Bolette C. Pavels Larsen, 1847–1904

Foto: Aure: Kvinnor i den norske bokheimen

Bolette Christine Pavels Larsen er truleg ei av Noregs første aktive kvinnelege omsetjarar, men ho er mest kjend som ein av Nordens mest respekterte litteraturkritikarar. I tillegg til å vere bokmeldar og journalist i Bergens Tidende i rundt 25 år (1880–1904) var Bolette omsetjar, forfattar, målkvinne, opplesar, feminist og aktiv brevskrivar.

Bolette Pavels Larsen brevveksla med svært mange forfattarar, særleg Knut Hamsun. Han skreiv nærmare 100 brev til Bolette og mannen hennar, Ole Johan Larsen. Det gjorde òg fleire andre forfattarar som Arne Garborg og Hulda Garborg, Verner von Heidenstam, August Strindberg, Georg og Edvard Brandes, Bjørnstjerne Bjørnson, Henrik Wranér, Gustaf af Geijerstam og Juhani Aho. Breva til Bolette er bevarte ved Universitetsbiblioteket i Bergen,[1] medan dei aller fleste breva frå Bolette truleg er gått tapte.

Bolette Pavels Lund var fødd og oppvaksen i Sogn. Mora var Inger Marie (Kaas) Munthe frå adelsgarden Kroken i Luster. Faren var prokurator Jonas Eilertsøn Lund frå Farsund. I oppveksten budde Bolette ofte i Munthehuset, eit herskapshus i seinempirisk stil, der ho hadde eit spesielt forhold til den kunnskapsrike historikaronkelen, offiseren og kartografen Gerhard Munthe (1795–1876), som mellom anna kartfesta hendingane i Snorre og kartla den norske adelen. Bolette var søskenbarn til forfattaren og læraren Margrethe Munthe og bildekunstnaren Gerhard Munthe.

Etter eit opphald hos ei søster i Nordland, flytta Bolette til Bergen der ho i 1874 gifta seg med bankfullmektig Ole Johan Larsen (1845–1928). Dei fekk ingen barn. Begge var markante kulturpersonlegdommar i Bergen, aktive i foreiningslivet og ivrige samlarar av alt som hadde tilknyting til kjende personar, mellom anna bøker, brev, manuskript, portrett og ex libris.

Det er uklart kva økonomisk avtale Bolette hadde med Bergens Tidende. Fordi ho var gift, det vil seie ei forsørgd kvinne, fekk ho ikkje alltid lønn for det ho gjorde, noko som går fram av eit svar ho gav Arne Garborg i 1890. Han spurde nemleg kva honorar Bergens Tidende ville gje kona hans, Hulda Garborg, viss ho byrja å skrive. Litt overraskande skreiv Bolette at det kunne ho ikkje svare sikkert på, men kanskje meir overraskande syntest ho at det var «søtt» av Hulda å ville tene eigne pengar:

Jeg kan nemlig ikke tale af Erfaring, da min stilling til Bladet er noget exceptionel; jeg arbeider mangen Gang uden Spor af Betaling, til andre Tider har man honoreret mig smukt. Jeg gjør idetheletaget som jeg har Lyst til. – Jeg kan godt forstaa, at Deres Frue gjerne vil tjene lidt selv, om det er aldrig saa lidet; det er sødt! (1.7.1890)

Når det gjeld det økonomiske i avtale med forlag, blei Bolette truleg behandla på lik linje med andre forfattarar og omsetjarar.

Bolette som litteraturkritikar
Trass i det faktum at Bolette ­– etter det vi veit – ikkje hadde noka formell utdanning, synte bokmeldingane hennar at ho hadde eit litterært talent og var skulert innan verdslitteraturen. Det blei snart klart for lesarane at ho hadde både kunnskapar og kompetanse, noko ein kritikar må ha for å kunne setje seg til doms over andre sine åndsverk, for slik å kunne avgjere den litterære kvaliteten. Ho greidde å opparbeide seg det viktigaste for ein kritikar, ikkje berre lesarens tillit, men òg forfattarens.

Hamsun var svært begeistra for Bolette som kritikar: «Fan gale mig! – Men det er skrækkeligt, saa klog De er, jeg ser det i alt, De skriver.» Ho imponerte òg Verner von Heidenstam: «Era recensioner äro alltid odogmatiska och friska.» I desse forfattarane såg Bolette straks kvaliteten i debutbøkene deira, og dei fekk begge nobelprisen i litteratur.

Bolette var ein allsidig litteraturkritikar. Frå omkring 1880 til 1904 omtalte Bolette fleire hundre bøker, opp til 60 om året, særleg rundt 1890. I starten var meldingane hennar usignerte, men etter kvart nytta ho forkortinga P-ls eller B.C P. L. I grunnen var det unødvendig for ho å signere. Ho var bokmeldaren i Bergens Tidende. Bolette var heller ikkje utan synspunkt på kritikarens oppdrag og ansvar, og uttrykte følgjande i meldinga av Peter Egges roman Jomfru Nelly Maartens (1897):

Dog, det er efter Anmelderens mening ikke rigtig i et Dagblad at fortælle Inholdet af en ny Bog. Det skal Publikum erfare gjennem Læsningen af selve Bogen. En Anmelder skal forsøge at give Publikum Lyst til at lære en Bogs Inhold at kjende. (BT 16.11.1897)

Ho sette krav til forfattarane, særleg til kvinner som burde setje kvinnesak under debatt. Som kritikar var ho ikkje redd for å slakte, til dømes samlinga I Moll. Noveller og Skitser av Alvilde Prydz i 1886:

Frk. Prydz har benyttet sit Fremstillingstalent, sin Stil og sin Fantasi til at lage os en vammel Ret af opstyltet Manér, opstemt, bristende Pathos og ulidelig Unatur. Kvindemartyrer er det, Forf. haardnakket insisterer paa at vise os. (BT 5.1.1886)

Bolette som forfattar
Til saman skreiv Bolette over 40 skjønnlitterære forteljingar – med ekte små glimt av kvardagslege forhold på landet i skjemt og alvor. Historiene var skrivne på dansk-norsk eller på dialekt – sitt barndoms sognemål. Historiene fekk ho trykte i Bergens Tidende, tidsskrifter, blad og julehefte, i tillegg til tre eigne bøker.

Hausten 1897 gav Aschehoug ut femten av forteljingane hennar med tittelen Smaa Skildringer på dansk-norsk, og samtidig gav forlaget ut dei åtte første forteljingane på sognedialekt, Smaoe Skjeldringa, alle omsette av ho sjølv. Truleg var dette første gongen eit etablert norsk forlag gav ut slike paralleutgåver av skjønnlitteratur. Bolette var dessutan ein av dei første i landet som gav ut ei skjønnlitterær bok på dialekt, og den første på sognemål. Kritikken var jamt over god, og i Dagbladet skreiv Peter Rosenkrantz Johnsen:

Rødkindet, frisk og spræk, stundom alvorsfuld, med et Stænk af flatterende Sensualisme – ‘Sogneblod’ – og skøjeragtig Humor – ‘Blandt Toskehoder’ – med en kjæk, helt igjennem uaffekteret Stil, og altid fin – saaledes fremtræder hun for os i sine Skildringer. (Dagbl. 14.11.1897)

Hamsun blei reint oppglødd av Smaa skildringer og skrytte henne opp i vêret:

Herregud, jeg har ligget her om Kvældene og Nætterne og læst i den og nydt dens faa Prikker og færre Udraabstegn og dens 2tale Mangel paa Affektation og Spræl. Lykkelige Bolette, siger jeg, som har sin Ro. [...] Du, Herregud, jeg vil prøve at skrive saa roligt som du. Det er en Nydelse at læse det. Og saa er du en Formens – Mand paa sin Hals. (Hamsun i brev 29.11.1897)

I 1902 gav Aschehoug ut ei ny samling med åtte historier berre på riksmål, kalla Kløver og Klunger, og til meir blanda kritikk.

Omsetjar av seg sjølv – «Sognablo»
I og med at Bolette reiste rundt og underheldt med historiene på dialekt tenkte ho tydelegvis på publikum når ho til dømes skriv forteljinga «Sognablo» på dialekt og deretter omset historia til dansk-norsk «Sogneblod». Teksten blir ikkje heilt den same, med mange ulike ord og vendingar. Ved å forandre på ordvalet understrekar Bolette forskjellen mellom by og land, byfolk og bønder og mellom fint og folkeleg.

«Sognablo» – sognedialekt

Far min va ein utifrao meistar te kjøira, han lærde me tile te styra ein øjk. Ao pao morsiao e eg ao eit folkaslag, so’ inkje ha vore noke anna elde kongens kara aa krigsmenn aa kafteina aa styggedom i ei heile rekkja utette, so eg ha vore pao hes-teryggjen ifrao eg va ein neve store.

«Sogneblod» – riksmål

Min Fader var en Mester til at kjøre, han lærte mig tidligt at styre en Hest. Og paa Mødreneside hører jeg til en gammel Militærslegt; jeg har været paa Hæsteryggen fra jeg var en Næve stor.

I dialektversjonen av «Sognablo» står det at hovudpersonen (= Bolette) som ung er på veg til «julagjestabaa, eg hadde saate inbadla i adle slags plagg aa kaope, so eg va so stive, da va me’ nøne eg kunde lea pao meg». Medan det i den dansk-norske versjonen står at ho har køyrt til «Juleballer, siddet i Bredslæde, stiv som en Bylt, indpakket i Bashlik og Kasavajka». Vi får tru at den tidas byfolk forstod kva ho meinte, men det er ikkje sikkert at dagens lesarar gjer det: Basjlik er ei kaukasisk, spiss, hetteforma hue med lange, hengande sidelappar som kan slyngast rundt halsen som eit skjerf. Kasavaika er ei russisk damejakke gjerne kanta med skinn slik Camilla Collett skildrar det i I de lange Nætter (1863).

Det var dialektversjonen Bolette alltid las opp, og ho fekk dermed fram litt humor og komikk. Det var fleire som kritiserte og gjorde narr av henne, at ho som pen byfrue kunne nedverdige seg til å snakke dialekt – ho som høyrde til dei kondisjonerte, til den privilegerte klassen. Ein del finfolk i Bergen sa ho var affektert og berre gjorde seg til. Men det gav ho blaffen i. Ho kunne begge delar og var stolt av det. (Jf. m.a. Rosenkrantz Johnsen i Hver 8. Dag 1898–1899, Olav Hoprekstad i Sogns Tidende 6.4.1906)

Ho var truleg den første kvinna som stod aleine på scena og underheldt, mellom anna med opplesing på den store målmarknaden i Kristiania i 1898. I Dagbladet fekk ho stort oppslag: «Hun er opvokset i Sogn og har formaaet at gi Sogningens klangfulde Sprog og eiendommelige Lune fuldt kunstnerisk gyldig Form.» (18.9.1898)

 Som omsetjar frå svensk til norsk
Bolette Pavels Larsens innsats som omsetjar har ikkje tidlegare vore særleg framme i lyset, men det bør hennar iherdige arbeid absolutt. Ho omsette frå svensk til norsk. Når og korleis Bolette lærte seg så godt svensk, er høgst uklart, men alle forfattarane ho omsette, har utan atterhald skrytt av forståinga og attgjevinga av det svenske språket. Resultatet av omsetjargjerninga hennar munna i all hovudsak ut i korte historier og noveller, samt nokre få bøker. Ho omsette 7 bøker og 30 noveller/forteljingar.

Bolette meiner at nordmenn bør kunne lese svensk litteratur på originalspråket, ikkje berre dansk. Det vil vere oss «baade til Skam og Skade» at nordmenn ikkje greier å lese svenske bøker. Det er små forhold i Norden, og landa burde kome nærmare kvarandre: «Literaturen er det stærkeste, det inderligste Bindeled – den knytter Sympathierne og frigjør Aanderne.» (BT 21.6.1886)

Hamsun hadde stor tiltru til Bolette som omsetjar. Han fekk henne til å omsetje Birger Mörners skodespel Salig Baronessen (svensk: Salig Friherrinnan), som ikkje kunne gjevast ut i Sverige fordi boka handla om levande personar. Boka kom ut på Aschehoug våren 1893 med forord av Hamsun, men utan namnet til omsetjaren (men det står no rettmessig i Nasjonalbibliotekets base). Svensk utgåve kom først i 1925. For forlaget til Mons Litleré omsette ho i 1890 Fredsarbeidet og dets motstandere av Klas P. Arnoldson.

August Strindberg
Under overskrifta «Et Embedsværk» på framsida av Bergens Tidende 24. januar 1880 presenterte avisa eit lengre utdrag frå dei første sidene av August Strindbergs nyleg utgjevne roman Röda Rummet, omsett til dansk-norsk og usignert som så ofte i avisene på denne tida. Men det var ganske visst Bolette Pavels Larsen som stod bak, og seinare same året skreiv ho til Strindberg og bad om å få omsetje heile Röda Rummet, eller noko anna av det han hadde skrive. Brevet hennar er blitt borte, men 20. desember svarte Strindberg:

Högtärade!
Till svar på Eder ärade skrifvelse kan jag endast svara att jag tänker ingen öfversättning af mina arbeten kan komma tillstånd utan förläggare, och någon Norsk sådan (eller Dansk) eger jag ej. Dock håller Cammermeyer på att fundera öfver «Röda Rummet», men till detsamma har en Herr Gunnar Heiberg skaffat sig rätten att öfversätta. Hvad åter «I Vårbrytningen» beträffas är den icke värd att öfversättas, ty det är en samling af dåliga ungdomsarbeten på vers och prosa.

 Deremot skulle jag vara mycket glad om Ni ville på egen risk öfversätta mitt teaterstycke «Gillets Hemlighet» som i våras gafs på Kungliga Teatern, och om Ni kunde få det läst vid Eder och Danska Teatern.
Det fins utgifvet i bokhandeln och är det som jag mest håller på af hvad jag skrifvit.

Med utmärkt högaktning August Strindberg
c.o. Amanuens vid Kungl. Biblioteket Stockholm.[2]

Bolette aksepterte, men blei overraska då ho såg det stod Uppsala 1402 på tittelbladet. Gillets Hemlighet var ikkje eit notidsdrama som ho hadde trudd, men ein komedie i fire akter om bygginga av Uppsala domkyrkje. Ho omsette Gillets Hemlighet til dansk-norsk, men lykkast ikkje å få stykket opp på noko norsk eller dansk teater, endå med hjelp av Georg Brandes. For at arbeidet hennar med omsetjinga ikkje skulle vere forgjeves, spurde ho Strindberg om ho kunne få trykke skodespelet i Bergens Tidende. Han svarte 13. februar 1883:

Högtärade Fru Larsen!
Eder anhållan att få trycka Gillets Hemlighet i Bergens Tidende beviljar jag med nöje, men måste förbehålla mig pjesens utgifvande i bokform emedan jag har förhoppningar om en förläggare i framtiden.
Tackande för deras vänliga helsning beder jag få vara innesluten.
Med utmärkt högaktning August Strindberg.

 Som andre aviser trykte òg Bergens Tidende føljetongar som «kjellarar» nederst på side to eller tre i avisa, men som regel noveller og romanar. Eit heilt teaterstykke som føljetong var ikkje vanleg kost. Men frå 1. mars 1883 og dei neste 18 dagane gjekk Strindbergs stykke Gildets hemmelighed som føljetong i avisa, i Bolettes omsetjing, innleia med ein artikkel om forfattaren. Det oppsiktsvekkande var kan hende at medan resten av avisa som vanleg var trykt i gotisk skrift, var skodespelet trykt med latinske bokstavar. Dette var nemleg ikkje vanleg. Først i 1913 bestemte Bergens Tidende seg for å slutte heilt med gotisk skrift og gå over til anikvaskrift, altså latinske bokstavar.

Verner von Heidenstam
Den svenske forfattaren Verner von Heidenstam (1859–1940) debuterer våren 1888 med diktsamlinga Vallfart och Vandringsår. Bolette skriv ei kjempelang bokmelding, og syner her sin litterære teft og klasse som kritikar i sitt første møte med ein forfattar som skal bli ein av Sveriges største skribentar, ofte omtalt som Sveriges nasjonalskald, og som nemnd får han nobelprisen. (BT 26.5.1888)

I desember melder ho Heidenstams Från Col di Tenda till Blocksberg: resekizzer (Bonniers 1888) svært så positivt. Boka er ypparleg skriven, moderne i stil og ånd. Heidenstam må lesast: «Man vil komme til at beundre og elske ham. Han besidder Kraft, Originalitet, Indignation, Ild, Fantasi – og endnu Humør som faa.» (BT 14.12.1888). Bolette skriv til forfattaren og spør om ho kan få omsetje boka til norsk. Dessverre har Heidenstam alt gjort ein avtale med Cammermeyer forlag, og han foreslår at ho heller kan få omsetje romanen hans, Endymion, som er på veg.

Cammermeyer har bedt ei norsk dame i Stockholm om å omsetje Col di Tenda. Men omsetjinga er ikkje god nok, og Heidenstam ber Bolette overta. Cammermeyer sår deretter tvil om heile utgjevinga, og bestemmer seg for ikkje å gje ut boka. Bolette greier å få Beyer forlag i Bergen interessert, og sist i november 1889 kjem Fra Col di Tenda til Bloksbjerg ut på dansk-norsk. Fra Col di Tenda til Bloksbjerg: reiseskitser (Beyer 1889).

I mellomtida er Heidenstam stadig framme i Bergens Tidende. Bolette omset novella hans «Dukken» som blir trykt i avisa i mars 1889, og romanen Endymion får ei entusiastisk hylling. I Heidenstams verk er kvar linje genial, ny og original, skriv ho. Han er «Solskinnets og Livsglædens Digter» med eit fargerikt og metta språk. No må bøkene hans snart kome på norsk. (BT 14.5.1889) Men i og med at Endymion skal omsettast til dansk, trengst det inga norsk versjon. Ho omset Heidenstams essay om «Mariabilledet i Einsiedeln», det kjente klosteret i Sveits, som kjem i avisa.

Col di Tenda
Heidenstam er full av lovord over Bolettes norske omsetjing av Fra Col di Tenda til Bloksbjerg. Reiseskitser og byrjar brevet med følgjande lovtale: «’Katten han blaaser i silfverhorn’, heter det i en gammal visa. Författaren tutar i silfverbasun, skulle man också kunna säga, om jag hade någan silfverbasun, ty då skulde jag i den tuta en liten lofsång öfver Eder öfversätning af min bok.» Som svensk kan han vanskeleg vurdere det, «men efter allt hvad jag kan döma är Eder öfversättning utmärkt lyckad. Ni har en stilistisk konstnärlighet i Edert skrifsätt som synnerligen tiltalar min svenska smak». Han kjenner seg meir igjen i den norske omsetjinga enn i den danske. Særleg artig finn han gjendiktinga hennar av nokre «tøysevers» frå toppen av Ebenalp: «Jag skrattade åt den af hjärtans lust.» Her kjem eit utdrag som viser Bolettes elegante løysing:

Svensk original:
Men ser du en tvåbent punschkarafin
om också vid verldens ände,
med porslinslikt skjortbröst och mulåsnemin;
var viss, då är han din frände,
din morbror, din syssling, din bror, din kusin.

Bolettes omsetjing:
Men ser du en punschekaraffel paa ben,
om ogsaa ved verdens ende,
med mine som et æsels og skjorte som porc’læn,
vær vis paa, at han er din frænde –
en onkel eller fætter er hver eneste en.

Like etter diktet kjem følgjande avsnitt, her i svensk original:

Det fins något som jag skulle vilja kalla litterärt samvete. För min ringa del tycker jag när jag forsöker skrifva något, att jag mellan de två verkliga ögonen har ett tredje öga, ett stort allvarligt öga, som granskar hvart ord. Jeg vet knappast något som jag skulle ångra så djupt som ett samvetslöst yttrande i skrift, i tryck. Men den här gången blundade det der tredje ögat mycket lugnt.

 Norsk omsetjing:

Der er noget, som jeg vil kalde literær samvittighed. Naar jeg for min ringe del forsøger paaat skrive noget, saa synes jeg, at der imellem mine to rigtige øine sidder et tredie øie, et stort alvorligt øie, der veier hvert ord. Jeg véd neppe noget, som jeg vilde kunne angre saa dypt, som en samvittighedsløs ytring i skrift, paa tryk. Men denne gang sov hint tredie øie i god ro.

Bolette sender boka straks til Garborg og ventar spent på dommen hans:

Oversættelsen er aldeles brillant. Jeg har – skjønt jeg læste med Mistroens skjærpede Blik – ikke opdaget mer en én Svecisme, og den har Bjørnson indført og Kielland efter ham brugt, saa De er temmelig undskyldt; jeg husker ikke Stedet og heller ikke Ordene, men det er noget saadant som ‘Landets alle Indbyggere’ istedetfor ‘alle Landets Inbyggere’ ... Kielland har lovet mig med Sort paa Hvidt, at han ikke skal gjøre det mer; lov De det ogsaa! – Amen. (22.5.1890)

I det nyetablerte tidsskriftet, Samtiden, står det på nyåret 1890 ei positiv, men usignert melding av Heidenstams bok som kritiserer omsetjinga av Col di Tenda: «Oversættelsen er ikke overalt saa god, som man kunde ønske den.» Det er altfor mange uttrykk som «paa hvilken» og «af hvilken», og ein overdriven bruk av konjunksjonen «idet». I tillegg er boka full av trykkfeil. Dette tar Bolette seg svært nær av og sukkar desperat til Garborg: «Og nu kommer vort nye, vort eneste literære Tidsskrift og vil dræbe mig.»

Ho er sikker på at dette er ei hevnakt frå mennene bak Samtiden, Gerhard Gran og Jørgen Brunchorst, og ho ber på sine kne om at Garborg må ta til motmæle, helst i sjølve Samtiden og gjere tidsskriftets melding til skamme: «De, med Deres Genis Myndighed, De kan knuse dem allesammen med et Pennestrøg.» Det gjer Garborg ved å legge inn nokre velvalde ord i sin legendariske artikkel om Hanna Winsnes si kokebok. Her nemner han den eine svesismen i omsettinga av Fra Col di Tenda:

… menneskenes alle dumheder istedetfor alle menneskenes dumheder; men den har ogsaa Bjørnson brukt ... Kortsagt! – der var intet iveien. Bogen virkede som en dansk-norsk original; sproget var bare noget renere end det pleier at være i dansk-norske originaler.

Med signaturen S.s. forsvarer Bolette sjølv si eiga omsetjing av Col di Tenda i ei melding av Samtiden i Bergens Tidende:

Naar ‘Samtiden’s Anmelder ‘generes’ af den norske Oversættelse af Heidenstams Bog, da maa man ha ondt af ham. Om denne Oversættelse har Mænd som Jonas Lie, Arne Garborg, Dr. Schandorph m.fl. udtalt sig slig, at man skjønner, de ikke ‘generes’. (BT 1.3.1890)

At det er ho som har skrive det, tilstår Bolette overfor Garborg, «men det er der ingen, som ved». Ho har ingen andre å stole på og seier det slik sogningane plar seie: «Eg foar lita paa meg sjøl, eg ha ‘kje Bygdi te lita pao.» (6.4.1890)

Pepitas bryllup
I mars 1889 sender Heidenstam henne eit lite hefte som er polemisk mot moderne estetisk dogmatikk. Det er essayet Pepitas bryllup, og Bolette seier ja til å omsetje det utan å ha lese det først. Omkring ein månad seinare kjem Bolettes norske omsetjing ut på Beyer forlag: 51 sider med tittelen Pepitas bryllup, en litteraturanmeldelse. Heidenstam synest omsetjinga er «myckad lyckad samt liflig och pointerad», og takkar han henne «än en gång för er muntra och smidiga öfversättning». Garborg blei begeistra for Pepitas bryllup: «Tusind Tak for Pepita! Den er fryktelig godt skreven (og oversat).»

Etter at Bolette har sendt Garborgs kokebokartikkel til Heidenstam, blir sistnemnde inspirert til å skrive ein satirisk artikkel om Ch. Em. Hagdahls vitskaplege kokebok. Heidenstam sender manuskriptet til Bolette og ber henne om å omsetje det til norsk, noko ho gjer og får det trykt i Samtiden før jul i 1890. Etter essayet står det opplyst: «Oversat efter forf. manuskript ifølge hans ønske af Bolette C. Pavels Larsen

Før Heidenstam er ferdig med det andre bindet av Karolinerna, i februar 1898, rådfører han seg med Bolette og ber henne omsetje eit utdrag frå boka til norsk. Ho blir overraska, men gjer det. Etter ei tid får ho tilsendt det andre bindet i dansk omsetjing. Heidenstam tilstår at det heile var ei lita krigslist der han ville teste kvaliteten på den danske versjonen: «Jag var nyfiken på ett objektivt sakkunnigt omdöme om öfversättningen». (8.7.1898) Ingen tvil om at Heidenstam har stor tiltru til Bolette som omsetjar.

Det kjem ikkje fleire omsetjingar av Heidenstam frå Bolette si side. Han er svært nøgd med Bolettes arbeid, men satsar etter kvart meir på at bøkene hans blir omsette til dansk. Danmark er jo «de tre nordiska folkenes kulturcentrum samt bryggan till ‘Europa’». Og dansk, det kan jo òg nordmenn lese. (23.9.1889)

Henrik Wranér
Blant dei svenske folkelivsskildrarane fascinerer både August Bondeson (1854–1906), som er meir som ein svensk Asbjørnsen, og Henrik Wranér (1853–1908), ein allsidig skånsk journalist og forfattar. Bolette omset begge to, mest den sistnemnde som ho òg brevvekslar med. Først omset ho ei av Wranérs forteljingar og sender ein kopi til forfattaren til gjennomlesing. Han svarer: «Jag återsänder den icke, då jag ej har en enda anmärkning: tvärtom er den ypperlig.» (2.9.1885) Rett før jul i 1885 kjem «’Vi faar se’, sa Per Jønsson» og «Slag i Sagen» på trykk i Bergens Tidende, den siste med note «Oversat efter Forfatterens Manuskript». Slik viser Bolette at ho har nærkontakt med forfattaren, og at historia er så fersk som ho berre kan bli.

Wranér samanliknar omsetjinga hennar med ein dansk versjon av ein mannleg omsetjar, og finn at det er feil det som står i klassiske grammatikkar at «maskulinum har företräde framför femininum». Han trur ei kvinne kan omsetje betre enn ein mann fordi ho har større evne til «att fatta känslans finaste skiftningar». Men han ville likt å ha venger slik at han lett kunne ha besøkt Bolette i Bergen og diskutert vidare. (23.1.1886) Wranér skreiv mange og lange brev til Bolette, og eg skulle gjerne ha lese breva hennar til Wranér, men dei er altså umogleg å oppdrive.

Det siste bevarte brevet frå Wranér er frå 29. oktober 1887. Bolette kan ha blitt fornærma fordi Wranér har sagt ja til at Johan Bøgh skal omsetje I skaanske stuer for Giertsen forlag i Bergen. Boka kjem same haust, inkludert ei av historiene Bolette alt hadde omsett og trykt i Bergens Tidende. I brevet prøver Wranér å (bort)forklare det som har skjedd. Omtrent samtidig omset ho to andre historier av Wranér som blir trykte i avisa: «Slaske-Berit» og «Far skal gaa paa Auktion», den siste over to dagar.

Omset til sognemål
Wranér har lenge gjeve ut forteljingar på skånsk bygdemål, og det kan derfor vere noko av grunnen til at Bolette – på eige initiativ – byrjar å omsetje Wranér til sognemål. Dei første historiene på sognedialekt står på trykk i 1888 i Mons Litlerés tredje samling av Smaastubbar og same år i boka Staaveprat. Undertittelen er «Ette’ Henrik Wranér. Fritt omarbeidd pao sognamaol ao Bolette C. Pavels Larsen.»

 

I eit brev til Litleré skryter Garborg svært: «Fru Pavels Larsen er med sin Wranér paa Sognemaal eit reint Fund. Staaveprat er svært hyggjeleg. Det er ein nordisk [Peter] Rosegger, den Wranér, svært paaliteleg Kar, og godt Humør; og Fru Larsen gjer han so norsk, at det er reint Moro!» I Nordenfjeldsk Tidende skriv dei: «Dei stubbarne etter Wranér er lagad so framifrå godt inn på sognevis og sognemål av fru Bolette Larsen, at det ikkje finst dusti att av svenskt merkje. Du kan læ dig krokut, når du les.» Og avisa Samhold: «Umsetjingi paa sognemaal av fru Bolette C. Pavels Larsen er ikkje aaleine ulastande, men beintfram eit kunstverk.»

Nils Kjær blir òg begeistra i målbladet Nordmannen: «Desse Wranérs stykkje er skapt i og må vera i bygdemål, skal dei hava rette liten sin. Og det må segjast, at dei i den norske bunaden ikkje hev mist noko av den upphavlege ’Färgen’. Dei er makelaust godt umsette.»

Gustaf af Geijerstam
Ein annan svenske ho er merksam på, er den nye forfattaren og samfunnsdebattanten Gustaf af Geijerstam, ein viktig og radikal representant for «Det unga Sverige». Han held foredrag i Bergen, og Bolette omset artiklar av han, og hausten 1887 trykker Bergens Tidende tre noveller av Geijerstam, omsette av Bolette: «Moderfølelse», «Fem Kroner» og «Trofaste Venner, gode Naboer og saadant mere». Geijerstam har ingen kommentarar, men takkar, og året etter omset ho humoresken «En Hundehistorie».

Bolette følgjer godt med i den svenske bokverda, og bliver såleis merksam på finskspråkleg litteratur som kjem ut i svensk omsetjing, mellom andre av Juho Reijonen og Juhani Aho. Av førstnemnde omset Bolette fire noveller som bliver trykte i Bergens Tidende i desember 1886: «Mine første venner», «Hønsene», «Gjenfunnet» og «Kaaperis Frieri». Desse omset ho frå svensk, truleg frå den svenske utgåva Noveller (1885), ei samling historier frå fleire av Reijonens bøker. Det oppstår ingen kontakt mellom Reijonen og Bolette.

Juhani Aho
Bolette oppdaga truleg den finske forfattaren Juhani Aho (eig. Johan Brofeldt) i 1886 då den første svenske omsetjinga kom ut. Folklif blei utgjeven i serien Det unga Finland og inneheldt tre verk av Aho. To av desse omsette ho og fekk dei trykte i Bergens Tidende, først novella «Da Far kjøbte Lampen», som gjekk over to dagar i desember 1886, og kortromanen Jernbanen som føljetong over 17 dagar våren etter. Jernbanen er eit av Ahos mest kjende verk: «Jeg maatte oversætte ’Jernbanen’, jeg var saa indtat i den», innrømte ho i brev til Garborg. (12.3.1889)

Juhani Aho er takknemleg for den merksemda han har fått av Bolette. Etter å ha lese omsetjingane er han «fullkomligen tillfredstäld med Eder synnerligen väl utförda öfversättning af Järnvägen». Han er smigra over å ha bana seg veg over «Norges fjell». Han kjenner norsk litteratur og har sjølv omsett Kielland til finsk. Omsetjinga av Jernbanen og «Da far kjøbte lampen» kom ut som bok i 1889 med tittelen Skildringer fra Finland. Då Juhani Aho studerte omsetjinga, blei han svært begeistra og kalla den ypparleg. Han har problem med å forstå korleis Bolette har kunna gjeve att det finske målet så bra, «isynnerhet som den svenska öfversättingen var så bristfällig».

Garborg likte òg novellene til Juhani Aho, men var ikkje heilt nøgd med språket til Bolette. Ho burde ha nytta sognemål i ein del av replikkane, i staden for at det no blei det han kalla halvsvensk mål, noko som ikkje burde støttast frå Vestlandet, sukkar han. Bolette sender òg Ahos Skildringer fra Finland til Edvard Brandes. Han takkar og finn boka særs interessant, skriv om den i Politiken og roser språkføringa hennar: «Danske Læsere bør erindre denne Forfatter og læse hans Noveller i en Oversættelse, der udmærker sig ved Naturlighed og tiltaler ved en bevidst Stilkunst.»

Ho har òg tenkt å omsetje langnovella «Patron Hellman», men oppdagar at den alt har gått som føljetong i Verdens Gang hausten 1887. Aho trur det er ho som har omsett novella, men Bolette veit ikkje kven det er. Ho nemner berre at Verdens Gang har stole fleire av Ahos forteljingar «og gjengivet dem i en afskyelig Oversættelse». Uansett så blir hennar omsetjing betre, meiner ho, og legg til at den svenske versjonen var «meget mindre end god».

Sommaren 1891 takkar ho Aho for den svenske utgåva av boka Spånor som han har send henne. Ho finn dei korte novellene «yndige, fine og stemningsfulde», og særleg blir ho tiltalt av den brennande fedrelandskjærleiken «der aander ud af dem alle». Bolette har lyst til å omsetje dei, men det kan bli problem med forlag, og det blir truleg ingen pengar verken på han eller henne.

Aho fortel òg om sin nyaste roman som er komen på svensk, Ensam, og spør om ikkje Bolette vil omsetje den til norsk. Han har fått ein førespurnad frå Kristian Prestgard frå Hamar, men vil helst at ho gjer det, ho som kjenner stilen hans. Prestgard har òg skrive til henne, men ho har ingen tru på språktalentet hans, «som jeg jo maa have, naar jeg vil se Deres Bøger på vort Sprog», innrømmer ho overfor Aho. Ho kallar Ensam ein nydeleg roman «og fuldendt kunstnerisk». Den vil ho omsetje, formidlar ho til Aho.

Men både Spånor og Ensam kjem ut på dansk, og då blir det vanskeleg å finne ein norsk forleggar. Bolette omset likevel ti av kortnovellene i Spånor og får dei trykte i Bergens Tidende. Ho sender dei til han og kan fortelje at: «Her gjør de megen Lykke.»

I den autoriserte svenske omsetjinga av Spånor: berättelser och bilder (Borgå 1891, men utan at omsetjaren er nemnd), siterer vi følgjande passasje frå historia «I hjärtat af landet»:

Vår hufvudstad är nog vacker och vi kunna vara stolta, när utländingarna berömma den och i förbifarten bli förtjusta i den. Gärna säga vi också själfva, när vi betrakta våra esplanader, att den gör på oss ett europeiskt intryck. [...] Folkströmmen kan också täfla med de tätaste. Boulevardflanörernas slappa maklighet är blott här finsk tröghet.

Norsk versjon av «I Hjertet af Landet» omsett av Bolette i Bergens Tidende 28.9.1891:

Vor Hovedstad er smuk, og vi kan nok være stolte, naar Udlændinger blir henrykte, naar de paa Gjennemrejse holder Lovtaler over den. Vi synes ogsaa selv, naar vi betragter vore Esplanander, at de gjør et europæisk Indtryk. [...] Menneskestrømmen kan ogsaa kappes med den allertætteste. Kun er Boulevardflanørernes slappe Magelighed her finsk Træghed.

Bolette planlegg eit bind 2 av Skildringer fra Finland med Juhani Ahos to langnoveller «Patron Hellman» og «För Eksemplets skuld», men ho døyr frå dei. Først i 1912 og 1913 kjem begge omsetjingane hennar på trykk som føljetongar i Bergens Annonce-Tidende med titlane: «Godseier Hellman» over 16 nummer av avisa og «For Eksemplets Skyld» over åtte nummer. Det er sjølvsagt enkemannen Larsen som står bak.

Torsdag 8. desember 1904 døyr Bolette Pavels Larsen brått av hjarteslag, 57 år gammal. I dag står det ein stor bautastein til minne om henne både på Møllendal gravplass i Bergen og i Fjærland i Sogn der ho og mannen reiste på feire kvar sommar. Hamsun skriv sjokkert til enkemannen:

Det er ligesom ikke til at tro. Bolette død! har jeg gaat og sagt, hun som var saa sund og stærk og taalte Strabadser tilfjælds og tilfjords som ingen anden. [...] den Rejse hun nu har gjort, har baade du og jeg tilbage. Hun gjorde den blot først. Og et Slag er en skøn og fin Død. Det var en Dødsmaade som passed til den greje og redelige Bolette som ikke for med Afslag og Sludder i Livet.

Jan Olav Gatland

Litteratur

 Asjord, Bente. «Hamsuns kvinner». Intervju med I. S. Kolloen. Morgenbladet 6. august 2004.

Aure, Anton. «Bolette C. Pavels Larsen» i Kvinnor i den nynorske bokheimen. Kristiania: Nicolai Olsen, 1916.

Baumgartner, Walter. Den modernistiske Hamsun – medrivende og frastøtende. Oslo: Gyldendal, 1998.

Bjørhusdal, Eli. Målkvinner før 1900. Volda: Høgskulen, 2001.

Bjørkum, Andreas. «Bolette C. Pavels Larsen – kjend bokmeldar og fyrste diktaren på sognamaol», Vestmannen nr. 13, 1997.

Bjørkum, Andreas. «Bolette C. Pavels Larsen og sognamålet» i Lennart Elmevik (red.). Dialekter och folkminnen: hyllningsskrift till Maj Reinhammar den 17 maj 2000. Uppsala, 2000.

«Bolette C. Pavels Larsen». Den 17de Mai, 12. september 1898.

«Bolette Christine Pavels Larsen». Nekrolog. Bergens Tidende, 9. desember 1904.

«Bolette C. Pavels Larsen». Nekrolog. Sogns Tidende, 13. desember1904.

Fahlgren, Margaretha. «Verner von Heidenstams brev till den norska översättaren Bolette C. Pavels Larsen». Edda, nr. 5 (1983).

Ferguson, Robert. Gåten Knut Hamsun. Oslo: Dreyer, 1988.

Furuseth, S., J.H. Thon og E. Vassenden (red.). Norsk litteraturkritikks historie 1870–2010. Oslo: Universitetsforlaget. 2016.

Garborg, Arne. Mogning og manndom. Brev 1 og 2. Red. J. Dale og R. Thesen. Oslo: Aschehoug, 1954.

Garborg, Arne. Verk. 12: Brev. Oslo: Aschehoug, 1980.

Garborg, Arne. Skrifter i samling. 12: Brev. Oslo: Aschehoug, 2001.

Gatland, Jan Olav. Ein driftig djevel i Bergen. Historia om Mons Litleré. Oslo: Samlaget, 2018.

Gatland, Jan Olav. Bolette Pavels Larsen. Litterær pioner og føregangskvinne. Leikanger: Skald, 2023.

Gjerdåker, Johannes. «Orda våre» i Årbok for Sogn. 1996.

Haffner, Vilhelm. Albert Cammermeyer, hans liv og virke. Oslo: Cammermeyer, 1948.

Hamsun, Knut. Knut Hamsuns brev. 7 bind. Red. Harald S. Næss. Oslo: Gyldendal, 1994–2001.

Hannaas, Torleiv. Vestmannalaget i femti aar. 1868 – 21de januar –# 1918. Bergen: Kr. Madsen, 1918.

Haugan, Jørgen. Solgudens fall. Knut Hamsun – en litterær biografi. Oslo: Aschehoug, 2004.

Hoprekstad, Olav. «Bolette Christine Pavels Larsen. Eit ettermæle». Sogns Tidende, 6. april 1906.

Hoprekstad, Olav (red). Bondeungdomslaget Ervingen. Bergen: BUL Ervingen, 1950.

Hovden, Anders. «Bolette C. Pavels Larsen». Dagbladet, 19. desember 1904.

Johnsen, Peter Rosenkrantz. «Bolette C. Pavels Larsen». Folkebladet, 4. februar 1905.

Johnsen, Peter Rosenkrantz (?). «Bolette C. Pavels Larsen» i Hver 8. Dag. Illustreret familieblad 1898–1899. Red. P. R. Johnsen. Også trykt i Bergens Tidende, 5. desember 1898.

Kolloen, Ingar Sletten. Hamsun. Svermeren. Oslo: Gyldendal, 2003.

Larsen, Bolette Christine Pavels. Artiklar, kritikk, forteljingar og brev. Red. og innleiing ved Idar Stegane. Bergen: Eide, 1997.

Larsen, Lars Frode. Radikaleren. Hamsun ved gjennombruddet (1888–1891). Oslo: Schibsteds, 2001.

Larsen, Ole J. «Bolette C. Pavels Larsen. In memorian». Urd, 9. juni 1906.

Munthe, Gerhard. Minder og meninger. Kristiania: Cammermeyer, 1919.

Munthe, Wilhelm. «Gerhard Munthe og hans slekt». Kunst og kultur, 1929.

(Sande, Olav) OS. «Bolette C. Pavels Larsen». Unge Skud, julenummeret, 1898.

Seland, Hans. Aar og Dagar. Oslo: Norli, 1931.

Skjeldal, Gudmund. Vestover: Bergens Tidende i 150 år. Oslo: Cappelen, 2017.

Stegane, Idar. «Bolette C. Pavels Larsen (1847–1904)». I I.L. Breivik et. al. (red.). Kvinner i nynorsk prosa. Oslo: Samlaget, 1980.

Vik, Gerd et al. (red.). Bolette Pavels Larsen. Målkvinne, kritikar og forfattar frå Sogndal. Sogndal: Biblioteket, 1998.

Noter

[1] O.J. Larsens samlinger, Ms 790.

[2] Röda Rummet kom på dansk i 1886 og på norsk først i 1995, omsett av Per Qvale.

 

 

 

Bibliografi