Reidar Øksnevad, 1884–1958

Foto: Ukjent

Reidar Øksnevad var ein særs aktiv og markant litterat, særleg som omsetjar, redaktør og bibliograf. Han omsette hovudsakleg aforismar og visdomsord frå fransk og tysk, og utarbeidde i tillegg ei rekkje bibliografiar. I byrjinga av karrieren som omsetjar nytta han psevdonymet Arvid Hagen.

Oppvekst og utdanning
Reidar (Adolf Peter Karl) Øksnevad var fødd i Kristiansand, og via Sandnes slo lærarforeldra seg ned i Bergen i 1899. Her tok Reidar Øksnevad artium som 20-åring på den språkleg-historiske linja ved Hambros skule i 1904. Som den yngre broren, politikaren og radiomannen Toralv Øksnevad, var Reidar engasjert i journalistikk, og han skreiv først for Bergens Tidende, mellom anna ein lengre artikkel over tre dagar i 1907 om «Holberg som litterær figur». (Denne studien blei i 1948 utgjeven som bok på Damm forlag.) Reidar Øksnevad arbeidde òg som litteraturkritikar i Verdens Gang og var ei tid konsulent i Norli forlag.

Frå 1905 til 1910 studerte han språk og litteratur i hovudstaden. Våren 1906 var han assistent ved universitetsbiblioteket, og dei siste semestera var han medlem av Studentersamfunnets bokutval. I 1910 oppnådde han kongens gullmedalje for ei avhandling med oppgjeve tema om Maurits Hansen og hans forhold til romantikken. Tittelen som Øksnevad valde, var eit sitat av Alfred de Vigny: «Il est bon et salutaire de n’avoir aucune espérance». Litteraturhistorikaren og professoren Gerhard Gran var med og anbefalte Øksnevad til gullmedaljen, og dei to brevveksla seinare over fleire år fram til Gran døydde i 1925. Breva frå Gerhard Gran let Øksnevad trykkje i Edda i 1935.

I april 1911 fekk Reidar Øksnevad 900 kroner i stipend frå universitetet til eit opphald i nabolanda og i Tyskland for å studere litteratur. Han var òg innom Frankrike og Paris. Han blei sterkt påverka av opphaldet i den franske hovudstaden, og året etter flytta Øksnevad til Paris der han blei buande i 34 år, heile tida same stad i 47, rue Bonaparte i Latinarkvarteret. Øksnevad var lektor i norsk og nordisk litteratur ved Sorbonne-universitetet 1913–1917 og 1918–1919. Som omsetjar debuterte han truleg i 1915 under psevdonymet Arvid Hagen med å omsetje fem studiehefte om første verdskrig, alle skrivne av franske professorar og utgjevne på norsk av det franske (universitets)forlaget Librairie Armand Colin. Omfanget av hefta varierte frå 40 til 80 sider.

Dei to første hefta var skrivne av Émile Durkheim:‘Deutschland über alles’. Den tyske Mentalitet og Krigen og Hvem har villet krigen? Krigens oprindelse iflg. diplomatiske dokumenter. Dei tre andre var forfatta av André Weiss: Tysklands krænkelse af Belgiens og Luxemburgs neutralitet, Charles Seignobos: 1815–1915. Fra Wiener-kongressen til Krigen 1914 og Charles Andler: Pangermanismen.

Antologiar med omsetjingar
Etter ei tid skulle Øksnevads frankofili få fullt utløp, og han fann eit område der han kunne dra nytte av alle sine kunnskapar om fransk litteratur og kultur. Han byrja å samle korte eller lengre sitat av franske forfattarar, omsette dei og gje dei ut i tematiske bøker, som regel med eit tankevekkande forord. Bøkene var antologiar i ordets originale og korrekte tyding, nemleg samlingar av tekstar som alle hadde vore utgjevne før, det vil i dette tilfellet seie på originalspråket. I dag er antologi i ferd med å miste denne opphavelege definisjonen og blir til og med brukt om nyskrivne artikkelsamlingar.

Antakeleg for å få den rette stemninga sat Øksnevad mykje og arbeidde på Deux Magots, ein populær litterær kafé der både Paul Verlaine og Stéphane Mallarmé hadde vore faste gjestar. No var Øksnevad og James Joyce blant gjengangarane. Den første antologien kom i 1918 med tittelen Fransk livsvisdom, og her prøvde ein entusiastisk Øksnevad å gje ein essens av fransk livsvisdom gjennom eit utval av franske moralistar eller livsfilosofar. I forordet heiter det at her har «den fortryllende gamle renæssance-kåsør Montaigne» fått heidersplassen, deretter følgjer François de La Rochefoucauld med sin «haardhændte menneskeforagt», Blaise Pascal med sin «pinefulde religiøse angst» og fem andre. Når det gjeld omsetjing til norsk frå tre ulike hundreår, måtte vel prinsippet vere å prøve å omsetje dei til moderne norsk, tenkte først Øksnevad. Men å omsetje Michel de Montaigne til moderne norsk var nok like så umogleg som å trykkje Ludvig Holberg med den nyaste rettskrivinga, hevda han. Det kunstigaste og mest utilfredsstillande av alt ville likevel vere å prøve å gje att Montaigne i ein stil frå Absalon Pedersson Beyers tid. Øksnevad konkluderte med at han etter beste evne prøvde å «overføre de gamle mesteres ord uten at altfor meget av den oprindelige teksts vidunderlige klarhet og epigrammatiske fynd gik tapt». Eit døme på Montaignes fyndord er:

At kunne indrømme sin uvidenhet er et av de vakreste og sikreste beviser paa dømmekraft jeg kjender.

Franske tanker om liv og kunst, som kom året etter, er ei slags fortsetjing med livsvisdom, men no frå det nittande hundreåret. Det er ei samling vittige eller sørgmodige betraktningar over livet, som Øksnevad kallar aforismar, representert ved elleve forfattarar pluss Napoleon. På nytt er berre menn funne verdige til å kome med. I forordet står følgjande åtvaring: «Da denne bok ikke er bestemt til konfirmationsgave, men til at læses av voksne mennesker, har jeg ikke fundet nogensomhelst grund til at sætte fikenblad paa forfattarne.» Ifølgje Øksnevad kan nemleg Frankrike rose seg av å eige den friaste og minst bigotte litteraturen i verda.

I 1920 kom den tredje antologien med sju moralistar frå det 18. hundreåret, under tittelen Franske ideer og paradokser, med filosofar som Montesquieu, Voltaire, Rousseau og Diderot. Antologiane med omsetjingar kom ut på Steenske forlag, og innimellom gav Øksnevad ut samlingar med eigne artiklar, omtalar og bokmeldingar av ymse slag. Fremmed jord (1919) kom på Cammermeyer og Fransk og norsk, pariserbreve og artikler (1920) på Helge Erichsens forlag. Ein del av desse hadde tidlegare stått på trykk i Dagbladet, som stadig tok inn artiklar av Øksnevad.

Antologien Tysk livsvisdom kom også i 1920 (Steenske forlag) og inneheldt visdomsord frå Fredrik den Store og elleve mannlege forfattarar som Gotthold Ephraim Lessing, Christoph Martin Wieland, Johann Gottfried von Herder, Friedrich Schiller, Jean Paul og Novalis. At den frankofile Øksnevad gav ut ei tysk samling forklarte han med ein gammal kjærleik til tysk litteratur «som aarenes og begivenheternes gang aldrig har rokket». Han gjorde forresten merksam på at dei tre største av alle tyske aforistikarar, Goethe, Schopenhauer og Nietzsche, ikkje var med her fordi han planla å samle dei i eit eige bind. Den boka kom først i 1937.

I 1921 gav Øksnevad ut si hittil største bok, nemleg antologien Franske tanker om kvinder og elskov på 150 sider (Steenske). Ein så kvinnekjær og psykologisk interessert nasjon som den franske må i endå større grad enn andre land kjenne trong til «at spekulere over og til at si sin mening om det ufornuftige og merkelige væsen som heter kvinden». Fransk litteratur er full av fyndord og aforismar om kvinner og kjærleik. Det er mellom anna fordi desse har ei verkeleg folkepsykologisk og kulturhistorisk interesse at Øksnevad har funne glede i å sysle med dette stoffet.

I tillegg til eit kort forord har redaktøren skrive ei 30 siders fyldig innleiing om enkelte trekk ved kvinneidealets utvikling i fransk litteratur med fleire uomsette sitat av mellom anna François Villon og Pierre de Ronsard. Dertil følgjer sju sider med meir eller mindre kvinnediskriminerande ordtak, og vidare visdomsord frå elleve forfattarar, deriblant tre kvinner. Ifølgje redaktøren vil utvalet hans av kvinner truleg forbause mange; han har nemleg funne fram til Madame de Lambert, Madame de Puysieux og Madame de Girardin. Blant dei mannlege forfattarane finn vi La Rouchefoucauld, Pascal, Voltaire og Stendhal. Som vanleg er aforismane av svært ulik lengde, og utan opplysningar om kvar dei er henta frå. Eitt av Madame de Puysieux sine visdomsord er dette om dyden:

Jeg har hundred ganger præket dydens sak for dig, men gaa ikke hen og knyt en masse barnagtige og latterlige forestillinger til dette ord. Jeg anerkjender ingen anden moral for en kvinde end den som passer for en gentleman. Sandheten er én for alle, hvorfor skulde ikke det samme være tilfælde med dyden?

Om det var på grunn av emnet, skal ikkje seiast for sikkert, men Franske tanker om kvinder og elskov blei òg trykt i eit bibliofilopplag til medlemmene i Norsk forening for bokkunst. I tillegg blei det publisert 300 nummererte eksemplar av boka.

Året etter kom Fransk elskovsfilosofi, ein antologi som høyrer nøye saman med Franske tanker om kvinder og elskov. Her har Øksnevad tatt med 13 forfattarar, av desse 12 mannlege som Pierre Marivaux, Honoré de Balzac, Jules Barbey d’Aurevilly, Paul Bourget og Georges Courteline. Den eine kvinna som er med, er Marie de Flavigny Agoult (kjend som grevinne d’Agoult) som skreiv under det mannlege psevdonymet Daniel Stern. I forordet kallar Øksnevad henne for «en av julikongedømmets og det andet keiserdømmes vakre og intelligente salondamer». Han skriv elles om utvalet av forfattarar, men ingenting om arbeidet med omsetjinga. Boka er utstyrt med teikningar av Sverre Pettersen.

Øksnevads sjette og siste antologi av franske moralistar, Gamle franske livsfilosofer, var eit oppsamlingsheat og blei utgjeven i 1923, stadig av Steenske forlag. Øksnevad har forklart at formålet med dei seks bøkene har vore å gje lesarane eit lite inntrykk av fransk åndsutvikling, og det har han greidd på ein utmerka måte. Ifølgje Olaf Chr. Torp i Norsk biografisk leksikon kom denne boka også ut i Paris og bidrog til at Øksnevad fekk litteraturprisen til Association Franco-Norvégienne og den franske forfattarforeinings medalje. Seinare blei Øksnevad utnemnd til riddar av Æreslegionen og blei tildelt utmerkinga Officier d’Académie.

Frå 1924 gjev Øksnevad ut bøkene sine på Gyldendal, og den første er på 208 sider med tittelen Gamle franske kjærlighetsbreve. I tillegg til utdrag av tolv brevskrivarar, derav fem kvinnelege, inneheldt boka eit forord og ei kjempelang innleiing om dei utvalde hovudpersonane og elskovsepistlane. Boka kom i ny utgåve i 1950 på Bladkompaniet.

Franske prosadikt
Først med antologien Franske prosadigte (Gyldendal 1925) tek Øksnevad på nytt opp omsetjarens oppgåve og problem. I forordet siterer han ein av den franske klassisismens flittigaste omsetjarar og kritikarar, abbé de Bellegarde, som i si kuriøse bok, Reflexions sur l’Élégance et la Politesse du Style (1695), hevdar følgjande:

De fleste oversættere laaner sin egen stil til den forfatter de oversætter. Hvis de har sans for det fine, milde og elegante, vil de oversætte i en flytende, periodisk opbygget stil med avmaalt rytme, selv om forfatteren kanskje i virkeligheten er knap, sammentrængt og knudret. En dristig, skarp og hidsig intelligens vil derimot, hvis han oversætter Cicero, frata forfatteren den rytme og den harmoni som han holdt av og som han med saa meget studium søkte. Hvis man forsømmer at efterligne en forfatters stil, vil de som læser oversættelsen ikke kunne trænge ind i hans sind og derfor heller ikke kunne bedømme ham rigtig.[1]

Men teori og praksis er ikkje like lett, og sjølv abbé de Bellegarde sine eigne omsetjingar blei møtt med kritikk, fortel Øksnevad: «Selv den smidigste kritiker- og oversætterbegavelse vil stilistisk set aldrig kunne skifte ham.» Han viser til dømes til danske Thor Lange, «kanskje en av de fineste oversættere nogen literatur har eiet», som likevel ikkje unngår å leggje igjen si eiga personlege stemme som ein dirrande understreng i den omsette teksten.

Jamvel om omsetjaren ikkje sjølv er diktar, endå om han ikkje gjer fordring på å ha ein personleg og eigenarta stil, så vil det likevel vere umogleg for han å skifte språkham når han tek for seg ulike stilkunstnarar. Det gjeld òg for Øksnevad i antologien Franske prosadigte med bidrag av 16 ulike forfattarar: «Jeg er derfor desværre nødt til at anta at man paa sprogtonen vil kunne merke, at det er den samme mand som har oversat Chateaubriand og Paul Claudel.»[2]

Øksnevad er det vi kallar ei skjønnånd, og han er heller ikkje viss på om det let seg gjere å omsetje eldre fransk litteratur til moderne norsk med den aller nyaste rettskrivinga: «Sprogutvikling er kanskje en nødvendig og god ting, men det gaar stundom – rent kunstnerisk set – skjønne og umistelige værdier tapt ved den.»[3] Ei sak som absolutt har fleire sider.

I Franske prosadigte (1925) introduserer som nemnd Øksnevad 16 forfattarar, derav to mindre kjende som døde i ung alder, Aloysius Bertrand (1807–1841) og Ephraïm Mikhaël (1866–1890). Bertrand var den første i Frankrike til å skrive prosadikt, og samlinga hans, Gaspard de la Nuit, inspirerte Maurice Ravel til å komponere ein pianosuite med same namn i 1908. I tillegg til nemnde Chateaubriand og Claudel får vi også prosadikt av Charles Baudelaire, Gérard de Nerval, Stéphane Mallarmé og Arthur Rimbaud. Desse dikta har titlar slik at det går an å finne fram både til fransk original og til andre omsetjingar eller gjendiktingar til norsk.

Arthur Rimbaud
I forordet til boka kommenterer forfattaren valet av å inkludere Rimbaud: «Og naar jeg har dristet mig til at oversætte fire av Rimbauds noksaa uoversættelige prosadigte, saa er det ikke bare fordi digtene har betydelig kunstnerisk værdi, men ogsaa fordi de danner overgangen til og forbilledet for meget av det mest agressivt radikale i vor tids franske lyrik.»[4]

Her er eit døme frå tredje og siste del av Rimbauds «Fleurs»:

Tels qu’un dieu aux énormes yeux bleus et aux formes de neige, la mer et le ciel attirent aux terrasses de marbre la foule des jeunes et fortes roses.

Hos Øksnevad blir dette slik:

Som en gud med enorme blaa øine og snehvite lemmer trækker havet og himlen til marmorterrasserne en sværm av unge og sterke roser.

Til samanlikning flyter gjendiktinga til Karin Haugane slik (Bokvennen 1994):

Lik en gud med enorme blå øyne og i former av snø, trekker havet og himmelen mengder av unge og sterke roser til marmorterrassene.

I siste delen av Rimbauds «Enfance» går originalen som her:

Les sentiers sont âpres. Les monticules se couvrent de gênets. L’air est immobile. Que les oiseaux et les sources sont loin! Ce ne peut être que la fin du monde, en avançant.

Haugane skriv:

Stiene er steinete. Kollene kledd med lyng. Luften står stille. Hvor langt borte fuglene og kildevannet er! Det kan ikke være annet enn verdens ende jeg går imøte.

Her er Øksnevads versjon vel så god og meir presis (Haugane synest å ha misforstått ordet «gênet»):

Stierne er tunge. Gyvel vokser paa haugene. Luften staar stille. Hvor langt det er til fugler og kilder! Gaar man længer frem kommer man nok til verdens ende.

I 1944 siterer Haakon Bugge Mahrt tre av Øksnevads fire Rimbaud-dikt i Dikteren og eventyreren Arthur Rimbaud (Dreyer). To år etter bruker Rolf Stenersen desse Rimbaud-dikta i boka Spinn etter Rimbaud (Gyldendal) utan å nemne Øksnevad. Som omtalt i herverande leksikon røper Stenersen dette ved å låne to blunderar frå Øksnevads versjon: å omsetje «midi» med «middag» (i diktet «Aube»), og å bruke det danske «fingerbøl» i staden for det norske «revebjølle» i omsetjinga av «la digitale» (i diktet «Fleurs»).

Stéphane Mallarmé
I Mallarmés dikt «Frisson d’hiver» i same samling har ordet «guivre» skapt visse vanskar for omsetjarane, her frå originalens andre avsnitt:

Et ta glace de Venice, profonde comme une froide fontaine, en un rivage de guivres dédorées, qui s’y miré?

Øksnevad omset «Vintergys» som følgjer:

Og dit venetianske speil, der er dypt som en kold kilde, i sin ramme av lindorme som har mistet forgyldningen, hvem har speilet seg i det?

Versjonen til Jan Jakob Tønseth og Arne Kjell Haugen (Gyldendal 1983) er meir kortfatta og elegant:

Og ditt venezianske speil, dypt som en kald kilde ved en bredd med bleke drager, hvem har sett seg i det?

Men «bredd med bleke drager» er ikkje så presist som Øksnevads forslag. Sidan Tønseth og Haugen opplyser i forordet at dei har hatt god nytte av den engelske Penguin-utgåva til Anthony Hartley, tek eg med Hartleys versjon: «deep as a cold spring in a shore of tarnished serpent». Denne linja verkar meir i tråd med originalen og med Øksnevads versjon.

Charles Baudelaire
Siste avsnittet i Baudelaires «Les bienfait de la lune» frå Petits poèmes en prose (1869) lyder som følgjer i originalen:

Et c’est pour cela, maudite chère enfant gâtée, que je suis maintenant couché à tes pieds, cherchant dans toute ta personne le reflet de la redoutable Divinité, de la fatidique marraine, de la nourrice empoisonneuse de tous les lunatiques.

Øksnevad kallar diktet «Maanens gaver» og omset dette til:

Derfor er det, du forbandede og kjære, at jeg nu ligger for dine føtter, og at jeg søker i hele dit Væsen gjenspeilingen av hin forfærdelige guddom, den skjæbnesvangre gudmor og giftblanderske amme for alle maanesyke.

Tore Stubberud (i Prosadikt, Dreyer 1981) omset dikttittelen med det meir korrekte «Månens velgjerninger», og han gløymer ikkje å ta med dei to orda Øksnevad hoppar over, «enfant gâtée», slik at Stubberuds versjon går som her:

Og det er derfor, du kjære, fordømte og bortskjemte barn at jeg nå ligger ved dine føtter og i hele ditt vesen søker gjenskinnet av den fryktelige Guddom, den skjebnessvangre [sic] gudmor – hun som ammer alle de månesyke med sin gift.

Fire av Øksnevads utdrag i Franske prosadigte er vidare tatt med uendra i Fransk poesi, redigert av Asbjørn Aarnes og Emil Boyson (Bokklubben 1963 og Gyldendal 1970): Chateaubriand, Nerval, Daniel Guérin og Rimbaud.

Når det gjeld Øksnevads omsetjingar frå norsk til fransk, har eg berre lukkast å finne særtrykket «Poémes inédits d’Obstfelder» som inneheld dei to dikta «Veille de Noël» («Julaften») og «L’arbre» («Træet»), trykt i 1927 i det belgiske tidsskriftet La Renaissance d’Occident. Det er uvisst om dette var det einaste han omsette til fransk eller ikkje.

Fleire antologiar
I 1933 gjev Øksnevad ut Bøker og bokelskere (Gyldendal) med diverse ordtak frå heile verda, utan forord. To år etter kjem Bacchus og Comus med undertittelen Gyldne ord om mat og drikke (begge på Gyldendal), med eit hovudsakleg fransk innhald med Jean Anthelme Brillat-Savarin og Baudelaire som dei mest siterte. I forordet peikar redaktøren og omsetjaren på at Frankrike har både verdas beste kjøkken og beste vin. Derfor kan det ifølgje Øksnevad stundom vere lurt berre å leve for å ete og drikke, og ikkje omvendt. Han understrekar vidare: «Men mine antologier er kulturhistorie, ikke moral.»[5]

Den før nemnde Hvad sier Goethe, Schopenhauer og Nietzsche? kjem på Aschehoug i 1937. I forordet funderer Øksnevad på om desse tre åndelege stormennene eigentleg kommenterer det samtidige Tyskland, altså skriv om tilhøva i 1937, om «diktaturets, korporalismens, tvangsarbeidets, koncentrationsleirenes, den officielle kunst og videnskabs, chauvinismens, racehovmodets, jødeforfølgernes og sterilisationens Tyskland».[6] Dette syner at Øksnevad følgjer godt med i det som skjer.

Øksnevads første bøker vart utselde, og ei nyutgjeving ved 30-årsjubileet for Øksnevads første antologi blir kalla Franske vismenn (Damm 1948). Her får vi mesteparten samla samt noko nytt stoff, heile 252 sider. I forordet diskuterer Øksnevad på nytt vanskane med å finne rett «stiltone» i omsetjinga: «Men mitt sirlige riksmål for tredve år siden var naturligvis meget forskjellig fra vår tids stive og kantete ‘bokmål’.»[7] Det er noko han ikkje kan like, for å omsetje klassisk fransk prosa til eit radikalt bokmål, ville i hans auge blitt «en futuristisk parodi, et likefrem blasfemisk foretagende». Han nøyer seg med å følgje rettskrivingsreforma av 1938, men med nokre vel gjennomtenkte unntak. Sitata eller aforismane har ingen tittel så det er vanskeleg å samanlikne omsetjinga hans med den franske originalen eller andre norske versjonar.

Den siste antologien med omsette forfattarar kom i 1949, Kultur som svant (Bladkompaniet), med 15 tyske forfattarar og 220 sider, utgjeven av same grunn som Franske vismenn året før, nemleg at dei tidlegare tyske antologiane forlengst var utselde.

Her høver det truleg å nemne Georg Johannesens ironiske artikkel i Basar (5/1979) om «Reidar Øksnevad fra det skjulte Norge» i forfattarens kjende og eigenarta stil.[8] Det er likevel tydeleg at Øksnevads arbeid har gjort inntrykk sidan artikkelen er såpass omfattande. Nokre av Johannesens finurlege definisjonar av aforisme er morosamt å ta med her: «Aforismen er et kort essay. Aforismen er et akademisk ordtak, et sitat. Aforismen er et ordspråk med artium.» I artikkelen siterer Georg Johannesen frå ein tidlegare artikkel av Francis Bull, «Reidar Øksnevad» frå Vinduet (5/1951): «Vi har hatt flere fremragende bibliografer i Norge før også, ...». Sitatet gjev ikkje inntrykk av det høgst positive i Bulls artikkel som verkeleg framhever Øksnevads arbeid og innsats. Bull innleier nemleg artikkelen sin med følgjande ros: «Mon ikke Reidar Øksnevad er den fineste bokelsker vi har i Norge i dag?»[9]

Bibliografiar
Ved sida av arbeidet med antologiane var den frankofile Øksnevad tilsett som bibliotekar ved Bibliothèque Sainte-Geneviève i åra 1924–1928 og 1940–1945. Biblioteket i Paris har ei nordisk avdeling, La Bibliothèque nordique, som er den største utanfor Norden med 180 000 bind og rundt 4000 tidsskrift. I over 100 år har dei nordiske landa på omgang sendt ein bibliotekar dit. Reidar Øksnevad skal ha medverka monaleg til å byggje opp den nordiske samlinga til eit førsteklasses forskingsbibliotek – det som Bibliothèque Sainte-Geneviève på sine heimesider kallar «Collection d’Excellence pour la recherche».

All kunnskap og dokumentasjon han opparbeidde seg i arbeidet ved dette biblioteket, tok Øksnevad med seg heim til Noreg i 1947 etter 34 år i Frankrike. Den bibliofile Øksnevad byrja å utarbeide bibliografiar, det vil seie systematiske boklister på eit visst fagområde. Dette var eit tidkrevande arbeid, men svært så nyttig for brukarane – årevis før det fanst internett og Google. Øksnevad visste ikkje om han ville få bibliografiane trykte, og det var jo faktisk heile poenget. Han forklarte bakgrunnen:

Saken er dessverre den at det litterære begrep bibliografi – det vil i vår tid si det absolutt nødvendige grunnlag ikke bare for all humanistisk forskning, men for alt vitenskapelig fremskritt overhodet – i virkeligheten ikke er fullt anerkjent av andre enn av bibliografiens egne happy few.[10]

Bibliografen Øksnevad innrømde at han som tiåring studerte bokkatalogar med like så levande interesse som kameratane las gutebøker. Han innsåg at han måtte nøye seg med å ikkje berre vere vitskapens oppofrande tenar, men også vitskapens stebarn. Sjølv for menneske som ofte har bruk for å konsultere bøkene hans, blir bibliografen sett på som ein fyr som lir av ein besynderleg mani, «en uforståelig lyst til å beskjeftige seg med et samlerarbeid som en alvorlig vitenskapsmann føler seg hevet over». For vanlege folk var saka endå enklare: «de har overhodet ingen anelse om hva bibliografi betyr». Dette skreiv han i forordet til Sambandsstatene i norsk litteratur frå 1950, og fire år seinare understreka han dette faktum. Bibliografiar er «en så merkelig litteraturart, at 90 pst. av det norske folk ikke aner hva ordet betyr».[11]

Den første bibliografien utarbeidde Øksnevad i Frankrike, resten gjorde han i Noreg. Frankrike i norsk litteratur kom i 1939 og var på 159 sider, utgjeven på Gyldendal. Her finn vi eit oversyn over norsk litteratur som handlar om Frankrike heilt sidan Holbergs tid, også alt «fransk» som måtte vere offentleggjort i utlandet av nordmenn eller det som gjeld det norske. Omsetjingar til norsk av franske bøker er sjølvsagt tatt med. Vidare laga Øksnevad bibliografiane Italia i norsk litteratur (66 s.), Russland i norsk litteratur (69 s.) og Spania i norsk litteratur (30 s.), alle desse blei utgjevne i 1947 på Cammermeyer forlag.

To år etter, no tilbake på Gyldendal, kom Det britiske samvelde og Eire i norsk litteratur på 186 sider. I forordet her nemner Øksnevad ein eigen klasse av litterære formidlarar som sjeldan får den ære dei fortener: nemleg omsetjarane: «I et lite land som vårt har de det særlig vanskelig. [...] i all beskjedenhet har [de] gjort et beundringsverdig arbeid.»[12] Dei siste bibliografiane i serien «Utlandet i norsk litteratur» kom alle på Gyldendal: Finnland i norsk litteratur (1950, 53 s.), Sambandsstatene i norsk litteratur (1950, 94 s.), Sverige i norsk litteratur (1951, 129 s.) og Danmark i norsk litteratur (1953, 128 s.). I forordet til boka om Sverige skriv Øksnevad om det som ikkje burde vere nødvendig, nemleg å omsetje svenske og danske bøker til norsk heller enn å lese dei på originalspråket.

Øksnevad hadde deprimerande erfart at bibliografiar ikkje vekkjer interesse hos publikum, ikkje stort meir «enn en vitenskapelig katalog over lavarter i Jotunheimen». Likevel gjev han seg i kast med fire bibliografiar, alle på Gyldendal. Den første er «Dagbladet» og norsk litteratur 1869–1910 (1952, 205 s.), ifølgje Øksnevad «den første litterære avisbibliografi i Norden», og der han i forordet nyttar samanlikninga med «lavartar». Svært mange av dei bibliografiske innførslane er annoterte, det vil seie dei har eit kort innhaldsreferat eller ein relevant kommentar. Seinare følgde «Verdens Gang» og norsk litteratur 1868–1910 (1954, 285 s.), «Social-demokraten» og norsk litteratur 1886–1923 (1955, 178 s.) og «Tidens Tegn» og norsk litteratur 1910–1930 (1956, 319 s.)

I 1950 blei Reidar Øksnevad statsstipendiat, og året etter gav han ut det som kan kallast hans storslåtte hovudverk, Norsk litteraturhistorisk bibliografi 1900–1945, ei bok på 350 sider pluss eit namneregister med meir enn 2100 namn. Sidan hadde han tenkt at dette kunne bli eit fast tiårstillegg, men Øksnevad gjekk bort i januar 1958. Same år kom fortsetjinga, Norsk litteraturhistorisk bibliografi 1946–1955 (141 s.), ut posthumt, også på Gyldendal.

Reidar Øksnevad ser ikkje ut til å være nemnd i det heile tatt i Leif Mæhles Bibliografi over norsk litteraturforsking 1965–1989 (Samlaget 1993), ein bibliografi som igjen byggjer på dei årlege bibliografiane i Norsk litterær årbok. Otto Hageberg, som hadde ansvaret for bibliografiane i Norsk litterær årbok, tek heller ikkje med Øksnevads namn, alle fall ikkje i den første årboka frå 1966. I dag ligg Bibliografi over norsk litteraturforsking tilgjengeleg hos Nasjonalbiblioteket.[13]

Då Øksnevad kom tilbake til Noreg i 1947, hadde han ikkje plass til den store boksamlinga si, og i 1951 forærte han 5000 bind til Universitetsbiblioteket i Bergen. Her hadde han som ung student – i forløparen Bergens Museums Bibliotek ­– sjølv vore med å setje på plass samlinga etter Jens Braage Halvorsen, «norsk bibliografis største og minneverdigste navn» og forfattaren av det store verket Norsk Forfatter-Lexikon 1814–1880. I forordet til bibliografien om Verdens Gang uttrykte Øksnevad det på følgjande måte: «Det var en glede for meg å kunne gi hele min boksamling nettopp til det bibliotek hvor J. B. Halvorsens bøker står.»[14]

Reidar Øksnevad var konservativ av natur, men politisk var han venstremann og radikal. Han dyrka riksmålet, men hadde stor sans for landsmålet. Samnorsk hadde han ingenting til overs for. I 1956 blei han medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi.

Det var bøkene som opptok omsetjaren og bibliografen Reidar Øksnevad. Honorar var mindre viktig, berre bøkene kom ut: «Jeg vil be Dem ikke regne med noe honorar til meg,» skreiv den beskjedne Øksnevad i eit brev til Harald Grieg i Gyldendal i januar 1950.[15] Bøkene til Øksnevad selde jamt og trutt, men storseljarar blei dei aldri. Forlaget ga han likevel forskott, og summen blei aldri særleg mindre. Grieg meinte Øksnevad burde skrive ei memoarbok frå livet i Paris, då ville både han og forlaget tene pengar. Dette fortalde Øksnevads nevø, Arne Skouen, i eit brev til Hølmebakk i 2000: «Skriv nå denne boka, sa jeg til onkel Reidar. Nei da mister jeg det eneste taket jeg har på Grieg, svarte han.»[16]

Jan Olav Gatland

Referanser

Baudelaire, Charles / Stubberud, Tore (overs.) (1981). Prosadikt. Oslo: Dreyer.

Bull, Francis (1951). «Reidar Øksnevad». Vinduet 5/1951 (trykt utgave). Oslo: Gyldendal.

Hølmebakk, Gordon (red.) (2000). En annen dans: brev til Gyldendal 1925–2000. Oslo: Gyldendal.

Johannesen, Georg (1979). «Reidar Øksnevad fra det skjulte Norge». Basar 5/1979. Oslo.

Rimbaud, Arthur / Haugen, Arne Kjell og Jan Jakob Tønseth (overs.) (1983). Illuminasjoner. Oslo: Gyldendal.

Rimbaud, Arthur / Karin Haugane (overs.) (1994). Illuminasjoner. Oslo: Bokvennen.

Studentene fra 1904: biografiske oplysninger samlet til 25-års-jubileet 1929. Oslo: Grøndahl.

Øksnevad, Reidar (red./overs.) (1925). Franske prosadigte: en antologi. Oslo: Gyldendal.

Øksnevad, Reidar (red./overs.) (1935). Bacchus og Comus: Gyldne ord om mat og drikke. Oslo: Gyldendal.

Øksnevad, Reidar (red./overs.) (1937). Hvad sier Goethe, Schopenhauer og Nietzsche?: en antologi. Oslo: Aschehoug.

Øksnevad, Reidar (red./overs.) (1938). Franske vismenn: en antologi. Oslo: Damm.

Øksnevad, Reidar (1941). Det britiske samvelde og Eire i norsk litteratur. Oslo: Gyldendal.

Øksnevad, Reidar (1950). Sambandsstatene i norsk litteratur: en bibliografi. Oslo: Gyldendal.

Øksnevad, Reidar (1954). «Verdens Gang» og norsk litteratur 1868–1910. Oslo: Gyldendal.


 Noter

[1] Forord i Øksnevad (red./overs.) (1925), s. 20.

[2] Ibid., s. 18.

[3] Ibid., s. 22.

[4] Ibid., s. 19.

[5] Forord i Øksnevad (red./overs.) (1935), s. 10–11.

[6] Forord i Øksnevad (red./overs.) (1937), s. 9.

[7] Forord i Øksnevad (red./overs.) (1938), s. 15.

[8] Georg Johannesens artikkel er òg tatt med i boka hans Om den norske skrivemåten (Gyldendal 1981), s. 62–70.

[9] Bull (1951), s. 652.

[10] Forord i Øksnevad (1950), s. 10.

[11] Jf. Studentene fra 1904 (1929).

[12] Forord i Øksnevad (1941), s. 10.

[13] Tilgjengelig på: www.nb.no/bibliografi/littforsk/search

[14] Øksnevad (1954), s. 8.

[15] Hølmebakk (red.) (2000), s. 153.

[16] Ibid., s. 339.

Bibliografi

REIDAR ØKSNEVADS BIBLIOGRAFIER

Frankrike i norsk litteratur
Oslo: Gyldendal, 1939

Spania i norsk litteratu
Oslo: Cammermeyer, 1946

Russland i norsk litteratur
Oslo: Cammermeyer, 1947

Italia i norsk litteratur
Oslo: Cammermeyer, 1947

Det britiske samvelde og Eire i norsk litteratur 
Oslo: Gyldendal, 1949

Sambandsstatene i norsk litteratur 
Oslo: Gyldendal, 1950

Sverige i norsk litteratur 
Oslo: Gyldendal, 1951

Finnland i norsk litteratur 
Oslo: Gyldendal, 1951

Norsk litteraturhistorisk bibliografi 1900–1945 
Oslo: Gyldendal, 1951

«Dagbladet» og norsk litteratur 1869–1910 
Oslo: Gyldendal, 1952

Danmark i norsk litteratur 
Oslo: Gyldendal, 1953

«Verdens Gang» og norsk litteratur 1868–1910 
Oslo: Gyldendal, 1954

«Social-demokraten» og norsk litteratur 1886–1923
Oslo: Gyldendal, 1955

«Tidens tegn» og norsk litteratur 1910–1930 
Oslo: Gyldendal, 1956

Norsk litteraturhistorisk bibliografi 1946–1955 
Oslo: Gyldendal, 1958