Stikkordarkiv: Aall Jacob

Jacob Aall, 1773–1844

Ill ukjent, Oslo Museum. Illustrasjon.

Ill ukjent, Oslo Museum

Jacob Aall (1773–1844) var sagaomsettar, jernverkseigar, industrimann, skribent, tidsskriftredaktør, eidsvollsmann, stortingspolitikar og historikar. Aall blei fødd i Porsgrunn 27. juli 1773, og begge foreldra kom frå svært velståande familiar. Faren, Nikolai Benjamin Aall, var son av Aall-slektas stamfar i Noreg, Niels Aall, som seksti år tidligere var komen frå London til Porsgrunn, og på kort tid hadde arbeidd seg opp til å bli ein velståande trelasthandlar og skipsreiar. Jacob Aalls mor, Amborg Wesseltoft, tilhøyrde ei rik handelsslekt med solide røter i distriktet omkring Skiensfjorden. Aall studerte først teologi og deretter naturfag i København, Kiel, Leipzig, Göttingen og Freiburg, og var frå 1799 jernverkseigar i Tvedestrand.[1]   

Les mer