Stikkordarkiv: Farestveit Johannes

Johannes Farestveit, 1923–1995

Fra «Å skrive for barn» (1982). Foto: ukjent.

Johannes Farestveit vart fødd 11. mars 1923 på ein gard i Modalen i Hordaland og døydde 16. september 1995 i Larvik. Han tok artium ved Bergen Katedralskole i 1946 og deretter eksamen ved Stord Lærarhøgskule i 1948. I nokre år arbeidde han på Torpo skule i Ål, Hallingdal, før han flytte til Oslo i 1953. Då hadde han allereie kontakt med nynorske forlag og med det nynorske aksjeselskapet i Oslo som styrte med utgjevinga av Norsk Barneblad. I 1956 vart han tilsett som redaktør, ei stilling han beheldt heilt fram til 1979. Alt tyder på at det var omsut for barn og tilgangen deira til god, nynorsk lesnad som var hovuddrivkrafta i hans mangfelte innsats for dette bladet, og då ikkje minst i rolla som omsetjar.

Les mer