Litterær omsetjing til Landsmålet frå 1850-åra til om lag 1900

Av Jan Ragnar Hagland

Gjennom unionstida med Danmark, og også etter at Noreg kom i union med Sverige i 1814, hadde dansk vore skriftspråket i Noreg, etter kvart med visse tillempingar til norsk talemål. Men i 1853 gav den sjølvlærde språkvitskapsmannen Ivar Aasen ut ei lita samling tekster med tittelen Prøver af landsmaalet i Norge. Med det var eit nytt litterært mål tilgjengeleg, og utover på 1800-talet vart landsmålet, som skifta namn til nynorsk i 1929, teke i bruk av både forfattarar og omsetjarar, mellom anna forfattaren og journalisten Aasmund Olavsson Vinje og etter kvart forfattarar som Kristoffer Janson, salmediktaren Elias Blix og Arne Garborg. I røynda var ein av dei første litterære tekster av noko omfang som vart utgjeven på landsmålet, ei omsetjing – Fridtjovs saga – gjort av Ivar Aasen. Allment sett er omsetjingar viktige når nye skriftspråk skal dyrkast opp til å bli litteraturspråk, og i tida fram til om lag 1900 var omsetjing av sagalitteratur og kristne tekster spesielt viktige for den litterære oppdyrkinga av landsmålet. Dei to viktigaste omsetjingane som kom ut i denne perioden, var Steinar Schjøtts omsetjing av Heimskringla (1874–79) og omsetjinga av Det nye Testamentet (1889).

Det var ikkje ei stor mengd med omsett litteratur som vart gjeven ut i det første halve hundreåret av det nye skriftspråkets historie. Det same gjeld litteratur på landsmålet i det store og heile i denne første tida.[1]

Omsetjingane som vart gjorde til landsmålet i denne perioden, kan delast i fire hovudgrupper:

  1. Omsetjing av sagalitteratur frå norrønt språk.
  2. Omsetjing av Det nye Testamentet, i hovudsak frå gresk og latin.
  3. Omsetjing av tekster frå den litterære kanon på dei europeiske hovudspråka tysk, fransk, engelsk og jamvel svensk og dansk.
  4. Omsetjing av «lettare litteratur» frå tysk, fransk, engelsk og svensk.

1. Omsetjing av sagalitteratur
Den første omsetjinga av eit heilt litterært verk til landsmålet var altså ei sagaomsetjing – Fridtjovs Saga. Omsetjinga var gjort av Ivar Aasen i 1858 etter oppmoding frå utgjevarane av folkeopplysingstidsskriftet Folkevennen. Aasen etterkom ønsket, men med ei viss nøling. I eit brev til historikaren Ludvig L. Daae 20. mai 1858 skriv han at omsetjingar frå norrønt «ikke tager sig saa godt ud som andre Oversættelser, da man her anseer sig altfor meget bunden til Originalen og helst vil beholde det gamle Udtryk, om det end ofte kunde gjengives bedre med andre Ord».[2] Omsetjinga vart prenta som eit supplement til tidsskriftet, men i eit føreord vedgår Aasen at han med vilje hadde lagt språket opp mot den norrøne grunnteksten og såleis gjort det noko arkaisk – «ordalaget heve her voret nokot gamaldagslegt, av di dat er lagat etter Fornskrifti». Det vil i praksis seia etter «det Tungomaalet, som alt Folket her i Landet talade i gamla Tider», altså norrønt mål, som var oppfatta som prestisjefylt og viktig, eit verkeleg symbol på ei stolt fortid til ein uavhengig nasjon med sitt eige språk, reint og uforderva.

Så jamvel om Aasen innsåg farar ved å gjera landsmålet for gamaldags, var han langt på veg tilhengjar av å ta i bruk norrøne ord og uttrykk fordi han såg på det norrøne språket som ein tenleg ressurs når eit nytt litterært språk skulle arbeidast fram. Han utdjupar denne posisjonen i føreordet til omsetjinga av Fridtjovs Saga. Der skriv han at vi her i landet, om rett var, ikkje skulle ha bruk for omsetjingar av dei gamle sagaene. Vi burde heller ha lese dei på originalspråket, som islendingane gjer. Men det er no ein gong slik, seier han, at folk no til dags er lite vane med å lesa dei gamle skriftene, og det ville difor vera tungt for dei fleste å lesa slike skrifter utan at språket vert endra. Men fordi vi enno i store delar av landet har tilgjengeleg eit mål som er nokså likt det gamle når det blir skrive på høveleg vis, vil ei saga ikkje tapa så mykje om ho blir skriven på det nyare målet – altså landsmålet. Han meiner at ved å bruka ord frå det gamle målet vil ein minna folk på ord og uttrykk som mange stader er ute av bruk. På det viset vil gammalt ordtilfang kunna friskast opp att og takast i bruk i staden for «dei mange framande og vanskapade Ordi, som strøyma inn til oss ifraa andre Sidor».

Ivar Aasens omsetjingsprosjekt, og språklege prosjekt i det heile, hadde såleis som eit av sine mål å kunna visa til eit ubrote samband med ei norrøn fortid. Samstundes var det nok slik at han sikta mot å vinna tilslutnad og få folk oppglødde for det nye skriftspråket.

I den litteraturen som vart omsett til landsmålet, var det altså heilt frå starten ei spenning mellom ei tilbakeskodande arkaisering og eit auga for samtidas krav. Aasens omsetjing av Fridtjovs Saga har vore tolka først og fremst som ein pragmatisk freistnad på å dra taktiske fordelar av å ta omsyn til eller retta seg etter den nasjonalromantiske ideologien som var rådande i samtida.[3] Men etter artikkelforfattarens syn var omsetjinga også del av språkplanleggingsprosjektet hans. Og det etter måten store innslaget av sagaomsetjingar som kom til å sjå dagens lys før hundreåret var omme, kan sjåast som eit uttrykk for den tyngda denne tilbakeskodande dimensjonen kom til å få i oppdyrkinga av det nye skriftspråket som litteraturspråk. I den samanhengen det her gjeld, skal då dei viktigaste omsetjingane frå norrønt nemnast.

Heimskringla
Den første utgåva av Schjøtts Heimskringla-omsetjing hadde ei språkform som Schjøtt sjølv karakteriserte som avvikande i høve til «vanleg landsmål» – han ville den skulle liggja nærare opp til dialektane på Austlandet. Han seier det sjølv slik i innleiinga til 'nasjonalutgåva' frå 1900: «Denne umskrifti var ikkje paa vanlegt landsmål, men paa eit maalføre, som eg tenkte skulde høva betre for Austlandet».[4] I utgåva frå 1900 vart språkforma justert slik at ho skulle vera meir på line med det som elles var vanleg i sagaomsetjingar, det vil seia til ei norm som låg tett opp til den norma Ivar Aasen hadde komme fram til i og med verka Norsk Grammatik frå 1864 og Norsk Ordbog frå 1873. Schjøtt heldt elles fram at språket i nasjonalutgåva skulle vera noko så nær den varianten av landsmålet som Asmund Olavsson Vinje nytta i 1860-åra: «De er same skrivemaaten paa lag, som Vinje bruka bl.a. i Ferdaminni, men noko lettare»[5] – det var ei form som var godteken av styret i Det Norske Samlaget, den leiande utgjevaren av landsmålslitteratur då som no.

Heimskringla vart delvis publisert på nytt i 1880-åra og så igjen ved hundreårsskiftet. I 1900 vart Schjøtts omsetjing såleis den eine halvdelen av den prestisjefylte utgåva som vart gjeven ut med dei kjende illustrasjonane av Gerhard Munthe, Erik Werenskiold, Christian Krogh, Eilif Petersen og i nokon monn også Halfdan Egedius og Wilhelm Wetlesen. Dei to parallellutgåvene på dansk-norsk (omsett av Gustav Storm) og landsmål vart prenta i 100 000 eksemplar til saman, og alle vart raskt utselde. For ein populasjon på omlag to millionar menneske er dette svært høge opplagstal. Denne omsetjinga og denne spesielle utgåva vart slik særleg viktig for utviklinga av landsmålet.

Sverres saga
Heilt frå dei første åra i landsmålets historie var det også andre enn Aasen som gjekk til sagalitteraturen for å finna språklege og litterære modellar eller mønster for oppdyrkinga av landsmålet, som dei så realiserte ved omsetjingar. Blant desse var trondheimsmannen Eirik Martin Torvaldsson Sommer, som med diktsamlinga Soga-Visor (1857) var den første etter Ivar Aasen til å ta landsmålet i bruk. I føreordet til si omsetjing av Saga um Sverre Magnus Sigurdsson, Noregs Konung (1864) skriv han om språkforma omsetjinga vart gjord i. Her framhevar han «at Landsmålet heve god Grunn og Rett fyre seg til aa koma i fullt Bruk etterkvart som det kann gjerast paa ein makleg Maate» (s. VI). Det å laga omsetjingar av norrøn litteratur såg han i den samanheng som eit tenleg grep, og synet på sagalitteraturen som eit litterært ideal kjem klårt til uttrykk:

«Av slike Grunnar tykte eg og mange med meg, at det var inkje av Vegen, at eg tok til aa gjera ei Umskrift i Landsmålet av Konung Sverres Saga, so godt eg kunde. I detta Maalet fær ho hava det meste av det rette Laget sit og sjølvs sin heimlege Skapnad, ho fær inkje nokon framand Lit, fyre di ein fær daa bruka myket godt av den same Stili og dei same Ordi, som Fornskrifti heve; og me meina, det skal vera Hugnad og Gaman aat Aalmugen aa lesa den gjilde Sverres-Saga i Landsmaalet».[6]

Dette grunnsynet på sagaen og sagaomsetjing skulle komma til å ha stor innverknad på utviklinga av landsmålet som litteraturspråk i lang tid frametter.

2. Omsetjing av Det nye Testamentet
Språket i sagaomsetjingar fekk altså, av ideologiske og idéhistoriske grunnar, ein formativ verknad på landsmålet – heilt frå dei første litt ustøe litterære stega vart tekne på vegen mot eit fullt utvikla litteraturspråk. Den same arkaiserande ideologien som Ivar Aasen fremja i si omsetjing av Fridtjovs saga, prega også omsetjingane av Det nye Testamentet til landsmålet Denne omsetjinga vart utført av ei gruppe på tre – Johs. Belsheim, Elias Blix og Mathias Skard – saman med Ivar Aasen som hadde ansvar for språkleg konsekvens etc. Desse fire utgjorde ei offentleg utpeika nemnd som fekk ansvar for dette arbeidet. Dei første tekstane av Nytestamentet i 1880-åra kom ut i eit opplag på 2500. Den samla utgåva kom i eit opplag på 2000. Det er høge opplagstal i norsk samanheng.[7] Dette var eit omfattande og resurskrevjande arbeid, og jamvel om det internasjonalt var gjort funn som kunne ha gjort det mogleg å endra tekstgrunnlaget, heldt landsmålsomsetjarane fast på den såkalla Textus receptus som også hadde vore nytta i den dansk-norske utgåva frå 1884.

Også Nytestamentet på landsmålet kom ut i ei andre reviderte utgåve før utgangen av hundreåret, noko som utan tvil verka i same lei som sagaomsetjingane, både på den språklege og den litterære utviklinga av det enno relativt nye skriftspråket. Språkforma låg nær opp til den vi finn i sagaomsetjingane. Elles skulle bibeltekstane ha ein «høitidelig Stiil», som det heitte. Og i motsetnad til det som elles var vanleg i landsmålslitteraturen, valde ein i bibelomsetjingane å nytta dativformer i ganske stort omfang. Dette synest å ha lagt ein særskildt, litt høgtideleg dåm over desse omsetjingane, t.d. som når det i juleevangeliet er nytta former som «i dei Dagom» og «Hugnad med Menneskjom».[8] Trass i slike høgtidelege drag i stilen må stilen i Nytestamentet frå 1889 i høg grad sjåast som talemålsnær, frisk og fornyande. Eit illustrerande døme kan hentast frå Apostelgjerningane (Apg. 26.24), der det i den dansk-norske utgåva heiter slik: «Du raser, Paulus! Din megen Lærdom gjør dig rasende.» Landsmålstestamentet uttrykkjer dette slik: «Paulus, du er fraa Vitet. Din store Lærdom driv deg til Vitløysa.» Om lag slik ville det nok òg ha vore sagt i munnleg tale kringom i landet på den tida. Drag som dette må kunna sjåast som grunnleggjande for stilen i det nye litteraturspråket.

3. Omsetjing av tekster frå den litterære kanon
Nokre hovudverk frå den europeiske litterære kanon vart også gjorde tilgjengelege på det nye skriftspråket nesten heilt frå starten av. Det første av desse omsette verka var John Bunyans Pilgrim's Progress, som kom ut i omsetjing til landsmålet av Georg Grieg allereie i 1868. Utdrag av denne slags høgverdig litteratur var omsette og utgjevne i ymse slags publikasjonar jamvel før 1868 – av Ivar Aasen og av Aasmund Olavsson Vinje. Vinje sette om nokre få einskilddikt og dikt-delar, særleg av Johann Wolfgang von Goethe og Lord Byron. Aasen omsette mindre utdrag av William Shakespeares Romeo and Juliet og Hamlet og likeins einskilddikt av Lord Byron, Friedrich Schiller og Johan Ludvig Runeberg. Seinare sette han også om utdrag av Miguel de Cervantes’ Don Quixote og formidla såleis stor litteratur frå den europeiske kanon samstundes som han utforska og demonstrerte det vi kunne kalla det poetiske potensialet til det nye skriftspråket. Ingenting tyder på anna enn at alle desse omsetjingane var frå originalspråka. Språkleg sett skil desse omsetjingane seg lite frå sagaomsetjingane.

Klassisk litteratur, på si side, fekk lita innverknad på utviklinga til landsmålet fram til 1900 – denne litteraturen vart i hovudsak omsett på 1900-talet. Slik var det trass i at Vinje såg klassisk litteratur som eit grunnlag for litterær utvikling. I sitt siste leveår skreiv han at «Det høyrer til eit av mine største Fyremaal i Livet at kunna naa so langt paa mine eldre Dagar, at eg kunde læra upp atter Maalet hans Homer og oversetja honom i vaart. Det er ikkje Floskler, naar eg rosar ‘Antiken’, eg kjenner paa meg, at eg paa ein eller annan Maate maa tilbake til den, om det skal bera fram med mitt litterære Liv».[9] Likevel vart, som vi har sett, den klassiske dimensjonen i det litterære uttrykket søkt i Bibelen og ikkje minst i den «klassiske» litteraturen frå nordisk mellomalder – sagalitteraturen, snarare enn i antikken.

4. Populærlitteratur eller lettare lesnad
I det siste tiåret av 1800-talet dominerer omsetjingar for eit breiare publikum. Ei rad omsetjingar av det vi kan kalla populærlitteratur, eller lettare lesnad, tok frå då av til å komma ut også på landsmålet. Ein stor del av dei nokså omfangsrike omsetjingane som kom på landsmålet utover 1890-talet, sto opphavleg som føljetongar i aviser, og vart så til slutt samla og utgjevne i bokform. Alle desse omsetjingane vart gjorde for bladet Den 17de Mai, som tok til å komma ut i 1894 med Rasmus Steinsvik som bladstyrar, tre gonger i veka. Desse omsetjingane var viktige ettersom dei nådde eit etter måten stort publikum, og ekteparet Marta Tonstad og Rasmus Steinsvik spela med sitt arbeid ei avgjerande rolle i ein viktig del av landsmålets omsetjingshistorie.

Om vi ser på språkforma i desse omsetjingane, særleg Marta Tonstad Steinsviks, vil vi sjå at ho greitt følgjer det som kan kallast ei Aasen-nær hovudnorm for landsmålet på denne tida. Vi ser ein type litterær omsetjing der omsetjaren ikkje treng å ha det norrøne hengjande over seg. Marta Tonstad Steinsvik og dei som elles omsette populærlitteratur, var jo ikkje så bundne av eit arkaisk opphavsspråk som sagaomsetjarane, for å seia det litt tendensiøst. Og vi ser at omsetjaren her kan halda seg relativt fritt og utvunge til opphavsteksten, for såleis å oppnå ein ledig litterær uttrykksmåte med talemålet som leiesnor heller enn stilen i førelegget. Dette finst det gode døme på i Marta Steinsviks omsetjing av Ponson du Terrails roman Le capitaine Coquelicot som ho har valt å kalla Kaptein Nellik [coquelicot = vill-valmue, silkerose].

Omsetjingsstrategien ser ut til å vera å streva mot ein lettare og meir talemålsnær uttrykksmåte enn den vi finn i omsetjingane frå det norrøne sagaspråket. I den franske originalen heiter det til dømes:

«On m'a jeté un sort, bien sûr, dit le mélancolique Sidoine.»

Dette tyder, nokonlunde ordrett attgjeve:

«Nokon har, sikkert nok, kasta ei fortrolling over meg, sa den tungsindige Sidoine.»

I omsetjinga til Marta Steinsvik heiter det slik:

«Det er einkvan som vil meg vondt, og som hev forgjort huset, skal du sjaa, svara den arme mannen.»

Det er ei nokså fri omsetjing, som likevel dekkjer innhaldet i originalen ganske godt. Og stilnivået er tydeleg henta i daglegtalens uttrykksmåte. Dette var noko nytt i utviklinga av landsmålet som litteraturspråk gjennom omsetjingar.

Men same korleis det var med språkform og litterært uttrykk i desse omsetjingane, hadde ikkje denne nye masselitteraturen kulturell tyngd nok til å vega opp for den arkaiserande tildriven frå sagaomsetjingane og omsetjingar av Det nye Testamentet. Dette var stoff først og fremst til underhaldning og tidtrøyte. Slik kunne ikkje vega opp mot kanoniske tekster som sagaer og bibelstoff, heller ikkje når det galdt språkleg og stilistisk påverknadskraft.

I tillegg til Steinar Schjøtts tankar om å gjera sin versjon av landsmålet meir tilpassa det austlandske i si omsetjing av Heimskringla, fantes det andre relativt tidlege spor av ein alternativ ideologi til Aasens hovudline for å arbeida opp eit nytt litterært språk. Eit interessant uttrykk for dette i den omsette litteraturen er ei ganske smålåten samling av forteljingar for born, samla og omsette av Stefan Frich og utgjeven i 1884. Samlinga inneheld ei forteljing av Ernst Moritz Arndt frå Märchen und Jugenderinnerungen og fire forteljingar av Zacharias Topelius, Klas Omnstav og mange morosame stykkje fyr born[10]. Liksom Schjøtt hadde gjort det i Heimskringla, omsette Frich desse forteljingane til ein variant av landsmålet som låg så nært opp til austlandsmåla som omsetjaren våga å gjera det: «mange vil visst mislike maalforma mi. Eg hev lempat henne so mykje etter Austlandet, som eg torde» (føreord til omsetjinga).

Dette forsøket på å skapa eit nytt litterært uttrykk bør skjønast som ein freistnad på å utvida det språklege grunnlaget og såleis få ein meir allmenn aksept for det nye skriftspråket – han valde både å endra språkform og tekster til å omsetja frå, samstundes som han vende seg til eit anna publikum enn den vaksne lesaren. Frich var også sagaomsetjar – han omsette Laxdœla saga i 1899 og kan såleis sjåast som ei personifisering av spenninga mellom arkaisme og modernisme som det alt er vist til.

Om vi ser nærare på dei nemnde omsetjingane av Frich, får vi eit inntrykk av korleis denne spenninga avspeglar seg i den formelt språklege utforminga av tekstene. Som vanleg var, uttala også Frich seg om målforma si. I Klas Omnstav seier han det aldri så lite defensivt slik:

«Eg skriv ‘sola’, ‘ei gjente’, ‘aa finne’, og so hev eg kastat ein og annan stum bokstaven og sume tunge endingar, so det skulde bli lettare aa lesa. Det er daa berre ein freistnad; han staar visst inkje fyr den lærde kritiken; men skulde ulærde folk synast, det var lettare og betre aa lesa, sæter eg det meir. Kor som er: Kan boka, slik ho er, vinne seg hjarterom hjaa mange norske born, so hev eg naatt det eg vilde».

Sett med vår tids augo var dei språklege tillempingane til austlandsmål han her meinte å gjera, ikkje så dramatiske som han sjølv tenkte. Det han i praksis gjorde av systematiske endringar i høve til det som kan kallast ei Aasen-norm på den tida, var i hovudsak tre ting. For det første gjorde han bruk av kløyvd infinitiv, slik at han altså skreiv aa vera, aa koma, aa sova, men aa opne, aa heite, aa halde osb. For det andre gjennomførte han -a i bunden form eintal av hokjønnsord – det vil seia både svake og sterke, altså vogga, med -e i svak ubunden form (ei vogge) og tida, utan vokal i ubunden form (ei tid). I samsvar med dette fekk sjølvsagt også bunden form fleirtal av sterke inkjekjønnsord -a : borna. Det tredje avviket Frich innførte, om vi kan kalla det så, var dativformer av typen aat bornom, med alle smaagutom, millom haarflokom osb. Slike dativformer har aldri vore del av offisiell landsmåls- eller nynorsknorm. Boka vart utgjeven av forleggjarane Olaf Huseby og Olaf Olsen i Kristiania – og ikkje av den store landsmålsinstitusjonen Det Norske Samlaget. Dette hadde kanskje sitt å seia i den samanhengen som interesserer oss her. I lys av det vi har kalla ei spenning mellom arkaisering og modernisering (som kanskje ikkje er det heilt rette ordet i denne samanhengen), har det ei viss interesse å sjå etter om det hadde noko å seia for språkforma når Stefan Frich 15 år seinare, i 1899, gir ut si omsetjing av Laksdøla saga – på ‘Det norske samlage’. Og for å ta konklusjonen med det same er det godt grunnlag for å seia at fenomenet sagaomsetjing språkleg sett her dreg i den arkaiserande retninga vi har vore innom fleire gonger allereie. Også hos Frisch.

Avslutning
Ser ein det relativt avgrensa korpuset av tidlege omsetjingar til landsmål under eitt, vert det klart at den sterke tilknytnaden til sagalitteratur og bibelspråk var der alt frå starten av. Berre i mindre grad vert korpuset utfylt av omsetjingar frå andre notidige språk i samtida – noko som kanskje kunne ha vore med og vega opp for den arkaiserande tildriven som låg i det å omsetja særleg frå norrønt.

Referansar
Aure, Anton (1916). Nynorsk boklista. Skrifter i bokform paa norsk – bygdemaal og landsmaal – 1646–1915. Kristiania: Olaf Norlis Forlag.

Bondevik, Jarle (2003). Og ordet vart nynorsk. Soga åt den nynorske bibelen. Bergen: Norsk Bokreidingslag.

Djupedal, Reidar (1957) Ivar Aasen – brev og dagbøker I. Oslo: Det Norske Samlaget.

Loh, Gerhard (1969). Arndt Bibliographie. Verzeichnis der Schriften von und über Ernst Moritz Arndt. Greifswald: VEB Deutscher Verlag der Wissenschaften.

Schjøtt, Steinar (1900). «Fortale». I Snorre Sturlason Kongesogur umsett ved S. Schjøtt. Kristiania: J.M. Stenersen & Cos Forlag), s. III–V.

Skard, Sigmund (1968). «Frå framande bokheimar. Den nynorske omsetjingslitteraturen.» I Bjarte Birkeland mfl. (red.), Det Norske Samlaget 1868–1968. Oslo: Samlaget, s. 174–187.

Sommer, Eirik M. Torvaldsson (1864). Saga um Sverre Magnus Sigurdsson. Noregs Konung. Trondheim: Jacob Andreassons Enke.

Stegane, Idar (1987). Det nynorske skriftlivet. Nynorsk heimstaddikting og den litterære institusjon. Oslo: Det Norske Samlaget.

Vinje, Aasmund Olavsson (1870). «Oversættelser eller Omskrifter». I Dølen. [Faksimileutgåve ved Reidar Djupedal bd. III, s. 407–408.

Walton, Stephen J. (1996). Ivar Aasens kropp. Oslo: Det Norske Samlaget.

Noter [1] Jf. til dømes Skard 1968: 174–87 og Stegane 1987: 75ff. [2] Djupedal 1957: 329 [3] Jf. mellom anne Walton 1996: 623 [4] Schjøtt 1900, s. III [5] Schjøtt 1900, s. III. [6] Sommer 1864, s. VI. [7] Jf. Bondevik 2003: 59 [8] Jf. elles Bondevik 2003: 60 [9] Vinje 1870: 407. [10] Norske bibliografiar har tidlegare rekna alle historiene i denne samlinga for å vera skrivne av Topelius og har såleis feilaktig ført opp heile boka som ei omsetjing frå svensk (jf. t.d. Stegane 1987: 80). Det er likevel eit faktum at tittelhistoria Klas Omnstav er ei omsetjing av ein tysk tekst av E.M. Arndt. Tyske bibliografiar har følgjeleg heller ikkje vore merksame på at Arendt er omsett også til norsk (jf. Loh 1969: 66 og 266). Boka vert i alle fall gjerne rekna som den første barneboka på landsmålet

Foto av Ivar Aasen 1871. Foto: Carl Christian Wischmann, Oslo museum.

Ivar Aasen 1871. Foto: Carl Christian Wischmann, Oslo museum.

Foto av Steinar Schjøtt omsette Heimskringla i perioden 1874–79.

Steinar Schjøtt omsette Heimskringla i perioden 1874–79.

Foto av Aasmund Olavsson Vinje. Foto ukjent, Nasjonalbiblioteket.

Aasmund Olavsson Vinje. Foto ukjent, Nasjonalbiblioteket.

Foto av Marta Steinsvik omsette til eit lettare og meir talemålsnært språk enn sagaomsetjarane. Foto: Oslo Museum.

Marta Steinsvik omsette til eit lettare og meir talemålsnært språk enn sagaomsetjarane. Foto: Oslo Museum.

Stefan Frich omsette forteljingar for born frå tysk.

 

Omsetjingar til Landsmaalet før 1900

  1. Saga-omsetjingar frå norrønt
    Fridtjovs Saga. oms. av Ivar Aasen. Chra. 1858. 44 s.

Finner kun revidert utgave: https://www.nb.no/items/278a6ccb8a3b21fc6f456d7682e6b31c?page=5&searchText=fridtjovs%20saga%20ivar%20aasen

Saga um Sverre Magnus Sigurdsson, Noregs Konung, oms. av Eirik M. Torvaldsson Sommer. Trondheim/Chra. 1864–73. 244 s. Andre utg. oms. av Rasmus Steinsvik. Kra. 1899. 404 s.

Første utgave: https://www.nb.no/items/d42ff76cfff0e89534fe022335167aa3?page=3&searchText=Saga%20um%20Sverre%20Magnus%20Sigurdsson

Soga um Gunnlaug Ormstunga, oms. av Matias Skard. Chra. 1872. 48 s.

1902-utgave:

https://www.nb.no/items/953eea6b844737325f6f7aa16afd4139?page=7&searchText=Soga%20um%20Gunnlaug%20Ormstunga+matias

Saga um Viglund og Kjellrid, oms. av Matias Skard. Kra. 1874. 51 s.

https://www.nb.no/items/3cd8bbecab70669a8ac6a0af85bf1008?page=0&searchText=Saga%20um%20Viglund%20og%20Kjellrid

Snorre Sturlason: Heimskringla, elder Norigs kongesogur 1–4, oms. av Steinar Schjøtt. Kra. 1874–79. Til saman 969 s. Andre utg. 1–2, Kra. 1880–1887. Til saman 616 s. Tredje utg. («Nasjonalutgåva»). Kra. 1900. 841 s.

F ørste bind 1874:

https://www.nb.no/items/555b30b845fb842736e8001adbbe4070?page=0&searchText=Heimskringla%20elder%20Norigs%20kongesogur+steinar

Njaala : elder Soga um Njaal Torgeirsson og sønene hans, oms. av Olav Aasmundsstad. Kra. 1896–97. 340 s.

https://www.nb.no/items/27ca76a436e3359f191269cf91d69051?page=0&searchText=njaala

Laksdøla eller Soga um laksdølerne, oms. av Stefan Frich. Kra. 1899. 199 s.

https://www.nb.no/items/0ce512c6fa6437edbdb1b3bbc884b9f4?page=0&searchText=Laksd%C3%B8la%20eller%20Soga%20um%20laksd%C3%B8lerne

Kongespegelen : elder Konungs Skuggsjá (første del), oms. av Halfdan Møller. Kra. 1900. 84 s. (Først prenta i Syn og Segn.)

https://www.nb.no/items/3bf8362a0b0882a96ccade2576abb09e?page=0&searchText=halfdan%20m%C3%B8ller

2. Det nye Testamentet og andre religiøse tekster

Frå tysk:

Martin Luthers Katekisme, oms. av Georg Grieg, Martin Luthers litle katekisma. Bjørgvin 1868. 24 s.

https://www.nb.no/items/3b39eb626e4afcca4da0fb820385e494?page=0&searchText=Martin%20Luthers%20litle%20katekisma

Markus-evangeliet, oms. av Georg Grieg, Evangelium etter Markus. Bjørgvin 1870. 64 s.

https://www.nb.no/items/38201477889ab5babfa02b0df23d048c?page=7&searchText=Evangelium%20etter%20Markus

Martin Luthers katekisme, oms. av Olav J. Høyem, Barn-lærddomen eller den litle katekjesen hans Morten Luther. Nidaros 1873. 28 s. Andre utg. Barnlærdomen eller den litle katekjesen hans Morten Luther. Omsæt og lint læmpad og med førreord åt vaksne. Oslo/Kristiania 1874.

1873: https://www.nb.no/items/6950058510aaa1c024719fc13fda6a3c?page=0&searchText=Barn-l%C3%A6rddomen

Martin Luthers katekisme, oms. av Sven Aarrestad, Kakjesboki eller Barnelærdomen vaar av Dr. Morten Luther. Stavanger 1877. 29 s.

Frå gresk:

Det nye Testamentet, oms. frå gresk av ei offentleg oppnemnd nemnd med Johannes Belsheim, Elias Blix, Matias Skard som medlemmer, i samarbeid med Ivar Aasen og C. R. Unger, Det nye Testamente. Umsett fraa den greske Grunntekst paa norsk Folkemaal. Kra. 1882–89. 152 s. Andre utg. (revidert), Det nye testamente. Kra. 1899. 415 s.

Frå latin:

Thomas à Kempis, De Imitatione Christi, oms. av Johannes Belsheim, Um Kristi etterfylgjing. Kra. 1880. 220 s.

https://www.nb.no/items/9793ff8835d7d9f424b5003ba6b486a6?page=0&searchText=Um%20Kristi%20etterfylgjing

Omsetjingar frå den litterære kanon på europeiske språk

Frå engelsk:

John Bunyan, Pilgrim’s Progress, oms. av Georg Grieg, Pilgrimsferd or denne Verdi til den komande. Bergen 1868. 224 s.

https://www.nb.no/items/4947473840c8db597be8c941f4a56ab2?page=5&searchText=john%20bunyan

Oliver Goldsmith, The Vicar of Wakefield, oms. av Georg Grieg, Presten til Wakefield. Bergen 1892. 222 s.

https://www.nb.no/items/42b0682ca350d0eacca40dd07aaf234e?page=0&searchText=Presten%20til%20Wakefield

Frå fransk:

Molière, Tartuffe, oms. av Johannes Belsheim, Tartuffe. Kra. 1881. 109 s.

https://www.nb.no/items/6d3938c7f685293623c58e903f6057c6?page=0&searchText=Tartuffe+belsheim

Prosper Mérimée, tre utvalde historier, oms. av Ingjald Kjennerud, Tri Forteljingar. Kra. 1884. 39 s. (Først prenta i Fedraheimen.)

Frå tysk:

Friedrich Schiller, Wilhelm Tell, oms. av Matias Skard, Vilhelm Tell. Hamar 1872. 176 s.

https://www.nb.no/items/506627f3d5a35b07c58b883837d9024b?page=0&searchText=Vilhelm%20Tell+skard

Berthold Auerbach, Ivo der Hajrle, oms. av Georg Grieg, Ivo Prestemne. Kra. 1876. 195 s.

https://www.nb.no/items/a87ed279d3d7192854de8e96c2ec776d?page=11&searchText=Ivo%20Prestemne

Adelbert von Chamisso, Peter Schlemihls wundersame Geschichte, oms. av Andreas Hølaas, Peter Schlemihl: Undersoga av A.v.C. Kra. 1878. 87 s.

https://www.nb.no/items/584747e3dec92031512317d5e38ea178?page=3&searchText=Peter%20Schlemihl

Frå dansk:

N . F. S. Grundtvig, Paaske-Lilien, oms. av Klaus Høyem, Påskelilja. Trondheim 1873. 40 s.

Sten Stensen Blicher, Telse. Fortælling fra Ditmarskerkrigen, oms. av Rasmus Steinsvik, Telse. Kra. 1899. 135 s.

https://www.nb.no/items/0b734d8b49205954e2ede6a49126c619?page=0&searchText=Telse

Sten Stensen Blicher, Præsten i Vejlbye. En Criminalhistorie og Hosekræmmeren, oms. av Rasmus Steinsvik, Presten i Vejlby og Hosekramkraen: forteljingar av St. St. Blicher. Kra. 1900. 109 s.

https://www.nb.no/items/480a03e867f3cedca8a86e2a4dbedd51?page=1&searchText=

Frå svensk:

August Bondeson, eit utval forteljingar, oms. av Lars Eskeland, Fraa det svenske folkeliv. Stavanger 1892. 72 s.

https://www.nb.no/items/add27375e32b716ea903d70459153dd4?page=53&searchText=%22det%20svenske%20folkeliv%22

Frå arabisk:

Utvald soge frå Tusen og ei natt, oms. av Alexander Seippel, Soga um Sindbad Farmann : eit æventyr or «Tusund og ei nott». Chra. 1900. 104 s.

https://www.nb.no/items/4c3d8554feaf1d30aa6902be9096d7df?page=0&searchText=Soga%20um%20Sindbad%20Farmann

  1. Lettare lesnad

 Omsetningar frå kvart språk oppførte i kronologisk orden etter publikasjonsår.

Frå engelsk:

  1. L. Moody, eit utval av forteljingar for born, oms av. Eirik Bruhjell, Barnesogur. Stavanger 1891. 91 s.

https://www.nb.no/items/387dbb6d34dd2b43ac0bddee1ef6293a?page=0&searchText=Barnesogur

Lewis Wallace, Ben Hur, oms. av Marta Tonstad Steinsvik, Ben-Hur : ei forteljing om Kristus. Kra. 1896. 210 s.

https://www.nb.no/items/2c17cebdc6b8daf17af9e01dc7b03160?page=0&searchText=Ben%20Hur+steinsvik

Frederick Marryat, The Phantom Ship, oms. av Marta Tonstad Steinsvik, Naa-siglaren, elder Den fljugande hollendaren. Kra. 1897. 328 s.

https://www.nb.no/items/5008d899e167142cbacb639625430e96?page=1&searchText=Naasiglaren%20eller%20den%20fljugande%20hollendaren

Frederick Marryat, Japhet, in Search of a Father, oms. av Marta Tonstad Steinsvik, Japhet paa leiting etter far sin. Kra. 1898. 376 s.

https://www.nb.no/items/c28efcad743a235fd2667fac19c56a95?page=1&searchText=Japhet%20paa%20leiting%20etter%20far%20sin

Sir Henry Rider Haggard, Eric Brighteyes, oms. av Marta Tonstad Steinsvik, Eirik Bjartauga. Forteljing fraa Island. Kra. 1899 . 296 s.

Anthony Hope, The Prisoner of Zenda, oms. av Marta Tonstad Steinsvik, Kong Tvimenning I : fangen fraa Zenda . Kra. 1900. 387 s.

https://www.nb.no/items/1278529c6b7fa3d7bacd61893247a104?page=1&searchText=Kong%20Tvimenning%20II

Anthony Hope, Rupert of Hentzau, oms. av Marta Tonstad Steinsvik, Kong Tvimenning II : um Rupert av Hentzau. Kra. 1900. 263 s.

https://www.nb.no/items/46636370d35c7392d15111d6045478b1?page=0&searchText=Kong%20Tvimenning%20I.%20Um%20Rupert%20av%20Hentzau

Frå tysk og svensk:

Wilhelm Hauff, Märchen, oms. av Marta Tonstad Steinsvik, Eventyr. 1. Bolken. Kra. 1896. 133 s.

Ernst Moritz Arndt, «Klas Avenstaken» (frå Märchen und Jugenderinnerungen. Teil 1. Berlin 1818, s. 61–123), og Zacharias Topelius (fire forteljingar for born på svensk), oms. av Stefan Frich, Klas Omnstav og mange morosame stykkje fyr born av Zak. Topelius. Kra. 1884. 139 s.[1]

https://www.nb.no/items/c27347332de4636d83dcc705525032e1?page=0&searchText=Klas%20Omnstav

Frå fransk:

Jules Verne, Michel Strogoff, oms. av Marta Tonstad Steinsvik og Rasmus Steinsvik, Zarens kurér : reiseeventyr fraa Moskov til Irkutsk. Kra. 1896. 296 s.

https://www.nb.no/items/66d042f7aec3b1c568fe0a2cfa2ab008?page=0&searchText=Zarens%20Kurer.%20Reiseeventyr%20fraa%20Moskov%20til%20Irkutsk

Pierre Alexis Ponson du Terrail, Le capitaine Coquelicot, oms. av Marta Tonstad Steinsvik, Kaptein Nellik. Kra. 1898. 415 s.

https://www.nb.no/items/674efd1fcce8f7de17bcdf03b7583140?page=0&searchText=Kaptein%20Nellik

Eugène Sue, eit utval frå Les mystères de Paris, oms. av Marta Tonstad Steinsvik, Folkeliv i Paris. Kra. 1899. 693 s.

https://www.nb.no/items/c614ed9ee1b1ee284dc1d4eb53db5acf?page=0&searchText=Folkeliv%20i%20Paris

[1] Norske bibliografiar har tidlegare rekna alle historiene i denne samlinga for å vera skrivne av Topelius og feilaktig ført opp heile boka som ei omsetjing frå svensk (jf. t.d. Stegane 1987, s. 80), men tittelhistoria Klas Omnstav er ei omsetjing av ein tysk tekst av E. M. Arndt. Tyske bibliografiar har følgjeleg heller ikkje vore merksame på at Arndt også er omsett til norsk (jf. Loh 1969, s. 66 og 266).