Stikkordarkiv: russisk

Olav Madshus, 1869–1927

Totningen Olav Madshus arbeidde som lærar i folkeskulen heile livet, men han var også omsetjar. Med utgivinga av Macbeth i 1901 blei han den første som omsette Shakespeare til landsmål, no kalla nynorsk. Madshus følgde opp med Kaupmannen i Venetia i 1905. Sjølv om han hadde begynt på eit tredje Shakespeare-stykke, Henry IV, blei det med desse to omsetjingane. Han var språkinteressert og kunne både engelsk, tysk, fransk og latin, i tillegg til noko russisk, italiensk og spansk. Elles var han engasjert i lokalsamfunnet på fleire måtar: Han var aktiv i den frilyndte ungdomsrørsla, han var ein aktiv fråhaldsmann, og han dreiv mykje med musikk, mellom anna som leiar av kor. Omsetjingsarbeidet hans blei ein viktig del av målsaka, sidan den viste at også dei store verdsdiktarane kunne fungere godt på det nye landsmålet.

Oppvekst og arbeidsliv
Olav Kristian Larssen Madshus vart fødd i Østre Toten i 1869 til foreldra Lise og Lars. Han hadde tre yngre sysken. Far hans var lærar i folkeskulen. Alt da Olav var 11 år, i 1880, døydde far hans. Olav blei då sendt til ei tante i Hamar, og her starta han på middelskulen. Han arbeidde som huslærar ei stund før han begynte ved lærarskulen i Hamar, på den tida kalla Hamar Seminar. Han flytta til Grue i starten av 1890-årene og blei lærar ved Namnå skule, der han kom til å arbeide til sin død i 1927.[1] I 1899 gifta han seg med Marie Andersen, og saman fekk dei sønene Aasmund og Lars.

Madshus var ein aktiv mann og engasjerte seg for fleire saker. Han var med i den frilyndte ungdomsrørsla i Glåmdalsbygdene, både som foredragshaldar og som tillitsvald i fylkeslaget Varden.[2] Han var generelt oppteken av folkeopplysning og skreiv om folkeopplysning at «[n]æst efter selve det kristelige Liv, Gudslivet i Mennesket, er intet i Verden saa vigtigt som den».[3] Denne haldninga er tydeleg både i arbeidet han gjer i ungdomsrørsla og i folkeskulen, men speler nok også inn i omsetjingane hans, som vi skal sjå seinare. Madshus var også aktiv i fråhaldsrørsla. Han var mellom anna formann for Kristiania og Kongsvinger Kreds av fråhaldsorganisasjonen «Det Blaa Baand» i ein periode.[4]

Madshus var tydeleg språkinteressert. Han tok eksamen i fire språk, tysk, engelsk, fransk og latin, og han lærte seg spansk, italiensk og russisk på eiga hand.[5] Resultatet av russisk-læringa hans kan ein lese i Indlandsposten, for her blei det publisert nokre stykke Madshus omsette frå russisk, mellom anna «En Feiltagelse» av Anton Tschechoff [sic] publisert i 1915[6] og «Fire dager» av Vsevolod Garschin i 1917.[7] Han blei også medlem av Norsk Bokmannslag, organisert av Idar Handagard, ei foreining som arbeidde for landsmålet.[8] Sjølv skreiv Madshus både på riksmål og landsmål, men han var tydeleg oppteken av norsk språk og norske dialekter. Han skreiv fleire historier på Toten-mål. Mellom anna finn vi ei historie i Breidablik i 1897 som startar slik: «D’ æ somme folk dom sier om, at d’ æ for mye te ein og for lite te to, og har vøri sainn-sagt om noen, saa er de om ‘n Jo Haagaa. D’ æ ingen som veit, aa den kar’n kunne vørti, hadde ‘n hatt læra som ‘n hadde gaver tel.»[9] Også i arbeidet med fråhaldssaka blir det klart at han er oppteken av språk. Han blir redaktør for Det Blaa Baands blad «Blaabaandet»,[10] og han gir også ut ei bok med tittelen «Avholdslæsning for Barn og ungdom». Boka bestod av 32 forteljingar, og Madshus hadde skrive 10 av dei.[11] Han var engasjert i musikk og var leiar for Kirkenær blandede kor.[12] Han komponerte også og skreiv songar. Mellom anna skreiv han diktet «Solørmarsj», som han også sjølv sette melodi til.[13]

Shakespeare-omsetjing og målsak
Madshus og Arne Garborg gav saman ut to Shakespeare-omsetjingar: Macbeth og Kaupmannen i Venetia (The Merchant of Venice), begge på vers. Macbeth blei gitt ut av Aschehoug i 1901, og Kaupmannen i Venetia blei gitt ut av Norsk Bokhandel i 1905, med støtte frå Studentmållaget. Fram til då måtte folk ty til svenske eller danske utgåver om dei ville lese Shakespeare, og det å få barden i norsk språkdrakt var ein stor motivasjon. I forordet til Macbeth skriv Madshus dette: «Kunde denne umsetnaden hjelpa til med aa gjeva folk hug til aa lesa Shakespeare, so vil det vera beste løni for det arbeide eg her hev lagt ned.»[14] Madshus arbeidde med omsetjinga av Macbeth i sju år før ho blei utgitt.[15] Mykje hjelp av dei andre nordiske omsetjingane fekk han ikkje. Madshus skriv: «Jau sjølvstødugt [sjølvstendig] er arbeidet; for då eg hadde arbeidt det gjennom fysste gongen, hadde eg enno ikkje havt råd til å få meg den dansknorske umsetjingi, men åtte berre den engelske grunnteksti.»[16] Han arbeidde aleine med omsetjinga i tre år før han sende boka frå seg, slik at andre kunne sjå på målføringa. Først sende han manuskriptet til Olav Åsmundstad, som bad Madshus spørje Garborg om hjelp.[17] Madshus tek kontakt med Garborg i eit brev datert 07.09.1899:

Eg veit Dykker tid er dyr, og eg skulde aldri våga til å bry Dykk med dette arbeidet, anna enn for tvo grunnar. Den eine grunnen er den at eg veit Dykk hev kje den vanlege fordomen mot den som ung og ukjenno er; den andre grunnen er den, at ein landskjend målmann, som før hev lese dette arbeidet igjennom, sette meg på tanken. Hertil kjem då ogso det at Dykk betre enn mangein annen vil kunna gjeva råd um korleis eg skal få dette arbeidet utgjeve, å segja sosannt det er noko verdt.[18]

Garborg ikkje berre såg på arbeidet og gav råd, han gjekk gjennom heile manuskriptet, og det er også Garborg som skal ha æra for å finne utgivar til verket.

Det var eit ideal i målrørsla på denne tida å omsetje store kulturverk, for å vise at landsmål også let seg bruke til høgkultur. Før hadde Ivar Aasen omsett nokre vers frå Shakespeare-stykke for å sjå om det let seg gjere, men med Macbeth blei Madshus den første som gav ut eit heilt Shakespeare-verk på nynorsk. Madshus’ Macbeth blei ikkje oppført, og stykket var heller ikkje skrivi for scenen, men for norsktalande lesarar. Dette førte også til eit ansvar som Madshus heilt klart følte på. I eit brev til Garborg datert 07.09.1899, skriv han:

Det er nærpå halslaus gjerd å umsetja Shakespeare; for det fører ansvar med åt tvo leier. Eg vilde traude at ein av verdas største diktarar skulde lida urett ved låk umsetjing; og likaso ugjerne vil eg det skal heita, at norsken ikkje er brukfør å umsetja utlandets største skaldeverker i. For å unngå dette ansvaret kunde eg godt lata arbeidet liggja i mi eigi hylle og trøyste meg med at eg hev havt att for bryet lell. Eg hev då lært både engelsk og norsk for det sama. Men so tykker eg no det, au, at fleire burde lesa dette meistarverket av verdas største skald, dersom den klædebunad eg hev førd han i er slik at det kann synast fram.[19]

Bølgjene i målstriden gjekk til tider høgt, og det var mange som meinte at landsmål ikkje makta dei store verdsdiktarane. I eit seinare brev skriv Madshus: «Eg er so rædd dette arbeidet dug lite og berre vart til skåde for målsaki, – ein ting som no lite tolast, då motmennerne grev fram alle dei gamle rustne sverdi frå målstridi han Ivar slog so djerve slag i.»[20] Det er tydeleg at dette ikkje var nokon enkel jobb, men likevel våga Madshus seg til det. Så har Garborg hjelpt både med landsmålet og med å få dette verket utgitt, og det er openbert at Madshus er takksam mot Garborg. Mellom anna skriv han i eit brev: «Eg veit so vel, at hadde ikkje De hjelpt meg, so hadde eg kann hende aldri fengi boki ut; ein veit korleis de er når ein er ung og ukjend.»[21] Etter å ha sett gjennom arbeidet sjølv sende Garborg så omsetjinga vidare til Steinar Schjøtt.[22] Macbeth blei til slutt gitt ut på Aschehoug i 1901, trykt i 2000 eksemplar og selt for 1 kr.[23]

Kaupmannen i Venetia blei gitt ut i 1905, var ikkje Madshus lenger aleine om Shakespeare-omsetjingar på landsmål. Idar Handagard gav ut ei prosa-omsetjing av The Merchant of Venice i 1905, Soga om Kaupmannen i Venetia, på Norsk Bokhandel forlag, som var forlaget Handagard dreiv saman med kona Sara. Han fekk då også Madshus til å kome med ei omsetjing av Kaupmannen på vers som blei gitt ut samtidig på same forlag.[24] Denne omsetjinga blei også støtta av Studentmållaget. Same året gav Edvard Alme (Edvard Germanus Johannessen) ut første akt av Kaupmannen i ei eiga omsetjing, med tittelen Fyrste Akten or Kaupmannen i Venetia.[25]

Shakespeare på norsk
Akkurat målsaka har nok også gjort mykje for korleis Madshus har valt å omsetje. Som Edvard Beyer kommenterer: «Trangen til å holde morsmålet rent og uforvansket har i særlig grad influert på de nynorske oversettelsene.»[26] Eit av døma Beyer kjem med er nett frå Madshus, frå omsetjinga av The Merchant of Venice (Kaupmannen i Venetia i Madshus’ omsetjing), der han omset «Argosie’s with portly saile» og «Signiors and Rich Burgers on the flood, / Or as it were the Pageants of the sea» med «langferd-skip med staute segl» og «hovdingar og herremenn» i «drusteferd».[27] Dette blir altså heilnorsk, sjølv om vi skal til Italia og Venezia.

Det norske målet er i seg sjølv like viktig som ei nøyaktig attgiving av originalen i desse omsetjingane. Forordet til Macbeth brukar Madshus på å skrive om målføre og sine tankar rundt det. Han har valt å lene seg på Flo og Garborg si «Framlegg til skrivereglar», fordi han som austlending synest at dette fall han lettare. Dette framlegget bygde på fjellbygdmåla på Austlandet og blei kalla midlandsnormalen. Madshus held seg altså meir til austlandstalen enn vestlandstalen.[28] Tanken med omsetjinga er heile tida å få Shakespeare ut til eit norsklesande folk, men målsaka er like viktig. Difor blir målformene også viktige, og dei er eit diskusjonsmoment i brevvekslinga mellom Madshus og Garborg. Det er Madshus som står for omsetjinga frå engelsk, mens Garborg har sett gjennom det norske språket. Eit døme på desse diskusjonane finn vi i eit brev frå januar 1900: «’Mødu’ finst ikkje i vårt mål; men ved di eg enno ikkje er so stø i den nye rettskrivingi som eg med tid og øving kann verte, svor eg til magisterens ord, og lét de skure.»[29] I eit anna brev til Garborg skriv han dette: «Elles er ingi annan uheppe hendt, enn at eg ikkje fekk svara på spursmåle um ‘dei’ eller ‘deim’ i casus obliquus. Etter totenmåle skal de der vera ‘deim’, so de vert best å halda seg til dette.»[30] Her ser vi at Madshus held seg til den austnorske varianten.

Ein finn mange døme på fornorsking i begge omsetjingane. Mellom anna i Macbeth (1. akt, 2. scene), når Ross fortel om slaget mot Noreg, der Skottland har sigra. I den engelske originalen lyder det slik:

From Fife, great king,
Where the Norwegian banners flout the sky
And fan our people cold.
Norway himself, with terrible numbers,
Assisted by that most disloyal traitor,
The Thane of Cawdor, began a dismal conflict,
Till that Bellona’s bridegroom, lapped in proof,
Confronted him with self-comparisons,
Point against point, rebellious arm ‘gainst arm,
Curbing his lavish spirit. And to conclude,
The victory fell on us –

I Madshus’ omsetjing lyder dette slik:

ROSS
Fraa Fife.
Der norske merkje lufti slær til spott
og veiftar kjøling yvi folki vaare.
Den norske kongen sjølv, med skræmslegt ovtal
og hjelp av konungs-svikaren thegn Cawdor,
tok paa oss, so me rett laut stride hardbeitt,
til brynjeklædde skjoldmøy-brudgom gjæv
lét han faa røyne ein mannjamnings-leik
odd imot odd og upp-lyft arm mot arm,
og tygla so hans ovmod. Stutt aa melde;
paa oss fall sigren.[31]

I originalen står det «Bellona’s bridegroom», som refererer til den romerske krigsgudinna. I den norske omsetjinga har dette blitt til «skjoldmøy-brudgom». Når denne scenen også handlar om eit slag mot Noreg, kan ein diskutere om det å bruke eit norrønt omgrep for den skotske Macbeth er bra eller dårleg. Elles held Madshus seg nær originalen, når det gjeld både ordval og rytme. Gjennom heile teksten held han seg til Shakespeares originale rim og rytme. Shakespeare er kjend for å skrive i blankvers, eller jambisk pentameter, som vil seie at kvar verselinje har fem verseføter, alle samansette av ei trykklett og ei trykktung staving. Nokre gonger, som i dømet over, går Madshus lenger enn Shakespeare i å ta vare på blankverset. Det ser ein i dei første linjene: «Der norske merkje lufti slær til spott / og veiftar kjøling yvi folki vaare.» I den originale engelske står det her: «Where the Norwegian banners flout the sky / And fan our people cold.» «Cold» får i den engelske originalen meir trykk enn den norske «kjøling», på grunn av dette brotet i rytmen.

Eit anna døme på fornorsking finn vi i omsetjinga av dei tre heksene. På engelsk heiter dei «the weird sisters», mens på landsmål har Madshus brukt ordet «volve-systrar». Igjen minner dette meir om norrøn mytologi. I motsetnad til Kaupmannen i Venetia kan dette passe i Macbeth, som startar med ein skotsk siger over Noreg og Irland. Dei tre heksene er også vanskelege å omsetje elles, fordi dei stadig talar i rim. I omsetjinga til Madshus er talane i rim overført, som vi kan sjå i dette dømet (1.akt, 3. scene):

The weird sisters, hand in hand,
Posters of the sea and land,
Thus do go, about, about,
Thrice to thine, and thrice to mine,
And thrice again, to make up nine.
Peace, the charm’s wound up.

I Madshus’ omsetjing lyder dette slik:

Volve-systrar, hand i hand,
fara yvi sjø og land.
So dei gjeng i ring og ring.
Tri-gong’ for deg
og tri for meg,
og tri i tull,
so nia vert full.
Statt! No er troll-ringen gjengin.[32]

I den norske omsetjinga rimar «deg» og «meg», og «tull» og «full». Dette blir ikkje heilt likt det engelske rim-mønsteret, der «nine» rimar på «mine», men Madshus har halde på enderimet også på norsk.

I følgjande utdrag frå Kaupmannen i Venetia (1.akt, 1.scene) ser ein at Madshus prioriterer å halde på enderimet: «Go presently inquire (and so will I) / Where money is, and I no question make / To have it of my trust, or for my sake» (1. akt, 1. scene). På landsmål lyder dette slik: «Gakk, høyr Dykk um, kvar pengar er aa faa / - det skal eg gjera au; i borg gjeng eg; / og daa eg skal vel tru det greier seg.»[33] Her er rimet med «make» og «sake» bevart i «eg» og «seg», sjølv om meininga då blir litt annleis. Andre gonger fungerer det betre når Madshus held på rimet, til dømes i denne linja frå Portia: «is it not hard Nerissa, that I cannot choose one, nor refuse none?» (1. akt, 2. scene). Som Madshus har omsett slik: «Er det kje stridt, Nerissa, at ingin kann eg taka og ingin kann eg vraka?»[34] Her har Madshus framleis gått langt for å få med rimet mellom «one» og «none» til landsmål, i «taka» og «vraka», men her har han også klart å få med meininga.

Shakespeare nyttar ofte rim, og i mange scener i The Merchant of Venice blir det spesielt viktig. Det finn vi eit til døme på her, i 2. akt, 7.scene:

All that glisters is not gold,
Often have you heard that told,-
Many a man his life hath sold
But my outside to behold,-
Gilded tombs do worms infold;
Had you been as wise as bold,
Young in limbs, in judgement old,
Your answer had not been inscroll’d,-
Fare you well, your suit is cold.

Dette utdraget er frå avslagsbrevet som Portias far skreiv, og her er det særs viktig å få med både rim og rytme og meining. Det har Madshus løyst slik:

Minnest du den barnesull:
Alt som glimrar er kje gull?
Mang ein mann i heimsens krull
for mi gliming gjekk i tull.
Gull-grav sjølv med makk er full.
Var du klok som du er kar,
alders-vis som ungdoms-snar,
skulde du havt anna svar
enn eit kaldt: «Farvel, min far!»[35]

Der originalteksten har eitt enderim som går gjennom heile avsnittet, har Madshus valt å bruke to ulike. Det er særs vanskeleg å finne ni ord som rimar som også uttrykker meininga, så sjølv dette er imponerande. Dette er også ein naturleg stad å dele avsnittet; semikolonet her viser at vi er over i ein annan del. Dei siste orda («Farvel, min far!») ber teikn på at han leita etter rimord, då dette ikkje heilt passar inn i resten av avsnittet. «Many a man his life hath sold / But my outside to behold» har blitt til «Mang ein mann i heimsens krull / for mi gliming gjekk i tull.» Igjen ber dette preg av behovet for å finne eit rim. Der ein i originalutgåva sel sitt liv, går ein på landsmål berre i tull. Meininga i sitt heile er bevart, men det er tydeleg at det blir ein del naudløysingar for å få det til å rime.

Andre gonger har Madshus absolutt klart å ta vare på det poetiske språket til Shakespeare. Denne kjente linja, til dømes, frå The Merchant of Venice (1. akt, 1. scene): «I hold the world but as the world Gratiano, / A stage, where every man must play a part, / and mine a sad one.» På landsmål lyder det slik: «Eg Verdi tek som Verdi er, Gratiano; / paa dette tile kvar lyt spela sitt; / og mitt er sorgsamt.»[36] Også her legg Madshus seg nær originalen. Han tar vare på parallellen «the world» gir i fyrste linje, han har halde på bokstavrimet i «play a part» i «spela sitt», og som hos Shakespeare er den siste linja ikkje pentameter, noko som gir ekstra vekt til «sorgsamt». Her er også det heilnorske ordet «tile» brukt for scene, som kan ha ein slags dobbeltfunksjon sidan det både passar inn i versemålet og gir ein norsk ordlyd.

Mottaking
Olav Madshus si omsetjing av Macbeth fekk stort sett gode omtalar, og ikkje berre frå landsmålsvennlege aviser. I Bergens Tidende skriv Bolette Christine Pavels Larsen, som sjølv er landsmålsvennleg, dette i ei bokmelding 30. mars 1901:

Noget af det, der naturligvis vil bidrage overmaade meget til Landsmaalets Fremgang og Sejr, er en god Shakespeare-Oversættelse paa Landsmaal. Olav Madshus har gjort Begyndelsen med denne Oversættelse af Macbeth. Det viser sig, at det norske Maal egner sig fortæffeligt netop til at gjengive Shakespeare i, at det er nær i Slægt med det kraftige og livfulde Sprog, som var Verdens største Dramatikers, at det passer ypperligt baade til det hverdagsligt drøje og det mest ophøjede hos Shakespeare. Den foreliggende Landsmaalsoversættelse af Macbeth er klar og præcis, ganske i Skuespillets Aand; intet lyder fremmed, alt udtrykkes saa let, at man godt kan tænke sig, at Shakespeare selv, om han havde været Nordmand, vilde kundet sig vel hjulpen med dette Sprog til at forme sine udødelige Repliker i.[37]

Vidare samanliknar ho Madshus’ omsetjing med Carl August Hagbergs svenske frå 1850, for å vise kor god ho faktisk er. Det einaste punktet der Bergens Tidende meiner at den svenske er betre, handlar om at den svenske omsetjinga er friare, mens Madshus stadig held seg til rimet i originalen. Ho tek til og med til orde for at Madshus burde få statsstønad for å halde fram arbeidet med å omsetje Shakespeare. Bokmeldaren i Agder seier at «arbeide han hev lagt fram er daa og al ros og æra verdt»[38], medan Indlandsposten skriv at Madshus’ omsetjing er «ein god Mun betre enn den Dansk-Norske Umskrivingi.»[39] Alle peikar dei på dette som ein siger for målsaka. I Indlandsposten skriv L. K. dette:

Han Sylfest Muldal og andre store Profetar renner no fraa By til Bygd og preikar um, at norsk Landsmaal ikkje høver ilag med Kulturen, og at Laandsmaale vil stengja oss ute frå Bokheimen i det store ‘kulturberande’ Land. Dersom ein les denne Umsetjingi aat Madshus all-igjennom, vil ein maatte seia som so, at dette er ei falsk Læra.[40]

Kaupmannen i Venetia fekk også gode meldingar då ho blei utgitt av Norsk bokhandel i 1906, men ser ikkje ut til å ha fått like mykje merksemd som Macbeth. O.S. i Sogns Tidend skriv: «Maalet er lett og naturlegt, men rikt og fornemt paa same tid.»[41] Til tross for gode meldingar blei ikkje desse to omsetjingane nokon salssuksess. Ifølgje Idar Handagard hadde ikkje bokreiaren selt meir enn om lag hundre stykkar av Macbeth på eit år.[42]

Avslutning
Det var planar om fleire omsetjingar frå Madshus, men slik blei det ikkje. Det er det truleg fleire grunnar til. Den viktigaste grunnen er nok tida. Madshus var lærar av yrke og hadde ikkje tenkt å gi opp det. På 1910- og 1920-talet kom det også fleire omsetjarar til som omsette Shakespeare til nynorsk. I eit brev til Garborg skriv Madshus:

Hev De høyrt at det er ein ny Shakespeare-mann i komingi – Eirik Eggen? Eg skulle rett vera glad um han heldt det ho lovar, den prøva han hev gjevi i «Syn og Segn.» Ein kan umlag vita kor mykje ein kann gjera, naar ein sit i det slik som eg og kjem trøytt og slitin av skulen og skal fyribua seg til næste dag og so fyrst taka fatt i Sh. Fort kann det ikkje gaa, og gali maa det ikkje gaa; so maa det faa gaa smaatt. Eg lik ikkje tanken um aa gjeva upp skulen heller; for der hev eg daa mine beste stunder. Vart me derimot tvo um arbeide, so turte ingin av oss skunde seg meir enn godt gjorde.[43]

Erik Eggen gav ut Jonsokdraumen på Det Norske Samlaget i 1912, sju år etter at Kaupmannen i Venetia kom på dei norske bokhyllene. Henrik Rytters omsetjing av Othello kom i 1923, og med Rytters omsetjing skulle endeleg ei nynorsk omsetjing av Shakespeare også bli nytta på scenen. Madshus’ og Eggens omsetjingar blei ikkje framført.[44]

Madshus hadde nok anna å gjere, og Shakespeare-omsetjinga måtte få plass mellom lærarjobben og familieliv. Då er det imponerande nok at han klarte å få gjennom to Shakespeare-stykke på landsmål.

Anne Marie Hovland Aschim

Referansar

Bakken, Ove og Olav Sundet. Idar Handagard: mannen og livsverket hans. Trondheim: Globus-forlaget, 1944.

Beyer, Edvard. «Nynorske blankvers: Shakespeare på Det Norske Samlaget». I Det Norske Samlaget 1868-1968. Oslo: Det Norske Samlaget, 1968.

_____. Problemer omkring oversettelser av Shakespeares dramatikk. Bergen: Universitetet i Bergen, 1956.

Bergum, Anne, m.fl. Gammalt frå Grue. Grue: Bondekvinnelagene i Grue, 1987.

Guthe, Andreas Stub, red. Grue kirkes brann pinsedag 1822: Et 150 års minne. Grue menighetsråd og Grue kommune, 1972.

Madshus, Olav. Brev til Arne Garborg. Nasjonalbiblioteket, Brevs. 140.

Shakespeare, William. Kaupmannen i Venetia. Omsett av Olav Madshus. Oslo: Norsk Bokhandel, 1905. Originalens tittel: The Merchant of Venice.

_____. Macbeth. Omsett av Olav Madshus. Kristiania: Aschehoug, 1901.

Skibekk, Håvard. «Madshus, Olav». I Norsk alkunnebok VIII. Oslo: Fonna forlag, 1957.

Noter

 [1] Indlandsposten, 12. mai 1927.

[2] Håvard Skibekk, «Madshus, Olav», i Norsk alkunnebok VIII. Oslo: Fonna forlag, 1957), 367.

[3] Indlandsposten, 9. september 1903.

[4] Hedemarkends Amtstidende, 2. mai 1906.

[5] Indlandsposten, 12. mai 1927.

[6] Indlandsposten, 6. mai 1915.

[7] Indlandsposten, 18. januar 1917.

[8] Gudbrandsdølen, 20. oktober 1910.

[9] Breidablik, 12. august 1897.

[10] Glommendalen, 10. august 1909.

[11] Solungen, 31. mars 1908.

[12] Andreas Guthe, red., Grue kirkes brann pinsedag 1822: et 150 års minne (Grue menighetsråd og Grue kommune, 1972), 14.

[13] Anne Bergum m.fl., red., Gammalt frå Grue (Bondekvinnelagene i Grue, 1987), 120.

[14] Shakespeare, Macbeth, overs. Olav Madshus (Kristiania: Aschehoug, 1901), vi.

[15] Brev frå Madshus til Arne Garborg, 25. januar 1901, Nasjonalbiblioteket, Brevs. 140.

[16] Madshus til Garborg, 9. november 1899.

[17] Indlandsposten, 10. september 1928.

[18] Madshus til Garborg, 7. september 1899.

[19] Madshus til Garborg, 7. september 1899.

[20] Madshus til Garborg, 09. november 1899.

[21] Madshus til Garborg, 11. oktober 1900.

[22] Madshus til Garborg, 10. oktober 1899.

[23] Madshus til Garborg, 21. oktober 1900.

[24] Ove Bakken og Olav Sundet, Idar Handagard: mannen og livsverket hans (Trondheim: Globus-forlaget, 1944), 18. Sjå også artikkelen om Idar Handagard i Norsk Oversetterleksikon.

[25] Edvard Beyer, «Nynorske blankvers: Shakespeare på Det Norske Samlaget», i Det Norske Samlaget 1868–1968, (Oslo: Det Norske Samlaget, 1968), 189. Sjå også artikkelen om Edvard Alme i Norsk Oversetterleksikon.

[26] Edvard Beyer, Problemer omkring oversettelser av Shakespeares dramatikk (Universitetet i Bergen, 1956), 12.

[27] Beyer, Problemer omkring, 12.

[28] Shakepeare, Macbeth, v-vi.

[29] Madshus til Garborg, 02. januar 1900.

[30] Madshus til Garborg, 11. desember 1900.

[31] Shakespeare, Macbeth, 5.

[32] William Shakespeare, Kaupmannen i Venetia, overs. Olav Madshus (Oslo: Norsk Bokhandel, 1905), 7–8.

[33] Shakespeare, Kaupmannen, 15.

[34] Shakespeare, Kaupmannen, 16.

[35] Shakespeare, Kaupmannen, 59.

[36] Shakespeare, Kaupmannen, 11.

[37] Bergens Tidende, 30. mars 1901.

[38] Agder, 23. april 1901.

[39] Indlandsposten, 8. mai 1901.

[40] Indlandsposten, 8. mai 1901.

[41] Sogns Tidend, 30. november 1906.

[42] Den 17de mai, 13. februar 1926

[43] Madshus til Garborg, udatert.

[44] Edvard Beyer, «Nynorske blankvers: Shakespeare på Det Norske Samlaget», i Det Norske Samlaget 1868–1968. Oslo: Det Norske Samlaget, 1968, 191.

Bibliografi