Alexander Seippel, 1851–1938

Foto: Allkunne

Alexander Seippel høyrde til den tyske Reinhardt-familien som hadde kome til Kristiansand tidleg på 1800-talet. Far til Alexander vart i 1858 send opp i Setesdal for å vera styrar på eit storstila koparverkprosjekt som familien hadde investert i. Slik skjedde det at den vesle Alexander voks opp på Frøysnes, vis-à-vis koparverket på Åraksbø, i det same huset som Hans E. Kinck seinare voks opp i. Koparverket gjekk nedanom, men Alexander vart i sinn og skinn setesdøl og rekna seg alltid som det.

Han gjekk på katedralskulen i Kristiansand, der han tok studenteksamen i 1868. Deretter gjekk ferda til Christiania der han vart cand. philol. med latin og gresk i 1873. I perioden frå 1876 til 1886 bygde han opp kompetansen sin i semittiske språk og persisk, med studieopphald i Leipzig, Paris, London, Oxford.

Det var under studieopphald i Leipzig at hans interesse for orientalske språk verkeleg vart vekt. Særleg kontakten med professor Heinrich L. Fleischer har nok vore avgjerande, han var nemleg den store orientalske filologen i samtida. Alt i 1886 vart Seippel utnemnd til professor i semittiske språk i Christiania, ei stilling som nett då stod ledig. Det skjedde endå han ikkje hadde fullført noko stort og omfattande vitskapleg verk. Men stortingsmann Jørgen Løvland (frå Agder) tok initiativ til å få attest frå den verdskjende orientalisten Fleischer i Leipzig, og dermed gjekk Stortinget med på å tilsetja den 35-årige Alexander Seippel i stillinga.

Hans viktigaste vitskaplege arbeid i åra som følgde, var at han samla og systematiserte arabiske tekster frå mellomalderen som omhandlar norske og nordiske forhold. Verket kom i to bind, i 1896 og 1928, og var forfatta på latin: Rerum normannicarum fontes arabici. Arbeidet vart seinare omsett til norsk og publisert i Oslo 1954, i skriftserien til Det Norske Videnskaps-akademi.  Avhandlinga vart presentert i skriftet Nordens historie i middelalderen etter arabiske kjelder, og utgåva var ved Harris Birkeland. Original forsking var det vel mindre av, interessa og fortenesta ved avhandlinga til Seippel var at det for første gong vart samla og gjort tilgjengeleg slike tekster.

Det er rimeleg å tru at Alexander Seippel vart fanga opp av ein særleg intellektuell tradisjon frå midten av 1800-talet og frametter, ein tradisjon prega av fascinasjon for den då svært så framande kulturen i Midtausten og Den nære orienten. Tradisjonen innebar både orientalsk inspirert dikting (jf. lord Byron), måleri og eksotiske reiseskildringar og fekk akademisk nedslag i ei rekkje bøker over heile Europa, publikasjonar der det faglege og det skjønnlitterære gjekk hand i hand. For Alexander Seippel passa nok denne tilnærminga perfekt, for rett nok var han ein ihuga og systematisk klassisk filolog, men han var samstundes ein genuint litterært orientert akademikar med sterk sans for poetisk velforma og finstilt språk.

Dette er nok også bakgrunnen for at det ikkje er som vitskapsmann Seippel blir hugsa, men som språkkunstnar – omsetjar og skribent. Det gjekk ikkje lenge før han som professor bokstavleg tala orienterte seg mot Midtaustens litterære tradisjonar. Han vart det ein har kalla ein ’trefaldig orientalist’; han arbeidde med arabiske tekster (jf. ‘Rerum’), han gav seg i kast med persisk poesi, særleg klassikarane Omar Khayyam (1048–1131) og Hafiz (ca. 1325–90), og han byrja å omsetja einskildbøker i Bibelen. Det vart etter kvart to av områda som dominerte, omsetjing av persisk poesi og omsetjing av Bibelen, men det siste er jo òg ofte poesi, så det held. Dette arbeidde han med, ved sida av at han skjøtta undervisningsarbeidet på universitetet.

Slik omsette Seippel eit vers hos den persiske lyrikaren Hafiz, lett normaliserert, frå samlinga som Seippel gav tittelen Norsk-Austerlendsk Divan:

Norsk-austerlendsk Divan. Foto bokomslag.

Norsk-austerlendsk Divan

Sei, minnest du då augo dine
meg sende mangt eit løynleg bod
Og klårt i andletsdragi mine
din elskhugs runer rita stod

Då vi som borni glade reika
I solskin yver eng og mo
Og hugen min som fivreld leika
Kring kinni dine utan ro

Då du i versi mine blanda
So mangt eit ovgildt visdoms-frod,
Og dine høge synir anda
Med eldhug i kvar song eg kvod

Det handlar om guddommeleg visdom (‘frod’), naturoppleving og kjærleikspoesi (‘kvod’ er fortid av kveda). Mystiske drag i den islamske tankeverda finn klangbotnar hos den norske landsmålsgjendiktaren. I omsetjingane av Omar Khayyam er det uråd å ikkje merkja korleis stevrytme og setesdalsliv kling med. Tenk – Persia frå 1100-talet og Setesdal frå 1800-talet; slik skreiv Seippel (også her lett normalisert):

Sjå vinden voggar rosa på sin arm –
Eg voggar drosi mi upp-med min barm,
Med’ nattergala syng i myrtelund
Sin søte song om elskhugs lyst og harm.

Kven førde deg du fagre hit i kveld?
Kven drog frå barm og augo slør og tjeld?
Kven sende deg som vind av høge fjell
Og nørd’ i bringa mi so heit ein eld?

Kom, skjenk meg vinen, raud som munnen din,
Kom, hugge meg med røysti blid og linn!
For hugen min, i kveld er han so myrk
Som lokkan, leikar um di lilje-kinn.

Det er snautt tilfeldig at dei persiske versa Seippel valde å arbeida med og gi norsk språkdrakt, på forunderleg vis passar saman med kjærleiksdraumar og sakn frå hans eige ungdomsliv på Frøysnes; noko fjernare frå lesesalen i Christiania og biblioteka i Leipzig kan vanskeleg tenkjast.

Høgast nådde han, og mest aktiv var han, som bibelomsetjar. Då den første fullstendige landsmålsbibelen låg ferdig i 1921, den såkalla ‘fyrebelsbibelen’, hadde Seippel åleine omsett om lag 60 prosent av tekstene. Alle med innsikt i bibelomsetjing veit at det inneber ein imponerande prestasjon – i omfang (kvantitet) og i vanskegrad (kvalitet). «Den som meir enn nokon annan har ført den nynorske bibelen over på norsk folkemålsgrunn, er professor Alexander Seippel», skreiv ordbokmannen Alf Hellevik.[1] Dét er ikkje små ord. Uttrykket ‘fyrebelsbibelen’ kom opp og festa seg på folkemunne fordi mange var medvitne om at denne utgåva, publisert av Studentmaallaget i Oslo, skulle bli grunnlaget for den første gjennomredigerte Bibelen på nynorsk. Og dét skjedde, den kom i 1938.

Seippel hadde i røynda ideelle føresetnader for å bli nybrotsmann i bibelomsetjing. Gjennom lange studium hadde han grundig kjennskap til dei to grunnspråka gresk og hebraisk. Så han omsette frå hebraisk i Det gamle testamentet og gresk i Det nye testamentet utan å ta omsyn til andre omsetjingar. Det er forklaringa på at hans omsetjingar vart så nyskapande og friske. Dessutan hadde han uvanlege givnader i uttrykksevne. Og den språklege sareptakrukka han auste or, var det målet han hadde lært på Frøysnes. «Eg sette meg fyre at eg inkje vilde skrive ei setning som eg inkje visste eller trudde at ein norsk bonde kunde segja», skreiv han.[2]

Israels Kongesogur. Foto. Bokomslag.

Israels Kongesogur

Kva slags bibelstil var det så Seippel skapte? Det som slår ein lesar den dag i dag, er dei dristuge stilspranga – poetisk der grunnteksta er poetisk, kvardagsleg der grunnteksta er kvardagsleg. Nett slik som moderne omsetjingsteori både ventar og krev. Og venleiksdyrkande som han var, nytta han til fulle treklangen i midlandsmåla, med endevokalar på a, i, u – ‘læresveinane’, ‘Israels-ættine’, ‘kvinnune’. Han var vilkårslaust profesjonell som omsetjar, profesjonell i den forstand at han heldt seg til dei beste verdslege prinsipp og kriterium for god omsetjing. Punktum. Det teologiske fekk andre ta seg av. Trua fekk koma, eller ikkje koma, med tekstene som utgangspunkt. Difor omsette han ikkje Jesu bøn med ‘Fader vår’, men med ‘Far vår, i himmelen’ (Matt. 6:9). Først med nyomsetjinga av evangelia på 2000-talet kom den ordlegginga endeleg inn i både nynorsk og bokmål.

Stundom gjekk han likevel vel langt i å gjera bibeltekstene heimlege, til dømes valde han ‘ein av sokneformennene’ (Matt. 9:18), der me nok bør seia at det bør stå ‘ein av synagogeformennene’. For ein moderne lesar verkar Seippels bibelpråk, som venteleg er, noko gamalvore. Og hans orddyrkande tilnærming særpregar språkføringa. Men då må me ikkje gløyma at dette er tekster som Seippel gav form på byrjinga av 1900-talet. Han var så visst radikal og nyskapande – i si tid. Mange av hans løysingar lever: «Dette er sonen min, han som eg elskar, han som eg hev hugnad i» (Matt. 3:17). Hans ordelag ‘møyi Maria’, ‘festarmøy’, ‘læresveinar’ og ‘øvsteprest’ er klassikarar i norsk bibelspråk. Typisk for Seippels nyskapande tilnærming var at han omtalte evangelia som ‘fagnadbod’ – glad bodskap. Som jo er den leksikalske meininga til ‘ev-angelium’, jf. at ordet engel tyder ein ‘bodberar’.

I skapingsforteljinga (1. Mos. 2:23) er det som kjent tale om at Gud skapte Eva ved å ta eit sidebein or Adam. Dette høver perfekt i originalspråket, sidan det på hebraisk dreiar seg om eit ordspel: ordet for kvinne er avleidd frå ordet for mann – ‘isha’ (kvinne) kjem frå ‘ish’ (mann). Her drista Seippel seg til å sjå bort frå ‘mann’, som det alltid hadde stått i våre biblar. Han henta fram ordet ‘kar’. For han visste at ‘kjerring’ kjem frå ‘kar’, ordet var opphavleg ‘karling’ (liten kar). Dermed hadde han det! «Ho skal kallast kjerring, for ho er teken av ein kar». Seippel presterte der ei løysing på eit omsetjingsproblem som verken riksmål, dansk, svensk, tysk eller andre europeiske språk før han hadde fått til. Av gode grunnar slo ikkje Seippels løysing rot i norsk bibelmål, men ho viser iallfall kor rett og tett opp til originalteksten han heile tida bevega seg. Det som no igjen står, er den løysinga som er gjengs i skandinaviske biblar: «Ho skal kallast kvinne, for av mannen er ho teken».[3] Særleg meiningsfylt kan det knapt kallast.

Oppveksten på Frøysnes gir naturlegvis ikkje fullnøyande svar på kvifor Seippel vart den han vart. Han fekk impulsar i studietida, og forskingsopphalda i Leipzig var skilsetjande. Men me gjer klokt i å ta med den folkelege ramma rundt oppveksten hans, for den ramma sette nok retninga mannen kom til å ta, som akademikar og språkmenneske. Og ei djupt personleg hending – kjærleikshistoria med Birgit Nestoga (1863–1948) frå Åraksbø-grenda – har visseleg spela ei løynd, men styrande rolle i livet hans.

Han var 29 år, lovande og lærd inne i Christiania, ho var 17 år, bondejente som to år tidlegare hadde stått fremst på kyrkjegolvet. Bryllup var gjort semje om og stelt i stand. Men på avtalt tid på bryllupsdagen kom ikkje unge Seippel roande over. Han låg i sterk svevn, gamle-Seippel hadde nok funne ei råd. Nestoga-folket, tvers over vatnet, sat og venta. Det skulle etast ved gjestebordet i stova, slik skikken var, før dei skulle fara til kyrkje. Då fall orda frå Nestoga-bonden – og dei lever på folkemunne i dalen enno: «So sype me suppa sjave i Nestoga, då». (Så syp me suppa sjølve i Nedstova, då.)

Sviket som han opplagt hadde kjent på då han ikkje møtte til det avtalte bryllupet, låg truleg over Seippel heile livet; kanskje såg han i skrivande stunder på det som ein botsgang når han sat over bibeltekstene, at han gjorde noko godt igjen? For han visste at det var den første Bibelen på norsk folkemål han var med og forma.

I sitt åttiande år var han, som vanleg, igjen i dalen om sommaren. Ein dag på seinsommaren ordna han seg med båtskyss over vatnet. Ho Birgit nærma seg sytti, ho hadde vore gift til gard, men no var ho enke. Det seiest at Seippel hadde med seg eit eksemplar av fyrebelsbibelen. Ho tok høgtidleg imot, der ho stod i åkeren. Som takk gav ho han den største og beste nepa ho kunne plukka opp frå molda. Nøyaktig femti år etter bryllupssviket. Bibelordet var kome fram der det skulle. Seippel hadde formidla det til dei han voks opp i lag med, og til ho som han hadde hatt kjær.

Omsetjingsarbeidet gav Seippel ry som stilmeister og smaksdommar. Ein periode på 1920-talet var han språkkonsulent på Det Norske Teatret, og i 1932 publiserte han heftet Ymse rettleidingar um norsk målbruk.

Alexander Seippel døydde i 1938, ved historias lune nett det same året som den første autoriserte nynorskbibelen kom ut. Han ligg gravlagd på Vestre Aker kyrkjegard.

Sylfest Lomheim


Noter

[1] Hellevik, «Gamal bodskap i ny bunad», 263.

[2] Lande, Lomheim og Stubseid, Sjønna på Elbursfjell, 96.

[3]Bibelen. Oslo: Bibelselskapet, 2011.

Bibliografi

Soga um Sindbad Farmann: Eit æventyr or Tusund og ei nott
Kristiania: Alb. Cammermeyers Forlag, 1900
Språk: Nynorsk
Originalspråk: Arabisk
Sidetall: 104 s.
Annet/kommentarer: Umsett fraa arabisk av Alexander Seippel, professor i austerlandske maal. Andre utgave utgitt av Samlaget i 1929.

”Sinbad paa si andre ferd”
Samlingens tittel: Lesebok for høgre skular: utvalde lesestykke i bygdemaal og landsmaal
Red.: Arne Garborg og Ivar Mortensen
Kristiania: Alb. Cammermeyersforlag, 1901
Språk: Nynorsk
Originalspråk: Arabisk
Sidetall: 278–280
Annet/kommentarer:

”Soga um Sinbads ferd til Indialand”
Oversatt av: Alexander Seippel
Samlingens tittel: Læesstykker paa landsmaal. Tillæg til Nordahl Rolfsens læsebog for folkeskolen, 2den, 3dje og 4de del
Red.: Nordahl Rolfsen og Bernt Støylen
Kristiania: Dybwad, 1902
Språk: Nynorsk
Originalspråk: Arabisk
Sidetall: 101–109
Annet/kommentarer:

Persiske vers, etter Omar Kajjám, Hafis, Karabkuhi
Oslo: Olaf Norli, 1912
Språk: Nynorsk
Originalspråk: Persisk
Sidetall: 96

”Den fysste salmen”
Oversatt av: Alexander Seippel
Norsk Aarbok 3.110./Sal 1./ 1922
Språk: Nynorsk
Originalspråk: Hebraisk

Norsk-austerlendsk divan: Ei auka utgåve av «Persiske vers»
Oslo: Olaf Norli, 1923
Originaltittel: Diwãn
Språk: Nynorsk
Originalspråk: Persisk
Sidetall: 141

BIBELOVERSETTELSER
Bibelen, eller Den heilage skrifti: Dei kanoniske bøkerne i det gamle og det nye testamentet
Kristiania: Selskapet til kristelige andagtsbøkers utgivelse, 1921
Sidetall: 896
Annet/kommentarer: Også kalt: Fyrebilsbibelen. Utgitt i samarbeid med Bibelnemndi, Studentmållaget i Oslo. Rundt halvparten av bibelen bygget på Seippels oversettelser: GT: Fyrste Mosebok eller Upphavs-boki; Andre Mosebok eller Ut-ferdi; Tridje Mosebok eller Preste-boki; Fjorde Mosebok eller Mann-talet; Femte Mosebok eller Nye-Logi; Josva-boki; Domarane; NT: Evangilja eller fagnad-bodi etter Mattæus; Evangilja eller fagnad-bodi etter Markus; Evangilja eller fagnad-bodi etter Lukas; Evangilja eller fagnad-bodi etter Johannes

Bibelen eller Den heilage skrifti: Dei kanoniske bøkene i Det Gamle og Det Nye Testamentet
Oslo: Bibelselskapet, 1938
Språk: Nynorsk
Sidetall: 981
Annet/kommentarer: ”Rev. umsetjing frå 1938”: 1921-oversettelsen er her revidert av Ragnvald Indrebø. I tillegg er Seippels oversettelser av Apostelsoga, Israels Kongesogur, Krønike-bøkane og Breve fraa Paulus til Romarane tatt med, mens Esaia-boka ikke er tatt med. Gjenutgitt flere ganger: 1943, 1953, 1969 og 1976.

DET GAMLE TESTAMENTET
Fyrste Mose-bok, eller Upphavsboki
Oslo: Det norske samlaget, 1905
Språk: Nynorsk
Originalspråk: Hebraisk
Sidetall: 161
Annet/kommentarer: ”Umsett fraa grunnteksti. Utgjevi med statshjelp.”

Andre Mose-bok, eller Ut-ferdi
Oslo : Samlaget, 1908
Språk: Nynorsk
Originalspråk: Hebraisk
Sidetall: 141
Annet/kommentarer: ”Umsett fraa grunn-teksti. Utgjevi med statshjelp.”

Tridje Mose-bok, eller Preste-boki
Oversatt av: Alexander Seippel
Oslo : Samlaget, 1910
Språk: Nynorsk
Originalspråk: Hebraisk
Sidetall: 161
Annet/kommentarer: ”Umsett fraa grunn-teksti. Utgjevi med statshjelp.”

Fjorde Mose-bok, eller Mann-talet
Oversatt av: Alexander Seippel
Oslo: Det norske samlaget, 1911
Språk: Nynorsk
Originalspråk: Hebraisk
Sidetall: 142
Annet/kommentarer: ”Umsett fraa grunn-teksti. Utgjevi med statshjelp.»

Femte Mose-bok, eller Nye-Logi
Oversatt av: Alexander Seippel
Oslo: Det norske samlaget, 1912
Språk: Nynorsk
Originalspråk: Hebraisk
Sidetall: 124
Annet/kommentarer: ”Umsett fraa grunn-teksti. Utgjevi med statshjelp.”

Josva-boki: umsett fraa grunn-teksti
Oslo: Det norske samlaget, 1913
Språk: Nynorsk
Originalspråk: Hebraisk
Sidetall: 96
Annet/kommentarer: ”Umsett fraa grunn-teksti. Utgjevi med statshjelp.”

Domarane
Oslo: Det norske samlaget, 1916
Språk: Nynorsk
Originalspråk: Hebraisk
Sidetall: 95
Annet/kommentarer: ”Umsett fraa grunn-teksti. Utgjevi med statshjelp.”

Samuels- og Konge-Bøkane eller Israels Kongesogur
Oversatt av: Alexander Seippel?
Oslo: Det norske bibel-sellskape, 1930
Språk: Nynorsk
Sidetall: 586
Annet/kommentarer: ”Ny umsetning fraa grunn-teksti”

Aar-bøkane (Krønike-bøkane): Esras, Nehemias, Rut, Ester
Oslo: Det norske bibel-sellskape, 1934
Språk: Nynorsk
Originalspråk: Hebraisk
Sidetall: 414
Annet/kommentarer: ”Ny umsetning fraa grunn-teksti”

Profeten Esaias
Oslo: Bibelselskapet, 1938
Språk: Nynorsk
Originalspråk: Hebraisk
Sidetall: 307
Annet/kommentarer: ”Ny umsetning fraa grunn-teksti”

DET NYE TESTAMENTET
Evangilja: eller Fagnad-bodi etter Mattæus
Oslo: Det norske bibel-sellskape, 1915
Språk: Nynorsk
Sidetall: 96
Annet/kommentarer: ”Ny umsetning fraa grunn-teksti”

Evangilja: eller Fagnad-bodi etter Markus
Kristiania: Det norske bibel-sellskape, 1916
Språk: Nynorsk
Sidetall: 96
Annet/kommentarer: ”Ny umsetning fraa grunn-teksti”

Evangilja: eller Fagnad-bodi etter Lukas
Kristiania: Det norske bibel-sellskape, 1920
Språk: Nynorsk
Originalspråk: Gresk
Sidetall: 164
Annet/kommentarer: ”Ny umsetning fraa grunn-teksti”

Evangilja: eller Fagnad-bodi etter Johannes
Kristiania: Det norske bibel-sellskape, 1920
Språk: Nynorsk
Originalspråk: Gresk
Sidetall: 127
Annet/kommentarer: ”Ny umsetning fraa grunn-teksti”

Apostelsoga
Kristiania: Det Norske Bibel-sellskape, 1923
Språk: Nynorsk
Originalspråk: Gresk
Sidetall: 144
Annet/kommentarer: ”Ny umsetning fraa grunn-teksti”

Breve fraa apostelen Paulus til romarane
Oversatt av Alexander Seippel
Oslo: Det norske bibel-sellskape, 1934
Språk: Nynorsk
Originalspråk: Gresk
Sidetall: 40
Annet/kommentarer: ”Ny umsetning fraa grunn-teksti”

TEKSTER AV ALEXANDER SEIPPEL
Seippel, Alexander
Rerum Normannicarum fontes Arabici: Fasc. 1
Oslo: A.W. Brøgger, 1896
Språk: Latin
Sidetall: 148

Seippel, Alexander
Rerum Normannicarum fontes Arabici: Fasc. 2
Oslo: A.W. Brøgger, 1928
Språk: Latin
Sidetall: 45

Seippel, Alexander
Rerum Normannicarum Fontes Arabici: e libris quum typis expressis tum manu scriptis collegit et sumptibus universitatis christianensis edidit
Baghdad: Maktabat al-Muthnà, 1928
Språk: Latin

Birkeland, Harris
Nordens historie i middelalderen etter arabiske kilder
Serie:  Det Norske videnskaps-akademis skrifter: Historisk-filosofisk klasse, 1954:2
Sidetall: 176 s
Språk: Bokmål
Annet/kommentarer: Oversettelse til norsk av Seippels arabiske kilder med innledning, forfatterbiografier, bibliografi og merknader av Harris Birkeland  

Seippel, Alexander
Granskaren: ei universitets-kantate
Kristiania: Olaf Norlis forlag, 1911
Språk: Nynorsk
Sidetall: 17

Seippel, Alexander
Ein høg-song
Kristiania: Olaf Norli, 1924
Språk: Nynorsk
Sidetall: 189

Seippel, Alexander
Ymse rettleidingar um norsk målbruk
Voss: Norsk måldyrkingslag, 1932
Språk: Nynorsk
Sidetall: 40

TEKSTER OM ALEXANDER SEIPPEL
Alexander Seippel: heidershefte paa 75-aarsdagen hans 22. januar 1926 fraa Syn og Segn
Oslo: Samlaget, 1926
Sidetall: 40

Bondevik, Jarle
Og ordet vart nynorsk: Soga åt den nynorske bibelen
Bergen, Norsk Bokreidingslag L/L, 2003
Sidetall: 77–85

Holm, Hans Henrik
”Et par minneord om Alexander Seippel”
Sòga um Gamle-Kari og hennar Himil-ferd
Red.: Hans Henrik Holm
Oslo: Janus, 1938
Side: 34
Annet/kommentarer: Særtrykk av tidsskriftet Janus

 Ingebretsen, Herman Smitt
”Karabkuhi: Setesdals patriark”
Sørlandet skriver saga: en antologi og noen pennestrøk om diktere på Sørlandet
Stavanger: Stabenfeldt, 1946
Sidetall: 315–319

Lande, Aasulv
Sjønna på Elbursfjell: Alexander Seippel – livet og livsverket
Kristiansand: Høyskoleforlaget, 2001
Språk: Nynorsk
Sidetall: 190
Annet/kommentarer: Med tekster av Lande, Sylfest Lomheim og Gunnar Stubseid.

Molland, Einar
”Norske og danske bibeloversettelser i Norge”
I: Bibelen: håndskrifter, funn og forskninger
Red.: Sir Frederic Kenyon
Oslo: Land og kirke, 1951
Sidetall: 127–155

Rysstad, Jon Bjørgulvsson
”Alexander Seippel: til 75 årsdagen”, dikt
Arven: Bjørkemål. II
Arendal: Eget forlag, 1953
Sidetall: 73–75

Skard, Sigmund
Ganges strøymer i Byglandsfjord: nynorsk klassikar-bibliotek
Oslo: Det norske språk- og litteraturselskap, 1990
Sidetall: 15
Annet/kommentarer: Foredrag holdt i Det Norske språk- og litteraturselskap, 20. mars 1990.