Bob Dylan på norsk

Bob Dylan 23. juni 1978 Foto: Wikimedia Commons

Av Reidar Aasgaard
Aasgaard er utdanna filolog og teolog. Han er professor i idéhistorie ved Humanistisk fakultet, Universitetet i Oslo. Han har vore medredaktør av ein antologi om Bob Dylan, publisert artiklar og hatt ansvaret for førelesingsrekkjer om han.

Artikkelen er fagfellevurdert.

Bob Dylan (1941–) er utan tvil den kunstnaren innan moderne songlyrikk, kan hende innan nyare populærkultur i det heile, som har blitt omsett oftast og i flest versjonar til norsk. Meir enn 150 Dylan-songar er hittil omsette, om lag ein fjerdedel av songane
totalt. Denne artikkelen gjev eit bilete av omsettingssoga for Dylan på norsk, skisserer sentrale trekk i denne historia og presenterer somme karakteristiske eksempel.

Bob Dylan, fødd Robert Allen Zimmerman 24. mai 1941, er ein mangfaldig kunstnar. Mest kjent er han som songar, tekstforfattar og komponist. Sidan sitt første album i 1962 har han per dags dato gjeve ut 39 studioalbum, 12 livealbum og 17 utgåver av «The Bootleg Series», med alternative songversjonar, konsertversjonar og songar som ikkje vart med på dei ordinære albuma. I tillegg kjem ei mengd samlealbum, singlar, EP-ar, filmmusikk og anna. Han har i alt forfatta omkring 600 songar, både tekstar og melodiar.

Songane spenner over eit svært stort register: Dei omfattar politisk protest, kristen forkynning, sosial kommentar, forteljingar, samt skildringar av menneskelege relasjonar og av parforhold. Dei set ord på eit mangfald av kjensler, alt frå sinne og bitterheit til eros og intens glede, og med både alvor og humor, også i kombinasjon. Musikalsk speler Dylan på tradisjonelle former som folkemusikk, rock, viser, blues, gospel, country og balladar, men også med innslag av rapp, jazz og psykedelisk rock.

Svært mange av Dylan sine songar er innspela av andre artistar og på ei rekkje ulike språk. Han har også skrive for andre. Han har dessutan gjeve ut ei memoarbok (Chronicles Volume One, 2004), ei diktsamling (Tarantula, 1971), ei refleksjonsbok (The Philosophy of Modern Song, 2022), samt fleire utgåver av songtekstane (seinast The Lyrics 1961–2012, 2016).[1]

Dylan driv også med bildande kunst (særleg måleri og smijernsarbeid) og har hatt utstillingar og publisert kunstbøker med eigne verk. Han har motteke ei rekkje prisar, blant anna innan litteratur og musikk. Hausten 2016 vart han tildelt Nobelprisen i litteratur. Same år vart The Bob Dylan Archive etablert, ei stor samling av Dylan-material for forsking ved Universitetet i Tulsa (Oklahoma, USA).

Mange av songane hans har blitt folkeeige og ein del av kulturarven for fleire generasjonar. Blant dei allment kjente er «Blowin’ in the Wind» (1963), «The Times They Are A-Changin’» (1964), «Knockin’ on Heaven’s Door» (1973), «Man Gave Names to All the Animals» (1979) og «Make You Feel My Love» (1997). Fleire av songane har fått plass i songbøker og også i skolepensum. Det er på norsk gitt ut ei rekkje bøker om Dylan, og han har hatt eit omfattande nedslag i litteraturen og media.[2]

Med den verdsvide utbreiinga engelsk har fått, er Dylans tekstar, og særleg songane, for mange godt kjente på originalspråket, anten i hans eigne eller andre artistar sine versjonar. Like fullt er mange av tekstane gjendikta til talrike språk, spesielt songane, men også memoarboka. Dylan er utan tvil den kunstnaren innan moderne songlyrikk, kan hende innan nyare populærkultur i det heile, som har blitt omsett oftast og i flest versjonar til norsk.

Dylan har ingen høgare utdanning, men er svært breitt og grundig orientert innan historie, litteratur, religion, musikk og kunst i det heile. Dette er tydeleg i tekstane hans, som er rike på referansar til ulike slag kjelder. Allereie frå tidleg av har etablerte norske forfattarar, artistar og andre gjendikta og framført Dylan-tekstar. Det finst no eit mangfaldig utval på norsk, i prosaform og som song- og leselyrikk, og også i ulike målbunader.

1960-talet
Historia for omsettingar av Dylan til norsk går heile seks tiår attende. Den første var Dylans store gjennombrotssong «Blowin’ in the Wind», attgjeve med «Vinden gir svar».[3] Artisten var Inger Jakobsen, med Juul Hansen som omsettar. Plata, ein singel, utkom i 1963, same år som Dylans eiga utgåve på albumet The Freewheelin’ Bob Dylan, og faktisk før dette albumet var i sal i Noreg. To år seinare, i 1965, publiserte Klaus Hagerup i vekeavisa Orientering ei gjendikting av «A Hard Rain’s A-Gonna Fall» frå same album, med tittelen «Hvor har du vært …».[4] Åse Kleveland gav same år ut denne songen på første singelen sin (B-sida), men i engelsk versjon, og året etter har Birgitte Grimstad ein engelsk versjon av «Blowin’ in the Wind» på debutalbumet sitt.[5]

Det er eit interessant trekk i omsettingssoga at Dylans songar heilt frå starten av har inspirert til attgjeving på norsk. Dels skuldast det nok at engelskkunnskapen på 60-tallet var veikare enn no, men også ein sterkare vilje til å formidle songar i norsk språkdrakt enn ein ofte har i dag. Som vi skal koma tilbake til, har det truleg også med kvalitetar i Dylans tekstar å gjere.

I overgangen frå 60- til 70-talet kjem også enkelte andre Dylan-songar på norsk, mellom andre Inger Lise Rypdal i 1969 med «Natt for lange kniver» («Love Minus Zero/No Limit», 1965), omsett av Terje Mosnes, og Gro Anita Schønn i 1970 med «Snart går solen ned» («I Shall Be Released», 1967), gjendikta av Asbjørn «Asa» Krogtoft.[6] Same år finn vi i diktsamlinga Radio lys av Jan Bojer Vindheim ei gjendikting av «The Times They Are A-Changin’» (1964) med tittelen «Ei ny tid er i emning».[7]

1970-talet
Med 1970-talet kjem ein ny fase for Dylan-tekstar på norsk. Han vert innleidd med Jan Erik Volds komplette gjendikting av Dylans Tarantula i 1972.[8] Dylan skreiv opphavleg boka i 1965/66, men ho kom først i 1971 ut i offisiell utgåve. Boka, som var sterkt påverka av surrealismen og den amerikanske beat-poesien, er skriven i medvitsstraum-stil (stream-of-consciousness). Ho vart lite lest og fekk hard medfart av kritikarane.

Opningslinene i boka lyder «aretha/ crystal jukebox queen of hymn & him diffused in drunk transfusion would heed sweet soundwave crippled & cry salute to oh great particular el dorado reel & ye battered personal god …». Vold har her «Aretha/ krystallfunklende jukeboxdronning av hymner & ham oppløst i berust transfusjonssår skulle gjerne notere seg sløy lydbølge forkrøbla & skrike ut vær hilset o storslagne særegen el dorado film & du bulkete personlige gud …». Vold si gjendikting er det første eksempelet på ei fullstendig omsetting av eit større Dylan-verk til norsk – det skal bli fleire sidan.

Dette tiåret kjem det ut omsettingar av ei rekkje enkeltsongar, til dømes «Tamburinegjøgler» i 1972 («Mr. Tambourine Man», 1965) med Margrethe Toresen, omsett av A. M. Lindhjell.[9] I 1974 framførte Finn Kalvik songen «Hvis du reiser nordover», hans eiga omsetting av «Girl from the North Country» (1963).[10] På debutalbumet i 1979 framfører Randi Hansen «Hvor godt det ble å våkne», ei gjendikting av «Tomorrow Is A Long Time» (1963).[11] Og Kåre Virud syng på dei to første albuma sine, frå 1974 og 1975, mellom andre «Mamma, jeg har tenkt på deg» («Mama, You Been on My Mind», 1964) og «Kjærlighet minus null» («Love Minus Zero/No Limit», 1965), begge omsett av Virud sjølv.[12]

Det er verd å merke seg at det fram til midten av 70-talet er så godt som berre songar frå Dylans eldste album, dei frå 1962 til 1965, som kjem på norsk, og ikkje frå dei mange albuma i åra etter.

Toppunktet i dette tiåret kjem i 1977 med to utgjevingar. Den eine er albumet Virud synger Vold skriver Dylan, der Virud framfører elleve Vold-omsettingar, henta frå Dylan-album frå 1963 til 1967.[13] Dette er det første norske albumet med berre Dylan-songar, og der attpåtil alle har norske tekstar.

Den andre utgjevinga, som fekk klart størst utbreiing, var boka Bob Dylan: Damer i regn, med sytti songar omsett av Vold. Desse var vald ut blant tekstar frå 1962 til 1971. I alt tretten album er representert, med heile ni av elleve songar frå «Bringing It All Back Home» og sju av ni frå «Highway 61 Revisited». Boka blei eit gjennombrot i Noreg for Dylan som diktar og for gjendikting av Dylan på norsk, og nok også for Vold som gjendiktar andsynes eit breiare publikum. Boka kom på prestisjefylte Den norske Bokklubben, som ei av månadens hovudbøker, med parallelltekstar på engelsk og norsk, med Vold som formgjevar og biletredaktør, og i eit stort førsteopplag (8400).[14] Karakteristisk for omsettinga var språket, som vart mykje diskutert: eit slags gatespråk, prega av ulike element frå austlands-dialektar og engelsk, med omfattande bruk av slang; vi kjem nedanfor tilbake med eksempel på det.

Eit uttrykk for posisjonen Dylan hadde fått i delar av populærkulturen, er eit temanummer i det den gong mykje leste tidsskriftet Dyade, «Bob Dylan: Inn og ut av lykken» (1979). Nummeret inneheldt nokre prosa-omsettingar av vers frå ulike songar.[15]

I dette tiåret blir Dylan-songar også brukt i politiske samanhengar, blant anna innan arbeidarrørsla, fredsrørsla og ungdomsorganisasjonar, og sporadisk på norsk – særlig gjeld det «Blowin’ in the Wind» og «Masters of War» (begge 1963).

1980-talet
Etter denne kraftige vårløysinga stilna det på 1980-talet meir av med nye omsettingar. Det var fleire grunnar til det: Ein var at Dylan sin produksjon på 1970-talet var noko mindre, og at denne perioden trass i to svært gode album, Blood on the Tracks (1975) og Desire (1976), enno vart overskygd av 1960-talet. Ein annan var Dylans karismatisk-kristne fase i 1979–81, som gjorde han ideologisk og litterært omstridd – og blant mange illgjeten. Og ein siste grunn var at han frå 1984 til 1988 hadde skrivesperre og strei med å fornye seg.

Ei oppfølging av Vold og Virud-samarbeidet kom rett nok i 1981 med albumet Stein. Regn, der Telemark Blueslag medverka.[16] Også desse tekstane var henta frå Damer i regn. Vold og Virud har i tiåra etter ofte framført mange av songane saman på konsertar og ulike festivalar.

Også i dette tiåret kom einskildsongar på norsk, og med nye omsettarar, som Terje Formoe med «Noe helt nytt er i gjære» (1980, «The Times They Are A-Changin’»).[17] Lyrikaren Tove Lie står i det korte opningsdiktet «Rullesteiner samler ikke mose» i samlinga med same tittel (1985) i tydeleg poetisk dialog med «Like a Rolling Stone» (1965): «Jeg føler meg som en rullesten («[h]ow does it feel [t]o be … like a rolling stone») / uten hjem («without a home») / uten hvile, uten noe».[18]

1990-talet til tidleg 2000-tal
Frå slutten av 1980-talet kom det ein ny giv i Dylan si songskriving, med tre sterke album, Oh Mercy (1989), Time out of Mind (1997) og «‘Love and Theft’» (2001), som vart tekne svært positivt imot av både kritikarar og publikum.[19] Ein av songane på 1997-albumet er «Make You Feel My Love». Dette gav eit oppsving i omsetting av Dylan til norsk. Fleire nye omsettarar og artistar kom til på denne tida, med Håvard Rem, Morten Harket, Åge Aleksandersen og Anne Grete Preus som dei best kjente.

På ei samleplate frå 1995 framførte Harket «Evig ung», ei Rem-omsetting av «Forever Young» (1973),[20] og i 1997 kom Aleksandersens album Fredløs – Dylan på norsk, det første albumet med berre Dylan-songar etter Vold og Virud-utgjevingane to tiår tidlegare.[21] Alle tekstane var omsette av Rem og framført av Aleksandersen på trøndersk. Ti songar, både velkjente og mindre kjente, var henta frå Dylans songkatalog på 60-talet. Nytt var at også fem songar frå 70- og tidleg 80-tal hadde fått plass, deriblant ein frå Dylans karismatisk-kristne tid: «Hvert sandkorn og hvert strå» («Every Grain of Sand», 1981).

Preus kom også med eigne omsettingar av Dylan, i 2001 «Hvor bra er jeg?» («What Good Am I?», 1989), i 2004 «Ennå ikke mørkt» («Not Dark Yet», 1997) og så i 2009 «Fylt av min kjærlighet» («Make You Feel My Love», 1997).[22] Same song var også sistesongen på New Jordal Swingers album Indigo (2001), omsett av Erik Lie med tittelen «Min kjærlighet til deg».[23] Alle desse songane kjem frå Dylans fornying frå 1989 av og signaliserer ei auka interesse for den seine, meir samtidige Dylan.

Med albumet Tankelaus tid frå 2002 kjem gjendiktinga av Dylan inn i eit nytt stadium. Dette er den første utgjevinga på norsk av eit komplett Dylan-album: Tore Hestbråten har her omsett det relativt nye Time out of Mind (1997) til nordnorsk, med Arve-Gunnar Heløy som hovudartist.[24] Omsettingshistorisk er dette ei viktig nyskaping på norsk, sidan alle tidlegare «reine» Dylan-album har bestått av songar frå ulike år og periodar. Med dette blir albumformatet sett på som eit heilskapleg verk der songane er knytt organisk saman, til liks med ei novellesamling eller ein diktsyklus, og ikkje berre som ei meir eller mindre tilfeldig samanstilling av einskildsongar. Og valet er godt: Med sitt fokus på liv, død og forgjengelegdom er Time out of Mind tematisk sett eit av dei mest heilslege albuma til Dylan.

I 2004 kjem den første større samlinga av Dylan-tekster i bokformat sidan Volds Tarantula og Damer i regn på 1970-talet, nemleg lyrikaren Kjell Ivar Sandviks Bob Dylan: En vei til din dør.[25] Boka er eit utval av 28 songar frå tre Dylan-fasar: den tidlegaste fasen (1962–68), ein kort mellomperiode (1975–78) og ein seinare, lengre periode (1981–97). Den karismatisk-kristne fasen (1979–81) er sparsamt representert, med berre eit par songar. Utvalet er interessant: Relativt mange er mindre kjente – og sjeldnare omsette – songar frå dei respektive periodane, og fleire er songar med religiøse element frå andre fasar. Eksempel på det første er «Før vår drøm ble dratt ned» («Brownsville Girl», 1986) og «Trøtt av deg» («Love Sick», 1997), på det siste «Orda malt på muren» («Blind Willie McTell», 1983).

Dylan kom sjølv i 2004 med boka Chronicles Volume One. Ho er ei samling skildringar og refleksjonar rundt nokre viktige fasar i kunstnarbanen hans. Boka kom på norsk allereie året etter, omsett av Hans Marius Stormoen og med tittelen Memoarer. Del 1.[26]

Tidleg 2000-tal til i dag
Dylan har dei siste to tiåra vore svært aktiv, og på fleire felt, mellom anna som bildande kunstnar. Rett nok har album med nytt stoff ikkje vore så mange, tre det første tiåret og to sidan 2010.[27] Men han har i same perioden gjeve ut eit julealbum, tre album med coversongar av balladar i Tin Pan Alley-tradisjonen og heile tolv album i The Bootleg Series.

I eit temanummer i 2007 av tidsskriftet Agora: Journal for metafysisk spekulasjon bidrog akademikarar frå ulike fag med analysar av Dylan-tekstar. Også lyrikaren Eldrid Lunden deltok, med gjendikting av sju songar.[28] Medan tre av desse høyrer til på 60-talet, er det verd å merke seg at ho har vald ut dei fire andre frå Dylans kristent prega repertoar, to frå Slow Train Coming (1979) og to frå Oh Mercy (1989). Lunden ser ut til å ha omsett tekstane primært som leselyrikk, ikkje som songlyrikk. Ei rekkje andre etablerte norske forfattarar har også henta inspirasjon frå Dylan; nokre har òg gjeve seg i kast med å omsette han. I tillegg til dei nemnde gjeld det også ein lyrikar som Helge Torvund.[29]

Det kjem i denne perioden stadig ut nye omsettingar av enkeltsongar. Særleg populær er «Make You Feel My Love», som Bjarte Hjelmeland framfører på eit album i 2008 i eiga omsetting, med tittelen «Fordi jeg elsker deg».[30] I 2015 spela Ingebjørg Bratland inn ein nynorsk versjon, «Fordi eg elskar deg», basert på Hjelmeland sin bergensk-prega bokmålstekst.[31]

Bratland er eit eksempel på ei oppvakning i interessa for Dylan blant yngre menneske, særleg frå 2010 av. Ikkje minst ser vi det hos ein ny generasjon artistar som framfører songane hans i både engelske og norske versjonar.[32] Ein viktig representant for desse er Johan Martin Aarstein, som tidleg på 2010-talet omsette omkring tjue songar til velklingande nordnorsk.[33] Dei fleste er blant dei mest «klassiske» frå 1960-talet, så som «Herre av krig» («Masters of War», 1963) og «Spanske støvla» («Boots Of Spanish Leather», 1963). Men fleire er også frå 1970-talet og seinare; den seinaste er den interessante, men mindre kjente songen «Man in the Long Black Coat» (1989), i omsett utgåve kalla «Lang, svart frakk».[34]

Omsettingssoga frå tidleg 2000-tal er prega av både nyskaping og vidareutvikling, på ulike vis. Det første er at fleire av Dylans meir eller mindre eksplisitt kristne songar er blitt omsett. Det gjeld frå den karismatisk-kristne perioden, men også eldre og nyare materiale der religiøse og bibelinspirerte element er til stades. Teologane Sven Aasmundtveit og Jan Terje Christoffersen har vore spesielt aktive. Aasmundtveit spela i 2010 inn albumet Alt vil jeg gi for deg: Dylan på norsk, som hovudsakleg inneheld denne kategorien songar.[35]

Det andre er nye utgjevingar av heile Dylan-album i omsetting, tilsvarande Hestbråtens Tankelaus tid. Her er artisten og song-skrivaren Tom Roger Aadland det sentrale namnet. Han gav i 2008 ut Blod på spora, ei gjendikting av Blood on the Tracks frå 1975, eit av dei mest heilskaplege albuma, der kjærleikskonfliktar i parforhold er det sentrale motivet.[36] I 2016 kom Aadland med endå ei album-omsetting, av Blonde on Blonde (1966), på norsk Blondt i blondt. Albumet var det første dobbeltalbumet (dobbel-LP) i rock-historia og inneheldt Dylans lengste song til då (11:23), «Sad Eyed Lady of the Lowlands». I Aadland si gjendikting har songen tittelen «Sorgsame kvinne ifrå Jæren». Blonde on Blonde er mindre heilsleg i innhald enn dei to andre komplett gjendikta albuma, men tek det igjen i korleis ulike poetiske og musikalske tradisjonar er smelta saman, i det Dylan sjølv kalla «that wild mercury sound». Slik sett er Blonde on Blonde truleg vanskelegare å gjenspele enn å gjendikte.

Det tredje nye er den store utbreiinga Dylan-tekstar på norsk har fått ulike stader i allmennkulturen – eit tema som fortener utdjuping.[37] Eit spesielt, men talande uttrykk for denne utviklinga er konkurransane i Dylan-omsetting arrangert i eit samarbeid mellom Norsk Oversetterforening og Dagbladet. Den første var allereie i 1998, med «Cold Irons Bound» (1997) som oppgåve. Det kom inn heile 567 forslag; vinnar-teksten ber tittelen «Steine kaldt».[38] Den andre var i høve Dylans 70-årsdag i 2011, no med den eldre og nok meir krevjande «Lay Lady Lay» (1969). Denne gongen kom det inn 198 forslag, og tittelen på vinnaromsettinga var «Legg deg hjå meg».[39]

Nye arenaer for Dylan-tekstar på norsk
Dylan-tekstar har sidan sekelskiftet, men særleg i siste tiåret fått innpass på fleire, for ein stor del nye, kulturelle område. Dette inneber ikkje berre at dei er tekne i bruk der, men også at dei i stor grad har fått eigne funksjonar. Det gjeld særleg fire arenaar: konsertlivet, akademia, kyrkja og teateret. Ein felles føresetnad for desse er sjangeren Dylan-tekstane tilhøyrer: Dei er songlyrikk, meint å bli formidla musikalsk.

Når det gjeld konsertlivet, så er denne arenaen rettnok berre delvis ny: Allereie Vold formidla gjendiktingane sine til musikk, som ein snakkesong i slekt med slam og rapping, der den musikalske ramma særleg var jazz, og settinga var urbane og radikale klubbmiljø. I dei seinare åra – framleis også med Vold aktiv – er likevel det kulturelle nedslagsfeltet blitt breiare. Særleg Aadland har turnert landet rundt og framført songar og heile album i meir mangfaldige kontekster, blant anna på skular, bibliotek og festivalar. Også Aarstein har, saman med songar Ida Løvheim, turnert med dei nordnorske omsettingane sine.[40]

Interessen for Dylan sine tekstar har auka markant i faglege og akademiske samanhengar, noko tildelinga av Nobels litteraturpris i 2016 vitnar om. Dette gjeld også i Noreg, der Dylan har vore presentert og drøfta i førelesingsrekkjer, seminar og på festivalar.[41] Her har omsettingsspørsmål stått eksplisitt på dagsorden, med føredrag av Vold, Rem, Aadland og andre.[42]

Ein relativt ny arena i denne perioden er den kyrkjelege: Dylans kristne og bibelsk farga songar etablerte seg som stoff for konsertar og gudstenester allereie på 1990-talet, og etter kvart også på norsk.[43] Dette er blitt utvikla dramaturgisk til såkalla Dylan-messer, der alle songane er av Dylan og inngår i dei faste liturgi-ledda, både som korsong og kyrkjelydssong. Aasmundtveits Alt vil jeg gi for deg er organisert etter strukturen i ei messe, og også Christoffersen sine omsettingar har vore brukt i gudstenester og konsertar i kyrkjer.[44]

Gudstenester er så godt som einaste staden der omsette Dylan-songar vert brukt i fellessong, og ikkje berre av solistar eller kor. Ein slik bruk er viktig for at denne typen materiale skal bli kulturelt allmenneige. I tillegg til skulen er kyrkja av dei få arenaane som no finst for dette.

Enda ei dramaturgisk omdreiing er bruken av Dylan-stoff i teatersamanheng: Stykket «Vikla inn i blått – Dylan på nynorsk» vart sett opp hausten 2020 på Det Norske Teatret, med gjendiktingar av Aadland. Framsyninga var bygd opp som ei rekkje tablå, som speglar sentrale tema hos Dylan, som kjærleik, aldring, rettferd, fellesskap, konflikt og håp.[45]

Bruken av norske Dylan-tekstar i kyrkje og teater er interessant. Det speglar ei utvikling der songane vert sett inn i ein annleis samanheng enn til dømes ein konsert, og der dei gjev grunnlag for ulike og nye forteljingar innanfor to separate, men også dramaturgisk nærskylde settingar.

Om å gjendikte Dylan: kva og kvifor
Meir enn 150 Dylan-songar er hittil omsette til norsk, om lag ein fjerdedel av songane totalt.[46] Atskillege er publiserte i fire eller fleire utgåver – «The Times They Are A-Changin’» og «I Shall Be Released» toppar lista med sju–åtte versjonar. I tillegg kjem memoarboka, diktboka og enkelte andre stykke, mellom anna tekstar på albumomslag (såkalla liner notes).[47] For moderne populærkultur er dette eksepsjonelt: Ingen andre kunstnarar ein kan samanlikne med, har framkalla eit liknande engasjement for omsetting til norsk. Det er fleire grunnar til det: djupna i innhald; mangfaldet og berekrafta i temaa Dylan behandlar; dei lyriske kvalitetane; at det er songlyrikk; sjangervariasjonen; appellen blant ulike og breie kulturelle miljø – og også det faktum at Dylan har vore verksam gjennom meir enn seks tiår og stadig har fornya seg.

Dylan er ikkje blant dei enklaste å gjendikte, særleg om det skal fungere poetisk og songleg. Tekstane bryt ofte med vanlege metriske skjema: Dei mange, og ofte ledige og dristige, rima er utfordrande å gje att. Ulike stilnivå møtest i same tekst, og songane er rike på historiske, litterære, musikalske og kulturelle referansar. Men mange har nok nettopp difor opplevd det triggande å gje seg i kast med stoffet. Både Dylan-omsettarar og andre har også reflektert over utfordringane i dette.[48]

Kva for Dylan-tekstar er blitt omsette, og kvifor? Det er klart at 1960-talet er best dekt så langt. Det kjem nok av det gjennomslaget og den plassen Dylan alt då fekk og sidan har behalde i det kulturelle minnet. Men det har òg å gjere med at mange av songane, særleg dei eldste, var – og enno er – meir direkte tilgjengelege i språk og innhald. Etter kvart kom fleire 70-talssongar til i den norske «Dylan-katalogen», men med unntak av dei karismatisk-kristne frå 1979 og tidleg 80-tal. Dei vart sterkare representerte først frå 1990-talet av, særleg med den kyrkjelege bruken. Framleis er relativt mange av desse songane ikkje omsett. Det er primært dei tekstleg beste og mest kommuniserande av dei som omsettarane har teke for seg.

Av nyare tekstar er færre gjendikta. Unntaka er songar frå Oh Mercy (1989) og Time out of Mind (1997), dei to albuma som særleg bidrog til fornya interesse for Dylan på denne tida. Norske omsettingar derifrå kom raskt, det siste som nemnd komplett alt i 2002. Det er svært sjeldan at heile musikkalbum vert omsett til norsk – og dertil så godt – og eit vitnemål om kvaliteten og posisjonen til Dylan som diktar.

Nokre, men etter måten få tekstar frå Dylan sine fem album med eigne songar frå 2001 til i dag er omsett. Ein del av dei kan vere noko mindre interessante for omsetting, medan andre er svært krevjande kva gjeld referansar og intertekstualitet. Eit allment høgare kunnskapsnivå i engelsk dei siste par tiåra spelar nok òg ei rolle. Like fullt er det interessant at det i eit kulturklima der også mange norske artistar helst syng på engelsk, vert gjort eit så omfattande gjendiktingsarbeid, og av både eldre og yngre omsettarar. Dels kan det koma av posisjonen angloamerikansk kultur har i Noreg, og dels av at mange Dylan-tekstar framleis er så pass krevjande språkleg og litterært at dei treng ein ekstra introduksjon for eit norsk publikum. Men meir truleg er det uttrykk for at songane er av eit slikt kaliber innhaldsmessig – det vera seg eksistensielt, emosjonelt eller anna – at dei så å seie inviterer til å bli kledd i norsk språkdrakt. Kan hende kan ein sjå på dette fenomenet som ein slags motstraums kulturinnsats, ei eigengjering av songane? At dei finst på norsk, ikkje berre på engelsk, er ei form for tileigning av stoffet som kan gje det ekstra bereevne.

Når det gjeld innhaldet i dei omsette tekstane, er det vanskeleg å peike på klare trendar. Omsettingane spenner tematisk over eit stort register og speglar i det store og heile breidda og mangfaldet hos Dylan, med både kjærleikssongar og songar om menneskelege relasjonar, etisk og politisk orienterte songar og eksistensielle og religiøse songar.

Korleis har så Dylan blitt gjendikta på norsk? Kva grep har omsettarane teke? Først av alt, så det er sagt: Kvaliteten på arbeida har variert, særleg dei første tre tiåra. Omsettingane frå dei siste tre har generelt halde eit høgare nivå. Dette speglar nok den språklege og innhaldslege nivåhevinga som har skjedd i store delar av populærmusikken, men også kompetansen hos dei mest produktive omsettarane. Når eg no tek for meg nokre eksempel, er målet primært å skissere karakteristiske trekk i arbeida og ikkje kvaliteten på dei.

Overblikk over omsettarane
Meir enn tretti personar står bak dei omsettingane av Dylan som hittil er offentleggjorde på norsk. Mange, både etablerte forfattarar og andre, har omsett berre ein enkelt eller nokre få tekstar. Omkring ti personar har gjort eit meir omfattande arbeid, og fokuset vil her vera primært på desse og på song-omsettingar.

Tre omsettarar peiker seg ut i omfang. Den eine er Hans Marius Stormoen med omsettinga av memoarboka Chronicles Volume One, på norsk Memoarer, del 1. Stormoen si omsetting er ført i eit ledig språk som synest å ha fanga både tonen og innhaldet i Dylan si tekst på kongenialt vis. Den andre omsettaren, og aller mest produktive i talet på tekstar, er Jan Erik Vold, med ca. sytti songar og i tillegg diktsamlinga Tarantula. Så godt som alt dette blei gjort før 1972. Den tredje er Tom Roger Aadland med omkring førtifem tekstar, nesten halvparten er frå Blod på spora og Blondt i Blondt, og resten frå teaterkonserten Vikla inn i blått; desse tekstane er publiserte frå 2009 til no.

Resten av dei ti omsettarane står kvar for alt frå elleve til 28 omsettingar, i alfabetisk rekkje: Jan Terje Christoffersen, Tore Hestbråten, Håvard Rem, Kjell Ivar Sandvik, Johan Martin Aarstein og Sven Aasmundtveit, og til sist Eldrid Lunden med sju songar. Desse spenner frå 1980 til i dag, men med tyngda på 2000-talet.

Det er verd å merke seg at nesten alle Dylan-omsettarane er menn. Berre to kvinner har omsett meir enn éin song, Lunden og Preus. På dette området, som til dels også på andre, er det tydeleg at Dylan særleg appellerer til menn.[49] Når det gjeld artistar som framfører Dylan på norsk, er kvinneandelen noko større.

Sidan så mange har vore aktive, og til dels svært aktive, som omsettarar, er det berre mogeleg med nokre få og litt tilfeldige smaksprøver. Eg har valt å gjere det tematisk, ut frå karakteristiske trekk i omsettingane, både særdrag hos den einskilde, men òg trekk som er felles for fleire. Temaa er av ulike slag, men er meint å gje eit nokolunde adekvat innblikk i materialet. Der det høver, kjem eg med nokre meir generelle vurderingar av omsettingane.

Songlege kvalitetar
Dei aller fleste omsettarane har lagt stor vekt på – og generelt lukkast godt med – å få tekstane til å fungere songleg. Dei er primært meint å syngjast, ikkje å bli lest. Eit visst unntak er Eldrid Lunden, som presenterer dei som lesetekstar.[50] I mange tilfelle føreligg tekstane også primært eller berre som innspelingar, som hos Aasmundtveit. Som songlyrikk følgjer dei til dels andre språklege krav enn eit lesedikt, dels med rim som er «ureine» i tale (halvrim og liknande), men som kan fungere svært godt i sungen form. Dylan er sjølv ein meister i å få ord som i tekst eller opplesing ikkje rimar, til å gjere det i song. Det førekjem ofte når han nyttar tiraderim – der ei rekkje ord rimar på kvarandre – og med sterk retorisk effekt.[51]

Dei fleste omsettarane, der fleire er dyktige musikarar, lukkast godt med å gje att tekstane i eit smidig norsk med naturleg ordrekkefølgje. Også rim-utfordringane blir ofte kreativt handtert. Eit eksempel er «Absolutely Sweet Marie», der Dylan har rim-para «jump it/trumpet»; «half sick/traffic»; «did promise/be honest», «pockets/unlock it». Vold har løyst dette med «over´n/platecover», «hadde kolikk/trikk gikk», «lovet/lov fins» og «av kroppen/låse opp´n» og Aadland med «stasjonen/trombonen», «trufast/stod fast», «lova særleg/vera ærleg» og «i skåpet/kan kje opne». I «I Want You» der Dylan fleire gongar nyttar tiraderim, gjer Aarstein det med god effekt også ved eit høve der Dylan har eit kryssrim: «en stille man/… han før han/… godt æ kan/… tar overhand» («Æ vil ha dæ»)!

Norskspråkleg mangfald
Det språklege mangfaldet i omsettingane er stort, med ulike målformer, dialektar (målføre) og sosiolektar representerte; dette gjeld også blant dei mindre aktive gjendiktarane. Blant hovudomsettarane nyttar Aadland og Lunden eit relativt normert nynorsk – mest stilreint hos Aadland. Bokmål er representert ved Preus, Aasmundtveit, Sandvik og Stormoens memoaromsetting; omsettingane deira har også klare talemålstrekk. Sterkast dialektpreg har Rem, Hestbråten og Aarstein – Rem i Åge Aleksandersen sin trøndsk og dei to siste på nordnorsk, men i variantar som ligg nokså nært til nynorsk; Aarstein vekslar også mellom ulike nordnorske dialektformer. Eksempel frå songtitlar hos Rem/Aleksandersen er «Æ ska gi dæ fred» og «Det e itj mæ, nei», hos Hestbråten «Prøve’ å nå himmel’n» og «Tel æ fikk dæ kjær» og hos Aarstein «Blåe øya hjelp dæ ikkje no» og «Øngre nu». Også Aadland syng med dialektpreg, frå Rogaland.

Volds gjendikting har basis i radikalt bokmål, men det er meir treffande å karakterisere ho som ei form for sosiolekt. Han karakteriserer sjølv Tarantula-omsettinga si som halden i ein «røff Oslo-tone», med «litt klubb-sju slang» og med amerikanismar.[52] Dei same trekka finn ein att i mange av song-omsettingane hans, som er språkleg kreative og pregnante og fangar inn Dylan sin stil. Særleg gjeld det dei surrealistiske tekstane frå seint 60-tal, mens det i andre tilfelle passar dårlegare og i dag kan klinge noko forelda. Tilfeldige døme på det siste er «Det ække meg, kjei» («It ain’t me, Babe») og frå «Just Like a Woman»: «Ingen føler det svir / her eg står i høljende yr / Hele byen veit / at Pus har dressa seg ålreit».

Lunden si nynorske omsetting har også slike element, mellom anna bruker ho engelske frasar innimellom, som for eksempel «longplaying-plagene dine» («long-time curse hurts») og «at fiasko ikkje er suksess at all» («that failure’s no success at all»).

Svært mange av Dylan-omsettingane er dermed anten på nynorsk eller på nynorsknære dialektar, medan bokmål i ei regelrett form heller er unntaket enn norma. På sett og vis har det her utvikla seg ein eigen språkleg tradisjon i norsk Dylan-gjendikting. Dette er eit slåande trekk, gjeve den allmenne bokmålsdominansen. Dels reflekterer det nok den auka plassen dialektar har fått i media og kulturlivet dei siste tiåra, og dels bakgrunnen hovudomsettarane tilfeldigvis har hatt. Men det er berre delar av forklaringa: Dei språklege kleda Dylan har fått på norsk, speglar også viktige element i hans eigen kulturelle og sosiale bakgrunn, der rurale og folkelege tradisjonar står i dialog med meir urbane og intellektuelt orienterte haldningar. Språkform og innhald høyrer tett saman i Dylan sine songar, samtidig som han har ei tradisjonell og nærmast tidlaus engelsk språkføring. Dette synest omsettarane generelt å ha fanga godt opp i sine ulike språkbunadar, med eit visst unntak for Vold sitt særspråk og Lunden sine anglisismar.

Kulturell tilpassing
Nærskyld med det norskspråklege er korleis omsettingane blir tilpassa kulturelt. Sjølv om mykje hos Dylan er av allmenn karakter, er songane også sterkt knytt til den amerikanske settingen, med talrike historiske, geografiske, litterære og andre referansar som vil vera ukjende for mange. Omsettarane må difor gjere val for kva dei tek vare på av det framande, og kor sterkt dei tilpassar seg mottakarane, det vil seie «framandgjer» eller «heimleggjer», «stadeigengjer», tekstane. Det er karakteristisk for dei fleste at dei går langt i heimleggjering; rett nok varierer det noko frå song til song hos den einskilde gjendiktar. Dylans «Leopard-Skin Pill-Box Hat» kallar Vold med ein komisk vri for «Leopardskinns badehetta di blues», mens Aadland har erkenorske «Leopardskinnsbunadshetta di»; begge samsvarar på kvart sitt vis godt med den surrealistiske språkleiken i songen.

Dylans «Desolation Row» gjer Vold til «Lågfot aveny», Aarstein til «Desillusjonsgata» og Rem til «Nederst på Karl Johan»; Rem knyt her tydelegast til norske tilhøve, mens dei andre vel ei meir allmenn løysing. I sjølve songen er det Vold som går lengst i heimleggjering og aktualisering. I strofa som tek til med «Praise be to Nero’s Neptune» er det «Bjørneboe og Dorenfeldt» som «slåss på kommandobroen»; Aarstein er her langt tettare på originalen – det er Ezra Pound og T.S. Eliot som «sloss i kapteinen sett tårn».

I «Tangled Up In Blue», som har ein god del stadnamn-referansar, vel både Aadland («Vikla inn i blått») og Aarstein («Ugjennomtrengelig blått») å gje det att mindre spesifikt: Delacroix vert hos Aadland «ein hamneby» og hos Aarstein «et feskevær». Begge skildrar likevel her og elles i songen eit norsk landskap. På liknande vis gjer Aadland Montague Street om til «Danmarksplass» (i Bergen) og Aarstein om til Hausmannsgate (i Oslo).

Sandvik, som har omsett ei rekkje songar med mange referansar til amerikanske (og andre nasjonale) tilhøve, er truleg den som held seg tettast til førelegget, for eksempel i songar som «Broren du aldri har hatt» («Lenny Bruce») og «Før vår drøm ble dratt ned» («Brownsville Girl»). Men også han introduserer her og der det norske: Til dømes finn vi i «Idioti» («Idiot Wind») verset «fra den dypeste dal til Glittertind», som her gjev att «From the Grand Coulee Dam to the Capitol».[53]

Ideologisk preging
Eit interessant spørsmål er i kva grad omsettingane er prega av ideologiske interesser, særleg politiske og livssynsmessige. Slikt har eit klart grunnlag i Dylan-tekstane: Samfunnskritikk og religion går som raude trådar gjennom heile songverket. Dette blir ulikt utfalda av omsettarane, avhengig av eigne preferansar og kontekst. «The Times They Are A-Changin’» (1964) er eit illustrerande døme. Jan Bojer Vindheim si omsetting frå 1971 speglar babyboomen og 68-generasjonen: «Kom hør på meg generasjon fra igår / kritiser ikke det dere ikke forstår / deres barn lystrer ikke de ordre de får / gamle vern er for dem blitt en hemning / de vil rykke fram lenger enn dit dere står / for ei ny tid er i emning.» Vold si 1977-omsetting kritiserer «skriblere, synsere / spåmenn in spe» og «storting og blåmenn», og antydar gateopptøyar: «D’er en krig hele døgnet som pågår / Den murrer i brostein og gror i granitt». Christoffersen appellerer i ei omsetting frå 1995 til «alle skribenter, vær med når det skjer. / Vær våken og kritisk / og skriv hva du ser», mens han i 2021 vender seg til «nettroll og bloggere, / skriv hva du ser. / Du tror du har svara, / fortell hva som skjer». Slike gjenomsettingar har elles førebilete i Dylan sjølv, som i framføringar stadig reviderer og oppdaterer tekstane til nye settingar.

Vi finn også forskjellar i korleis omsettarane gjev att religiøse referansar, ofte bibelallusjonar. Dylan har svært mange slike referansar, og han vever dei tett inn i tekstane og ofte på fleirtydig vis. Omsettarar som Aadland, Rem, Sandvik, Christoffersen og Aasmundtveit spelar ofte på det religiøse aspektet, medan det særleg hos Vold er mindre synleg. Aasmundtveit og Christoffersen har vore dei mest aktive med å omsette dei eksplisitt kristne songane. For eksempel har berre Christoffersen omsett «I Believe in You» (1979), «Jeg vil tro på deg», og Aasmundtveit er einaste omsettar av «Man Gave Names to All the Animals» (1979), «Adam ga namn til alle dyra», og «Saving Grace» (1980), «Frelsende nåde».

«I Shall Be Released» (1967) er eit døme på ein Dylan-song med tydeleg religiøse element, men som òg er open for svært ulik tyding – og omsetting. Songen skildrar eit menneske i eit slags ytre og indre fangenskap og som lengtar etter utfriing, etter å bli «released», som eksistensielt sett kan tyde «frelst». Formuleringa i refrenget, «I see my light come shining / From the west unto the east», har ein høgtideleg-bibelsk etterklang av eit apokalyptisk Jesus-ord: «Som når lynet går ut frå aust og lyser like til vest, slik skal det vera når Menneskesonen kjem.» (Matt 24,27).

Dei ulike omsettingane fordelar seg over eit breitt spekter i handteringa av dette. Vold si omsetting underspelar denne sida ved teksten. Hos han lyder refrenget: «Jeg ser et lys, jeg ser det skinne / fra Kjølens rand til langt på høst / Når som helst nå, når som helst nå / blir jeg fri og kan dra øst». Christoffersen (1997) framhever det indre fangenskapet og fargelegg teksten med bibelnære bilete: «Et lys er tent i det fjerne. / Mørket viker fra min sti. / La det komme, la det flomme: / ja, kom og sett meg fri!» Aadland (2020) er den som tydelegast reflekterer bibelteksten i refrenget: «Eg ser eit lys som stråler / Frå vest mot aust, eit lys som skin / Når som helst nå, når som helst nå / Skal eg setjast fri.» Og Aasmundtveit er den som går lengst i ei eksplisitt kristen tolking, særleg i verset «Midt iblant oss ved min side / står én jeg ofte hører si: / at han er et offer, at han må lide / for et rent forræderi», der det er ein Kristus-skikkelse som blir forrådd og må lide.

Ordnært eller meiningsnært?
Eit tema, som eigentleg relaterer seg til alle momenta ovanfor, er kor nært eller fritt omsettingane held seg til originaltekstane språkleg sett, det vil seie kor dei plasserer seg på ein skala mellom ytterpunkta ord for ord-omsetting (gjerne kalla konkordant) og meinings-omsetting (såkalla idiomatisk attgjeving).[54] Sidan det dreier seg om songlyrikk og ikkje til dømes sakprosa, er det opplagt at dei fleste ligg nærare det idiomatiske enn det konkordante. Likevel er det visse forskjellar, noko også gjennomgangen ovanfor har gjeve hint om. Medan Vold – trass i ei rekkje tilpassingar – er relativt tett på originalteksten i Tarantula, synest han å vera mindre ordnær i songane.[55]

Ein som i ordval og metaforar generelt ligg nær på originalteksten, er Aadland; Aarstein derimot bevegar seg ofte lenger ut frå førelegget hos Dylan. For å ta eit tilfeldig eksempel, frå tredje strofe i «Tangled Up In Blue» (1975):

«I had a job in the great north woods / Working as a cook for a spell / But I never did like it all that much / And one day the ax just fell / So I drifted down to New Orleans / Where I happened to be employed / Workin’ for a while on a fishin’ boat / Right outside of Delacroix / …»


Aadland:

Eg hadde jobb i skogen nordpå

Arbeidde ei tid som kokk,

Men eg likte det aldri særleg godt

Og ein dag hadde eg fått nok.

Så dreiv eg sakte nedover

Til eg kom til ein hamneby

Arbeidde ei stund på ein fiskebåt

Som drog ut i morgongry.

Aarstein:

Æ fekk mæ jobb på et villmarkssenter

som hundepasser og kokk

Men æ trivdes aldri nå særlig

og en dag sa det bærre stopp

Så æ haika den veien vogntogan gikk

mens æ jobbba litt svart her og der

Ei stund på et pariserhjul

og ei stund på et feskevær


Resultata er nokså ulike, men – interessant nok – uansett svært gode.

Tøyseomsettingar
Eit siste, meir kuriøst trekk, men som likevel er opplagt relevant, er tøyseomsettingar.[56] Også slike fortel noko om posisjonen Dylan har fått på norsk. Denne typen omsetting spelar særleg på fonetisk likskap og komiske effektar, og – oftast – på ein positiv identifikasjon med det opphavlege materialet. Dylan-eksempel er Prima Veras «(H)Ode til Bob» (1981), der dei brukar melodien til «Just Like a Woman».[57] Bjelleklang har ein kort parodi på «Mr. Tambourine Man», med tittelen «Jeg mista tamburin’ min» (1994).[58] Og sist, men ikkje minst, så har Oddvar Torsheim på albumet Tur-retur blues (2011) fem songar med utgangspunkt i Dylan-tekstar.[59] I Torsheim si tapping blir «Mr. Tambourine Man» til «Hei, kjære dragspelar», «The Times They Are A-Changin’» til «Mari Maria dudu-deli-dei» og «Gates of Eden» til «Lukk opp, lukk opp»!

Desse «surrealistiske» vriane kan ein trygt seie viser åndeleg slektskap med Dylan: Han har sjølv stor gagn og glede av å vidaredikte på eigne og andre sine songar, og å leika seg med ord, rim og allehande tekstreferansar.[60]

Med songane sine har Bob Dylan fått ein heilt eigen posisjon i nyare litteratur og populærkultur. Det gjeld også i norsk samanheng, og i både opphavleg og omsydd språkdrakt. Samla sett har den omfattande Dylan-gjendiktinga bidrege til å løfte omsetting av moderne songlyrikk på norsk til eit høgare nivå. Og ikkje berre det: Fordi dette ikkje berre har vore formidla i trykt form, men oftast også i song og musikk framført på ulike kulturelle arenaar, har Bob Dylan på norsk kanskje også vore med på å utvide og gjere forståinga av kva det å omsette er og kan vera, rikare.

Referansar 

Bøker og artiklar

Botvar, Pål Ketil (2011). «Forever Young? Fansens liv med Bob Dylan». I Bob Dylan: Mannen, myten og musikken, redigert av Pål Ketil Botvar, Robert W. Kvalvaag og Reidar Aasgaard, s. 219–36. Oslo: Dreyer.

Botvar, Pål Ketil (2019). «When the Wind is the Answer: The Use of Bob Dylan Songs in Worship Services in Protestant Churches». I A God of Time and Space: New Perspectives on Bob Dylan and Religion, redigert av Robert W. Kvalvaag og Geir Winje, s. 119–40. Oslo: Cappelen Damm Akademisk. https://doi.org/10.23865/noasp.74

Dylan, Bob (1972). Tarantula. Omsett av Jan Erik Vold. Oslo: Gyldendal (ny utgåve, Oslo: Damm, 2005).

Dylan, Bob (2004). Chronicles Volume One. New York et al.: Simon & Schuster.

Dylan, Bob (2005). Memoarer, del 1. Omsett av Hans Marius Stormoen. Oslo: Cappelen Damm.

Dylan, Bob (2016). The Lyrics: 1961–2012. New York et al.: Simon & Schuster.

Dylan, Bob (2022). The Philosophy of Modern Song. New York et al.: Simon & Schuster.

Hagerup, Klaus (7. august 1965). «Hardt regn». Orientering, s. 12.

Hobbel, Torbjørn (1979). «Verdens største forelskelse». Dyade 11, 5, s. 38–50.

Hobbel, Torbjørn (1979). «Sannheten er langt fra din.». Dyade 11, 5, s. 51–59.

Haagensen, Nils-Øivind (2007). «Gjendiktninger». Agora 25, 1–2, s. 310–13.

Lie, Tove (1985). Rullesteiner samler ikke mose. Oslo: Aschehoug.

Lunden, Eldrid (2007). «Sju gjendiktninger». Agora 25, 1–2, s. 301–309.

Sandvik, Kjell Ivar (2004).  Bob Dylan. En vei til din dør. Stavanger: Wigestrand.

Torvund, Helge (2004). «Forord». I Bob Dylan. En vei til din dør, redigert av Kjell Ivar Sandvik, s. 11–19. Stavanger: Wigestrand.

Torvund, Helge (5. april 2005). «Kaldt som stål». Diktkammeret: www.diktkammeret.no

Vindheim, Jan Bojer (1971). Radio lys. Oslo: Pax.

Vold, Jan Erik (1977). Dylan. Damer i regn. Oslo: Den norske Bokklubben (og seinare utgåver).

Vold, Jan Erik (1976). Entusiastiske essays: Klippbok 1960–75. Oslo: Gyldendal (opprinneleg i Vinduet nr. 3–4/1971).

Aadland, Tom Roger (2011). «Bob Dylan – den syngjande diktaren». I Bob Dylan: Mannen, myten og musikken, redigert av Pål Ketil Botvar, Robert W. Kvalvaag og Reidar Aasgaard, s. 103–21. Oslo: Dreyer.

Aadland, Tom Roger og Johan Martin Aarstein (2022). «Å oversette Bob Dylan. En samtale mellom Tom Roger Aadland og Johan Martin Aarstein». I Den radikale Bob Dylan. Studier i et omskiftelig sangverk, redigert av Bjarne Markussen og Gisle Selnes, s. 439–58. Oslo: Spartacus/Scandinavian Academic Press. https://s3-eu-west-1.amazonaws.com/spartacus.no/production/attachments/13_%C3%A5%20oversette.pdf

CD-ar, singlar, LP-ar og andre musikkmedia

  • Aleksandersen, Åge (1997). Fredløs – Dylan på norsk. Kirkelig kulturverksted.
  • Bjelleklang (1994). YppeRu’ dOnK. CD. RCA/BMG Ariola.
  • Bratland, Ingebjørg (2015). Månesinn. CD. Universal Music.
  • Formoe, Terje (1980). Scenespill. LP. Labyrint.
  • Hansen, Randi (1979). Ho Randi. LP.
  • Harket, Morten (1995). Lekekameratene. CD. Polydor.
  • Hestbråten, Tore og Arve-Gunnar Heløy (2002). Tankelaus tid (Time out of Mind). CD. Special Rider/Sony.
  • Hjelmeland, Bjarte (2008). Bjarte Hjelmeland. CD. Grappa.
  • Jakobsen, Inger (1963). «Vinden gir svar/Noen venter på ditt brev». Singel. Columbia.
  • Kalvik, Finn (1974). Nøkkelen ligger under matta. LP. Universal Music.
  • Kleveland, Åse & The Salmon Smokers (2020). På frihjul. CD.
  • New Jordal Swingers (2001). Indigo. CD. Tylden & Co.
  • Preus, Anne Grete (2001). Alfabet. CD. Warner Music.
  • Preus, Anne Grete (2004). Når dagen roper. CD. Warner Music.
  • Preus, Anne Grete (2009). Nesten alene. CD. Warner Music.
  • Prima Vera (1981). Den 5te. LP. Falsk/RCA, Victor/Sonet.
  • Rypdal, Inger Lise (1969). «Natt for lange kniver/Dine tankers selvportrett». Singel. RCA/Victor.
  • Schønn, Gro Anita (1970). En enkel sang om frihet. LP. RCA.
  • Toresen, Margrete (1972). «Tamburinegjøgler/Protesten i min sang». Singel. Triola.
  • Torsheim, Oddvar (2011). Tur-retur blues. CD. Tylden & Co.
  • Virud, Kåre (1974). Barbeinte engel. LP. RCA/Victor (ny utg. 2008, CD, Pan).
  • Virud, Kåre (1975). Vår daglige blues. LP. RCA/Victor (ny utg. 2021, CD, Norske albumklassikere).
  • Virud, Kåre og Jan Erik Vold (1977). Virud synger Vold skriver Dylan. Sonet. Også sitte fast på notodden … CD (ny, utvida utg. 2005, Pan).
  • Virud, Kåre og Jan Erik Vold (med Telemark Blueslag) (1981). Regn. PolyGram (ny utg. 2009, CD, Pan).
  • Aadland, Tom Roger (2009). Blod på spora. Embacle (ny, utvida utg. 2018, CD, Embacle).
  • Aadland, Tom Roger (2016). Blondt i blondt. Embacle.
  • Aasmundtveit, Sven (2010). Alt vil jeg gi for deg: Dylan på norsk. Eige forlag.

Generelt om Dylan på norsk/av norske forfattarar

Botvar, Pål Ketil, Robert W. Kvalvaag og Reidar Aasgaard (red.) (2011). Bob Dylan: Mannen, myten og musikken. Oslo: Dreyer.

Dylan, Bob (2002). Sangtekster 1962–2001. Cappelen Damm (med korte albumkommentarar av norske ekspertar).

Horgar, Fartein, Petter Fiskum Myhr og Steinar Gismerøy Olafsen (2012). Bob Dylan leksikon. Oslo: Historie & Kultur.

Kvalvaag, Robert W. og Geir Vinje (red.) (2019). A God of Time and Space: New Perspectives on Bob Dylan and Religion. Oslo: Cappelen Damm Akademisk. https://doi.org/10.23865/noasp.74

Markussen, Bjarne Kristian og Gisle Selnes (red.) (2022). Den radikale Bob Dylan. Studier i et omskiftelig sangverk. Oslo: Scandinavian Academic Press. https://s3-eu-west-1.amazonaws.com/spartacus.no/production/attachments/Den%20radikale%20Bob%20Dylan_OA[55].pdf

Mollerin, Kaja S. og Geir O. Rønning (red.) (2007). Bob Dylan. Agora 25, 1–2. Oslo: Aschehoug.

Myhr, Petter Fiskum (2011). Bob Dylan – jeg er en annen. Historien om alle Bob Dylans album. Oslo: Historie & Kultur.

Myhr, Petter Fiskum (2021). Bob Dylans ti bud. Oslo: Historie & Kultur.

Rem, Håvard (1999/2005). Bob Dylan. Oslo: Gyldendal.

Selnes, Gisle (2016). Den store sangen: Kapitler av en bok om Bob Dylan. Oslo: Vidarforlaget.

Aadland, Erling (1998). And the moon is high: noen forsøk på å lese Bob Dylan. Bergen: Ariadne.

Aadland, Erling (2022). Dylan og diktet. Oslo: Cappelen Damm.

Nettstader

Noter

[1] Dylan, Lyrics.

[2] Sjå litteraturlista: Generelt om Dylan på norsk.

[3] Jakobsen, «Vinden gir svar».

[4] Hagerup, «Hardt regn».

[5] Kleveland gav i 2020 ut Klaus Hagerups norske omsetting på albumet På frihjul, no med tittelen «Hardt regn».

[6] Schönn, En enkel sang om frihet.

[7] Vindheim, Radio lys, s. 34–35: www.vindheim.net/poesi/radiolys.html#emning

[8] Dylan, Tarantula. Vold publiserte delar av omsettinga allereie i 1971; Vold, Entusiastiske essays, s. 439–47.

[9] Toresen, «Tamburinegjøgler».

[10] Kalvik, Nøkkelen ligger under matta.

[11] Hansen, Ho Randi.

[12] Virud, Barbeinte engel og Vår daglige blues. Virud si omsetting av «mama» med «mamma» er eit døme på problema med ei (for) ordnær attgjeving: Songen handlar om ein kjærast, ikkje ei mor. Det er mogeleg at dette kunne fungere i språkmiljøet omsettinga spegla, men kommuniserte truleg dårlegare allmennkulturelt sett.

[13] Vold/Virud, Virud synger Vold. Tre songar/to nye omsettingar vart lagt til seinare (1984/1992), med albumtittelen Sitte fast på Notodden

[14] Vold, Dylan. Damer i regn.

[15] Hobbel, «Verdens største forelskelse» og «Sannheten er langt fra din». «Sakte tog», ei fullstendig prosaomsetting av «Slow Train», finst på s. 59.

[16] Virud/Vold, Stein. Regn.

[17] Formoe, Scenespill.

[18] Lie, Rullesteiner, s. 9.

[19] I tillegg «Under the Red Sky» (1990), to cover-album (1992; 1993) og eit live-album (1995).

[20] Harket, Lekekameratene.

[21] Aleksandersen, Fredløs.

[22] Preus, Alfabet, Når dagen roper og Nesten alene.

[23] New Jordal Swingers, Indigo.

[24] Hestbråten, Tankelaus tid.

[25] Sandvik, En vei til din dør.

[26] Dylan, Memoarer. Del 1.

[27] «‘Love and Theft’» (2001; jf. ovanfor), «Modern World» (2006), «Together Through Life» (2009), «Tempest» (2012) og «Rough and Rowdy Ways» (2020).

[28] Lunden, «Sju gjendiktninger».

[29] Torvund, «Forord» og «Kaldt som stål».

[30] Hjelmeland, Bjarte Hjelmeland.

[31] Bratland, Månesinn.

[32] Dokumentert i NRK Radio-serie med Håvard Rem som programleiar (tjue episodar, 2013): https://radio.nrk.no/serie/bob-dylan.

[33] www.dylanpanordnorsk.no/

[34] Sjå same nettstad for denne og andre tekstar.

[35] Aasmundtveit, Alt vil jeg gi for deg.

[36] Aadland, Blod på spora. Ei utgåve kom i 2018 med ein ekstra song, «Up to Me», på norsk «Opp til meg». Denne vart ikkje teke med på den opphavlege utgåva av Blood on the Tracks.

[37] Norsk Dylanologisk Selskab, stifta allereie i 1980, har gjort ein stor innsats for å fremje Dylan-interessa i Noreg, også for omsetting. Det same gjeld nettstaden expectingrain.com, driven av Karl Erik Andersen sidan ca. 1994. Sida er internasjonalt ein av dei viktigaste nettstadene om Dylan og alt «dylansk».

[38] Omsett av Tore Hestbråten, teke med på Hestbråten, Tankelaus tid.

[39] Omsett av Diderik Beichmann; https://oversetterforeningen.no/det-er-ikke-noen-spok-a-oversette-dylan.

[40] https://www.dylanpanordnorsk.no/

[41] Jf. undervisningsemnet «Bob Dylan: tradisjonstolk og kulturspeil» på idéhistorie, første gong i 2011 (IFIKK, UiO; https://www.uio.no/studier/emner/hf/ifikk/IDE2084/) og https://www.uio.no/studier/emner/hf/ifikk/IDE4084/; seminara «Dylan på norsk» (2019; https://oversetterforeningen.no/oversatt-aften-dylan-pa-norsk-med-tom-roger-aadland/) og «Den radikale Dylan?» (2020; Bergen, UiA/UiB), og ved ulike høve på den årlege Dylan-festvalen (arr. sidan 2004, Beitostølen.

[42] Sjå nedanfor for eksempel på slike drøftingar.

[43] Sjå Botvar, «With God on Our side» og «When the Wind is the Answer».

[44] Sjå til dømes https://www.agenda316.no/2020/11/02/bibelen-har-fulgt-dylan-hele-veien/ og https://tix.no/nb/event/13810/kimen-protest-bob-dylan-sanger-for-en-pr-vet-verden/.

[45] https://www.detnorsketeatret.no/framsyningar/dylan-pa-nynorsk

[46] Sjå den bibliografiske databasen for omsettingar av Dylan på norsk: https://www.hf.uio.no/ifikk/personer/vit/idehistorie/fast/reidaraa/dylan-tabell.html.

[47] Haagensen, «Gjendiktning».

[48] Aadland, «Bob Dylan – den syngjande diktaren»; Aadland/Aarstein, «Å oversette Bob Dylan»; Vold, Tarantula, s. 121–25; Vold, Entusiastiske essays, s. 436–39; også Sandvik, En vei til din dør, s. 89–90; https://oversetterforeningen.no/det-er-ikke-noen-spok-a-oversette-dylan/.

[49] Sjå Botvar, «Fansens liv med Bob Dylan», s. 220–21 og 228–31.

[50] I tillegg kjem Torbjørn Hobbel si omsetting «Sakte tog» (1979), sjå ovanfor.

[51] Eit godt eksempel er «Only a Pawn in Their Game» (1963), ein song som så langt ikkje er gjendikta på norsk.

[52] Vold, Entusiastiske essays, s. 436.

[53] I tillegg til desse har Ove Taranger Nesbø (f. 1963) omsett ca. 100 songar (bl.a. sju komplette album) til dialektnær nynorsk. Nesbø er kanskje den som går lengst i heimleggjering, og ofte på vellukka vis. Omsettingane hans er så langt ikkje publiserte.

[54] Skalaen handlar ikkje om ei vurdering av kvaliteten, men om kva for mål omsettarar har sett seg, for eksempel om språkleg konsistens og lesarkrets. Termane og tematikken er sentral i omsetting av Bibelen og liknande «kanoniske» tekstar, men er også høgst relevant for andre slag omsetting. Ord som «omsetting» og «gjendikting» kan spegle den same variasjonen, men er mindre presise; her har eg difor brukt dei synonymt.

[55] For ein opplysande diskusjon med teksteksempel, sjå Aadland/Aarstein, «Å oversette Bob Dylan».

[56] Dette fenomenet kjenner mange frå Vazelina Bilopphøggers’, Knutsen & Ludviksens, og Øystein Sundes humoristiske «gjendiktingar» av gamle, engelskspråklege slagarar.

[57] Prima Vera, Den 5te.

[58] Bjelleklang, YppeRu’ dOnK,

[59] Torsheim, Tur-retur blues.

[60] For eit svært interessant døme, sjå https://www.youtube.com/watch?v=Oj2CPqX-tLc.

Institutt for filosofi, idé- og kunsthistorie og klassiske språk:

Bob Dylan-tekster omsett til norsk

 

 

Ill.: Wikimedia Commons

 

 

 

 

 

 

Ill: Wikimedia commons