Stikkordarkiv: Handagard Idar

Idar Handagard, 1874–1959

Foto: Digitalt museum

Idar Handagard var lege, forfattar, vitskapsmann, filolog og samfunnsdebattant. Den litterære produksjonen hans femner om alt frå lærebøker og vitskaplege avhandlingar til politiske kampskrifter, kjærleiksdikt og forteljingar for born. Han omsette lyrikk, fiksjon og sakprosa frå engelsk, tysk, fransk, færøysk, norrønt, latin, svensk og dansk. I tillegg utvikla han norsk fagspråk på ulike område ved å omsetja framandspråklege fagtermar til norsk, eller å ta i bruk norske omgrep i staden for dei framandspråklege.

Liv og virke
Idar Antonius Handagard vart fødd 9. august 1874 i Kristiansund. Han var yngst i ein syskenflokk på fire, og hadde dessutan to eldre halvsysken gjennom mora Ingeleiv.[i] Faren Olav var forleggar og omreisande bokhandlar, og dessutan aktiv i fråhalds- og frikyrkjemiljø. I 1888 flytta familien til Bergen, der forholda låg betre til rette for bokhandelsverksemda.[ii] Her byrja Idar på Hambros skole, på den tida rekna av mange for å vera den beste skulen i Bergen. Denne skulen vart grunnlagt i 1874 av Edvard Hambro, fyrst som handelsskule, deretter med tilbod om middelskuleeksamen og etter kvart artium. Skulen skal ha vore tidleg ute med å gje undervising både til jenter og ungdom frå landsbygda, og det sistnemnde momentet var nok viktig for tilflyttaren Idar Handagard. Frå barndomen av var han glad i bøker, og på Hambros skole vart interessa hans for litteratur og historie styrkt.[iii] Etter middelskuleeksamen byrja han på reallina ved Bergen Katedralskole, der han mellom anna engasjerte seg i gymnassamfunnet «Huginn» og skreiv poesi. Samstundes la han frå seg det religiøse grunnsynet frå barndomsheimen og utvikla ei meir naturvitskapleg innstilling til livet, som frå no av låg til grunn for fråhaldsstandpunktet hans: Kampen mot alkoholen vart ein kamp for folkehelsa, snarare enn eit religiøst spørsmål.[iv] Han tok artium i 1893, og flytta deretter til Kristiania for å studera medisin. I hovudstaden vart han straks aktiv i fråhaldsarbeidet, og engasjementet hans tok form av både politisk-agiterande og kulturell aktivitet. Mellom anna skreiv han dikt og bokmeldingar til avisa «Menneskevennen», var med på å få liv i studentfråhaldslaget, og fekk i gang amatørteater.[v]

I 1900 debuterte han som diktar med samlinga Under blaat flag på Det Norske Totalafholdsselskabs forlag.[vi] Diktsamlinga var på norskdansk (bokmål), men på denne tida vart Handagard aktiv målmann og gjekk over til å skriva landsmål (nynorsk), og frå då av tok målsaka opp ein stor del av tida hans. Han var med på å skipa Studentmållaget i Oslo i 1900, der han var leiar i tre semester, og som i fråhaldsarbeidet fekk han i gang ei rekkje tiltak: Mellom anna skipa han den populærvitskaplege serien Norske folkeskrifter, der han sjølv stod for fyrste nummer, som handla om kregda (meslingar).[vii] Ved unionsoppløysinga var han overtydd republikanar, som mange andre målstudentar. Alt det politiske engasjementet tok tid frå studia, men i 1905 tok han medisinsk embetseksamen. Same året gifta han seg med Sara Thingulstad (1879–1958), som hadde arbeidd på kontor i seks år før ho tok artium og byrja som filologistudent, og som delte engasjementet hans for målsak og fråhald.[viii] Sara Handagard skulle verta ein viktig samarbeidspartnar og støttespelar for ektemannen, som rekneskapsførar, som medforfattar av fleire verk, og ikkje minst som forleggar: Ho var den fyrste innehavaren av Norsk Bokhandel Forlag 1905, som gav ut heile 27 av bøkene til Idar Handagard.[ix] Eit av prosjekta hennar var å føra oversyn over all den litterære verksemda til ektemannen, med tanke på å gje ut ein samla bibliografi. Denne kom ut posthumt i 1988.[x]

Ekteparet Handagard fekk to døtrer, Eldrid (1907–1995) og Herborg (1909–2000). Dei fyrste åra levde familien eit omflakkande liv, der dei budde mellom anna i Oslo, Vinje og Fyresdal. Under og etter fyrste verdskrig hadde dei fleire opphald i Danmark og Sverige.[xi] Døtrene fekk heimeundervisning fram til dei byrja på middelskulen i Porsgrunn, dit familien flytta i 1921.[xii] I samråd med kona praktiserte ikkje Idar Handagard som lege, men nytta all tida si på skriving og forsking. Han heldt fram med å ta  aktivt del i samfunnsdebatten, og engasjerte seg til dømes sterkt i den såkalla Grønlands-striden på 1920- og 30-talet, samtidig som han var oppteken av fredsarbeid.[xiii] Den medisinske bakgrunnen fekk han bruk for i det han skreiv om helse, hygiene og smittsame sjukdomar, men han hadde òg ei sterk interesse for naturvitskap, særleg botanikk, og hadde i 1907 vunne Kongens gullmedalje for ei avhandling om norske plantenamn.[xiv] I dette arbeidet hadde han synt omfattande kunnskapar av ikkje berre botanisk, men òg etymologisk og filologisk art. Naturvitskapleg og humanistisk forsking var ikkje motsetnader for han, men del av det same strevet for menneskeleg kunnskap og opplysing. På same vis var samfunnsengasjementet ei drivande kraft i mykje av diktinga hans, og han tok sjølv til orde for såkalla tendensdikting (det vil seia dikting som har eit politisk eller sosialt føremål) som han hevda representerte «den friske, livgivende og foryngende strøm i al litteratur».[xv] I 1932 fekk han statsstipend for det naturvitskaplege arbeidet sitt.[xvi]

Fagomsetjar og terminolog
Interessa for bøker og norsk mål hadde Idar Handagard med seg frå barndomsheimen. På middelskulen og gymnaset, der han gjekk på reallinja, fekk han undervising i moderne framandspråk – engelsk, tysk og fransk – og i norrønt, som del av norskfaget. For å studera medisin, måtte han ta førebuande prøve i latin, slik medisinstudentar med realartium måtte på denne tida. Språkkunnskapane fekk han tidleg nytte av i det politiske arbeidet sitt, for mellom dei mange publikasjonane hans i fråhaldsbladet Menneskevennen i 1890-åra, finn me fleire omsette tekstar (med og utan kjent førelegg), så som det opphavleg amerikanske diktet «Sundhedslære for mindreaarige» (21. mars 1896).[xvii] Han såg samtidig nytten i å spreia kunnskap om alkoholfri drikke, og blant desse tidlege omsetjingane hans er eit sveitsisk læreverk om korleis ein skal laga frukt- og bærsaft utan at ho gjærar, samtidig som ein tek best mogleg vare på næringsstoffa.[xviii] Dette er eitt av mange døme på korleis dei politiske, kulturelle og vitskaplege interessene til Idar Handagard var tett smelta saman i virket hans som forfattar og omsetjar.

På same vis speglar engasjementet for målsaka seg i det naturvitskaplege arbeidet hans, og omvendt. I løpet av åra som medisinstudent utarbeidde han fleire ordlister over norske fagtermar innanfor botanikk, biologi og medisin: «Norske anatomiske termini», «Norske fiskenavn», «Norske plantenavn», og fleire andre.[xix] Han gav dessutan ut tekstar der han sjølv tok i bruk dei norske omgrepa, som til dømes i skriftet om kregda/meslingar. Mange fagtermar hadde han samla inn frå norske dialektar under arbeidet med den seinare prisvinnande avhandlinga om norske plantenamn.[xx] Han laga dessutan termar sjølv, og gjorde dermed ein viktig innsats for å gjera desse naturvitskaplege fagfelta tilgjengelege på norsk. I forordet til Mannalikamen og helsa (1907), som var den fyrste medisinske læreboka på landsmål/nynorsk, gjer han greie for metoden sin: Han hadde basert seg på dei ordbøkene som fanst over det norske folkespråket (Aasen, Ross og Vidsteen) i tillegg til medisinske nemningar han sjølv hadde samla inn. Nemningane jamførte han med latinske fagord og med tilsvarande ord i andre germanske språk; fyrst i gamalnorsk, islandsk og færøysk, deretter i «framande mål», det vil seia dansk og svensk (som han rekna for meir framande enn dei vestnordiske språka), tysk og engelsk.[xxi]

Storparten av hans eigne nylagingar var samansette ord, ifylgje Handagard, som framheva at termane i boka var levande ord som fanst i norske målføre: Det dreier seg om folkelege termar som «slintra» (for det latinske «fascie») eller «mig» (for «urin»).[xxii] Boka inkluderer dei latinske termane ved sidan av dei norske, og dessutan ei norsk-dansk ordliste med innleiing.[xxiii] I denne innleiinga gjev han ei meir detaljert forklaring av eit utval av orda, og tankegangen bak dei norske faguttrykka. Her poengterer han at i dei tilfella han har sett om framandord til norsk, har han «alltid sett um tanken eller umgripet i det framande ordet, aldri sjølve ’glosen’».[xxiv] Det er viktig for han at uttrykket både skulle vera logisk og korrekt, og han avviser difor eit kvart forsøk på å omsetja «oksygen» direkte (jf. tysk «Sauerstoff», dansk «surstoff»), sidan denne termen (frå gresk «oxys», «sur») baserer seg på ein feilaktig idé om at gassen fanst i alle syrer.[xxv] Han vil heller bruka det norske substantivet «nøre», som tyder noko som brenn (jf. «å nøra opp eld»). Sjølv om dette ordet ikkje har slått gjennom i vitskapleg samanheng, og «oksygen» er eit gjengs omgrep i våre dagar, var dette eit viktig pedagogisk grep på tidleg 1900-tal, då fysikkundervising og kjennskap til greske og latinske fagord var reservert for eit lite mindretal. Boka var då òg meint for dei som underviste i den vanlege folkeskulen.[xxvi] Det kan leggjast til at medan mange av dei latinske eller danske termane med tida har vunne fram òg i daglegtalen, er fleire av dei gamle norske orda som Handagard tok i bruk, no i ålmenn bruk, som til dømes «kusma» (dansk: «fåresyge»), «jaksle/jeksel» (dansk: «kindtand») og «ørske» (dansk: «vildelse»).[xxvii]

Mannalikamen og helsa gjev såleis eit godt innblikk i tankegangen til Idar Handagard som omsetjar: Innhaldet må verta representert på ein måte som både stemmer overeins med førelegget (og realitetane) og som er forståeleg og logisk for lesaren. Det er «tanken eller umgripet» som er det sentrale, og som det er omsetjaren si oppgåve å gje ei god form på det språket vedkomande set om til.

Skjønnlitterære omsetjingar
Sjølv om det var «tanken eller umgripet» var det viktigaste for ein omsetjar, la Handagard òg vekt på sjølve formverket, i det minste når det gjeld lyrikk. Han var nøye med å ta vare på det opphavlege versemålet når han omsette dikt, og gav ut to bøker om metrikk: Norsk Verslæra (1932, revidert andreutgåve 1942) og Rytme og Rim (1944), der sistnemnde vart lærebok på Universitetet i Oslo. I ein diskusjon av Henrik Wergeland som omsetjar, skriv han at ei omsetjing skal vera ei «god og ærlig overføring av et dikt fra et annet mål. Slik at den oversatte dikteren kommer til sin rett og ikke blir omlaget eller forvansket av oversettelsen».[xxviii] Vidare seier han at det finst to måtar å omsetja på: Ein kan gå inn for å få alt så likt originalen som mogleg, eller ein kan omsetja fritt. Båe måtar kan vera gode, så lenge «en berger det som er det viktigste ved diktet: tanke- og følelses-innholdet i det. Og den særklang det har og den særstemning det er i. Dette som en kjenner og hører som en melodi, bunden til verslinjene».[xxix]

Eit døme på den fyrste strategien, det vil seia å leggja seg tett inntil originalen, er omsetjinga av Hiawatha (1855) av H.W. Longfellow, eit langt dikt inspirert av nordamerikanske urfolkslegender. Idar Handagard attdikta dei to fyrste delane av diktet, Introduction (norsk: Fyrekvæde) og The Peace-Pipe (norsk: Fredspipa). Fyrekvæde kom fyrst ut 1910 og vart trykt i ulike aviser, medan Fredspipa kom på trykk i Den 17de Mai året etterpå. Dei kom deretter ut samla i bladet Unglyden (25. april 1912), i diktsamlinga Isgang (1916) og i antologien Sekstan diktararar (1948). I sistnemnde gjev Handagard dessutan ein introduksjon av forfattar og verk, så vel som ei forklaring av ord og omgrep i diktet. Dei naturvitskaplege interessene hans kjem til uttrykk i skildringa av dei ulike artane som opptrer i diktet, som til dømes blåhegren, Shuh-shuh-gah (Nycticorax griseus). Her nyttar han òg høvet til å kommentera ei tysk gjendikting som har omsett denne fuglen til «blåkråka», sjølv om «det er ein skogfugl, han vassar ikkje ‘millom sevet og røyri’ som blåhegren gjer».[xxx] Dei to fuglane gjev dessutan frå seg ulike lydar. Sjølv om denne informasjonen ikkje er essensiell for å ha utbyte av diktet, aukar han forståingshorisonten og kunnskapsnivået hjå lesaren. Omsetjingsarbeidet til Handagard handla dimed ikkje berre om å formidla sjølve kunstverket, men òg konteksten rundt det, i tråd med ideala om folkeopplysing og hans eigne allsidige interesser.

Hiawatha: Introduction (1. strofe)
Should you ask me, whence these stories?
Whence these legends and traditions,
With the odors of the forest
With the dew and damp of meadows,
With the curling smoke of wigwams,
With the rushing of great rivers,
With their frequent repetitions,
And their wild reverberations
As of thunder in the mountains?
I should answer, I should tell you,
«From the forests and the prairies,
From the great lakes of the Northland,
From the land of the Ojibways,
From the land of the Dacotahs,
From the mountains, moors, and fen-lands
Where the heron, the Shuh-shuh-gah,
Feeds among the reeds and rushes.
I repeat them as I heard them
From the lips of Nawadaha,
The musician, the sweet singer.»
Hiawatha: Fyrekvæde (1. strofe)
Um de spurde, kvar dei kom frå
desse sogor, desse segner
som hev dåmen ifrå skogen,
som hev dogg og eim frå engjom,
som hev vigvam-røyk i krullar,
og hev sus av store elvar,
og hev attergny og glymjing
som av toredun i bergom, –
eg laut svara, eg laut segja:
Ifrå skogen, djup og skymen,
ifrå moen, vid og grasgrodd,
frå store Nordlands-votni,
ifrå landet åt Ojibway,
ifrå landet åt Dakotah,
ifrå fjell og heid og myrar,
der som hegren, blå Shuh-shuh-gah,
liver millom sev og røyri.
Eg fortel deim som eg fekk deim
ifrå sjølve Navadaha,
spelemannen, ljuve skalden.

Om me set opp den fyrste strofa av Handagard si attdikting ved sidan av den engelske originalen, vert det tydeleg at han legg seg tett inntil førelegget nærast line for line. Det einaste avviket er når han komprimerer to liner frå det engelske diktet («With their frequent repetitions/And their wild reverberations») til éi norsk («og hev attergny og glymjing»), før han litt etterpå gjer det motsette og spanderer to norske liner («Ifrå skogen, djup og skymen/Ifrå moen, vid og grasgrodd») på éi engelsk («From the forest and the prairies»), slik at dei to versjonane igjen vert parallelle. Dette valet er truleg av pedagogisk karakter: Ein norsk lesar kan ha bruk for ei skildring av «moen, vid og grasgrodd» for å få dei same mentale bileta som ordet «prairies» lett vekkjer til live hjå den som er kjend med amerikanske landskap.

Dei engelske bokstavrima (som «dew and damp», line 4) vert ivaretekne utan problem («eim frå engjom»). På same vis vert repetisjonane av «With the» (line 3–7) og «From the» (line 11–14) til repetisjonar av «som hev/og hev» og «Ifrå» i den norske  versjonen (line 3–7 og 10–15). Handagard meinte sjølv at bokstavrimet kom meir til sin rett på norsk, som har mange bokstavrim av norrønt opphav, enn på engelsk, der mykje av ordtilfanget kjem frå romanske språk.[xxxi] Dei engelske namna er omsette («Rocky Mountains» vert til «Kampefjelli», s. 31), medan innfødde namn og omgrep er intakte, slik dei òg er hjå Longfellow. Handagard justerer rett nok skrivemåten ved å endra «w» til «v» («vigvam» i line 5 og «Navadaha» i line 19), men utan å vera heilt konsekvent (jf. «Ojibway», line 13).

Handagard omsette ikkje berre lyrikk, men òg skjønnlitterær prosa. Valet av kjende romanar som The Path-Finder av J.F. Cooper (Veghittaren, 1907) eller Les Misérables av Victor Hugo (Dei bannstøytte, 1933) har vorte forklart med økonomiske motiv.[xxxii] Samtidig var dette verk og diktarar han sjølv verdsette, noko som går fram av for- og etterorda han skreiv til omsetjingane. Når det gjeld Dei bannstøytte, var det berre dei fyrste to bøkene av det fyrste bindet som vart ferdig, og teksten er kraftig korta ned i forhold til originalen – det siste var medvite gjort av Handagard. Som han skriv i forordet, er Victor Hugo «ein umstendeleg forteljar og skildrar».[xxxiii] Handagard tek berre med samandrag av dei mange utgreiingane til Hugo, for ikkje å forstyrra sjølve hovudhandlinga, og grunngjev det med at utgreiingane fyrst og fremst var «advokat-innlegg» mot problem Hugo såg i samtida.[xxxiv] På same vis som i originalen opnar den norske attforteljinga av romanens fyrste del (band I, bok I–II) med skildringa av biskop Myriel i Digne og endar med at hovudpersonen Jean Valjean endrar syn på livet, men opningskapitla, som handlar om livet og bakgrunnen til biskopen, er kraftig skorne ned på. Forkortingane fører med seg at strukturen i verket vert forenkla: Der fyrste band i førelegget er delt inn i åtte bøker, som igjen er delt inn i fleire kapittel, er det berre eitt nivå med 19 kapittel i Dei bannstøytte. Stundom har Handagard valt å dela inn kapitla litt annleis enn i førelegget, som når han gjer om eit avsluttande spørsmål til eit opningsspørsmål i overgangen mellom to kapittel:

Les Misérables
(band I, bok II, slutten av kap. VI)
Enfin, ce fut, je crois, pendant la treizième année qu’il essaya une dernière fois et ne réussit qu’à se faire reprendre après quatre heures d’absence. Trois ans pour ces quatre heures. Dix-neuf ans. En octobre 1815 il fut libéré ; il était entré là en 1796 pour avoir cassé un carreau et pris un pain.

Place pour une courte parenthèse. C’est la seconde fois que, dans ses études sur la question pénale et sur la damnation par la loi, l’auteur de ce livre rencontre le vol d’un pain, comme point de départ du désastre d’une destinée. Claude Gueux avait volé un pain ; Jean Valjean avait volé un pain. Une statistique anglaise constate qu’à Londres quatre vols sur cinq ont pour cause immédiate la faim.

Jean Valjean était entré au bagne sanglotant et frémissant ; il en sortit impassible. Il y était entré désespéré ; il en sortit sombre.

Que s’était-il passé dans cette âme?

Dei bannstøytte
(slutten av kap. XI)
Endeleg var det, eg trur i trettande aaret, at han freista sidste gongen. Men vart teken etter han hadde vore burte i fire timar. Tri aar fyr desse fire timarne. Nittan aar.

I oktober 1815 vart han frigjeven. Han kom inn i 1796 av di han hadde knust ei glasruta og teke eit braud.

Jean Valjean gjekk graatande og skjelvande inn i bagnoet. Han gjekk hard ut derifraa. Han gjekk inn ulukkeleg. Han gjekk myrk og usæl ut.

[Kap. XII]
Kva hadde det hendt med denne mannasjæli?

Her òg har Handagard korta ned førelegget ved å ta bort den «korte parentesen» som refererer til lagnaden til fangen Claude Gueux, som Hugo sjølv hadde gjort kjend i ei forteljing ved same namn (1834). Både denne referansen og påstanden til forfattaren om at fire av fem tjuveri i London skjedde på grunn av svolt, fell under det Handagard rekna som «advokat-innlegg» om problem i samtida, og er ikkje naudsynte for at lesaren skal fylgja (og verta gripen av) lagnaden til Jean Valjean. Her har med andre ord Handagard vald å utelata delar av den historiske konteksten. Eit anna val han har gjort, er å ta vare på det franske ordet «bagne» (fengsel der det vart gjort tungt straffarbeid), som han bøyer som «bagnoet». Det er nok gjort av filologiske årsaker, sidan opphavet til termen «bagne» skal vera det italienske «bagno» («bad»), etter ein institusjon av denne typen som låg ved eit gammalt badeanlegg i Livorno. Kor vidt dette ordet gav meining for norske lesarar, kan rett nok dragast i tvil.

I omsetjinga av William Shakespeares The Merchant of Venice (Soga om Kaupmannen i Venetia, 1905) har Idar Handagard gått endå friare til verks, ved å gjenfortelja skodespelet i prosaform. Stykket vart òg omsett til norsk av Olav Madshus, etter oppmoding frå Handagard, og dei to bøkene kom samtidig ut på forlaget til Sara Handagard.[xxxv] Sjølv om Madshus berre krediterer Arne Garborg for hjelp med omsetjinga, er det truleg at han og Handagard var i dialog under arbeidet: Sistnemnde har nemleg inkludert Madshus si omsetjing av sluttreplikken til Gratiano («fyrst og fremst det no lyt vera vissa / at vel eg vaktar ringen til Nerissa») heilt til slutt i det som elles er ein rein prosatekst.[xxxvi] Som i omsetjinga av Les Misérables, har Handagard korta ned førelegget. Til dømes er den kjende monologen til Portia, «The Quality of Mercy», som i stykket strekkjer seg over 22 verseliner, kort samanfatta i indirekte tale: «Men ho bad han vera miskunnsam og syna naade. Og ho tala so vent um, kor sælt det er aa gjera det, at det kunde ha kløkkt ein stein.»[xxxvii] I det korte etterordet seier omsetjaren sjølv at «mangt og mykje er det sagt og fortalt i det store stykket som me ikkje kunde faa med i denne stutte soga».[xxxviii] Prosaversjonen, som kom ut anonymt, hadde truleg som føremål å gjera eit norsk publikum kjent med sjølve forteljinga, og dermed skapa interesse for å setja opp Shakespeare på nynorsk, no som det var i ferd med å verta mogleg: I tillegg til Kaupmannen i Venetia, hadde Olav Madshus nokre år tidlegare omsett Macbeth (1901), eit arbeid Handagard roste offentleg.[xxxix] Det skulle likevel ta fleire år før noko teater spelte Shakespeare på nynorsk, og frustrasjonen Handagard følte over det manglande gjennomslaget for Shakespeare-omsetjingane til Madshus og andre, kjem til uttrykk i eit avisinnlegg frå 1926: «Her vantar me baade teater og aalmenta. Eit nynorsk teater som orkar aa spela Shakespeare. Og ei aalmenta som idest kaupa og lesa han.»[xl] Idealismen hans i målsaka var med andre ord ingen garanti for konstant optimisme, utan at slike pessimistiske augeblikk var nok til å øydeleggja engasjementet hans.

Dette engasjementet kan sporast heilt attende til gymnastida, då han eksperimenterte med dikt på landsmål (nynorsk) og heldt tale for målsaka i elevsamfunnet «Hugin», men han hadde ikkje fått opplæring i språket, og heldt seg difor til å skriva dansknorsk på Knud Knudsen-vis, med harde konsonantar.[xli] Det var Bjørnstjerne Bjørnsons utfall mot målrørsla i 1899 som for alvor vekte språkpolitikaren i Handagard, og same året gav han ut diktet «Fosna», skrive på fosnamål, i tidsskriftet Syn og Segn.[xlii] Han fatta no interesse for talemålet i dei norske byane, og gav ut ei avhandling der han viste at fosnamålet, eller dialekten i Kristiansund, var eit norsk målføre på line med talemålet i bygdene rundt.[xliii] Verdt å leggja merke til er at på dette tidspunktet, då han framleis eksperimenterte med språket, utelèt han den stumme t-en i bestemt form («maale», «lande»), det same trekket som Olav Duun seinare skulle verta kjend for. Det var likevel landsmål han skreiv, ikkje dialekt, og det ser ut til at dialektnær rettskriving ikkje var nokon personleg prioritet for han. Til dømes heldt han fram med å nytta i-endingar i bøyinga av sterke hokjønnsord i bunden form eintal («soli» i staden for «sola») og inkjekjønnsord i bunden form fleirtal («husi» i staden for «husa») sjølv etter at dette hadde vorte valfritt i 1917, sjølv om trekket ikkje finst i fosnamålet. Etter kvart gjekk han over til å nytta normert nynorsk òg i tale.[xliv]

Sjølv om Ivar Handagard vart overtydd målmann og skreiv storparten av tekstane sine på landsmål, skreiv han tekstar på dansknorsk med jamne mellomrom mellom karrieren, til dømes i omtalen av diktarar som Henrik Wergeland og J.S. Welhaven. Han omsette òg eigne tekstar frå landsmål til dansknorsk og omvendt. Hovudtyngda av omsetjingane hans er likevel til landsmål, anten det er frå dansk, dansknorsk eller andre språk, og drivkrafta i arbeidet dette arbeidet hadde fleire utspring: eit ynske å visa at det norske språket kunne brukast på alle område, frå verdspoesi til naturvitskapleg forsking; eit mål om spreia kunnskap om litteratur, helse, politikk og vitskap blant dei som las; og ikkje minst ei ekte skaparglede. Sistnemnde gav seg utslag i tekstar han skreiv til bruk for festleg lag blant vener og familie, som den norske gjendiktinga av studentsongen «Gaudeamus igitur», laga til 60-årsjubileet for russekameratane i 1953.[xlv] Den latinske teksten vert trufast, men smidig forma om til norsk av ein diktar som på dette tidspunktet nærma seg 80 år, men som enno ikkje hadde avslutta ein lang og mangfaldig karriere.

Gaudeamus igitur, 1. strofe
Gaudeamus igitur,
iuvenes dum sumus,
Gaudeamus igitur,
iuvenes dum sumus,
post iucundam iuventutem,
post molestam senectutem
nos habebit humus,
nos habebit humus.
Glade vil me vera stødt, 1. strofe
Glade vil me vera stødt
medan me er unge.
Glade vil me vera stødt
medan me er unge!
Etter kipne ungdoms-dagar,
etter mein som åri lagar,
jordi gjev oss kvila,
jordi gjev oss kvila.

Synnøve Midtbø Myking

Referansar

Bakken, Ove og Olav Sundet (1944). Idar Handagard: mannen og livsverket hans. Trondheim: Globus-forlaget.

Handagard, Herborg (1988). «Forord». I Sara Handagard, Idar Handagard: bibliografi 1893–1956. Oslo: Norsk bokhandel forlag 1905.

Handagard, Herborg (1988). «Streif fra et dikterliv og et samliv». I Sara Handagard, Idar Handagard: bibliografi 1893–1956, Oslo: Norsk bokhandel forlag 1905.

Handagard, Ivar (1899). Ugjærede og alkoholfrie vine. Deres fremstilling af H. Müller-Thurgau. Kristiania: Det norske totalafholdsselskabs forlag

Handagard, Ivar (1907). Mannalikamen og helsa. Kristiania: Cappelen.

Handagard, Ivar (1943). Hvad Henrik Wergeland har oversatt. Oslo: N.W. Damm & Søn.

Handagard, Ivar (1948). Sekstan diktarar: med ei innleiding um dikti og diktarane. Oslo: Norsk bokhandel.

Handagard, Ivar (1954). Russevisor og andre akademiske vers. Oslo: Dybwad.

Handagard, Sara (1988). Idar Handagard: bibliografi 1893–1956. Oslo: Norsk bokhandel forlag 1905.

Hugo, Victor / Ivar Handagard (oms.) (1933). Dei bannstøytte [Les Misérables]. Oslo: Noregs boklag.

Shakespeare, William / Ivar Handagard (oms.) (1905). Soga um Kaupmannen i Venetia [The Merchant of Venice]. Oslo: Norsk bokhandel forlag 1905.

Notar

[i] H. Handagard (1988), s. 278.

[ii] H. Handagard (1988), s. 276.

[iii] Bakken og Sundet (1994), s. 11–12.

[iv] Bakken og Sundet (1994), s. 13.

[v] Bakken og Sundet (1994), s. 13–14.

[vi] Boka skal i realiteten ikkje ha kome ut før i 1901, jf. S. Handagard (1988), s. 30.

[vii] S. Handagard (1988), s. 33; Bakken og Sundet (1994), s. 18.

[viii] Bakken og Sundet (1994), s. 19; H. Handagard (1988), s. 292.

[ix] H. Handagard, «Forord», (1988), s. 9–10.

[x] S. Handagard (1988).

[xi] S. Handagard (1988), s. 94–95; H. Handagard (1988), s. 297.

[xii] S. Handagard (1988), s. 102, 111; H. Handagard (1988), s. 297.

[xiii] Bakken og Sundet (1994), s. 26.

[xiv] Bakken og Sundet (1994), s. 20; S. Handagard (1988), s. 48

[xv] Bakken og Sundet (1994), s. 36.

[xvi] Bakken og Sundet (1994), s. 27–28.

[xvii] S. Handagard (1988), s. 21.

[xviii] I. Handagard, Ugjærede og alkoholfrie vine.

[xix] H. Handagard (1988), s. 286.

[xx] H. Handagard (1988), s. 286.

[xxi] Bakken og Sundet (1994), s. 21; I. Handagard (1907), s. 7.

[xxii] I. Handagard (1907) , s. 7, 137, 148, 150.

[xxiii] I. Handagard (1907), s. 137–153.

[xxiv] I. Handagard (1907), s. 138.

[xxv] I. Handagard (1907), s. 138–139.

[xxvi] I. Handagard (1907), s. 8.

[xxvii] I. Handagard (1907), s. 146–147, 153.

[xxviii] I. Handagard (1943), s. 5. Om Wergeland som omsetjar, sjå biografien i Norsk Oversetterleksikon

[xxix] Ibid., s. 5.

[xxx] I. Handagard (1948), s. 7.

[xxxi] Ibid., s. 6.

[xxxii] Bakken og Sundet (1994), s. 23.

[xxxiii] Hugo / I. Handagard (oms.) (1933), s. 5.

[xxxiv] Ibid., s. 6 .

[xxxv] Bakken og Sundet (1994), s. 44; H. Handagard (1988), s. 292.

[xxxvi] Shakespeare / I. Handagard (oms.), s. 31.

[xxxvii] Ibid., s. 17.

[xxxviii] Ibid., s. 31.

[xxxix] Den 17de Mai, 28. mars 1903: «Ein Shakespeare-umsetjar elst det ikkje i kvar mannsalder. No he me ein. Det er Olav Madshus» (S. Handagard (1988), s. 39).

[xl] Den 17de Mai, 13. februar 1926: «Shakespeare paa norsk» (S. Handagard, (1988), s. 142 [oppgjev 18.02 som dato, men dette er feil]).

[xli] Bakken og Sundet (1994), s. 15; H. Handagard (1988), s. 277.

[xlii] Bakken og Sundet (1994), s. 15; H. Handagard (1988), s. 284.

[xliii] I. Handagard (1901), Er folkemaale i byarne gode norske maalføre?, Det norske samlaget.

[xliv] Bakken og Sundet (1994), s. 17.

[xlv] I. Handagard, Russevisor, s. 5, 7.

 

Bibliografi

Mindre omsetjingar
Basert på bibliografiene til S. Handagard (1988) og Bakken og Sundet (1944: s. 88–89)