Jane Austen på norsk

Av Marie Nedregotten Sørbø

Jane Austen (1775–1817) sin forfattarskap ligg to hundreår tilbake i tid, og har vore omsett til andre språk sidan starten. Norsk var det sjette framandspråket ho kunne lesast på, og Norge var eit av berre sju land som gav ut omsettingar på 1800-talet. På 1900-talet og seinare har det derimot vore ein tsunami av omsettingar over heile verda, og bøkene har kome i minst sju hundre ulike framandspråklege versjonar.[1] I Norge har ni ulike omsettarar gitt oss i alt tretten norske versjonar av romanane.

Verket og mottakinga
Jane Austen er i dag ein av dei aller mest feira forfattarane i verda, og dei seks hovudverka hennar er rekna som del av den litteraturhistoriske kanon. Alle blir stadig omsett, og alle har vore grunnlag for mange teater-, radio-, film- og fjernsynsadaptasjonar.[2] Dei seks romanane kom opphavleg ut i løpet av nokre få år, frå 1811 til 1817. Denne korte forfattarkarrieren vart diverre brått avbroten då Austen døydde 41 år gamal, med ein ny roman på beddingen, Sanditon. Men i røynda hadde Austen arbeidd på tre av romanane sidan ho var i tjue-åra, og omarbeidd dei fleire gonger. Dei tre romanane ho skreiv først var Sense and Sensibility (1811), Pride and Prejudice (1813) og Northanger Abbey (1817). Etter at ho hadde fått trykt dei to første, skreiv ho Mansfield Park (1814), Emma (1816) og Persuasion (1817). Dei to titlane som kom i 1817 vart utgitt etter hennar død av broren Henry, som også for første gong kunne fortelje verda kven som hadde skrive romanane. I Austen si levetid stod det berre «By a Lady» og liknande på tittelbladet.

Austen var difor slett ikkje ein kjend forfattar medan ho levde, og heller ikkje så veldig mykje lesen utover 1800-talet. Men no har ho til gjengjeld dobbel status, både i akademiske sirklar og i populærkulturen. Dei første reknar henne som ein viktig og nyskapande forfattar i litteraturhistoria, og for dei andre tenar ho som idol for ein stor fankultur, som har manifestert seg ikkje minst sidan filmbølga på 1990-talet og i moderne sosiale medier. Også dei norske omsettingane viser ulike oppfatningar av kven Austen var som forfattar, som ein kan sjå av omslag, bokutstyr, seriar, og omsettingsstrategiar.

Persuasion (1817) blir til Familien Elliot (1871–72)
Den første omsettinga av Austen til norsk (så langt vi veit) er av Persuasion, altså den siste romanen ho skreiv ferdig. Denne norske omsettinga med tittelen Familien Elliot har vore heilt ukjend for forskarar og heilt utilgjengeleg for lesarar inntil få år tilbake.[3] I motsetnad til dei seinare omsettingane, har denne første aldri vore registrert i bibliotekskatalogar, sidan den berre vart trykt i føljetongformat i Morgenbladet. Lesarane fekk nesten daglege porsjonar av romanen trykt i «kjellaren» nedst på dei to første sidene av avisa, frå 20. desember 1871 og til og med 23. januar 1872.

Dagsavisene var viktige formidlarar av litteratur i siste halvdel av 1800-talet, sidan mange hadde føljetongar som lesarane kunne klippe ut og samle på.[4] Mange av desse kom også straks ut i bokformat, og er difor no tilgjengelege i Nasjonalbiblioteket og andre stader, men Jane Austen var tydelegvis mindre salbar enn dei fleste andre. Dette var nok fordi ho var ein så gamal og noko gløymd forfattar i ein marknad som helst ville ha dei nyaste namna og dei siste bestseljarane.

Familien Elliot deler tittel med ei eldre svensk omsetting, Familjen Elliot (1836) av Emilia Westdahl, og ei anonym portugisisk omsetting, A Família Elliot (1847). Desse var igjen basert på ein fransk versjon (La Famille Elliot, 1821) ved forfattaren Isabelle de Montolieu, ein av dei aller første Austen-omsettarane. Montolieu redigerte Austen sin roman, tilpassa han ein meir romantisk-sentimental sjanger, og endra fritt på det som ikkje passa inn med dette idealet. Heldigvis viser det seg at den norske Familien Elliot ikkje er bygd på den franske, og heller ikkje viser spor av den svenske, men er ei ny og mykje meir påliteleg omsetting av originalen. Mest sannsynleg er ho basert på den då heilt ferske Tauchnitz-utgåva av romanen på engelsk frå 1871.

Vi kjenner ikkje i dag identiteten til denne norske pioneromsettaren av Austen, men han eller ho var ein av dei dyktigaste og mest samvitsfulle av alle. Omsettaren har ei svært god forståing av den engelske originalen, også dei meir intrikate aspekta ved språk og kultur. Når ein av personane, Captain Benwick, i kapittel 12 alluderer til Lord Byrons «dark blue seas», har omsettaren ingen problem med å kjenne diktet att som «The Corsair». Når Austen viser til eit underforstått ordtak i kapittel 10, gir omsettaren oss heile: «The listener’s proverbial fate was not absolutely hers» blir utfylt og forklart som «Det gamle Ordsprog: ‘Den som bag Døren staar, sin egen Ros ei høre faar’ havde ikke stadfæstet sig ved denne Leilighed». Dette er ein omsettar som er glad i eksplisitering. Viktigare er det at her er godt grep på Austen sitt persongalleri og humor, og ein nøye attgjeving av nesten alle setningar på norsk.

Det verkar likevel som omsettaren har noko problem med å halde seg til Austen sin særeigne narrative teknikk, ofte kalla fri indirekte diskurs, som legg seg tett på personane sine formuleringar også i forteljande parti. Og sjølv om omsettaren i det store og det heile har god sans for Austen sin velkjende ironi, unngår han/ho dei sylskarpe ironiske kommentarane i siste kapittel, og gjer slutten meir harmonisk og mindre tvitydig enn han er i originalen. I denne versjonen får vi dermed ikkje høyre at forteljaren gjer narr av det elskande paret:

Who can be in doubt of what followed? When any two young people take it into their heads to marry, they are pretty sure by perseverance to carry their point [… ](Austen 1969, s. 248, sjå fullt sitat nedanfor)

Denne opningskommentaren er kutta, og dei tre siste avsnitta av kapitlet er stokka om, sannsynlegvis for å gje ein meir konvensjonell, lukkeleg slutt. Austen kombinerer den obligatoriske lukka med ein underfunding klasseironi. Ho let den adelege Anne Elliot gifte seg med ein sjøkaptein, avsløre stupiditeten og fordommane hos adelstanden, og finne seg vel til rette i ein ny klasse. Siste setning hos Austen er:

She gloried in being a sailor’s wife, but she must pay the tax of quick alarm for belonging to that profession which is, if possible, more distinguished in its domestic virtues than in its national importance. (s. 252)

Siste setning hos omsettaren er ei heilt ny tilføying:

Den gamle Dame var en hyppig gjest i Annes hus, og havde den Glæde at se sin Yndling i Besiddelse af al den Lykke, som kan blive en Dødelig tildel. (1871–72)

Den gamle dama er Lady Russell som også har ei viktig rolle i Austen sitt siste kapittel, men dette overdådige løftet om all lukke er nett den sorten sentimental klisjé som Austen ler av både her og andre stader.

Den ukjende omsettaren sin personlege stil og språktone er prega av ordrikdom og formuleringsglede. Men i nokre høve tippar dette over i dobbelt ordbruk som forlenger og kanskje til og med forkludrar setningar og avsnitt. I staden for å omsette «surprised» med eitt norsk ord, er her to:

There are few [… ] who would not be surprised [… ] (s. 18)

Der er visstnok kun faa […] som ikke ville blive overraskede og forbausede [… ] (1871-72, 3. Kap.)

I staden for å omsette «feelings» med eitt av alternativa, står her to synonym:

Such opposition, as these feelings produced, was more than Anne could combat. (s. 27)

Disse Følelser og Anskuelser fremkaldte en Opposition, som Anne var for svag til at kunne modstaa. (1871–72, 4. kap.)

Der er i alle fall tjue slike nye parallellismer i denne omsettinga, og når det kjem fleire av desse fordoblingane på kort tid, blir stilen overlessa i staden for nøye og stringent komponert som hos Austen.

Den gotiske skrifta og den gamle stavemåten gjer denne versjonen mindre tilgjengeleg enn han burde vore. Men med nyleg digitalisering kan no den småstilte fonten forstørrast, noko som lettar lesinga mykje. Denne pioneromsettinga hadde fortent å bli lesen side om side med etterfylgjarane.

«Den morsomste dameroman»: Elizabeth og hennes søstre (1930)
Den første norske versjonen av Austen sin aller mest leste roman, Pride and Prejudice, kom nett i dei åra det var fornya interesse for Austen sitt namn som viktig forfattar i engelsk kultur, til dømes med ei stor, akademisk utgåve av samla verk i England. Romanen var omsett av Alf Harbitz (1880–1964), kritikar, skribent og omsettar av ein rad engelskspråklege forfattarar som Mark Twain, John Galsworthy, Nancy Mitford og Jack London.

Harbitz skriv også eit kort forord, dels for å lokke lesarar til Austen, dels for å forklare eigen omsettingsstrategi. «Av alle de morsomme dameromaner er Jane Austens ‘Pride and Prejudice’ den morsomste […] En bedre ungpikebok er aldri skrevet […] Den er mer verd enn et helt skap med alminnelige ungpikebøker».[5]

Der er to paradoks i Harbitz sitt tilhøve til Austen. Det eine er at han sprudlar over av begeistring over ein forfattarskap som han ser som meisterleg og unik, medan han samstundes ikkje nøler med å avgrense den til kvinnerommet. Dette er ein mannleg lesar og beundrar som kallar Austen damelitteratur. Sannsynlegvis har han tenkt at ved å bruke omgrep som «dameroman» og «ungpikebok» kan han lokke lesarar i denne målgruppa, lesarar som kanskje på denne tida ikkje ville gå til Jane Austen fordi ho var sett på som gamaldags og vanskeleg. Austen hadde aukande og høg status hos akademikarar, men ikkje så brei lesargruppe som ho har no.

Det andre paradokset er at han går til verket med respekt, ærefrykt og formidlingsglede, og nærast ser det som ei misjonsgjerning å spreie Austen til nye generasjonar. Men samstundes forenklar han romanen ganske mykje, og har også fleire tilfelle av sensurering av trekk han ikkje vil ha med. Han omtaler strategien sin som å «gjøre den til en virkelig norsk bok […] Med stor varsomhet er tempoet satt op, og rytmen gjort enklere. Fri i bokstaven, men trofast i ånden […]».[6]

Det auka tempoet inneber ei konstant uttynning av teksten. Harbitz kuttar ord her og der på alle sider, og mister ofte nettopp morosame detaljar og humoristiske poeng. I tillegg kuttar han ut heile passasjer, sider og ein stad eit kapittel. Her er eit moderat, men typisk eksempel på metoden:

Elizabeth’s astonishment was beyond expression. She stared, coloured, doubted, and was silent (Austen 1983, s. 189).

Elizabeth stirret på ham, blev rød, men svarte ikke (Harbitz (oms.) 1930, s. 137).

Langt større konsekvensar får det når Harbitz tek vekk romantekst som han eller forlaget kanskje finn upassande for målgruppa. Det er særleg to område som blir utsett for slik sensur; kritiske merknader om kjønnsroller og menn, og – merkeleg nok – hovudpersonen sitt mest intense kjensleliv. Elizabeth Bennet sitt bråsinne mot alle menn forsvinn sporlaust på norsk, saman med tanta sin advarsel:

«I have a very poor opinion of young men who live in Derbyshire [… ] I am sick of them all [… ] Stupid men are the only ones worth knowing, after all.»

«Take care, Lizzy, that speech savours strongly of disappointment.»

(Austen 1983, s. 154).

Sidan omsettaren tek med resten av kapittelet, er det altså den kvinnelege frustrasjonen som er uønskt.

Det same skjer med ei halv side fylt med Elizabeth si emosjonelle forvirring etter at den arrogante rikmannen Mr. Darcy heilt utav det blå har fridd til henne, og ho ikkje veit om ho hatar han eller er smigra. Slik sensurering skjer ved fleire høve, og aller mest slåande når dei to uventa møter kvarandre på godset hans Pemberley, og Elizabeth for alvor tek til å spørje seg om ho har oppfatta alt feil. Heile den sentrale kjærleikshistoria, med alle sine mistydingar og fordommar, blir heile tida tona ned og forkorta. Det gjeld også mannlege kjensler, slik at Mr. Darcy får mindre spelerom i denne versjonen, nokre gonger berre halvparten av linene han har i originalen. Når han omsider mot slutten av boka seier «you, dearest, loveliest, Elizabeth!» (s. 369) får han berre seie «Dem, kjære Elisabeth» på norsk (s. 239). I ein tidlegare scene der han blir vitne til Elizabeth sitt samanbrot når ho høyrer at søstera Lydia har rømt med ein mann, er han djupt sjokkert og medfølande:

«I am grieved, indeed», cried Darcy, «grieved – shocked» (s. 277)

På norsk er han her høfleg og distansert:

«Det gjør mig usigelig ondt», sa Darcy (s. 182)

I tillegg sensurerer Harbitz det som gjerne blir sett på som tilvising til umoralske tilhøve. Der Austen (s. 279-280) er direkte og likefram i sin omtale av paret som rømmer og lever saman som ugifte (Lydia og Wickham), utelet Harbitz heile denne passasjen.

Elisabeth og hennes søstre er lettlesen og underhaldande, men dei som kjenner originalen vil sakne stilen og syntaksen til Austen, så vel som nokre av poenga og omgrepa som romanen dreier seg rundt, og ikkje minst dei djupare laga i kjærleikshistoria.

Denne 1930-utgåva er ei av dei penaste Austen-bøkene på norsk, med viktorianske illustrasjonar av Charles E. Brock og nydeleg bokutstyr elles. Ein kunne ønske seg tilsvarande vekt på estetikken i alle utgåver av Austen.

Lettvektig underhaldning: Stolthet og fordom (1947)
17 år etter den første versjonen kom ei ny omsetting, og for første gong heiter romanen det same på norsk som på engelsk. Trass i at denne omsettinga tek med meir (men ikkje på langt nær alt) av romanen, har ho langt veikare forståing av språk så vel som av Austen sin eigenart.

Reint estetisk er denne utgåva også motstykket til den førre, utan bilde og trykt på billeg papir, som nok var vanleg i tidleg etterkrigstid. Den einaste illustrasjonen er på det lause omslaget (no sjeldan å finne), der romanen blir omplassert både i tid og stad, og tek oss til Amerika midt på 1800-talet. Vi ser ei krinolinekledd dame framfor eit typisk sørstatshus med grøne skodder, og både arkitektur og klesdrakt er svært ulikt Austen sin eigen empirestil. Teiknaren Axel Andersen var tydelegvis inspirert av Hollywood-filmatiseringa av Pride and Prejudice (Robert Z. Leonard) som kom i 1940 og av den endå større suksessen Tatt av vinden (Victor Fleming) som kom året før. Dette er eit slåande døme på at filmversjonane formar vår oppfatning av forfattar og verk.[7]

Omsettaren var Alfhild Hermana (Lalli) Knutsen (1906–1980), som var svært produktiv også som forfattar over ein tjue-års periode frå midten av trettitalet.[8] Saman med mannen Fridtjof utgjorde ho Knutsen Kriminal AS, som stod bak mengder med bestseljande krimromanar og noveller i ulike blad. Dottera deira, barnebokforfattaren Mette Newth, hugsar foreldra sine aktive skrivemaskiner, og nemner også at omsettingane ofte «måtte bli venstrehåndsarbeid».[9]

Den norske etterkrigsversjonen av Jane Austen sin roman høyrer til i underhaldingsverda, som er om lag det motsette av den seriøse akademiske konteksten ho hadde i heimlandet tidlegare i hundreåret. Og omsettinga ber preg av dette. I motsetnad til dei to første omsettarane i 1871 og 1930, som begge var velkvalifiserte til oppgåva, er her mengder av språkfeil og ein heilt annan tone i verket enn Austen hadde.

Som Harbitz agerer også Knutsen som redaktør så vel som omsettar, ved å kutte ord og setningar og eit heilt kapittel på det meste. Og også ved å legge til ei mengde ord, til dømes adjektiv som ikkje er der frå før, slik at «this subject» blir «dette interessante tema» og «said Mrs Bennet» blir «sa fru Bennet majestisk». Men hovudproblemet er dei gjennomgåande feilomsettingane, frå dei banale mistaka der feil personar blir tildelt replikkar, til mangelfullt vokabular. Slik blir «influence»  til «inntekt», «saucy» blir til «bitter» og «It mortifies me» blir til «Du gjør meg sint». Slike feil blir ikkje minst påfallande når Mr. Darcy som skulle skrive om sin «utmost force of passion» i staden skriv «min uendelige lidelse».[10]

Knutsen sin stil er også annleis enn Austen sin, der omsettaren føretrekk sterkare ord og meir slang, og heile tida justerer forfattaren si eiga stemme i denne retninga. Sterkare ord får vi når «coolly» blir bytta ut med «kaldt», «foolish» blir bytta ut med «idiotisk», «cried» blir «snerret», «like» blir «forelsket» og «smiled» blir «lo».[11] Der er i det heile mykje meir latter i Knutsen sin versjon, også frå personar som aldri ler i originalen, som Mr. Darcy.

Eit eksempel på endra stil er at dei unge overklassemennene på eit engelsk sosietetsball rundt 1813 nyttar kraftutrykk frå Knutsen sitt eige samtidsvokabular. Mr. Bingley seier her at Elizabeth Bennet er «forbannet hyggelig!!» («very agreeable»). Og Mr. Darcy svarar: «Hun er pokker ikke pen nok til å friste meg» («not handsome enough to tempt me»).[12] Poenget er sjølvsagt ikkje at folk ikkje banna på Austen si tid, men i bøkene hennar tyder det på manglande danning. Knutsen adopterer Darcy og Bingley inn i si eiga verd, og får dei til å høyrest ut som dei høyrer til i ein av krimromanane.

Mangelfullt språk har større konsekvensar enn feil i enkeltord. Det blir i slike høve ofte vanskeleg for omsettaren å skjøne humor og ikkje minst ironi, som er eit av Austen sine hovudverkemiddel. Dermed får vi fleire gonger motsett meining enn i originalen. Når Mr. Darcy endeleg kjem i mål med frieriet sitt, gler vi oss over lukka, men samstundes minner forfattaren oss på at vi ikkje kan vente oss mykje fornuft av folk i slike situasjonar:

The happiness which this reply produced, was such as he had probably never felt before; and he expressed himself on the occasion as sensibly and as warmly as a man violently in love can be supposed to do. (s. 366).

Men i denne norske utgåva er den ironiske modifikasjonen vekke, og vi har rein lukke:

Han strålte øyeblikkelig opp (s. 316).

Ein slik forkorta og uironisk versjon er diverre representativ for 1947-omsettinga.

Omskriving og forflating: Stolthet og fordom (ca. 1972)
Den tredje omsettinga av Pride and Prejudice til norsk er ikkje datert, men første utgåve kom i Samlerens Bokklubb om lag 1972, og seinare er ho blitt utgitt mange gonger, til dømes av Den norske bokklubben 1990, Cappelens bokklubb 1997, og andre utgåver frå Messel forlag i 1991, 1996 og 2000. Den første Messel-utgåva var ei pocketbok med tittelen Elizabeth: Stolthet og fordom. På grunn av dei mange utgåvene har dette vore den mest tilgjengelege versjonen i norske bibliotek og bokhandlar før tusenårsskiftet. Men det er også den svakaste av alle omsettingane.

Omsettarane er eit ektepar, Eivind (1915–1970) og Elisabeth Hauge (leveår ukjend), som begge var aktive på 1940- og 50-talet.[13] Han omsette om lag femti bøker frå engelsk, særleg då i lettare sjangrar av no gløymde forfattarar, men også av Jules Verne, Robert Louis Stevenson, Ray Bradbury og ikkje minst Agatha Christie. Ho omsette langt mindre, heldt seg særleg til svenske barnebøker, inkludert Astrid Lindgren, og berre eit par engelske. Det næraste ein kjem Jane Austen i sjanger er Charles Dickens, der Eivind Hauge omsette Oliver Twist (1949) som også kom i Samlerens Bokklubb (1968).

Ein kan no berre gjette på kva metode dei to omsettarane brukte og kvifor dei begge står som omsettarar her når dei alltid elles arbeidde kvar for seg. Men teksten avslører eit slåande mønster. Omsettinga har spor etter to ulike personar med ulik språkkompetanse og omsettingspraksis, der den eine har store problem med engelsk vokabular og idiomatikk, og den andre er langt meir kompetent. Diverre dominerer den svakaste partnaren; dei første 35 kapitla (av 61) er fulle av feil og omskrivingar, der berre dialogane er bra omsett. Så er plutseleg kapittel 36 og dei fylgjande mykje betre og held seg for første gong tett til originalen. Men snart er den forenklande stilen tilbake, og deretter alternerer dei to med nokre kapittel kvar.

Til samanlikning er Eivind Hauge si omsetting av Oliver Twist frå 1949 ein komplett versjon, der til og med alle dei oppsummerande innleiingane i dei 53 kapitla er tatt med («Handler om stedet hvor …»), og elles med foto frå David Lean sin då heilt nye filmversjon frå året før. Denne gir eit heilt anna inntrykk enn Stolthet og fordom, og tyder på at Eivind var den som omsette dei gode kapitla (til dømes 47, det meste av 49, 51, 57, 58).

Det som særmerker dei svakaste og fleste kapitla er ein hang til parafrasering av Austen sin tekst. I tillegg til forkorting av avsnitt og sider, er den vanlege metoden å tynne ut romanteksten ved heile tida å fjerne ord, som om ein ønsker å bruke høvel på originalen. I staden får vi ofte ei omskriving. Austen gir oss fargerike detaljer om menyen i Mrs. Bennet sin overstadige sjølvros:

The dinner was as well dressed as any I ever saw. The venison was roasted to a turn – and everybody said, they never saw so fat a haunch. The soup was fifty times better than what we had at the Lucas’s last week; and […] the partridges were remarkably well done […] (s. 342)

Men Hauge gir oss ein prosaisk oppsummering:

Middagen var så god som den kunne være (Hauge (oms.) ca. 1972, s. 270)

Nokre kontrollteljingar viser at 18 linjer romantekst hos Austen kan bli redusert til fem linjer hos Hauge, eller 54 linjer blir 29. Når denne metoden er gjennomgåande, sit vi igjen med ein annan tekst enn originalen, og ei ganske anna leseoppleving.

Austen sitt rike vokabular og elegante setningar blir til noko langt fattigare. «She felt all the perverseness of the mischance» (s. 182) er banalisert til «hun syntes det var leitt for ham» (s. 147). Uttrykket «she had not really any dislike to the scheme» (s. 241) er rett og slett redusert til «Ja» (s. 194). Medan «they had for basis the excellent understanding and super-excellent disposition of Jane, and a general similarity of feeling and taste between her and himself» (s. 347–48) er omskrive til «De forstod hverandre og begge var gode mennesker» (s. 275).

I  tillegg til omskrivingane er feillesingar også eit stort problem. Det kan verke som den minst røynde omsettaren strevde med å skjøne ein del ord og setningar, og i staden laga sin eigen versjon basert på delar av originalteksten. Til dømes grip dei fatt i ordet «pardon», men tolkar det feil: «his unpardonable assurance» (s. 193) betyr eigentleg «hans utilgivelege sjølvsikkerheit» men blir i Hauge-versjonen til «at han ikke en gang hadde lyst å be om unnskyldning!» (s. 157).

Som alle desse eksempla viser, er stil eit umisseleg trekk ved romanane, og til og med tilsynelatande små bagatellar får stor vekt. I Hauge-omsettinga florerer ropeteikna, med til dømes 14 nye ropeteikn lagt til berre på ei side (s. 141–42), og 16 nye ropeteikn i kapittel 56, og elles mange andre stader. Dette endrar Austen sin stil: Ho er ikkje lenger veloverveid og velformulert, men hektisk og ubalansert.

Liknande verknad har dei mange modifiserande småorda som blir lagt til setningane både her og der: «litt», «noe», «altså», «bl.a.» og «osv». Til og med friaren Mr. Darcy blir avbroten og tillagt eit «osv, osv», som om omsettaren ønsker å stoppe taleflaumen hans.

Han gikk nøye inn på problemene i forbindelse med hennes familieforhold. Et ekteskap mellom de to ville jo forsåvidt bli en mesallianse. Han påpekte det fornuftige i å bevare sunn dømmekraft når følelsene gikk i uønsket retning, osv, osv. Alt dette skulle jo ikke akkurat fremme et gunstig svar på frieriet (s. 153)

Heile tredje setning er dessutan ny og utan motsvar i originalen. Eksempelet viser også omskrivingsmetoden, og ikkje minst preferansen for korte setningar som erstattar Austen sin innvikla syntaks og elegante formuleringar:

His sense of her inferiority – of its being a degradation – of the family obstacles which judgment had always opposed to inclination, were dwelt on with a warmth which seemed due to the consequence he was wounding, but was very unlikely to recommend his suit. (s. 189)

Hauge-versjonen av Pride and Prejudice har stort sett med alle personane og det meste av handlinga i romanen, men manglar i stor grad Austen sitt språk og stil, og dermed også mykje av hennar humor og ironi.

Føljetong for Familien: Omvei til lykken (1974)
For andre gong er ein av Austen sine romanar formidla som føljetong, og no er det Pride and Prejudice som blir omsett med heilt ny tittel: Omvei til lykken. Som hundre år tidlegare er dette ei omsetting som ikkje har vore omtalt i faglitteraturen sidan ho ikkje kom ut som bok og blei registrert i bibliotekskatalogar. Likevel er føljetongane eit fenomen som må reknast med når vi skal vurdere korleis ein forfattarskap blir mottatt på andre språk.

Meir uvanleg er det at vi ikkje veit sikkert kven 1974-omsettaren var, berre at journalisten Lise Jor redigerte og klargjorde teksten for serieformatet, kanskje basert på ein tidlegare versjon. Men Omvei til lykken viser seg å vere ganske ulik dei fire andre norske versjonane av Pride and Prejudice, og opphavet er så langt ei gåte.

Lesarane av bladet Familien kunne kose seg med Austen i om lag eit halvår, frå 5. mars til 8. oktober 1974. Likevel fekk dei på langt nær heile romanen, og dette er den norske versjonen som er mest forkorta. To kapittel er vekke og om lag femten kapittel er sterkt reduserte. Også i dei som står att er det ein god del forenkling. Igjen ser vi at det ikkje har vore eit mål for omsettaren å ta vare på Austen sine setningar, men at ein er ute etter personar og handling og oppfattar stilen som sekundær.

Denne versjonen minner om Alf Harbitz sin strategi i 1930, forkorte og modernisere, men elles omsette med god forståing av forfattarskapen. For dei delane av romanen som er bevart i 1974 kan ofte vere godt omsett. Og lesarane av Familien fekk også ein skikkeleg presentasjon av Jane Austen saman med første utdrag. Her legg Lise Jor vekt på Austen sin litteraturhistoriske status som ein nyskapande forfattar, ulik den vanlege damelitteraturen. Det er kanskje eit lite paradoks at tittelen på denne omsettinga, Omvei til lykken, er den som legg seg nærast opp til damelitteratursjangeren.

Sjølv om redaktøren har stor sans for humoren og det underfundige hos Austen, er den kjende opninga tatt vekk, den som ofte elles blir sitert som kroneksempelet på narrativ ironi:

It is a truth universally acknowledged, that a single man in possession of a good fortune, must be in want of a wife. (s. 3)

Her proklamerer forteljaren «universelle sanningar» om jakta på rike ungkarar; store ord om små banalitetar. I staden for denne utleveringa av ekteskapsmarknaden, opnar 1974-versjonen med eit heilt anna perspektiv:

Det var ikke tvil mulig lenger. Fra helt pålitelige kilder hadde de fått vite at Netherfield Park var blitt leiet ut, og det til en rik ungkar, en rik ungkar fra det nordlige England (1974, del 1, s. 16)

Omsettaren tek altså opp tråden ei halv side uti første kapittel, med nyhende om ungkaren frå nord. Men ho eller han misser då den ironiske kommentaren, og held seg her til karakterane sitt eige perspektiv. Det er ikkje den einaste omsettaren som kuttar i kommentarane, det er først hos dei nyaste ein kan vente å finne alle desse intakt.

To tiår seinare kom Familien med ein ny versjon av denne omsettinga, denne gongen med tittelen Stolthet og fordom (1996). Men no er det ikkje lenger ein føljetong, men berre eit 16 siders utdrag og samandrag som vedlegg til bladet. Første side er avsett til delar av Lise Jor sin artikkel. Vedlegget er rikt illustrert med foto frå BBC sin heilt nye miniserie, som nett då gjekk på norsk fjernsyn, og som innleia ein ny æra for Jane Austen.

Aschehoug sin Austen-serie (1996–2003)
Jane Austen har aldri fått ei samla verk-utgåve omsett til norsk, men ho kom ganske nær med dei fem romanane som kom på Aschehoug rundt tusenårsskiftet: Emma (1996), Fornuft og følelse (1997), Overtalelse (1998), Mansfield Park (2000) og Stolthet og fordom (2003). Dei kom først i serien «De store romaner» og er seinare gitt ut i andre seriar som «Aschehoug tradisjon», i Bokklubben, og i pocket-utgåver (Austen 1996, 1997, 1998, 2000, 2003).

Alle fem romanane er omsett av Merete Alfsen (f. 1950). Serien utmerkar seg som ein milepåle i historia om Austen på norsk. For første gong sidan 1871–72 har vi komplette omsettingar som ikkje redigerer og vurderer Austen sin tekst, men som siktar mot å få med seg rubbel og bit av originalen.

Like viktig og velkommen er omsetting som tek vare på språkstilen hos Austen, ikkje minst setningsstrukturen. Austen sin eigen syntaks kan nokre gonger vere ein intrikat vev av assosiasjonar og innskot som snirklar seg nedover sidene. Omsettarar som prøver å modernisere Austen innfører ofte kortare og knappare setningar, som om syntaktisk eleganse er ein veikskap. Alle 1900-tals omsettarane før Alfsen gjer dette, berre 1800-tals omsettaren gjer det ikkje. Desse omsettarane viser at det går an å attskape Austen-liknande setningar også på norsk.

Ei samanlikning viser kva som står på spel ved å dele opp setningane. I Pride and Prejudice skriv Austen to lange setningar om ein vel bevart familieløyndom om søstera til Darcy:

To no creature had it been revealed, where secrecy was possible, except to Elizabeth; and from all Bingley’s connections her brother was particularly anxious to conceal it, from that very wish which Elizabeth had long ago attributed to him, of their becoming hereafter her own. He had certainly formed such a plan, and without meaning that it should affect his endeavour to separate him from Miss Bennet, it is probable that it might add something to his lively concern for the welfare of his friend (1983, s. 270).

I Hauge-omsettinga blir dette dobla til fire setningar, sjølv om innhaldet er forkorta og stilen forenkla og banalisert:

Det var bare Elizabeth som visste om det utenfor den nærmeste familie. Mr Darcy var særlig ivrig etter at ikke noen i familien Bingley skulle få vite noe om dette. Han hadde virkelig tenkt på en forbindelse mellom Georgiana og Mr. Bingley. Ubevisst var det kanskje også grunnen til alle hans anstrengelser for å skille Jane og Mr. Bingley (ca. 1972, s. 212)

Hos Alfsen får vi for første gong Austen sin setningsstruktur så vel som innhald på norsk:

Ikke en sjel hadde fått vite om det, så sant det hadde vært mulig å holde det hemmelig, med unntak av Elizabeth, og særlig overfor Bingleys familie hadde broren vært oppsatt på å holde det skjult, nettopp ut fra det ønsket som Elizabeth lenge hadde tillagt ham, om at de med tiden skulle bli hans søsters familie. Han hadde absolutt gjort seg slike tanker, og uten at det bevisst hadde påvirket hans anstrengelser for å skille mr. Bingley fra miss Bennet, er det sannsynlig at det har hatt betydning for hans ivrige omsorg for sin venns ve og vel. (2003, s. 249)

Eksempelet illustrerer også korleis den verbale ironien blir redusert når setningane blir endra, her er siste setning eit spark til Darcys eigeninteresse fordekt som «ivrig omsorg for sin venns ve og vel».

Etter å ha fullført det store arbeidet med fem Austen-romanar, skriv Merete Alfsen eit etterord der ho gjer greie for strategien som ligg bak. Ho skriv om korleis Austen sin ironi ofte blir oversett av tidlegare omsettarar, med det resultatet at lesaren får enkle «misseromaner» i staden for klassiske «mesterverk». Alfsen fortel om fascinasjonen ved å omsette to hundre år gamal litteratur, og om å finne balansen mellom den gamle teksten og moderne lesarar. Ho held altså på den gamle setningsstrukturen, let ordtilfanget vere moderat gamaldags, medan stavemåten er moderne:

Når det gjelder ordvalg, er det klart at man må unngå grelle anakronismer, moderne ord som er grove stilbrudd. Men man skal også passe seg for å gå til den motsatte ytterlighet. Det er naturligvis moro å få lov til å hente opp ord og vendinger fra de nederste skuffene i det passive ordforrådet. Det er som å ta frem gamle, pene ting som man ikke bruker til daglig, og for det første glede seg over at man faktisk har noe i de skuffene, og så se at det både kan brukes og pynte opp fremdeles. Man må bare ikke falle for fristelsen til å fråtse i dem eller briljere med dem (Alfsen (oms.) 2003, s. 361)

Denne strategien verkar passande og veloverveid. Det kan vere interessant å sjå kvar balansen ligg mellom det gamle og det moderne. Kva er orda frå dei nedste skuffene i dette tilfelle? Nokre få av dei kan vere rare og uskjønlege, som det juridiske omgrepet «fideikomiss» («entail» hos Austen, «stamgods» hos Harbitz). Men dei fleste er slike som alle har i nedste skuffe og kjenner nostalgisk glede ved å møte igjen: «sågar», «idel», «ukunstlede», «hofferdig», «klanderverdighet», «formode». Hos Austen er likevel desse gjerne meir daglegdagse: «even», «full», «unstudied», «high and imposing manners», «guilt», «suppose».[14]

I slike omsettingar der både forståinga av originalen og omsettinga til norsk ofte er svært gode, vil det likevel vere skilnad på ulike omsettarar sine strategiar, og val av eit eldre vokabular gir ein eigen, høgtideleg stiltone, og også noko tendens til lenger setningar.

«His guilt and his descent appear by your account to be the same» (s. 94–95)

«Slik De fremstiller det, synes hans klanderverdighet og hans bakgrunn å være ett og det samme» (s. 94)

Den gamalmodige stilen passar som hand i hanske til ein av personane i Stolthet og fordom, nemleg presten Mr. Collins. Han snakkar heile tida om «min ringe bolig» («my humble abode») og at han står på god fot med adelsstanden, ved sin «velynderinne» Lady Catherine de Bourgh, som han besøker for å «gjøre sin oppvartning» og «ta lovprisningen av Hennes Nåde i egne hender». Han blir strålande utlevert fleire stader i 2003-omsettinga, med sin «fortreffelige Charlotte [… ] sine smukke slektninger» og sin «avskjedsreverens».[15]

Også den aller første og like grundige omsettaren av Austen i 1871 hadde sans for framande, eldre og elegante ord, som «Liebhaber» («applicant» hos Austen), «Prokuratoren« («Mr Shepherd»), «Squiren» («his father»).[16] Dessutan var omsettaren Lalli Knutsen i 1947 veldig glad i slike forsiringar. Hos henne blir eit superenkelt ord som «the party» forvanska til «hele kodiljen». Likeeins blir det enkle verbet «asking» til det obskure ordet «inklinerte». Austen sine klesplagg blir meir fancy i slike omsettingar, og hennar «coat» og «dresses» blir forfremma til «figurfrakk» og «toaletter».[17]

Austen sitt eige vokabular er oftast fritt for framandord og språkleg jåleri. Sjølv om ho har eit velutvikla og kunnskapsrikt repertoar av ord til kritisk og ironisk bruk, og tekstane vert opplevd som velformulerte og frodige, brukte ho ord frå kvardagskuffene der ho kunne. Dette var hennar særpreg i ei tid då det florerte med oppstylta språk i sentimentale og gotiske romanar. Difor seier Austen «school», «carriage», «so very large», medan 1871-omsettaren seier «Institut», «Ekvipagen», «korpulente».[18] Og difor seier Austen «understand» og «act in this way yourself», medan Alfsen har «utgrunne» og «båret deg slik ad».[19] I slike høve kan Austen sitt språk verke enklare og meir tidlaust enn dei norske versjonane.

Som 1871-omsetjaren før henne, leverer Merete Alfsen glimrande versjonar, og alle som ikkje les desse fem romanane i original bør lese dei i Alfsen sine omsettingar. Vi let oss gjerne rive med i ein slik rekonstruksjon av fortida. Gleda ved å lese minner om gleda ved sjå dei mange filmversjonane som attskapar våre draumar om Austen si tid.

Men romanane gir oss i tillegg ei særeiga fortellestemme og eit blikk som ser på denne verda med ironisk, kritisk og alltid humoristisk distanse. Denne stemma og dette blikket er godt formidla i Alfsen sine fem omsettingar. Den ironiske opningskommentaren i siste kapittel av Persuasion –  som vart kutta i Familien Elliot i 1871 (sjå ovanfor) – er glitrande omsett i Overtalelse i 1998:

Who can be in doubt of what followed? When any two young people take it into their heads to marry, they are pretty sure by perseverance to carry their point, be they ever so poor, or ever so imprudent, or ever so little likely to be necessary to each other’s ultimate comfort. This may be bad morality to conclude with, but I believe it to be the truth […] (Austen 1969, s. 248)

Hvem kan være i tvil om hva som fulgte? Når to unge mennesker setter seg i hodet at de vil gifte seg, kan de være nokså sikre på å få trumfet det igjennom før eller siden, hvor fattige de enn er, hvor ubetenksomme de enn er, og hvor usannsynlig det enn er at de ikke kan leve uten hverandre. Dette er kanskje dårlig moral å avslutte med, men jeg tror det er sant […] (Alfsen (oms.) 1998, s. 231)

Her leikar Austen seg med forfattarrollen og forventinga om ein lukkeleg slutt for dei gode hovudpersonane, slik sjangeren krev. Men ho greier ikkje heilt å levere dette utan å le litt av det heile. Slike unge par er slett ikkje ufeilbarlege heltar, men sannsynlegvis ofte sta og sjølvopptatte. Ei kjærleikshistorie er ikkje noko særsynt eller høgverdig, men ein høgst daglegdags ting som ofte endar ganske ille. Bøkene til Austen er fulle av slike dårlege ekteskap og feil livsval, og av forfattaren sin ironiske utlevering av dei. Med Alfsen sine omsettingar snakkar denne ironiske og humoristiske Austen også norsk.

Lekker pastisj: Sanditon og Lady Susan
Det held ho også fram med å gjere i den neste norske utgåva, Peter Fjågesund si omsetting av Sanditon og Lady Susan (2019). Desse to titlane er svært ulike med omsyn til plasseringa i Austen sin forfattarskap, sidan Lady Susan er eit ungdomsverk frå ho var rundt 19, og Sanditon er det siste ho skreiv som 41-åring. Dei er også ulike ved at Lady Susan er eit komplett verk som kan lesast i sin heilheit, medan Sanditon berre er eit fragment på om lag 50 sider av det som skulle blitt ein full roman, om forfattaren hadde fått leve.

Men begge titlane har fått ny merksemd dei aller seinaste åra, grunna filmversjonar. Whit Stillmann sin spelefilm Love and Friendship (2016) er – trass tittelen – ein adaptasjon av Lady Susan, og er så vittig, ironisk og underhaldande som ein Jane Austen film bør vere. Medan fjernsynsserien Sanditon (ITV, 2019, 2022) berre i mindre grad har spor av Austen, og då helst i miljø og persongalleri. Det meste av innhaldet i serien er nyskrive av Andrew Davies, som fabulerer fritt over den starten Austen laga, og fjernar seg ganske langt frå hennar særpreg og tone.

Omsettinga kom difor i rett tid, og det er første gong nokre av Austen sine mindre verk blir omsett til norsk. Dette er difor ei utgåve som fyller eit hol i den norske resepsjonen. Det er også første gong ei Austen-bok er gjennom-illustrert av ein norsk kunstnar, og kanskje den lekraste utgåva sidan Harbitz i 1930. Medan sistnemnde hadde 1800-tals, viktorianske illustrasjonar, har denne omsettinga heilt nye vignettar, bordar og silhuettar av Borghild Telnes. Omslag, tittelblad og alle kapittel er dekorert, og viser kor godt ein kan knyte vår tid til fortida ved å nytte gamle estetiske uttrykk på ein ny måte. Silhuettar var veldig populære på Austen si tid – eit av dei få portretta vi har av henne er ein silhuett –  så slike kunstnarlege pastisjar høver svært godt til formålet her.

På liknande vis er også dei tolv kapitteloverskriftene i Sanditon nylaga i gammal stil, som til dømes «En forstuet ankel» og «Ettermiddagste og nok et brev». Rett nok brukte ikkje Jane Austen sjølv slike kapitteltitlar i romanane sine,  dei minner kanskje meir om Charles Dickens, men dei passar godt til pastisj-estetikken her.

Fjågesund sin språkstil er elles moderne bokmål, så «man and wife» blir «mann og kone» (s. 19), ikkje «mann og hustru», og «the most stylish girls» blir «de mest moteriktige jentene» (s. 78), ikkje «pikene». Fjågesund har ofte ei heldig hand med idiomatikken, der ironiske nemningar som «sad invalids» rett og slett blir «sykelige» (s. 20), «saucy fellow» blir «rappkjeftet fyr» (s. 36) og «great fools» blir «dumme som brød» (s. 53).

Austen sin intrikate syntaks er framleis godt synleg, sjølv om dei mange tankestrekane er redusert i tal, og der er fleire punktum og avsnitt. Nokre gonger meiner omsettaren at Austen sine setningar blir vel umoglege, og tyr til sluttnotar for å klargjere. I alle fall ved eitt høve meiner han teksten hennar er uferdig (s. 82, 177), men det er ikkje verre enn at pronomenet «hers» i originalen må omsettast med fleirtal «sine» og ikkje eintal «sin» for at setninga skal gå opp. Note-apparatet kan vere godt å ha for moderne lesarar, men Austen er ikkje så obskur som ho kan verke, heller ikkje her, og nokre få slike mistydingar kan med fordel justerast i neste utgåve.

Eit lite sakn er også Austen sine komiske oppramsingar av dei mirakuløse verknadane av sjøluft og sjøbad i kapittel 2 av Sanditon:

They were anti-spasmodic, anti-pulmonary, anti-sceptic, anti-bilious and anti-rheumatic.

Setninga er korrekt omsett, og ypparleg om det hadde vore sakprosa, men komikken ikkje lenger så slåande:

[…] de motvirket kramper, luftveisplager, infeksjoner, gallestein og revmatisme.

Det er nettopp repetisjonen av «anti» som er med på å gjere rapporten av Mr Parker sin tale her overdriven, pompøs og hypokondrisk. Men eksempelet viser også at det er ei krevjande øving å omsette Austen, og Fjågesund leverer ledige og gode norske versjonar.

I tillegg til dei to romantekstane og noteapparatet, får lesaren både eit kort føreord «Om oversettelsene» og eit lenger etterord om Jane Austen sin forfattarskap, sjangrar og mottaking.

Det er ein fest å lese Jane Austen sine ironiske utleveringar av overklasse, maktspel, og overflatiske omgangsformer i Lady Susan, og fasjonabelt hypokondri, snobberi, smålegskap og pengejakt i Sanditon. Det er berre synd at ikkje det siste verket er fullført, sidan forfattaren var i toppform då ho skreiv det. Den norske utgåva er i alle høve eit funn for Austen-lesarar, og ei sann estetisk nyting.

Austen på nynorsk
Det tok lang tid før Jane Austen fekk ein av sine romanar omsett til nynorsk, det skjedde først i 2022. Før den tid kunne skuleelevar lese eit kort utdrag frå Pride and Prejudice i læreboka Spenn frå 2007. Omsettaren av læreverket frå bokmål til nynorsk er Nikolai Nelvik, og han ser ut til å ha omsett romanutdraget frå engelsk, og ikkje frå bokmål.

Utdraget har tittelen Byrgskap og fordom og omfattar heile det korte, første kapittelet av romanen, som i originalen sluttar slik:

Mr Bennet was so odd a mixture of quick parts, sarcastic humour, reserve, and caprice, that the experience of three and twenty years had been insufficient to make his wife understand his character. Her mind was less difficult to develope. She was a woman of mean understanding, little information, and uncertain temper. When she was discontented she fancied herself nervous. The business of her life was to get her daughters married; its solace was visiting and news. (s. 5)

I den nynorske versjonen blir dette:

Herr Bennet var slik ei sær blanding av vidd, sarkastisk humor, atterhald og nykker at kona hans enno ikkje etter tjuetre år forstod seg heilt på han. Med henne var det lettare. Ho var ei einfaldig kvinne utan store kunnskapar, og med omskifteleg sinn. Når ho var misnøgd, sa ho det var nervane. Livsoppgåva hennar var å få døtrene gifte; trøyst fann ho i visittar og slarv. (s. 333)

Eksemplet viser kor lett og ledig Austen kan klinge på moderne nynorsk.

Skalds klassikarserie
Det var ein dobbel milepåle i historia om Jane Austen i Norge då Northanger Abbey kom på norsk for første gong i 2022, samstundes som dette var den aller første nynorske versjonen av nokon av romanane. Jane Austen er eit av dei store litterære verdsnamna som hittil har mangla i den nynorske omsettingskanonen. Northanger Abbey er nett like vittig og ironisk som dei andre romanane til Austen, og fortener sin plass i verket hennar, også i norsk språkdrakt. Omsetjar er Marie Nedregotten Sørbø (som også har skrive denne artikkelen).

Den valde språkstilen er moderne nynorsk. Det motsette er vanskeleg; altså å finne ein to hundre år gamal norsk språkstil som høver nøyaktig til Jane Austens tid. Nynorsk (då landsmål) blei først utforma eit halvt hundreår seinare. Og norske forfattarar skreiv og gav ut bøkene sine på dansk. Om Austen sine romanar hadde blitt omsett i Norge med ein gong dei kom på marknaden rundt 1814, ville dei ha kome på dansk.

Den andre grunnen til at eit moderne samtidsspråk passar til Austen er at ho skreiv slik sjølv. Romanane var samtidsromanar då dei kom ut, og ho er opptatt av at dei ikkje skulle vere utdaterte. Sjølv om ho har eit rikt språk, og nokre gonger lange og ganske snirklete setningar, nyttar ho eige daglegspråk og ikkje framandord og stilistisk jåleri. Ei nynorsk Jane Austen vil alltid vere ein anakronisme (altså frå ulike tider), men det vil også ei bokmålsomsetting vere.

Skalds klassikarar er ein vakkert designa og fargerik serie som starta med Franz Kafka i 2016. Jane Austens Northanger Abbey passar godt på hylla saman med både bestseljande og gløymde klassikarar.

Northanger Abbey handlar om tenåringen Catherine Morland frå den engelske landsbygda som blir invitert med til det strålande bylivet i Bath, og deretter til og med på besøk til eit gamalt kloster. Ho ser alt med friske og litt truskuldige auge, samstundes som ho ventar seg like dramatiske hendingar ho les om i romanane. Boka er både ein parodi over gotiske og sentimentale romanar, og samstundes eit forsvar for den meir realistiske romanen.

Her eit par døme på Austens vidd i original og nynorsk versjon.

Catherine er ein ivrig lesar, men likar ikkje historiebøker:

… it tells me nothing that does not either vex or weary me. The quarrels of popes and kings, with wars or pestilences, in every page; the men all so good for nothing, and hardly any women at all – it is very tiresome: and yet, I often think it odd that it should be so dull, for a great deal of it must be invention. …. and invention is what delights me in other books.

… det fortel meg ingenting som ikkje enten irriterer eller trøyttar meg. Alle desse kranglane mellom pavar og kongar, med krigar og pestar side opp og side ned. Mennene duger ikkje til noko, og der finns nesten ikkje kvinner i det heile. Det er veldig strevsamt, og likevel synest eg ofte det er rart at historiebøkene er så kjedelege, for ein stor del av dei må vere oppdikta …. Og dikting er jo det som frydar meg i andre bøker (I, 14, s. 129-130).

Litt seinare i same kapittel er det forteljaren som nyttar høvet til å gi lesaren (særleg dei kvinnelege) gode råd:

She was heartily ashamed of her ignorance. A misplaced shame. Where people wish to attach, they should always be ignorant. To come with a well-informed mind is to come with an inability of administering to the vanity of others, which a sensible person would always wish to avoid. A woman especially, if she have the misfortune of knowing anything, should conceal it as well as she can.

Ho blei inderleg skamfull over si eiga fåkunne. Ei misforstått skam. Om folk ønsker å bli likte, bør dei alltid vere uvitande. Dei velinformerte er ute av stand til å bygge opp under andre si forfengelegheit, så det bør eit fornuftig menneske alltid unngå å vere. Ikkje minst må ei kvinne, om ho no skulle vere så uheldig å kunne noko, skjule dette så godt ho kan. (I, 14, s.132)

Nynorsk vokabular og syntaks samsvarar godt med Jane Austens eige språk. Omsettingar til nynorsk og bokmål bør difor kunne utfylle kvarandre og gje eit rikare utval av Jane Austen på norsk.

Referansar
Alfsen, Merete (2003). «Oversetterens etterord». Stolthet og fordom. Oslo: Aschehoug.

Austen, Jane (1871–72). Familien Elliot. Kristiania (Oslo): Morgenbladet.

Austen, Jane / Alf Harbitz (oms.) (1930). Elizabeth og hennes søstre. Oslo: Aschehoug.

Austen, Jane / Lalli Knutsen (oms.) (1947). Stolthet og fordom. Oslo: Nasjonalforlaget.

Austen, Jane (1969). Northanger Abbey and Persuasion. I R. W. Chapman (red.), The Novels of Jane Auste, tredje utgave, vol. V. Oxford: Oxford University Press.

Austen, Jane / Eivind og Elisabeth Hauge (oms.) (ca. 1972). Stolthet og fordom. Oslo: Samlerens Bokklubb.

Austen, Jane (1974). Omvei til lykken. Oslo: Familien.

Austen, Jane (1983). Pride and Prejudice. I R. W. Chapman (red.), The Novels of Jane Austen, tredje utgave, vol. II. Oxford: Oxford University Press.

Austen, Jane / Merete Alfsen (oms.) (1996). Emma. «De store romaner». Oslo: Aschehoug.

Austen, Jane / Merete Alfsen (oms.) (1997). Fornuft og følelse. «De store romaner». Oslo: Aschehoug.

Austen, Jane / Merete Alfsen (oms.) (1998). Overtalelse. «De store romaner». Oslo: Aschehoug.

Austen, Jane / Merete Alfsen (oms.) (2000). Mansfield Park. «De store romaner». Oslo: Aschehoug.

Austen, Jane / Merete Alfsen (oms.) (2003). Stolthet og fordom. Oslo: Aschehoug.

Austen, Jane / Nikolai Nelvik (oms.) (2007). «Byrgskap og fordom». I Anne Lise Jomisko mfl. (red.), Spenn: Norsk for studieførebuande utdanningsprogram VG2. Oslo: Aschehoug.

Austen, Jane/Peter Fjågesund (oms.) (2019). Sanditon og Lady Susan. Illustrert av Borghild Telnes. Seljord: Fingal Forlag.

Austen, Jane/Marie Nedregotten Sørbø (oms.) (2022) Northanger Abbey. Leikanger: Skald.

Dickens, Charles / Eivind Hauge (oms.) (1949). Oliver Twist. Oslo: Dreyer forlag.

Dvergsdal, Arne (2000, 17. april). «Knutsen Kriminal AS». Oslo: Dagbladet. Tilgjengelig på: https://www.dagbladet.no/kultur/knutsen-kriminal-as/65595360

Engelstad, Irene, Jorunn Hareide, Irene Iversen, Torill Steinfeld, og Janneken Øverland (red.) (1990). Norsk kvinnelitteraturhistorie. Tredje bind. Oslo: Pax.

Jor, Lise (Vislie) (1974, 5. mars). «Et lite stykke elfenben». Oslo: Familien.

Nøding, Aina (2010). «Fra fabler til føljetonger». Norsk Presses Historie (1660–2010): En samfunnsmakt blir til: 1660–1880. Red. Martin Eide og Hans Fredrik Dahl. Oslo: Universitetsforlaget.

Sørbø, Marie Nedregotten (2012). «Discovering an Unknown Austen: Persuasion in the Nineteenth Century». Persuasions (34), s. 245–254. USA: Jane Austen Society of North America.

Sørbø, Marie Nedregotten (2014). Irony and Idyll: Jane Austen’s Pride and Prejudice and Mansfield Park on Screen. Amsterdam og New York: Rodopi.

Sørbø, Marie Nedregotten (2018). Jane Austen Speaks Norwegian: The Challenges of Literary Translation. Leiden: Brill.

Sørbø, Marie Nedregotten (2022) Merknad. Northanger Abbey. Leikanger: Skald s. 319-326.

Noter

[1]Sørbø (2018), s. 10.

[2]Sjå Sørbø (2014).

[3]Sjå meir om denne oppdaginga i Sørbø (2012).

[4]Nøding (2010).

[5]Austen/Harbitz (oms.) 1930, s. 3–4.

[6]Austen/Harbitz (oms.) 1930, s. 4.

[7]Meir om denne filmen i kapittel tre av Sørbø (2014).

[8]Sjå bokliste i Engelstad mfl. 1990, III, s. 265.

[9]Dvergsdal (2000).

[10] Austen (1983), s. 29, 81–82, 327, 343, 198; Austen (1947), s. 31, 79, 281, 295, 173.

[11] Austen (1983), s. 29, 13, 14, 45; Austen (1947), 31, 32, 15, 16, 47.

[12] Austen (1983), s. 11–12; Austen (1947), s. 13–14.

[13] Det kan verke som Elisabeth gjorde ferdig omsettinga etter at Eivind var død.

[14] Austen (1983), s. 28, 66, 54, 68, 78, 94, 185; Austen (2003), s. 31, 67, 55, 69, 79, 94, 178.

[15] Uttrykka er henta frå Austen (2003), s. 68, 154, 163, 160, 135, 200.

[16] Austen (1969), s. 15, 19, 44; Austen (1871–72), 21.–25. desember.

[17] Austen (1983), s. 4, 14, 13; Austen (1947), s. 6, 16, 11, 15.

[18] Austen (1969), s. 14, 39; Austen (1871–71), 21.–25. desember.

[19] Austen (1983), s. 22–23; Austen (2003), s. 25–26.

Bibliografi

1871–72. Familien Elliot. Ukjend omsetjar. Føljetong i Morgenbladet (frå 20. desember 1871 til 23. januar 1872). Kristiania (Oslo).

1930 Elizabeth og hennes søstre. Omsett av Alf Harbitz. Oslo: Aschehoug.

1947 Stolthet og fordom. Omsett av Lalli Knutsen. Oslo: Nasjonalforlaget.

Ca. 1972 Stolthet og fordom. Omsett av Eivind and Elisabeth Hauge. Oslo: Samlerens Bokklubb. [Lenke til 1991-utgaven]

1974 Omvei til lykken. Ukjend omsetjar. Føljetong i Familien (frå 5. mars til 8. oktober). Oslo.

1996 Emma. «De store romaner». Omsett av Merete Alfsen. Oslo: Aschehoug. [Lenke til 1997-utgaven]

1997 Fornuft og følelse. «De store romaner». Omsett av Merete Alfsen. Oslo: Aschehoug.

1998 Overtalelse. «De store romaner». Omsett av Merete Alfsen. Oslo: Aschehoug.

2000 Mansfield Park. «De store romaner». Omsett av Merete Alfsen. Oslo: Aschehoug.

2003 Stolthet og fordom. «De store romaner». Omsett av Merete Alfsen. Oslo: Aschehoug.

2007 «Byrgskap og fordom» (utdrag). Omsett av Nikolai Nelvik. I Spenn: Norsk for studieførebuande utdanningsprogram VG2, red. Anne Lise Jomisko, Christoffer Linnstad, Tommy Moum og Marianne Texmo. Oslo: Aschehoug.

2019 Sanditon og Lady Susan. Omsett av Peter Fjågesund. Seljord: Fingal Forlag.

2022 Northanger Abbey. Omsett av Marie Nedregotten Sørbø. Leikanger: Skald.