Arne Garborg, 1851–1924

Foto: Wikimedia Commons

av Jon Haarberg, professor emeritus ved Institutt for litteratur, områdestudier og europeiske språk, Universitetet i Oslo.

Artikkelen er fagfellevurdert.

Forfattarskapen til Garborg høyrde lenge til blant dei vi ikkje kom utanom. Mange tar det enno for gitt at norsk danning føreskriv kjennskap til både romanar og dikt: romanane frå det såkalla moderne gjennombrotet i 1880-åra og dei «nyromantiske» dikta frå tiåret etter. I tillegg er diktaren kjend som ein av førarane for «Den ny-norske Sprog- og Nationalitetsbevægelse», ei nemning han nytta som boktittel i 1877. Litteraturhistorikarene har karakterisert han som uvanleg allsidig: Garborg kombinerer ei eineståande kunstnarleg fornyingskraft med ein sjeldan intellektuell kapasitet. Men som omsetjar er han ikkje godt kjend.

Livet, nasjonen og det store språkspørsmålet
Det har vore skrive sparsamt om Garborg si store innsats som formidlar av gresk og indisk litteratur til norsk. Sjølv ikkje eit storverk som Odyssevskvædet, gjendiktinga hans av Odysseen, har blitt omfatta med særleg interesse i Garborg-litteraturen. Den av biografane som har mest å seie om Homer-arbeidet, forfattaren Tor Obrestad, føyser det unna som totalt mislykka: «Korleis kunne ein språkmeister som Garborg falla så djupt?»[1] Dei andre gjendiktingane og omsetjingane hans, også dei frå dansk (eller norsk-dansk), blir helst oversette.

Aadne Garborg, som tok til å kalle seg Arne da han stod fram som skribent, var bondeson frå Time på Jæren, fødd i 1851. Føresetnadene hans lå i eit tradisjonelt samfunn basert på jordbruk, patriarkat og ei pietistisk form for kristendom. Han braut med alt: blei åndsarbeidar, fritenkjar, demokrat, feminist og nære på bymann. I ein jamn straum av bøker og artiklar forhandla han mellom den gamle og den nye livsverda, ofte med ironi. I språkspørsmålet ga han likevel aldri prutingsmonn, sjølv om han i praksis ofte nytta dansk eller norsk-dansk når han skreiv, særleg i sakprosa og privatbrev, men òg i to av romanane.

Alt han omsette, omsette han til ein revidert versjon av Ivar Aasen sitt landsmål. Fleire av omsetjingane hans har nettopp dansk (eller norsk-dansk) som kjeldespråk. Det språkfilosofiske utgangspunktet for Garborg sin posisjon i målstriden er ideen om at språket konstituerer nasjonen: «La langue est la nation». Språket gir «Udtryk for den nationale Aand».[2] Dermed er ikkje dansk brukande i strevet for å byggje ein norsk nasjon. Så lenge vi nyttar dansk («provinsdansk») som skriftspråk, finst det ingen norsk nasjon.

Motstrevarane latterleggjorde landsmålet som primitivt og bondsk. Det stridde, som filosofiprofessor Monrad så autoritativt uttrykte det, «mod alle Kulturudviklingens Love».[3] Garborg kontra i 1877 med eit meir dynamisk utviklingsargument: «[. . .] for at vort Sprog kan blive et Kultursprog, derfor er det, at vi kræver Ret til at tage det i Brug[4] Når han ivrar for omsetjingar av stor litteratur, er det for å demonstrere kva folkemålet faktisk er i stand til, samtidig med at litteraturen når lesarane i ei målform dei kjenner att som si eiga.

I 1887, da han var på topp som forfattar og offentleg intellektuell, gifta Garborg seg med den 25 år gamle Hulda Bergesen frå Stange på Hedmarken. Ho hadde lenge sett opp til han og sympatiserte med dei språkpolitiske standpunkta hans, men dialekta hennar var enda ei anna enn hans. Privat nytta dei norsk-dansk seg imellom, landsmålet reserverte dei paradoksalt nok for offentleg bruk. Etter ti år på ei hytte i Nord-Østerdalen orienterte dei seg tilbake i retning av hovudstaden og endte til slutt opp i Asker, to mil utanfor, i den såkalla Målkroken på Hvalstad. Der hadde dei meiningsfellar og målfolk som naboar. Ikkje lenge etter, i 1898, overtok Garborg statsstipendet etter Ivar Aasen; det sikra han ei låg, men stabil årsinntekt. Med småbruket Labråten og statsstipendet som base dreiv Hulda og Arne ny-norsk kulturarbeid i stor stil. Han slutta å skrive romanar; sjølv gir han uttrykk for at han hadde gått tom for slikt.[5] Men stipendet forplikta han til å halde det gåande. Han skreiv sakprosabøker, føredrag og artiklar og blei, saman med Hulda, eit samlingspunkt i det som seinare har blitt kalla Asker-kretsen.[6] Det meste av tida etter hundreårsskiftet vigde han til gjendikting, aller mest til arbeidet med Odysseen, det yngste av dei to homeriske monumentaleposa.

Odyssevskvædet: forordet
I det forordet han skreiv til den ferdige omsetjinga i 1918, gjer Garborg kort greie for prosessen frå idé til innbunden bok. Tiltaket blir (1) grunngitt, han viser til (2) forgjengarane sine og til (3) venen og filologen Steinar Schjøtt si avgjerande rolle i arbeidet frå først til sist. Så gir omsetjaren (4) ei kort orientering om sjølve arbeidsprosessen, om (5) kva for kompetanse han har å vise til, og om (6) vidare planar, før han til slutt nemner (7) økonomien i prosjektet, i form av ein takk til staten. Alle desse sju punkta fortener nærmare utdjuping.

(1) Som nasjon kunne heller ikkje den norske tidleg på 1900-talet komme utanom Homer, den gamle «meisterskalden» som, heitte det seg, hadde lagt grunnlaget for den europeiske litteraturen. Ei gjendikting var billetten som ga Noreg innpass til selskapet av siviliserte statar og stadfesta det nasjonale sjølvstendet frå 1814. Rett nok gjaldt det først av alt om å få fram ein norsk nasjonallitteratur, men kanonisert litteratur omsett til norsk høyrde òg med.

Frå midten av det nittande hundreåret kan knapt noko seiast å vere viktigare for den nasjonale identiteten enn nettopp diktekunsten. Litteraturen kunne brukast til å «byggje» nasjonen: gi lesarane ei førestilling om kva det vil seie å vere norsk, og kva som var venta av ein borgar av landet. Ein norsk litteratur, tenkte dei, kunne greie det øvrigheita sjølv ikkje makta med politisk argumentasjon. Den kunne skape nasjonal samkjensle og offervilje, og den kunne haldast fram som eit bilete på kven vi var og ville vere. Litteraturen kunne gjere sitt til å skaffe oss ein respektert posisjon i verda. På denne bakgrunnen seier det seg sjølv at «[t]anken um ei norsk Homer-umsetjing maatte [. . .] vakne hja oss med, i vaar nasjonale nyreisingstid», som det står i forordet. Dette standpunktet hadde allmenn tilslutning og var ikkje spesielt for den målpolitiske leiren Garborg høyrde til.

(2) «Det var telemarkingen Aasmund Vinje, som først drøymde um aa setja tanken i verk», held Garborg fram. Dei danske eller norsk-danske freistnadene på Homer-omsetjing let han vere unemnde, ikkje ein gong standardgjendiktinga til gresklektoren Christian Wilster (1836–1837), som han utan tvil hadde god nytte av undervegs i arbeidet, finn han grunn til å nemne. Omsetjing til dansk er berre ikkje interessant når målet er å skape ein norsk versjon av det greske eposet. At Vinje skulle hatt ein plan om å dikte om Homer til norsk, er i alle tilfelle tvilsamt, sjølv om det nok kan tenkast at han «drøymde» om det. I denne samanhengen kunne den «greske» telemarkingen i alle fall vere god å ha som forbundsfelle.[7]

Det skulle bli ein av kjenningane til Vinje som først gjorde alvor av den gamle ambisjonen om å fornorske Homers vers. Johan Eberhard Nielsen, målmannen som lærde seg gresk på eiga hand, etter juridikum, fekk på sine eldre dagar ut ei gjendikting av den 16. songen av Iliaden. I forordet refererer Garborg til Nielsen med respekt, men legg vekt på at prosjektet hans trass alt havarerte.[8]

(3) Garborg nemner derimot ein annan gammal Vinje-kjenning, Steinar Schjøtt,[9] som heilt avgjerande for arbeidet. Var kanskje ikkje ideen frå først av hans? Garborg formulerer seg med varsemd:

Overlærar S. Schjøtt [. . .] som skỳna, at det ikkje burde draga altfor lenge ut med aa faa Homer paa norskt, tok etterkvart til aa undrast paa, um underskrivne skulde vera brukeleg til medhjelpar i umsetjingsarbeidet. Og me kom til lags um aa gjera ei freistnad med eit samarbeid her: han, den klassiske filologen, fekk nytte nokre av sine kvilestunder fraa anna arbeid til aa gaa igjenom grunnteksten til eit Homerverk med meg, og so fekk eg sidan sjaa, um eg kunde koma nokon veg med fornorskingi.

Schjøtt, må vi forstå, tok initiativet og foreslo eit samarbeid – med Garborg som underordna «medhjelpar».

Samarbeidet skulle organiserast slik, skriv Garborg, at Schjøtt hadde ansvaret for å forstå gresken, medan han, hjelparen, skulle gi teksten form som dikt. Likevel blei ansvarsforholdet mellom dei to verande uavklart til det siste. Schjøtt ville da det kom til stykket, ikkje ha namnet sitt på tittelbladet. Han ville heller ikkje høyre snakk om noko honorar.

Da arbeidet vinteren 1918 gjekk mot slutten, melde avisene om at det var komme framlegg om statstilskot til utgivinga, både trykking og omsetjing. Schjøtt rykte straks ut med ein protest i målfolket si eiga avis, Den 17de Mai:

Det er Garborg som hev umsett Odysseen; eg hev paa smaastunder set umsetjingi i gjenom og sagt fraa, naar det var noko eg tykte skulde stellast paa. Truleg hev G. gjort etter mitt raad i mange tilfelle, og truleg hev han tidt heller gjenge etter sitt eige hovud. Umsetjingi er heilt ut hans og ikkje mi. Vil stortinget gjeva honorar, fær den faa det som hev gjort umsetjingi. Eg tek ikkje imot.[10]

Var det komme knute på tråden? Det hadde vel hendt før, men ugreia løyste seg alltid etter kort tid.[11] Garborg svarte etter eit par dagar – «Folk bør vita alt, naar dei fyrst veit noko»:

[. . .] alt er kortast sagt det, at hadde ikkje Overlærar Schjøtt vore, so hadde aldri eg kome til aa umsetja noko Odyssevskvæde. Og om det daa no er eg, som hev Andsvaret for den norske Formingi av dette Kvædet, so er det like fullt han, som er Upphavsmannen til Arbeidet i det heile [. . .].[12]

Dei to venene konkurrerte offentleg om å vere den mest smålåtne. Til slutt vann overlæraren. Men siste ordet fekk likevel Garborg. I nekrologen han skreiv om Schjøtt berre eit par år seinare, insisterer han enno ein gong på at tanken om å få Homer på norsk var Schjøtt sin, ikkje hans eigen. «Um arbeidet tok tid, so heldt han ut, og heldt godt ut; enden vart at Odyssevskvædet kom, og det i tvo upplag. Sjeldan hev eg set Schjøtt so glad som i den tid.»[13] Si eiga rolle nemner omsetjaren ikkje med eit ord.

(4) «Men langt og ikkje lett maatte arbeidet bli baade for læraren og for eleven», skriv Garborg vidare. Starten på det heile ser ut til å liggje i august 1905. Schjøtt tipsar da Garborg om filologiske «Hjælpekilder» venen truleg vil kunne ha nytte av.[14] Enden på prosessen nærma seg i september 1917. «Homer er ‘ferdug’», noterer han i dagboka.[15] Eit drøyt år seinare, 20. november 1918, etter ein runde med «gjennomsyn», korrektur og forlagssommel låg boka klar i bokhandelen. 13 år tok det Garborg å «fornorske» den gamle grekaren. Det var rett nok ikkje 13 år med arbeid frå morgon til kveld. Andre bøker kom til i den same perioden, og i heile to år (1911–1913) fekk han ikkje gjort det slag, skal vi tru dagboka.[16] Støtt klagar han over kor smått det går. Eit dagsverk omfatta helst berre seks–åtte linjer.[17] Mandagskveldane med Schjøtt gjorde heldigvis sitt til å halde motet hans oppe. Hulda skriv i dagboka si at Schjøtt var den einaste i desse åra som hadde evna til å kvikke opp Garborg og få han til å le.[18] Da ekteparet Schjøtt i 1915 flytta inn på tunet hos Arne og Hulda, blei det verkeleg fart i Homer-sakene.

At omsetjaren streva mykje undervegs, tyder ikkje at han vantreivst med arbeidet. Tvert om; han fann «kvile» i Homer. Klassikaren ga han ei etterlengta fred for «sosiale Spursmaal og Tvilsmaal», den evinnelege politiske striden.[19] Når det står på som verst, «lengtar» han etter Homer og «Livet i dei gamle Tidir».[20] Det er all grunn til å tru på det han skriv. Samtidig kan vi merke oss at «fred» og «ro», «balanse» og «harmoni» var nøkkelord i diskursen om «Klassiciteten» på denne tida.[21] Kunsthistorikaren Winckelmann (1717–1768) kan seiast å ha sett omgrepet på formel med sitt ofte siterte dictum: «edle Einfalt und stille Grösse» (edel naivitet og stille stordom).

(5) Men så var det spørsmålet om fagkunnskapen. At kompetansen i gresk låg hos «den klassiske filologen», kunne ingen tvile på. Schjøtt hadde filologisk embetseksamen med gresk i fagkretsen og i tillegg solid undervisningserfaring i faget frå skolen. Garborg kunne på si side vise til beste karakter i gresk til studenteksamen (artium på Heltbergs studentfabrikk i 1874). Pensum var rett nok ikkje særleg omfattande. Nøyaktig kva for tekstar det omfatta, veit vi ikkje sikkert, men alt tyder på at Heltberg til vanleg la hovudvekta på Xenofon og Platon, men Homer var også representert. Truleg utgjer ei lita omsetjing av (utvalde delar av) Platon sin dialog Kriton, som var blitt tinga til julenummeret av For Bygd og By i 1920, ein gammal rest av artiumslesinga.

(6) «Fyrst og fremst ynskjer eg Odyssevskvædet so mange lesarar, at ei fornorsking av Ilioskvædet maa kunne fylgje etter um ikkje for lenge», håpar omsetjaren mot slutten av forordet. Planen var å stå Homer-løpet ut. I dagboka skriv han i september 1917 at han ser for seg at han kan ha ei omsetjing av Iliaden «til Hyggje og ‘Fristunds’-arbeid i dei Aari som kjem» – om da ikkje ein yngre «klassisk Filolog» skulle våge seg frampå.[22] Alt hausten 1919 har han mista motet: «[. . .] det vert uraad. Augo mine greier ikkje ordbøkerne lenger», opplyser han i eit intervju med For Bygd og By (dvs. redaktøren, Hulda).[23] Året etter skjer så det han frykta. I dagboka noterer han at «‘Iliaden, oversat av P. Østbye’ er komen», jamvel på hans eige forlag (Aschehoug). Målmannen og omsetjaren resignerer saman: «Ja-ja; det eine [Odysseen] paa norskt og det andre [Iliaden] paa norskdanskt, det er vel som det høver i Norig no. Um me elles ikkje òg snart fær Odyssevs på Provinsdanskt?»[24] Jau da, det fekk vi. Østbye sin provinsdanske versjon av Odysseen følgde berre to år seinare, men den utgivinga får aldri nokon omtale i dagboka. I Aschehoug heldt dei rett nok på lojaliteten til han som hadde vore først ute, og sende Østbye vidare til Gyldendal da han kom med Odysseen.

(7) Forordet blir avslutta med ein takk til «Staten» for den økonomiske stønaden. Løyvinga har på den eine sida «vore sjølve arbeidet til nytte» og på den andre sett forlaget i stand til å halde utsalsprisen så låg at ikkje berre rikingar kunne få sjansen til å lese Homer på norsk. Etter søknad frå Garborg blei det løyvd 2000 kroner til omsetjingsarbeidet og 3500 kroner til utgivinga. Til samanlikning fekk Garborg kr 2400 i årleg statsstipend. Det var sett som vilkår at utsalsprisen ikkje måtte setjast høgare enn kr. 3,75, og det var «næsten gratis» for ei bok på 350 sider, konstaterte Norske Intelligenssedler.[25]

Mottakinga
Førsteopplaget på 3500 eksemplar blei snart utselt.[26] Forlaget fekk trykt opp to nye utgåver året etter: ein med og ein utan John Flaxman sine illustrasjonar frå 1793.[27] Seinare miste nok boka det momentet den hadde hatt til å byrje med. Etter 1919 har Odyssevskvædet aldri blitt trykt opp att (per april 2023). Det Norske Samlaget hadde eit godt påskot i 1965 da Eirik Vandvik sin versjon av Iliaden (1951) blei innlemma i Orion-bøkene, men der i garden mangla dei både utgivarretten og trua på at Garborg sin versjon kunne greie seg utan språkleg revisjon og økonomisk «riksstudnad».[28]

Lenge før lanseringa i 1918 var avisene fulle av forventning om det som skulle komme, ikkje minst takk vere all skrivinga om den statlege stønaden. I ein kommentar til Aschehougs haustliste omtalte kulturreporteren til Tidens Tegn omsetjinga som «den storartede», heile to månader før han hadde kunna gjere seg kjend med det ferdige resultatet.[29] Forlaget – ved hovudkonsulenten, diktaren Vilhelm Krag – hadde da òg gjort sitt til å piske opp stemninga.

Lovprisinga av tiltaket heldt fram etter at boka var kommen ut. Avisene skreiv helst av pressemeldinga frå forlaget. Men også dei som hadde rokke å gjere seg opp si eiga meining, var rause med rosen: «Hvad der blir igjen at bemærke til oversættelsen er saaledes kun det, at Garborgs digteriske kraft ikke synes brudt.»[30] Riksmålsmeldarane godtok jamt over Garborg si landsmål utan å kny, men dei ville gjerne romantisere det: «Intet ligger mere for landsmaalets tone og rytme end det naive, tænkningen i betragtningens form», og «Naar Garborg i sit skjønne Sprog anroper muser og gudinder, virker det som natur».[31] Landsmålsmeldarane finn på si side gjendiktinga «genial».[32]

Tre av kritikkane vog særleg tungt, skrivne som dei var av filologar med greskkunnskap. Carl Knap, rektor på Stavanger katedralskole, melde Odyssevskvædet i byens Aftenblad eit par månader etter utgivinga. Olav Midttun, på den tida dosent i nynorsk ved Universitetet i Kristiania, skreiv året etter (1920) ein lengre artikkel om «Homer og Homerumsetjing» i Syn og Segn. Den tredje, Sam Eitrem, som var universitetsstipendiat i klassisk filologi, målbar sitt syn på saka alt i 1906, etter å ha gjort seg kjend med ei første prøve på omsetjinga, som Garborg slepte ifrå seg til eit julehefte i 1905. Det var den sjette songen, om Odyssevs’ møte med fajakarprinsessa Nausikaa. Eitrem blei seinare ein internasjonalt kjend professor i klassisk filologi.

Som representant for spisskompetansen er universitetsstipendiaten raus nok. Han kan forsikre lesarane om at det i Garborg si omsetjing ikkje finst stort som er «beint fram gale».[33] Knap, som har pløgd seg gjennom alle dei 24 songane, finn heller ikkje noko å reagere på. Tvert om, «ingen fagmand ville ha kunnet komme [originalen] nærmere», gjer han gjeldande. Rektoren blei seinare utnemnd til det statlege Undervisningsrådets konsulent for dei klassiske faga.[34]

Alle tre syner stor respekt og beundring for det arbeidet Garborg har gjort. Knap meiner forklaringa på det gode resultatet ligg i «digterfantasien» som har skapt «eit sambaand mellom forfatter og oversætter intimere enn mangen faglærds studium har formaadd det». Midttun gir Knap rett i at det er «aandsskyldskap mellom Homer og Garborg».[35] Eitrem tar truleg ut større distanse når han registrerer korleis Garborg har hengt «norsk bondebunad paa desse eldgamle versi» – som om omsetjing til landsmål per definisjon er å rekne for «heimleggjering».[36]

Vi må her ta med i betraktninga at det påståtte sambandet mellom «det folkenorske» og det greske eposet i fleire tilfelle blir framheva av norskdomsforkjemparane på 1800-talet. Grunnlaget for denne oppfatninga ligg truleg i Vinje si romantiske interesse for «antikken». Han ivra jamt for Homer og «det greske». Sigmund Skard skriv i den store avhandlinga si om A.O. Vinje og antikken at han, Vinje, «lèt slå ei bru millom det folkenorske og den folkegreske Homeros». Slik får Skard ikkje berre vist til eit mogleg «åndshistorisk» samband, men òg sett målrørsla i ei heilt anna stilling i folks omdømme: «[. . .] di meir han [Vinje] blir bondenorsk, di meir blir han gresk», konkluderer Skard, som ikkje prøver å skjule at han har stor sympati for standpunktet.[37]

Bymannen Knap kjenner seg ikkje trygg på at den garborgske målforma vil bli like godt forstått overalt, enda om ordtilfanget er «nogenlunde alment». Men det spørst om han ikkje ville ha fått fleire – og betre – lesarar om han hadde valt riksmålet, undrar han. Knap roser særleg naturskildringane, og den vurderinga deler dei to andre. Midttun viser enda til fleire av dei same eksempla.

På eitt punkt fremmer dei likevel negativ kritikk. Det gjeld Garborg si handsaming av versemålet. Knap peiker på mange tilfelle av «unaturlig betoning»,[38] Eitrem gir eksempel på metrisk tvilsame vers og spør om det i det heile er ein god idé å tilpasse det greske heksameteret til norskspråklege forhold.[39] Målmannen Midttun uttrykker seg med størst varsemd. Han vedgår likevel at det «ein hende gong» kan vere «litt stikting [halting] i lina». Garborg skriv sjølv i dagboka fleire stader om korleis han slit med heksameterverset, så denne kritikken kan neppe ha komme som ei stor overrasking.[40] Alt i alt kunne gjendiktaren puste letta ut.

Heimleggjeringa, språket og heksameterverset
Dei tre refererte kritikarane sine vurderingar står seg godt etter hundre år. Men dei kan enda supplerast med omsyn til tre punkt: heimleggjeringa i omsetjinga, Garborg sitt episke språk og den norske versjonen av det homeriske heksameteret.

Diskusjonen om «det folkenorske» og det homerisk greske let seg opplyse med eit omgrepspar frå omsetjingsteorien, det som (etter Schleiermacher) har blitt kalla heimleggjering og framandgjering: Det ukjende og framande i kjeldeteksten blir i målteksten omstøypt til noko kjent og heimleg, eller det kan konserverast i opphavleg form. Ein omsetjar har i prinsippet alltid eit val mellom å formidle det framande som det står i kjeldeteksten, eventuelt med ei forklaring som note, eller å gjere det om til noko heimleg og attkjennande. Når Æsop fortel om druer (høgt heng dei, og sure er dei), har vi omsett til rognebær, ettersom druer ikkje gror hos oss. Vi har erstatta det framande med noko heimleg. I ytste konsekvens kan verknaden bli komisk, som i tilfellet med rognebæra, for rognebær er, i motsetnad til druer, aldri søte. Dermed har reven ingen som helst grunn til å hoppe.

Garborg styrer unna komikken, men vi merkar oss at han ikkje så sjeldan diktar om greske fenomen til norske. For eksempel vekslar han mellom å nemne det greske dødsriket «Hades» (gresk), «Naaheim» (frå norr. nár, «dauding») og «Helheim» (frå norr. hel, «dødsriket»).[41] Som tittel på den 11. songen nytter han «Helferdi». Dei norrøne orda ber med seg norrøne dødsførestillingar, ikkje greske. Rett som det er, let Garborg Odyssevs dra «i viking»,[42] og han kallar nymfa Kalypso for «hulder»; ho er gresk og «folkenorsk» på same tid.[43] Det finst mange eksempel på slik «heimleg» omsetjing. I nokre av dei smaksprøvene han let publisere undervegs, er det tydeleg at han vil vinne lesarane for seg på denne måten: «Kalypso. Ei hulder hjaa Homer» (1916) og «Kyklopen Polyfemos. Eit gammalgræsk troll» (1917) er begge eksempel på heimleg aktualisering. Det er òg – om enn på ein annan måte – «Gamalhellensk Sportsliv» i 1912.[44] Gjendiktaren veit rett nok òg å halde på det framande og supplerer diktteksten med ti sider «Upplysningar» til slutt. Særleg blir namn på byar, folk og land kommenterte – for både lek og lærd..

Det homeriske språket kan forklarast som eit mangslungent konglomerat – av dialekter, av språkhistoriske sjikt, av traderte og konstruerte former – fjernt frå daglegtalen. I seinare greske og romerske epos blir dette språket imitert og kodifisert. Det utviklar seg ei sjangerspesifikk norm. I omsetjing strever gjendiktarane etter å finne eit høveleg uttrykk for denne norma. Christian Wilster si danske Homer frå 1836–1837 blei grunnleggjande for seinare eposomsetjing i Danmark–Norge, Garborgs inkludert.[45]

For å få eit tydelegare bilete av den garborgske versjonen kan vi samanlikne med Wilster. I tillegg kan vi studere omsetjingsarbeidet genetisk ved å jamføre tidlige prøveversjonar med den endelege. Arbeidde gjendiktaren av Odyssevskvædet seg i retning av Wilster, eller heller motsett?

I tidsrommet 1905–1918 publiserte Garborg i alt fem foreløpige versjonar av enkeltsongar, i aviser og tidsskrift.[46] Vi kan sjå nærmare på den første av dei: 6. song, publisert i eit julehefte i 1905. Odyssevs har blitt skylt i land på fajakaranes øy; morgonen etter kryp han fram frå krattet da han høyrer kvinnerøyster (v. 127–36). Først Wilster:

Saaledes taled Odysses, da krøb han ud af sit Kratskjul,
Brød med sin senede Haand i den skyggende Skov sig en løvrig
Green, og vikled om Livet den fast, for at skjule sin Blusel;
Traadte saa frem, som en Løve fra Fjeld, der i Lid til sin Styrke
Vandrer i Blæst og øsende Regn med gnistrende Øine,
Enten den gaaer at søge sin Fangst blant Faar eller Oxer,
Eller paa Jagt efter Skovenes Hjort; fremskyndet af Bugen
Søger den Geder og Lam endog i den hegnede Qvægfold;
Saa vilde Helten Odysses nu hen til de haarfagre Piger
Træde saa nøgen han var, thi Haard Nødvendighed tvang ham.

Det same avsnittet gir Garborg att i prøveomsetjinga frå 1905. Truleg er det snakk om ein versjon som byggjer på pensumlesinga til artium tre tiår før:

Dermed kraup han av byskje fram, den gjæve Odyssevs;
med si kraftfulle hand or skogen han braut seg ei lauvgrein;
den han feste um live tett i staden for klæde.
Steig so fram lik løva fraa fjell, som trygg paa sin styrke
gjeng sin veg i regn og storm med augo som gløder;
buskap og smaafe ho finne vil, og hjortane ville;
drivi av svolt ho jamvel seg fram aat kvei kann vaage,
der ho ser etter sau og geit; so vilde Odyssevs
no seg vaage paa strandi fram for dei haarfagre møyar,
endaa so nakin han var; for naudi tvinga og dreiv han.

Dei «unaturlige» ordstillingane (inversjonane) som biografen Tor Obrestad klagar over i si vurdering av Odyssevskvedet, finst det her fleire av, i alt sju, utheva i feite typar. Wilster har til samanlikning tre. I tillegg kjem den subjektlause konstruksjonen «Steig so fram» (verbalet i første posisjon), som er lånt frå sagastilen. Spørsmålet er om omsetjaren veit kva han gjer i slike tilfelle, eller om han berre ikkje får det til?

Vi kan samanlikne med den ferdige, publiserte versjonen:

Talande so kraup fram av byskjet den gjæve Odyssevs;
braut med si kraftfulle hand or skogen tett seg ei lauvgrein;
den um mjødmerne vel han batt, til sin løyndom å dylja.
Steig so fram lik løva paa fjell, som trygg paa sin styrke
gjeng sin veg i regn og i storm med augo som gløder;
bufé ho finne vil, og smaafé, og hjortarne ville;
svoltne buken kan òg henne drive, so jamvel aat kvéi
fram ho søkjer og der millom sauer og geiter seg inn bryt, –
soleis Odyssevs no vilde fram seg for haarfagre møyar
vaage, so naken han var; honom dreiv den hardsette naudsyn.

Her finn vi til saman heile tolv inversjonar, nære på ei dobling, pluss den subjektlause konstruksjonen. Vi kan ikkje godt tru at denne radikale omarbeidinga er eit resultat av Garborg si maktesløyse. Tvert om har gjendiktaren strevd etter å gi versa den episke tonen han hadde studert hos andre, til dømes hos Wilster. I 1905-versjonen ligg han ganske tett på Wilsters førebilete i setningsbygnaden. I 1918-versjonen ligg han mykje lenger unna. Det er som om Garborg helst vil snu om på ordstillinga i den tru at tonen blir meir spesifikt episk på den måten.

Vi ser den same tendensen i ordtilfanget. I 1905 er avstanden mellom Wilsters danske og Garborgs norske mål ikkje så stor. I 1918 er den merkbart større. Han har bytta ut «livet» med «mjødmerne» (hoftene), «i staden for klæde» med «for sin løyndom å dylja» og «for naudi tvinga og dreiv han» med «honom dreiv den hardsette naudsyn». I alle desse tre tilfella er den siste versjonen både presisare og «norskare». Vi må tru Garborg visste kva han gjorde. Obrestad kan ha rett i at Garborgs episke vers ikkje alltid er like lette å lese. Men det tyder ikkje utan vidare at dei er mislykka.

Når det gjeld heksameterverset, må altså Garborg tåle nokre kritiske merknader innimellom all rosen. Til og med Midttun vedgår at det haltar her og der. I lange parti kan lesaren fryde seg over god episk flyt, men så kjem det plutseleg eit vers som ikkje «går opp» i første forsøk. Dette har med «spondeane» i verset å gjere. I det greske heksameteret har det seg jo slik at kvar daktyl (lang–kort–kort) kan skiftast ut med ein spondé (lang–lang). Men korleis kan dette gjerast på på norsk (germansk), når trykkaksent overtar for lengde (kvantitet) som berande metrisk prinsipp? Blir det nokon skilnad på ein troké (lang–kort) og ein spondé (lang –lang)? Nei, dei to «føtene» får i praksis same metriske verdi: tostavingstakt i staden for trestavingstakt. I Garborg sitt tilfelle ser dette ut til å ha blitt eit problem, for ingen av gjendiktarane har meir tostavingstakt enn han. I 5. song, som vi her kan bruke som eksempel, har Garborg 864 «spondear», Wilster 625 og Østbye 365. Garborg erstattar altså daktyl med spondé meir enn dobbelt så ofte som Østbye.[47] Rektor Østbye sine vers verkar med andre ord mykje «lettare» (meir daktyliske) enn Garborg sine. I forordet til Iliade-gjendiktinga si frå 1920 gir han indirekte ei forklaring. Han har ikkje vilt la ein «troké» (tung–lett) ta plassen til ein spondé (tung–tung). Ein spondé kan i prinsippet berre realiserast «ved to enstavelsesord og til nød ved et sammensatt tostavelses ord». Østbye viser til den avlidne språkhistorikaren Alf Torp (1853–1916) som autoriteten på feltet, men han hadde nok òg sett den same argumentasjonen i boka til Wilster om det danske heksameteret frå 1833.[48]

Når ein lesar kjem i stuss under lesinga av Garborg sine vers, må vi tru det heng saman med at ein ikkje alltid kan vere viss på om ein sekvens på tre stavingar skal lesast som tung–lett–lett eller tung–lett–tung. Det markant spondéiske preget i versjonen til Garborg kjem òg fram på andre måtar. Han har (i eksempelsongen Od. 5) 162 vers med spondé i første takt (33%), Wilster har 126 (26%), Østbye ikkje fleire enn 35 (7%). Berre 18 av versa hos Garborg er reint daktyliske (4%), Wilster har 89 vers av denne typen (18%) og Østbye heile 188 (38%). Homer plasserer seg ein stad mellom Wilster og Østbye. 21 prosent av versa hans har daktylar i alle dei fire første føtene.[49]

Shakespeare og Goethe: «Gjenomsyn» eller gjendikting?
På ettersommaren i 1913 skjer det eit eller anna som gjer at Garborg må setje opp ei liste over dei bøkene han til da har fått utgitt. Til saman er det snakk om bortimot eit snes. I tillegg kjem småskrifter og «Bladskriving». Og omsetjingar? Han rundar av lista med denne formuleringa. «Gjenomsyn (Umsetjing) av: Macbeth, Kaupm. i Venetia, Faust I.»[50] Dagboka gir svar på kva dette dreier seg om. I arbeidet med å få omsett «verdslitteraturen» til norsk kan ikkje Garborg ha vore særleg vond å be. «Macbeth» refererer til ei omsetjing av Olav Madshus (1869–1929), som livnærde seg som lærer og omsetjar på Finnskogen. I 1901 fekk han utgitt ei omsetjing av Macbeth. Det var det første Shakespeare-dramaet omsett til norsk landsmål. (Aasen hadde rett nok bydt på ei enkel scene frå Romeo og Julie i Prøver af Landsmaalet frå 1853.) I forordet takkar Madshus tre menn ved namn: «Hjelp og raad og rettleiding hev eg fengi fraa mange kantar, og for dette maa eg her faa segja takk. Mest skylder eg i so maate IVAR MORTENSON, S. SCHJØTT og ARNE GARBORG. Denne siste hev set igjenom norsken i umskrifti.»[51] I ortografien følger han Marius Hægstad, Arne Garborg og R. Flos Framlegg til skrivereglar for landsmaale i skularne frå 1899 (midlandsnormalen), legg han til. Om dette tyder at Garborg hadde ei rolle berre som språkkonsulent, eller om han hadde del i gjendiktinga, kan ikkje avgjerast sikkert. Madshus har sjølv ikkje vore i tvil. Han nemner Garborg sitt namn i forordet, ikkje på tittelsida.

Med dette var ikkje Madshus sitt Shakespeare-engasjement over. Han heldt fram med å gjendikte Kaupmannen i Venetia, som blei publisert i regi av Studentmållaget i 1905. Boka har ikkje noko forord, men i opplysningane bak i boka kjem takken: «Arne Garborg hev gjort meg framifraa god hjelp, her som med ‘Macbeth’. Takk og ære have han!»

Den tredje tittelen Garborg nemner i dagboka, Goethes Faust, del I, refererer til ei gjendikting av A.M.St. Arctander, utgitt av Olaf Norli i 1911. Adolf Arctander (1847–1919) var teolog, ivrig landsmålsmann og folkehøgskolelærar. Garborgs arbeid med Faust kom i gang på førespurnad frå Arctander våren 1906: om ikkje han, Garborg, kunne påta seg «gjenomsynet» av gjendiktinga hans, som på det tidspunktet enno ikkje var ferdig?[52] Garborg konstaterer snart at arbeidet ikkje er «laakt» (dårleg), men «ille vandesamt» (pedantisk), det er det.[53] Bortimot eit år seinare slit han enno med det. Det same gjer Arctander, som støtt sender han nye rettingar: «Stor Hjelp er det elles ikkje i alt hans ærlege Arbeid; han er filolog, men ikkje Skald.» Å få skikk på teksten er «eit tusundjefla Arbeid».[54] Fleire gonger har han vilt seie frå seg heile greia, men han held ut. Til slutt, i oktober 1907, reinskriv han teksten, og sender den over til oppdragsgivaren. Han har tatt seg til rette. Kanskje får han sparken?[55] Men Arctander gir inntrykk av å vere vel nøgd, han. I forordet ber han fram ein «vyrdsam takk» til hjelparane sine, og da «særskilt til Arne Garborg, som hev gjenge det fyrste uppritet igjenom».[56] Eller som skreiv det heilt om? Mykje er ikkje attkjennande. Garborg håpar berre han ikkje blir skulda for det endelege resultatet. Det trong han ikkje å uroe seg for, skal vi tru Hulda. I dagboka si skriv ho 1. juledag 1911: «Arctanders Faustoversettelse roses svært. Flere av de vers som G. gjorde (ja, han gjorde nok de allerfleste; det indrømmer han dog selv), så jeg forleden i en stor Kristianiaavis sat op ved siden af to danske og en svensk af de samme vers og erkjendt som ubetinget de beste.»[57]

Del II av Faust kom i 1921, to år etter at Arctander hadde gått bort. Uvener blei dei to visst aldri, men Garborg kan konstatere at han aldri fekk nokon ny førespurnad om «gjenomsyn» av «andre bolken». For det er han berre letta: «Maalsansens hans [Arctanders] var ustø og verskunsten hans ikkje rar.»[58] Ansvarsfordelinga dei imellom blir verande uavklart.

Garborg tok på seg eit fjerde «gjenomsyn» av den same krevjande typen i 1910, men denne gongen utan større frustrasjonar. Erik Eggen si gjendikting av Ein midtsommarnattsdraum (eller Jonsokdraumen, som tittelen lyder i dette tilfellet) kunne han ikkje leggje så mykje arbeid i «som rett hadde vori», noterer han i dagboka, «Tidi vart for knapp».[59] I den utgitte boka blir han takka bakpå tittelbladet: «For alle hans verdfulle merknader og raad segjer eg han mi beste takk.» Da omsetjaren nokre år seinare følgde opp med ei gjendikting av Kong Richard III, blir ingen takka for hjelpa.

Omsetjing for teateret
Statsstipendiaten hadde ikkje så lett for å seie nei når målfolk kom til han med bøn om hjelp – ein Madshus, ein Arctander eller ein Eggen. Eller teatret for den del. Da Det Norske Teatret kom til i 1912, med Hulda og han sjølv blant dei fremste pådrivarane, blei det hans oppgåve å sørge for det første stykket: ei omsetjing av Holbergs Jeppe paa Bjerget.

Valet var ikkje sjølvsagt, men heller ikkje overraskande. Da Ole Bull skipa Det Norske Theater i Bergen i 1850, tydde dei òg til Holberg i opningsframsyninga – Den Vegelsinnede. Gode gamle Holberg blei oppfatta som eit sikkert kort i ein situasjon der alt anna var nytt. Skal vi tru dagboka, var mesteparten av omsetjinga unnagjord i løpet av eit par månader.[60] Omsetjaren vurderte å tydeleggjere klassemotsetnaden språkleg ved å la Jeppe snakke norsk, medan baronen og folka hans held seg til dansk, men han slo det frå seg. Jeppe ville på dette viset bli ein norsk bonde, ikkje dansk. Ein kan vel greie å innbille ein sjællandsk drukkenbolt at han er baron, men for ein norsk vestlandsbonde ville det vere totalt urealistisk. «Jeg har da bestemt meg for ganske simpelt at oversætte Stykket som man kan oversætte et tysk eller svensk Stykke», skriv han i brev til Hulda.[61] I bokform kom Jeppe først nokre år seinare, i 1920.

I mellomtida hadde han rokke å ta for seg Kannestøyparen – midt oppe i innspurten med Odyssevskvædet. Sluttstrek set han i november 1918, men undrar seg samtidig på om teatret verkeleg har folk til å spele stykket.[62] På premieren er det heldigvis «burt-imot fullt Hus og myke Fagnad». Ikkje desto mindre er riksmålskritikken «sur»: «[. . .] at me vaagar aa fornorske den ‘norske’ Holberg tilgjev dei oss ikkje.»[63] Den trykte utgåva følgde i 1922.

Etter enda tre år er turen kommen til den tredje Holberg-komedien. Gjendiktaren tar sommarferien til hjelp og kan seie seg ferdig med første utkastet til ein fornorska Erasmus Montanus tidleg i august 1921.[64] På teatret blir det ny publikumssuksess, sjølv om kritikken ikkje inneheld berre jubel. Davida Blachstad Berg i Norges Kommunistblad er rett nok den einaste som held fast på ideen om at landsmål og høgverdig kultur ikkje høyrer saman. For henne er valet av målform i seg sjølv ei form for heimleggjering: «Forestillingen luktet av lefse og mysost.» [65] Bokutgåva kom ikkje før i 1929.

Arbeidet med Holberg-komediene må ha gitt Garborg meirsmak. I april 1923 ser han ut til sjølv å ta initiativet til å omsetje meir av den gamle meisteren.[66] Da det kom til stykket, nådde han det aldri.

I tillegg til Holberg var det to gamle «nasjonale» travarar teatret kunne trenge i fornorska versjon. Både H.A. Bjerregaard sitt Fjeldeventyret (1824) og C.P. Riis sitt Til Sæters (1850) hadde sidan 1850-talet gitt teatra gode pengar i kassa. Begge var syngespel, og begge kunne by på den same ambivalensen: jubelen over det autentiske fjell- og seterlivet og ironien i den språkleg-sosiale kløyvinga av folket. Innslaga av dialektbruk vekte entusiasmen i publikum.

Omsetjinga av Til Sæters kunne Garborg ifølge dagboka seie seg ferdig med i slutten av mars 1913. Medan teatret turnerte land og strand rundt, sat statsstipendiaten heime og sørgde for nye tilskot til repertoaret: «Det er eit Folkestykke som det er mykje godt ved; og av dei to Formingane Forfattaren gav ut hev eg støypt ihop noko som skulde vera paa ein Maate heilt, og dertil ha det gode Humøre.»[67] Rett nok var det fire, ikkje to, «formingar» forfattaren hadde latt etter seg, den fjerde av dei (1878) på hardangermål. Oskar Braaten, som seinare (1937) omarbeidde Garborg si gjendikting, skriv at det var denne, utgåva på hardingmål, han – Garborg – hadde lagt til grunn, ved sida av originalen.[68] Omsetjinga til Garborg blei ikkje trykt medan gjendiktaren sjølv levde; vi har den berre i Braaten sin reviderte versjon. Men på teatret hadde den komme til nytte jula 1921, da teatret inviterte til barneframsyning.[69]

To år seinare, i 1915, må Garborg ha fått ein førespurnad om han kunne ta for seg det andre «nasjonale» syngespelet, Fjeldeventyret.[70] Det var truleg ikkje nokon tidkrevjande oppgåve. Han kommenterer ikkje arbeidet med eit ord i dagboka. Men heller ikkje denne gongen finn teatret utan vidare plass på repertoaret. Garborg får aldri sjå gjendiktinga si realisert på teaterscenen. Den trykte utgåva kom først posthumt (i serien Skodespel for ungdomslag), med forord av Hulda.[71] Ektemannens namn blir underleg nok ikkje nemnt (anna enn på tittelbladet). Hulda stod kanskje sjølv for ferdigstillinga?

Ramakvædet
Våren 1918, da arbeidet med Odyssevskvædet gjekk mot slutten, fekk Garborg ein førespurnad heilt ut av det blå. At han blei bedt om å «sjå igjenom» eit manuskript før det gjekk i trykken, hadde han opplevd ofte nok, men denne gangen var det ein indisk guru som trong hjelp, ingen kjenning frå målrørsla. Sri Ananda Acharya, «den ærverdige, sæle lærar», som i det borgerlige liv gjekk under namnet Baral, hadde året før slått seg ned på Tronsvangen i Alvdal. Han hadde etter det han sjølv opplyser, vore professor ved to universitet i heimlandet, men flytta til Europa, Norge og Alvdal for å arbeide for fred og betre forståing mellom aust og vest. Av ein eller annan grunn hadde han fått sans for landsmålet (så lenge det varte). Derfor vende han seg til Garborg som den fremste autoriteten på området.

Den 18 mai 1918 gjorde landsmålsautoriteten det første notatet om den indiske vismannen i dagboka si:

Denne Indiamannen min, Srî Ananda Acharya, [. . .] driv paa og sender meg Dikti sine (i Manuskript); fysst fekk eg heile Samlingi paa Engelsk, og no fær eg Smaasendingar av same Samlingi paa Landsmaal. Men det indisk-engelske Maale hans er vanskelegt; og han som er Landsmaals-Umsetjar for’n hev ikkje altfor mykje Greie paa Norsk; berre Hugnad fær eg daa ikkje av dette uventa Møte.[72]

I dette spådde han rett. Baral si ha-stemde samling av prosadikt til formidling av «sjælevisdom» fekk etter kvart tittelen Snøfuglar, Garborg vitja poeten på Tronsvangen, og Olaf Norli påtok seg utgivinga. Boka blei akkurat ferdig til jul. På tittelsida står Garborg verken som omsetjar eller gjendiktar. «Umsetjingi» er, står det, «gjennomsédd og fyreorda ved Arne Garborg». Opphavsmannen til dikta ga i brev uttrykk for at han tykte det endelege resultatet var framifrå.[73]

I kva grad Garborg verkeleg omsette desse dikta, eller berre retta opp språket, kan vi ikkje vite sikkert. Bjørn Pettersen, som har sett saman ein påfallande ukritisk biografi om Baral, opplyser at det var ei «Kristiania-jente» ved namn Edith Selboe (1897–1971) som først omsette Snøfuglar til landsmål.[74] Dersom Garborg faktisk ikkje omsette dikta, men berre hadde dei til «gjennomsyn», burde Selboe sjølvsagt ha blitt kreditert. I dagboka tar autoriteten for gitt at omsetjaren er ein mann. Selboe utdanna seg seinare til norsklektor. Og så, seks år etter at Baral hadde gått bort, slo retten fast at han var far til den einaste dottera hennar, fødd på Tronsvangen våren 1924. Sjølv hadde vismannen – svingande eit sverd over hovudet – nekta for farskapet.[75]

Etter Snøfuglar hadde Baral ei ny – og mykje større – oppgave klar til fornorsking: det gammalindiske Ramayana-eposet. Ramayana er eit monumentalt dikt i sju bøker, skrive på sanskrit, i omfang nesten like langt som Iliaden og Odysseen til saman. I den forma vi har det overlevert, kan det daterast til det første hundreåret evt. Diktet fortel om prins Rama og Sita, hustrua hans, som må dra i landflykt og gjennomgå mange prøvingar før dei vender heim og alt blir bra til slutt. Pliktkjensla vinn. Det gode sigrar over det vonde. I tradisjonen er opphavet til eposet ein diktar ved namn Valmiki.

Alt dette var nytt for Garborg. Men han lot seg fascinere – og invitere til Tronsvangen, trass i vonbrotet over ikkje å ha fått noko honorar for arbeidet med Snøfuglar.[76] Somrane 1921 og 1922 var han ein heil månad hos Baral og disiplane hans på Gaurisankarseter. Ifølge Reidun Aambø, som har skrive ein artikkel om samarbeidet mellom dei to, kommuniserte dei ugreit, for Baral var ikkje stø i norsk, og Garborg forstod engelsk betre enn han kunne snakke språket.[77] Men artikkelforfattaren hadde tilgang til notata frå det som gjekk føre seg i den alvdalske workshopen, notat førde i pennen av Baral sin sekretær gjennom 30 år, ingeniøren Einar Beer. Her blir det gjort klart at Baral song dei indiske versa på ein tone som fekk Garborg til å tenke på både «messe- og folkevise»,[78] deretter omsette Baral dei sjølv til engelsk, og ingeniør Beer tok dei vidare til «provinsdansk». Den engelske versjonen blei i tillegg kontrollert av Miss Amy L. Edwards, ei språkmektig engelsk dame som høyrde til i huslyden. Garborg fekk begge dei skriflege omsetjingane, både den engelske og den på norsk riksmål, til sin bruk.

Tekstutvalet stod Baral for. I alt omfattar den trykte boka (177 sider) ein knapp tiandedel av det heile. Med omsyn til versforma meinte Baral at det på norsk var mest nærliggjande å nytte det greske heksameteret,[79] ikkje heilt ortodokst, kanskje, men Garborg hadde jo etter kvart fått god trening i korleis akkurat det kunne gjerast og protesterte ikkje.

Lyd no med heil hug kvar og ein til songen um Rama;
Rettferd me lærer av den og kjærleik og vegen til lukka.

Slik byd diktaren oss høyre etter i opninga. Versemålet kjenner vi utan vidare att, men ellers vil ingen ta feil av det greske og det indiske eposet. Presentasjonen av den høgverdige moralske helten får vi i songen etter:

Far sin, kong Dåsjåråt, mest han liktest, den gjeve prins Rama.
Fri for ovund han var og alltid roleg i hugen;
bråkfri var han i ord; på jamvel den stridaste tale
svara han vislegt og mildt. Han takksam mintest når nokon
godt hadde honom gjort, kor lite det var; men han hugsa
aldri det vonde som valde ’om var, um so det var mykje.[80]

Etter ein haust med intensiv heksameterproduksjon kunne omsetjaren i november seie seg ferdig, og mindre enn ein månad seinare – ti dagar før jul i 1918 – hadde Aschehoug boka klar. Omsetjaren hadde òg fått frå seg ei fem siders «innføring» om den gammalindiske kulturen. Han hadde vore så «heppen», skriv han, at han hadde fått «hjelp» til omsetjinga av ein «professor frå Kalkutta universitet», og frå han har han fått dei opplysningane han legg fram i innleiinga. Det kan ikkje vere tvil om at Garborg her, for ein gongs skyld, framstår som noko ubeskjeden. Den sanskrit-kyndige oppdragsgivaren blir redusert til ein skarve medhjelpar. Garborg, som berre fire år før hadde fortvilt over at den godaste Steinar Schjøtt vegra seg mot å stå på tittelbladet til Odyssevskvædet, utelet her ganske omsynslaust den sjølvhøgtidelege indiske guruen med alle æresnamna. Det berre måtte bli bråk.

Situasjonen blei, i alle fall sett frå Tronfjell, ikkje betre av at den internasjonalt høgt respekterte indologen Sten Konow, som nyleg hadde vendt heim frå eit professorat i Hamburg for å avslutte karrieren ved Universitetet i Kristiania, melde boka i Dagbladet – før nokon annan. Gjendiktaren får rett nok ros. Resultatet er framifrå: «Hans sprog er helstøpt og viser hvor fortreffelig landsmålet egner seg nettopp til gjengivelse av fremmed epos.»[81] Verre går det for «indaren» i Alvdal. Han manglar rett og slett den kompetansen som skal til, ifølge professoren. Alle feila botnar i «at Garborgs inder ikke er fortrolig med de resultater den moderne forskning har bragt, ved felles arbeid av indiske og europeiske vitenskapsmenn»,[82] skriv professoren nådelaust.

Baral tok ikkje til motmæle. Harmen retta han mot samarbeidspartnaren, ikkje professoren. I dagboka konstaterer Garborg 2. februar 1923 at «krigen» har brote ut: «Full krig utan so mykje som Ufredslysing, og utan at eg hadde ein Draum om Grunnen.»[83] Baral ber både gjendiktaren og forleggjaren, Nygaard, om å komme til drøftingar i Alvdal innan fire dagar om dei vil unngå rettssak. Ingeniør Beer hadde alt reist til hovudstaden for å hyre advokat. Ankepunkta er fleire: at verken Valmiki eller Baral (Swami Sri Ananda Acharya) som opphavarar var nemnde på tittelbladet, at tittelen, Rama-kvædet, var «feil», at viktige fotografi (av Baral) var utelatne, at innleiinga var blitt forkorta til tørr og keisam journalistikk, og at Beer, som hadde omsett frå engelsk til riksmål, ikkje var nemnd i det heile tatt.[84] Her var det ikkje berre snakk om såra ærekjensle, men om opphavsrett og økonomi. Slik boka låg føre, opna ho for omsetjing utan vederlag. Baral såg for seg at han sjølv skulle stå for ei engelsk utgåve, som så, i neste omgang, kunne leggjast til grunn for omsetjingar til andre språk. Dermed kravde han boka inndratt. På det grunnlaget vi har i og med Reidun Aambøs artikkel, kan det sjå ut til at han verkeleg hadde retten på si side. I alt hastverket med å rekke julesalet hadde gjendiktaren opplagt tatt fleire dårlege val. Men når den fornærma krev at Garborg skal betale for opphaldet på Gaurisankarseter somrane 1921 og 1922, skjønar vi at store kjensler er i sving. Garborg pungar ut i alle fall og tilgodeser Beer med 1000 kroner for omsetjinga til provinsdansk. Av dei 2578 kronene gjendiktaren fekk i honorar av forlaget, kravde Baral halvparten. Det fekk han. Garborg ville sende han resten òg, men da protesterte Nygaard. Det siste året sitt levde han i skuggen av denne striden. Fortvila og pengelens trega han alt.

Korleis saka stod da Garborg døydde – eitt år seinare, er noko uklart. Ei ny bok kom ut seinhaustes 1924. Valmiki står her som opphavar. Ny tittel er Ramayana. Den gamle, Rama-kvædet, fungerer som undertittel. Begge ledda i omsetjingsprosessen er no komne med: «Umsett frå upphavlegt sanskrit og med ei utgreiding av Swāmi Śrī Ānanda Āchārya». Og på ny linje: «På norsk ved Arne Garborg».[85] På kolofonsida blir det opplyst at «alle umsetjingar frå denne norske landsmålsutgåva er ulovlege», og at «forfattaren, Swāmi Śrī Ānanda Āchārya, eig all rett til boki og då særleg umsetjingsretten». Baral si nye innleiing, omsett av Martha Steinsvik, som var naboen til Garborg, fyller 32 sider. Men sjølve diktteksten manglar. Forlaget har truleg ikkje vore juridisk forplikta til å gi den ut på nytt. Med dette ser Baral ut til å ha gitt opp. Garborg sin gamle ven Ivar Mortenson Egnund melder den nye utgåva i Den 17de Mai oppunder jul, men nemner ikkje fråveret av diktteksten med eit ord.[86] Striden var over.

Garborg starta karrieren sin som omsetjar i 1905 med å setje saman eit hefte i serien Norske folkeskrifter. Emnet var kinesisk jordbrukshistorie, og forfattaren danske Erik Givskov, som hadde fått publisert nokre artiklar om Kina i Samtiden.[87] Denne omsetjinga var den einaste Garborg sjølv tok initiativet til. Etter at han i nesten 20 år hadde bala med nokre av dei aller største oppgåvene ein omsetjar kan ta på seg – på oppdrag frå andre, var han i desember 1923 omsider klar til å følge si eiga lyst. Shakespeare! «Eg hev endeleg teke til med ‘Hamlet’», noterer han opprømt i dagboka.[88] Men ikkje før var jula over og arbeidet kunne ta til for alvor, fekk han lungebrann (lungebetennelse) og døydde, 14. januar 1924.

Referansar

anon. 1925. «Oslo-kritikken um ‘Erasmus Montanus’ paa Det norske teatret». Den 17de Mai 29.09.1925.

Amadou, Christine. 2020. «Norske gjendiktninger og oversettelser av Homer». Norsk
Oversetterleksikon.

Aure, Anton. 1915. «Johan Eberhard Nielsen». I: Nokre gamle maalmenner. Stutte skildringar fraa den fyrste maalstrævstidi. Kristiania: Nikolai Olsen, s. 15–20.

Bjerregaard, H.A. 1925. Fjelleventyret. Songspel i tvo vendingar. Oms. Arne Garborg. Oslo:
Noregs Ungdomslag.

Braaten, Oskar (red.). 1938. Det norske teatret. Dei fyrste femogtjue åra 1913–1938. Oslo:
Samlaget.

Duckworth, George E. 1969. Virgil and Classical Hexameter Poetry. A Study in Metrical
Variety. Ann Arbor (MI): University of Michigan Press.

Egnund, Ivar Mortenson. 1924. Den 17de Mai 16.12.

Eitrem, S. 1906. «Homer». Syn og Segn, s. 149–61.

Fidjestøl, Alfred. 2014. Frå Asker til Eden. Historia om Askerkretsen 1897–1924. Oslo:
Samlaget.

Foss, Gunnar. 1994. «Frå Time til Itaka – Garborg og det greske». Edda, s. 27–41.

Garborg, Arne. 1877. Den ny-norske Sprog- og Nationalitetsbevægelse. Et Forsøg på en omfattende Redegjørelse, formet som polemiske Sendebreve til Modstræverne. Kristiania: Cammermeyer.

——. 1918. «Odyssevs». Den 17de Mai 13.02.

——. 1920. «Steinar Schjøtt». Syn og Segn, s. 49–63.

——. 1924–1927. Dagbok 1905–1923. 6 bd. Utg. Hulda Garborg. Kristiania:
Aschehoug.

——. 1954. Mogning og manndom. Brev. 2 bd. Utg. Johs. A. Dale og Rolv Thesen. Oslo:
Aschehoug.

[Garborg, Hulda]. 1920. «Dei tvo som sette um Odyssevs-kvædet». For Bygd og By nr. 1,
18.01., s. 3–6.

Garborg, Hulda. 1962. Dagbok 1903–1914. Utg. Karen Grude Koht og Rolv Thesen. Oslo:
Aschehoug, 1962.

Givskov, Erik. 1905. Eit 4000-aars rike. Oms. Arne Garborg. Oslo: Norigs ungdomslag og
Student-maallaget.

Goethe, J.W. 1911. Faust. Eit syrgjespel. Oms. A.M.St. Arctander. Kristiania: Norli.

[Homer]. 1837. Homers Odyssee. 2 bd. Overs. Christian Wilster. København: Reitzel,
digitalisert versjon på Kalliope: https://kalliope.org/da/work/wilster/1837

Homer. 1905. «Navsikâa (Odyssevskvæde av Homer, 6te song)». Oms. Arne Garborg.
Jolekveld, s. 19–23.

——. 1912. «Gamalhellensk Sportsliv. (Ein stubb av Homers Odysseskvæde)» [Frå 8. song].
Oms. Arne Garborg. Bergens Tidende 16.–17.09.

——. 1915. «Kyklopen Polyfemos. Eit gamalgresk troll. Or Odyssevs-kvæde» [9. song].
Oms. Arne Garborg. Deilig er jorden, s. 13–23.

——. 1916. «Kalypso. Odyssevs-kvædet V. Ei hulder hjaa Homer». Oms. Arne Garborg.
Julehelg, upag.

——. 1918. «Sol-uksarne. Gamal-gresk segn ur Odyssevs-kvædet. 12. songen». Oms. Arne
Garborg, Jolehøgtid, upag.

——. 1918. Odyssevskvædet. Oms. Arne Garborg. Kristiania: Aschehoug.

——. 1920. Iliaden. Oms. P. Østbye. Kristiania: Aschehoug.

——. 1922. Odysseen. Oms. P. Østbye. Kristiania: Gyldendal.

——. 1965. Iliaden [1951]. Oms. Eirik Vandvik. 2. utg. Oslo: Samlaget.

Knap, Carl. 1919. «Odysseuskvædet». Kronikk i Stavanger Aftenblad 16.01.

Konow, Sten. 1922. «Garborgs nye bok. Et indisk nasjonalkvad». Dagbladet 16.12.

Kraggerud, Egil. 1991. «Antikke heksametre i moderne drakt». I: Per Qvale (red.), Det
umuliges kunst. Om å oversette. Oslo: Aschehoug.

Midttun, Olav. 1920. «Homer og Homerumsetjingar». Syn og Segn, s. 40–46 og 124–35.

[Monrad, Marcus Jacob]. 1858. Melding av A.O. Vinjes Dølen, Morgenbladet 17.10.

Obrestad, Tor. 1991. Arne Garborg. Ein biografi. Oslo: Gyldendal.

Pettersen, Bjørn. 2018. Baral. Vismannen på Tronfjell. Swami Sri Ananda Acharya. En biografi og antologi. Alvdal: Tronfjell fredsuniversitet.

Riis, C.P. 1937. Til Sæters. Dramatisk idyll med songar i ei akt. Oms. Arne Garborg. Omarb.

Oskar Braaten. Oslo: Aschehoug.

Schjøtt, Steinar. 1918. «Odysseen på norsk». Den 17de Mai 09.02.

Shakespeare, William. 1901. Macbeth. Oms. Olav Madshus. Kristiania: Aschehoug.

——. 1905. Kaupmannen i Venetia. Oms. Olav Madshus. Oslo: Norsk bokhandel.

——. 1912. Jonsokdraumen. Eit gamanspel. Oms. Erik Eggen. Oslo: Samlaget.

Skard, Sigmund. 1938. A.O. Vinje og antikken. Studier i norsk åndshistorie. Oslo: Det Norske
Videnskaps-Akademi.

Valmiki. 1924. Ramayana. Rama-kvædet. Umsett frå upphavlegt sanskrit og med ei
utgreiding av Swāmi Śrī Ānanda Āchārya. På norskt ved Arne Garborg. Kristiania: Aschehoug.

Vestrheim, Gjert. 2010. «Skandinavisk heksameterdiktning». Klassisk Forum 2010:1,
61–84.

Vinje, Aasmund. 1910. Lyriske dikt. Eit utval. Utg. Idar Handagard. Oslo: Norli.

Wilster, Christian. 1833. Om Hexametret og dets Behandling i det danske Sprog. København:
Andreas Seidelin.

Aambø, Reidun. 2001. «Samarbeidet mellom Arne Garborg og Sri Ananda Acharya om
Rama-kvædet». I: Randi Arnestad m.fl. (red), Mye Arne – mest Hulda. Samvær, samfunn og diktekunst. Tynset: Musea i Nord-Østerdalen, s. 103–26.

Noter

[1] Obrestad (1991), s. 310.

[2] Garborg (1877), s. 89 og 94.

[3] Monrad (1858).

[4] Garborg (1877), s. 19–20.

[5] «Alt fraa den Tid daa eg gav ut Skriftir i Samling [1908–1909], visste eg at eg hadde kje noko Publikum lenger», Garborg, Dagbok, bd. 4, 01.09.1916.

[6] Fidjestøl (2014).

[7] Opplysninga om Vinjes norske Homer har opphav i ei munnleg overlevering av dølsk ironi. Sjå Hulda Garborgs dagbok, s. 114–15 og Idar Handagards kommentar til diktet «Til mangt og mykje tidt eg eggjast» i Vinje (1910), s. 56.

[8] At Garborg omtaler forgjengaren som «valdrisen», tyder på at han ikkje kjende den gamle målreisaren særleg godt. Nielsen budde aldri i Valdres, men var språkkonsulent og utgivar for ei samling segner frå Valdres i 1871; jf. Aure (1915), s. 20.

[9] Ifølge Hulda Garborg «læste [Schjøtt] i sin tid også Homer med Vinje», jf. dagboka hennar for 19.05.1908. Det må ha vore medan Schjøtt enno var student.

[10] Schjøtt (1918).

[11] Jf. dagboka for 05.03.1912, inkludert merknaden til utgjevaren.

[12] Garborg i Den 17de Mai 13.02.1918.

[13] Garborg (1920), s. 61.

[14] Brevet, datert 11.08., finst trykt i Garborgs dagbok, bd. 1.

[15] Dagboka, bd. 5, 11.09.1917.

[16] Dagboka, bd. 4, 15.11.1913.

[17] Brev til Hulda, trykt i dagboka, bd. 3, 04.02.1910, tilsvarande i dagboka, bd. 3, 07.09.12; jf. bd. 4, 10.03.1916.

[18] Hulda Garborgs dagbok 24.11.1903; jf. 23.01.1909.

[19] Dagboka, bd. 2, 20.11.1908; jf. 16.03.1908 og bd. 4, 10.03.1915.

[20] Dagboka, bd. 2, 06.06.1909.

[21] Jf. Garborgs brev til Gerhard Gran i 1896, Garborg (1954, bd. 2), s. 335–36.

[22] Dagboka, bd. 5, 11.09.1917.

[23] Hulda Garborg (1920), s. 5. Hulda skriv intervjuet som redaktør for bladet (For Bygd og By).

[24] Dagboka, bd. 6, 13.11.1920.

[25] «Odysseen på norsk», Norske Intelligenssedler 20.11.1918.

[26] Opplagstalet har Midttun (1920), s. 135.

[27] Jf. dagboka, bd. 5, 08.03.1919.

[28] Takk til Ottar Grepstad for velkvalifisert spekulasjon om opptrykksspørsmålet (e-post 18.03.2023). Solum Bokvennen annonserte eit opptrykk av Odyssevskvædet i 2022–23, men må ha komme på andre tankar før det blei alvor.

[29] «Julens bokflom», Tidens Tegn 24.09.1918.

[30] Kr. [Olav Kringen], «Homer: Odyssevskvædet», Social-Demokraten 14.12.1918.

[31] K. J. [Karl Johanssen], «Gammel og ny visdom», Dagbladet 19.12.1918.

[32] K., «Nye bøker», Søndmørsposten 24.12.1918.

[33] Eitrem (1906), s. 150. Stipendiaten (frå Kragerø) skriv sjølvsagt landsmål i Syn og Segn.

[34] Knap kunne for sin eigen del vise til språkleg-historisk lærareksamen, ikkje embetseksamen, men i fagkretsen hadde han både latin/gresk og engelsk/fransk.

[35] Midttun (1920), s. 127.

[36] Eitrem (1906), s. 150.

[37] Skard (1938), s. 185 og 430.

[38] Knap (1919); Garborg og Schjøtt lika ikkje denne kritikken og vart først sinte, men hadde da det kom til stykket, nytte av den; jf. Hulda Garborg (1920), s. 4.

[39] Eitrem (1906), s. 153.

[40] Jf. dagboka, bd. 4, 10.03.1916: «Homer med sine Heksameter er ikkje lett aa fornorske; eg sit i dagevis med eit Par Vers stundom.»

[41] Jf. m.a. Od. 10.492, 10.530 og 6.11.

[42] Jf. m.a. Od. 1.393 og 14.229.

[43] Jf. Od. 5.55.

[44] Homer (1916), (1915) og (1912).

[45] Kraggerud (1991), s. 33.

[46] Homer (1905).

[47] Utrekninga legg dei fire første taktene i verset til grunn; dei to siste ligg i prinsippet faste og er derfor uinteressante i denne samanhengen.

[48] Jf. Wilster (1833), § 14, s. 54–56; jf. Vestrheim (2010), s. 68–69.

[49] Duckworth (1969), s. 5.

[50] Dagboka, bd. 4, 11.08.1913.

[51] Shakespeare (1901), s. V.

[52] Det første brevet frå Arctander til Garborg er tapt. Garborg svarte positivt 17.04.06, og Arctander greidde nærare ut om arbeidet sitt i brev 22.04.1906, trykt i dagboka, bd. 1.

[53] Dagboka, bd. 1, 17.05.1906.

[54] Dagboka, bd. 1, 31.03.1907.

[55] Dagboka bd. 1, 01.11.1907.

[56] Goethe (1911), forordet (upag.).

[57] Hulda Garborgs dagbok 25.12.1911.

[58] Dagboka, bd. 6, 26.12.1921.

[59] Dagboka, bd. 3, 05.06.1910; Erik Eggen (1877–1957) arbeidde på denne tida som lærar i Seljord.

[60] Dagboka, bd. 3, 07.09.1912 og 17.10.1912.

[61] Dagboka, bd. 3, 30.09.12.

[62] Dagboka, bd. 4, 03.11.18.

[63] Dagboka, bd. 5, 19.02.19.

[64] Dagboka, bd. 6, 11.06.1921 og 03.08.1921.

[65] Blachstad Berg melde framsyninga i Norges Kommunistblad. Den samla kritikken blei anonymt resymert i Den 17de Mai 29.09.1925.

[66] Dagboka, bd. 6, 03.04.23.

[67] Dagboka, bd. 4, 28.03.1913.

[68] «Den umskrifta av ‘Til Sæters’ som Arne Garborg i si tid gjorde for ‘Det Norske Teatret’ var mykje bygd på fjorde-utgåva som C.P. Riis sende ut på harding-mål i 1878. [. . .] Umskrifta til Garborg har eg gjort bruk av så langt råd er og har hatt god hjelp av den», presiserer Braaten i forordet, Riis (1937).

[69] Dagbladet 19.12.1921; jf. Braaten 1937, s. 102; jf. Hulda Garborgs dagbok (1962), 09.10.13.

[70] Jf. dagboka, bd. 4, 24.04.15.

[71] «Dette er fyrste heilnorske umskrifti av stykket», Bjerregaard 1925, forordet.

[72] Dagboka, bd. 5, 18.05.1918.

[73] Brev frå forfattaren til Garborg 13.02.1919, sitert av Reidun Aambø (2001), s. 106.

[74] Pettersen (2018), s. 188.

[75] Pettersen (2018), s. 201.

[76] Dagboka, bd. 5, 26.11.19.

[77] Dagboka, bd. 6, 07.06.1921; jf. Aambø (2001), s. 108–09.

[78] Dagboka, bd. 6, 25.06.21.

[79] Dagboka, bd. 6, 23.06.21.

[80] Ramakvædet, s. 4 og 6.

[81] Konow (1922).

[82] Konow (1922).

[83] Dagboka, bd. 6, 05.02.1923.

[84] Aambø (2001) gjer greie for striden så godt som den lar seg forstå på grunnlag av Beers notat.

[85] Valmiki (1924).

[86] Egnund (1924).

[87] Omsetjaren sette sjølv saman teksten på grunnlag av det materialet som låg føre. Opphavaren takka på si side pent for heftet etter at han hadde fått det sendt; jf. dagboka, bd 1, 19.04.1905.

[88] Dagboka, bd. 6, 16.12.1923.

 

Bibliografi