Magnus Gustav Ulleland var omsetjar, forfattar av faglitteratur og ordbøker, og professor i romansk filologi ved Universitetet i Oslo. Han sette om ei rekkje klassiske verk frå italiensk, særleg frå mellomalder og renessanse, blant anna av Machiavelli og Boccaccio. Det mest kjende blant desse er Dantes Den guddommelege komedie, som kom ut i tre band mellom 1993 og 1996. Ved sida av skreiv han ordbøker mellom norsk og italiensk, samt lærebøker.
Ulleland var fødd på Gripland i Sunnfjord, og vaks opp i Svanøybukt på den andre sida av øya. Han kom fra små kår, og far hans døydde da han berre var ein liten gutunge. Men han las på eiga hand, tok examen artium som privatist, og i 1948 kom han til Bergen, som student i det aller første kullet i det nyoppretta Universitetet i Bergen.