ei ordbok, nemleg Raknes si Engelsk-norsk ordbok frå 1927, som hadde vore «til ovstor hjelp».

Fransk-norsk ordbok
Hausten 1927 gjorde Raknes avtale med Skuleboknemnda åt Studentmållaget i Oslo om å lage ei Fransk-norsk ordbok etter om lag same planen som den engelsk-norske. Han meinte at den fransk-norske skulle bli noko mindre, og at han skulle greie å få manuskriptet ferdig på tre fulle arbeidsår. Ut frå desse føresetnadene vedtok Det Norske Samlaget å gje han halvparten av dei pengane som trongst til lektorløn i tre år. Den andre halvparten skulle Bondeungdomslaget i Oslo betale.

Arbeidet tok Raknes eit halvt år lenger enn planlagt, og boka blei 136 sider lenger. Mellom anna la han meir vekt på å få med eit godt utval av faste uttrykk. Han syntest at målet kravde det. Manuskriptet var ferdig i september 1931, men boka kom først ut på Noregs Boklag i 1942. Grunnen var at Johs. A. Dale gjekk igjennom manuskriptet, førte det over til ny rettskriving og kom med framlegg til endringar. Før trykking gjekk så Raknes gjennom heile manuskriptet på nytt, og dei las seinare begge korrektur. Den ferdige ordboka er på 1098 sider og inneheld om lag 71 000 oppslagsord.

Dei to framandspråklege ordbøkene til Ola Raknes er å rekne for milesteinar i arbeidet med omsetjing frå fransk og engelsk. Ordbøkene er så grundige at sjølv dei mest uprentelege tabuord er tekne med, jf. Anne Elligers i forordet til Fransk-norsk blå ordbok (Kunnskapsforlaget 1986): «Dessuten har jeg fått friske impulser fra Ola Raknes (1942), som bramfritt kaller kjønnsdelene ved deres rette navn – og krinoline for sprikjestakk!»

Også Asbjørn Aarnes lèt vel om den fransk-norske ordboka: «Eg trur ikkje at eg kunne ha skrive epistlane mine i Dag og Tid om eg ikkje hadde den fransk–norske ordboka hans. Det er ei utømeleg kjelde med sernorske ord for flora og fauna. Kan ein litt fransk, har ein tilgang til heile den nynorske ordskatten.»[4]

I Dagbladet den 9. juli 2009 får Ola Raknes ufortent ære av å vere nyskapande fordi han i den fransk–norske ordboka omset bouillabaisse med det ifølgje avisa «konstruerte» ordet mengjemukke. Journalist Hallgeir Opedahl sjekkar ikkje det innsende lesartipset og nemner derfor ikkje at Raknes først forklarer ordet med «sørfransk fiskerett». For det andre skriv avisa feil uttale av det franske ordet. Dertil veit ikkje avisa at ordet mengjemukke har vore nytta fleire gonger før Raknes gjer det, og at det nærmast tyder «blanding på måfå».

Men oppfinnsam er Raknes når han til dømes omsett uttrykket fine gueule med kræsemunn, altså kresen.

Omsetjaren
Frå å vere fransklærar og arbeide med fransk ordliste var ikkje vegen lang til å freiste å omsetje ein lengre tekst. Det fekk journalisten høve til i Den 17de Mai, ei avis som òg trykte føljetongar nedst på side 2. Her fekk Raknes i 1911 trykt omsetjinga si av Prosper Mérimée sin kortroman frå 1840, Colomba (som operaen Carmen er bygd over), først som føljetong i avisa, seinare same år utgjeven som bok av avisa.


Fransk original: Prosper Mérimée: Colomba, 1840
Le capitaine raconta fort bien à miss Lydia une histoire de bandits qui avait le mérite de ne ressembler nullement aux histoires de voleurs dont on l’avait si souvent entretenue sur la route de Rome à Naples. Au dessert, les deux hommes, restés seuls avec des bouteilles de vin de Bordeaux, parlèrent chasse, et le colonel apprit qu’il n’y a pas de pays où elle soit plus belle qu’en Corse, plus variée, plus abondante.

Norsk ved Ola Raknes i 1911:

Kapteinen fortalde frøken Lydia ei røvarsoge som det var det gode med, at ho ikkje likna det grand paa alle dei tjuvesogune dei hadde fenge so mange av paa vegen fraa Rom til Napoli. Og han fortalde godt. Etter maten vart dei tvo mennerne sitjande med bordeauxvin-flaskune og tala um veiding, og obersten fekk høyre, at det ikkje finst land der det er gildare aa veide en paa Korsika: mange slag veidn er det, og nøgdi av henne.

Norsk ved Helge Simonsen i 1946:
På en meget underholdende måte fortalte han miss Lydia en banditthistorie, som utmerket sig ved ikke å ha den fjerneste likhet med de historiene om tyver som man så ofte hadde underholdt henne med på veien fra Rom til Neapel. Ved desserten blev de to mannfolkene sittende igjen alene med noen flasker rødvin og snakket jakt, og obersten fikk vite at den ikke i noe land kunne være finere enn på Korsika, eller mer variert og rikelig.

Her ser vi nokre endringar i ordvalet mellom Raknes og Simonsen som ikkje går ut over flyt og innhald. Den største endringa er at Raknes gjer Mérimées «fort bien» frå første setning om til ei heil setning: «Og han fortalde godt.» Simonsen har derimot behalde «fort bien» på same plass med «på en meget underholdende måte». Raknes er ikkje så heldig med den siste delen av siste periode. Her flyt språket betre hos Simonsen. Begge nemner at dei drikk raudvin, men det står ikkje i den franske teksten, berre at det er vin frå Bordeaux, noko som berre Raknes får med seg. Ein merkar seg òg at Raknes er meir moderne i val av bynamnet Napoli, medan Simonsen nyttar den eldre forma Neapel.

Charkes Dickens: David Copperfield
Som student omsette Raknes ein fullstendig versjon av Charles Dickens’ roman David Copperfield. Dei 1084 sidene kom i tre bind på Samlaget i 1912–14.


Engelsk orginal: David Copperfield, 1850-utgåva
Whether I shall turn out to be the hero of my own life, or whether that station will be held by anybody else, these pages must show. To begin my life with the beginning of my life, I record that I was born (as I have been informed and believe) on a Friday, at twelve o’clock at night. It was remarked that the clock began to strike, and I began to cry, simultaneously.

Norsk ved Ola Raknes, 1912:

Um eg sjølv skal verta hovudmannen i mitt eige liv eller um nokon annan skal taka det romet, det lyt desse bladi avgjere. Eg fær byrja der livet mitt tok til, og fortelja at eg vart fødd (etter det eg hev høyrt og trur) ein fredag klokka tolv um natti. Dei fortel at klokka tok til aa slaa og eg til aa skrika samstundes.

Norsk ved Tryggve Norum, 1950:

Om jeg selv blir helten i fortellingen om mitt liv, eller om en annen kommer til å innta den plassen, vil de følgende sider vise. For å begynne min livshistorie med selve begynnelsen til mitt liv, vil jeg fortelle at jeg – etter hva jeg er blitt meg fortalt, og jeg har grunn til å tro – ble født en fredag klokken tolv om natten. Klokken begynte å slå, og jeg begynte å skrike i samme øyeblikk.

Det er nesten 40 år mellom desse to omsetjingane til norsk, men innhaldet er lett forståeleg begge stader. Her er det omsetjinga av hero, station og simultaneously som skil seg mest ut, og kan hende kan ein kan setje spørjeteikn ved Raknes sitt val av hovudmann i staden for helt. Med hovudmann tenkjer nok Raknes på hovudperson, medan Norum nyttar ordet helt som i dag er meir kjend.

William James: The Varieties of Religious Experience
Ola Raknes var lektor i norsk ved Sorbonne i fire år (1917–1921), det var her han for alvor blei interessert i religion og psykologi. Eit vendepunkt kom med lesinga av boka The Varieties of Religious Experience, ein serie forelesingar av William James, ein amerikansk psykolog og

filosof. Denne boka frå 1902 måtte kome på norsk, meinte Raknes. Det blei til slutt 460 sider som Det Norske Samlaget gav ut i 1920: William James. Religiøs røynsle i sine ymse former. Ein etterrøknad um mannanaturi.

For lesarar som på denne tida måtte vere utrygge på ein del sjeldne ord og uttrykk, hovudsakleg landsmålsord, set Raknes inn to sider med ordforklaringar før teksten byrjar.

Når han ikkje kan forklare orda på norsk, set han forklaringa i hermeteikn på dansk (d.) eller engelsk (eng.). I tillegg til framandord som anestesi og ontologisk finn vi ord som ekse (d. «ophidselse»), kløkkjande (pathetisk), tått (eng. «tendency»), åthug (d. «opmærksomhed»), næm (d. «modtagelig») og hug (eng. «mind», d. oftast «sind») i diverse samansetjingar som hugfrisk (eng. «healthy-minded»), hugrørsle (d. «sindsbevægelse», eng. «emotion») og hugtyngsle (d. «nedtrykthed, depression»).

Engelsk original The Varieties of Religious Experience, her utgåve frå 1917:
As regards the manner in which I shall have to administer this lectureship, I am neither a theologian, nor a scholar learned in the history of religions, nor an anthropologist. Psychology is the only branch of learning in which I am particularly versed. To the psychologist the religious propensities of man must be at least as interesting as any other of the facts pertaining to his mental constitution. It would seem, therefore, that, as a psychologist, the natural thing for me would be to invite you to a descriptive survey of those religious propensities.

Norsk ved Ola Raknes i 1920:

Med omsyn til korleis eg skal leggja desse fyrelesingane, lyt eg nemna at eg korkje er teolog eller religionshistorikar eller antropolog. Psykologi er den einaste vitskapsgreini eg er serleg heime i. For psykologen må dei religiøse hugdragi hjå mennesket vera minst like forvitnelege som noko anna av det som høyrer mannehugen til. Det vilde difor synast naturleg for meg som psykolog å bjoda dykk ei skildrande utsyn over desse hugdragi.

Omsetjinga til Raknes synest meir forenkla og rett-på-sak enn den noko omstendelege skrivemåten til James. Slik kan sju komma bli gjort om til eitt. Elles verkar Raknes sine gammaldagse målformer heller uvanlege og framande for oss i dag, som orda hugdrag og bjoda, men slik skrivemåte ville sjølvsagt ha dukka opp i ei tilsvarande omsetjing til riksmål frå same tid. Raknes si omsetjing utmerkjer seg «ved sin lødige og pregnante nynorske stil», meinte Frithjof Fluge i 1952.[5]

Henri Bergson: Le rire. Essai sur la signification du comique.
Frå Paris drog Raknes til London der han var norsklektor i eitt år ved London University College (1921–1922). I juleferien reiste han til Paris for å snakke med den franske filosofen Henri Bergson m.a. om arbeidet sitt med omsetjinga av Bergsons bok Le rire. Essai sur la signification du comique. I 1922 kom boka ut på Samlaget med tittelen Låtten. Ein etterrøknad um meiningi i det komiske.

Henri Bergson: Le rire. Fransk original, her frå 1969-utgåva

Peindre des caractères, c’est-à-dire des types généraux, voilà donc l’objet de la haute comédie. On l’a dit bien des fois. Mais nous tenons à le répéter, parce que nous estimons que cette formule suffit à définir la comédie. Non seulement, en effet, la comédie nous présente des types généraux, mais c’est, à notre avis, le seul de tous les arts qui vise au général, de sorte que lorsqu’une fois on lui a assigné ce but, on a dit ce qu’elle est, et ce que le reste ne peut pas être.

Norsk ved Ola Raknes, Låtten 1922

Teikna karakterar, det vil segja ålmenne typar, det er soleis uppgåva åt den høge komedia. Det hev alt vorte sagt mange gonger. Men me tek det uppatt, for etter vår meining er denne formelen nok til å definera komedia. For ikkje berre syner komedia fram ålmenne karakterar, men ho er etter vår meining den einaste av alle kunster som stilar etter det ålmenne, soleis at når ein fyrst hev peika ut at dette er uppgåva hennar, so hev ein sagt alt det ho er, og alt det som resten ikkje kann vera.

Norsk ved Eva Wyller, Latteren, Tanum 1971

Å tegne karakterer, det vil si generelle typer, deri består den høyere komedies oppgave. Det har vært sagt mange ganger. Men vi gjentar det, fordi vi mener denne formel er tilstrekkelig som definisjon for komedien. For ikke bare presenterer komedien generelle typer, men den er efter vår oppfatning den eneste av alle kunstarter som sikter mot det generelle, slik at når den en gang blir tilskrevet dette formål, så er dermed sagt hva den er og hva det øvrige ikke kan være.

Raknes vel å utelate infinitivsmerket, noko som verkar rart på norsk. Verbaliseringa hos Raknes av «nok til å definera komedia» er meir vanleg på nynorsk enn bruk av substantiv hos Wyller. At Raknes vel å omsetje «des types généraux» med «ålmenne karakterar» er litt underleg. Her er Wyllers «generelle typer» eit betre val. Elles er det ordet but som skil seg ut med uppgåva hos Raknes og formål hos Wyller, men begge vala fungerer godt i samanhengen. Sjølv om but kan tyde formål eller siktemål, er Raknes sitt val av ordet uppgåva også i siste periode truleg nytta for å understreke komedien si uppgåva i første periode.

Gjennom omsetjinga av både James og Bergson sin vitskaplege prosa la Raknes ned eit stort arbeid i å arbeide fram ein filologisk, religiøs og psykologisk terminologi på norsk. I tillegg utvikla han nynorsken som faglitterært språk, også i artikkelsamlinga Fri vokster. Psykologiske Essays (Tanum, 1949). Han fekk ros av filosofiprofessor Jon Hellesnes for å ha utvikla ein nynorsk sakprosa: «For meg har Ola Raknes vore viktig. Han er ein betre nynorskskribent enn mange av dei diktarane målrørsla likar å hylle.»[6]

Sensasjon i USA
Ola Raknes gjorde ei gedigen livsreise og klassereise – frå å vere son av ein fiskarbonde på eit lite gardsbruk på Osterøy til han 86 år gammal i 1973 heldt foredrag for 2000 interesserte tilhøyrarar i San Francisco. I den fordomsfrie byen var dei nysgjerrige på nordmannen som blei rekna som arvtakaren etter den kontroversielle psykoanalytikaren Wilhelm Reich. Raknes hadde nettopp skrive verdssuksessen Wilhelm Reich and Orgonomy, og no var han «Star of the conference». Reich hadde fått ein renessanse i byen, særleg ideane hans om seksualitet og orgasmens frigjerande kraft. Både beatpoetane og hippierørsla omfamna Reich, og mange hadde sett Dusan Makavejevs film W.R.-Organismens mysterier. No var det Ola Raknes som representerte den dionysiske opprøraren og den seksuelle revolusjonen.

Dessutan hadde Raknes nyleg vore på all verdas avisforsider. Han var gjort verdsberømt som den private psykoterapeuten til James Bond, dvs. Sean Connery, som flaug inn frå London for å gå i orgonterapi hos Raknes i Oslo. Raknes hadde pasientar heilt til han døydde 88 år gammal i januar 1975. Ola Raknes bevegde seg frå det filologiske til det energetiske, frå ord til orgon og orgasme. Han kjempa med det heilage og ville frigjere ekstasen i oss. Han arbeidde for ein fri vokster i språk, sinn og sjel.

Jan Olav Gatland

Bøker av Ola Raknes
Chapters in Norwegian literature. Being the substance of public lectures given at the University College, London during the sessions 1918–1922. Saman med Illit Grøndahl. London: Gyldendal, 1923. 308 s. Ny utg. Freeport, NY: Books for Libraries Press, 1969.

Engelsk-norsk ordbok. Oslo: Aschehoug, 1927. 1069 s.

Fransk-norsk ordbok. Oslo: Noregs Boklag, 1942. 1098 s. Ferdig i 1931. Ny utg. 1976.

Fransk-norsk ordliste for gymnasi, til dei franske lære- og lesebøkene av Bødtker og Høst og Hermanstorff og Wallem. Oslo: Samlaget, 1914, 141 s.

Fri vokster. Psykologiske Essays. Oslo: Tanum, 1949. 194 s.

Møtet med det heilage. Ein etterrøknad um det psykologiske grunnlaget for religion. Oslo: Gyldendal, 1927, 288 s. (Doktoravhandling) Ny utg. 1972 med langt etterord «Liv og religion».

Wilhelm Reich and Orgonomy. Oslo: Universitetsforlaget og New York: St. Martin’s Press, 1970. 130 s. Forord av Elsworth F. Baker. Omsett til over tjue språk, inkl. portugisisk, tyrkisk og dansk, men ikkje til norsk.

Litteratur om Ola Raknes:
Gatland, Jan Olav. Ord og orgasme. Ein biografi om Ola Raknes. Oslo: Samlaget, 2010. Inkl. ei omfattande litteraturliste.
Noter
[1] For folkeoplysning – tidsskrift for boksamlinger og folkeakademier, årg. 3 (1918), 241.

[2] For folkeoplysning, 245.

[3] Fyreord, Fransk-norsk ordliste for gymnasi (Oslo: Samlaget, 1914), n.p.

[4] Dag og Tid 1.6.2007. Her er det ein trykkfeil i avisa. Det burde stått særnorske.

[5] Norsk Biografisk Leksikon, 1952.

[6] Norsk Tidend nr. 5, 2009.

 

Bibliografi