Stikkordarkiv: Øksnevad Reidar

Reidar Øksnevad, 1884–1958

Foto: Ukjent

Reidar Øksnevad var ein særs aktiv og markant litterat, særleg som omsetjar, redaktør og bibliograf. Han omsette hovudsakleg aforismar og visdomsord frå fransk og tysk, og utarbeidde i tillegg ei rekkje bibliografiar. I byrjinga av karrieren som omsetjar nytta han psevdonymet Arvid Hagen.

Oppvekst og utdanning
Reidar (Adolf Peter Karl) Øksnevad var fødd i Kristiansand, og via Sandnes slo lærarforeldra seg ned i Bergen i 1899. Her tok Reidar Øksnevad artium som 20-åring på den språkleg-historiske linja ved Hambros skule i 1904. Som den yngre broren, politikaren og radiomannen Toralv Øksnevad, var Reidar engasjert i journalistikk, og han skreiv først for Bergens Tidende, mellom anna ein lengre artikkel over tre dagar i 1907 om «Holberg som litterær figur». (Denne studien blei i 1948 utgjeven som bok på Damm forlag.) Reidar Øksnevad arbeidde òg som litteraturkritikar i Verdens Gang og var ei tid konsulent i Norli forlag.

Les mer