Stikkordarkiv: Elster Magli

Magli Elster, 1912–1993

Foto: Wikimedia Commons

Som lyrikar blei Magli Elster (født Raknes) ein av dei mest folkekjære i samtida. I sitt virke som litteraturkritikar var ho ei tydeleg pedagogisk og kulturkritisk røyst. Ikkje minst posisjonerte ho seg ved å vere den første kvinnelege leiaren i Norsk kritikerlag. Men omsetjaren Elster er mindre kjent – trass i at ho omsette eit femtitals bøker, frå lettlest litteratur og mindre kjende forfattarar som Barry Wynne, til moderne klassikarar som Tennessee Williams, Françoise Sagan, James Baldwin og Harper Lee.

 

Kulturradikalt opphav
Magli Elster blei fødd i Kristiania og hadde sin oppvekst på Vålerenga, i Kviteseid i Telemark og i Paris. Ho var dotter av lyrikaren Aslaug Vaa, og filologen og psykoanalytikaren Ola Raknes. Faren blei ein del av den kulturradikale krinsen rundt den kontroversielle austerrikske psykoanalytikaren Wilhelm Reich. Det kom til å prege Elsters ulike livsval. I boka Du må ikke sove. Wilhelm Reich og psykoanalysen i Norge (2022) løftar forfattar Håvard Friis Nilsen fram den radikale psykiaterens, psykoanalytikarens, kommunistens og seksualopplysarens markante posisjon og påverknad i eit visst intellektuelt miljø på Elsters tid. Magli Elster gjekk t.d. i læreanalyse i Praha i perioden 1934–37, og praktiserte sjølv nokre år etter dette som psykoanalytikar. Ho debuterte som lyrikar i 1954 med samlinga Trikken går i engen. I kjølvatnet av det moderne gjennombrotet skreiv poeten Elster i frie rytmer og vers og slutta seg slik til den nye, modernistiske lyrikken i samtida. Men Elsters dikt skil seg på sitt vis også ut ved at dei ofte er lystige og uhøgtidlege og der erotiske motiv går igjen. I Elsters samtid framstod dikta hennar som frilynte, som i diktutgivinga Med hilsen fra natten (1953), det definitive gjennombrotet hennar som lyrikar.

Les mer