Magnus Grønvold, 1887–1960

Tegnet av Meidell Andersen

Magnus Gissur Thorlacins Grønvold var lærar, omsetjar og kunst- og kulturformidlar. Han er mest kjend for å stå bak den første norske omsetjinga av Miguel de Cervantes Saavedras Don Quijote de la Mancha, saman med Nils Kjær.

Oppvekst og familie
Magnus Grønvold vaks opp i ein familie som verdsette kulturell danning høgt. Far var Didrik Hegermann Grønvold (1855–1928), skulemann, forfattar, kulturmeldar, teaterinstruktør, og seinare museumsbestyrar, som kom frå ein veletablert embetsmannsfamilie i Bergen. Mor var Anna Maria Thorlacius (1858–1942) frå ein prestefamilie i Hrafnagil, like ved Akureyri, Island.

Didrik Grønvold arbeidde som lærar ved Hambros private middelskule og gymnasium i Bergen. Familien var svært engasjert i kunstnarlivet i byen, og avstanden til Den Nationale Scene var kort. Forfattarar som Henrik Ibsen og Bjørnstjerne Bjørnson var stendig innom på besøk, og både Edvard Grieg og Knut Hamsun pleia tette venskapsband med familien Grønvold. Magnus Grønvold utveksla jamvel brev med Hamsun i ungdomstida si.

I 1895 flytta familien til Kristiansand då faren fekk jobb som adjunkt ved Kristiansands offentlege høgare allmennskule. I 1901 vart faren overlærar og lektor ved Hamar offentlege allmennskule, og familien flytta med. Magnus Grønvold tok examen artium i Hamar i 1907.

Magnus Grønvold flytta deretter til Kristiania for å byrje på universitetet, først embetsstudiet i juss, men endra etter kvart studium til filologi. I 1914 fekk han graden cand.mag. I 1917 gifta han seg med Margit (med jentenamn Bang), fødd i Bø i Telemark 1890. Dei fekk borna Anita (1919), Fredrik Christian (1924) og Anne Marie (1928).

Grønvold oppdagar Spania
Magnus Grønvold vitja Spania to gongar som student, først som 21-åring i 1908. Møtet med kunstnaren Ignacio Zuloaga vart skilsetjande for Grønvold, og dei byrja ein brevkorrespondanse som varte fram til Zuloagas død. I 1911 vendte Grønvold tilbake til landet for å lære seg språket og oppheldt seg der i seks månadar. I eit intervju seinare kom Grønvold inn på fascinasjonen over Zuloagas kunst som motivasjonskraft for landet, kulturen og språket:

Det skyldes Zuloaga. Jeg så hans billeder første gang da jeg var 16 år. Og det gjorde inntrykk, hans patetiske skildring av den kastillianske høislette med dens eldgamle kulturminner står ennu uutslettelig for mig. Da jeg selv fikk se landet for første gang var jeg 21 år, og jeg fant igjen alt det betagende i Zuloagas billeder, det stod der slik som jeg dengang var innstillet på å finne det. (Aftenposten 6. februar 1932)

Grønvold vitja Spania fleire gongar og skreiv levande om reisene sine, mellom anna i Bak de ville Pyreneer (1936). Mest merksemd fekk han nok for funnet av sarkofagen til prinsesse Kristina i eit kloster i landsbyen Covarrubias i nærleiken til byen Burgos. Prinsesse Kristina var dottera til Håkon Håkonsson og Margrete Skulesdotter som vart gift bort i 1258 til Don Felipe, bror til kong Alfonso X. Oppdaginga til Grønvold vart også omtala i Aftenposten 31. august 1935.

Spansklæraren
Magnus Grønvold vart tilsett ved Kristiania Handelsgymnasium i 1918, først som lærar i spansk, deretter som overlærar i det same faget i 1924. Elevane måtte meistre handelskorrespondanse på framandspråk, og skulen var tidleg ute med å tilby undervising i språk som engelsk, tysk, fransk og spansk, til og med italiensk og russisk i periodar. På denne tida var det dei merkantile utdanningsinstitusjonane som Kristiania Handelsgymnasium og Bergen Handelsgymnasium (og seinare Noregs handelshøgskule) som kunne tilby undervising i ei rekkje moderne framandspråk, til skilnad frå universitetet i Kristiania, der dei klassiske språkfaga framleis stod sterkt.

Grønvold fann seg nok til rette ved skulen og skreiv fleire lærebøker, redigerte ei ordbok og utvikla brevkurs i spansk språk i løpet av lærarvirket sitt. Den økonomiske situasjonen for Kristiania Handelsgymnasium var likevel ustabil, og leiinga reviderte stendig undervisingsplanane for å sikre høg nok tilstrøyming av elevar. I 1933 vart spanskfaget lagt ned, og Grønvold gjekk over til å undervise i fransk språk heilt fram til han gjekk av med pensjon i 1954.

I Grønvolds nekrolog i Aftenposten (19. desember 1960) blir han omtala som ein «meget dyktig og streng lærer» med «skarp tunge» som stilte «strenge krav til elevene, og han var ikke nådig mot dem som ikke kunne sine lekser eller fulgte med i timene». I minneboka frå Oslo handelsgymnasium vart han hugsa som ein «mann med særpreg» og at «han kunne være hard og sarkastisk, men hans formuleringsevne ga ofte de bitende replikker en elegant snert som gjorde at han ble husket ordrett» (s. 193).

Omsetjaren
Magnus Grønvolds første omsetjing som vi kjenner til, er skodespelet Flekken som renser av José Echegaray. Echegaray hadde allereie vunne eit visst renommé og vann nobelprisen i litteratur i 1904. Det omsette skodespelet vart framført ved Nationaltheatret elleve gongar i perioden 12. mars til 31. mai 1911. Truleg er dette det aller første dramaet som er omsett frå spansk til norsk. Grønvold heldt fram med å omsetje skodespel og lystspel. Same året kom Juan José av Joaquín Dicenta ut på norsk, og året etterpå Piken frå Arles av Alphonse Daudet, omsett frå fransk.

Illustrasjon av Wilhelm Marstrand i Grønvold og Kjærs oversettelse fra 1916.

Grønvolds meisterverk er utan tvil omsetjinga av Miguel de Cervantes’ Don Quijote de la Mancha, som han gjorde saman med forfattaren Nils Kjær. Medan Grønvold stod for sjølve omsetjinga, bidrog Kjær til det stilistiske ved teksten. Omsetjinga av første del av romanen kom ut i 1916, medan andre del kom ut i 1918, begge på Cammermeyers forlag. Forlaget gav ut verket i to utgåver, ei såkalla luksusutgåve og ei folkeutgåve som kom ut i 30 hefter à 50 øre.

At den relativt nyeksaminerte Grønvold klarte å omsetje det voluminøse verket, må seiast å vere ei bragd. Sjølv om språket i dag nok verkar gammalmodig, ber teksten framleis på ein eleganse som er lojal mot Cervantes’ riddarunivers. Vi veit ikkje kva utgåve som var utgangsteksten for Grønvold, men det godt mogleg at det var Nicolás Díaz de Benjumeas kommenterte utgåva frå 1887 eller ei liknande utgåve som var tillempa spansk språkføring slik ho var på slutten av 1800-talet. Det er også godt mogleg at Grønvold har lent seg på den danske omsetjinga av Charlotte Dorothea Biehl frå 1776–77.

Opninga av det første kapittelet må vere eit av dei mest vidkjente anslaga i verdslitteraturen:

En un lugar de la Mancha, de cuyo nombre no quiero acordarme, no há mucho tiempo que vivia un hidalgo de los de lanza en astillero, adarga antigua, rocin flaco y galgo corredor. Una olla de algo más vaca que carnero, salpicon las más noches, duelos y quebrantos los sábados, lantejas los viernes, algo palomino de añadidura los domingos consuman las tres partes de su hacienda. El resto della concluian sayo de velarte, calzas de velludo para las fiestas con sus pantuflos de lo mismo, y los dias de entre semana se honraba con su vellorí de lo más fino.
(Nicolás Díaz de Benjumeas utgåve frå 1887, s. 87–88.)

Paa et sted i la Mancha, hvis navn jeg ikke gidder huske, levde der for ikke saa mange aar siden en landadelsmand av dem som eier en lanse paa stativ, et gammelt skjold, en skindmager ridehest og en jagthund. En lammekjøtret som væsentlig var kokt paa kukjøtt og som tilkvelds blev opvarmet som lapskaus, hakkemat om lørdagen og linser om fredagen, samt en due som tillæg om søndagen, slukte de tre fjerdedele av hans indkomster; resten gik med til hans beklædning, som tilsøndags bestod av vams, bukser og tøfler, alt av fløiel, mens han til hverdags ikke var for stor til at klæ sig i vadmel, riktignok av fineste sort.
(1916, s. 1)

I anslaget legg Grønvold seg ganske tett opp til originalspråket i setningslengd og rytme. Men tekstutdraget inneheld fleire stad- og tidsbundne omgrep knytt til mat og kle som må ha vore utfordrande å omsetje. I den spanske originalutgåva ber vekas matrettar bodskap om tapt rikdom. Lågadelsmannen Don Quijote tviheld på standsmessige kjøtrettar, men det er samstundes noko stusseleg over matbordet. Grønvold har freista å overføre dette til attkjennelege norske matrettar i staden for å framstille Cervantes’ gastronomi som eksotisk. Salpicón var saltkjøt som tradisjonelt var til overs etter middag (altså måltidet midt på dagen). Grønvolds omsetjing av den folkelege retten salpicón til lapskaus vitnar om eit ønskje om å tilpasse til målspråkets kultur der det er mogleg og føremålstenleg. På laurdagar åt Don Quijote duleos y quebrantos, sannsynlegvis ein kaloririk rett basert på egg med bacon-lag (torreznos) eller innmat frå fugl (menudillos) og innvollar frå andre dyr (despojos), noko som var vanleg i Mancha-regionen i den aktuelle tidsepoken. Denne matretten har Grønvold valt å omsetje med vår eigen hakkemat, som er opphakka kjøt og innmat, rett nok utan egg. Liknande framgangsmåte nyttar Grønvold om Don Quijotes kle. Plagg som sayo og vellorín, var allereie gammaldagse og gått ut av moten på Cervantes’ tid. Grønvold omsette desse plagga til vams og vadmel, som strengt tatt ikkje er heilt det same. Men nettopp ved å velje vams og vadmel får omsetjaren fram poenget for norske lesarar: Don Quijote levde i fortida, også i klesvegane.

Utgjevinga av første bind vart omtala i ei rekkje aviser over heile landet, og omsetjinga fekk lovprisande omtale. I Aftenposten 10. september 1916 stod det at boka var

omhyggelig og forstaaelsesfuldt oversat, i det pragtfuldeste utstyr … [og] den overordentlige vanskelige opgave [er] løst med held. Cervantes' skjønne spansk, hans klare og alligevel saa fint bevægelige sprog er naturligvis strengt taget uoversættelig. Desmere fortjenstfuldt er det, at de to oversættere har det friske, levende sprog over gjengivelsen, som kjendetegner originalen.

Morgenbladet skreiv 22. desember at «oversættelsen rager høit op over de tidligere danske og er Cervantes-jubilæet verdig». Utgjevinga av denne omsetjinga var ikkje bere omtala i byaviser. Lofotposten melde teksten 9. oktober 1916 og meinte at «[o]versættelsen, som er besørget av Nils Kjær og Magnus Grønvold er utmerket i alle dele».

I 1937 kom romanen i ny, forkorta utgåve i Gyldendals serie Verdenslitteraturens mesterromaner. Til dømes vart sonettene, som kom før første kapittel, tatt heilt bort. Språket i den nye utgåva vart også forsiktig modernisert i samsvar med ny rettskriving: Paa et sted i la Mancha > På et sted i la Mancha, skindmager > skinnmager, tillæg > tillegg, tre fjerdedele > tre fjerdedeler.

Grønvolds omsetjing stod seg i mange utgåver heilt fram til Arne Worrens nyomsetjing kom i 2002.

Don Quijotes status i verdslitteraturen kan lett setje andre verk som Grønvold omsette frå spansk, i skuggen. Særleg omsetjingar av romanar av Pío Baroja, ein nøkkelforfattar i moderne spansk litteraturhistorie, bør framhevast. Det gjeld De gløgges eldorado (1927) og En sværmers botsgang (1929), begge på Aschehougs forlag.

I De gløgges eldorado møter vi Quintín, som reiser attende til heimstaden sin i Andalucía. På toget møter han ein fransk turist som spør Quintín om det eine og andre, mellom anna om tre menn dei ser på utsida, er tyrefektarar:

        • No … gente rica por aquí
        • Hidalgos, ¿eh?
        • ¡Pse! Vaya usted a saber.
          […]
        • He oído contar yo que una vez un hidalgo iba á caballo y se encontró en la carretera con un mendigo. El caballero le arrojó una moneda de plata, pero el mendigo no la quiso aceptar, y sacó una baraja de entre sus harapos y le propuso echar una partida al hidalgo y le ganó el dinero y el caballo.
          (1905, s. 9)

 Her har Grønvold valt ein litt annan omsetjingsstrategi enn i Cervantes' Don Quijote. Spanske ord som til dømes hidalgo (som tyder lågadelsmann, og som Grønvold hadde omsette med adelsmand i Don Quijote), vart ikkje omsette i denne romanen:

        • Nei … rike folk her fra egnen
        • Hidaloger, hvad?
        • Tja, Gud vet
          […]
        • Jeg har hørt fortælle om en hidalgo som møtte en tigger engang da han red bortover landeveien. Hidalgoen kastet en sølvskilling til tiggeren, men han vilde ikke ta imot den: han trak frem en kortstok av fillene sine og foreslog hidalgoen et slag kort, og vandt baade pengene og hesten fra ham.
          (1927, s. 4)

Formidlaren av litteratur og kultur
Grønvold brann for å formidle litteratur og kultur, særleg frå Spania, men òg frå Portugal og Latin-Amerika. Han skreiv ei lang rekkje artiklar og kronikkar om spanske, portugisiske og latinamerikanske forfattarar og bøker i aviser, mellom anna i Ukens Revy (1916), i Arena (1923) og særleg i Aftenposten i 1930-åra og frametter.

Verdt å merkje seg er ein kronikk om den venezuelanske forfattaren Rómulo Gallegos og romanen Doña Bárbara som kom på trykk i Aftenposten i februar 1937. Kanskje var det denne teksten som gjorde at dette vart den første latinamerikanske romanen som vart omsett til norsk? Men det vart ikkje Grønvold som skulle stå for denne omsetjinga. I 1940 bad forlaget Aschehoug Aksel Sandemose om å setje om Doña Bárbara til norsk. Sandemose kunne ikkje spansk og måtte lene seg på den engelske utgåva.

I tillegg til litteraturformidling skreiv Grønvold tekstar om spanske målarar, til dømes i Aftenposten og Middagsavisen. Han var også styremedlem i Kunstforeininga i Oslo frå 1932 og engasjerte seg for å få i stand utstillingar av spansk kunst. Det lukkast han med ved fleire høve i 1930-åra.

I 1932 var Grønvold med på å skipe den spansk-norske foreininga Centro Hispano-Noruego og var formann i klubben i mange år.

Kanskje like viktig er det at Grønvold publiserte tekstar i Spania og introduserte skandinaviske kunstnarar for det spanske publikum i ulike kunsttidsskrift. Det var likevel ikkje alt Grønvold fekk publisert i Spania, som vakte begeistring. I 1937 kunne Arbeiderbladet attgje eit brev som Grønvold sende inn til regionsavisa Heraldo de Aragón der han hylla general Franco medan den spanske borgarkrigen raste. Arbeiderbladet meinte at Grønvold viste svært dårleg dømmekraft og ikkje var skikka til å undervise ved Kristiania Handelsgymnasium. Artikkelen i avisa førte til ein del lesarbrev, også i andre aviser, men fekk ingen konsekvensar for Grønvolds tilsetjingsforhold ved skulen.

Trass i denne kontroversen vart Grønvold heidra med St. Olavs riddarkross av 1. klasse for fortenestefullt kulturelt virke kort tid før han døde i 1960. Han tok også imot fleire utmerkingar i Spania.

 Ole Våge  

Kjelder
Aftenposten (10. september 1916). «Don Quijote. Den første norske udgave».

Arbeiderbladet (13. september 1937). «Oslo-lærer på kne for Franco».

Baroja, Pío (1905). La feria de los discretos. Madrid: Librería de Fernando Fé.

Baroja, Pío / Magnus Grønvold (oms.) (1927). De gløgges eldorado. Oslo: Aschehoug.

Cervantes Saavedra, Miguel de (1887). El ingenioso hidalgo don Quijote de la Mancha. Kommentert utgåve av Nicolás Díaz de Benjumea. Barcelona: Montaner y Simón Editores.

Cervantes Saavedra, Miguel de / Magnus Grønvold og Nils Kjær (oms.) (1916). Don Quijote : den skarpsindige adelsmand Don Quijote av La Mancha. Kristiania: Cammermeyer.

Cervantes Saavedra, Miguel de (2010). El ingenioso hidalgo don Quijote de la Mancha. Kommentert utgåve av Alberto Blecua. Barcelona: Espasa Libros.

Grønvold, Magnus (1932). «Grønvold, Magnus Gissur Thorlacius». I Studentene fra 1907. Oslo: Grøndahl & Søn.

Grønvold, Magnus (31. august 1935). «Et norsk nasjonalminne i Spania». Aftenposten.

Grønvold, Magnus (1936). Bak de ville Pyreneer. Oslo: Gyldendal.

Grønvold, Magnus (27. februar 1937). «Utsyn over verdenslitteraturen». Aftenposten.

Lofotposten (9. oktober 1916). «Cervantes: Don Quijote».

Morgenbladet (22. desember 1918) «Cervantes: Don Quichote [sic]».

Sletsjøe, Leif (26. januar 1954). «Spanske lærebøker i Norge». Aftenposten.

Sletsjøe, Leif (1978). «Innledning». I Don Quijote I. Oslo: Gyldendal.

Syversen, Haakon, Ivar Tryti og Jørgen Aarhoug (1975). Oslo Handelsgymnasium 1875–1975. Oslo: Aschehoug.

Wang, Leif (19. desember 1960). «Minneord om Magnus Grønvold». Oslo: Aftenposten.

Willoch, Sigurd (1936). Kunstforeningen i Oslo 1836–1936. Oslo: Kunstforeningen i Oslo og Blix Forlag.

 

Bibliografi