Alexander Seippel høyrde til den tyske Reinhardt-familien som hadde kome til Kristiansand tidleg på 1800-talet. Far til Alexander vart i 1858 send opp i Setesdal for å vera styrar på eit storstila koparverkprosjekt som familien hadde investert i. Slik skjedde det at den vesle Alexander voks opp på Frøysnes, vis-à-vis koparverket på Åraksbø, i det same huset som Hans E. Kinck seinare voks opp i. Koparverket gjekk nedanom, men Alexander vart i sinn og skinn setesdøl og rekna seg alltid som det.