Bibelomsetjingar i Noreg

Av Anders Aschim

Bibelen er den kristne samlinga av heilage skrifter. Sjølv om Bibelen har vore til stades i Noreg heilt sidan kristninga i mellomalderen, er omsetjingar til norsk bokmål og nynorsk av historiske grunnar eit nokså nytt fenomen. Den soga begynner først i siste del av 1800-talet. Til gjengjeld har Bibelen, både i dansk og norsk omsetjing, hatt ein viktig posisjon for utviklinga av språk og litteratur. Det Norske Bibelselskap har vore dominerande på området bibelomsetjing og bibelspreiing i Noreg. Frå 1980-talet har dei fått konkurranse av andre aktørar. I dag er eit mangfald av bibelomsetjingar på marknaden.

Omsetjingar av Bibelen må løyse to hovudproblem. Det eine handlar om tekstgrunnlaget for omsetjinga, i valet mellom variantar frå tusenvis av ulike manuskript. Det andre handlar om forholdet mellom kjeldespråk og målspråk, forenkla sagt: Er det viktigast å reprodusere «grunnteksten» så lojalt som mogleg, eller å gjere bodskapen forståeleg for lesaren?

Bibel og bibelomsetjing
Bibelen er samlinga av dei skriftene som kristne oppfattar som heilage eller kanoniske (av gresk kanon, «målestokk, rettesnor»). Det er ikkje semje om omfanget. Dei fleste protestantiske kristne reknar med 66 bøker, fordelte på to hovuddelar. Dei 39 bøkene i Det gamle testamentet (ofte forkorta GT) er skrivne på hebraisk, med små innslag av arameisk. Dette utvalet, også omtala som Den hebraiske bibelen, er identisk med den jødiske heilage skriftsamlinga Tanak. Dei 27 bøkene i Det nye testamentet (NT) er skrivne på gresk. Romersk-katolske og ortodokse kristne reknar endå eit tital greskspråklege skrifter til Det gamle testamentet. Av protestantar blir desse skriftene omtala som apokryfe (gresk «løynde»), av romersk-katolske kristne som deuterokanoniske (tilhøyrande kanon-avdeling nummer to).

Omsetjing av bibelske skrifter har alltid vore sentralt i kristendomen, som er ein misjonerande religion med sterk kommunikativ interesse. Ei samling førkristne omsetjingar av skriftene i Den hebraiske bibelen til gresk, kalla Septuaginta (av det latinske ordet for «sytti», etter ei legende om dei sytti omsetjarane som skal ha utført omsetjinga), spelte ei viktig rolle i den første kristne tida og gjer det framleis, særleg i dei ortodokse kyrkjene. Septuaginta inneheld òg dei apokryfe eller deuterokanoniske bøkene. Gjennom dei første kristne hundreåra følgde det nye bibelomsetjingar med den kristne ekspansjonen i alle himmelretningar. Særleg viktige blei dei syriske, latinske og (noko seinare) slaviske omsetjingane.[1] I Vest-Europa dominerte den latinske Vulgata-omsetjinga (av det latinske ordet for «allmenn»), utført av Hieronymus rundt år 400. Den blei standardbibel i Den romersk-katolske kyrkja. På 1500-talet førte renessansen, reformasjonen og utviklinga av boktrykkarkunsten til ei ny bølgje av bibelomsetjingar til folkespråka. Og frå 1800-talet har opprettinga av misjons- og bibelselskap ført til ytterlegare intensivering av arbeidet med bibelomsetjing og bibelspreiing på global basis.[2] I 2017 rekna ein at i det minste delar av Bibelen låg føre på 3324 av verdas 7097 språk. Fullstendige bibelutgåver fanst på 674 språk, noko som gav 71 prosent av menneska på jorda tilgang til heile Bibelen på førstespråket deira.[3]

Det er ikkje heilt opplagt kva ein skal rekne som ei bibelomsetjing. At vi reknar med bibeldelar, slik som omsetjingar av Det nye testamentet aleine eller av eitt enkelt evangelium, er greitt. Litt vanskelegare blir det med omsetjingar av utdrag, slik ein til dømes finn i leksjonarium, kyrkjelege tekstbøker til liturgisk bruk. Men kva med ei bok som Volrath Vogts Bibelhistorie, ein av dei største læreboksuksessane i norsk skolehistorie? Kva med teikneserieversjonar som Mangabibelen? Og kva med den svært utbreidde sjangeren «barnebibel»? Alle desse presenterer seg meir som attforteljingar enn som omsetjingar, men overgangane mellom desse og dei mest parafraserande bibelomsetjingane er flytande.

Norrøne omsetjingar
Historiske oversyn over norske bibelomsetjingar begynner alltid med det norrøne bokverket Stjórn. Å kalle dette ei bibelomsetjing er ikkje heilt eksakt. For det første er det ikkje tale om eitt einskapleg verk, men om fire teksteiningar av litt ulik alder frå 1200–1300-talet. For det andre dekkjer den norrøne teksten berre dei forteljande delane av Det gamle testamentet. Og for det tredje finst det både utelatingar, tilføyingar og kommentarar i teksten. Undertittelen til den første utgivaren er meir presis: Carl Richard Unger kalla samlinga «Gammelnorsk Bibelhistorie fra Verdens Skabelse til det babyloniske Fangenskab».

Bibelsitat i norrøn og islandsk litteratur tyder på at det har eksistert norrøne omsetjingar av andre delar av Bibelen, i alle fall store delar av evangelielitteraturen og Apostelgjerningane, men ingen slike omsetjingar er bevarte.[4]

Danske omsetjingar
Reformasjonen la stor vekt på at bibelordet skulle vere tilgjengeleg og forståeleg for lekfolk. Det førte til at Bibelen eller i det minste Det nye testamentet blei omsett til ei rad nordeuropeiske folkespråk i løpet av 1500-talet, inkludert dansk, svensk, islandsk og finsk, men ikkje til norsk. Både politisk, språkleg og religiøst var Noreg blitt ein del av Danmark, og Bibelen kom no til Noreg i dansk språkdrakt.

Bokomslag av Christian IIIs bibel fra 1550

Christian IIIs bibel fra 1550

Det nye testamentet hadde vore omsett til dansk alt i 1524, tolv år før reformasjonen offisielt blei innført i Danmark-Noreg. Reformasjonskongen Christian 3. tok initiativet til den første fullstendige danske bibelomsetjinga, trykt i 1550. Utgangspunktet for omsetjinga var meir den tyske bibelutgåva til Martin Luther og medarbeidarane hans enn dei hebraiske og greske grunntekstane. Desse reformasjonsbiblane er sterkt kommunikativt orienterte, dei legg vekt på å gjere bibelteksten forståeleg på målspråket.

I 1607 gav Hans Poulsen Resen ut ei ny dansk omsetjing, bygd på heilt andre omsetjingsideal. No gjaldt det først og fremst å gi ein så lojal representasjon som mogleg av kjeldeteksten, dei hebraiske og greske versjonane, også om det kom i konflikt med forståeleg dansk. Her slår nye teologiske straumdrag igjennom, ikkje minst ei sterk tru på verbalinspirasjon, altså at Bibelen ord for ord er guddommeleg inspirert. Resens omsetjing blei revidert av Hans Svane førti år seinare, men omsetjingsprinsippa var dei same.

I hundreåra som følgde kom det stadig nye utgåver og revisjonar av begge desse danske bibelversjonane. Det blei likevel den «Resen-Svaningske» som etter kvar blei den offisielle kyrkjebibelen i Danmark-Noreg og fekk den dominerande posisjonen.[5]

Norske omsetjingar til dansk
Det Norske Bibelselskap blei skipa i 1816, som ein av dei eldste sivilsamfunnsinstitusjonane i det sjølvstendige Noreg. Bibelomsetjing er ei av hovudoppgåvene til Bibelselskapet. Den første utgåva til selskapet av Det nye testamentet, ei lett revidert utgåve av den Resen-Svaningske teksten, blei trykt i 1820, ei grundigare revidert utgåve ti år seinare. Den første fullstendige bibelutgåva frå Bibelselskapet kom ut i 1854. Det omfattande teologiske og språklege arbeidet var gjort i Noreg, men teksten var framleis definitivt dansk. Først med seinare biskop Johannes Skaars revisjon av nytestamentet frå 1873 kan ein merke ei svært forsiktig fornorskingslinje i omsetjingsarbeidet.[6]

Omsetjingar til samisk
Dei første forsøka på bibelomsetjing i Noreg i nyare tid var likevel ikkje til norsk eller dansk, men til nordsamisk. For misjonen blant samane var det bruk for tekstar på deira eige språk. Fleire aktørar omsette delar av Bibelen til samisk alt på 1700-talet, men desse blei ikkje trykte og er stort sett gått tapt. Den første trykte utgåva av Det nye testamentet til nordsamisk kom ut i 1840, omsett av presten Nils Vibe Stockfleth. I Sverige var det kome ei fullstendig omsetjing av Bibelen alt i 1811, men den var på umesamisk.

Det omfattande arbeidet med ei fullstendig nordsamisk bibelomsetjing blei gjort av   Lars Jakobsen Hætta, som sjølv var same, saman med professor Jens Andreas Friis og etter kvart rektor Knud Qvigstad. Nytestamentet kom ut i ny omsetjing i 1874, ein fullstendig nordsamisk bibel i 1895, utgitt av Norsk Finnemisjon, ikkje av Bibelselskapet. Hætta omsette òg apokryfane til nordsamisk, men dei blei ikkje trykte.

Omslaget til Ådå testamenta – Det nye testamentet på lulesamisk

Ådå testamenta – Det nye testamentet på lulesamisk

Den aukande forståinga for samiske rettar og behov sidan 1970-talet fekk òg konsekvensar for bibelomsetjingsarbeid. Språkleg utvikling og endringar i rettskriving hadde skapt behov for ei ny nordsamisk omsetjing. Dei andre samiske språka, med færre språkbrukarar enn nordsamisk, hadde òg krav på sterkare merksemd. Bibelselskapa i Noreg, Sverige og Finland samarbeider om desse prosjekta. Ei ny nordsamisk omsetjing av Det nye testamentet var ferdig i 1998, og i 2019 var òg Det gamle testamentet ferdig.[7] Eit nytestamente på lulesamisk kom i 2003. På sørsamisk finst framleis berre nokre få bibeldelar.[8]

Teksteksempel: Evangeliet etter Markus 1,1-2

Nordsamisk 2019 Lulesamisk 2003 Sørsamisk prøvetekst Nynorsk 2011
1 Ná álgá Jesus Kristusa, Ipmila Bártni, evangelium. 1 Jesus Kristusa, Jubmela Bárne, ávvosága álggo. 1 Bueriesaernie Jeesus Kristusen, Jupmelen Baernien bïjre, naemhtie aalka: 1 Her byrjar evangeliet om Jesus Kristus, Guds Son.
2 Profehta Jesaja girjái lea čállojuvvon:
Mun vuolggahan iežan áirasa du ovdal, son ráhkada dutnje geainnu.
2 Nåv gåktu profehta Jesaja le tjállám:
Gehtja, rájav muv sáhkaguoddev duv åvdån gäjnov gárvedittjat.
2 Profeete Jesajan gærjesne tjaalasovveme:
Vuartesjh, dïjreguedtijem dov åvtelen raajem, guhte dutnjien geajnoem röönjie.
2 Hos profeten Jesaja står det skrive:
Sjå, eg sender min bodberar føre deg, han skal rydda vegen for deg.

Dei første omsetjingane til nynorsk og bokmål
Bibelselskapet si utgåve av Bibelen frå 1904 blir gjerne rekna som den første på norsk bokmål. Da hadde sentrale norske teologar arbeidd med bibelomsetjing gjennom nesten hundre år. For dagens auge ser også denne utgåva nokså dansk ut, men både i ordval, rettskriving og setningsbygnad har det hendt store endringar sidan 1854-utgåva. No var «Dreng» blitt til «Gut», «Flod» til «Elv», «Bjerg» til «Fjeld». Denne omsetjinga blei revidert og nyutgitt i 1930. 1930-utgåva var lenge i bruk og er framleis i sal.[9]

Men alt på 1880-talet var det gjort eit pionerarbeid for å skape eit norsk bibelspråk på landsmål, det vi no kallar nynorsk. Etter ein del spreidde forsøk på omsetjing av enkelttekstar, dels til dialekt, dels til eit meir standardisert landsmål, fekk Det norske samlaget statsstøtte til ei prøveomsetjing av Det nye testamentet. Stortingsfleirtalet såg dette som eit viktig nasjonalt prosjekt. Arbeidet blei utført av Elias Blix, Ivar Aasen, Johannes Belsheim og Matias Skard. Omsetjinga kom ut heftevis i løpet av 1880-talet og i samla utgåve i 1889. Dei noko konservative språklege vala gjorde at denne utgåva fekk større symbolverdi enn bruksverdi, og fleire revisjonar følgde dei neste tiåra, mellom anna av den seinare Bjørgvin-biskopen Peter Hognestad.

Det blei framfor alle professor Alexander Seippel som kom til å utforme den talemålsnære og livlege stilen som er karakteristisk for nynorsk bibelomsetjingstradisjon. Mellom 1905 og 1938 omsette han ei rad bibelske bøker som blei utgitt enkeltvis. Byrjinga på Første Mosebok kapittel 27 kan tene som stilprøve:

Daa Isak var gamall vorten, og tok til aa dimmast paa syni, so han inkje kunde skilja, daa kalla han til seg Esau, eldste son sin, og sagde: «Du son min!» Og Esau svara: «Ja, her er eg!» Daa sagde han: No er eg gamall vorten og veit inkje kva dag eg kann døy. Tak no du veide-gogni di, pila-huset og bogen, og gakk ut i marki og veid meg noko villt, og laga ein god rett av det, soleis som du veit eg likar det, og kom so inn til meg med det; daa vil eg eta, so aandi mi kann faa velsigna deg, innan eg døyr.

Den første samla nynorske bibelomsetjinga, den såkalla «Fyrebilsbibelen», kom ut i 1921. Det var Studentmållaget i Oslo som gav ut denne utgåva, ikkje Bibelselskapet. Hognestad var hovudredaktør. Først i 1938 gav Bibelselskapet ut ein fullstendig nynorsk bibel. Biskop Ragnvald Indrebø hadde hovudansvaret for dette arbeidet.[10]

Nyare norske omsetjingar frå Bibelselskapet
Bokmålsbibelen frå 1930 var ikkje på høgd med den språklege utviklinga. Etter Andre verdskrigen tok Bibelselskapet, under leiing av biskop Eivind Berggrav, opp arbeidet med ei meir tidsmessig bibelomsetjing. Ein viktig milepæl var den såkalla «ungdomsomsetjinga» av Det nye testamentet (bokmål 1959, nynorsk 1961). Denne omsetjinga fokuserte meir på meiningsinnhald enn på enkeltord, ein tendens som skulle kome til å prege vidare omsetjingsarbeid.[11]

Etter ein lang og omfattande prosess blei så Det nye testamentet utgitt i ei meir offisiell utgåve 1975 og den fullstendige bibelutgåva i 1978, samtidig på nynorsk og bokmål. Denne bibelutgåva blei populær, men også omdiskutert. Somme kritiserte det kvardagslege språket. Mest diskusjon vekte likevel innføringa av nye omsetjingsprinsipp. 1978-utgåva bygde på eit anna tekstgrunnlag enn tidlegare omsetjingar. Ein hadde i høgare grad innarbeidd resultat frå nyare tekstkritisk forsking. Dessutan gjekk ein lengre enn før i å prioritere at teksten blei forståeleg på målspråket. Kritikarar meinte at ein gjorde urett mot mange bibelske kjerneomgrep. Det greske ordet sarks, «kjøt» («kjød» i tidlegare omsetjingar til dansk og bokmål), blei til dømes omsett på ei rad ulike måtar, avhengig av samanhengen: «menneske», «natur», «menneskenaturen», «den vonde/syndige naturen».[12]

Alt i 1985 kom det ei revidert utgåve av 1978-bibelen. Ein ny revisjon på 2000-talet kom til å utvikle seg til eit heilt nytt omsetjingsprosjekt. Ein sentral grunn til dette låg i fornya merksemd om dei litterære kvalitetane i bibeltekstane, særleg bildespråket, der ein meinte at noko var gått tapt i 1978-omsetjinga. Impulsar frå feministiske og postkoloniale lesingar hadde ført til sterkare medvit om korleis faktorar som kjønn og framandskap («dei andre») blir omtala. Bibelselskapet er i prinsippet ein felleskyrkjeleg organisasjon, men tradisjonelt har det lutherske elementet stått sterkt. Ein ønskte no ei bibelutgåve alle trussamfunn kunne samle seg om. Ei oppdatering i samsvar med nyare forskingsresultat var òg ønskeleg. Det nye testamentet blei utgitt i 2005, Det gamle og Det nye testamentet samla i 2011, og dei deuterokanoniske eller apokryfe skriftene i 2018, alt i parallelle utgåver på nynorsk og bokmål. Bibelselskapet hadde også tidlegare brukt sentrale skjønnlitterære forfattarar som konsulentar, men i dette omsetjingsprosjektet blei dei etter kvart trekte langt meir aktivt med i omsetjingsarbeidet saman med teologane og filologane.[13]

Andre omsetjingar til norsk
Sjølv om Bibelselskapet har hatt ein tilnærma monopolsituasjon på den norske bibelmarknaden like til dei siste tiåra, har det også vore andre aktørar.

Bokomslag 1902 Det nye testamentet oversatt av den katolske presten Olaf Offerdahl

Det nye testamentet, utgave 1902

Alt i 1902 utgav Den katolske kyrkja nytestamentet i ei omsetjing av presten Olav Offerdahl, og fire år seinare Salmane. Omsetjingane hans bygde på Vulgata, den latinske kyrkjebibelen, eit prinsipielt val med brodd mot protestantisk bibelomsetjingstradisjon. Ei revidert og språkleg modernisert utgåve av nytestamentet kom i 1938. Det viktigaste katolske bidraget til norsk bibelomsetjing er likevel mellomalderhistorikaren Erik Gunnes si omsetjing av nytestamentet frå 1968. Den pavelege ensyklikaen Divino afflante Spiritu (1943) hadde markert ei opnare haldning til bibelomsetjing og bibelforsking, og Gunnes omsette frå gresk, ikkje frå Vulgata. Denne utgåva blei mykje lesen også av ikkje-katolikkar, og den har fått mykje ros for den norske språkdrakta. Gunnes-omsetjinga har lenge vore i bruk som lesetekst i Den katolske kyrkja, men i 2017 blei det bestemt å gå over til Bibelselskapets 2011-omsetjing.[14] Dette avsnittet frå Bergpreika (Matteus 5,38-41) viser fleire karakteristiske trekk ved Gunnes si omsetjing, både stilnivået og ei noko meir målspråkleg orientering enn tidlegare norsk bibeltradisjon.

Dere har hørt det er sagt: «Øye for øye, tann for tann.» Men jeg sier dere at dere ikke skal gjengjelde angrep. Tvert imot, – om noen slår deg på ditt høyre kinn, vend også det andre til; om en stevner deg for retten for å få din kjortel, så la ham få kappen med; om noen tvinger deg til å gjøre tjeneste én mils vei, så følg to mil med ham.

Eit særleg ambisiøst prosjekt var den vitskaplege utgåva av Det gamle testamentet i fem band, utgitt i 1929–1963 av bibelforskarar med tilknyting til Teologisk fakultet ved Universitetet i Oslo med professor Sigmund Mowinckel i førarsetet. Gjennom omsetjinga og eit omfattande noteapparat ville ein gi norske lesarar ein fagleg oppdatert versjon av dei bibelske skriftene, men samtidig ein bibeltekst på eit betre forståeleg norsk enn dei tradisjonelle bibelutgåvene, noko som innebar eit friare forhold til den hebraiske ordlyden.

Ei liknande forsiktig dreiing i retning av prioritering av målspråket finst i Lyder Brun si einmannsomsetjing av nytestamentet frå 1945. Brun var professor i Det nye testamentet ved Teologisk fakultet og kollega av Mowinckel. Desse omsetjingane fekk ingen stor lesarkrets, men dei var, til liks med Gunnes’, viktige bidrag i prosessen fram mot den meir målspråksorienterte 1978-omsetjinga til Bibelselskapet.

Omslaget til Det nye testamente på moderne norsk fra 1973

Det nye testamente på moderne norsk

I 1973 utgav ei gruppe teologar med lågkyrkjeleg og frikyrkjeleg bakgrunn Det nye testamente på moderne norsk, eit noko meir tradisjonelt alternativ til Bibelselskapet si «Ungdomsomsetjing». For første gong blei Bibelselskapet si monopolstilling verkeleg utfordra av ei privat omsetjing. Ein viktig faktor var massespreiing av denne utgåva gjennom utdeling til skoleelevar i regi av organisasjonen Norsk Gideon. Eit meir radikalt forsøk på å gi nytestamentet ei form som er forståeleg for ungdom, er den såkalla Nye Levende Bibelen (2005), tydeleg inspirert av engelskspråklege parafraserande utgåver med merkelappen «living Bible». Hverdagsbibelen (2018) står òg i ein slik parafraserande tradisjon.

Det som for alvor har endra dynamikken i den norske bibelmarknaden, er likevel dei to omsetjingane som oppstod i konkurranse med, og i protest mot, Bibelselskapet si 1978-omsetjing, nemleg Norsk Bibel (bokmål 1988, nynorsk 1998) og Bibelen Guds Ord (1997). Norsk Bibel er opptatt av å vidareføre eldre norsk bibeltradisjon og kan oppfattast som ei språkleg modernisering av Bibelselskapet si 1930-omsetjing. Bibelen Guds Ord legg stor vekt på eit anna syn på grunnteksten enn det Bibelselskapet sine nyare omsetjingar byggjer på. Bak desse omsetjingane står grupper med lågkyrkjeleg og frikyrkjeleg tilknyting. Begge har seinare kome ut i reviderte versjonar.

Ei interessant omsetjing av litt anna slag er Jehovas Vitne si såkalla Ny Verden-omsetjing (1996). Den byggjer på den autoriserte amerikanske omsetjinga til rørsla, men den norske versjonen vitnar om eit sjølvstendig fagleg og filologisk arbeid med grunntekstane, sjølv om den òg ber preg av den særprega teologien til Jehovas Vitne.[15]

På 2000-talet har fleire enkeltpersonar kome med omsetjingsforsøk i form av utgitte bibeldelar. Jacob Jervell omsette dei fire evangelia på nytt for bokserien Verdens hellige skrifter (2002), eit solid og originalt arbeid. Til liks med Lyder Brun var Jervell professor i Det nye testamentet. Etter utgivinga av 2011-utgåva til Bibelselskapet har filologen Helge Fauskanger og den katolske presten og skribenten Kjell Arild Pollestad gitt ut kvar sine utkast til alternative omsetjingar av delar av Bibelen. Fauskanger si omsetjing av Det nye testamentet (2015), med undertittelen «Tekstene slik de opprinnelig ble skrevet», prøver særleg å gjengi den språklege variasjonen mellom dei nytestamentlege skriftene i norsk språkdrakt. Pollestad har gjennom eigne bøker og omsetjingar av klassiske tekstar markert seg som ein dyktig stilist. Bibelen i kortversjon (2016) er truleg starten på eit meir omfattande bibelomsetjingsprosjekt.

Norsk teiknspråk
I 2004 utgav Bibelselskapet i samarbeid med Døves media og det døvekyrkjelege arbeidet Lukasevangeliet i teiknspråkversjon på video. Seinare har Døvekyrkja publisert fleire bibeldelar, men det er enno langt att til ein fullstendig norsk teiknspråkversjon av Bibelen.

Misjon og bibelomsetjing
Sidan 1800-talet har norske misjonærar vore engasjerte i arbeid med omsetjing av Bibelen til nye språk, i regi av misjonsselskap, bibelselskap og spesialistorganisasjonar som Wycliffe Bible Translators. Somme av desse språka har ikkje vore skriftfesta tidlegare. Misjonærar har gjort eit stort arbeid med å utvikle skriftspråk for mange minoritetsspråk. Det meste av dette bibelomsetjingsarbeidet er ikkje utført i Noreg, men i dei aktuelle landa saman med medarbeidarar som har målspråket som morsmål.[16]

Kva skal ein omsetje?

Omslaget til Apokryfene på nynorsk fra Bibelselskapet.

Apokryfene på nynorsk fra Bibelselskapet.

Kva for skrifter skal vere med i Bibelen? Dei 27 skriftene i Det nye testamentet er det semje om, likeeins dei 39 skriftene i den hebraiske bibelen. Men kva med dei apokryfe eller deuterokanoniske skriftene til Det gamle testamentet? Den dansk-norske (og lutherske) bibeltradisjonen har vore å inkludere desse bøkene i ei eiga avdeling mellom dei hebraiske og dei nytestamentlege skriftene, og apokryfane var med i alle utgåver frå Det Norske Bibelselskap heilt til slutten av 1800-talet. Men det britiske bibelselskapet, dominert av reformerte kristne som forkasta apokryfane, opererte òg på den norske bibelmarknaden, først som hjelpar, seinare som konkurrent til det norske selskapet. Dei distribuerte mange norske biblar utan apokryfane. Det blei aldri gjort noko vedtak i det norske selskapet om å ta apokryfane ut. Men sidan utgivinga av den første lommebibelen i 1891 har dei fleste utgåvene frå Bibelselskapet mangla apokryfane. Bibelselskapet har likevel gitt ut apokryfane i fleire omsetjingar som separat bok. Ei ny omsetjing av apokryfane er utgitt i 2018, for første gong også i nynorsk versjon.[17]

Dei fleste omsetjingar hevdar at dei byggjer på «grunnteksten». Dette omgrepet er problematisk og omdiskutert. Det er ikkje bevart noko originalmanuskript til noka bibelsk bok, berre avskrifter av avskrifter.

Det nye testamentet er med god margin den boka frå antikken som det finst flest handskrivne kopiar av frå tida før boktrykkekunsten, men dei er langt frå identiske. Det førekjem reine skrivefeil, men òg variantar som ikkje er så enkle å forklare.

Likevel er dei aller fleste handskriftene svært samstemte. Teksttypen dei representerer blir gjerne omtala som «den bysantinske teksten». Dette ser ut til å ha vore standardteksten i den greskspråklege delen av kyrkja, med sentrum i Konstantinopel (Bysants). Særleg viktig blei den trykte versjonen Erasmus frå Rotterdam gav ut i 1516. Den har vore grunnlaget for dei fleste omsetjingar frå reformasjonstida og fram til 1800-talet og går gjerne under namnet textus receptus, «den mottatte teksten».

Dei aller fleste bysantinske manuskripta er frå mellomalderen. I løpet av 1800-talet blei det oppdaga fleire eldre bibelmanuskript frå Egypt, dels fullstendige praktutgåver frå 300-talet, dels papyrusfragment som kunne vere enda opptil 150 år eldre. Desse manuskripta hadde mange avvik frå den bysantinske forma. Nokre hadde fellestrekk som fekk forskarane til å tale om ei «aleksandrinsk» tekstform, men det var òg betydelege variasjonar.

Skal ei bibelomsetjing byggje på den standardiserte teksten kyrkja gjennom hundreåra ser ut til å ha samla seg om, eller skal ein prøve å rekonstruere ei tekstform som ligg så nær den opphavlege teksten som mogleg? I valet mellom desse løysingane ligg ei av dei viktigaste skiljelinjene mellom moderne omsetjingar. Bibelselskapet sine omsetjingar ligg på den siste linja, bygd på eit tekstkritisk arbeid med dei eldste manuskripta. Ei omsetjing som Bibelen Guds Ord held på den første linja.[18]

Teksteksempel: Paulus’ brev til romarane 1,16-17

Det Nye Testamente 1889 (Samlaget) Bibelen 1938 (Bibelselskapet) Bibelen 2011 (Bibelselskapet)
16 For eg skjemmest ikkje ved Kristi Evangelium; for det er ei Guds Kraft til Frelsa fyre kvar den, som trur, fyre Jøde fyrst og fyre Grekar. 16 For eg skjemmest ikkje ved evangeliet; det er ei Guds kraft til frelse for kvar den som trur, både for jøde fyrst og so for grekar; 16 For eg skammar meg ikkje over evangeliet. Det er ei Guds kraft til frelse for kvar den som trur, jøde først og så grekar.
17 For i det vert Guds Rettferd openberrad av Tru til Tru, som skrivet er: «Men den rettferdige av Tru skal liva.»

 

17 for i det vert Guds rettferd openberra av tru til tru, som skrive stend: Den rettferdige, ved tru skal han leva.

 

17 For i det blir Guds rettferd openberra, av tru frå først til sist, som det står skrive: Den rettferdige skal leva ved tru.

 

«Ungdomsoversettelsen» 1959 (Bibelselskapet) Bibelen 1978/1985 (Bibelselskapet) Bibelen Guds Ord 1997/2007
16 For jeg skammer meg ikke ved evangeliet! Det er en Guds kraft til frelse for hver den som tror: for jøden først, men også for grekeren. 16 For jeg skammer meg ikke over evangeliet. Det er en Guds kraft til frelse for alle som tror, jøde først og så greker. 16 For jeg skammer meg ikke over Kristi evangelium, for det er Guds kraft til frelse for hver den som tror, for jøde først og så for greker.
17 For i evangeliet åpenbares Guds rettferdighet av tro til tro, slik som det står skrevet: «Den rettferdige skal ha liv ved å tro.» 17 For i det åpenbares Guds rettferdighet, av tro og til tro, slik det står skrevet: Den rettferdige skal leve ved tro. 17 For i det blir Guds rettferdighet åpenbart av tro til tro, som det står skrevet: Den som er rettferdig av tro skal leve.

Dei små variasjonane mellom omsetjingane har ulike forklaringar: Tekstkritisk arbeid («Kristi» i 1889 og 1997/2007 finst i bysantinske greske manuskript, men ikkje i aleksandrinske), ulik forståing av gresk og/eller hebraisk syntaks (omsetjingane av sitatet frå Habakkuk 2,4 i slutten av vers 17), rettskriving (dei nynorske døma), fortolking («ha liv ved å tro» i 1959, «av tru frå først til sist» i 2011).

Også omsetjingar av Det gamle testamentet byggjer tradisjonelt på ein standardisert tekst frå mellomalderen, den såkalla «masoretiske teksten». Masoretane var eit laug av skriftlærde som hadde særleg ansvar for den nøyaktige overleveringa av bibelteksten. Dei eldste og beste fullstendige manuskripta som er bevart, er frå åra rundt år 1000 e. Kr.

No har ein lenge kjent til langt eldre manuskript til Det gamle testamentet i den greske Septuaginta-omsetjinga. På somme punkt var det tydelege avvik mellom denne greske versjonen og den masoretiske versjonen på hebraisk. Var dette teikn på manglande omsetjarkompetanse eller på at den greske omsetjinga bygde på ei anna form av den hebraiske teksten?

Funnet av eit bibliotek med jødiske tekstar frå førkristen tid nær Qumran ved Dødehavet i åra etter Andre verdskrigen har kasta nytt lys over den teksthistoria til Det gamle testamentet. Her fann ein ulike hebraiske versjonar av gammaltestamentlege bøker. Tekstfragmenta kunne stadfeste at den masoretiske tekstforma i dei tusen år yngre mellomaldermanuskripta bygde på ei gammal og stabil overlevering. Men andre fragment representerer ei anna hebraisk tekstform, meir lik den som Septuaginta ser ut til å ha som utgangspunkt. Publiseringa av tekstane frå Qumran tok lang tid. Bibelselskapet si omsetjing frå 2011 var den første som kunne byggje på eit fullstendig oversyn over heile materialet, men alt 1978-omsetjinga hadde innarbeidd viktige funn.

Den vanlegaste løysinga i moderne bibelomsetjingar er å omsetje den masoretiske teksten, men korrigert på ein del punkt gjennom tekstkritisk arbeid som inkluderer arbeid mellom anna med Qumran-fragment og Septuaginta-variantar.[19]

Teksteksempel: Jesaja 53,11

Bibelen 1938 (Bibelselskapet) Bibelen 1978/1985 (Bibelselskapet) Bibelen 2011 (Bibelselskapet)
For si sjele-møda skal han sjå det og mettast; når dei kjenner han, skal min rettvise tenar gjeva rettferd til mange; og deira misgjerningar skal han bera. Etter all si møde og sjelenaud
skal han sjå ljos og mettast.

Og når dei kjenner han,
skal han, min rettferdige tenar,
gjera dei mange rettferdige;
for han har bore deira synder.

Etter si naud skal han sjå *lys•,

han skal mettast ved si innsikt.

Min rettferdige tenar
skal gjera dei mange rettferdige,
han har bore deira skuld.

Tekstkritikk: Ordet «lys» finst ikkje i den masoretiske teksten, men det står både i den greske Septuaginta-omsetjinga og i to hebraiske manuskript frå Qumran. Teikna i 2011 markerer at ordet manglar i delar av teksttradisjonen. Semantikk og syntaks: Ulik forståing av eit fleirtydig hebraisk ord («kjenner/innsikt») fører til ulik inndeling av dei to første setningane.

Korleis skal ein omsetje?
Ord for ord eller meining for meining? Eller, med omgrep som ofte blir nytta om desse to omsetjingsstrategiske hovudalternativa i diskusjonar om bibelomsetjing: konkordant eller idiomatisk? Ein diskuterer òg spørsmålet om framandgjering eller heimleggjering: Skal ordlyden i omsetjinga røpe at teksten kjem frå ei anna tid, eit anna språk og ein annan kultur, eller skal den først og fremst framstå som ein god og tidsmessig målspråkleg tekst?[20]

I praksis ligg eikvar omsetjing ein stad mellom desse ytterpunkta. Dette er val som alle omsetjingar må ta stilling til, men omsetjing av heilage tekstar er særleg utfordrande fordi ein òg rører ved djupe teologiske og ideologiske spørsmål. Dei to ulike danske omsetjingstradisjonane, reformasjonsbibelen og den Resen-Svaningske, er eit særleg tydeleg døme på dette. «Herrens bøn» vil framleis i daglegtale bli omtala som «Fadervår», sjølv om opninga i Bibel 2011 lyder «Vår Far». Dette er ein tekst som gjennom lang tids flittig bruk har blitt eit språkleg ikon.

Men også andre omsyn speler inn. Den nynorske bibeltradisjonen, boren fram av det nasjonsbyggjande prosjektet, har generelt hatt ein meir heimleggjerande tendens enn bokmålstradisjonen. Framleis har nynorsk det norske ordet «læresvein» der bokmål har det latinske lånordet «disippel». Ulike målgrupper er ein annan faktor. «Ungdomsomsetjinga» var eit tidleg døme på ein type omsetjing som legg særleg vekt på å vere forståeleg for uvande bibellesarar. Hovudomsetjingane til Bibelselskapet skal kunne fungere som lesetekstar i gudstenestene til dei ulike kyrkjesamfunna. Dei vitskaplege, kyrkjelege og kommunikative krava kan dra i ulike retningar. Dette kan vere eit argument for eit mangfald av omsetjingar.

Eit særtilfelle er den bibelske boka Salmane, som står sentralt i det felles bønelivet i mange kyrkjesamfunn, også i ulike musikalske utformingar. Eit døme på omsetjingsarbeid med særleg omsyn til slik liturgisk bruk er den katolske tidebøneboka, som tradisjonelt har bygd på den latinske Vulgata-omsetjinga. Pater Per Bjørn Halvorsen hadde hovudansvaret for tilrettelegginga av tekstane frå Salmane i den nyaste norske utgåva.

Tillegg, utstyr og format eller plattform er òg ei viktig side ved bibelomsetjingar som kan ha sterk påverknad på lesaren. Det er vanleg å utstyre bibelutgåver med kryssreferansar, fotnotar av opplysande eller fortolkande innhald, tematiske overskrifter eller samanfattingar av innhaldet, kart og anna tilleggsmateriale. Studieutgåver og vitskaplege omsetjingar er særleg velutstyrte med slikt. Bibel 2011 blei òg utgitt i ei «litteraturutgåve» i tre band, med grafisk utstyr som ei skjønnlitterær bok, sett som løpande tekst utan den tradisjonelle oppdelinga i vers. Illustrasjonar og utradisjonelle format som teikneserie, avis eller vekeblad legg òg ulike tolkingsrammer om teksten. I dag har bibellesaren dessutan tilgang til eit mangfald av bibelomsetjingar til mange ulike språk gjennom nokre få tastetrykk på digitale plattformer.[21]

Bibelen og norsk kultur
Bibel og bibelomsetjingar har sjølvsagt vore særleg viktige for dei kristne kyrkjene. Men bibel og bibelspråk har òg hatt stor innverknad på dansk og norsk språk- og kulturhistorie, inkludert lovgiving og rettspleie. Straffelov-avsnittet i Christian 5. si norske lov var strukturert etter dei ti bodorda. Språkhistorisk var bokmålsomsetjingane lenge noko på etterskot samanlikna med den allmenne språklege utviklinga, medan nynorskomsetjingane til dels har vore med på å normere skriftspråket. Framleis er ei rad ordtak og munnhell som har bibelsk bakgrunn i bruk. Ikkje minst finn ein rikeleg med bibelspor i litteraturen, også i nyare poesi og prosa. [22]

Referansar

Akinsiku, Akin og Knut Tveitereid (2008). Mangabibelen. Oslo: Bibelselskapet.

Amadou, Christine (2011). «Hurlumhei hos Hieronymus.» Prosa nr. 6, s. 26–29. Tilgjengeleg på: http://prosa.no/oversatt/hurlumhei-hos-hieronymus/

Amadou, Christine (2018). «Fra bokbrenning til økumenikk. Historien om norske katolikkers bibeloversettelser». Segl – katolsk årsskrift for religion og samfunn, s. 185–196.

Amadou, Christine og Anders Aschim (red.) 2011. Bibelsk. Oslo: Verbum.

Aschim, Anders (2011). «Bibelen – kristendommens hellige skrift». I Hellige skrifter i verdensreligionene, red. Jens Braarvig og Årstein Justnes. Kristiansand: Høyskoleforlaget, s. 58–86.

Aschim, Anders (2013). Bibelen 3.0. Bak Bibel 2011. Oslo: Verbum.

Aschim, Anders (2014). «’Det brydder då etter plogen’. Bibelen og norsk kultur». I Gud i Grunnloven, red. Ingeborg Mongstad-Kvammen og Espen Ottosen. Oslo: Frekk forlag, s. 88–101.

Astås, Reidar (1990). Stjórn. Nytt lys over våre eldste bibeloversettelser. Oslo: Bibelselskapet.

«Bibeloversettelser» (s.a.). Tilgjengeleg på: https://www.bibel.no/OversettelseSprakLitteratur/Bibeloversettelser.

Birdsall, J. Neville ofl. (1992). «Versions, ancient». I Anchor Bible Dictionary, red. David Noel Freedman. New York: Doubleday, VI. s. 787–813.

Bondevik, Jarle (2003). Og Ordet vart nynorsk. Soga åt den nynorske Bibelen. Bergen: Norsk Bokreidingslag.

Bøe, Sverre og Geir Otto Holmås (2011). Når Ordet blir norsk. Norske bibeloversettelser 1945–2011. Trondheim: Tapir.

Evensen, Sigmund (2002). De skjulte ordene – en fortelling fra Papua Ny-Guinea. Oslo: Verbum.

Gilbrant, Thoralf (1994). Hva er skjedd med Bibelen? Oslo: Rex.

Gulliksen, Øyvind T. (2014). «Litteratur og teologi. Leseprøver fra nyere norsk skjønnlitteratur». I Fra svar til undring. Kristendom i norske samtidstekster, red. Øyvind T. Gulliksen og Årstein Justnes. Oslo: Verbum, s. 39–59.

Halse, Per (2011). Gudsord og folkespråk. Då nynorsk vart kyrkjemål. Trondheim: Tapir.

Holter, Åge (1991). «Kampen for norsk bibel og norsk bibelspråk». I Magne Sæbø, Jan Schumacher og Ole Chr. Kvarme, red. Bibelen i Norge. Oslo: Bibelselskapet, s. 73–98.

Holter, Åge (1966). Det Norske Bibelselskap gjennom 150 år I. Oslo: Bibelselskapet.

Kjølaas, Per Oskar (1995). Bibelen på samisk. En bok om samisk bibeloversettelse. Oslo: Bibelselskapet.

Kullerud, Dag (2016). Bibelen. Boken som formet vår kultur. Oslo: Verbum.

Kvarme, Ole Chr. M. (red.) (1992). Norsk bibelspråk. En artikkelsamling om bibeloversettelse og språk. Fra en konsultasjon arrangert av Det Norske Bibelselskap, Granavolden 10.–12. januar 1991. Oslo: Bibelselskapet.

Lomheim, Sylfest (2016). «Ei bibelsoge 1862–2011». I Mellom gammelt og nytt. Kristendom i Norge på 1800- og 1900-tallet. Bergen: Fagbokforlaget, s. 239–251.

Mamen, Hans Christen (red.) 1950. Norske misjonærer som bibeloversettere. Oslo: Egede-instituttet.

Raen, Konstanse (1990). Gjennom språkmuren. Med Guds ord til eit skriftlaust folk. Oslo: Verbum.

Rian, Dagfinn (1995). «Norske bibeloversettelser – sett på bakgrunn av dansk-norsk bibeloversettelsestradisjon». I Bibel og bibeloversettelse, red. Dagfinn Rian. Trondheim: Tapir, s. 9–42.

Rian, Dagfinn (1996). Innføring i de apokryfiske bøker. Oslo: Bibelselskapet.

Sagrusten, Hans Johan (2014). Det store puslespillet. Jakten på de tidligste manuskriptene til Bibelen. Oslo: Verbum.

«Samiske oversettelser» (s.a). Tilgjengeleg på: https://www.bibel.no/OversettelseSprakLitteratur/Bibeloversettelser/Oversettelser-Norge/Samiske-oversettelser

Smemo, Dag Kjær (2014). Skriften på veggen og andre bibelord i dagligtale. Oslo: Verbum.

United Bible Societies (2018). Global Scripture Access Report. Swindon: UBS. Tilgjengeleg på: https://www.unitedbiblesocieties.org/2017-global-scripture-access-report-gathering-momentum/

Vegge, Tor, Hallvard Hagelia og Årstein Justnes (red.) (2013). Ny bibel, nye perspektiver. Grunntekster, oversettelse og teologi. Kristiansand: Portal.

Vogt, Volrath (1858). Bibelhistorie med lidt af Kirkens Historie. Kristiania: Steensballe.

Noter

[1] Birdsall ofl. (1992).

[2] Aschim (2011).

[3] United Bible Societies (2018).

[4] Astås (1990).

[5] Holter (1991), s. 73–87; Rian (1995), s. 12–15.

[6] Holter (1966) og (1991) s. 87–96; Rian (1995), s. 16–20; Kullerud (2016).

[7] https://www.bibel.no/Biibbal/Orienteringstekst-samisk/Orienteringstekst-norsk

[8] Kjølaas (1995); Samiske oversettelser (s.a.).

[9] Rian (1995), s. 20–23.

[10] Bondevik (2003); Halse (2011). Desse arbeida gir òg ein grundig dokumentasjon av andre forsøk på omsetjing av bibeldelar til landsmål/nynorsk.

[11] Rian (1995), s. 23–25; Bøe og Holmås (2011), s. 105–113.

[12] Rian (1995), s. 25–31; Bøe og Holmås (2011), s. 138–158. Til kritikken, sjå særleg Gilbrant (1994).

[13] Bøe og Holmås (2011), s. 216–231; Aschim (2013). Dei medverkande forfattarane har på ulikt vis kommentert si deltaking i prosjektet i Amadou og Aschim (2011).

[14] Amadou (2018).

[15] Bøe og Holmås (2011) gir ein grundig gjennomgang av bibelomsetjingar til norsk etter 1945, sjå s. 91–231. Boka inkluderer òg ein del omsetjingar med mindre utbreiing og forarbeid til omsetjingar som er nemnde i denne artikkelen.

[16] Sjå til dømes Mamen (1950); Raen (1990) (pere-omsetjinga, Kamerun); Evensen (2002) (umanakaina-omsetjinga, Papua Ny-Guinea).

[17] Holter (1966), s. 209–214 og 373–377; Rian (1996), s. 20–22.

[18] Bøe og Holmås (2011), s. 20–33; Aschim (2013), s. 191–197; Sagrusten (2014).

[19] Bøe og Holmås (2011), s. 33–40; Aschim (2013), s. 49–68.

[20] Amadou (2011); Aschim (2013), s. 251–264.

[21] Til dømes www.bibel.no eller www.bible.com.

[22] Jf. til dømes Aschim (2014); Gulliksen (2014); Smemo (2014); Kullerud (2016); Lomheim (2016).

Bibliografi

Omsetjingar som er omtala (utval, kronologisk)

Unger, C. R. (1862). Stjórn. Gammelnorsk Bibelhistorie fra Verdens Skabelse til det babyloniske Fangenskab. Christiania: Feilberg & Landmark.

Astås, Reidar (2009). Stjórn. Tekst etter håndskriftene. Del 1–2. Oslo: Riksarkivet.

Biblia. Det er den gantske Hellige Scrifft udsæt paa Danske [Christian 3.s bibel] (1550). København: Ludowich Dietz.

Biblia. Paa Danske. Det er: Den gandske hellige Skriftis Bøgger. Paa ny igjennemseete med flid efter den Ebræiske oc Grækiske Text [den Resen-Svaningske bibel] (1647). København.

Bibelen eller Den Hellige Skrift, indeholdende det Gamle og Nye Testamentes kanoniske Bøger. Tilligemed det Gamle Testamentes apokryphiske Bøger. (1854). Christiania: Det norske Bibelselskab.

Det nye Testamente (1889). Kristiania: Det norske Samlag.

Bibal daihe Basse čala mi sistes doalla boares ja ođđa testamenta kanonalaš girjid [Bibelen, nordsamisk] (1895). Kristiania: Grøndahl.

Offerdahl, O. (1902). Vor herres Jesu Kristi Nye Testament. Kristiania: Dybwad.

Bibelen eller Den hellige Skrift indeholdende Det gamle og nye Testamentes kanoniske Bøger.

Seippel, Alexander (1905). Fyrste Mose-bok eller Upphavs-boki. Umsett fraa grunn-teksti. Oslo: Samlaget.

Offerdahl, O. (1906). Salmernes Bog. Oversat efter Vulgata og forsynet med forklarende anmerkninger. Kristiania: Dybwad.

Bibelen eller Den heilage skrifti.  [«Fyrebilsbibelen»] (1921). Oslo: Studentmaallaget.

Mowinckel, Sigmund, Simon Michelet og Nils Messel (1929–63). Det gamle testamente. Oslo: Aschehoug.

Bibelen eller Den hellige skrift . Det gamle og det nye testamentes kanoniske bøker (1930). Oslo: Bibelselskapet.

Bibelen eller Den heilage skrifti. Dei kanoniske bøkene i Det gamle og Det nye testamentet (1938). Oslo: Bibelselskapet.

Det gamle testamentes apokryfiske bøker (1940). Oslo: Bibelselskapet.  [utgåve frå 1963].

Brun, Lyder (1945). Det nye testamente i ny oversettelse. Oslo: Aschehoug.

Det nye testamente oversatt for ungdom [«Ungdomsoversettelsen»] (1959). Oslo: Bibelselskapet.

Det nye testamentet omsett for ungdom (1961). Oslo: Bibelselskapet.

Gunnes, Erik (1968). Det nye testamente oversatt fra gresk med innledninger og kommentarer. Oslo: St. Olav.

Det nye testamente på moderne norsk (1973). Kristiansand: Acta.

Den heilage skrifta. Bibelen. Det gamle og Det nye testamentet  (1978). Oslo: Bibelselskapet [parallelle utgåver på nynorsk og bokmål].

Det gamle testamentes apokryfiske bøker. De deuterokanoniske bøker (1988). Oslo: Bibelselskapet.

Bibelen, Den hellige skrift. Det gamle og det nye testamentes kanoniske bøker (1988). Oslo: Norsk Bibel [nynorsk utgåve 1998].

Ny verden-oversettelsen av de hellige skrifter (1996). New York: Watchtower Bible and Tract Society.

Bibelen Guds Ord. Det gamle og Det nye testamente

Ođđa testamenta [Det nye testamentet, nordsamisk] (1998). Oslo: Bibelselskapene i Norge og Finland.

Norsk katolsk bisperåd (1999–2006). Tidebønnene (4 band). Oslo: St. Olav.

Jervell, Jacob (2002). Jesus. Evangeliene etter Markus, Matteus, Lukas og Johannes. Verdens hellige skrifter. Oslo: De norske bokklubbene.

Ådå testamennta [Det nye testamentet, lulesamisk] (2003). Svenska bibelsällskapet.

Det nye testamente. Nye Levende Bibelen (2005). Herrljunga, Sverige: Det internasjonale bibelselskapet.

Den heilage skrifta. Bibelen. Det gamle og Det nye testamentet (2011). Oslo: Bibelselskapet [parallelle utgåver på nynorsk og bokmål].

Fauskanger, Helge Kåre (2015). Det nye testamente. Ny oversettelse. Tekstene slik de opprinnelig ble skrevet. Oslo: Juritzen.

Pollestad, Kjell Arild (2016). Bibelen i kortversjon. Oslo: Cappelen Damm.

Hverdagsbibelen (2018). Oslo: Hermon.

Apokryfane. Dei deuterokanoniske bøkene i Bibelen (2018). Oslo: Bibelselskapet.

Biibbal 2019 [nordsamisk].

Bibeltekster på norsk tegnspråk.

Bibelselskapet sine omsetjingar til bokmål, nynorsk og samiske språk sidan 1930 er tilgjengelege på: Nettbibelen

https://www.bible.com/no finn ein i tillegg omsetjingane til Norsk Bibel (revidert utgåve, 2007) og Bibelen Guds Ord (revidert utgåve, 2017).

Ny verden-omsetjinga (Jehovas vitne) er tilgjengeleg på: https://www.jw.org/no/publikasjoner/bibelen/nwt/innholdsfortegnelse/

https://www.nb.no/items/c943490954534cf7624d8a7f43f6f15e?page=0&searchText=Bibelen%20eller%20Den%20hellige%20Skrift%20indeholdende%20Det%20gamle%20og%20nye%20Testamentes%20kanoniske%20B%C3%B8ger