Olav Dalgard, 1889–1980

Foto: Wikimedia Commons

Olav Dalgard var ein sentral aktør i norsk kultur- og åndsliv i over 50 år, ein markant pionér innan film og teater, men også aktiv som forfattar, kritikar, målmann, humanetikar og som omsetjar. Som dramaturg ved Det Norske Teatret hadde han som oppgåve å finne høveleg dramatikk til oppføring, og derfor byrja han sjølv å omsette skodespel frå tysk, engelsk, svensk og islandsk.

Dalgard var fødd i Folldal og voks opp i Oppdal med namnet Olaf Hanssen. Først som 25-åring tok han etternamn etter ein gard i bygda og blei Olav Dalgard. Etter folkeskule og ein to månaders ambulerande framhaldsskule arbeidde han eit par år som slusk på Dovrebana. I 1916 drog han til Voss og byrja på latinlinja ved landets første landsgymnas, med nynorsk som hovudmål. Her vakna interessa for språk, politikk og teater.

Etter Voss flytta Dalgard til Kristiania og kom raskt med i Studentmållaget, først i styret, seinare som formann, og blei i 1921 medlem nr. 14 i det kommunistiske laget «Mot Dag», med Erling Falk som karismatisk leiar. Her blei han redaktør i bladet Fram og var aktiv som skribent og kritikar. Han studerte kunsthistorie og norsk, og tok magistergraden i 1929 med ei avhandling om Ibsens drama Fru Inger til Østraat, som året etter blei trykt i Edda. Ved sida av arbeidde han på Universitetsbiblioteket og var stundom lærarvikar. I 1926 fekk Dalgard òg tid til å gifte seg med tannlege Anna Sorteberg, og dei fekk to søner: Gunnbjørn Dalgard som blei cand.oecon, og Odd Steffen Dalgard som blei dr.med., professor, overlege og ein kjend psykiater.

Som medlem av Arbeidarpartiet og frå starten i AOF (Arbeidernes Opplysningsforbund) blei Dalgard særleg knytt til Haakon Lie og Aase Lionæs, begge sterkt kultur- og teaterinteresserte. Vidare var Dalgard med på stiftinga av Sosialistisk Kulturfront i 1935 og blei viseformann, seinare formann, og sat i redaksjonen i tidsskriftet Kamp og Kultur. Under krigen blei Dalgard arrestert og sat i tysk fangenskap i tre år frå mai 1942, først på Grini og deretter i konsentrasjonsleiren Sachsenhausen. Nokre av opplevingane frå denne tida er nedfelte i Gjennom mørkret. Dikt frå fangelægret (1945). Dalgard var medlem av Den Norske Forfatterforening frå 1949 og sat i Det litterære råd 1963–1970.

Før krigen hadde Dalgard hatt fleire opphald i Moskva, og han var seinare formann i Norsk-Sovjetrussisk samband (1948–1950): «Vi skal søke en slik kontakt, en slik forbindelse med dette veldige folket, at vi øker vår kunnskap om det, at vi stadig nærmer oss sannheten, den hele og fulle sannhet om det.» Dette skreiv han som ein av dei tre redaktørane av publikasjonen Kontakt med Sovjet-Samveldet i 1948.

Dalgard var med frå stiftinga av Human-Etisk Forbund i 1956 og var med i Forbundets Råd, både som visepresident og president i perioden 1965–1976. Han var redaktør for to artikkelsamlingar, Human-etisk utsyn (1968 og 1972), og tok i 1987 initiativet til tidsskriftet Humanist. Dalgard kjempa imot statskyrkjelege autoritetar, ville avsløre fordommar og avdekkje undertrykking og uttrykte seg for kvinnefrigjering, seksuell frigjering og det moderne innan kunst- og kulturuttrykk. Frå 1961 var Dalgard statsstipendiat, og i 1979 fekk han Norsk Kulturråds ærespris.

I 1973 og 1978 gav Dalgard ut ein stor sjølvbiografi i to band, Samtid, som blir rekna som viktig kulturhistorie om 1900-talet. 82 år gammal døydde han 1. juledag 1981. Bjartmar Gjerde talte ved bisetjinga og sa mellom anna: «Hva han har betyddd for kulturlivet i norsk arbeiderbevegelse, kan vanskelig overvurderes. [...] I sine artikler om film, teater og litteratur var han en klok og vidsynt veileder. [...] I det vi forstår med kultur i arbeiderbevegelsen har han stått helt sentralt. For tusener åpnet han døra inn til en ny og rikere verden.»[1]

Skribenten
I 1929 fekk Olav Dalgard jobb som journalist og bokmeldar i målavisa, Den 17de Mai. Ryktet om skribenten spreidde seg, og etter kvart hadde han fast jobb med å skrive for ymse aviser, særleg Dagbladet og Arbeiderbladet. Alt frå 1929 var han knytt til NRK som fast kåsør og journalist i program som «Sett og hørt» og «Dagens bok». Han var den første som snakka normalisert nynorsk i radio og måtte tole ein del sure reaksjonar. Som skribent veksla han mellom dei to målformene og tykte nynorsk var meir utfordrande enn bokmål: «Å skrive nynorsk er som å arbeide i granitt, mens bokmålet kan liknast med mjuk kleber,» skreiv han i 1978. Sidan blei han ein forkjempar for samnorsk og kom tidleg med i «Landslaget for språklig samling», stifta i 1959, som arbeidde for eit sams skriftspråk i Noreg. Dalgard skreiv jamleg i bladet Språklig samling, og i 1979 fekk han Språklig samlings litteraturpris.

Kristian Elster såg tidleg kvaliteten i Olav Dalgard som kritikar, og alt i 1934 skreiv han i litteraturhistoria si at i Dalgard «har landsmålslitteraturen en saklig og klok kritiker som skriver et sjeldent klart og moderne landsmål.»[2] Då Norsk Litteraturkritikarlag vart stifta i 1946, gjekk Dalgard tidleg inn i styret, var formann i åra 1953–1955 og deretter styremedlem i fleire år. I 1962 dukka Dag og Tid opp, og Dalgard blei raskt ein ivrig skribent i nynorskavisa. Tore Ørjasæter var fast lesar og skreiv til Dalgard «og godt skriv Du, sakkunnigt og både inntrengjande og inspirerande sakleg og klårt.»[3]

Filmmannen
Sist i 20-åra fekk Mot Dag tak i dei store russiske stumfilmane, og Dalgard forstod raskt at film var eit utmerka kampmiddel som kunne opplyse og engasjere folk. Haakon Lie var ein ivrig aktør og medhjelpar, og fekk AOF og Dalgard i sving med å lage sosialistiske filmar. Den eigentleg første spelefilmen var Samhold må til (1935) med stoff frå rallarlivet på Dovrebana, og som fekk stort sett gode kritikkar. Filmane Vi bygger landet og By og land, hand i hand var begge retta mot arbeidsløysa. Arbeidskonflikt er temaet i filmen Det drønner gjennom dalen, medan Gryr i Norden handlar om fyrstikkarbeidarstreiken i 1889. Etter andre verdskrigen kom filmane Om kjærligheten synger de, om arbeidsløyse, uteliggjarar og alkoholisme, og krigsdramaet Vi vil leve. Sistnemnde filmmanus blei skrive på Grini. Han fekk sidan lov til å filme i leiren og engasjerte tidlegare Grini-fangar som iførte seg dei forhatte fangekleda og filma scener frå den fryktelege tida.

Den 1. mai 1978 sa Haakon Lie i eit radiointervju: «Olav Dalgard skapte ekte og levande film som i dag er varige dokument over ei hard tid. Eg var handlangar for Dalgard; han gjorde grovarbeidet. Eg skaffa pengar, sørgde for transporten av materiale og utstyr. Mykje venting, men Olav Dalgard var tålmodig.»[4] Dalgard gav i 1950 ut det første norske filmteoretiske arbeidet, Filmskuespillet. Han medverka til skipinga av Norsk filminstitutt i 1956 og var medlem av Statens filmråd. I 1979 blei Dalgard utnemnd til æresmedlem i Norsk Filmforbund, som han var med å starte like etter krigen, då som Norsk Filmteknikeres Forbund.

Teatermannen
I 1930 byrja Dalgard som litterær rådgjevar (dramaturg) ved Det Norske Teatret i halv stilling, og det var han i nesten 50 år. Han fekk tilbod om 100 %, men ville vere frikar i resten av stillinga. Full av idéar kom han heim frå den internasjonale teaterkongressen i Moskva i 1933, skreiv boka Sosialt teater (1933) og starta teatergruppa Rødt Lys og anna arbeidarteater, det som blei kalla «tramteater». Dette var ambulerande agitasjonsteater, gateteater som skulle appellere til ungdommen, og det blei stifta fleire lokale tramgjengar rundt om i Oslo. Både Jack Fjeldstad og Thorbjørn Egner var aktive i teaterarbeidet på denne tida.

Som dramaturg på Det Norske Teatret valde Dalgard ut spelstykke og fungerte både som omsetjar og instruktør. Som sistnemnde skal nemnast antikrigsstykket Ultimatum av Tarjei Vesaas i 1934 og draumspelet Christophoros av Tore Ørjasæter i 1948, begge modernistiske skodespel som var svært utfordrande for regissøren, og som fekk blanda kritikk. Til teatrets 40-årsjubileum i 1953 gav Dalgard ut Det Norske Teatret 1913–1953. Den første større teaterhistoria på norsk, Teatret frå Aiskylos til Ibsen, kom i 1948. Sju år seinare gav han ut boka Teatret i det 20. hundreåret og i 1972 Europeisk teater frå antikken til realismen. Dessutan forelas Dalgard ved Statens Teaterskule, oppretta i 1953, og som han lenge hadde arbeidd for å få fram, saman med å få godkjend teatervitskap som universitetsfag. Hausten 1958 heldt han opningsforelesinga i teatervitskap ved Universitetet i Oslo, og denne blei året etter trykt i Syn og Segn. Saman med Lars Berg arbeidde Dalgard òg aktivt for etableringa av eit nordnorsk teater og lukkast i 1971.

Omsetjaren
Det var Olav Dalgards oppgåve som dramaturg å finne fram til og lese skodespel for slik å setje saman eit høveleg repertoar som låg til rette for Det Norske Teatret og skodespelarstaben, og som ikkje minst kunne lokke publikum til teateret. Dette gjaldt i hovudsak nye skodespel, både norske og utanlandske frå dei språka han hadde lært seg i studietida, som engelsk og tysk. At han i tillegg byrja å omsetje stykka sjølv, kom truleg av at han hadde lyst og tid, og at det var greiast for teateret.

Både som instruktør og især som omsetjar ved nynorskteateret var Dalgard opptatt av språk og uttale. Her sette han straks i gang med å mjuke opp målet. Scenespråket skulle best mogleg spegle att det målet som publikum nytta på Austlandet og i hovudstaden – eit enkelt kvardagsleg og lett forståeleg talemål. Teateret må alltid lempe seg etter sitt publikum, meinte han, noko eit teater må gjere om det vil leve. Dalgard ville derfor ha slutt på det gamle «me-hev-fengje-soli»-målet og erstatta det med «vi-har-fått-sola», noko som òg høvde betre i hovudstadsområdet. Skodespelarane måtte få eit meir naturleg austlandsfarga scenemål, og i størst mogleg grad nærme seg vårt folkemål. Dalgard var ein ivrig talsmann for folkemålet, og det skulle vere basert på nynorsk. For han var språkreising og arbeidarreising same sak, ein fridomskamp. Denne innstillinga til målet gjennomførte Dalgard i omsetjingane sine og la såleis grunnlaget for den vidare språkutviklinga og språkfornyinga ved Det Norske Teatret.

Avisomtalane
Dalgard omsette nitten skodespel til nynorsk, frå svensk, engelsk, tysk og islandsk. Sytten av dei blei oppførte på Det Norske Teatret, og tretten av desse før 1940. Dei fleste programhefta til desse teaterframsyningane er tilgjengelege på Nasjonalbiblioteket sine heimesider, men dei inneheld berre rolleliste og namn på regissør og omsetjar. Verre er det å finne sjølve den omsette teksten til Olav Dalgard. Dessverre er det slik at eit skodespel sjeldan blir gjeve ut som bok, og det eksisterer i så fall berre som eit maskinskrive rollehefte. Det einskilde teater har som oftast tatt vare på ein del av desse manuskripta, helst det eksemplaret som har tilhøyrd regissøren eller suffløren. Teatervitskapleg og teaterhistorisk er rolleheftet til suffløren det viktigaste, for her har hen notert ned alle endringane i replikkane som regissøren stryk og endrar undervegs, og det er denne siste versjonen som blir sagt fram på scena. Dei utanlandske originaltekstane til desse omsette skodespela kan òg vere vanskelege å oppdrive då dei sjeldan blir kjøpte inn av biblioteka.

Etter det vi veit kommenterte Dalgard sjølv aldri offentleg arbeidet sitt som omsetjar. Når det gjeld å vurdere kvaliteten på omsetjingane hans, er stundom avisomtalane det beste vi har å halde oss til. Som vi veit frå aviskritikk generelt, blir omsetjaren eller omsetjinga ikkje alltid nemnd, eller i hovudsak berre så vidt kommentert. Men viss dei ikkje nemner omsetjinga, tyder jo det på at replikkane glir lett, og at språket fungerer som det skal. På ei teaterscene er dette det viktigaste. Om kritikaren har lese originalteksten, er ei heilt anna sak.

Erik Lindorm: Krakk. DNT 1931. Svensk originaltittel: Krasch.
Her nytta Dalgard a-mål og kløyvd infinitiv for å likne dialektar på Austlandet, altså vera og koma, men kaste og finne. Arne Falk skreiv i Den 17de mai: «I det store og heile har Olav Dalgard kome vel frå det vande arbeidet med aa skriva dette sterkt Stockholm-farga skodespelet um til nynorsk, og det er heilt rett at han nyttar a-maalet.» Medan Kristian Elster i Nationen meinte at omsetjaren «arbeider tungt med teksten» og har problem med å gje att bysjargongen.[5]

Otto Indig: Brura frå Torosko. DNT 1932. Omsett frå tysk: Die Braut von Torozko.
Kristian Elster hevda i Nationen at trass i ei litt stiv oppsetjing snakka skodespelarane naturleg og fritt, noko som skuldast omsetjinga: «Dalgard er en av de ikke mange som skriver og taler et helt moderne landsmaal, han har faatt inn i det en Oslo-tone, som er i nær slekt med den som er karakteristisk for en krets unge riksmaalsjournalister her av staden. Hans sprog er ledig, levende og klart, fritt for blomstrende adjektiver, naturlig og helt av vaar tid.»[6]

Davíð Stefánsson: Ved himmelens port. DNT 1946. Islandsk original: Gullna hliðið.
Paul Gjesdahl noterte i Arbeiderbladet: «Olav Dalgards oversettelse er fin og klangfull».[7]
I Morgenbladet skreiv Carl Fredrik Engelstad at «Olav Dalgard hadde besørget den ledige og gode oversettelse.» Dalgard hadde «oversatt stykket til et friskt og velklingende norsk», meinte Gunnar Reiss-Andersen i Aftenposten. Derimot hevda Nils Chr. Brøgger i Nationen at: «Dialogen er tung og tørr, og Olav Dalgards oversettelse fra islandsk virker ofte kluntet.» Men når det same stykket med tittelen Den gylte porten kom i Radioteatret åtte år seinare med stort sett dei same skodespelarane, skreiv Brøgger at Dalgards omsetjing «klang utmerket».[8] Signaturen –ff– i Fremtiden omtalte oppføringa i Radioteatret som følgjer: «Skuespillet var omsatt av Olav Dalgard, såvidt undertegnede kan skjønne med stor dyktighet».[9]

 I 1952 blei Ved himmelens port oppført ved Den Nationale Scene i Bergen. Olav Simonnæs peika i Bergens Arbeiderblad på at ein her for første gong kunne høyre «nynorsk uten merkbart knot».[10] Det skuldast nok Dalgards omsetjing, og i jubileumsboka Den Nationale Scene 1931-1976 (1977) understreka Eiliv Eide at Dalgards nynorske omsetjing kledde stoffet.

August Strindberg: Frøken Julie. Premiere DNT 2.9.1951. Svensk original: Fröken Julie (1888).
I Arbeiderbladet framheva Paul Gjesdahl: «Den eneste av de opptredende som ble strindbergsk i ånd og sannhet, var Raghild Michelsens dyktige [...]. På samme høye nivå lå Olav Dalgards oversettelse». Ragnvald Skrede meinte i Norsk Tidend at «Olav Dalgards omsetjing var fast og fyndig». I Norges Handels- og Sjøfartstidende stod det: «Meget god var også Olav Dalgards overførsel til norsk.» Finn Bø i Aftenposten skreiv berre: «Olav Dalgards oversettelse var meget smidig og god.» [11]

Dalgards originale omsetjingar
Når det gjeld rollehefta frå Det Norske Teatret, er dei stort sett leverte til Nasjonalbiblioteket. Blant Dalgard sine sytten oppførte stykke skal Nasjonalbiblioteket ha tretten regi- og/eller sufflørmanus. Desse kan interesserte få låne og nytte på bibliotekets spesiallesesal. Her skal vi sjå på eit par av dei.

Friedrich Wolf: Matrosane i Cattaro.
Premiere på DNT 30.1.1937. Tysk original: Die Matrosen von Cattaro, 1930, her nytta ei utgåve frå 1988. Mannskapet på skipet har nettopp fått ei melding av ein offiser om at dei ser på «opprøret» som mytteri.

TRULEC: «Meuternden Schiffe ...», Frechheit!
FRANZ sieht sie an: Wie soll es denn heissen? Also: «Falls die meuternden Schiffe bis heute fünf Uhr nachmittags die rote Flagge nicht streichen und ihren Offizieren die Befehlsgewalt wieder übergehen, werden die Batterien nach Ablauf der Frist das Feuer auf die Schiffe eröffnen. Der Parlamentär nimmt eine Empfangsbestätigung entgehen.»
[...]
FRANZ: Kameraden! Ihr alle wisst, wenn wir diesmal zu kämpfen gezwungen werden, der Kampf ist nicht umsonst; der wird die mächtigste Demonstration für den Frieden sein, der wird nich damit zu Ende sein, dass man uns zusammenschiesst! [...] Wir werden das Feuer vorerst nicht erwidern. Bei dem ersten Treffer aber feuern sämtliche Schiffe mit allen Geschützen, und für jeden toten Matrosen wird es zwei tote Offiziere geben.
MATE: Bravo! Das ist richtige Tönchen!
ALIS: Das werden sie kapieren!

Olav Dalgards norske omsetjing av Friedrich Wolf: Matrosane i Cattaro, sitert frå Nasjonalbiblioteket eksemplar av sufflimanuset, altså nødvendigvis ikkje heilt identisk med det som blei sagt av skodespelarane. Omsetjinga syner dessutan at Dalgard (som òg var regissør) har stroke enkelte replikkar, forkorta scener og redusert talet på mannskap – noko som til tider har vore heilt vanleg for å oppnå best mogleg resultat på scena.

TRULEC: ‘Mytteri’ – den var jagu frekk!
FRANZ: Det er deira syn på saka. Altså: ‘Dersom dei skip som har gjort mytteri ikkje stryk det raude flagget og gjev offiserane attende kommandoen fyre kl. 5 i dag, so blir det opna eld frå alle batteri, til dette ultimatumet er uppfyllt. Vår utsending skal ha med klårt svar attende’.
[...]
FRANZ: De veit alle, kameratar, at når vi strir i dag, so strir vi ikkje til fånyttes. Det blir den mektigaste freds-demonstrasjon som nokon gong har vore gjort. Og han skal i allfall ikkje ende med at vi kryp til krossen alle mann. [...] Vi løyser ikkje skot før eit av skipa våre er råka. Men etter fyrste treffaren opnar vi eld frå alle skipa samstundes. Og for kvar matros som fell skyt vi to offiserar.
MATE: Bravo! Dette er rette tonen!
ALOIS: Det svaret vil gje dei noko å tenkje på.

Her noterer vi at den første replikken «Frechheit!» er fritt omsett og talemålsnært med «den var jagu frekk!». I svaret frå Franz «Wie soll es denn heissen?» er Dalgard like fri, men får godt fram meininga: «Det er deira syn på saka.» Derimot er delsetninga «dass man uns zusammenschiesst!» omsett av Dalgard til det meir krøkkete og uklare (?) «at vi kryp til krossen alle mann».

I Arbeiderbladet gav Hans Heiberg instruktør Dalgard god kritikk, men var ikkje nøgd med omsetjinga: «[Olav Dalgard] har nemleg på veien fra tysk til norsk mistet svært meget av miljøpreget, den saftige og gudsforgåent humoristiske sjømannstonen har blitt temmeleg abstrakt og landfast, og på den måten blir det vanskeligere å skjønne den blandingen av sailorflott dumdristighet og engstelighet som er forutsetningene for oprøret og nederlaget.»[12] Sigurd Evensmo sende reisebrev frå premieren til landets arbeidarpresse. Han hadde derimot ingen kommentar til språket, men skrytte av framsyninga og ville ha den send ut på turné.[13]

John Steinbeck: Mus og mann.
Premiere på DNT 21.9.1939. Engelsk original: Of Mice and Men. Steinbecks eiga dramatisering av novella med same namn, begge i 1937, her nytta ei utgåve frå 1964. I denne scena tidleg i stykket har Lennie vore inne i buskaset og funne nokre kvistar, men tydelegvis òg noko anna, ei daud mus.

GEORGE. (Holding out his hand.) Come on! Give it to me! You ain’t puttin’ nothing over. (LENNIE hesitates, backs away, turns and looks as if he were going to run. Coldly.) You gonna give me that mouse or do I have to take a sock at you?
LENNIE. Give you what, George?
GEORGE. You know goddam well what! I want that mouse!
LENNIE. (Almost in tears.) I don’t know why I can’t keep it. It ain’t nobody’s mouse. I didn’t steal it! I found it layin’ right beside the road. (GEORGE snaps fingers sharply, and LENNIE lays mouse in his hand.) I wasn’t doin’ nothing bad with it. Just stroking it. That ain’t bad.
GEORGE. (Stands up, throws mouse as far as he can into the brush, then steps to pool, washes his hands.) You crazy fool! Thought you could get away with it, didn’t you? Don’t you think I could see your feet was wet where you went into the water to get it? (LENNIE whimpers like a puppy.) Blubbering like a baby. Jesus Christ, a big guy like you! (LENNIE tries to control himself, but his lips quiver and his face works with an effort. GEORGE puts hand on LENNIE’S shoulder for a moment.) Aw, Lennie, I ain’t takin’ it away just for meanness. That mouse ain’t fresh. Besides, you broke it pettin’ it. You get a mouse that’s fresh and I’ll let you keep it a little while.

Olav Dalgards norske omsetjing i Nasjonalbiblioteket har tittelen korrekt og direkte omsett med Um mus og menn. Men teaterstykket blei lansert med den meir dialektprega tittelen Mus og mann, eit sjømannsuttrykk som ikkje synest heilt vellukka. Her er sitert frå regimanuset utan endringane som seinare er tilført teksten, altså noko annleis enn det som blei framført på scena:

GEORG: (held fram hand) Fort deg no! Du held ikkje noko løynt for meg!
LENNIE: (tvikande, tek nokre steg attende og ser seg ikring som han vil røma).
GEORG: (kaldt) Du får koma med henne, – elles blir eg nøydd til å gje deg ein
uppercut! (kilevink).
LENNIE: Kva vil du gje meg?
GEORG: Å, du skynar godt kva eg meiner! Fort deg no!
LENNIE: (mest på gråten) At eg ikkje kan få ha ei mus i fred heller. Eg har ikkje teke ho frå nokon! Eg har ikkje stole! Eg fann ho, i sanden der!
GEORG: (knipsar med fingrane ein skarp smell.)
LENNIE: (som dregst fram og attende millom G. og musa, legg henne til slutt i handa til G.) Eg har ikkje gjort noko gale med musa, – berre klappa ho litt. Kan då ikkje vera noko fårleg i det.
GEORG: (slengjer musa langt inn i krattet, går ned til dammen og vaskar hendene sine.) Fordømde tosk! Trudde du skulde narre meg no, kva? – Trur du ikkje eg såg på buksene dine at du hadde vore ut i vatnet? (LENNIE pistrar som ein kvelp.) Sutrar som ein liten unge, no! (L. Freistar ta seg saman, men lippone hans skjelv og andletet speglar av ulukke. G. Legg handa på aksla hans ein augneblink.)
GEORG: Å, Lennie, Lennie, det er ikkje for å vera slem med deg. Men du må lære å skyna at slike daude myser ber på smitte – er livsfårlege. Finn du ei levande frisk mus so kan du gjerne ha henne for meg. Men du går og stryk på dei og tutlar med dei til du drep dei.
******

Det er uvisst kva for originaltekst Dalgard nytta, to år etter originaloppsetjinga i New York og fire månader etter premieren i London. I dette utdraget skil den norske teksten seg frå den engelske eit par stadar, m.a. har Dalgard med eit unødvendig forklarande tillegg om at daude mus er smittefarlege. Han endrar òg på setningane i denne replikken, truleg for å gjere innhaldet meir tydeleg. Elles kan nemnast replikken til Lennie «Give you what, George?» som Dalgard omset med «Kva vil du gje meg?» Det kan vere ei mistyding eller eit medvitent forsøk på å følgje opp Georgs trussel om å slå han. Dalgard vel heller ikkje å omsetje Georgs utbrot «Jesus Christ, a big guy like you!», noko som er meir overraskande. Sjølv om han ville unngå banneorda, burde han uansett tatt med den siste delen av replikken. Då det Norske Teatret hausten 1996 sette opp Steinbecks drama med tittelen Om mus og menn, hadde Edvard Hoem omsett replikken til «Herrejesus, ein stor kar som du!» Også den nemnde replikken frå Lennie var i samsvar med den engelske originalen.

I Arbeiderbladet kommenterte Paul Gjesdahl omsetjinga til Dalgard på følgjande vis: «Det har ikke vært lett å gi Steinbecks knappe, amerikanske replikker en høvelig nynorsk språkdrakt. Men Olav Dalgard hadde klart denne siden av saken med suveren kyndighet.» Anton Rønneberg understreka i Aftenposten: «Og Olav Dalgards oversettelse har fastholdt forfatterens friske, enkle stil. [14]

Bjørnstjerne Bjørnson: Mellom slaga.
Ved Bjørnsons 100-årsjubileum i 1932 blei Det Norske Teatret stadig nekta å spele Mellem slagene på nynorsk, men Bjørn Bjørnson gav dei lov i 1939. Henrik Rytter hadde då alt omsett stykket til Mellom slaga. Først i 1971 kom nynorskversjonen av skodespelet ut som bok, då omsett av Olav Dalgard saman med ei rettleiing for amatørskodespelarar.

Bjørnstjerne Bjørnson: Mellem slagene, 1857, her nytta den reviderte hundreårsutgåva frå 1932. Då Øysteins korte monolog blei sjekka med førsteutgåva trykt i 1858, oppdaga underteikna ei heil setning som var utelaten, og som ikkje kom med i utgåva frå 1932, heller ikkje hos Dalgard. Sitatet er frå 14. scene:

ØJSTEJN. Så liten skræmsel er det med din sorg, at den ændog lokker som en liten hvitklædd pike den som har det værre.
INGA (deltagende). Har du det værre da?
ØJSTEJN. Jeg ikke; nej, det er andre som jeg tænker på.
INGA. Andre? Du faller i tanker.
ØJSTEJN. Ja, blek, men blid ... lokker den.
INGA. Du talte om andre ... Hvem mener du?
[...]
ØJSTEJN. Jeg vet ... ja ... jeg vet, at mens de slagter hinannen som kvæg, er han ikke god til at lægge hånd på en eneste mann for ikke at øke sin egen ulykke. Og messen sjunges før slaget, og messen efter, og han soner og læger, han gjør vel og mildner, han gir fred til alle dem som ber, men det er én han senest kan gi fred, og det er sig selv.

Olav Dalgard si omsetjing av Mellom slaga. Noregs Boklag, 1971.

ØYSTEIN: Du skal vita, så lita skremsle er det med dine suter at dei lokkar berre som ein kvitkledd jentunge den som har det verre.
INGA: (Syner medkjensle) Har du det verre, da?
ØYSTEIN: Eg ... nei, eg tenkjer på andre.
INGA: På andre? Du vart så tankefull.
ØYSTEIN: Ja, bleik men blid, lokkar han?
INGA: Kven meiner du?
[...]
ØYSTEIN. Eg veit ... ja ... eg veit at medan dei slaktar kvarandre som naut er han ikkje god for å leggje hand på ein einaste mann, for ikkje å auke si eiga ulykke. – Og så syng dei messa føre slaget og etter slaget. Han sonar og han lækjer, han gjer vel og mildnar, han gjev fred til alle som ber om det. Det er berre ein han sist av alle gjev fred, og det er han sjølv.

I omsetjinga til nynorsk legg Dalgard seg stort sett tett inn til Bjørnsons original. Ein stad ser det ut som Dalgard har mistydd heilt. Det gjeld Øysteins replikk «Ja, blek, men blid ... lokker den», der «den» truleg peikar attende på sorga. Medan Dalgard vartar opp med versjonen «Ja, bleik men blid, lokkar han?», med eit uforståeleg spørjeteikn og utelet vidare første delen av Ingas neste replikk: «Du talte om andre ...». Elles er Dalgards versjon frå 1971 meir naturleg og folkeleg enn Bjørnsons med kortare setningar og fleire punktum, noko vi ser i den følgjande monologen. Her unngår òg Dalgard passivkonstruksjonen «Og messen sjunges før slaget», og gjer den om til det meir kvardagslege «Og så syng dei messa føre slaget ...»

Etablerte kritikarpris
I 1980 donerte Dalgard 100 000 kroner til eit fond til oppretting av Olav Dalgard-kritikarpris. Han ville heve nivået i Norsk litteraturkritikarlag, no Norsk kritikarlag: «Kritikerne har aldri vært tilstrekkelig estimert her i landet. Det er mitt håp at denne prisen jeg har innstiftet vil bidra til å oppvurdere dette krevende og viktige yrket,» uttalte Dalgard.[15] Prisen er på 10 000 kroner og ein bronseskulptur av Sivert Donali og går vekselvis til kritikarar innan litteratur, teater og film.

Olav Dalgard var ein institusjon i den norske teater-, film- og bokverda, ein røynd og trygg rådgjevar, høyrd på med respekt av skodespelarar, regissørar, forfattarar og statsinstitusjonar. Som omsetjar av dramatikk var han ein ivrig talsmann for folkemålet. Det skulle vere eit mål som låg lett for skodespelarane å bruke, og ikkje minst lett å forstå for publikum. Med sitt omfattande omsetjingsarbeid la Dalgard eit solid fundament for den vidare språkutviklinga ved Det Norske Teatret.

Jan Olav Gatland

Bøker av Olav Dalgard (eit utval)
1926 Den Nye Landsmålslyrikken. Red. Oslo: Aschehoug.
1926 Nynorsk boklista. Skrifter i bokform paa norsk – bygdemaal og landsmaal. Tridje bandet. Oslo: Samlaget.
1928 Fru Inger til Østeraad. Magisteravhandling i litteratur, UiO. I Edda 1930.
1934 Sosialt teater. Eit utsyn med ei kort rettleiing for amatørar. Oslo: Tiden.
1936 I kamp og fest. Nordisk arbeiderlyrikk i utvalg. Red. Oslo: Tiden.
1945 Gjennom mørkret. Dikt frå fangelægret. Oslo: Noregs Boklag.
1948 Teatret frå Aiskylos til Ibsen. Oslo: Samlaget. Ny rev. utg. 1974.
1951 Filmskuespillet. Historikk, teori, analyser. Oslo: Tanum.
1953 Det Norske Teatret. Oslo: Noregs Boklag.
1955 Teatret i det 20. hundreåret. Oslo: Samlaget. Ny utv. utg. 1976.
1958 Hans Henrik Holm. Dikting og gransking gjennom 25 år. Red. Oslo: S. Kildahl.
1959 Frå antikkens teater: Antigone. NRK skulekringkasting 13.11.1959. Programleiar med innleiing, kommentarar etc. Sendt fleire gongar i reprise.
1966 Lars Tvinde. Oslo: Noregs Boklag, 116 s.
1967 «Scener frå Medmenneske av Olav Duun». NRK skulekringkasting 20.1. Programleiar med innleiing, kommentarar etc. Sendt fleire gongar i reprise.
1968 Ragnar Solberg: Dikt i utval. Red. saman med forf. Oslo: Aschehoug.
1968 Human-etisk utsyn. Red. Oslo: Aschehoug.
1970 Inge Krokann. Liv og dikting. Oslo: Gyldendal.
1972 Europeisk drama frå antikken til realismen. Oslo: Samlaget.
1972 Human-etisk utsyn. Red. Oslo: Human-etisk forbund.
1973 Samtid. Politikk, kunstliv og kulturkamp i mellomkrigstida. Oslo: Tiden.
1978 Samtid II. Krig og etterkrigsproblem. Oslo: Tiden.
1978 Kristofer Uppdal. Ei bok til 100-årsjubileet. Red. Oslo: Noregs Boklag.
1979 Kunst og kunstnarar frå Oppdal i gammal og ny tid. Red. Oslo: Tanum/Norli.
1981 Fem norske lyrikarar: Tore Ørjasæter, Olav Aukrust, Kristofer Uppdal, Olav Nygard, Aslaug Vaa. Oslo: Noregs Boklag.
1981 Spell-Ola. Drama på Røros-dialekt. Oslo: Tiden. Oppført 23.8.1980 i Olavsgruva på Røros.
1982 Bjørnstjerne Bjørnsons forhold til kristendommen og det etiske ansvar. Eit folkeskrift. Oslo: Tiden.

Filmar av Olav Dalgard (eit utval)
1935 Samhold må til. Regi og manus. 43 min.
1936 Vi bygger landet. Regi og manus. 54 min.
1937 By og land – hand i hand. Regi og manus. 58 min.
1938 Det drønner gjennom dalen. Regi og manus. 50 min.
1938 Lenkene brytes. Regi. Manus: Sigurd Evensmo. 42 min.
1939 Gryr i Norden. Regi og manus. 67 min.
1946 Vi vil leve. Regi og manus saman med Rolf Randall. 111 min.
1946 Om kjærligheten synger de. Regi. Manus saman med Alfred Solaas. 94 min.

Bøker om Olav Dalgard
Dalgard, Olav. 1973. Samtid. Politikk, kunstliv og kulturkamp i mellomkrigstida. Oslo: Tiden.
Dalgard, Olav. 1978. Samtid II. Krig og etterkrigsproblem. Oslo: Tiden.
Gatland, Jan Olav. 2013. Olav Dalgard – ein biografi. Oslo: Samlaget.

Notar

i Bjartmar Gjerde: Tale ved bisetjinga, trykt i Fakkelen nr. 2/1981.

[2] Kristian Elster: Illustrert norsk litteraturhistorie, Bind 6. Oslo: Gyldendal, 1934.

[3] Tore Ørjasæter i brev til Dalgard 4. april 1964.

[4] Haakon Lie intervjua i radio 1. mai 1978 ved Jan Eriksen.

[5] A. Falk i Den 17de mai 19. januar 1931. Kristian Elster i Nationen, sitert frå Den 17de Mai 21. januar 1931.

[6] Kristian Elster i Nationen 27. desember 1932.

[7] Paul Gjesdahl i Arbeiderbladet 6. mars 1946.

[8] Nils Christian Brøgger i Nationen 7. mars 1946 og 2. september 1954. Carl Fredrik Engelstad i Morgenbladet 6. mars 1946.

[9] Signaturen «ff» i Fremtiden 1. september 1954.

[10] Olav Simonnæs i BA 9. oktober 1952.

[11] Paul Gjesdahl i Arbeiderbladet 3. september 1951 og Ragnvald Skrede i Norsk Tidend 6. september 1951. Norges Handels- og Sjøfartstidende 3. september 1951. Finn Bø i Aftenposten 3. september 1951.

[12] Hans Heiberg i Arbeiderbladet 1. februar 1936.

[13] Sigurd Evensmo i Bergens Arbeiderblad 2. februar 1936.

[14] Paul Gjesdahl i Arbeiderbladet 22. september 1939. Anton Rønneberg i Aftenposten 22. september 1939.

[15] Dalgard til VG 20. mars 1980.

Bibliotek