Kåre Langvik-Johannessen – ambassadør for nederlandsk kultur i det høge Nord

Av Ronny Spaans, fyrsteamanuensis i nordisk litteratur ved Nord Universitet og timelærar i nederlandsk ved Universitetet i Oslo

Artikkelen er fagfellevurdert

Foto; Johnny Syversen / Aftenposten / NTB scanpix

Samandrag:
I denne artikkelen viser eg korleis nederlandsk omsetjingspraksis i Noreg vart etablert gjennom verksemda til Kåre Langvik-Johannessen (1919–2014), som hadde det einaste professoratet i nederlandsk i Norden. Det fanst omsetjingar frå nederlandsk til norsk før Langvik-Johannessens tid, men mange av dei var via eit tredjespråk. Langvik-Johannessen sette sjølv nederlandske og belgiske forfattarar om til norsk, men tok òg initiativet til store omsetjingsprosjekt som dekte både nederlandsk prosa, drama og poesi, og ulike litterære periodar. Eg viser òg at mange av omsetjarane av nederlandsk til norsk i dag sprang ut av det miljøet som Langvik-Johannessen skapte.

Nykelord: Kåre Langvik-Johannessen, omsetjing til norsk, nederlandsk litteratur

Abstract:
In this article I show how the Dutch translation practice in Norway originated through the activities of Kåre Langvik-Johannessen (1919-2014), who held the only professorship in Dutch in the Scandinavian countries. There were translations from Dutch to Norwegian before the time of Langvik-Johannessen, but many of them were through a third language. Langvik-Johannessen translated Dutch authors into Norwegian himself, but also took the initiative for major translation projects covering Dutch prose, drama and poetry as well as various literary periods. I also show that many of today’s translators from Dutch to Norwegian came from the environment that Langvik-Johannessen created.

Keywords: Kåre Langvik-Johannessen, translation into Norwegian, Dutch literature

Forfattar og redaktør av Faglitterært forlag, Per Thorvald Larsen, ringde meg hausten 2012: «Du må intervjue Kåre Langvik-Johannessen for avisa di! Han jobbar med ei ny omsetjing av eit Vondel-drama. Han jobbar med den gamle reisemaskina si; den 93 år gamle professoren skriv berre med éin finger og er blind på det eine auga!»

Eg vart dobbelt overraska over å få denne telefonen. For det fyrste over å få vita at den tidlegare førelesaren min, Kåre Langvik-Johannessen, fødd i 1919, som var professor i nederlandsk frå 1972 til 1989 ved Universitetet i Oslo, enno levde. Det hadde gått år sidan eg hadde kontakt med han. I 2012 arbeidde eg for avisa Dag og Tid, men sytten år før hadde eg fylgt undervisning av han om historisk nederlandsk litteratur på Blindern, då han var professor emeritus. For det andre var eg positivt overraska over den usløkkjelege eldhugen hans. Trass i høg alder og fysiske skavankar var han i gang med ei ny omsetjing. Omsetjinga galdt Adonias of Rampsalighe kroonzucht (1661) av den nederlandske barokkdiktaren Joost van den Vondel (1587–1679) – på norsk: «Adonja eller katastrofalt maktbegjær». Vondel er ingen kven som helst; han blir kalla Nederlands Shakespeare. Med denne omsetjinga ville Langvik-Johannessen, både som forskar, formidlar og omsetjar, krone eit livslangt engasjement for nederlandskspråkleg litteratur generelt og for Vondel spesielt. Dessverre hadde eg ikkje høve til å gjera eit intervju med han den hausten. To år seinare, i november 2014, døydde Langvik-Johannessen, 95 år gamal. Men før han døydde, hadde han òg påbyrja eit anna omsetjingsarbeid, som dessverre ikkje vart fullført,

Denne anekdoten gjev eit godt bilete av Kåre Langvik-Johannessen (KLJ). Som «den nederlandskspråklege kulturens ambassadør i det høge Nord» – som professor Karel Porteman ved universitetet i Leuven, Belgia, har kalla han – vigde KLJ livet sitt til formidling av nederlandsk litteratur i Noreg.[1] Omsetjingsverksemda hans var ein uskiljeleg del av dei faglege gjeremåla hans ved Universitetet i Oslo. Som eg vil syne fyrst i denne artikkelen, la KLJ grunnlaget for omsetjing og attdikting av nederlandskspråkleg litteratur på norsk. Dei fleste verka han sette om sjølv eller gav initiativ til omsetjing av, er hovudverk i nederlandsk litteratur. Men han har òg omsetjingar frå andre språk på merittlista. Dei vil eg òg stutt presentere i denne artikkelen. KLJ fylgde med på korleis andre omsetjarar formidla nederlandsktalande forfattarar og kritiserte dårlege omsetjingar til norsk. Ei av desse omsetjingane var utførd gjennom eit sekundærspråk. Det galdt ei ny omsetjing av Anne Franks Dagbok som kom ut i 1995, og som var utvida med setningar som tidlegare hadde vore sensurerte. Det skapte oppslag i Aftenposten. Episoden må kallast ein av dei store omsetjingsskandalane i Noreg. Episoden er interessant, for han røper kva dilemma som oppstår når ein omset via eit tredjespråk. Det er difor verdt å studere kommentarane hans; dei inneheld generelle teoriar omkring omsetjingskunst.

Dei fyrste omsetjingane
Kåre Langvik-Johannessen vart fødd 10. april 1919 i Onsøy ved Fredrikstad. Våren 1946 byrja han norsk- og tyskstudia sine ved Universitetet i Oslo. Medan han hadde sumarstipend til Sveits, vart interessa vekt for både nederlandsk- og tyskspråkleg litteratur og kultur. På reisa ned til Sveits var nemleg Gent i Belgia den fyrste europeiske storbyen han vitja. Besøket gjorde eit varig inntrykk på KLJ. I tillegg dreiv far til KLJ steineksport til Nederland, og det er òg mogeleg interessa for nederlandsk kultur kom gjennom forretningskontaktane til faren.[2] I 1948 vart han cand.mag. ved Universitetet i Oslo med norsk og tysk sidefag i tillegg til geografi. Same haust drog han til Haag for å lære nederlandsk og studere nederlandsk litteratur. I 1955 tok han magistergraden i allmenn litteraturvitskap ved Universitetet i Oslo. Tittelen på magisteravhandlinga var Det bibelske drama i Nederlandene før Joost van den Vondel. Alt då var interessa for Vondel vekt. Magistergraden vart utgangspunktet for den seinare doktoravhandlinga om Vondels tragediedikting, Zwischen Himmel und Erde (1963).[3] Men det skulle likevel ta tid før omsetjingar av Vondel-drama kom ut på norsk.

I studietida utførde KLJ ei rekkje omsetjingar. Dei vitnar om ein ung manns orientering i eit framandt lands samtidslitteratur. I 1949 kom det ei omsetjing frå hans hand av – og havet ga tapt av A. den Doolaard (pseudonym for Cornelis Johannes George Spoelstra jr., 1901–1994). Den Doolaard var forfattar av skjønnlitteratur, reiseskildringar og reportasjar. Den nederlandske tittelen var Het verjaagde water (direkte omsett: «Det jaga vatnet»), og boka kom ut i 1947. Boka tek opp eit velkjent tema i nederlandsk kultur: kampen nederlendarane har ført mot havet. I si innleiing til verket hermer KLJ ei kjend utsegn: «Gud skapte verden, men hollenderne skapte Nederland».[4] I romanen konkretiserer Den Doolaard denne kampen med ei historie frå den andre verdskrigen: overfløyming og tørrlegging av halvøya Walcheren i provinsen Zeeland. I 1950 kom KLJs omsetjing av ei kjend bok av den nederlandske romanforfattaren Antoon Coolen (1897–1961) ut på norsk: Landsbyliv. Som det går fram av tittelen – originalen frå 1934 heiter Dorp aan de rivier (norsk: «Landsby ved elva») – er dette ei folkelivsskildring. I 1951 sette KLJ om prosaverket Den evige urskog av antropolog Paul Julien (1901–2001). Året etter kom det atter ei omsetjing: Susanna i badet. Joakim av Babylons bok av den belgiske forfattaren, akademikaren og diplomaten Marnix Gijsen (pseudonym for Joannes Alphonsius Albertus Goris, 1899–1984). Originalen heiter Het boek van Joachim van Babylon og kom ut i 1947. Ho er ei lett-ironisk attforteljing av den kjende soga om Susanna i badet frå Bibelens apokryfe bøker. I 1953 vender KLJ attende til A. den Doolaard og set om ein ny roman av han, Små mennesker i den store verden. Originalen, Kleine mensen in de grote wereld, kom ut same år. Denne omsetjinga gjorde han i samarbeid med Bjørn Braaten, som arbeidde ved Universitetet i Oslo som hjelpelærar i engelsk og nederlandsk, før nederlandsk vart etablert som eige fag ved universitetet. Som det går fram av tittelen handlar romanen om ei sneversynt livsåskoding forfattaren fann i etterkrigstida.

I ein oversynsartikkel over nederlandsk litteratur frå 1986 fortel KLJ at desse omsetjingane kom til under hans «Lehrjahre», delvis på hans eige og delvis forleggjarens initiativ, som var Tanum forlag. Både før og etter krigen var den kjende tyskfødde litteraturkritikaren Max Tau (1897–1976) tilknytt forlaget, og han sette sterkt preg på utgjevingane. Frå 1953 til sin død arbeidde Tau som konsulent for Aschehoug. Det er mogeleg det forklårar interessa for nederlandsk samtidslitteratur.[5] KLJ skriv vidare at han ser på Susanna i badet. Joakim av Babylons bok som det beste omsetjingsarbeidet sitt, og han strekar under det faktum at dette verket fyrst kom ut tjue år seinare på svensk. Han fortel òg at han føreslo for forlaget å setja om De kelner en de levenden («Kelneren og dei levande») frå 1949 av Simon Vestdijk til norsk, men til KLJs vonbrot avviste forlaget framlegget.[6] Ingen nederlandskspråkleg forfattar har hittil fått Nobels litteraturpris. Vestdijk var nominert til prisen heile 15 gonger, og framlegget til KLJ kjem såleis ikkje ut av det blå. Som «ambassadør for den nederlandskspråklege kulturen» ville KLJ formidle denne forfattarskapen til eit nordisk publikum.

Som tyskkunnig sette KLJ òg om verk i den tyskspråklege litteraturen i denne tidbolken. I 1950 kom Drømmens blå blomst av Waldemar Augustiny (1897–1979). Romanen som kom ut i 1947 og har tittelen Die Wiederkehr des Novalis, hentar handlinga si frå dei siste dagane til Det tredje riket. Interessa for tyskspråkleg litteratur toppar seg i eit forskingsarbeid om den austerrikske dramatikaren Franz Grillparzer (1791–1872) som kom ut i bokform, Im Namen kaiserlicher Majestät (1975).[7] Eit par år seinare, i 1978, gjev KLJ ut antologien Franz Grillparzer: Noveller, taler og aforismer, der han står for omsetjing av ei rad aforismar og to talar av austerrikaren til norsk. Etter det skulle det ta lang tid før det kom omsetjingar av tyskspråkleg litteratur frå KLJs hand. Som nittiåring vender han attende til Grillparzer.

Flamsk, hollandsk eller nederlandsk
På tittelsidene til somme av dei nemnde omsetjingane frå nederlandsk til norsk står det «oversatt fra hollandsk» og «oversatt fra flamsk». Det viser at KLJ i læretida si enno ikkje var så medviten om språknemningane som han kom til å bli seinare. Jamvel om «hollandsk» er bruka i historiske samanhengar, som «hollendartida», er det semantisk korrekte omgrepet på språket og kulturen i Nederland «nederlandsk», for Holland utgjer berre to provinsar av Nederland. Det same gjeld Flandern, som utgjer to provinsar i Belgia, men som òg blir bruka om kulturen for heile det nederlandskspråklege Belgia, til skilnad frå den sørlege delen, Vallonia, som er franskspråkleg. Både «hollandsk» og «flamsk» er altså misvisande nemningar på språket i Nederland og det nordlege Belgia. Slik ein talar om amerikanske forfattarar som skriv på engelsk, bør ein altså tala om flamske eller belgiske forfattarar som skriv på nederlandsk. Belgia er faktisk det latinske namnet på den historiske eininga Nederlanda, eller Dei låge landa, som var samansett av sytten provinsar på 1500-talet – namnet går tilbake til eit keltisk folk som ifylgje romerske skrifter budde der. I teorien kan «nederlandsk» difor brukast i utvida tyding som nemning på språket og kulturen både i Belgia og Nederland – då altså med utgangspunkt i den historiske nemninga Nederlanda (jamfør engelsk Netherlandish). Eg brukar litt plass på denne historiske framstillinga, for denne utgreiinga av namnebruken vart ein attergangar i KLJs formidling av nederlandskspråkleg kultur. Mange minnest enno artiklar og lesarinnlegg i aviser og andre medium der KLJ kritiserte andre for misvisande bruk av dialektomgrepa «hollandsk» og «flamsk». Vi ser ein medviten namnebruk òg i omsetjingsarbeid som KLJ tok initiativ til.

«Den første brede presentasjonen»
KLJ vart dosent i allmenn litteraturvitskap i 1965 og i nederlandsk i 1966. Og som nemnt i byrjinga: Frå 1972 og fram til 1989 var han professor i nederlandsk. Med denne stillinga etablerte han «neerlandistiek», altså studiet av nederlandsk språk, litteratur og kultur, som fag i Noreg. Denne tidbolken innleier ein ny fase i karrieren til KLJ som omsetjar av nederlandskspråkleg litteratur. No ser vi ikkje berre ei større breidd i titlar som blir omsette til norsk, men KLJ tek òg initiativ til større omsetjingsarbeid som involverer fleire nederlandskkunnige – mange av dei er studentar og (framtidige) tilsette ved nederlandsk ved Universitetet i Oslo. I 1969 er han redaktør for De lave land forteller. En stornederlandsk novelleantologi. Som han skriv i innleiinga: «Dette utvalg av prosakunst fra den nederlandskspråklige litteratur er den første brede presentasjon av Nederlandenes litteratur i Norge».[8] Boka inneheld omsetjingar av noveller, og somme romanutdrag, av 18 klassiske namn: ni frå Belgia, ni frå Nederland, alle fødde på 1800-talet. KLJ har sett om fire forfattarar: Multatuli, Aart van Leeuw, Felix Timmermans og atter eit arbeid av Marnix Gijsen. Av andre omsetjarar finn vi den tidlegare nemnde Bjørn Braaten, i lag med andre nederlandskkunnige ved universitetet: Geir Farner, Martha Elisassen-de Kat, Ingeborg Solemslie, Tove van den Brink og Arne Torp – seinare kjend som professor i nordisk språkvitskap, men den gongen nederlandskstudent.

Innleiinga går fyrst inn på det KLJ kallar den mangelfulle situasjonen for omsetjingar av nederlandsk litteratur i Noreg – som ein kontrast til stoda i Danmark og Sverige, og til den store påverknaden nederlandsk kultur utøvde på Tyskland og Norden i hollendartida på 1600-talet. Gjennom eit historisk oversyn viser KLJ så kva viktige impulsar nederlandskspråkleg litteratur har gjeve europeiske forfattarar, og her vektlegg han dei kompliserte historiske og kulturelle tilhøva mellom Belgia og Nederland, som eg greidde ut om ovanfor. Namnebruken hans er ikkje tilfeldig. Han unngår nærast termen «belgisk» og nyttar heller «De lave land», «Nederlandene» og «stornederlandsk», og i presentasjonen av kvar einskild forfattar oppgjev KLJ om forfattaren er «sydnederlandsk» eller «nordnederlandsk» (altså frå Belgia eller Nederland). Han røper òg ein forkjærleik for den nederlandskspråklege kulturen i Belgia – det er her han plasserer det litterære «kvalitative tyngdepunkt».

Dette arbeidet blir vidareført i ein ny antologi redigert av KLJ i 1976: Fra de lave land og over hav. Noveller fra nederlandsk-sproglig litteratur i tre verdensdeler. Denne antologien inneheld 25 diktarar som var aktive på 1900-talet, og denne gongen inkluderer KLJ òg namn frå det som har vore oversjøiske belgiske og nederlandske område: Indonesia, Surinam, Dei nederlandske Antillane (i Karibia) og Kongo. KLJ har sett om dei fleste bidraga, tolv noveller. Og ved sida av omsetjarane frå førre antologi finn vi nye namn: Elsbeth Wessel (seinare professor i tyskspråkleg litteratur), Bror Erik Bøhler og Finngeir Hiorth. Av kjende forfattarar KLJ inkluderer i boka, finn vi Louis Paul Boon, Hugo Claus og Paul van Ostaijen, men vi støyter òg på namn som mange nok ikkje vil rekne mellom dei største nederlandskspråklege forfattarane, som Judicus Verstegen. Dessutan vil ein lesar som er kjend med nederlandsk litteratur, sakne namn som Willem Fredrik Hermans, Gerard Reve og Jan Wolkers. KLJ er medviten om dette og grunngjev valet sitt i føreordet, der han hevdar «at surrealistisk preget diktning i Nederland altfor lett blir et ekstremt cerebralt hjernespinn, mens flamske forfattere i samme retning aldri forlater det sentralt menneskelige». Jan Wolkers noveller blir kalla «syk og motbydelig diktning».[9] Det er atter kjærleiken for «sørnederlandsk» litteratur som kjem til uttrykk, men denne gongen i ein subjektiv påstand som ikkje alle vil vera samde i.

Samarbeidspartnarane til KLJ gjev seinare ut eigne omsetjingar av nederlandske romanar. Men også her har KLJ hatt ein finger med i spelet. Når klassikaren Max Havelaar (1860) av Multatuli (pseudonym for Eduard Douwes Dekker, 1820–1887) kjem ut i 1982, er boka utstyrd med eit føreord av KLJ, der han fortel inngåande om kritikken som boka rette mot nederlandsk kolonipolitikk i Indonesia. Tove Tryti hadde omsett den fyrste delen av denne omfangsrike boka til norsk (kapittel 1–6), medan Tove Alkan overførde hovuddelen til norsk språkdrakt (kapittel 7–20). Seinare, i vår tid, har «Max Havelaar» vorte kjent som eit varemerke for rettvis handel.

Nederlandsk mellomalderlitteratur
Ved sida av prosa tok KLJ initiativ til attdiktingar av nederlandsk poesi og drama. KLJ var ein periode i 1963 trulova med lyrikar og seinare fyrsteamanuensis i tysk litteratur Åse-Marie Nesse (1934–2001). Venskapen med Nesse resulterte i attdikting av ei rekkje dikt frå vidt ulike tidsperiodar i nederlandsk litteratur: det såkalla Egedius-Lied og dikt av Justus de Harduyn, Constantijn Huygens og Guido Gezelle. KLJ samarbeidde òg med Nesse om utgjevinga av Tre spill om Enhver frå 1979. Utgangspunktet er ein klassikar frå mellomalderlitteraturen, Spelet om Kvarmann (Elckerlijc på nederlandsk), eit nederlandsk mysteriespel som har vorte kjent gjennom ein engelsk og ein tysk versjon – og seinare gjennom Hugo von Hofmannsthals omarbeiding i Jedermann (1911) – og som truleg inspirerte Henrik Ibsen då han skreiv Peer Gynt (1867). Eit mysteriespel er eit skodespel med bibelsk emne, ein populær sjanger i denne tidbolken. Som tittelen vitnar om, er Tre spill om Enhver òg ein antologi. Han inneheld Jens Bjørneboes omsetjing av von Hofmannsthals bok ved sida av attdiktingar av to andre tekster, begge tinga av KLJ: den eldste versjonen av Spelet om Kvarmann, det nederlandske Elckerlijc frå om lag 1470 av Pieter van Diest, omsett av Åse-Marie Nesse, og ein latinsk versjon, Hecastus frå 1536 av nederlendaren Georgius Macropedius (Joris van Lanckvelt), attdikta av Albert Lange Fliflet.

I denne avdelinga må tre andre omsetjingar frå nederlandsk nemnast, alle saman byggjer vidare på arbeidet med Tre spill om Enhver i det at dei er omsetjingar av mellomalderlitteratur. I 1980 gjev KLJ ut Kjærlighetens syv måter av Beatrijs van Nazareth (ca. 1200–1268), som var flamsk nonne og mystikar. Beatrijs blir sett på som skaparen av prosakunsten i nederlandsk litteratur, for ho valde ikkje eit språk i bunden form då ho skreiv ned visjonane Seven manieren van minne – som tittelen lyder på mellomnederlandsk. Omsetjinga er illustrert med teikningar av Anne-Lise Knoff. Ti år seinare kom det ut ei omsetjing om ein annan person med namnet Beatrijs i nederlandsk mellomalderlitteratur, nemleg legenda om nonna Beatrijs. Denne gongen handlar det om ei Beatrijs av ein meir jordisk natur – jamvel om ho blir skildra som rein og pur innvendig. Legenda fortel at denne  nonna blir forførd av ein mann og forlét klosteret for hans skuld. Men ho blir sviken og må ty til prostitusjon for å kunne brødfø borna ho fekk med han. Til slutt vender ho attende til klosteret, men utan at nokon av medsystrene har oppdaga at ho har vore borte i mange år. Maria Møy hadde nemleg teke på seg skapnaden hennar og tent i staden hennar. Denne legenda har eit nederlandsk utgangspunkt – i eit dikt frå siste halvdel av 1300-talet – men vandra til andre europeiske land og fekk jamvel ei norrøn utforming. Ulike versjonar av legenda samla KLJ i antologien Beatrijs i legende, saga, epos, novelle og drama (1990). Boka opnar med ei omsetjing av den eldste kjende skriftlege dokumentasjonen av legenda, på latin av Cæsarius von Heisterbach. Det som blir rekna som den beste litterære utforminga, den nederlandske, som mogelegvis er skriven av Diederic van Assenede, er teken med. Desse to er omsett av Helge Nordahl. Det er mogeleg KLJ hjelpte han med den nederlandske originalen, for Nordahl var franskfilolog. KLJ omsette ei moderne tolking av legenda, skodespelet Ik dien (Tjenerinnen Beatrijs) av flamlendaren Herman Teirlinck (1879–1967). Boka inneheld elles omsetjingar av legenda frå norrønt av Ivar Orgland og ei omsetjing av ei moderne tolking på tysk av sveitsaren Gottfried Keller, gjord av Elsbeth Wessel.

I 1995 kom Det åndelige bryllups smykke av Jan van Ruusbroec (ca. 1293–1381) ut, omsett frå mellomaldernederlandsk av KLJ; originaltittelen er Die chierheit der gheestelike brulocht. Ruusbroec blir rekna som høgdepunktet i nederlandskspråkleg kristen mystikk. Ruusbroec vart lyst heilag av pave Pius X i 1908. Dette arbeidet synest å ha ein personleg motivasjon hjå KLJ: Ikkje berre var Jan van Ruusbroec flamsk – han høyrde til eit kloster i Brussel – men KLJ var sjølv katolikk. KLJ fekk Bastianprisen for omsetjinga året etter. Juryen for prisen omtalar boka som «en tekst full av skjønnhet som oversetteren har ivaretatt på en mesterlig måte, i det han har holdt seg til et konservativt og gammelmodig riksmål, som i denne sammenheng er det eneste riktige».[10] Dei strekar under at boka ved denne kunstnarlege overføringa til norsk snarare er å kalle ei attdikting enn ei omsetjing.

Medan KLJ arbeidde med førmoderne litteratur, kom det fire omsetjingar frå hans hand av forfattarar frå nyare tid. Det passar å nemne dei her, for med omsyn til språk og innhald kan dei knytast til omsetjingane frå eldre historisk litteratur. I 1977 fører han klassikaren Lille Johannes av Frederik van Eeden (1860–1932) over i norsk språkdrakt. Lille Johannes fortel livshistoria til hovudpersonen gjennom ein symbolistisk og eventyrinspirert språkbruk. I 1981 set han om ein annan symbolistisk roman, Fidessa frå 1899, om ei nymfe ved same namn (eit ord som tyder ‘truskap’) av den store nyromantiske forfattaren i nederlandsk litteratur, Louis Couperus (1863–1923). Handlinga er lagd til ein fjern mellomalder med einhyrningar og riddarar, der den nakne Fidessa stig inn i ei verd full av fusk og fals. I 1992 kjem ein ny klassikar frå moderne tid ut i KLJs norske språkdrakt, den ekspresjonistiske romanen Den vandrende jøde (De wandelende Jood, 1906) av flamlendaren August Vermeylen (1872–1945). Boka byggjer på den vidgjetne legenda om skomakaren Ahasverus, som skal ha nekta Kristus hjelp under den tunge vegen hans til Golgata.

Eit år seinare kasta KLJ blikket på samtidslitteraturen att. Då kom den historiske romanen Cortés of De val (1987) av flamlendaren Willy Spillebeen ut på norsk ved KLJs hand i tittelen Skriftemålet (1993). Spillebeen hadde alt skapt seg eit namn i Nederland og Belgia med ein annan historisk roman, Aeneas frå 1982. Seinare i same tiåret kom eit sosialt engasjement for menneskerettar til å særmerkje bøkene hans, og det gjeld òg Skriftemålet. Boka handlar om conquistadoren Hernán Cortés som ligg for dauden og skriftar for munken Ortega, som òg var pasje hjå aztekar-keisaren Moctezuma. Romanen gjev «en rystende aktuell beretning i spenningen mellom makt og humanitet», som det står på baksida av boka.

Føremålet for dei nemnde antologiane og dei einskilde omsetjingane står klårt for oss: KLJ har hatt som siktepunkt å rette på det skeive og mangelfulle biletet nordmenn hadde av nederlandsk litteratur. KLJ går grundig til verks: Han tek initiativ til omsetjing av verk frå alle tidsperiodar og i alle sjangrar. Og som vi har sett, er det den faglege kjennskapen, men òg den personlege innlevinga til KLJ, som styrer utvala, utan at det går ut over funksjonen verka har som representantar for nederlandskspråkleg kultur. Eit mogeleg unnatak er antologien frå 1976, Fra de lave land og over hav, der hans personlege smak nok har fått for stor vekt. Eit toppunkt i denne formidlinga er ei samla oversikt over nederlandskspråkleg litteratur – i Nederland, Belgia, dei tidlegare koloniane, og også i den nederlandskspråklege delen av Frankrike – som KLJ gjev ut i tittelen Litteraturen i Nederlandene gjennom 800 år (1980). Det er eit imponerande verk på 380 sider, og ein merkar òg her affiniteten hjå KLJ til historisk og sørnederlandsk litteratur, for den siste delen, gjennomgangen av samtidslitteraturen, har stundom eit summarisk preg. Boka er enno i dag brukande for lesarar med interesse for nederlandsk litteratursoge og er i tillegg den einaste moderne nordiske innføringa i dette emnet.[11]

Anne Franks Dagbok
«Uverdige, grove oversetter-feil» er tittelen på ein kommentar KLJ hadde i Aftenposten 4. juli 1995.[12] Bakgrunnen var ei omsetjing av ei nyutgåve av Anne Franks Dagbok. I Noreg fanst det alt ei omsetjing av Anne Franks Dagbok frå 1956, omsett av Inger Hagerup. Men i 1991 oppstod det ei ny interesse for dagboka, for det året det kom det ut ein versjon i Nederland der dei intime passasjane i Anne Franks tekst, som far hennar hadde teke ut, var førde inn att. No ville Aschehoug gje ut denne versjonen i norsk omsetjing. Ho kom i 1995 og hadde undertittelen «Ny, usensurert utgave». Dette var ei prestisjeutgjeving for Aschehoug, og forlaget hadde difor gjeve omsetjingsoppdraget til den kjende barnebokforfattaren Tormod Haugen.

I Hagerups utgåve er nederlandsk oppgjeve som opphavsspråk, men det er eit spørsmål kor god Hagerup var i nederlandsk. Haugen baserte seg derimot på ei ny tysk omsetjing; han vel altså å gå gjennom eit tredje språk. KLJ, som på det tidspunktet i tiår hadde bygt opp eit miljø med nederlandskkunnige omsetjarar, reagerte med vantru. Det er nesten uunngåeleg at det oppstår omsetjingsfeil i ei sekundæromsetjing, skriv KLJ – og peikar på både utelatne setningar og setningsdelar og direkte misforståingar, mange av dei skapte av samanblanding av nederlandsk og tysk. Til dømes blir eit landemerke i Amsterdam, «Westertoren» (norsk: ‘Vestre tårn’), omsett med det tyskklingande «Westertor-klokka» – som blir ‘klokka i vestre byport’ på norsk. Nederlandsk «toren» tyder ‘tårn’, medan tysk «Tor» tyder ‘port’. I staden for å slå opp i ei nederlandsk ordbok hadde omsetjaren altså gjetta seg fram til ei norsk tyding på basis av likskap med tyske ord. KLJ peikar òg på rein fåkunne. Familien til Anne Frank, saman med andre som låg i dekning, las mellom anna En eeuwig zingen de Bosschen. Omsetjaren limar tittelen frå den tyske omsetjinga inn i den norske utgåva, Und ewig singen die Wälder. KLJ er forundra over at den norske tittelen til boka av Trygve Gulbranssen, Og bakom synger skogene, ikkje er nytta: «Både Haugen og ikke minst forlagets konsulent burde ha visst at det var denne boken de leste. Originalen kom jo på Aschehoug!»[13] KLJ krev at det kjem ei nyutgåve tufta på originalspråket. Etter KLJs kommentar fylgjer det fleire artiklar om omsetjinga i Aftenposten. Aschehoug skriv at dei ikkje vel å laga ei ny omsetjing, men vil gå kritisk igjennom Haugens omsetjing. Resultatet er synleg i nye opplag av boka der det blir opplyst om at omsetjinga frå tysk er «gjennomgått mot den nederlandske utgaven av Bodil Engen».[14]

Når vi i ettertid les dette ordskiftet, kan vi nok reagere på den sterke ordbruken til KLJ. Jamfører vi i dag Hagerups med Haugens omsetjing, så ser vi at det faktisk ikkje er «grove oversetter-feil» som Haugen er opphavet til, men det er feil som han har overteke frå Hagerups omsetjing. Haugen hadde altså ikkje berre basert seg på ei tysk omsetjing av den usensurerte utgåva av Franks bok, men han hadde òg støtta seg på Hagerups omsetjing. Om KLJ ikkje var heilt presis i kritikken, er det likevel ikkje vanskeleg å vera samd i kravet hans om at heile omsetjinga burde vore gjort på nytt og då av ein nederlandskkunnig omsetjar.

Episoden med Anne Franks Dagbok er ikkje fyrste gong KLJ leverer kritikk av det han kalla dårleg omsetjingsarbeid. Han reagerer òg på overføringa av ein annan moderne nederlandsk klassikar til norsk – også denne boka basert på hendingar i den andre verdskrigen. I 1984 kjem De aanslag av Harry Mulisch (1927–2010), ein nederlendar med austerriksk-jødisk bakgrunn, ut på norsk med tittelen Attentatet, omsett av ekteparet Kari og Kjell Risvik. Originalen hadde kome ut året før og gjort stor suksess i heimlandet og andre land. KLJ skriv om omsetjinga i ein kommentar i Ergo. Tidsskrift for kultur- og samfunnsspørsmål i 1985.[15] Denne gongen handlar det ikkje om bruk av sekundærspråk, men utilstrekkeleg kunnskap om landet og kulturen til opphavsspråket. KLJ viser til ein refleksjon Kjell Risvik har gjort – som er kjend for omsetjingar frå «et usedvanlig høyt antall språk», som KLJ skriv: «Kjell Risvik har ved en anledning uttalt at det ikke er nødvendig å ha oppholdt seg en tid på vedkommende språkområde, men at det er tilstrekkelig å lese et visst antall bøker på språket for å få dette intime forhold.» Risviks omsetjing inneheld ikkje grove feil som i døma med Anne Frank, men KLJ peikar på «flere tvilsomme oversettelseselementer». Eit av KLJs døme er misforståinga av den semantiske tydinga av nederlandsk kade, som ekteparet Risvik har omsett til «kai», eit ord med trongare tyding. I tydinga hjå Mulisch er den norske ekvivalenten «kanalgate» – ein stad kanalbåtar kunne leggje frå seg lasten sin. Fenomenet ville vorte tydeleg gjennom eit besøk i nederlandske byar, strekar KLJ under. KLJ viser så til ein omsetjingskonferanse som er arrangert i Amsterdam for nederlandskspråklege og nordiske omsetjarar, der det vart peika på behovet for reisestipend til omsetjarar «slik at disse kan få anledning til å lære landenes forhold å kjenne».

Om vi kastar eit kritisk blikk òg på dette ordskiftet, er der nok her klårt at KLJ blir litt påståeleg, for det er fint mogeleg å gjera gode omsetjingar med hjelp av gode ordbøker utan å vitja språkområdet til forfattaren av originalen. Men kor som er, så viser desse to innlegga at KLJ hadde gjort seg klåre tankar om omsetjingspraksis- og teori. Det er heller ikkje uventa. Som vi har sett, var KLJs omsetjingskarriere like lang som den akademiske karrieren hans. Og dessutan må vi forstå dei sterke reaksjonane hans i ljos av den uryddige praksisen omsetjinga av nederlandsk litteratur hadde vore gjenstand for – til liks med litteratur frå andre små språkområde – nemleg omsetjing gjennom sekundærspråk. For nederlandskens del har omsetjingar vorte gjorde gjennom tysk. Det baserer seg nok på ein utbreidd fordom: nemleg at nederlandsk nærast er ein variant av tysk. Jamvel om tysk og nederlandsk er to vestgermanske språk, er det tale om to innbyrdes uforståelege språk med vidt ulike kulturelle referanserammer.

Samarbeid med Hans Henrik Holm
Dei tydelege krava KLJ stelte, synest beint fram å kollidere med ein annan omsetjingsantologi han gav initiativ til: Frå borg og torg. Mellomalderspel frå Nederlanda frå 1975. Før eg greier ut om innhaldet, vil eg herme ei melding av boka i eit nederlandsk tidsskrift: Meldaren, M.C.A. Brongers, meiner boka er delvis mislukka på grunn av «det arkaiske og sterkt dialektfarga ordtilfanget, som dessutan blir skjemt av mange neologismar» (mi omsetjing).[16] Brongers, som sjølv har omsett bøker frå norsk til nederlandsk, skriv vidare at tilskotsytaren av verket, Det belgiske kulturministeriet, skulle ha fått høve til ein kritisk gjennomgang av verket før det kom ut – men andre ord: Denne utgjevinga skulle vore stogga. Vi har sett at KLJ kunne vera svært kritisk til det han meinte var dårlege omsetjingar frå nederlandsk til norsk. Men her er han sjølv skyteskive for kritikk. Var han sjølv uvyrden i sine omsetjingsprosjekt? For å forstå kritikken må vi kike på valet av omsetjar.

Denne attdiktinga fører oss til ein sentral samarbeidspartnar i omsetjingsverksemda til KLJ: Hans Henrik Holm (1896–1980) – ein av dei mest særeigne diktarane i norsk litteratur. Holm, som sjølv var Oslo-mann, er kjend for eit lyrisk «folkeepos», skrive på ein arkaisk-dialektal variant av nynorsk med røter i gamalt setesdalsmål. Han nytta tallause sjeldsynte ord og utstyrde difor bøkene sine med eigne ordforklåringar. Det same gjeld Frå borg og torg, der 48 av 278 sider er fylte med ordtydingar – og då ikkje av nederlandske, men gamle norske ord!

Som det går fram av boktittelen, er det tale om ei samling mellomalderspel frå Nederlanda. Boka vitnar om KLJs interesse for det han meinte var det store bidraget frå nederlandsk litteratur til verdslitteraturen: den dramatiske diktinga. Frå borg og torg inneheld norske attdiktingar av dei såkalla Abele spelen frå om lag 1350 – det er dei eldste, verdslege teaterstykka i europeisk dikting etter antikken. Det som fanst av drama i mellomalderen, var som regel religiøse mysteriespel. Eit mysteriespel er òg teke med i antologien.

Kvifor gje Hans Henrik Holm dette oppdraget? Sidan denne tradisjonen hadde opphavet i «den nederlandske kulturens vogge» – Flandern – var det kanskje naturleg å ty til ein representant for den norske kulturens vogge, Holm med dikting frå Setesdal. Men den nære venskapen mellom dei to er ein del av grunnen til at Holm fekk jobben. Dei møttest på ein konsert i 1941, der Holm gjekk bort til KLJ og spurde: «Hvem er De? De ser så kunstnerisk ut!» Det var innleiinga til ein førti år lang venskap og like langt samarbeid, skriv KLJ i memoarane sine.[17]

Språkvalet kan forsvarast ved å peike på den distansen Holms setesdalsprega nynorsk gjev. Nederlandsk språk har ikkje endra seg så mykje frå mellomalderen, men nok til at ein lesar er avhengig av språk- og ordkommentarar for å forstå heilskapen. Det same gjeld Holms nynorsk. Ved hjelp av ordlista bak kan ein norsk lesar skjøna dei vanskelege orda, samtidig som Holms vektlegging av rim, rytme og ordklang gjev lesaren ei god oppleving av dei formelle kvalitetane ved mellomalderspela. Holm skal ha ros for å ha teke seg bryet med å attdikte verket i bunden form – noko som langt ifrå er vanleg i attdikting av historisk dikting.

KJL vender seg òg til Hans Henrik Holm når han går i gang med formidling av emnet for doktorgradsavhandlinga for eit norsk publikum: Joost van den Vondels dikt og dramatikk. I 1954 står ein artikkel på trykk i Edda om Vondel og diktet hans til det kjende slaget mellom engelskmenn og nederlendarar på Vågen i Bergen i 1665, «De havenschenderij te Bergen», saman med ei attdikting av Hans Henrik Holm, «Skjemdarverk ved Bergenshavni». Ein del år seinare, i 1979, samarbeider dei på liknande vis til trehundreårsmarkeringa for Vondels dødsår – dei gjev ut eit hefte med KLJs utgreiing av Vondels litterære kvalitetar og med omsetjingar av Holm. Faktisk er det enklare for ein nordmann å forstå visse ord og passasjar hjå Vondel i Vondels eigen original, hans 1600-talsnederlandsk, enn i Holms 1900-talsnorsk! Vondels «krijghsorkaen» blir «bròtvêrsglym» hjå Holm, og ei setning som «De band, die ‘t harte bind / Der moeder aen het kind / Gebaert met wee en smarte» (‘bandet som bind hjarta hennar mor til barnet, fødd med ve og smerte’) blir «Sitt barn hev mori ått / av hjonsleg semjehått / i frygd og pinsleflage».[18]

Brongers ville nok ikkje vore nådig i domen over desse omsetjingane. Til sjuande og sist må dei heller kallast språkleg-litterære eksperiment av ein høgst individuell og original ordkunstnar enn omsetjingar i den strenge tydinga av ordet.[19] Det skjøna nok òg KLJ. Difor valde han å gje oppdraget til ein annan omsetjar då han gjekk i gang med planen om overføring til norsk av Vondels mest kjende verk og eit av dei store høgdepunkta i verdslitteraturen: tragedien Lucifer frå 1654.

Vondel på riksmål
Vondel er den raude tråden i KLJs forskingskarriere, frå magistergraden hans i 1955 og fram til bøker og artiklar han skreiv som professor emeritus. Vondel levde i Nederlands gullalder, samtidig med dei store kunstmålarane, som Rembrandt og Rubens. Vondels stordom som dramatikar ligg i dei to måtane han fornya renessansedramatikken på. Som tragediediktar i det kristne Europa meinte han at diktarar burde hente stoffet sitt frå forteljingane i Bibelen, på same måte som diktarar i antikken hadde henta stoff frå sin eigen religions mytar. På dette viset ville ein kunne etterlikne dei greske og romerske meistrane. Renessansen handlar som kjent om imitatio (‘etterlikning’) av diktekunsten i antikken. Det andre punktet galdt eksakt kva diktarar i antikken ein skulle etterlikne. Vondel valde å sjå bort frå det store førebiletet i samtida, romaren Seneca, som fylte skodespela sine med skrømtscener, ytre geberder og lange moralske monologar. Vondel gjekk heller til dei opphavlege greske dramatikarane, som Sofokles, og til teoriane om tragediedikting hjå Aristoteles, som la vekt på den indre psykologiske spenninga. «Den første thriller i europeisk litteratur», kallar KLJ difor Vondels fyrste tragedie som fylgjer dette programmet.[20] Vondel røynleggjorde det som vart sett på som umogeleg: å skrive ein kristen tragedie. Lucifer kan kallast den ultimate kristne tragedien, for temaet er den fyrste synda i det kristne universet: Lucifers oppreist mot Gud.

KLJ kjende nok òg ein affinitet til Vondel, fordi Vondel konverterte til den katolske kyrkja, noko som sjokkerte mange i det protestantiske Amsterdam. KLJ hadde sjølv konvertert til kyrkja i Rom. Mange som kjende han, gjorde òg eit nummer av ein viss portrettlikskap mellom Vondel og KLJ. Fyrst seint i livet våga KLJ seg på ei attdikting av eit heilt Vondel-verk. KLJ hadde ikkje berre ei forskarinteresse for Vondel, men beint fram eit lidenskapeleg forhold til dramatikaren.

Til Vondel-jubileet i 1987 kom så endeleg det fyrste Vondel-dramaet på norsk.[21] No vender KLJ seg til ein av dei gamle samarbeidspartnarane sine, Albert Lange Fliflet. Fliflet hadde studert finsk-ugriske språk, men hadde som autodidakt lært seg ei rekkje språk på eiga hand, mellom anna nederlandsk. Han er mest kjend for attdiktinga av det finske nasjonaleposet Kalevala, som han overførde til ein variant av nynorsk inspirert av vesttelemål. I eit intervju fortel Fliflet om valet av denne språkforma: «Det har en stil som faller best sammen med det mål våre egne beste folkeviser er nedtegnet på».[22] Ein kunne tru at vi fekk ein reprise på Hans Henrik Holms nynorsk, men for det fyrste er Fliflets variant meir tilgjengeleg, og for det andre valde han riksmål som instrument for Vondel-omsetjinga. Mogelegvis var det den renessanse-humanistiske karakteren til Vondels drama som avgjorde saka – ein stil som ikkje samsvara med det folkloristiske innslaget i Fliflets nynorsk. Men forklåringa er nok heller prosaisk: Kulturbiblioteket til Thorleif Dahl, der gjendiktinga kom ut, har riksmål som bruksspråk.

Utgjevinga fylgjer det vanlege oppsettet for KLJ: attdikting ved ein samarbeidspartnar og etterord med eit litteraturhistorisk oversyn av KLJ sjølv. I tillegg har Fliflet skrive eit føreord, der han gjer greie for somme språklege og litterære val: I staden for Vondels versemål aleksandrinar har Fliflet valt eit stuttare versemål, Shakespeares blankvers, noko som har gjort at Fliflet har måtta leggje til versliner for å dekkje innhaldet i originalen. Samtidig har han valt ei rimlaus løysing. Men Fliflet gjer unnatak for kora, som har rim og fylgjer same versskjema som originalen. Han takkar både KLJ og ein av KLJs akademiske kollegaer, Karel Porteman ved universitetet i Leuven, Belgia, for språklege vink og råd. Han skriv at han har budd nokre månader i Leuven, i KLJs husvære der, under arbeidet.[23]

Studerer vi attdiktinga, legg vi merke til eit arkaisk ordtilfang som høver med høgstilen i originalen: «drott» for «konge», «viv» for «kone», «mig» for «meg», osb. Meir påfallande er bruken av eldre høfleg tiltale: «I» og «Eder», som forsvann ut av rettskrivinga i 1938, men som vi kjenner frå riksmålsbibelen. Her har Fliflet funne ein råkande norsk ekvivalent til høfleg tiltale hjå Vondel: «ghij–u», kontra moderne nederlandsk «u–u». Ein annan ting som er verdt å nemne, er Fliflets løysing på ein omdiskutert passasje hjå Vondel. I sluttscena, der erkeengelen Michael styrtar Lucifer og flokken hans ned i avgrunnen, jamfører Vondel fallet med «een noortschen waterval / Die van de rotsen bruischt, en ruischt, met een geschal / Dat dier en ondier schrickt, in diepgezoncke dalen» (vv. 1867–1874). I Vondel-forskinga har litteraturvitarar diskutert om «noortsch» her tyder ‘nordisk’, og om Vondel då baserer seg på målarstykke av norske fossar av samtidige kunstnarar som Allart van Everdingen og spesielt Jacob van Ruisdael – eller om scena er litterært lån frå Schilder-boeck av Karel van Mander eller Vergils Aeneiden. Det kjem ikkje som ei overrasking at Fliflet vel det fyrstnemnde alternativet: «en nordisk foss / i tverrstup utfor klippene med drønn / som skremmer dyr og udyr dypt i daler».[24] Den nemnde Karel Porteman kom nemleg til å skrive ein artikkel om spørsmålet, så her har Fliflet tydelegvis rådført seg med belgiaren.[25]

Nye Vondel-omsetjingar
I det fyrste tiåret etter 2000 var KLJ ein gamal mann. Mange av dei næraste samarbeidspartnarane hans, særleg dei som hadde teke del i store prosjekt med historiske verk, var avlidne: Hans Henrik Holm, Åse-Marie Nesse og Albert Lange Fliflet. Men i 2006 overraskar han likevel med ei omsetjing av eit heilt verk av Vondel – denne gongen dreiar det seg om Gebroeders frå 1640, den tragedien som markerer byrjinga på Vondels kristne tragediar. Og denne gongen utfører professoren sjølv omsetjingsarbeidet. KLJ har gjeve den norske attdiktinga, som også kjem ut i Thorleif Dahls kulturbibliotek, tittelen De syv brødre etter stoffet Vondel baserer seg på: Andre Samuelsbok, kapittel 21 – forteljinga om kong David og det ikkje-jødiske folket gibeonittane. Historia fortel at Israel opplever tørke og nedgangstid fordi ei ugjerning frå tidlegare tider har stått uoppgjord: Sauls massakre på gibeonittane. Dei krev at David utleverer sju mannlege etterkomararar av Saul til soneoffer. Tragedien skildrar Davids psykologiske konflikt i spørsmålet om utlevering eller ei – David er altså den tragiske helten i stykket.

Dessverre har ikkje KLJ utstyrt boka med kommentarar knytte til omsetjingsarbeidet. Men ei gjennomlesing syner at KLJ stort sett fylgjer dei same retningslinene som Fliflet i arbeidet hans med Lucifer. Rett nok er ordtilfanget ikkje så arkaisk, men den høgtidlege stilen er teken vare på. Likeins har KLJ gjennomført omsetjinga i rimfrie blankvers, bortsett frå kora, som fylgjer same rytmeskjema som i originalen. Kora er også rimfrie – til skilnad frå Vondel-omsetjinga frå 1987. Eg gjev her att ein smakebit, tiltalen til Jordanelva i koret på slutten av andre akt – fyrst nederlandsk, så norsk.


Jordaen, die door een dubbele ader
Vloeit uit den voet van Liban, vader
Van bronnen, beecken, vyvers, zeen,
En stroomen; wat maeckt u zoo kleen?
Die d’oevers lieflijck plaght te lecken,
Voor Palestyne een graft te strecken,
Te weigeren den overtoght
Gods heir, dat nergens over moght,
Als door de Bondkist der verkoornen;
Hoe duicktghe met gekrompen hoornen
n uw verzande en dunne kil?
Hoe vloeit uw vloed zoo traegh, en stil?
Hoe hoort ghy onmedoogend ‘t morren
Van kruid en bloemen, aen ‘t verdorren,
Op bey de zoomen, eertijds jong
En blozende, van uwe tong
En altijd evenversche lippen
Gekust, gekoestert, om de tippen
Van wortelen, en struick, en steel?
Hoe hyghtghe met een schorre keel?
Hoe is uw koelte, om ‘t land te plaegen,
Tot zulck een’ brand en koorts geslagen?[26]

Å, Jordan, som i din tvedelte bane
har gravet sitt leie fra Libanons fjell,
et opphav for kilder, bekker og sjøer,
ja, floder og hav – hva gjør deg så smal?
Med kjærtegn du liflig strøk dine bredder
som gav Palestina vern imot angrep
og hindret selv overgang for Guds hær
som ingensteds kunne krysse din flod
for Paktens Ark brøt vei for de kårne.
Og hvorfor nu dukke med krympede horn
så dypt i ditt smale, sandfulle leie?
Så tregt og så stille rinner ditt vann!
Og hvorfor nu høre håpløse klager
som reises av visne urter og blomster
langs breddene, før så rødmende unge
og kysset av dine duggfriske leber,
som lesket og pleiet røttenes armer
fra busker og ris på alle slags planter?
Og hvorfor må strupen stønne så hest?
Er din vederkvegende svalhet nu
Slått om i en brann og fryktelig feber?[27]

KLJs utvikling som omsetjar
Som eit framhald av dette sitatet høver det å kaste eit blikk attende og sjå korleis KLJ utvikla seg som omsetjar gjennom livet. Og kva er då meir naturleg enn å bli verande ved elveskildringar? Nederland og Belgia ligg ikkje berre ved havet, men òg ved store elvar, som Maas og Rhinen – ein topografi som har gjort og framleis gjer landa til sentrale transportårer for næring og handel i Europa. Nederlandskspråkleg litteratur er òg rik på poetiske skildringar av elvar og vatn. Slik byrjar Antoon Coolens Dorp aan de rivier frå 1934, som KLJ omsette i 1950 med tittelen Landsbyliv. Eg gjev fyrst att originalen, så KLJs omsetjing:

De Maas ligt langs dit dorp. Zij komt ernaartoe gestroomd. Zij vloeit er vriendelijk langs. Zij buigt er zich weer van af. Zij ligt in de blanke boorden der verzandingen in haar bochten, in het fluwelen groen van vlak gevlijde uiterwaarden, tussen de welige ruigten der grienden.[28]

Denne landsbyen ligger ved elva Maas. Elva kommer strømmende mot den, renner vennlig ved siden av den og bøyer seg atter bort. Den flyter mellom hvite strender i sandfylte bukter, mellom fløyelsgrønne gressbevokste elvesletter på utsiden av vollene, mellom vidjekjerrets frodige villniss.[29]

Det semantiske er det ingenting å utsetja på i KLJs omsetjing. Andre omsetjarar ville kanskje ha gjort det same som Coolen: substantivert adjektiva groen (‘grøn’) og ruig (‘barsk’, ‘vill’). Og dersom ein skulle vera heilt korrekt i høve til det særeigne nederlandske fenomenet «uiterwaard», skulle ein ha skrive – ifylgje Norstedts nederländsk-svenska ordbok – «landremsa belägen mellan en flod och en vall som översvämmas vid högvatten». D. Lulofs’ nederlandsk-norske ordbok fører opp det meir generelle «elveslette», som nok heller samsvarar med nederlandsk «riviervlakte», og det er også det ordet KLJ brukar, men legg til «på utsiden av vollene». Føremålet for passasjen er landskapsskildring, han går ikkje inn på det tekniske ved ein «uiterwaard», så valet til KLJ er ikkje dårleg.[30]

Men den unge KLJ har ikkje lukkast heilt med å få fram poesien i originalen. Som vi ser, opererer Coolen med mange stutte setningar som alle byrjar med «zij» (‘ho’), som viser til elva Maas. Det gjev ein bylgjande rytme som blir understreka av det faktum at Maas er femininum på nederlandsk. KLJ har hatt ei utfordring her fordi bokmålet har den som tilknytingsord til noko som alt er nemnt, medan nederlandsk og nynorsk nyttar personleg pronomen. Slik ville det altså vore på nynorsk: «Maas ligg langsmed denne landsbyen. Ho kjem strøymande …» KLJ løyser dette problemet ved å føre inn «elva» saman med Maas. Dersom KLJ i tillegg hadde hatt same ordstilling i fyrste setning som originalen, ville han  kunna halde fram med «hun» som tilvisingsord og dermed skapt same bylgjerytmen. Tendensen til personifisering av elva gjennom termen «venleg» ville kunne forsvara ein bruk av personleg pronomen på bokmål. I opninga «Denne landsbyen» har KLJ lagt for stor vekt på innhaldet i romanen og for lite på stemninga i den poetiske passasjen. Ein annan ting er at Coolen òg nyttar mange bokstavrim, til dømes «vloeit … vriendelijk» og «blanke boorden». Ved det sistnemnde dømet kunne KLJ ha valt dei norske ekvivalentane – «blanke bredder» i staden for «hvite strender», då ville denne b-en òg klinge saman med «bukter» lenger fram.

I det siterte utdraget frå De syv brødre møter vi KLJ 56 år seinare. Imellom desse verka har han opparbeidd seg mykje omsetjingsrøynsle, og ikkje minst røynsle i poetisk finkjensle og stilkjensle. Nokon vil kanskje reagere på at han har valt «kjærtegn» for Jordans «lecken» (‘sleiking’) langs elvebardane, og dermed mist sambandet med «evenversche lippen» («duggfriske leber») seinare i utdraget. Men KLJ har mogelegvis tenkt at «ei sleikjande elv» ville låte litt for platt for vår tid. Kor som er, så er det ikkje tvil om at KLJ lukkast med ei poetisk attgjeving av Vondels elveskildring. Liksom Vondel opnar han med det viktigaste ordet «Jordan» (i motsetnad til dømet med Maas ovanfor) og held deretter fast på den same bylgjande rytmen som i originalen: ei blanding mellom jambe og anapest – det markerer KLJ også med ein fotnote på same sida. Vondels kunstnarlege ideal var målaren Pieter Paul Rubens; Vondel «målar» òg med brei, fargerik pensel i skodespelet – det ser vi i bokstavrima i utdraget. Trippelrimet på «v» i «vloeit uit den voet van Liban, vader» har KLJ ikkje fått med i den norske omsetjinga, men han har rim på «l» i same verslina: «leie fra Libanons». Vi ser òg korleis KLJ løyser v-rimet i «vloeit uw vloed» med eit innrim på «i» i «stille rinner». Fliflet sette som sagt om kora med same rim- og rytmeskjema som hjå Vondel, og skulle vi jamføre Vondel-attdiktingane deira med kvarandre, er det mogeleg Fliflet kjem best ut. Men no var KLJ fyrst og fremst akademikar og Fliflet attdiktar. Og som akademikar kjem KLJ slett ikkje dårleg ut. De syv brødre er eit kunstnarleg produkt, forfatta av ein akademikar med teft for poetisk finkjensle og litterær kreativitet.

Omsetjing som livskall
KLJ heldt fram med omsetjingsarbeid etter denne kraftprestasjonen. Som eg skreiv i innleiinga, gjekk han som nittiåring i gang med Vondels Adonias of Rampsalighe kroonzucht (1661) – omsetjinga er enno ikkje komen ut og ber arbeidstittelen «Adonja eller katastrofalt maktbegjær». Adonja er òg ein bibelsk person. Då David blir gamal, prøver Adonja etter det som er fortalt i Fyrste Kongebok, kapittel 1, å samle tilhengjarar og la seg utrope til konge. Profeten Natan grip inn, og David vel Salomo som etterfylgjaren sin. Adonja prøver ein andre gong å overta kongetrona, men då syner Salomo inga miskunn og slær Adonja og flokken hans ned. Kan hende av omsyn til alderen har KLJ valt ei enklare løysing enn tidlegare. Gjennom heile karrieren som omsetjar og initiativtakar til omsetjingar har litterær form spela ei stor rolle. I dikt og drama har den bundne forma til originalen vorte overførd til norsk. Denne gongen har han valt ei prosaomsetjing, men språket er vitalt og vitnar om presisjon i val av ord og formuleringar. Dette er eit arbeid som fortener å koma i bokform.

Forleggjaren hans, Per Thorvald Larsen, fortel at KLJ ikkje gav seg etter dette dramaet, men gjekk i gang med atter eit skodespel; denne gongen vende han attende til det gamle austerrikske forskingsobjektet sitt, diktinga til Franz Grillparzer.[31] Då Larsen vitja KLJ i 2013, var professoren i fullt arbeid med Grillparzers skodespel Medea frå 1822 – eit stykke om den kjende trollkvinna frå gresk mytologi. Dessverre døydde KLJ før omsetjinga vart fullførd.

KLJ sette om Vondels «Adonja eller katastrofalt maktbegjær» i ein alder av 93 år. Han gjorde den fyrste omsetjinga si av eit nederlandsk verk i 1949, som trettiåring. Seksti år av livet vigde han til formidling, omsetjing og forsking på nederlandsk litteratur. Dette «livskallet» endra situasjonen for nederlandsk kultur og litteratur i Noreg dramatisk. I byrjinga av førre hundreåret var stoda for omsett litteratur frå nederlandsk armodsleg i Noreg jamført med situasjonen i Sverige og Danmark. Men på slutten av hundreåret var Noreg – takk vere innsatsen til KLJ – det nordiske landet med det rikaste utvalet av nederlandske og flamske forfattarar tilgjengeleg på morsmålet.

På mange vis fullførde KLJ eit verk som alt var påbyrja på 1800-talet, for kimen til «neerlandistiek» i Noreg låg der alt. Nicolai Henrich Jæger (1780–1846), som var byfut i Arendal, gav ut ei nederlandsk–dansk/norsk og ei dansk/norsk–nederlandsk ordbok (høvesvis i 1826 og 1831).[32] Det er faktisk dei fyrste ordboksverka som er gjevne ut i Noreg. Seinare fylgde ein nederlandsk grammatikk med ei nederlandsk lesebok i same band (1835): Hollandsk Læsebog. Interessa for nederlandsk i Arendal er ikkje tilfeldig med tanke på kontakten som eksisterte mellom Agder og Nederland i hollendartida. Jæger skapte eit grunnlag for formidling av nederlandsk i Noreg som KLJ bygde vidare på.

Som vi har sett, utvikla omsetjarkarrieren til KLJ seg gjennom ulike steg: frå unge år med orienteringar i samtidslitteraturen i Nederland og Belgia, til større prosjekt i samarbeid både med nederlandskstudentar og profilerte attdiktarar og forfattarar i KLJs venekrins, som Elsbeth Wessel, Åse-Marie Nesse og Hans Henrik Holm. I denne perioden har ambisjonen vore å gje eit representativt utval av nederlandsk litteratur frå alle tidsperiodar og i alle sjangrar – frå mellomalderspel i Flandern til god roman- og novellekunst av nederlandsktalande forfattarar i Europa og dei tidlegare koloniane. Dei siste leveåra er konsentrerte kring ei overføring til norsk språk av yndlingsdiktaren og tema for KLJs vitskaplege arbeid: Joost van den Vondels drama. Det er eit imponerande lyft denne ambassadøren for nederlandskspråkleg kultur fekk gjennomført. Om KLJ var den som «dirigerte» omsetjingsarbeida – som professor i tidsalderen til «professorveldet» – skal ikkje studentane og samarbeidspartnarane hans gløymast. Mellom dei finst det språktalent som gjorde alt dette arbeidet mogeleg, som Tove Alkan, som seinare kom til å setja om ei rekkje nederlandske romanar til norsk.

Er det noko som vantar i dette «biblioteket» av omsett nederlandsk litteratur til norsk, er det ein antologi over det beste av nederlandsk lyrikk. Ved å samle dei spreidde diktomsetjingane KLJ gav initiativ til i ei utgjeving, og leggje til nye attdiktingar, ville det kunne fullførast.

KLJ arbeidde også med litteratur på frisisk og afrikaans. KLJ oppretta frisisk (språket i den nederlandske provinsen Frisland) som sidefag ved Universitetet i Oslo, og han formidla norsk litteratur i frisiske organ, og frisisk litteratur i norske tidsskrift. Men han sette ikkje om frisiske verk til norsk. Han sette heller ikkje om verk frå afrikaans, dotterspråket til nederlandsk i Sør-Afrika, men det gjorde kona hans, Annika Langvik-Johannessen: I 1980 kom Sewe dae by die Silbersteins av Etienne Leroux (1922–1989) frå 1962 ut i norsk språkdrakt med tittelen Syv dager hos Silbersteins. Lerouxs roman er truleg ei av dei fyrste omsetjingane av eit skjønnlitterært verk på afrikaans til norsk. Bøkene til den afrikaanstalande forfattaren André Brink, som var populær i Noreg, er omsette frå engelsk. Brink sette dei sjølv om til engelsk, før dei så vart lagde til grunn for overføring til norsk og andre språk.

I dag er det mange habile omsetjarar av nederlandsk litteratur til norsk. Det er ikkje tilfeldig at mange av dei har opphav i miljøet som KLJ skapte ved «neerlandistiek» ved Universitetet i Oslo frå midten av førre hundreåret, og som vart vidareført av etterfylgjaren hans, Geir Farner, som òg har eit par omsette verk på merittlista si. Andre namn er Guro Dimmen og Hedda Vormeland. Eit lite studieområde som nederlandsk er avhengig av ei slik eldsjel som KLJ var. Han hadde det einaste professoratet i nederlandske studium i Skandinavia, som universitetet diverre valde å leggje ned i 2013.

Forfattaren av artikkelen takkar Gudmund Harildstad, Per Thorvald Larsen, Raf de Saeger,
Lars S. Vikør og anonyme fagfellar for hjelp og tips undervegs.

Litteraturliste:
Anomym. 1996. «Bastianprisen ’96 til Langvik-Johannessen». Aftenposten, 27. september, s. 10.

Brongers, M.C.A. 1976. «Hans Henrik Holm og Kåre Langvik-Johannessen, Frå borg og torg. Mellomalderspel frå Nederlanda». De Nieuwe Taalgids, årgang 69, s. 553.

Coolen, Antoon. 2007. Dorp aan de rivier (red. H.T.M. van Vliet). Rotterdam: Nijgh & Van Ditmar.

Den Doolaard, A. 1949. – og havet ga tapt. Omsetjing ved Kåre Langvik-Johannessen. Oslo: Tanum forlag.

Hauge, Olav H. 2000. Dagbok 1924–1994, bd. 1–5. Oslo: Det Norske Samlaget.

Hoel, Tore. 1997. Manns plikt – En biografisk dokumentar om Trygve Gulbranssen. Oslo: Aschehoug.

Holm, Hans Henrik. 1954. «J. van den Vondel: Skjemdarverket ved Bergenshavni i Norge». Edda, årgang 54, s. 303–304.

Hultgren, John. 1998. «Nødvendig med sang i sjelen». Aftenposten, 10. mai, s. 17.

Langvik-Johannessen, Kåre. 1963. Zwischen Himmel und Erde. Oslo: Universitetsforlaget.

Langvik-Johannessen, Kåre. 1969. De lave land forteller. En stornederlandsk novelleantologi. Oslo: Gyldendal forlag.

Langvik-Johannessen, Kåre. 1975. Im Namen kaiserlicher Majestät: zur inneren Handlung in Grillparzers «Ein Bruderzwist in Habsburg», Salzburg: Bergland Verlag.

Langvik-Johannessen, Kåre (saman med Hans Henrik Holm). 1979. Joost van den Vondel 1587–1679. Germanistisk institutt, Universitetet i Oslo.

Langvik-Johannessen, Kåre. 1980. Litteraturen i Nederlandene gjennom 800 år. Oslo: Solum forlag.

Langvik-Johannessen, Kåre. 1985. «Kommentar til den norske oversettelse av Harry Mulisch’ roman Attentatet». Ergo. Tidsskrift for kultur- og samfunnsspørsmål, årgang 16, nr. 4, s. 278–283.

Langvik-Johannessen, Kåre. 1986. «Van buitenaf bekeken», Diogenes, årgang 3, s. 268–275.

Langvik-Johannessen, Kåre. 1987. «Efterord» i Joost van den Vondel, Lucifer. Thorleif Dahls kulturbibliotek. Oslo: Aschehoug forlag, s. 110–140.

Langvik-Johannessen, Kåre. 1995. «Uverdige, grove oversetter-feil», Aftenposten 4. juli, s. 5.

Langvik-Johannessen, Kåre. 2009. Nicolai Henrich Jæger. https://nbl.snl.no/Nicolai_Henrich_Jæger. Besøkt 2. februar 2020.

Langvik-Johannessen, Kåre. 2012. Fra Villa Retiro til Europa – Erindringer. Fredrikstad: Faglitterært forlag.

Laureys, Godelieve (hovudredaktør). 2008. Norstedts nederländsk-svenska ordbok / Van Dale Handwoordenboek Nederlands-Zweeds. Antwerpen & Utrecht: Van Dale/Stockholm: Norstedts.

Lulofs, D. 2005. Woordenboek Nederlands-Noors / Noors-Nederlands, Groningen: Boekwerk & partners.

Porteman, Karel. 1992. «De waterval in de Nederlandse cultuur van de zeventiende eeuw». Verslagen en mededelingen van de Koninklijke Academie voor Nederlandse taal- en letterkunde, Koninklijke Vlaamse Academie voor Taal- en Letterkunde, s. 141–152.

Porteman, Karel. 1998. «Kåre Langvik-Johannessen: onze culturele zaakwaarnemer in het Hoge Noorden». Ons Erfdeel 41, s. 128–130.

Spaans, Ronny. 2018. «‘De grote onbekende’. Lucifer in het Noors», i: Marijke Meijer Drees, Marco Prandoni og Rita Schlusemann, De glans van Vondels Lucifer: Opvoeren, vertalen, herinneren. Amsterdam: Amsterdam University Press.

Sterck, J.F.M, et al. 1927–1937. De werken van Vondel, 10 bd. Amsterdam: De Maatschappij voor goede en goedkoope lectuur.

Tveterås, Egil. 2009. https://nbl.snl.no/Johan_Grundt_Tanum. Besøkt 2. februar 2020.

Vondel, Joost van den. 2006. De syv brødre. Omsetjing ved Kåre Langvik-Johannessen. Thorleif Dahls kulturbibliotek. Oslo: Aschehoug forlag.


[1] Karel Porteman, «Kåre Langvik-Johannessen: onze culturele zaakwaarnemer in het Hoge Noorden», Ons Erfdeel, 41,1998, s. 128–130.

[2] Kåre Langvik-Johannessen, Fra Villa Retiro til Europa – Erindringer, Faglitterært forlag, 2012, s. 57.

[3] Kåre Langvik-Johannessen, Zwischen Himmel und Erde, Universitetsforlaget, 1963..

[4] A. den Doolaard, – og havet ga tapt, 1949, Tanum forlag, s. 8. KLJ fører denne utsegna til Goethe, men ho går lengre attende i tid.

[5] Egil Tveterås, https://nbl.snl.no/Johan_Grundt_Tanum

[6] Kåre Langvik-Johannessen, «Van buitenaf bekeken», Diogenes, 1986, s. 268–275 (sjå s. 269).

[7] Im Namen kaiserlicher Majestät: zur inneren Handlung in Grillparzers «Ein Bruderzwist in Habsburg», Bergland Verlag.

[8] Langvik-Johannessen, 1969, s. 7.

[9] Langvik-Johannessen, 1976, s. 9–10.

[10] «Bastianprisen ’96 til Langvik-Johannessen», Aftenposten, 27. september 1996, s. 10.

[11] Kåre Langvik-Johannessen, Litteraturen i Nederlandene gjennom 800 år, Solum forlag, 1980.

[12] Kåre Langvik-Johannessen, «Uverdige, grove oversetter-feil», Aftenposten, 4. juli 1995, s. 5.

[13] Kåre Langvik-Johannessen, 1995, s. 5. Og bakom synger skogene er ein tittel ikkje mange kjenner til lenger. Verket vart i etterkrigstid assosiert med nazismen – jamvel om Gulbranssen sjølv protesterte mot Nazi-Tyskland og nekta å vera med på føredragsturné i Tyskland under krigen. Sanninga er at bøkene til Gulbranssen vart lesne av alle typar menneske, uavhengig av politisk syn, slik dømet med Anne Frank provar. I Nederland vart Gulbranssen karakterisert som «Griegs tonebilleder av Norge omsatt i ord», og han var i si tid Nederlands mest selde forfattar – og det med god margin. Dette kjem fram av Tore Hoel, Manns plikt – En biografisk dokumentar om Trygve Gulbranssen, Aschehoug, 1997, s. 138–140.

[14] Anne Frank, Anne Franks dagbok – ny usensurert utgave, oms. Tormod Haugen, Aschehoug, 1996, s. 4.

[15] Kåre Langvik-Johannessen, «Kommentar til den norske oversettelse av Harry Mulisch’ roman Attentatet», Ergo. Tidsskrift for kultur- og samfunnsspørsmål, nr. 4, 1985, s. 278–283.

[16] «Het archaïsche en sterk dialectgekleurde woordgebruik, dat bovendien ontsierd wordt door vele neologismen», frå: M.C.A. Brongers, «Hans Henrik Holm og Kåre Langvik-Johannessen, Frå borg og torg. Mellomalderspel frå Nederlanda», i De Nieuwe Taalgids, 1976, s. 553.

[17] Kåre Langvik-Johannessen, Fra Villa Retiro til Europa – Erindringer, Faglitterært forlag, 2012, s. 52.

[18] Hans Henrik Holm, «J. van den Vondel: Skjemdarverket ved Bergenshavni i Norge», i Edda, årgang 54, 1954, s. 303–304; Kåre Langvik-Johannessen (saman med Hans Henrik Holm), Joost van den Vondel 1587–1679, Germanistisk institutt.

[19] Det er mange som har ytra seg om Hans Henrik Holms nynorsk. Det er ikkje plass til heile denne debatten i denne artikkelen. Men ein god innfallsvinkel til temaet er å sjå kva diktaren Olav H. Hauge skriv om Holm i dagboka si. Ved å bruke stikkordregisteret (bd. 5, s. 634) vil ein kunne finne Hauges drøftingar av språkbruken hans, Olav H. Hauge, Dagbok 1924–1994, bd. 1–5, Det Norske Samlaget, 2000.

[20] Joost van den Vondel, Lucifer, 1987, s. 118.

[21] For ein meir detaljert gjennomgang av omsetjinga og formidlinga av Vondels Lucifer i Noreg, sjå Ronny Spaans, «‘De grote onbekende’. Lucifer in het Noors», i: Marijke Meijer Drees, Marco Prandoni og

Rita Schlusemann, De glans van Vondels Lucifer: Opvoeren, vertalen, herinneren, Amsterdam University Press, 2018.

[22] John Hultgren, «Nødvendig med sang i sjelen», Aftenposten, 10. mai 1998, s. 17.

[23] Albert Lange Fliflet, «Forord», i Joost van den Vondel, Lucifer, Aschehoug, 1987, s. 7.

[24] Joost van den Vondel, Lucifer, 1987, s. 95.

[25] K. Porteman, «De waterval in de Nederlandse cultuur van de zeventiende eeuw», Verslagen en mededelingen van de Koninklijke Academie voor Nederlandse taal- en letterkunde, Koninklijke Vlaamse Academie voor Taal- en Letterkunde, 1992, s. 141–152.

[26] J.F.M. Sterck, et al., De werken van Vondel, 10 bd., De Maatschappij voor goede en goedkoope lectuur, 1927–1937, bd. 3, s. 828–829.

[27] Joost van den Vondel, De syv brødre, 2006, s. 50.

[28] Antoon Coolen, Dorp aan de rivier, Nijgh & Van Ditmar, 2007, s. 7.

[29] Antoon Coolen, Landsbyliv, Tanum forlag, 1950, s. 5.

[30] Sjå Godelieve Laureys, (hovudredaktør), Norstedts nederländsk-svenska ordbok / Van Dale Handwoordenboek Nederlands-Zweeds, Van Dale/Norstedts, 2008, s. 843, og D. Lulofs, Woordenboek Nederlands-Noors / Noors-Nederlands, Boekwerk & partners, 2005, s. 349.

[31] Samtale med Per Thorvald Larsen, 10. april 2019.

[32] Sjå Kåre Langvik-Johannessens eigen biografiske artikkel om Jæger: https://nbl.snl.no/Nicolai_Henrich_Jæger

Bibliografi