Stikkordarkiv: Vesaas Halldis Moren

Halldis Moren Vesaas, 1907–1995

Foto av Haldis Moren Vesaas: Salon Americain Geneve Trysil Engerdal Museum

Foto: Salon Americain (Genève), Anno Trysil Engerdal Museum

Halldis Moren Vesaas, lyrikar, forfattar, litteraturformidlar og omsettar, vart fødd i Trysil 18. november 1907. Ho gifta seg med forfattaren Tarjei Vesaas i 1938, og busette seg da i Vinje i Telemark. Blant folk var ho mest kjend som lyrikar, men innsatsen hennar som omsettar er likevel langt meir omfattande enn diktargjerninga. I alt vart det over 60 dramaomsettingar, dei fleste for Det Norske Teateret (DNT). Spennvidda er stor både i sjanger, stil, originalspråk og tidsepoke. Ho omsette frå fransk, tysk, engelsk, italiensk og svensk. Jean Racine, Jean-Baptiste Molière, William Shakespeare og Astrid Lindgren sette ho om flest stykke kvar av, men også August Strindberg, Johann Wolfgang von Goethe, Luigi Pirandello, A.A. Milne og ei lang rad nyare europeiske forfattarar kom i norsk versjon ved hennar hand. Og ho gjendikta ein heil del lyrikk.

Les mer