
Foto: Ukjent, Samlaget.
Rasmus Løland vart fødd 24. mai 1861 på garden Løland ved Hylsfjorden i Ryfylke og døydde 12. oktober 1907 på garden Labråten i Asker. Løland vart tidleg driven av ein sterk trong til å skriva, og etter kvart vart han synleg på mange felt: som journalist, kritikar, forfattar og omsetjar. Debuten som forfattar kom i 1891 med novellesamlinga Folkeliv. Sidan gav han ut ei rekkje stutte og lange forteljingar både for vaksne, barn og unge. I seine år jobba han ei stund som medarbeidar i målavisa Den 17de Mai , og det var her han byrja som omsetjar. Han omsette bondeforteljingar og bøker for barn og unge frå engelsk og tysk, mellom anna av Daniel Defoe og Berthold Auerbach. Det heldt han fram med i arbeidet som redaktør for Norsk Barneblad heilt fram til han døydde av tuberkulose, berre 46 år gammal.