Stikkordarkiv: Mortensson-Egnund Ivar Julius

Ivar Julius Mortensson-Egnund, 1857–1934

Maleri. Mortensson-Egnund,malt av svigersønnen Gunnar Wefring, 1924.

Mortensson-Egnund,malt av svigersønnen Gunnar Wefring, 1924.
Foto: Domkrikeoddens Fotoarkiv

Ivar Julius Mortensson vart fødd den 24. juli 1857 i Alvdal og døydde i Folldal 16. februar 1934. Han var son av Morten Mortensen (1816–1910) og Anne Petronelle Tangen (1822–1909) og voks opp i gode kår, både økonomisk og kulturelt. Faren var bonde og venstremann, liberalar og ordførar, stortingsmann i tida frå 1868 til 1885. Som stortings- og venstremann var han jaabekianar, det vil seia tilhengjar av Søren Jaabeks opposisjonspolitikk mot embetsmannsstyre. Medan Morten Mortensen sat på Stortinget, budde familien i Kristiania, der Ivar Julius tok eksamen artium på Aars og Voss skole i 1875. Etter artium studerte han teologi og tok teologisk embetseksamen i 1883.

Les mer