Henrik Rytter var diktar, omsetjar og skulemann. Han var fødd 18. januar 1877 i Bjørnør, Sør-Trøndelag, men voks opp i Haram på Sunnmøre. I vaksen alder budde han i Oslo-området, før han i 1940 flytte til Ustedalen i Hallingdal. Henrik Rytter er far til Olav Rytter (1903–1992), som òg gjorde karriere som omsetjar av skjønnlitteratur.