Stikkordarkiv: fransk

Ola Raknes, 1887–1975

Omslagsfoto Samlaget

Ola Raknes var filolog og målmann, psykoanalytikar og omstridd terapeut, ordboksforfattar og omsetjar. Internasjonalt er han kjend som truleg den næraste eleven og etterkommaren til den austerrikske psykoanalytikaren Wilhelm Reich.

Raknes vart fødd på Raknes på Osterøy, nabokommunen til Bergen, og gift med forfattaren Aslaug Vaa (1889–1975) i perioden 1911 til 1938. Dei fekk fem barn, m.a. lyrikaren og omsetjaren Magli Elster (gift med NRK-sjef og forfattar Torolf Elster, og mor til Jon Elster) og bilethoggaren Anne Raknes (gift med omsetjar Leo Strøm). I 1941 gifta Raknes seg på nytt med Gjertrud Bonde (1913–1975), og dei fekk dottera Ada.

Oppveksten til Raknes var prega av husandakt, vekkingsmøte og helvetesangst. Som 16-åring las han eit hefte om determinisme, fann trua på eit evig helvete meiningslaus, og dermed blei angsten borte for godt. I ungdommen dreiv han med brislingfiske i Sognefjorden og skjelgraving og isskjering heime på Osterøy. Raknes tok eittårig middelskule i Volda, men måtte ta eksamen i Bergen der han våren 1904 skreiv hovudstil på landsmål som ein av dei første i landet. Det var ingen i Bergen som kunne rette ein stil på landsmål, og den måtte derfor sendast til Kristiansund for å bli sensurert. Slik syner han tidleg si konsekvente haldning mot riksmålet, som for han er det same som dansk. Han sjølv skriv jo norsk.

Les mer