Forfatterarkiv: hilde

Bolette C. Pavels Larsen, 1847–1904

Foto: Aure: Kvinnor i den norske bokheimen

Bolette Christine Pavels Larsen er truleg ei av Noregs første aktive kvinnelege omsetjarar, men ho er mest kjend som ein av Nordens mest respekterte litteraturkritikarar. I tillegg til å vere bokmeldar og journalist i Bergens Tidende i rundt 25 år (1880–1904) var Bolette omsetjar, forfattar, målkvinne, opplesar, feminist og aktiv brevskrivar.

Bolette Pavels Larsen brevveksla med svært mange forfattarar, særleg Knut Hamsun. Han skreiv nærmare 100 brev til Bolette og mannen hennar, Ole Johan Larsen. Det gjorde òg fleire andre forfattarar som Arne Garborg og Hulda Garborg, Verner von Heidenstam, August Strindberg, Georg og Edvard Brandes, Bjørnstjerne Bjørnson, Henrik Wranér, Gustaf af Geijerstam og Juhani Aho. Breva til Bolette er bevarte ved Universitetsbiblioteket i Bergen,[1] medan dei aller fleste breva frå Bolette truleg er gått tapte.

Les mer