Stikkordarkiv: Garborg Arne

Arne Garborg, 1851–1924

Foto: Wikimedia Commons

av Jon Haarberg, professor emeritus ved Institutt for litteratur, områdestudier og europeiske språk, Universitetet i Oslo.

Artikkelen er fagfellevurdert.

Forfattarskapen til Garborg høyrde lenge til blant dei vi ikkje kom utanom. Mange tar det enno for gitt at norsk danning føreskriv kjennskap til både romanar og dikt: romanane frå det såkalla moderne gjennombrotet i 1880-åra og dei «nyromantiske» dikta frå tiåret etter. I tillegg er diktaren kjend som ein av førarane for «Den ny-norske Sprog- og Nationalitetsbevægelse», ei nemning han nytta som boktittel i 1877. Litteraturhistorikarene har karakterisert han som uvanleg allsidig: Garborg kombinerer ei eineståande kunstnarleg fornyingskraft med ein sjeldan intellektuell kapasitet. Men som omsetjar er han ikkje godt kjend.

Livet, nasjonen og det store språkspørsmålet
Det har vore skrive sparsamt om Garborg si store innsats som formidlar av gresk og indisk litteratur til norsk. Sjølv ikkje eit storverk som Odyssevskvædet, gjendiktinga hans av Odysseen, har blitt omfatta med særleg interesse i Garborg-litteraturen. Den av biografane som har mest å seie om Homer-arbeidet, forfattaren Tor Obrestad, føyser det unna som totalt mislykka: «Korleis kunne ein språkmeister som Garborg falla så djupt?»[1] Dei andre gjendiktingane og omsetjingane hans, også dei frå dansk (eller norsk-dansk), blir helst oversette.

Les mer