Stikkordarkiv: Garborg Hulda

Hulda Garborg, 1862–1934

Foto: Nasjonalbiblioteket, 1830

Foto: Nasjonalbiblioteket, 1830

Hulda Garborg er i dag mest kjend som skapar av den norske bunadsrørsla frå tidleg 1900-tal, som initiativtakar og første styreformann ved Det Norske Teatret, som skapar av den danseforma vi kallar folkeviseleik, og som kona til forfattaren Arne Garborg (1851–1924). Mange veit også at ho frå 1890-åra av var ein produktiv forfattar av skjønnlitteratur, drama, poesi og sakprosa med ein bibliografi som inneheld meir enn førti titlar, dei fleste romanar og drama. Ho var frå midt i 1890-åra også ein aktiv skribent med faste spalter i aviser og blad, og ho var ein populær foredragshaldar og deltok i aktuelle debattar om kultur- og samfunnsutvikling. Siste radioforedraget heldt ho få veker før ho døydde. Men at Hulda Garborg også var ein aktiv omsetjar og sørgde for å gje moderne tysk dramatikk norsk språkdrakt, det er gått i gløymeboka.

Les mer