
Foto: Privat
Kjell Olaf Jensen var ein svært rutinert og flittig omsetjar av rundt 260 bøker i ulike sjangrar frå fransk, engelsk, tysk, svensk og dansk. I tillegg var han ein aktiv skribent, hovudsakleg som litteraturkritikar og hadde diverse verv i litterære organisasjonar. Han var òg kjend som ein ihuga menneskerettsforkjempar.
Kjell Olaf Jensen var fødd i Oslo 26. august 1946. Han gjekk på Lycée Pierre-Corneille i franske Rouen og studerte seinare fransk og litteratur ved Universitetet i Oslo. I 1978 blei han cand.mag. med magistergrad i litteraturvitskap. Tittelen på magisteravhandlinga var: Le gnosticisme dans les grandes épopées de Victor Hugo. Han drog til Paris for å samle materiale til ei doktoravhandling som det ikkje blei noko av. I staden skreiv han om fransk litteratur til norske aviser. Magistergradsavhandlinga om Victor Hugo blei i 1979 utgjeven som bok av det parisiske forlaget La Pensée Universelle.